Av Dag Øistein Endsjø
Eg såg han ikkje med det same. Eg var tilfeldigvis innom ein dyrebutikk, og merksemda vart først fanga av eit akvarium der ein liten stim av små pansermallar sumde roleg rundt. Så la eg merke til han. Ein einsleg liten malle i akvariet ved sida av.
Dag Øistein Endsjø (f. 1968) er professor i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen. Endsjø var leiar for Menneskerettsalliansen frå 2004 og fram til 2013. Har skrive boka Sex og religion. Fra jomfruball til hellig sex (2011). Endsjø deltok i Melodi Grand Prix 1994 som tekstforfattar og medlem av gruppa SubDiva med låten «Uimotståelig». Har reist i 179 land. Foto Michael Ulriksen.
Også dette akvariet var fullt av fisk, men her var den flekkete vesle pansermallen den einaste av sitt slag. Han oppførte seg på ingen måte som artsfrendane i det andre akvariet. Mens dei andre mallane var rolege og avslappa, pusta den einslege vesle fisken så kraftig at gjellene vibrerte. Mens artsfrendane sumde sakte saman og snuste litt her og der, grov denne febrilsk i sanden i hjørnet nærmast det andre akvariet. Den einslege mallen kunne sjå rett inn i det andre akvariet, og det verka som om dette var grunnen. Det syntest som om han prøvde å komme over i akvariet med alle dei andre mallane. Berre ei tynn, gjennomsiktig glasplate skilde han frå dei andre. I hjørnet der han anten grov heilt ustoppeleg eller berre låg og pusta tungt, hadde han skuffa bort store delar av grusen, som for å komme seg over til dei andre mallane på denne måten. Innimellom prøvde han å grave gjennom sjølve glasbotnen der han hadde fjerna grusen. Stadig pressa han bartane sine inn i ein ørliten sprekk heilt nedst i glasveggen, som for å utvide han og komme seg gjennom. Når han ein sjeldan gong ikkje var der inst i hjørnet sitt, sumde han frenetisk opp og ned langs den same gjennomsiktige glasplata. Igjen som om han leitte etter ein måte å forsere den gjennomsiktige veggen som heldt han frå å komme til dei andre mallane.
Eg er ikkje ekspert på fisk. Men det var likevel klart for meg kva eg såg. Her var det ein fortvilt liten fisk. Dette vesle individet, ikkje meir enn to centimeter stort, ikkje større enn ein sardin i ein hermetikkboks, var så openbart ute av seg over å vere der han var, fysisk skild frå artsfrendane sine som han likevel kunne sjå så klart gjennom glaset.
Etter å ha følgt med ei stund gjekk eg bort frå akvariet og såg på noko anna. Men eg fekk ikkje tankane bort frå den vesle snutebartefisken. Eg klarte ikkje anna enn å vende tilbake. Og da eg kom tilbake, fann eg fisken igjen straks, tilsynelatande like så stressa og fortvilt som før. Alt han såg, var vennene sine som han ikkje kunne nå.
Vi og dei
Kva eg var vitne til, er vanskeleg å definere klart. Det er ikkje lett å forstå heilt sikkert intensjonane til ein fisk. Men det eg såg, kan ikkje avfeiast med berre tilfeldigheiter eller instinkt. Stadig meir forsking viser at fisk har ei bevisst kvalitativ oppleving av tilværet.
Dei opplever behag og ubehag. Dei trivst og mistrivst. Nokre ønskjer å vere for seg sjølv. Andre, som den vesle pansermallen eg observerte, ønskjer fellesskap.
Vi liker å forstå oss sjølv som noko heilt anna enn dyra. Som om det er eit absolutt skilje mellom dei og oss. Dette er slik dei fleste kulturar har forstått tilværet. Alle dei store religionane i vest, jødedom, kristendom og islam, opererer også med ein klar distinksjon mellom menneske og dyr. Hundar og kaninar endar ikkje i himmelen.
Men stadig meir forsking viser at så mykje av det som vanlegvis blir sett som klare skilje mellom dyr og menneske, eigentleg handlar om gradsforskjellar.
Dyr har følelsar. Dei kan bli både glade og fortvilte. Dei kan bli sinte, redde, sjalu, stolte, vise kjærleik og hat. Dei har lyst eller ikkje lyst på ulike ting.
Som menneske, treng dyr meir enn mat og drikke. Dei treng å trivast. Og det er ingen absolutt standard for korleis dyr trivst, ikkje eingong innanfor same art. Enkeltindivida kan ha svært forskjellig personlegdom.
Språk, samfunn
Mange dyr viser empati. Elefantar, aper og delfinar støttar og hjelper sjuke og såra, trøystar døyande. Laboratorierotter viser sympati med artsfrendar som lir. Kråker kjem med gras og små kvistar som dei legg ved døde artsfrendar.
Dyr har samfunn. Dei planlegg og samarbeider, hjelper kvarandre og lurer kvarandre. Veremåten varierer òg gjerne frå gruppe til gruppe innanfor same art. Som hos oss handlar det om ulike kulturar. Og mange dyr lærer bort ferdigheitene sine til nye generasjonar.
Dyr har språk. Vokabularet er ikkje som hos oss, men dei kommuniserer med både kroppsspråk og lydar. Det er ikkje mogleg å avfeie denne kommunikasjonen som noko totalt anna enn vårt språk. Mange dyr viser også ei enda større evne til språk.
Bonoboapar, sjimpansar og gorillaer kan lærast opp til å ha vokabular på hundrevis av ord, og til og med gi uttrykk for abstrakte omgrep om tid og følelsar. Enkelte papegøyar kan oppimot tusen ord, bruker både presens, preteritum og futurum og har evne til å bøye eller setje saman ord i nye meiningar.
Mange dyr, både fuglar, pattedyr, fisk og insekt, bruker reiskapar. Dei bruker stein og pinnar og andre gjenstandar for å skaffe seg mat. Mange konstruerer intrikate heimar for seg sjølv: reir, bol og små hytter. Ein del sjimpansar lagar til og med sine eigne spyd som dei bruker i jakt. Kråker og kakaduer kan òg lage eigne reiskapar i visse tilfelle. Da Jane Goodall først oppdaga dyrs reiskapsbruk i forskinga si på sjimpansar, var det ein sensasjon, fordi dette tradisjonelt hadde blitt sett som så grunnleggjande knytt til det å vere menneske.
Vi, dei og kunsten
Det har vore mykje merksemd rundt nyare oppdagingar som viser at kunst og kunsten å pynte seg går i alle fall 100 000 år tilbake i menneskehistoria. I Sør-Afrika er blant anna teikningar i fjellsida, sminke og halskjeder av gjennomhola skjel funne frå denne tida. Dette at vi skaper ting som ikkje er absolutt nødvendige, er blitt sett som eit av dei viktigaste stega på vegen vår til å bli verkelege menneske. Ikkje minst er dette presentert som viktig i lys av at så mykje anna av det vi tidlegare trudde klart avgrensa oss frå dyra, ikkje eigentleg gjer det.
Men heller ikkje her er vi eineståande. Sjølv ikkje kunsten er avgrensa til oss som art. Mest openbart er dette når vi ser på lydar og rørsler. Songen, ei av dei mest uttrykksfulle kunstformene våre, er berre ein variant av det som finst så mange stader i dyreriket. Fuglar syng, kvalar syng. Og som med oss er utgangspunktet det vi er opplærte til både i sjangrar og melodiar. Heller ikkje det å uttrykkje seg med dans er noko vi er aleine om. Dyr gjer dei flottaste manøvrar for å framstå som sterkast eller mest attråverdige. Tiurleiken i norske skogar er godt kjent. Paradisfuglar på Ny-Guinea gir dei mest kompliserte danseoppvisingar.
Men dyra si evne til kunst stoppar ikkje der. Fleire dyr viser estetisk sans, både i å skape og i å nyte, som så sensasjonelt er blitt bevist i dei urgamle menneskelege samfunna i Sør-Afrika. Gartnarfuglar lagar digre strukturar av kvist som dei pyntar med fargesprakande gjenstandar for å tiltrekke seg partnarar. Ein fem centimeter stor kulefisk i farvatnet utanfor Japan lagar fleire kvadratmeter store intrikate, symmetriske mønster i sanden. Papegøyar pyntar og forstørrar halane sine med papir og andre ting.
Desse dyra vil skape det vakre, dei vil gjere seg sjølv vakre, og dei veit at dette er noko andre av same art vil setje pris på.
Dei som er som oss
Mang ein hundeeigar vil nikke bekreftande til kor mykje vi har felles med dyra våre. Hundane og kattane som før svinsa rundt på gardstunet eller i bakgarden og jaga rotter og heldt vakt, er jo blitt som medlemmer av familien. Enkeltskjebnen til visse dyr kan engasjere store grupper. Vi liker ikkje at hundar og kattar blir skotne, drukna eller lemlesta utan god grunn. Vi vil ikkje at dyra vi sjølv har hos oss, skal plagast eller li unødig. Vi ser individa for dei dei er – og vil at dei skal behandlast deretter.
Handlingsmønsteret vårt overfor kjæledyr reflekterer også den kontakten vi føler vi har med dei. Vi kjæler og snakkar med dei, kjøper spesialmat og bruker titusenvis på helsetenester.
Dette er sjølvsagt ikkje noko fullstendig nytt. Det er berre graden av engasjement for desse kjære dyra som har nådd nye høgder. Dei har alltid vore vennene våre eller gode kjenningar. Vi har alltid kunna sjå individa for dei dei er. Vi har alltid kunna kjenne att følelsane deira, gleda eller fortvilinga deira. Men no altså meir enn nokosinne.
Dei som ikkje er som oss
Hønsa og kyrne og grisene som vi før møtte på dei same gardstuna som dei noverande kjæledyra våre, har bevega seg i diametralt motsett retning. Opphavleg var også dei vennene våre eller gode kjenningar. Dei fleste som har enkeltdyr heilt nær seg over lengre tid, vil oppnå ei form for relasjon. Mange har vore oppriktig lei seg den dagen dyra vart drepne. Fleire av oss som hadde besteforeldre eller oldeforeldre som voks opp på mindre gardsbruk, vil ha høyrt korleis ein med vemod gav dyra frå seg til slakting.
For folk åt jo kjøtt før òg. Men dei visste kva dei åt. Dei visste kven dei åt. No, derimot, er desse dyra på ingen måte lenger i nærleiken vår. Dei er knapt i medvitet vårt. Dyra vi et eller et produkta av, har omtrent slutta å vere levende vesen for oss. Berre dei aller færraste av oss møter nokon av dei mange dyra vi et, i levande live.
Som oppstykkja kjøttstykke har vi derimot meir med desse dyra å gjere enn nokon gong før. Som produkt. Som noko som skal konsumerast innan datostemplinga er ute. Som noko vi stadig klagar over prisen på.
Restane av det som ein gong var levende, pustande, følande dyr, ligg i kjølediskane i butikkane som om dei skulle vere produserte i ein steril matfabrikk. Tre døde kyllingar i plast, eller filetane av dei, som jo er det einaste dei fleste gidd å kjøpe, blir pynta med bilde av ein glad kjernefamilie. Innvolane til grisene, så samanblanda at det er umogleg å vite kor mange individ som er representerte i kvar liten hermetikkboks, blir selde med festlege avbildingar av smilande barn. Kvar hamburgar på McDonald’s, kvar med samankverna kjøtt frå fleire individuelle kyr og oksar, er berre gøy og moro for ungane. Seigmenn er jo berre underhaldning – kven tenkjer i det heile på at dei er laga av beina til drepne griser?
Konsumentens lykke er alt. At dette var ein del av eit dyr med kropp og medvit som deg og meg, er fullstendig usynleggjort.
Anonymiseringa
Det er samtidig ein samanheng mellom den meir intime nærleiken til kjæledyra våre og den stadig større distansen til dyra vi et. Dess meir vi identifiserer oss med våre eigne kjæledyr, dess meir blir kroppsdelane i kjøttdisken anonymiserte. Anonymiseringa av dyra som endar opp i hermetikk og plastemballasje, er eit bevisst val frå matindustrien si side. På denne måten gjer dei det vanskeleg for oss å identifisere oss med dei vi et.
Det skal ikkje meir til enn eit tilfeldig møte med ein gris, kylling eller ei ku for å skjønne at dette er vesen som er til forveksling like kjæledyra vi elskar i både følelsesregister og medvit – på så mange måtar også til forveksling like oss sjølv. Sidan dyra vi kjenner, står oss så uendeleg nær, blir den enorme avstanden til dyra vi et, ei dess viktigare nødvendigheit. Vi vil ikkje lenger ete dyra vi kjenner. Kven vil vel kjøpe ei skinkesteik om dei blir minte om at akkurat denne grisen var like så koseleg og morosam, umogleg og eineståande som naboens hund?
Vi hiver i oss kjøtt og kjøttprodukt som aldri før i vår historie. Kjøtt er matluksusen i fortida som vi endeleg har moglegheit til å meske oss med. Kjøtt er gøy og smakfullt og enkelt å stelle i stand. Kjøtt er sunt, og kjøtt er kos. Kjøtt er tilsynelatande alt som er godt og fint og hyggeleg for oss menneske – berre ikkje dei enkelte individa dei ein gong var.
Om kundane berre fekk ein brøkdel av følelsane for husdyra som dei har for kjæledyra sine, ville det vore ein katastrofe for kjøttindustrien. Mange reagerer med avsky mot land der ein et hundar og kattar, som om det var kannibalisme det var snakk om. Mange stader er dette forbode. I 1998 stemte eit stort fleirtal av veljarane i California for at det også skulle bli forbode å ete hestekjøtt. «Våre barns kjæledyr» måtte vernast, som det heitte i kampanjen.
Griser og hestar, høns og fisk må ganske enkelt ikkje bli «kjæledyra våre» for at mange, kanskje dei fleste av oss, skal fortsette å kjøpe dei oppstykka som mat. Eller i alle fall for at vi skal kunne fråtse i dei, stappe dei i oss, som om dei aldri har vore anna enn freistande matprodukt i butikkhyllene.
Sjå korleis dei lever
Forvandlinga av dyr til reine produkt skjuler også at dyra vi et, ofte blir behandla på måtar som er utenkjelege for kjæledyra våre. Direkte dyremishandling er heldigvis forbode, men dei avkorta liva som så mange husdyr har, er ofte fullstendig utan meining, utan stimulans, utan glede. Det ville nok ikkje hjelpt på kjøttsalet dersom medvitet om kvart dyrs unike individualitet vart kombinert med illustrasjonar på pakningane av korleis dei har hatt det før dei mest appetittvekkjande kroppsdelane deira enda opp i lågprisbutikkane.
Kven vil vel kjøpe ei skinkesteik om ho blir seld med eit bilde av ein fortvilt gris i ei minimal innhegning? Vil du ikkje ha litt lammesteik med skildring av korleis denne sauen som er blitt drepen for vår skyld, har overlevd etter å ha blitt send hjelpelaus ut i villmarka heilt utan tilsyn? På sommarbeite døyr mange av dei av skadar eller som godteri for rovdyra, som sjølvsagt forsyner seg når vi sender så ubehjelpelege, ubeskytta vesen, tamde over generasjonar, ut i territoria deira. Kva med eit garantert beinfritt stykke fisk, komplett med ei forteljing av korleis han har hatt det i merden sin?
Har du ikkje lyst på litt kyllingkjøttdeig, med fine bilde frå det korte livet deira: utan mødrer, utan sol, utan noko som helst som minner dei om det naturlege tilværet deira?
Tusenvis på tusenvis av kyllingar er stua saman i enorme industrikompleks med kroppar som er avla fram for å vekse så fort som råd, slik at dei knapt klarer å røre seg når dei veks til.
Ein broten kontrakt
Dyra har umælande gått inn i ein kontrakt med oss. Dei fekk tryggheit og eit bra liv mot at livet vart forkorta. Dei fekk fôr og stell og moglegheita til kos og nærheit både med oss og artsfrendane sine, mot at dette berre gjaldt så lenge vi fann det for godt, til vi ville ha kjøttet deira, til dei ikkje lenger klarte å produsere det vi ønskte frå dei. Dette, i staden for eit vilt, fritt, men meir risikabelt tilvære der ute i naturen.
Men vi har brote denne kontrakten. Da kjøtt og mjølk og egg vart storindustri, følgde ikkje vi lenger opp vår del av avtalen. Vi bura dei inne, i isolasjon eller overfylte bur. Nærheit og velvære vart erstatta av teknikk og produksjonsmål.
Ein del har betra seg dei aller siste åra – først og fremst takka vere dyrerettigheitsaktivistar som framleis skjønar at det ikkje er nokon vesensforskjell mellom dyra vi forbruker, og dyra vi kjæler med. Men mykje står att.
Det spesielle ansvaret vårt
Men kvifor skal akkurat vi bry oss med dei rundt oss? Naturen er ikkje ein snill stad. Dyr er sjeldan nådige, og et kvarandre som om det står om livet – og ofte gjer det jo nettopp det. Uendeleg mange dyr lever berre av å ete andre dyr.
Men vi er ikkje der i naturen som kva som helst slags annan art. Det at vi kan tenkje heilskapleg over vår plass i verda og korleis vi behandlar alle andre, er kanskje den einaste absolutte vesensforskjellen mellom oss og dyra. Ingen annan art har heller slik ei absolutt makt over nesten alle andre.
Alt dette gir oss eit spesielt ansvar. For som vi no skjønar berre meir og meir, er det ikkje noko absolutt skilje mellom dei og oss, dyra og oss menneske.
Ærlegdom
Vi blir nok aldri ein art av vegetarianarar. Men vi skyldar dei millionane av dyr vi fortærer, at dei har eit best mogleg liv før vi hiver dei oppstykkja opp i grytene eller smør dei utover brødskivene. Vi skyldar dei å tenkje på dei som noko litt meir enn berre pris og smak og volum.
Vi kan gjere mykje meir for at dyra kan få betre liv, før dei faktisk ofrar livet for vårt konsum. Mange har alt gått føre og aler opp dyr i mest mogleg naturlege omgivnader. Om dette vart standarden, ville det sjølvsagt også gjere noko med prisane på det vi kjøper. Men når vi ikkje lenger kan fylle handlekorga med dyredel etter dyredel til 29,50 kiloen, om kjøtt faktisk blir dyrt igjen samanlikna med annan mat, er det kanskje noko som kan få oss til å begynne å tenkje ein gong til på alle desse vesena vi et.
Vi bør kunne ha ei ærlegare marknadsføring. Dei seks stykka kyllingfilet i steril plast som no er dekorerte med ein lykkeleg heterofamilie, kva slags vesen var eigentleg dette? Kva slags liv hadde desse dyra? Det er det ingenting som seier noko som helst om. Men vi burde hatt ei merking som viste oss nettopp dette. Korleis liva til desse dyra var. Korleis dei voks opp. Korleis dei døydde.
Mens vi fortviler og demonstrerer for skjebnen til ein enkelt hund, bør vi kunne ha ein matpolitikk som er ærleg nok til å vise at kvart av dei dyra som endar opp i matdisken, ikkje er noko vesensforskjellige frå dei vi kjæler med i heimane våre.
I kva grad dette vil avgrense kjøttkonsumet, er usikkert, men det ville i alle fall gjere det mindre lett for oss å ignorere kva det er vi et – kven vi et.
Ein mindre fortvilt fisk
Eg håper vi alle kan prøve å bli meir vare for at vi i møta med dyra rundt oss har å gjere med andre, bevisste vesen. Mitt eige tilfeldige møte med den fortvilte vesle pansermallen vil eg nok aldri gløyme.
Eg klarte heller ikkje berre å forlate den vesle fisken der i desperat einsemd. Nok er nok, så eg tok mot til meg og gjekk bort til ein tilsett. Nokså flau over å bry han når eg ikkje eingong skulle kjøpe noko (eg har dessverre ikkje noko akvarium), sa eg at eg berre ville gjere han merksam på noko. Eg viste til den fortvilte pansermallen og forklarte kva eg hadde sett.
– Ja, denne typen fisk trivst jo best i flokk, kunne han bekrefte. Raskt tok han fram ein håv, og fem sekund etterpå var den vesle fisken over i det andre akvariet. Eg takka, og han gjekk vidare.
Eg vart ståande ved fisketankane ei stund til for å sjå korleis det gjekk. Den vesle mallen pilte med ein gong bort til artsfrendane. Og straks var rørslene hans heilt annleis. No snuste og rota han rundt litt her og der som dei andre. Ikkje vibrerte gjellene lenger som om det stod om livet, slutt var det på å grave frenetisk på same staden. No oppførte han seg til forveksling likt dei andre små pansermallane. Stresset, desperasjonen, fortvilinga, alt dette var heilt borte. Han verka ganske enkelt roleg og fornøgd.
Eg skulle berre ønskje vi kunne bidra til at alle dyra vi har i nærleiken, fekk eit best mogleg tilvære. Alle fortener eit best mogleg liv. Eit verkeleg tilvære. Vi skyldar dei såpass.
Takk til den hyggelege tilsette ved Tam Lade i Trondheim som tok både ein fortvilt fisk og ein bekymra mann i førtiåra på alvor.