Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Diskriminologen

Av Mette Karlsvik

Det handlar ikkje berre om kampen for å bli sett. Berit Vegheim kjempar om grunnleggande menneskerettar og rettstryggleik for den største minoritetsgruppa i verda, dei funksjonshemma.

Mette Karlsvik (f. 1978) er forfattar frå Skrivekunstakademiet og journalist frå Universitetet i Bergen. Ho har skrive fleire bøker: Varmá (2016), Den beste hausten er enno monsun (2014) og Bli Björk (2012). Mørkerom kjem hausten 2017. Trygve Indrelid(f. 1952) har lang fartstid i pressa, mellom anna frå Aftenposten, der han var tilsett i nesten 30 år. Han er i dag frilansfotograf i Oslo.  

Eg ser henne med ein gong. Hatten, ved baren, akkurat som på bilda eg har sett i aviser og på nett og har pugga. For eg trur ikkje at ho ser, at eg må sjå henne. Men Berit Vegheim ser andletet mitt, den raude kåpa, har godt nok syn på det eine auget til å sjå heile rommet frå vegg til annan her inne på Royal Gastropub, Østbanehallen i Oslo. Her trivst ho, og her har ho ete mange gongar. Helst burgaren med chili og jalapeños. Men ikkje i dag.

 – Eg har ei naseutfordring, seier ho. Naseutfordring? Var det ikkje synshemming ho hadde? Vegheim forklarar: Ho blei forkjølt på sommarferieturen. Hadde begynt i Manchester, reist med tog og damptog via York, til Newcastle, Edinburgh og så Glasgow, der ho blei forkjølt. Den siste stoppen fekk ho ikkje sett så mykje av, med andre ord.

 – Flaks at eg har sett Glasgow før.

Vegheim ser. Er synshemma, ikkje blind. Ho gjekk til Østbanehallen som alle andre og møter blikket mitt med auget som ser best. Men ho kallar seg funksjonshemma, og kjem ikkje til å kjenne meg att om vi går forbi kvarandre i Oslo i morgon. Dette er blant konsekvensane av funksjonsnedsettinga som har gjort henne politisk aktiv på vegner av funksjonshemma. «Dei funksjonshemma si Kim Friele», har nokon sagt. Der forfattaren og aktivisten Friele har jobba direkte for homofile sine rettar, har Vegheims omdreiingspunkt vore likestilling generelt og funksjonshemma og kvinner spesielt.

Ho er leiar i foreininga Stopp Diskrimineringen, og ho var med på å opprette Menneskerettsalliansen, ein uavhengig allianse som jobbar for fulle menneskerettar for alle, og som blei avgjerande for vedtaket om ny likestillingslov (2017). Ho har fått Stolthetsprisen (2016) som kvart år går til nokon som gjer ein særleg innsats for likestilling for funksjonshemma. Grunnen: at ho «har sett hatkriminalitet mot funksjonshemma på dagsordenen og medverka til lova som sikrar funksjonshemma eit diskrimineringsvern». Vegheim nektar sjølvsagt for samanlikninga med Kim Friele.

– Friele var pioner for ei gruppe som var kriminalisert, og eit stort førebilde med motet sitt og uthaldenheita. Funksjonshemma har hatt andre pionerar. Eg er ikkje ei av dei, og det gir ikkje meining med slike samanlikningar.

Blant Vegheims fanesaker er anti-diskrimineringslovgiving, haldningsdiskriminering, medieframstillinga av funksjonshemma, umyndiggjering, tvangsbruk. Det er ikkje Vegheim og organisasjonane si skuld at det stadig er aktuelt stoff, meiner ho. 

– Vi må heile tida kjempe for det heilt basale. Og om vi får ein rett gjennom, så må vi heile tida kjempe for å sikre retten. 

Og det var betre før.

ALLE MED?

Vegheim blir fødd i Bø i Telemark med synshemming. Foreldra veit ikkje kvifor ho ser så dårleg, gjer inga stor sak ut av det overfor dottera, og «rotar ikkje rundt for å finne ut av det». Det blir berre klart at det ikkje er sjukdom, men eit såkalla «lyte». Ein fait accompli, og ferdig med det. Å begynne på skulen er ei positiv erfaring. Staten har eit program for å tømme spesialskulane på denne tida. Vegheim går difor dels på heimeskulen og dels i spesialskule.

– Funksjonshemma har alltid vore meir utsette for mobbing. Det fanst fordommar då også. Men som det ser ut for meg, er det ikkje betre no. Eg blir skremt når eg i dag ser så mykje diskriminering. Eg var heldig som vaks opp på sekstitalet: Det var politisk vilje, den gongen, det blei brukt ressursar for å sikre at «alle er med».

På den tida var det ikkje automatikk i at alle funksjonshemma studerte på universitetet på lik line med alle andre. «Synshemma studerer ikkje.» Det har Vegheim høyrt. Dét, og at det knapt hadde vore ein synshemma innom universitetet.

– Nokre hadde det vore. Det var folk som var villige til å legge til rette for eiga undervisning.

Men så opprettar Universitetet i Oslo (UiO) eit råd for funksjonshemma. Dei prøver å opne bygga. Men omsynet til arkitekturen kolliderer her og der med dei gode hensiktene. I Oslo sentrum er fleire av universitetsbygga freda. Tunge dører er døme på tilhøve som gjer det særleg utfordrande for funksjonshemma studentar å gå på UiO. Ikkje noko av dette er utfordrande for Vegheim, og med godt mot blir ho immatrikulert på Blindern i 1978. Det er ingen krav til førelesarane på denne tida om å levere ut materiell. Samtidig nektar nokre av førelesarane studentar å ta opp føredrag på teip – også ein synshemma student som treng opptaket for å lære.

– Eg hadde min eigen metode for å notere. Ei form for stenografi.

Utfordringar for funksjonshemma gjer Vegheim til politikar. Ho er med på å etablere eit eige studentforum for å påverke til det betre for dei synshemma. At studia skal bli tilrettelagde. Og det er det vi er her for å snakke om. Vi skal ta det grundig. Så vi må få bestilt noko mat. Det er jo Østbanehallen, fellesferie og ein del gjestar i restauranten. Vegheim skal altså ikkje ha sin vanlege rett. Eg les menyen høgt for henne. Klassisk bar-meny. Fish and chips? Nei, Vegheim har jo vore veker i kystbyar oppetter Nord-England. Har mellom anna vore i Whitby, som skryter på seg å ha den beste fish’an i verda.

Servitøren fortel at kjøtet er steikt rare-to-medium. Men eg er gravid og forklarar at eg må ha mitt godt steikt. Medium, minst. «Her på huset serverer vi ikkje kjøt som er betre steikt enn medium. Då blir det tørt og utan smak.» Eg forklarar at sikkerheita til fosteret kjem framfor optimal smaksoppleving, og at eg skal ha kjøtet godt steikt. Men når maten kjem på bordet, er kjøtet likevel rennande blodig og raudt. 

– Jøss, seier Vegheim, overraska. 

Eg fortel Vegheim om ei anna overraskande oppleving som eg har hatt som gravid. Fordi eg har relativt høg alder, blei eg send til rettleiing for fosterdiagnostikk. Rettleiaren informerte om kva rettar eg hadde med tanke på fosterprøvar og utgreiing av enkelte kromosomfeil. Men like mykje tid opplevde eg at rettleiaren brukte på å fortelje om alt som opna seg for meg om eg tok turen til København eller Stockholm og tok blodprøven som gjer det mogleg å analysere fosterets DNA og avdekkje både genetiske sjukdommar og kromosomfeil. «De kan jo ta det som ei triveleg langhelg», sa ho til mannen min og meg.

Var råda betalte av desse privatklinikkane for å selje prøven til meg? Det var som om ho hadde eit program for at eg skulle sjekke mest mogleg. Etterpå skreiv eg under på at eg hadde motteke informasjon om kva moglegheiter eg hadde. Det var ingen felt for å legge til at informasjonen verka subjektiv. Og kvifor var det så viktig å få underskrifta mi på dette? For at staten ikkje er ansvarleg om eg seinare får eit funksjonshemma og meir pleietrengande, kanskje «dyrt» barn? At staten hadde «åtvara», og om eg skulle få ei belastning seinare, så var det mitt ansvar? 

– Eg veit at andre har erfart det same som du.

Vegheim var nemleg med på «Bredt initiativ 2012», ein nettbasert skriftaksjon som dreiv sida neitilsortering.no. Der skriv Vegheim sjølv og mellom andre anestesilegen Siri Fuglem Berg, som på medisinstudiet blei presentert for fordelane med fosterdiagnostikk og moglegheit for selektiv abort. Ho erfarte det ho kallar «mildt press» for å ta fosterprøve i det fjerde svangerskapet sitt. Då prøven så påviser trisomi 18, ein kromosomfeil som ikkje er «foreinleg med liv», blir det tatt som ei sjølvfølge at Berg tar abort. Men Berg vel ikkje abort. Ho mister barnet etter at det har levd nokre dagar. Men ho har hatt nokre dagar med barnet sitt. Det er ho glad for.

Då eg les vidare på nettsida, slår det meg at eg aldri opplevde noko press for at eg skulle ta blodprøve og ultralyd for å sjå etter Downs syndrom. Eg oppfatta ikkje dette som eit val, men som standard prosedyre.

SORTERINGSSAMFUNNET

Tidleg i 2017 skreiv stipendiat i filosofi ved UiO, Aksel Braanen Sterri, eit avisinnlegg som argumenterte for sortering av foster med Downs syndrom. Dette utløyste den største bioteknologidebatten som har vore her i landet dei siste åra. Vegheim og Stopp Diskrimineringen har sjølvsagt engasjert seg stort i saka, som går rett i kjernen av kva ho og organisasjonen jobbar med: sorteringssamfunnet, rasebiologi, biologisk reinsking, bioteknologidebattar, med meir. Men nokre av poenga har dessverre blitt sorterte vekk, fortel Vegheim, fordi Stopp Diskrimineringen måtte ta metadebattar heller enn å behandle sjølve temaet.

– NRK lar Sterri og hans meiningsfellar få presentere syna sine utan motstemmer frå oss som bodskapen rammar. Dagsnytt Atten nøgde seg med eit intervju med Sterri. Stopp Diskrimineringen har vore i kontakt med alle redaksjonane, men får ikkje kome til orde. Eg veit at det ikkje handlar om kvaliteten på innlegga mine. Eg veit at dei er gode nok. For eg har alltid kome til orde i andre debattar, i andre tema. Men ikkje gjennom Stopp Diskrimineringen. Vi har skrive innlegg og publisert på Facebook-sida vår, det var difor eg ville at du skulle lese Facebook-sida vår før vi møttest. Der kritiserer vi NRK for ikkje å sleppe til motstemmer i det som er ein av dei heftigaste bioteknologidebattane i nyare tid. Det hadde ikkje skjedd i ein annan debatt. Om det handla om mannssjåvinisme eller homofili, så ville desse sloppe til med ein gong. Det er mange som har skrive andre motinnlegg. Forskarar, filosofar og andre har vore på trykk i Aftenposten, Morgenbladet, på Minervas nettstader og meir. Problemet er ikkje fråvær av motsvar, men at NRK ikkje inviterer funksjonshemma til debatt. NRK har tusen diskrimineringsdebattar gjennom året: feminismedebattar, flyktningdebattar, rasismedebattar, i både Dagsnytt Atten, Norgesglasset og Ekko, men ingen der funksjonshemma er med. Vi skuldar statskanalen for ikkje å oppfylle rolla si som ein allmennkringkastar som skal representere alle grupper av samfunnet. Det er ikkje spesielt for NRK. Det skjer heile tida, overalt. Men denne debatten skil seg ut fordi han er enorm.

– Kvifor kjem så ikkje funksjonshemma til orde?

– Det kjem av at funksjonshemma har marginal status. Det er ikkje interessant for journalistane. Og dei definerer det då som ikkje interessant for folk flest. Det er på botnen eit spørsmål om definisjonsmakt. Media har ikkje all makt, men mykje makt.

– Når Sterri og dei som deler hans menneskesyn, omtalar funksjonshemma som «ikkje gevinst for samfunnet» – definerer ein då menneskeverd ut ifrå produksjon og effektivitet i samfunnet? Botnar det heile i ei redsle for å senke effektiviteten og produksjonen i samfunnet? 

– Det kan det ikkje vere. Det er ein brest i Sterri og Moens (Ole Martin Moen er professor ved UiO, journ. merkn.) logikk når dei seier at funksjonshemma ikkje er i samfunnets interesse, men at homofile er ein gevinst. Kva er det objektive grunnlaget i påstanden om at homofile er ein gevinst for eit samfunn? Det logiske er jo at samfunnet vil sikre reproduksjon. Elles går det under.

– Så Sterri og Moen meiner at det er forskjell på dei som er «annleis». Forskjell på folks verdi, rett og slett.

– Ja, dette er tankar som har vore haldne i hevd av moralfilosofiens guru, Peter Singer. Tankane hans gir gjenklang i rasehygienen. Men det viktigaste er at han ikkje meiner at det er gale å ta liv. Det går inn i ei rørsle av slike haldningar i samtida. Singer meiner at hjernedøde kvinner bør bere fram barn for at andre kvinner skal sleppe kroppspåkjenning, og Moen meiner at samfunnet skal betale kvinner for å la seg befrukte av særleg intelligente menn. Problemet i Noreg er at vi ikkje har institusjonar som held medvitet om rasehygienen levande. Difor får slike tankar lov til å blomstre opp igjen utan å bli gjenkjende. Vi har Holocaust-senteret i Oslo som held historia om nazismen og jødeutryddinga i medvita våre. Men nazismen var berre ei avsporing. Det som kom først, var rasehygienen. Hitler plukka opp desse ideane og bygde nazismen på det. Han sette det i system. Om ein ikkje har ein aktiv refleksjon om rasehygienens problem, kan ein stat setje det i system igjen.

– Er det då særleg farleg at nettopp NRK, som du seier, ikkje ynskjer motstemmer til Sterri og dei som stør sorteringssamfunnet?

– Ja, statskanalen sviktar oppgåva si når han ikkje legg til rette for ein mangfaldig debatt der mange stemmer blir høyrde.

– Du nemner sjølv andre grupper som har vore diskriminerte. Homofile, til dømes. Kan du seie noko om korleis funksjonshemma har kjent seg i møte med andre som har arbeidd mot diskriminering eller for likestilling? 

– Funksjonshemma blir rangerte lågare, ikkje berre av folk flest i samfunnet, men òg av andre diskriminerte. Om diskriminerte sjølve ikkje hadde diskriminert, ville ein ikkje hatt diskriminering. Det rår eit hierarki også blant dei diskriminerte. Funksjonshemma blir sjeldan inviterte til samarbeid med andre diskriminerte grupper. Vi blir sett på som det ultimate avviket.

– Har til dømes homofile nok med å kjempe for andre homofile?

– Alle utsette grupper har meir eller mindre nok med å kjempe for seg sjølv. Difor oppretta vi også Menneskerettsalliansen i 2004. Ved å samle alle til kamp for rettsleg vern mot diskriminering synte vi at det finst ein fellesnemnar i alt som samlar oss. Men samarbeidet har ikkje ført til det fellesskapet som vi håpa på. Vi i Stopp Diskrimineringen synest funksjonshemma blir ekskluderte frå mange samarbeid: Kvar veke må eg minne andre om at vi finst. I akademia, i media, i politikken eller i sivilsamfunnet. Standardsvaret er at funksjonshemma blir utelatne frå samtalen om likestilling, diskriminering, mangfald og hatkriminalitet fordi «denne gongen handlar det om x, y og z». Og så lovar dei at neste gong skal vi høyre frå dei.

FUNKSJONSHEMMA OG FORDOMMAR 

– Også mellom funksjonshemma finst det fordommar. Korleis har funksjonshemma kjent seg i møte med andre funksjonshemma og med det funksjonsfriske storsamfunnet? 

– Funksjonshemma er ein mangfaldig kategori, og det einaste vi har til felles, er erfaringa av å bli diskriminert. Korleis diskrimineringa gir seg utslag, og kor omfattande ho er, er avhengig av kva type funksjonsnedsetting ein har. Mange opplever mobbing, trakassering og endåtil hatkriminalitet frå storsamfunnet fordi majoriteten ser på dei som rare, komiske eller fråstøytande. Fordommar fører òg til at mange ikkje får fullverdig skulegang, tilgang til studia dei ønskjer, eller jobb. Dei blir nekta inngang til utestader og får dårlegare sørvis og tenester. Sjølv i det offentlege. Nokre grupper blir hemma av fysiske barrierar, og fysiske barrierar kjem av fordommar i majoritetsbefolkninga.

– Ei kjensle av utanforskap?

– Etniske, religiøse, seksuelle og andre minoritetar, har, saman med kvinner, ei utfordring i å frigjere seg frå den biologiske årsaksforklaringa for utanforskapet. Men funksjonshemma har ei endå større utfordring enn mange av dei andre gruppene: Ein gong blei kvinner og svarte sett på som mindre intelligente enn den kvite mannen. Kvinners biologi blei brukt til å «lenke oss heime». Homofile var sett på som sjuke. Minoritetslivssyn blei oppfatta som utslag av overtru og dumskap. Alt hadde ei naturvitskapeleg forklaring. Fordi ein kan identifisere funksjonsnedsettingar som noko kroppsleg, blir vi haldne fast i ein medisinsk forklaringsmodell. Å fri seg frå den krev endå større omveltingar i folks måte å tenkje på. Til og med funksjonshemma kan sjå seg i bilda til majoriteten utan å erkjenne at dei i røynda blir diskriminerte. Dei kan snakke om funksjonshemma og sjuke, som om det er eit likskapsteikn mellom dei.

Fram til sekstitalet forklarte ein det medisinsk kvifor funksjonshemma stod utanfor. Difor fekk ein også omgrepet «funksjonshemma», for å friskmelde oss frå forklaringsmodellen. Den nye forklaringa blei sosial. Men ordet «funksjonsfrisk» dukka opp seinare og blir i dag brukt meir enn nokon gong. Det stigmatiserer og er meiningslaust. For, når nokon er funksjonsfriske, kva vil det i så fall seie å vere «funksjonssjuk»?

Folk flest forstår funksjonshemma som svake, hjelpelause og ikkje-fungerande. Dei ser oss som eit avvik frå det naturlege – eit avvik som legitimerer segregering og eksklusjon. Folk flest må erkjenne at vi er ein del av det naturlege og ønskte mangfaldet som ein ønskjer på alle andre samfunnsarenaer. Men i Noreg er mangfald nærmast synonymt med etnisk mangfald.

– Gruppene som har arbeidd med diskriminering, søkte saman i Menneskerettsalliansen, og dei har arbeidd saman for ny likestillingslov. No er lova på plass, men er framleis ikkje fullgod, blir det sagt. Kva står att for å få ei fullgod lov?

– Den nye likestillingslova er eit stort steg i riktig retning når det gjeld å erkjenne at det skjer diskriminering på tvers av alle lag i samfunnet, og at alle har krav på rettsleg vern. Lova dekkjer også dei som blir diskriminerte på fleire grunnlag. Men det står att ein del før diskrimineringsvernet for funksjonshemma er fullt og heilt på plass. I 2008 lova dei politiske partia forskrifter for universell utforming av eksisterande publikumsbygg, også skular, men forskriftene har ikkje kome enno, og utan forskriftfesta tidsfristar oppnår ein lite ved eventuelle klagar på manglande universell utforming av bygg. Politikarar støttar tilsynelatande dei funksjonshemma, men Noreg bryt også grunnleggande menneskerettar. 

– Korleis bryt ein menneskerettar?

– FNs konvensjon om funksjonshemma sine rettar forbyr umyndiggjering eller bruk av tvang og makt på grunn av funksjonsnedsetting. Noreg bruker tvang i psykiatrien og overfor utviklingshemma. Dei erkjenner ikkje at funksjonshemma er meir utsette for hatkriminalitet og valdtekt enn andre. Desse sakene blir registrerte på ein måte som tilslører at det skjer. At det blir brukt eigne føresegner i straffelova, trugar rettssikkerheita vår.

– Forklar nærmare.

– I føresegnene om valdtekt under kapittel om seksuallovbrot finst visse særreglar – til dømes paragraf 295, punkt b. Her heiter det at «å utnytte noens psykiske lidelse eller psykiske utviklingshemming dersom forholdet ikke rammes av § 291» fell utanfor føresegnene om valdtekt. Og under føresegnene om hatkriminalitet blir vald mot funksjonshemma menneske ofte dømt som brot på paragraf 274, punkt b – vald mot forsvarslause personar – og ikkje som hatkriminalitet.

Vi må erkjenne at funksjonshemma også er målgruppe for hatkriminalitet – på line med andre utsette grupper.

– Skjønner ikkje Noreg det som FN har skjønt?

– FN erkjente først i 1993 at funksjonshemma er den største minoriteten i verda. Vi har vore utsette for ymse former for diskriminering og hat gjennom historia, og vore forsøkt utrydda. Samtidig er funksjonshemma den gruppa som har hatt minst framskritt i kampen for å bli erkjent både som diskriminert, men òg som vanlege folk på line med alle andre. For det er først når vi blir sett på som vanlege folk, at vi vil bli behandla som folk flest.

Ei utfordring er at bioteknologidebatten sporar av til metadebattar. Vegheim kommenterer til dømes i ein artikkel på Forskning.no, etter at statssekretær i FrP, Bjørnar Laabak, stemplar Sterri som nazisympatisør. Han skreiv at «Universitetet i Oslo tilbyr stipend til T4-sympatisør» og sette såleis likskapsteikn mellom Sterri sitt sorteringssamfunn og T4-programmet under den andre verdskrigen, eit program som arbeidde målretta for massedrap på mentalt sjuke og fysisk handikappa. Vegheim svara: «Sterri vurderer kva som er verdig liv utifrå eigne fordomar. Det er nifst. Folk som avviser betydninga av naturleg menneskeleg variasjon, er ein trugsel for samfunnet. Ikkje dei funksjonshemma.»

OM Å BLI TEKEN PÅ ALVOR

Kva er eit fullverdig liv? Kven er ei belastning, og kven berikar samfunnet? Eg famlar meg fram med spørsmåla. Strever litt og kjem i hug Vegheims forskingsrapport etter studiar av kvinnelege innsette på Bredtveit fengsel. Vi sit i luftige Østbanehallen, under eit høgt tak. «Stemninga i ein intervjusituasjon, som i ein kvar annan mellommenneskeleg situasjon, er avgjerande for utbyttet av interaksjonen», skreiv Vegheim i rapporten. Men eg rotar meg inn i eit hjørne med teoriar frå ei anna bok: Harald Hofstads Vår forakt for svakhet, som eg trur treffer fordi han skreiv om rasehygienens rolle under framveksten av nazismen. Om dette ulne omgrepet «svakheit» som har vore brukt om til dømes sjuke eller funksjonshemma, og kva det eigentleg betyr å ha verdi i samfunnet.

Men stemninga endrar seg når eg prøver meg fram med Hofstad. Eg er redd ho trur at eg meiner at handikap er ei svakheit. At ho ikkje skjønner at eg ønskjer å tematisere fordommane som har vore, gjennom tidene. 

– Kva er desse fordommane som du snakkar om at folk flest har?

– At vi er sjuke, dumme, at vi medfører plunder og heft, og at utfordringane vi møter, er kroppslege og ikkje kjem av diskriminering frå samfunnet.

Eg fell ut av praten. I hovudet mitt surrar tankar om det intense blikket frå dei andre. Frå dei utan funksjonsnedsettingar.

Frå høgtalarane: Led Zeppelin og langstrekte Telegraph Road. Det er i Vegheims stemmeleie. Ho snakkar høgare og fortare no, med større temperatur, som om vi sat i Dagsnytt Atten-studioet på direkten. Stemningsendringa står liksom ikkje i stil med situasjonen. Kva gjorde eg for å provosere? Eller har det å gjere med opptakaren? At Vegheim kjenner det litt som «på direkten», og at det er eit større publikum attom oss? Eller er det slik ho er van med å måtte snakke for å bli høyrd eller tatt på alvor?

Når Vegheim kjem til UiO seint på åttitalet, er det til eit studium som konsentrerer seg om psyken meir enn kroppen. Ho vel psykologi – av vane. Vegheim oppdagar under psykologistudia at det avgjerande med å vere synshemma ikkje er kor langt ein ser i landskapet – men om ein kjenner att folk. Sjølv på det største faget på Blindern finn medstudentane saman, dannar gjengar og blir bestevenner. Samtidig slit Vegheim framleis med berre å kjenne att andlet. Ho blir ikkje sett. Fordi ho ikkje ser.

– Eg blei lei av å gå rundt på Blindern utan å bli kjent med nokon. Det tok fullstendig luven av meg.

– Kor lenge …

– … heldt eg ut? Eg hugsar ikkje. Eg hugsar ikkje kvifor eg valde psykologi heller.

Ein dag på Blindern sit Vegheim ute i det store pauserommet. Ho kjenner seg bortkomen. Ei venninne frå vidaregåande kjem bort og seier: «Eg har vore nede i sentrum, bak universitetshagen, og inni der er det eit gult lite hus der eg gjekk på eit informasjonsmøte. Du må ned og sjå.» Vegheim tar banen til sentrum og finn det vesle huset der kriminologi held til. Vegheim tenkjer: «Dette passar godt for meg. Dette blir mitt neste fag.»

Tilfeldigheiter og sosiale omsyn gjer altså at Vegheim tar hovudfag i kriminologi og flyttar inn på eit kontor i hagen mellom Tullinløkka og Nationaltheatret. I sideromma sit lærarar vis-à-vis andre hovudfags- og doktorgradsstudentar. Ulikt dei andre fakulteta er professorar og studentar som eitt her. Det gjeld òg fagleg. Lærarane tenkjer at alle på huset er eitt fagmiljø, og oppmodar studentar til å skrive om tema som dei veit er med på å utvikle vitskapen og faget. 

– Eg fekk vere med på å skape faget.

Professor og, som Vegheim seier: guru, Nils Christie er ein av lærarane som heng i gangane her. Også Joar Tranøy, Kjersti Ericsson, Per Ole Johansen. Dei er engasjerte, radikale figurar. Ikkje berre på universitetet, men i norsk allmente. «Kjendisar», kallar Vegheim dei. Instituttet skil seg i det heile tatt ut, der det ligg litt for seg sjølv, innanfor sine eigne fire veggar. Dei har eit lite loft som er meir som ei stove: eit lunt, lite opphaldsrom med sofaer, lenestol, øl, samkome. Blant det som skjer her, er at Christie inviterer Arnold Juklerød til å snakke for studentar og tilsette. Juklerød var etter det som skal ha vore misforståingar, tvangsinnlagd på Gaustad. Han blei gitt diagnosen «kverulant schizofren», ein diagnose som han alltid sette seg imot, men som han blei tvangsmedisinert mot. «Juklerød-saka» gjekk i hovudsak mellom Juklerød sjølv og Gaustad, men engasjerte folk som Tranøy, Christie og Thorvald Steen, som alle var på Juklerøds side mot psykiatrimakta.

– Eg fekk med meg denne saka heilt gratis. Juklerød kom til eit seminar som vi hadde oppe på loftet. Det var vitjing frå Galebevegelsen i Danmark. Juklerød fekk kjempesympati av oss. Det var folk på vårt institutt som tok tak i den norske psykiatrien. Temaet gjekk rett inn i det mange av oss jobba med. Det å definere menneske på den måten psykiatrien gjorde den gongen, blei ei stor sak på instituttet. Vi såg kor viktig det er å stille kritiske spørsmål til samfunnsinstitusjonane. Til psykiatrien, den såkalla rusomsorga, og rettsvesenet. Joar Tranøy var særleg engasjert. Og vi fekk verkeleg sjå at det fanst eit monopol på meiningar.

Nei, eg blei fort vaksen på kriminologi og mista uskylda. Alt eg trudde på, blei sett på hovudet. Ein er van med å tenkje at ting skjer på rett måte. At vi skal stole på rettsstaten, og så vidare. Men så ser vi korleis Noreg bryt menneskerettar. Eg ser det same skje gong på gong i det eg jobbar med no, med funksjonshemma sine rettar. Men no er eg meir førebudd. Den gongen hadde eg aldri trudd at det var slik.

SAMFUNN I ENDRING

Det er på universitetet at Vegheim engasjerer seg i «det ho jobbar med no», politisk aktivisme på vegner av funksjonshemma. Då ho blir leiar for interesseorganisasjonen for funksjonshemma studentar, har UiO 200–300 funksjonshemma. I det talet er astmatikarar, folk med hjartefeil og dysleksi medrekna. Vegheim koordinerer alle desse og blir også nestleiar i den nasjonale foreininga Synshemmede Studenters og Høyere utdannedes Forening.

– Ein tar tak i dei nære tinga. Men det låg jo elles i tida: politisk aktivitet. Det er vanskeleg å forklare korleis stemninga var på den tida. Det var eit samfunn i endring. Alltid var det marsjar og demonstrasjonar. Vi gjekk og gjekk i tog. Vassdrag og det eine og det andre. Ein berre stod på. Eg hadde gjennom ungdomstida mi tenkt at ting ville ordne seg av seg sjølv. At samfunnet i seg sjølv drog i riktig retning. Men så oppdagar ein jo at det ikkje fungerer slik.

I 1986 er Vegheim vitskapleg assistent og blir med i ei gruppe som prøver ut splitter nytt datautstyr i vitskapeleg samanheng. Det gjorde også noko med det politiske engasjementet hennar. Tilgjenge til datamaskiner blir ei viktig sak for interesseorganisasjonane ho jobbar for. Vegheim veit ikkje då kor visjonær ho er når ho til Aftenposten (1989) uttalar: «Ingen stiller spørsmål om datamaskinas meining for samfunnet som heilskap. Så kvifor gjere det når det gjeld funksjonshemma?»

– Folk begynte å få datamaskiner på slutten av åttitalet. Vi i Oslo var særleg heldige fordi UiO hadde intranett tidleg. Dei synshemma si foreining var av dei første til å få seg ei e-postliste som knytte oss saman over heile landet per e-post. Dette var lenge før andre begynte med e-post. Vi gjekk på nett veldig tidleg. Var veldig privilegerte.

– Sidan har datamaskin vore verktøyet ditt. Kva har det betydd for arbeidet?

– Alt. Var det ei tid før data? Eg prøver å rekonstruere korleis eg kunne jobbe og halde kontakten då. Men lukkast ikkje.

Vegheim bruker òg den nye teknologien til å bli ein habil skrivar. Det uforutsigbare systemet og det sårbare fellesskapet (1995) er ei to hundre sider stor bok som ho får stønad frå Justisdepartementet til å skrive. Ho reiser ut til det største kvinnefengselet i landet. Bredtveit fengsel «er godt synleg i terrenget og folk som reiser forbi med T-bane eller bil kan kanskje tru at staden er ei kyrkje eller eit kloster», skriv Vegheim, som finn at dei utanfrå blir sett på som manipulative. Men det handlar om å tilpasse seg.

– Prøver ein ikkje alltid å tilpasse seg, ha færrast mogleg konfliktar og minst mogleg friksjon i livet? 

– Jau. Ein tilpassar seg meir eller mindre. Men ikkje så brutalt som dei må i fengselet. Det er ikkje like fatalt for oss som for dei som er stengde inne i lukka rom. Dei er så til dei grader prisgitt fengselet og har aldri ei fluktrute. Eg skulle vise at tilpassing er ein naturleg strategi, og at det blir skapt av systemet. Ingen av kvinnene var stakkarslege.

– Kva var utgangspunktet med dette prosjektet? 

– Eg hadde lese amerikanske studiar som framstilte kvinnelege kriminelle på ein særleg måte. Dei hevda at det er normalt at menn er kriminelle, medan det må vere noko dobbelt gale med kvinner som er blitt kriminelle. Intervjua og forskinga hjelpte meg til å klargjere tankane som eg hadde.

– Du jobba med å skape kontakt … 

– Dei fortalde korleis dei hadde vore behandla av politi og fengsel, og der oppretta vi kontakt. Mange av desse kvinnene hadde vakse opp samtidig med meg også. Eg hadde vore på lukka institusjonar sjølv, som svaksynt. Eg såg kor tilfeldig det er kven som fell utfor, og kven som ikkje gjer det. Det var òg tilfeldig at eg sat på den andre sida av bordet overfor dei. Eg skulle bli telegrafist, men synet mitt var visst for dårleg. Eg tok ein radioamatøreksamen etter studia som plaster på såret.

VIL STYRKE DEI SVAKE

«Alt» Vegheim har drive med gjennom åra, har dette til felles: diskriminering. Frå studentrørsla, kvinnerørsla, funksjonshemma sine organisasjonar, til det som er retta mot lovgiving omkring menneskerettar. Ho har ikkje sjølv tal på kor mange tillitsverv ho har hatt, og kva frivillige organisasjonar ho er eller har vore engasjert i. Kva saker er dei viktigaste for henne og for Stopp Diskrimineringen i tida framover?

– Vi gjer ein framstøyt mot Riksadvokaten når det gjeld behandling av valdtektssaker. Det er ein tendens til å nedkriminalisere valdtekt av funksjonshemma. Det blir kalla sårbarheitsvaldtekt.

– Kva betyr sårbarheitsvaldtekt?

– Haha, ja, det kan du spørje om. Det er berre så provoserande. Det politiet har fått for seg, er at viss ein har å gjere med sårbare grupper, ja, så gjeld andre reglar. Det er meint som ein beskyttelse, men er i praksis ein måte å nedkriminalisere handlingane på. Eg jobbar elles kvar dag med å finne diskrimineringssaker og oppmode folk til å klage på diskriminering.

– Har du ferske døme?

– Akkurat no har vi klaga på alle dei åtte stortingspartia fordi nettsidene deira ikkje er universelt forma.

– I praksis er ein del av folket ekskludert frå å lese og få med seg informasjonen på nettstadene til partia som dei kan røyste på til hausten?

– Ja, og det er endå verre: Dei som ikkje kan lese nettsidene, er ekskluderte frå sjølve å engasjere seg i partipolitikken.

– Demokratiet i Noreg har nokre utfordringar, altså.          

– Den største utfordringa for demokratiet er å erkjenne at ein har ulike interesser som står i konflikt med kvarandre. Det er for enkelt å meine at fleirtalet sin rett er den same som retten til dei med dei sterkaste interessene. Ein kan ikkje eigentleg snakke om kva gruppe som er svak eller sterk, men kven som blir plassert i ein svak eller i ein sterk posisjon. Staten, media, institusjonane og straffeapparatet reproduserer skeivheita, held svakare grupper i svake posisjonar. Og difor må vi heile tida arbeide for å sikre og bevare rettar som vi klarar å kjempe fram.

FAKTA OM BERIT VEGHEIM

  • Fødd i Bø i Telemark i 1959.
  • Utdanna kriminolog frå Universitetet i Oslo, med bachelorgrad i psykologi og sosiologi.
  • Har tidlegare forska på kvinner i fengsel, leidd Kvinnefronten og Synshemmede Akademikere.
  • Har sidan 2002 arbeidd i borgarrettsstiftinga Stopp Diskrimineringen, og ho sat i Manneråk-utvalet som stod bak NOU 2001: 22 Fra bruker til borger.
  • Fekk Stolthetsprisen 2016 for arbeidet sitt for likestilling for funksjonshemma.
  • Er dagleg leiar i Stopp Diskrimineringen.
- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar