Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Kan vi felle autoritære regime med plakatar?

Fem år etter at den autoritære presidenten Ben Ali vart tvinga til å rømme landet han rådde over i 24 år, har Tunisia halde eit fredeleg og demokratisk val og ser ut til å navigere mot rolegare sjø.

Skrive av Bård Drange

Bård Drange (f. 1992) er masterstudent i freds- og konfliktstudium ved Universitetet i Oslo, tidlegare internasjonal politikk og historie ved Die Jacobs University i Bremen og The University of Edinburgh. Forutan ikkjevaldelege revolusjonar er han oppteken av dialog i konfliktløysing og konfliktførebygging og av forholdet mellom konflikt og fattigdom.

Vasskiljet kom ved årsskiftet 2010/2011. Då byrja vanlege borgarar å boikotte, streike og demonstrere presidenten ut av landet. Tunisiarane utførte ein revolusjon, og dei gjorde det utan vald. Ikkjevaldelege revolusjonar kan høyrast ut som eit paradoks, men er oftast kraftigare kost enn kuler og krut.

I møte med autoritære styre vert folk flest som regel sett på som makteslause. Vi har lite eller ingenting vi skal ha sagt om kven som bør styre landet, eller korleis dei autoritære leiarane gjer det. Likevel skal ein ikkje undervurdere menneske som slår seg saman for å kjempe utan bruk av vald, sjølv mot brutale diktatorar. 

Verdshistoria fortel om mange krigar og konfliktar, ofte mot autoritære leiarar med bruk valdelege middel. Men sjeldan klarer valdelege grupper å overvinne myndigheitene og etablere nye, vedvarande og fredelege regime. Sudan si frigjeringsrørsle og armé, Boko Haram i Nigeria, FARC-geriljaen i Colombia og Dei tamilske tigrane på Sri Lanka er eksempel på slike valdelege grupper.

Dei motstandsgruppene vi høyrer mindre om, er dei som skaper endring utan å bruke vald. Kanskje høyrer vi ikkje så mykje til dei nettopp fordi dei ikkje bruker vald? Ikkjevaldelege motstandsgrupper kjempar kan hende for same saka som dei valdelege motstykka, men dei bruker altså ikkje vald. Nærare bestemt bruker dei ikkjevald. Ikkjevald er ikkje berre fråvær av vald, det er strategisk bruk av ikkjevaldelege handlingar.

Du lurer kanskje på: Bruker ei gruppe menneske som held opp plakatar og slagord mot ein brutal eller uærleg leiar, ikkjevald? Ikkje nødvendigvis. Demonstrantar med plakatar som kjempar for ei bestemt sak, er kan hende fyrst og fremst demonstrantar. Dei som nyttar ikkjevald, går derimot eit hakk lenger, gjennom til dømes å bruke boikott, streik, sitjeblokadar og liknande. Dei ikkjevaldelege handlingane er ikkje alltid lovlege, og difor er demonstrantane iblant sivilt ulydige.

Korleis kan så vanlege borgarar utan våpen velte eit diktatur og få ein diktator til å flykte over hals og hovud?

Den arabiske våren

I 2010 sette den tunisiske gateseljaren Mohamed Bouazizi fyr på seg sjølv – ei avgjerande hending som blir sett på som starten på Sjasmin-revolusjonen, og som seinare leidde til Den arabiske våren. Når vi snakkar om Den arabiske våren, ser du kanskje føre deg store folkemassar på Tahir-plassen i Kairo i Egypt eller i byar rundt omkring i Tunisia, eller kan hende folkemengder og krigshendingar i Damaskus og Homs i Syria. Folkemassane førte i løpet av svært kort tid til at både Ben Ali i Tunisia og Hosni Mubarak, diktator i Egypt sidan 1981, vart tvinga til å flykte landet. Korleis klarte ikkjevaldelege demonstrantar å drive vekk leiarane sine? 

Det var ikkje demonstrasjonane i seg sjølve som førte til at Mubarak og Ben Ali vart tvinga til å flykte. Ein feller ikkje autoritære regime med plakatar åleine. Medan ein med politiske verkemiddel i eit fungerande demokrati kan presse leiarar til å reformere, til å trekke seg, eller til å inngå kompromiss, må det sterkare lut til for å felle autoritære regime.

I Tunisia var framgangen synleg. Ulike politiske grupper har til ein viss grad samarbeidd, og fredelege og demokratiske val vart haldne hausten 2015. Trass i fleire terrorangrep i Tunisia i 2015 ser den positive utviklinga ut til å fortsetje. Vinnarane av Nobels Fredspris for 2015, Kvartetten for nasjonal dialog, spelar enno ei viktig rolle når det gjeld å ta vare på den framgangen dei ikkjevaldelege opprøra sette i gang. Nobelkomiteen skriv i grunngjevinga at kvartetten «etablerte en alternativ og fredelig politisk prosess da landet stod på randen av borgerkrig»[1]

I Egypt og Syria ser det ikkje like lyst ut. I Egypt klarer ikkje kreftene og miljøa å samle seg om vegen vidare. Syria står midt i ein brutal borgarkrig, sjølv om den arabiske våren også der byrja med ikkjevaldelege opprør. Syria, og også Libya, er døme på korleis lange diktaturvelde ikkje kan gjerast om til frie samfunn over natta. I båe land dominerer krig og naud.

Kven har brukt ikkjevald og klart det?

Blant dei som har brukt ikkjevald opp gjennom historia, er Mahatma Gandhi og Martin Luther King kanskje dei mest kjende. I den ikkjevaldelege kampen for borgarrettar for både kvite og svarte menneske i USA brukte borgarrettsrørsla, med Martin Luther King i spissen, ikkjevald som bevisst strategi. Rosa Parks nekta å flytte seg frå setet sitt på bussen i Montgomery i 1955, og dette vart eit ikonisk døme på ei ikkjevaldeleg handling.

Då India kjempa for sjølvstende frå den britiske kolonimakta, forstod Mahatma Gandhi at ein ikkje kunne vinne fram med makt og våpen. Han leidde fleire ikkjevaldelege motstandshandlingar som kvar på sine måtar var med på å skape ein fredeleg overgang frå kolonistyre til republikk. Som Gandhi sa, og som vi i denne konteksten kan forstå meir strategisk og klarsynt enn ideologisk: «Det finst ingen veg til fred, fred er vegen.»[2]

Eit mindre kjent eksempel er dei strategiske motstandshandlingane som vart utførte på Filippinane tidleg på 1980-talet. Her hadde den ikkjevaldelege motstandskampen mot autoritære Ferdinand Marcos gått føre seg alt nokre år. I februar 1986 stod det endelege slaget: To millionar filippinarar tok til gatene og tvinga, utan å bruke vald, den autoritære leiaren og den juvelglade kona Imelda til å flykte i eit helikopter frå presidentpalasset.

Også den iranske revolusjonen i 1979, fløyelsrevolusjonen i Tsjekkia i 1989, den syngande revolusjonen på Baltikum mellom 1987 og 1991 og solidaritetsrørsla i Polen på 1980-talet er døme på strategisk ikkjevald. Det same er Alta-aksjonen i 1979 og Occupy-rørsla verda over i 2010. Dessutan er norske lærarar under andre verdskrigen eit spanande døme på ikkjevaldeleg motstand under svært krevjande tilhøve.

Knippet ovanfor viser kor mangfaldig ikkjevaldeleg motstand kan vere. Likevel er dynamikken og logikken i ulike typar ikkjevaldeleg motstand ofte lik, anten det dreier seg om å kjempe for utvida borgarrettar, for sjølvstende eller mot vasskraftutbygging.

Kva er ikkjevaldeleg motstand?

Ikkjevaldeleg motstand bruker ikkjevaldelege middel for pragmatisk å oppnå eit politisk mål. Mange ikkjevaldelege motstandsrørsler kjempar for ein revolusjon og mot eit autoritært regime og ein autoritær leiar. Vanlege metodar er demonstrasjonar, protestar og boikottar. Andre metodar er å ikkje betale skatt, ikkje gå på jobb, å arrangere sitjeblokadar eller lage alternative parlament. Til saman har Gene Sharp, ein pioner innanfor forsking på ikkjevaldeleg motstand, identifisert 198 ulike metodar.[3] Metodane har til felles at mange er lovstridige, men at ingen er valdelege eller trugar med vald.

Logikken bak ikkjevaldeleg motstand er at sjølv dei sterkaste diktatorane er avhengige av støtte frå folket. Sjølv om vanlege folk ikkje har stor politisk innflytelse, er det vanlege folk som held samfunnet oppe gjennom kjøp og handel, produksjon og transport, og så vidare. Sjølv i samfunn der folk ikkje betalar skatt, er altså leiaren avhengig av folket. Og om folk ikkje samarbeider, vil systemet etter kvart kollapse. Målet til ikkjevaldelege motstandsgrupper er å legge såpass press på autoritære leiarar – både økonomisk, politisk og internasjonalt – at grunnen under dei blir utgraven.

Felles for dei aller fleste ikkjevaldelege motstandsrørslene er at dei bruker ikkjevaldelege middel av pragmatiske og ikkje av religiøse eller ideologiske grunnar. Mange viktige førebilete, til dømes Gandhi og King i tillegg til Nelson Mandela, drog nytte av ikkjevald nettopp av pragmatiske grunnar. Som Mandela skreiv i boka Long Walk to Freedom: «For meg var ikkje ikkjevald eit moralsk prinsipp, men ein strategi: det er inga moralsk godheit i å bruke eit ineffektivt våpen.»[4]

Kvifor ikkjevald fungerer

Ikkjevald er altså eit meir effektivt middel for den som vil nå måla sine, enn vald. Det er òg hovudbodskapen til forskarane Erica Chenoweth og Maria Stephan.[5] Konklusjonen deira er basert på ein studie av 323 valdelege og ikkjevaldelege motstandskampanjar, der statistiske regresjonar og ein del eksempelstudiar utgjer sjølve analysearbeidet. Iblant fører vald fram, og av og til er ikkjevald mislukka, men relativt sett har ikkjevald fleire føremonar. Andre forskarar peikar spesifikt på at bruk av ikkjevald i staden for vald aukar sjansen for at eit autoritært regime vert gjort om til eit demokrati. Dessutan er det større sjanse for at landet forblir demokratisk og fredeleg over tid.[6] I tillegg til at me er sikrare på at ikkjevald er meir effektivt, veit me i dag også meir om kvifor ikkjevaldeleg motstand fungerer så bra som vi meiner han gjer.

Det som gjer ikkjevaldelege kampanjar meir effektive enn valdelege, er at ikkjevald mobiliserer fleire folk. Og ved at fleire menneske deltek, aukar også legitimiteten til motstandsgruppa. Dette gjer motstanden meir synleg både i eige land og utanlands. Dessutan finst det få hindringar for at mange kan ta del: Til dømes treng ein ikkje vere sprek eller sterk for å delta i ei ikkjevaldeleg gruppe. Som ikkjevaldeleg opprørar treng ein generelt sett ikkje ta så mange forholdsreglar som valdelege opprørarar må ta når ein spreier informasjon. I tillegg vil mange av moralske grunnar ikkje ta del i grupper som bruker vald; det er eit stort sprang frå å halde opp ein plakat eller ta del i ein boikott til fysisk å skade nokon.

Ein annan føremon for ikkjevaldelege grupper er at dei er meir mangfaldige. Valdelege grupper består ofte av relativt unge menn med ein sterk felles identitet, til dømes geografisk tilhøyr, etnisitet, religion. Ei mindre einsarta og meir mangfaldig gruppe menneske har derimot fleire strenger å spele på. Det er også ein føremon at mangfald aukar sjansane for felles identitetstrekk mellom ikkjevaldsgruppa på den eine sida og opprørs- og tryggleikspolitiet på den andre, noko som kan gjere undertrykking frå desse mindre sannsynleg.

Då nonner, gravide og eldre knelte framføre tanks under opprøra på Filippinane i 1986, makta ikkje dei tjueårige soldatane i tanksane å skyte ned sårbare einskildmenneske. Ville dei ha skote om det var menn med gevær som konfronterte dei? Ei avgjerande forklaring på kvifor ikkjevald oftare fører til suksess og medfører færre blodige oppgjer, er at sjølv omsynslause regime er meir tilbøyelege til å bruke vald mot menn med våpen enn mot forsvarslause menn, kvinner, barn og eldre.

I mange tilfelle får også reaksjonar frå det internasjonale samfunnet betydning for utviklinga vidare. Om ein viktig alliert legg stor vekt på demokratiske rettar og på fridom til å uttrykke seg, vil diktatorar nødig gjere dei ille til mote ved å slå ned på forsvarslause demonstrantar. Ritter[7] meiner Iran i 1979 og Tunisia og Egypt i 2011 er eksempel på dette. Represaliar frå det internasjonale samfunnet kan til dømes kome i form av handelsblokadar, sanksjonar, og i ytste konsekvens: militær involvering.

Tunisia og Syria

Fem år etter Sjasmin-revolusjonen og Den arabiske våren er utfalla mangfaldige. I Egypt måtte stor optimisme etter den ikkjevaldelege revolusjonen i 2011 vike for mange år med uvisse og ustabile tilhøve. I andre land har protestar etter kvart stilna. I Bahrain, for eksempel, nådde ikkje storstilte ikkjevaldelege protestar mot kongefamilien i 2011 og 2012 fram, men fortset framleis under overflata. Om vi ser på utfalla av opprøra i den arabiske våren i eit spektrum, ligg Tunisia og Syria på kvar sine ytterpunkt.

Korleis kan kunnskap om ikkjevaldeleg motstand forklare oss litt meir om Syria sin triste lagnad, og Tunisia sine relativt lyse framtidsutsikter?

Sharon Nepstad meiner den viktigaste faktoren for om ei ikkjevaldeleg motstandsgruppe vinn eller forsvinn, er om tryggleikspolitiet og hæren er lojale mot diktatoren eller ikkje.[8] I Tunisia brukte hæren i byrjinga makt for å stilne protestane, men etter kvart nekta hærsjefen dei å fortsetje valdsbruken mot eigne borgarar. Utan fysisk styrke til å kunne slå ned opptøyane hadde opprørarane allereie svekt president Ben Ali sin maktposisjon drastisk. I hærsjefen si avgjersle om å nekte å undertrykke folket var det sentralt at hæren såg på seg sjølv som forsvarar – ikkje av regimet eller diktatoren, men av grunnlova.[9]

I Syria var det ikkje hæren som ei heil gruppe som nekta å slå ned demonstrasjonar, men ein fraksjon som ikkje lenger var lojal mot president Bashar al-Assad. Medan alawittarar, som hadde mykje makt, var lojale, var avhopparane fyrst og fremst frå den marginaliserte sunnimuslimske majoriteten. I staden for å utgjere ein hær som avstod frå undertrykking, bidrog avhopparane til å etablere den frie syriske hæren – Free Syrian Arm – som kjempa mot regimet. I Syria vart opprøret dimed ein gjensidig valdeleg konflikt. Dette har sannsynlegvis verka mot si hensikt, for ved gjensidig valdsbruk er det mykje vanskelegare for motstandsgruppa å vinne fram, og generelt fører det til større naud.

Ein annan viktig suksessfaktor er korleis motstandsgruppa responderer på undertrykkinga når ho oppstår. I Tunisia vart undertrykking møtt med meir ikkjevaldeleg motstand frå tunisiarar flest; fleire menneske fylte gatene kvar dag. Kanskje var mangfaldet av opprørarar viktig – dei representerte ulike sosioøkonomiske sjikt i samfunnet, og hadde ulike yrke, kjønn og alder. Etter kvart vart demonstrasjonane for sterke for Ben Ali og regimet hans. I ikkjevalds-litteraturen vert dette kalla politisk jiu-jitsu, der ein bruker motstandaren sitt beste våpen, makt og undertrykking, til sin føremon. Ved å ikkje gjengjelde maktbruk sette tunisiske demonstrantar regimet i eit dårleg lys, noko som auka intern mobilisering og skapte sympati hjå det internasjonale samfunnet.

Også i Syria vart motstandsgruppa undertrykt, men i staden for å auke og styrke den ikkjevaldelege motstanden var mange etter kvart uviljuge til å fortsetje, medan andre tok til våpen: den ikkjevaldelege strategien rakna. Medan undertrykkinga i Tunisia var nok til å hisse opp folk til å ta til gatene, var undertrykkinga i Syria av det sterkare slaget. Dette er relatert til korleis myndigheitene vel å respondere på slike opptøyar, men seier også mykje om kva slags regime motstandsgruppene kjempar mot. Chenoweth og Stephan[10] meiner at tiår under ein brutal politistat hadde gjort syrarane mistenksame mot naboane sine – ein var ikkje lenger trygg på kven som kunne tipse myndigheitene om upassande oppførsel. Dette hindra djuptgåande samarbeid internt i den syriske befolkninga, eit samarbeid som ville ha vore naudsynt for å kunne lukkast mot det strenge regimet.

Internasjonal støtte er også avgjerande. Tette relasjonar til statar som fordømmer undertrykking av ikkjevaldelege opprørarar, aukar sjansane for suksess.[11] Spreiing av videoar av undertrykking gjorde sitt til at Ben Ali etter kvart mista støtta frå viktige land. Sjølv om Frankrike i byrjinga støtta Ben Ali, bidrog internasjonal støtte til revolusjonen i Tunisia.

Nære allierte av Syria, som Russland og Iran, står ved al-Assad si side trass undertrykkinga. Saman med Kina la Russland dessutan ned veto i FN sitt tryggleiksråd mot harde sanksjonar mot presidenten. Russland og Vladimir Putin trappa endåtil opp støtta mot slutten av 2015 då han, etter al-Assad sitt ynske, byrja å bombe mål i Syria til fordel for myndigheitene. I tillegg bidrog også andre land som Saudi-Arabia og Qatar til å auke militariseringa av konflikten ved å støtte dei væpna sunnimuslimske opprørarane etter at den frie syriske hæren vart danna.[12] I seinare tid har fleire land, inkludert USA, Frankrike og Storbritannia, gjeve militær støtte til aktørar i borgarkrigen. Med andre ord: Det internasjonale samfunnet var og er delt, og undergrev den ikkjevaldelege kampen gjennom å støtte valdelege grupper og myndigheitene, og ikkje dei ikkjevaldelege opprørarane. 

Store samfunnsendringar tek tid. Om tryggleikspolitiet og hæren blir verande lojale mot det sitjande regimet eller ikkje, om undertrykkinga aukar mobiliseringa, eller om det internasjonale samfunnet spelar på lag med opprørarane eller ikkje, har i dei fleste tilfelle historiske forklaringar. For eksempel var det i 2010 store skilnadar på det tunisiske og det syriske samfunnet. I Tunisia hadde ein eit regime som til ein viss grad var ope for endring, der arbeidarrørsla og andre motstandsgrupper hadde noko å seie i tiåra før. I Syria hadde ein budd i ein politistat i mange tiår, med ein svært autoritær og mektig leiar.

Difor må me sjå ikkjevaldeleg motstand i eit lengre perspektiv. Ikkjevaldeleg motstand kan ikkje drive kvart eit diktatur over til demokrati, men kan setje fortgang i ei positiv utvikling. Dette skjedde i Tunisia, der opprøra gav allereie eksisterande krefter i samfunnet nok momentum til å kvitte seg med ein autoritær leiar og skyve prosessen for eit fritt og inkluderande samfunn framover. Kan hende kan ikkjevaldelege opprør også vere eit springbrett som over lengre tid vil føre til liknande endringar til dømes i Egypt.

Kvifor ikkjevald?

Å forstå korleis ein diktator kan drivast vekk utan bruk av våpen er både motiverande og viktig. Det er motiverande fordi det gjev oss eit alternativ til å kjempe med vald mot vald: Ikkjevald er meir effektivt, og set ikkje menneskeliv i fare på same måten som valdeleg motstand gjer det. Det at fleire må vite om ikkjevaldeleg motstand, er faktisk eit viktig agendapunkt i ikkjevalds-litteraturen. Mange akademikarar, inkludert pioneren Gene Sharp, er også aktivistar som ynskjer å spreie bodskapen om korleis ein meir effektivt kan felle diktatur. Om ein er klar over korleis strategisk ikkjevald kan velte diktatur, står ein også betre rusta til å gjere nettopp det.[13]

Mot slutten av januar 2016, berre veker etter at denne artikkelen var ferdig, braut det ut nye protestar i Tunisia. Opprøra varte nokre dagar og handla fyrst og fremst om arbeidsløyse, og inkluderte nokre valdelege episodar. Ein overgang frå eit autoritært til eit friare og meir demokratisk styresett tek tid, og mange hindringar står i vegen. Trass i utfordringar som arbeidsløyse og terroråtak skal Tunisia ha gode sjansar for å klare overgangen.

Notar: 

[1] nobelpeaceprize.org

[2] Galtung, Johan (2013). The Master of Masters: Mohandas Gandhi. Kapittel i Johan Galtung og Dietrich Fischer (2013), Johan Galtung. Pioneer in Peace Research. Heidelberg: Springer Briefs on Pioneers in Science and Practice. Sitat s. 87.

[3] Sharp, Gene (1973). The Politics of Nonviolent Action. Boston: Porter Sargent.

[4] Mandela, Nelson (1994). Long Walk to Freedom. New York: Back Bay Books. Sitat s. 158.

[5] Chenoweth, Erica, og Stephan, Maria J. (2011). Why Civil Resistance Works: The Strategic Logical of Nonviolent Conflict. New York: Columbia University Press.

[6] Celestino, Mauricio R., og Gleditsch, Kristian Skrede (2013). Fresh carnations or all thorn, no rose? Nonviolent campaigns and transitions in autocracies”. I Journal of Peace Research 50, 3: 385–400.

[7] Ritter, Daniel (2014). The Iron Cage of Liberalism: International Politics and Unarmed Revolutions in the Middle East and North Africa. Oxford: Oxford University Press.

[8] Sjå for eksempel Nepstad, Sharon E. (2011). Nonviolent Revolutions: Civil Resistance in the Late 20th Century. Oxford: Oxford University Press.

[9] Sjå også Nepstad, Sharon E. (2013). Mutiny and Nonviolence in the Arab Spring: Exploring Military Defections and Loyalty in Egypt, Bahrain and Syria. I Journal of Peace Research 50, 3: 337–350.

[10] Sjå ein artikkel spesielt om den arabiske våren: Chenoweth, Erica, og Stephan, Maria J. (2014). Drop Your Weapons: When and Why Civil Resistance Works. I Foreign Affairs, July-August 2014 issue.

[11] Ritter (2014). The Iron Cage of Liberalism.

[12] Davies, Thomas R. (2014). The Failure of Strategic Nonviolent Action in Bahrain, Egypt, Libya and Syria: ‘Political ju-jitsu’ in Reverse. I Global Change, Peace and Security 26, 3: 299–313.

[13] Sjå dokumentarfilmen «How to start a revolution» frå 2011 om Gene Sharp og arbeidet hans.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar