Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Skrive for Syn og Segn?

Vil du skrive for Syn og Segn?

Arne Garborg og Rasmus Flo skipa Syn og Segn i 1894. I den lange historia sidan har alt frå Sigmund Skard til Halldis Moren Vesaas, og vidare til Frode Grytten, Bjørn Hatterud, Olaug Nilssen, Gunhild Øyehaug og Agnes Ravatn gjort det same.

Vi publiserer tekstar i mange ulike sjangrar, som til dømes essay, intervju, reportasjar, bokmeldingar og litterære tekstar. Vi publiserer innanfor mange tema, frå politikk til historie, om litteratur, kultur og samfunn.

Syn og Segn er alltid på jakt etter nye skribentar og nye tema. Har du lyst til å skrive? Send e-post til post@synogsegn.no.

Om bruk av kunstig intelligens (KI):

Alle tekstar i Syn og Segn skal vere skrivne av menneske og ikkje av maskiner, og vi godtek ikkje tekstar heilt eller delvis skrive av kunstig intelligens. Det same gjeld bilete.

Det er mogleg å bruke kunstig intelligens til evaluering og strukturering av tekstar, og det må gjerast med sunn fornuft og skepsis. Sjå gjerne til retningslinene til Store Norske Leksikon.