Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

«Gud give man vil indse dette før Storthinget brænder»

Framstillinga av «jøden» som konspiratør i norsk dagspresse cirka 1905–1925.

Skrive av Lars Lien

Lars Lien (f. 1972) kjem frå Sarpsborg, men er i dag busett i Oslo. Lien har nyleg disputert for doktorgraden i historie med avhandlinga «… Pressen kan kun skrive ondt om jøderne». Jøden som kulturell konstruksjon i norsk dags- og vittighetspresse 1905–1925, og er tilsett ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter.

Jødar eller det jødiske utgjorde sjeldan noko markant tema i pressa i perioden 1905–1925. Samstundes, målt opp mot andre minoritetsgrupper, stod omtalen av jødane i ei særstilling. For å forstå særstillinga jødane fekk i den norske pressa, er det vesentleg å skilje mellom omtalar av faktiske jødar og/eller det jødiske og det eg har valt å kalle den abstrakte «jøden». Der førstnemnde blei sett på som ein usjåleg storleik, blei den abstrakte «jøden» ei jartegn om ei snarleg endelykt for den ferske nasjonen.

«Jødens» konspiratoriske sinnelag

Omtalar av den faktiske jødiske minoriteten i Noreg var svært avgrensa, og det er rimeleg å definere dei som relativt nøytrale. Kort samanfatta utgjorde ikkje den jødiske minoriteten noka form for trussel slik han blei omtalt i pressa. Minoriteten blei i stor grad sett på som han var: liten, transparent og blotta for maktpersonar i norsk politikk og samfunnsliv. Det var ein noko tilbaketrekt minoritet som samstundes var relativt godt integrert.[1]

Førestillinga som trer fram som den dominerande i den norske dags- og skjemtepressa, er den abstrakte «jøden» (heretter «jøden»), ein adresselaus storleik, som svært sjeldan viste til konkrete jødar og jødiske grupperingar. «Jøden» var i motsetning til den jødiske minoriteten ei overnasjonal verdsmakt, med mål om å leggje under seg det kristen-nasjonale Europa, Noreg medrekna.[2]

I røynda handla hetsen mot «jøden» i pressa i svært liten grad om konkrete følgjer av innvandring og minoritetskulturar på norsk jord.

Sjølv om falsumet Sions vises protokollar[3]har vore den sentrale koplinga til førestillinga om ein jødisk verdskonspirasjon, kan det med rette hevdast at førestillingskompleksa knytte til «jøden» frå unionsoppløysinga til midten av 1920-talet dreidde seg om at «jøden» hadde eit konspiratorisk sinnelag, uavhengig av protokollane. Førestillingar om at «jøden» stod bak moderne institusjonar som kapitalismen, liberalismen, sosialismen og pressa, var allment «kjende» lenge før spreiinga og dei talrike omsetjingane av falsumet. Protokollane hevda seg relevante først og fremst gjennom at dei i samtida openberra seg som sjølve provet på den undergravande verksemda til «jøden», gjennom førestillingar som allereie var etablerte i den antisemittiske idétradisjonen.

Protokollane fann vegen til Noreg i omsett versjon under tittelen Den nye verdenskeiser i 1920 og vekte ei viss interesse i den konservative pressa og bondepressa, men trass i at ein kan sjå innslag av protokollane i ei rekkje artiklar når det gjeld innhald, var det berre eit fåtal som konkret refererte til dei. Vel så relevante var referansar til høgsterettsadvokaten Eivind Saxlund gjennom det antisemittiske stridsskriftet hans Jøder & Gojim, ei bok som i motsetning til protokollane fekk ei rekkje bokmeldingar i ei rekkje aviser av ulik partipolitisk kulør. Med unntak av eit fåtal artiklar i pressa blei boka til Saxlund sett på som eit opplysande og nyttig skrift, tilrådd for både dei akademiske miljøa og uvitande nordmenn.

Det antisemittiske verdsbiletet

Sokneprest Herman Lunde spekulerte i meldinga si av Jøder & Gojim i Tidens Tegn på om det ikkje i røynda var dei kristne som blei forfølgde, og ikkje jødane, grunna i at han meinte å sjå at den jødiske karakteren hadde trengt seg inn i det europeiske åndslivet og den materialistiske utviklinga.[4] Den sjølvtitulerte antisemitten og svært populære forfattaren, teatermeldaren og journalisten Nils Kjær hevda at det var den moderne jødiske ånda Europa måtte verne seg mot, sidan «jøden» var frigjord frå europeisk lov og kristen moral. «Jøden» utgjorde ein trussel mot alle nasjonale samfunn, samfunn som var i ferd med å bli «smitta» av den «jødisk-materialistiske ånda».[5] Eit kjernemoment i det antisemittiske verdsbiletet som blei forfekta i pressa, var at jødane tedde seg som ei kollektivt handlande eining som heldt saman kring ein plan om å leggje Europa under seg. Då Kjær refererte til «jøden» som ein «mægtig og allestedsnærværende fiende», teikna han seg inn i ei forståing av «jøden» som overmenneske som var effektive, grundige og nærast ufeilbarlege.

Eit gjennomgåande tema i pressa var at «jøden» nytta tilsynelatande motstridande politisk-økonomiske ideologiar for å oppnå dei nedbrytande måla sine. I det antisemittiske verdsbiletet var det derimot ikkje noko motsetningstilhøve mellom kapitalisme og kommunisme, begge var eit uttrykk for den materialistiske og eigennyttige ånda til jøden. Ifølgje ein redaksjonell artikkel i Nationen kalla «Kommunismen og den internationale storkapital» var det «ingen tilfældighet, at lederne av denne race som i aarhundrers løp er internationalisert og som igrunden kun har sit fædreland – eller kanske rettere sagt virkefelt – der, hvor det kan tjenes penger», var bakmenn for internasjonale politisk-økonomiske ideologiar.

Ifølgje aksjemeklar Hans Bell i ein omfattande kronikkserie som mellom anna blei publisert i Dagsposten, spelte det ikkje noka rolle om «jøden» forfekta kapitalisme eller kommunisme, begge var middel mot same målet: verdsherredømme. Operasjonaliseringa av proletariatet var berre eit resultat av at det synte seg svært vanskeleg å få samla «de besittende og styrende – ‘overklassen’ – i samfundet […] Det var liksom ikke mulig at faa samlet noget større antal av disse forholdsvis viljesterke og selvraadige under en hat».[6]

Nettopp her låg koplinga mellom sosialismen og jødedommen, ifølgje Bell, for i den andre enden fann vi proletariatet, «det store antal ubemidlede arbeidere og rækkerne av arbeidsskye dagdrivere, maatte kunne omdannes til at bli en ny verdensmagt, men som senere kunde utnyttes». Det var likevel viktig for «jøden» å bevege seg på «kattepotar», då massane ikkje under nokon omstende måtte erkjenne at dei ikkje tente eigne interesser. Med pengemakta skulle «jøden» styrte det beståande samfunnet. Det var ikkje åleine ei førestilling om at einskildindivid eller -føretak stod i gjeld til «jøden», men at «jøden» rådde over statskassa i dei fleste land.

Ifølgje Bell hadde jødane «en fabelagtig evne til at samle rigdomme, og takket være de stadig økende krav paa reformer, som det ikke kunde gaa an at vente med og som følgelig maate gjennemføres for laante midler, er de allerfleste stater kommet op i en gjæld, som for manges vedkommende antar foruroligende dimensioner. Hvor alle disse penge er kommet fra? Jo, for det meste fra jødiske syndikater. […] De har baade sikret sig høieste rente og førsteprioriteten i saa at si all verdens nationale skatter og værdier».[7]

Med andre ord: «Jøden» hadde knesett dei europeiske nasjonane økonomisk, og proletariatet i Europa var budd til å marsjere, som nyttige idiotar, i teneste for «jøden».

Det mektige ordet

Maktgrunnlaget til «jøden» var ikkje åleine fundert i den økonomiske makta, men òg i ordet. Førestillingar om at «jøden» styrte forlagsverksemda og pressa, var utbreidde i norske aviser.[8] Ved å hevde at konspiratørane kontrollerte informasjonsflyten, blei alle former for kritikk av antisemittiske førestillingar immuniserte. Ifølgje Bell var utviklinga i Noreg enno ikkje kommen dit at det gjekk på ytringsfridommen laus, og derfor var det viktigare enn nokon gong å motarbeide alle tilløp til klassekamp før «jøden» fekk fotfeste også innanfor den norske pressa. Denne argumentasjonen blei òg sentral i samband med avsløringa i engelske Times av protokollane som falskneri i 1921.[9] På framsida av Aftenposten gjorde Saxlund det klart at han meinte radbrekkinga av ei bok som betydde så mykje som protokollane, ikkje burde få stå uimotsagd: «En bog som det er jøderne saa ubehagelig at se offentliggjort som denne, forsøges ved alle midler uskadeliggjort. Og dertil medvirker selvfølgelig verdenspressen.»[10]

Ifølgje son av den profilerte vitskapsmannen Sophus Bugge, mellomalderhistorikaren Alexander Bugge, skilde «jøden» seg som rase frå asiatar og afrikanarar, på bakgrunn av den jødiske intellektualismen.[11] Han forklarte derfor lesarane av Tidens Tegn at «jøden» kontrollerte verdspressa og sette sitt preg på åndslivet og vitskapen. Menn som Georg Brandes og Albert Einstein hadde prega europeisk tenking på slutten av 1800-talet, noko som for Bugge var prov på at jødane ikkje berre var ein gåverik rase, men at dei var i stand til å fostre geni. I så måte utgjorde «jøden» ein langt større fare for det europeiske samfunnet enn andre rasar, sidan dei kontrollerte åndslivet. Det same argumentet ser vi hos høgsterettsadvokat Stian Beck i Nationen.[12] Innverknaden «jøden» øvde på vestleg kultur, var svært viktig i den forstand at det «jøderne har præstert i literatur og kunst, har været fiendtlig og opløsende for de folk, hos hvem jøderne har slaat sig ned». Det var derfor maktpåliggjande å stanse denne utviklinga i dei vestlege samfunna før også Vesten og den «hvite race» blei degenererte og underlagde jødisk ånd.

«Jøden» hadde knesett dei europeiske nasjonane økonomisk, og proletariatet i Europa var budd til å marsjere, som nyttige idiotar, i «jødens» teneste.

«Jøden» og det nasjonale

Historikaren og Venstre-politikaren Jacob S. Worm-Müller rekna, i ein tale på universitetsårsfesten i 1930, 1905 for å vere eit vendepunkt for den norske nasjonen, der samankoplinga mellom det organiske og det nasjonale blei rekna for ein naturgitt symbiose som måtte vernast og kultiverast: «Kjernen i vår nyere historie var organismens kamp for å hele bruddet, for å skille ut det fremmedartede og finne sammenhengen. Likesom 1814 utsprang av fortiden, således pekte det fremover mot 1905 i kraft av historiske og organiske lover om nasjonalitetens utvikling til en sterkere og mere særpreget personlighet. Det er denne helhetsoppfatning som skapte grunnlaget for en bred nasjonal samling.»[13]

Sjølv om Worm-Müller kopla førestillinga om ein norsk organisme til unionsoppløysinga, var det først og fremst i åra etter verdskrigen at førestillingar om det nasjonale for alvor fekk fotfeste i pressa og fekk ein tydeleg antimoderne karakter.

Trass i at konstruksjonen av «jøden» i norsk presse teiknar seg inn i eit kontinentaleuropeisk antisemittisk verdsbilete, bryt dei norske førestillingskompleksa til dels med tyske, franske og russiske mønster. Der «jøden» i kontinentaleuropeiske nasjonar i hovudsak blei sett på som «fienden på innsida», ei negativ kraft som verka oppløysande på nasjonen og samfunnstilhøva, blei «jøden» i høg grad sett på som «fienden på utsida» i den norske pressa. Bell hevda at «verdsjødedommen» gjennom sosialismen var i ferd med å overta Europa, men samstundes forsikra han lesarane av Dagsposten om at det ville «ses at uttalelserne ikke er basert paa vore hjemlige typer av racen, men paa det internationale jødefolk, som allerede spiller en betydelig rolle over alt i den civiliserte verden».[14]

Eit anna talande døme er forfattaren og teologen Marta Steinsvik, som trass i at ho i Aftenposten argumenterte for eksistensen av eit verdsfemnande jødisk nettverk med mål om å leggje Europa under seg, peika på at «vore norske jøder har selvfølgelig intet med den slags planer at gjøre».[15] Steinsvik profilerte seg likevel som talskvinne for at den såkalla jødeparagrafen burde bli innført att, men med ei påfallande omskriving av teksten: «Jøder (med undtagelse av dem, som allerede er norske borgere) jesuiter og bolsjeviker maa ikke taales i riket.»

Verdsjødedommen

Eit spørsmål som blir hengande i lufta, er kva «gale» dei norske jødane hadde gjort, som blei utelatne frå førestillinga om den mektige fellesskapen i «verdsjødedommen». Eg vil hevde at dette fenomenet kan forklarast ut frå to tilhøve: For det første var den stillfarande jødiske minoriteten i Noreg transparent og derfor svært lite eigna til å bli sett i samanheng med overnasjonale konspiratørar, og for det andre fanst det ingen norske jødar som sat i viktige samfunnsposisjonar, verken av politisk eller økonomisk art. Det er derfor neppe tilfeldig at fleire skribentar i avisene unndrog dei norske jødane skuld i den elles så negative innverknaden mange presseorgan påstod at «jøden» øvde på europeiske nasjonar og samfunnsliv.

I røynda handla hetsen mot «jøden» i pressa i svært liten grad om konkrete følgjer av innvandring og minoritetskulturar på norsk jord. Han henta primært næring frå frykta for at den nasjonale kulturen og moralen var på veg til å gå i oppløysing, noko som visstnok fann si årsak i strupetaket «jøden» hadde på dei «siviliserte» europeiske nasjonane. Kriseførestillingane knytte samfunnsoppløysande krefter til det framande, fienden som stod bak krisa direkte eller indirekte. I det kulturpessimistiske verdsbiletet som blei skissert, blei «jøden» som «internasjonalisten» ei viktig brikke i ønsket om å forklare symptoma på den samfunnsoppløysande tilstanden ei rekkje aktørar i pressa meinte Noreg var i. Antisemittismen i Noreg fylte primært ein ideologisk-politisk funksjon, der det gjaldt å finne syndebukkar for den negative samfunnsutviklinga. Trass i at «jøden» kunne opptre i ulike og til dels motstridande framstillingar, hadde dei det til felles at dei var eit uttrykk for å verne om det nasjonale. Som hevda av Saxlund, hadde «jøden» konkrete planar om «at lægge grundvolden for et plutokrati, et kapitalstyre mer enevældig og hensynsløst end nogen styreform, man hidtil har oplevet i Europa. […] Gud give man vil indse dette før Storthinget brænder».[16]

Kunstmålaren Anders Castus Svarstad, kanskje best kjend som ektemannen til Sigrid Undset, meinte i ein kronikkserie i Tidens Tegn at ein i Noreg hadde mykje å lære av det nasjonale medvitet ein fann i Frankrike, for å verne seg mot framand påverknad.[17] Slik var situasjonen derimot ikkje i det norske sosialdemokratiet, som ifølgje Svarstad hadde ein «uhyggelig uselvstændighet overfor alt fremmed».[18] Usjølvstendet kom først og fremst til uttrykk i den norske arbeidarrørsla, der det var ei æressak å ikkje tenkje sjølv og å ikkje ha noka anna meining enn den «aand de har indaandet under den arogante jødes bak».[19] Årsaka til at nordmenn hadde ein tendens til å underkaste seg framande idear, var ifølgje Svarstad at Noregs korte nasjonale historie ikkje hadde ført nasjonen opp til det nasjonale medvitsnivået franskmennene hadde. Middelklassen i den franske borgarskapen var ifølgje Svarstad, i motsetning til i Noreg, grunnvollen og ryggrada i nasjonen.

Særleg lét han seg inspirere av den profilerte franske antisemittiske journalisten Eduard Drumont. Han hevda at Drumont hadde oppdaga at når ein såg på lidingane til jødane i Europa, såg ein berre verknad og ikkje årsak. Svarstad tolka oppdaginga til Drumont som ein modernitets- og emansipasjonskritikk: Kvar gong jødane blei gitt fridom i ein nasjon, kom dei ved hjelp av uforståelege middel til makta og dominerte majoritetssamfunnet frå topp til botn. Emansipasjonen av jødane var derfor Europas ulykke: «Der hvor engang i tiden den rike jødiske kjøbmand var blit mishandlet, var nu vokset op et banksyndikat som med usynlig haand holdt hans land i strupen. Og derborte i arbeiderkvarteret hvor den jødiske pantelaaner og agerkarl engang i tiden var plyndret og fordærvetslaat, der var vokset op et andet syndikat og dette syndikatet holdt landets arbeideres vilje i sine hænder.»[20]

Det å verne om det nasjonale sjølvstendet, og vedgåinga av at verda var organisert ut frå eit prinsipp om nasjonale avgrensingskriterium, stod derfor sentralt i utgreiinga til Svarstad, der det essensielle var «jøden» som motkraft til nasjonal identitet. Ifølgje han var saka slik at ein «nation uten eget land» som var spreidd over heile verda og bestod av eit folk der «handel, spekulation, intellektualisme, alltid har været de karakteriserende egenskaper», måtte stå i skarp kontrast til dei nasjonale, historiske, etiske og moralske tradisjonane til europearen. Nasjonalismen var ei hovuddrivkraft i antisemittismen når jødane blei kopla til ulike, til dels motstridande, overnasjonale krefter, deriblant den kommunistiske internasjonalismen og førestillinga om den internasjonale jødekapitalen.

*

Den essensielle førestillinga var at «jøden» rokka ved det homogene fellesskapsidealet og fungerte som syndebukk for at Noreg og andre europeiske nasjonar gjekk bort frå den nasjonale og kulturelle tradisjonen sin. «Jøden» blei gjord til ei forklaring på ulike internasjonale, grenseoverskridande fenomen. Det norske folket blei fremja som ein etnisk fellesskap som hadde sin naturlege plass etter nasjonale avgrensingskriterium, medan jødane blei demoniserte som eit barbarisk folk med makt til å true europeisk sivilisasjon og nasjonale verdiar. Sentralt stod derfor eit nasjonalt sjølvmedvit som tok sikte på å avgrense den førestilte makta «jøden» sat med, ved mellom anna å kjempe mot emansipasjonen av jødane og styrkje den nasjonale fellesskapskjensla.

Notar:

[1] Lars Lien, «… Pressen kan kun skrive ondt om jøderne». Jøden som kulturell konstruksjon i norsk dags- og vittighetspresse 1905–1925, avhandling for ph.d.-graden i historie, Institutt for arkeologi, konservering og historie, Det humanistiske fakultetet, Universitetet i Oslo, Oslo 2015, s. 84–89.

[2] Ibid., s. 90–94.

[3] Skriftet bestod av tjuefire «protokollar» som hovudsakleg hadde tre hovudtema. Det fyrste var ein kritikk av den liberale ideologien, som samstundes vart gjort til eit effektivt verkty for å øydeleggje samfunnet innanfrå. Det andre var ei utførleg beskriving av metodane som skulle nyttast for å sikre oppløysinga av det europeiske samfunnet, før til slutt å beskrive ei apokalyptisk framtid med eit jødisk verdsherredøme, og der ikkje-jødane var trælbundne.

[4] Tidens Tegn, 23. desember 1910. Kjelde henta frå: Olaf Sunde Christensen, Jøder og Gojim – mottakelsen av et antisemittisk skrift fra 1910, hovudoppgåve i historie, Historisk institutt ved Universitetet i Oslo, 1998, s. 32.

[5] Aftenposten, 9. januar 1912. Kjelde henta frå: Christensen, Jøder og Gojim – mottakelsen av et antisemittisk skrift fra 1910, 1998, s. 85–86.

[6] Dagsposten, 20. august 1920

[7] Dagsposten, 21. august 1920

[8] Lars Lien, «… Pressen kan kun skrive ondt om jøderne». Jøden som kulturell konstruksjon i norsk dags- og vittighetspresse 1905–1925, avhandling for ph.d-graden i historie, Institutt for arkeologi, konservering og historie, Det humanistiske fakultet, Universitetet i Oslo, Oslo 2015. s. 103.

[9] Aftenposten, 26. oktober 1921

[10] Aftenposten, 10. januar 1922

[11] Tidens Tegn, 29. juni 1921

[12] Nationen, 13. februar, 1920

[13] Jacob S. Worm-Müller, «1905», i Jacob S. Worm-Müller, Ideer og mennesker. Utvalgte avhandlinger, artikler og taler utgitt til 70-årsdagen, Aschehoug, Oslo 1954, s. 52. «1905» var opphavleg ein tale han heldt i 1930 på universitetsårsfesten. Talen blei publisert i Dagbladet, 2. september og Aftenposten, 3. september 1930.

[14] Dagsposten, 20. august 1920

[15] Aftenposten, 30. juni 1925

[16] Aftenposten, 10. januar 1922

[17] Tidens Tegn, 1. juli 1922, Tidens Tegn, 3. juni 1922, og Tidens Tegn, 6. juni 1922

[18] Tidens Tegn, 3. juni 1922

[19] Tidens Tegn, 6. juni 1922

[20] Tidens Tegn, 6. juni 1922

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar