Personvernerklæring
Personvernerklæring for Syn og Segn seier korleis tidsskriftet samlar inn og brukar personopplysningar.
Syn og Segn – ved redaktøren og dagleg leiar i Det Norske Samlaget – er ansvarlege for handteringa av personopplysningane.
Statistikk
Syn og Segn samlar inn avidentifiserte opplysningar om dei som brukar synogsegn.no. Formålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar for å forbetre og vidareutvikle innhaldet på nettsida vår. Statistikken viser mellom anna kor mange som besøker nettsida, kor lenge besøket har vara, kor brukarane kjem frå og kva for nettlesar som blir nytta.
Informasjonskapslar
Følgande informasjonskapslar blir brukt på synogsegn.no: Google Analytics plasserer fleire informasjonskapslar på maskina di. Desse blir nytta for å skilje unike brukarar frå kvarandre, og å styre kor ofte informasjon blir sendt inn medan du er på sida.
Nyheitsbrev
Av og til sender vi ut nyheitsbrev. Desse blir sendt til abonnentar som er registrerte hos oss.
Kundesystem
Abonnentar og lesarar av Syn og Segn blir registrerte i kundesystemet vårt. Her blir kontaktopplysningar som til dømes fakturaadresse, namn, telefon og e-post lagra. Vi deler ikkje opplysningar frå kunderegisteret med andre.
Kontaktinformasjon
Spørsmål kan rettast til Syn og Segn: post@synogsegn.no