Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Arv

Gardar går i arv, feler og songskattar går i arv. Kaffiservise og veggur blir fordelte. Slektstradisjon blir overlevert, talent og gåver går vidare til neste generasjon. Og nokon tar imot denne arven, medan andre vel han bort. For tenk, så frie kan vi vere.

Skrive av Bergljot Kaslegard

Bergljot Kaslegard (f. 1976) debuterte som romanforfattar i 2009 med boka Magda. Våren 2014 kom den tredje romanen hennar, Det ingen har fortalt deg. Hausten same året mottok Nordal Tanums kvinnestipend for forfattarskapen sin. I 2016 debuterte ho som ungdomsforfattar med romanen Bare la meg være i fred. Ho jobbar til dagleg som forfattar og pianolærar i Ål i Hallingdal. Foto: Lukkeleik/Anne-Marte Før

Mamma, tenk om du hadde møtt ein amerikanar og flytta til New York! Då hadde eg kanskje gått på skulen på Manhattan!

– Ja, men utan far din hadde ikkje du vore du.

Og så blir vi sittande stille litt. Det regnar sjølvsagt, for det er ein slik sommar, og vi har laga varm sjokolade, og flyttekasser er plasserte rundt oss som eit slags stjernebilete, og eg lurer på om eg riv opp for mange røter for desse borna mine. Born kan ikkje navigere etter flyttekasser. Og eg lurer på om dei kjem til å bere med seg denne rotløysa, om dei arvar rastløysa som ei last eller som ein styrke. Og eg skulle ynskje nokon kunne fortelje meg dette før det er for seint å rette det opp.

Janne Kausland vart fødd inn i show-verda. Ho vaks opp hjå besteforeldre, og når mor Grethe var heime, vart huset fylt med skodespelarar og musikarar. Men å gå i mors fotspor vart ikkje aktuelt. Spora etter far til Bjarne Haukeland er å finne over heile landet vårt, i form av store kunstinstallasjonar i rustfritt stål. Medan Mari er merkt av ein stefar som misbrukte henne då ho var lita. Arbeidet hennar med å legge frå seg arven og ta attende sitt eige liv er stort og krevjande.

Janne Kausland

Sjå, ho går som mor si og pratar som far sin, seier vi. Ho syng som mor si og lagar mat som mormor, ler som tanta og argumenterer som mor si att. For vi fylgjer jo gjerne i fotefara til foreldra våre, anten vi vil eller ikkje. Far min, til dømes, han skreiv òg. Han skreiv preiker, eg skriv romanar. Mor mi spelte piano, eg underviser i piano. Men mor til Janne var showbizdame de luxe, og Janne sjølv, ho er interiørkonsulent.

– Du kjem ikkje unna samanlikninga. Pressa kalla meg for Grethes lille kylling

Janne Kausland var 19 då ho prøvde ut eit liv på scena. Det tok ikkje lang tid før ho valde det bort. Ho liknar på mor si, men likevel ikkje. Eg får lyst til å fortelje Janne alt eg hugsar om Grethe, slagerane hennar som mor mi gjekk og song, alle laurdagskveldane vi sat i sofaen med pizza, potetgull og brus
og lo høgt saman. Å, som eg misunnte born som hadde spennande foreldre. Sirkusforeldre til dømes, som reiste Europa rundt med trailerar og campingvogner. Eller skodespelarforeldre der ungane kunne leike i garderoben, eller musikarforeldre. Alt som var annleis.

– Det var ein periode eg skulle ynskje mamma var ei heilt vanleg mor som laga kjøttkaker og brun saus, og ikkje sniglar og blåskjel, seier Janne og ler.

Men no er ho sjølv vorten god på akkurat det same, og det som såg ut til å plage henne då ho var tenåring, er vorte til stor glede i vaksen alder. Vi greier sjeldan å legge av oss måten vi pratar på, sjølv om vi ikkje likar å likne på mor vår i eitt og alt. Men når ein har eit talent som tydeleg er ein slags arv etter musikalske foreldre, og vel å legge den arven bort, så ligg det vel ein stor fridom i det? 

– Det var ein periode eg skulle ynskje mamma var ei heilt vanleg mor som laga kjøttkaker og brun saus, og ikkje sniglar og blåskjel.

Janne Kausland

Moderne litteratur er full av fråverande fedrar og mødrer. Slike som er så opptatt av seg sjølve og arbeidet sitt at dei ikkje greier å ta vare på borna sine, slik at borna veks opp som redde og engstelege små blomar som aldri veks heilt ut. Grethe Kausland var overalt heile tida, på prøver, framsyningar, turnear og festar. Og sjølvsagt sakna Janne mor si, men kven kan seie til ei kvinne, fordi ho er vorten mor: Demp deg. Slutt med den der synginga og spelinga.

– Eg sakna henne sjølvsagt, ho var mykje heimanfrå. Men eg visste ikkje om noko anna. Sorg og sakn er prisen ein må betale for kjærleiken, seier Janne.

Vi ber med oss dei døde på ulike vis. Som eit sett med reglar, ei gamal klokke eller ein måte å smørje brødskiva på. 

– Men ho er jo ikkje borte, då. Plutseleg er ho her, anten på TV, eller eg høyrer henne på radioen.

Og eg blir merksam på denne jamne lyden frå ein stad i rommet. Ein radio står på, og fyller rommet med musikk og småprat. Er det Grethe? På veg heim ringer eg veslejenta for å fortelje henne at eg er her, sjølv om eg ikkje er der heile tida, med henne. Ja da, seier ho. Eg elskar deg òg. Over alt og heile tida. Eg er litt opptatt no, kan vi snakkast i morgon, mamma?

Bjarne Haukeland

Her ein dag skreiv eg ei setning som mest sannsynleg blir ståande i den neste romanen min. Setninga var vanskeleg å lese opp att, men ho står likevel: Mor og far er på veg ut av livet. Og eg kjenner på ein uendeleg lette. Som eg elskar dei. La meg poengtere at det er ein romanfigur som tenker dette. Men la meg også understreke at eg trur på den setninga. Dei fleste av oss elskar foreldra våre, og kan også kjenne på ei frigjering når dei ein dag forlèt denne
verda.

Far til Bjarne, Arnold Martin Haukeland, var ein av Noregs fremste eksponentar for abstrakt kunst i etterkrigstida. Haukeland døydde då Bjarne framleis var ein ung mann. Og då mor hans også døydde, sat Bjarne og bror hans att med hovudansvaret for om lag 400 skulpturar og notat etter faren.
Ein arv det er vanskeleg å fråskrive seg. For det er ikkje søte små skulpturar til å ha på peishylla Bjarne har ansvar for. Her snakkar vi om meterhøge og/eller -lange skulpturar i rustfritt stål, i syrefritt stål, faktisk, som gjer at dei ikkje blir misfarga, og at dei til og med kan reinse seg sjølve. Slik blir dei ståande heilt etter kunstnarens intensjon i år etter år. Frå Agder til Nordland.

– Det er umogeleg å skilje. Far var kunstnar heile tida.

Bjarne Haukeland

Arven etter Arnold kjem til å overleve oss alle. På 50-talet var det ikkje vanleg at fedrar deltok i oppdraginga av borna. Så når eg spør Bjarne om han sakna far sin på noko vis, kan han ikkje hugse noko spesielt skilje mellom far hans og andre fedrar. Men han synest det var tungt å måtte stå til ansvar for farens bastante kunst, og ta imot kritikken av han. I ein periode, i alle fall. Og så vaks også Bjarne opp, og kunne skilje mellom far og seg sjølv. Den største kunst i verda, om du spør meg, å skilje mellom seg sjølv og mor og far. Å skjøne at deira liv ikkje er mitt liv, og så gå vidare på eigne premissar, er eit stort arbeid. Nokre finn det skiljet tidleg i livet, som Janne Kausland, andre finn det seint, som eg sjølv. Og andre att skil aldri mellom seg og generasjonar som har vore. Kanskje fordi det er enklast og tryggast, eller kanskje fordi det faktisk matchar personen dei er. Det høyrest fint ut når Bjarne fortel at han går i ein slags dialog med far sin når dei legg planar for kunsten han har etterlate seg. 

– Ja, då tenker eg ofte, dette ville far ha likt.

– Er det far din eller kunstnaren som ville ha likt det?

– Det er umogeleg å skilje. Far var kunstnar heile tida.

Så snakkar vi om at det nok er vanskeleg å vere kunstnar og forelder. Og eg veit litt om det, men seier ikkje så mykje meir enn jau, det er det nok. Om ein har ein jobb som krev heile mennesket, vil anten borna eller jobben ikkje få heile deg, tenker eg. For nokon blir det kanskje halvvegs begge vegar. Men det høyrest ut som om Bjarnes far var heil kunstnar. Og når far er kunstnarfar, så hadde kanskje Bjarne også ein heil far. På sitt vis. Offentleg var Arnold Haukeland kompromisslaus og fast i si tru på at han visste best om kunsten sin. Og kunsten hans, altså arven frå ein far, vil overleve oss alle. Eit ettermæle i rustfritt stål. Og eg greier ikkje sleppe tanken om at dette må vere ein tung arv. Heilt konkret er han på fleire hundre tonn.

– Dei fleste arvar jo berre hus og pengar. Det er klart det hadde vore enklare å forhalde seg til, seier Bjarne.

Å kvar dag bli mint på kven eg er dotter av, kan vere ei gåve og ei bør. Det hender eg tenker det same når eg til dømes lagar saus frå botnen av, slik mor mi har lært meg. Eller eg spelar eit stykke på piano som mor mi ein gong spelte for meg. Dette vil mor mi like. Men ei slik setning openberrar også motsatsen. Dette ville far ha likt fordrar også dette ville far ikkje ha likt. Og slik blir kanskje arven både ei gåve og ei forbanna plikt?

Mari

Eg må begynne i ein annan ende enn eg hadde tenkt.
Eg rusla rundt i Tokyo i sommar, mutters åleine. Det er grådig mykje folk i den byen. Og på eit tidspunkt fann eg dette berømte store Shibuya-krysset, der 2500 menneske kryssar på grøn mann, samtidig. Og det slo
meg då, som det ofte gjer når eg kjem i store gatekryss med mykje folk: Alle desse menneska kjem frå ein plass og skal til ein plass. Alle desse er fødde av ei mor, er vortne stelte og haldne og borne og mata. Og sjølv om ikkje alle har fått alt dei treng av tryggleik og omsorg, går dei likevel her, og dei verkar, kroppane deira verkar. Og slikt blir eg rett og slett rørt av.

Men her må eg helst stoppe òg, for dei som ikkje fekk det dei trong, eller dei som vart fråtatt noko av det aller viktigaste, kroppane verkar kanskje, men kvar er mennesket? 

Eg er nervøs før eg ringer henne. Set meg til rette ved skrivebordet, og ombestemmer meg og set meg heller i stolen ved vindauget. Finn ein kopp kaffi og ombestemmer meg og fyller eit glas vatn i staden. Eg er spent på korleis stemma hennar høyrest ut, og kva ord ho brukar, når ho skal fortelje meg om arven som overgrep gir. Har du rydda ut av barnerommet ditt der heime? Har du pakka bort alle Toppblada og plakatane og skulebøkene, kasta ein del og bladd i noko og ledd av rare sveisar og gråte over gamle dagboknotat? Det har Mari. Og det var medan ho rydda slik at kroppen begynte å seie ifrå at noko var gale. At noko hadde vore gale lenge. Heilt sidan ho var fem år og stefaren fann vegen til rommet hennar.

– Du må berre spørje og spørje, seier ho.

Eg kan ikkje akkurat seie at eg har berre lyst til å grine. At eg har lyst til å hente dotter mi på skulen og klemme henne lenge. At eg skulle ynskje nokon hadde løfta henne, Mari, ut av det heile før det begynte.

– Eg var ganske rampete som lita jente. Ein gong slo eg sund senga mi med ein hammar.

Mari pratar med ei overbevisande stemme, og noko undrande over det ho
sjølv står i.

– Eg måtte lære å forstå huset eg vaks opp i, seier ho. – At trygt ikkje var trygt, men likevel skulle vere trygt. Og når det som skal vere trygt, faktisk ikkje er trygt, slår kroppen seg av. Eg vart som eit redd dyr som spelar dødt.

Når det som skal vere trygt, faktisk ikkje er trygt, slår kroppen seg av. Eg vart som eit redd dyr som spelar dødt.

Mari

25 år seinare vakna kroppen og tankane til live igjen, og då er det mykje å jobbe med. Vi menneske er ofte gode på å straffe oss sjølve. Om vi ikkje får til noko som «alle andre» får til, veit vi kva som må gjerast. Vi må snakke oss sjølve ettertrykkeleg ned. Og held ikkje det, lèt vi vere å ete, så vi verkeleg kjenner det på kroppen kor udugelege vi er. Mari vart tenåring, og hata kroppen sin, hata det som skjedde med han. Mari vart vaksen og heldt fram med å hate, ville ha seg utdanning og kjæraste og familie, men var så opptatt med å hate og tukte kroppen at ho ikkje fekk det til. Så fekk ho endå ein grunn til å hate. Og slik gjekk ho i ring. 

Som foreldre er vi gode på å definere borna våre. Den yngste er slik, sutrete og lett sårbar. Den mellomste er snill begge vegar, og gjer lite av seg. Den eldste er eldst, men ikkje spesielt sjølvstendig, litt for sjølvgod. Og vi i familien, alle vi, er generelt nokså sjenerte og ikkje så gode på å snakke om problema. 

– Det likar eg ikkje! At vi skal kunne seie noko slikt om ein heil familie! Ein skal vere klar over kva ein seier til ungane sine, altså.

Foreldre kan bestemme mykje, men ikkje kven ungane skal vere, seier Mari. Engasjementet hennar smittar. Eg får eit inntrykk av ei sterk jente som alltid har vore sterk og framleis er sterk, kanskje til og med sterkare enn det som er godt for henne. Så sterk at ho greier å dekke over og pakke bort slikt som helst må ut i lyset for å sprekke. Det er ingen framande tankar i noko av dette. Vi pratar ikkje om sjølve overgrepa. Det er som vi begge eigentleg ikkje treng det. Vi pratar om kva det gjorde med henne å bli fråtatt retten til eigen kropp. Det handlar om lausriving, og det handlar om skam, det handlar om å få det til og om å halde på seg sjølv, og å ikkje la andre få definere kven du er. Eg kjenner igjen alt det der, proporsjonane er berre mykje større, og arbeidet ho står i, er heiltidsarbeid, årsverk på årsverk. Møte i Nav, møte med psykolog, møte med advokat, vitne og samle informasjon, rydde på barnerommet og i angsten, og la kroppen få vakne att til henne som eigentleg eig han.

Før vi legg på, spør eg henne om dette er riktig oppfatta: Du tar eit oppgjer med arven din, du anerkjenner at han ikkje er god, men du har som intensjon å gjere han til ein styrke. Og ta deg sjølv attende. Ho er stille ei stund. Eg ser ut på ein solvarm seinsommar som eigentleg kunne ha kome tidlegare, men som vi sjølvsagt tar imot likevel. Slik varme vi treng før ein lang haust. Hausten til Mari skal gå med til førebuing av søksmål og meir hardt arbeid. Og så sit eg her og forsøker å definere henne, det skulle ikkje ha vore lov. 

– Det hender eg kjenner ei lukt som minner meg om golvteppet i andre etasje. Og det er vonde minne, men det er likevel noko konstruktivt i det. Som om sansane mine vil vekke meg att og seie: Sjå, her er din eigenart, her er du!

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar