Redaksjonsråd

Portrettfoto av Cecilie Seiness
Cecilie Seiness.

Cecilie Seiness

er redaktør i Det Norske Samlaget og var tidlegare journalist i Dag og Tid. Ho er også forfattar, den siste boka ho gav ut er  Jon Fosse – Poet på guds jord (Samlaget 2009). Cecilie voks opp i Jondal og bur i Oslo.

Portrettfoto av Marit Eikemo
Marit Eikemo. Foto: Tine Poppe / Det Norske Samlaget

Marit Eikemo 

er forfattar. Den siste romanen hennar er Team Tuva (Samlaget 2021). Ho er kunstnarleg rådgjevar for Norsk Litteraturfestival og har tidlegare vore sjef for Litteratursymposiet i Odda og for Cornerteatret i Bergen. I åra 2003-2006 var ho redaktør for Syn og Segn. Marit voks opp i Odda og bur i Bergen.

Portrettfoto av Inger Johanne Sæterbakk
Inger Johanne Sæterbakk. Foto: Maria Olivia Rivedal

Inger Johanne Sæterbakk 

er språkkonsulent på Det Norske Teatret og forfattar. Den siste boka ho gav ut er ungdomsromanen Rundt jorda og tilbake (Aschehoug 2020). Inger Johanne snakkar nordlending, men voks opp på Orkanger i Trøndelag. Ho er også styremedlem i Noregs Mållag.

Portrettfoto av Sindre Hovdenakk
Sindre Hovdenakk. Foto: Prosa

Sindre Hovdenakk

er fast bokmeldar i VG og har blant anna skrive biografiar om Torolf Elster, Johan Ludwig Mowinkel og Hagbard Emanuel Berner. Siste bok er Over til London – NRK i eksil 1940-1945 (Solum Bokvennen 2020).  Sindre har tidlegare vore kulturjournalist i Aftenposten, Dagbladet og Morgenbladet og han har også vore redaktør for tidsskriftet Prosa.

Portrettfoto av Anja Sletteland
Anja Sletteland

Anja Sletteland

er spesielt interessert i mislukka kommunikasjon og ho forskar på konfliktar som berre blir verre av å bli snakka om. Ho har skrive doktorgrad om Israel-Palestinakonflikten, fleire bøker om #metoo og ein haug med artiklar om hissige debattar i offentlegheita. Anja er derimot glad som ein laks og blid som ei lerke. Ho har jobba ved Universitetet i Oslo, Harvard University, Geelmuyden.Kiese og i Klassekampen. For tida er ho førsteamanuensis ved lærerutdanninga på OsloMet.

Portrettfoto av Håkon Kolmannskog
Håkon Kolmannskog.

Håkon Kolmannskog

er forlagssjef i Det Norske Samlaget. Han er trønder og var sjef for Forlaget Manifest før han byrja jobbe for Samlaget. Håkon er historikar, og er ikkje så aktiv på sosiale medium, med eit stort unntak for Strava.