Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Ei historisk slagmark

Av Ketil Zachariassen

Samisk historie blir brukt og av og til misbrukt i kamp for politisk legitimitet og juridiske rettar. Kva er det med denne historia som er så omstridd?

Ketil Zachariassen (f. 1969) er i dag fyrsteamanuensis på Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet. Han er særleg engasjert i moderne historie, med særleg ansvar for urfolks- og minoritetshistorie. Zachariassen har gjeve ut ei rad publikasjonar. Foto: Erik Thorberg/NTB Scanpix

Den statlege fornorskingspolitikken mot samar og kvener hadde språk- og kulturskifte som mål. Bakgrunnen for og målsettinga med denne politikken er godt kjent, men kva veit vi om verknadane av politikken på kort og lang sikt? Er det behov for ein sannings- og forsoningskommisjon for fornorskingspolitikk og urett mot dei samiske og kvenske folka? Og kan verknadane av den statlege fornorskingspolitikken karakteriserast som eit kulturelt folkemord? 

Samisk historie er omstridd, og det har ho vore dei siste tiåra. Miksen av historie, politikk og særskilde urfolks- og minoritetsrettar har gjort dette til ei historisk slagmark. Forteljingane om fortida inngår i kamp for politisk legitimitet og juridiske rettar der historia blir brukt og somtid misbrukt. Samisk historie er truleg blant dei delane av norsk historie det har vore mest strid om dei siste tiåra. Det har vore ein politisert strid med ulike interessegrupper. I denne artikkelen tar eg også opp bakgrunnen for denne debatten: Kva har aktualisert han, og kvifor har ordskiftet hatt så høg temperatur?

FORNORSKINGSPOLITIKK – INNHALD, OMFANG OG VERKNADAR

Ei melding av boka Tromsøseminarister i møte med en flerkulturell landsdel av Eivind Bråstad Jensen (Nordkalottforlaget 2015) var starten på ein langvarig debatt i avisa Nordlys og nettstaden Nordnorsk debatt, som tok opp innhaldet, omfanget og verknadane av fornorskingspolitikken. Bokmeldinga, som var svært kritisk, var skriven av professor i pedagogikk Jens Ivar Nergård. Han meinte at Jensen bidrog til å «tåkelegge viktige sider ved historien» gjennom si framstilling av bakgrunnen for og det overordna målet med fornorskingspolitikken. Nergård teikna eit heilt anna bilde av fornorskinga og hevda at bruk av omgrep som «opplysningsarbeid» om lærarane sitt virke den gongen var «en språklig dekkmanøver for fatale overgrep» og utdanning «som skjøv barn og familier i en kulturell avgrunn».[1] Nergård etterlyste historia om lærarutdanningas bidrag til fornorskinga og forsking på fornorskingspolitikkens verknadar på det samiske samfunnet på kort og lang sikt. I innlegga sine la Nergård vekt på offerrolla minoritetane var og framleis er i. Han hevda at situasjonen for samane i Noreg kunne likestillast med overgrepa og det kulturelle folkemordet som urfolka i Canada var utsette for, og han etterlyste ein norsk sanningskommisjon for fornorskingspolitikken.

Eg tok sjølv del i debatten og etterlyste ei meir nyansert framstilling hos Nergård av fornorskingspolitikken i skulen. Utgangspunktet mitt var at det allereie er godt dokumentert kva som var bakgrunnen for og målsettinga med fornorskingspolitikken.[2]Eg skal ikkje gå i detalj her, men det var ein kombinasjon av nasjonsbyggingsideologi knytt til tanken om eitt folk, eitt språk og éin nasjon, rasetenking kombinert med hierarkisk sivilisasjons- og utviklingsteori, og tryggingspolitikk retta mot dei utsette grenseminoritetane, altså samane og kvenene. På same viset er dei viktigaste verkemidla i denne politikken også kjende, som satsing på skule og språkopplæring og bygging av kulturelle grensefestningar i form av internatskular og kyrkjer. Ein har òg solid kunnskap om når fornorskingspolitikken tok til, dei ulike fasane han gjekk gjennom, og den formelle avviklinga av han. I ordskiftet med Nergård argumenterte eg for ei framstilling som tok inn over seg at fornorskingspolitikken først blei implementert i skulen etter 1900, noko som opna for ulike perspektiv og motstridande tendensar i gjennomføringa av fornorskingspolitikken, og som slik ville fått fram variasjonen i erfaringane samar og kvener hadde med fornorskingspolitikken. Eg argumenterte også for ei problematisering av kva som var resultatet av fornorskingspolitikken og av fornorskingsprosessen. Med det meiner eg at vi må skilje mellom det som var resultatet av fornorskingspolitikken, som var ein målretta, statleg assimilasjonspolitikk mot samane og kvenene frå 1850 og fram mot 1960, og det som var resultatet av fornorskingsprosessen. Med fornorskingsprosessen meiner eg dei meir allmenne sosioøkonomiske moderniserings- og integrasjonsprosessane som fører fram til fornorsking. Der fornorskingspolitikken var ein politikk med eit klart mål – å få minoritetane til å bli mest mogleg like den norske majoriteten – og definerte verkemiddel i ein avgrensa historisk periode, så har fornorskingsprosessen ingen klare tidspunkt for når han startar eller sluttar. Sjølv om den statlege fornorskingspolitikken er eit avslutta kapittel, har fornorskingsprosessen halde fram. Det vil seie at minoritetane i Noreg, i dette tilfellet samar og kvener, blir førte inn i det norske samfunnet gjennom til dømes utdanning, arbeidsliv og velferdsordningar. Dette er prosessar som ikkje treng vere politisk styrte eller ønskte, men med ein sterk grad av integrasjon i det norske samfunnet som resultat.[3]

I debatten som følgde, tematiserte fleire årsakene til språkskifte, dei langsiktige verknadane av fornorskinga, og dei ulike erfaringane med fornorskingspolitikken. Bjørnar Seppola, leiar av Kvenlandsforbundet, var kritisk til det sterke søkjelyset på fornorskingspolitikken på byrjinga av 1900-talet. Han hevda at fornorskingspolitikken ikkje førte fram før den andre verdskrigen. Det store språkskiftet, hevda han, kom etter 1945, og han viste til den reviderte skuleloven frå 1936. Konsekvensen var mellom anna at det ikkje lenger var lov å nytte kvensk/finsk i kristendomsopplæringa i skulen. Samisk var det derimot framleis lov å bruke. Dette meinte Seppola førte til at skulepolitikken mot dei kvenske og samiske elevane blei svært ulik etter 1945.[4]

Laila Susanne Vars, som har doktorgrad i folke- og urfolksrett og er tidlegare visepresident i Sametinget (2009–2013), og som no er fagdirektør i Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar, har som Nergård vore opptatt av offerrolla samane er og har vore i. Som Nergård ser ho fornorskingspolitikken som eit utslag av ulike former for intern kolonialisme, der målet til styresmakta var å få kulturell, politisk og økonomisk kontroll over dei samiske områda. Vars peikar på at omgrepet ‘fornorsking’ i liten grad har vore problematisert, og at det nærmast gjev «… et litt positivt inntrykk, at den hadde som mål å inkludere samer og andre minoriteter i det norske samfunnet».[5] Ho hevdar fornorskingspolitikken «var uten tvil et forsøk på statlig initiert kulturelt folkemord».[6]

Men kan minoritetspolitikken i Noreg og Canada på 1800- og 1900-talet samanliknast utan at ein samtidig gjer greie for dei store skilnadane i bakgrunnen, utforminga, omfanget og implementeringa av minoritetspolitikken? Er det eit fruktbart utgangspunkt å ha kulturelt folkemord som arbeidshypotese når vi skal søkje ny kunnskap om fornorskingspolitikkens verknadar på kort og lang sikt? Eg er ikkje overtydd om at det er rett å ha eit slikt utgangspunkt ut frå det vi veit i dag om fornorskingspolitikken og verknadane av han. Men på same tid må vi opne for at ny kunnskap om fornorskingspolitikkens verknadar kan forsvare ein slik karakteristikk.

SANNING OG FORSONING

Våren 2017 hadde Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité til behandling forslag om ein sannings- og forsoningskommisjon for fornorskingspolitikk og urett mot det samiske og kvenske folket.[7] Dette var første gongen eit slikt krav var reist i Stortinget, men eit liknande arbeid hadde vore utført av det regjeringsoppnemnde «Tater-/romaniutvalet» som la fram si innstilling i NOU 2015: 7 Assimilering og motstand. Norsk politikk overfor taterne/romanifolket fra 1850 og til i dag. Kravet om ein sanningskommisjon om fornorskinga blei først reist på Sametinget. Partiet Árja fekk i 2014 tilslutning av Sametinget til kravet om ein sanningskommisjon, og Sametingsrådet hadde i lengre tid greidd ut saka. Føre jula 2016 fremma dei nordnorske SV-representantane på Stortinget, Kirsti Bergstø og Torgeir Knag Fylkesnes, saka for Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité. I representantforslaget peika dei på at kong Harald ved opninga av Sametinget i 1997 hadde kome med ei offisiell orsaking for den politikken det samiske folket hadde vore utsett for. Men det hadde aldri vore noka fullgod gransking – med forsoning som mål – av dei overgrepa og handlingane som hadde vore gjorde.

Bergstø og Fylkesnes understreka at sjølv om forslaget tok utgangspunkt i samane som urfolk og dei norske styresmaktenes samepolitikk over tid, så omfatta forslaget også kvenene. Årsaka til at samane og kvenene i stor grad hadde vore slått i hartkorn av norske styresmakter, var dels at dei to folkegruppene levde side om side, og dels at styresmaktene i den unge, norske nasjonalstaten meinte at begge desse minoritetane, som levde i det som i samtida blei oppfatta som utsette grenseområde, ikkje var til å stole på. Kvenene, som sidan 1999 har hatt status som nasjonal minoritet i Noreg, hadde langt på veg vore utsette for den same politikken som samane frå midten av 1800-talet og om lag hundre år fram i tid. I motsetnad til samane har kvenene aldri fått noka offisiell orsaking frå norske styresmakter.

«Forsoning kan vanskelig skje før sannheten er etablert og dokumentert så langt det lar seg gjøre», hevda Bergstø og Fylkesnes.[8] Dei trekte fram den canadiske sanningskommisjonen sitt arbeid med internatskulane som eit godt døme på korleis sanningsprosessar kan leggje grunnlag for forsoning, men viste også til arbeidet som var utført av det regjeringsoppnemnde «tater-/romaniutvalet». Forslagsstillarane peika på røynslene som tilsa at dersom fortida skal aksepterast og beklagast, må samfunnet som heilskap ta inn over seg det som har skjedd og konsekvensane fortidas politikk har hatt for generasjonar etter.[9]

Etter ei open høyring, der ulike samiske og kvenske institusjonar og organisasjonar fekk uttale seg, gjekk fleirtalet i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité inn for å be Stortinget om å vedta at presidentskapet skal utarbeide eit forslag til mandat for kommisjonen, namn på komiteen og samansetting av han, noko Stortinget vedtok like før dei tok sommarferie. I skrivande stund ventar ein på at presidentskapet skal kome med sitt forslag.[10]

NORSK SAMEPOLITIKK – FRÅ IKKJE-TEMA TIL URFOLKSPOLITIKK

Vedtaket om ein sannings- og forsoningskommisjon er det siste av ei rekkje vedtak som Stortinget har fatta sidan 1980-talet for å kome urfolk og nasjonale minoritetar i møte. Fram til slutten av 1970-talet hadde norsk samepolitikk langt på veg vore eit ikkje-tema. Dette var allereie i endring da regjering og storting gjekk inn for å ta opp den norske samepolitikken i full breidde i kjølvatnet av striden om utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget, i 1979–1981. På 1970-talet, altså før konflikten om kraftutbygginga for alvor braka laus, hadde det vakse fram ein samepolitisk opposisjon med nære bindingar til den internasjonale urfolksrørsla. Den merksemda Alta-saka skapte i og utanfor Noreg, førte til at norsk samepolitikk også blei urfolkspolitikk.[11]

1980-talet var eit vendepunkt i norsk samepolitikk. Grunnlovsendringa i 1988 blei følgd opp av etableringa av Sametinget i 1989 og av Stortinget si ratifisering av ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar, som blei gjord gjeldande for samane i Noreg i 1990. ILO-konvensjonen tydde ikkje berre at samane fekk status som urfolk, dei fekk også eit internasjonalt avtaleverk som Noreg sa seg pliktig til å følgje. Det gav samane eit viktig og sterkt verktøy i kampen for sine rettar.

Omlegging av samepolitikken, grunnlovsendringa og ILO-konvensjonen førte til eit omfattande behov for offentlege utgreiingar om ulike sider av samisk språk, kultur og samfunnsliv. Samisk historie var lenge eit ikkje-felt på same vis som norsk samepolitikk var eit ikkje-tema. Norske historikarar hadde fram til slutten av 1970-talet i liten eller ingen grad arbeidd med samisk historie, og i framstillingane av norsk historie var samisk historie totalt fråverande. Samisk historie var eit felt dei norske faghistorikarane ikkje hadde vigd merksemd. I den grad nokon hadde arbeidd med samisk historie, var det lappologane på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, og så, etter andre verdskrigen, samfunnsvitarane. Dette var i ferd med å endre seg på 1970-talet som følgje av at historiefagets horisont utvida seg. Det var dels som følgje av inspirasjon frå teoridanning innanfor samfunnsvitskapane, dels som følgje av ein ny generasjon av historikarar med nye interessefelt, og dels som følgje av etableringa av Universitetet i Tromsø.[12]

Frå midten av 1980-talet og fram til i dag har det kome ei rekkje NOU-ar som har tatt opp kva for rettar samane har hatt og skal ha i det norske samfunnet. Fleire av desse utgreiingane har tatt opp og drøfta historiske problemstillingar om eldre og nyare samisk historie. Ofte har historia også fått ei stor rolle i utforminga av den norske samepolitikken. Slik har historia blitt viktig, ikkje berre for dei som kjempar for samiske rettar, men også for dei som hevdar at samane ikkje har krav på noka form for særrettar på etnisk grunnlag.

EI KLASSISK SLAGMARK

Blandinga av historie, politikk og særskilde urfolksrettar har gjort samisk historie omstridd. Slik har det vore dei siste tiåra. Dagleg blir ulike sider ved samisk historie debattert i lokale og regionale medium, ofte også i sosiale medium.[13] Det kan vere eldre tids samisk og norsk historie, om innhaldet i og konsekvensane av fornorskingspolitikken, om tilhøvet mellom samar, kvener og nordmenn i ulike historiske periodar, om retten til bruken av land og vatn, og om tilhøvet mellom vitskap og forsking. Debatten har engasjert breitt med alt frå mannen i gata til politikarar, samfunnsdebattantar, akademikarar og ulike typar aktivistar. Debatten er ofte polarisert, med skarpe og uforsonlege frontar. Kommentarfelta er prega av personlege utfall, motivspekulasjon, alternative fakta, konspirasjonsteoriar og ikkje sjeldan samehets.

På den eine sida har det vore dei som har reist tvil om samane som historisk legitim folkegruppe, og som har hevda at historikarar og forskarar er ærendsgutar for samerørsla. På den andre sida har det vore dei som har etterlyst meir forsking om samisk historie, som hevdar at denne delen av norsk historie har vore neglisjert, og at det mellom anna ikkje har vore gjort nok for å dokumentere verknadane av fornorskingspolitikken.[14]

Døma på denne striden om samisk historie er mange. Ein av dei som har kjempa mot samane sin status som urfolk, mot Sametinget og særskilde rettar på etnisk grunnlag, er Knut B. Mortensen, tidlegare sivilingeniør og lokalpolitikar for Arbeidarpartiet. Han er ein av fleire som ikkje er framand for å nytte eit lite, men nøye utvalt historisk og arkeologisk materiale på eit vis som tener hans politiske syn. Mortensen har til dømes hevda at Noreg som nasjon blei grunnlagd på 800-talet etter Kristus. Han seier at «Arkeologiske funn dokumenterer at nordmenn var i Troms og Finnmark før nasjonsdannelsen. Følgelig: Nordmenn er urbefolkning i Troms og Finnmark.»[15] Denne typen slutning, der både dei grunnleggjande premissane og konklusjonen meir eller mindre er henta frå lause lufta, er utbreidd. At ein må nærmare tusen år fram i tid før Noreg fekk sine noverande statsgrenser, noko artikkel 1 i ILO-konvensjon nr. 169 slår fast er eit avgjerande punkt når det gjeld status som urfolk, blir ignorert. På same viset slår ILO-konvensjon nr. 169 fast at spørsmålet om kven som kom først, ikkje har betyding, så lenge samane var etablerte på territoriet før statsgrensene blei til. Eit anna døme er Ingrid Nordmark, adjunkt med tilleggsutdanning. Ho argumenterer på same måten som Mortensen når ho går til åtak på Stortingets ratifisering av ILO-konvensjon 169. Ho hevdar på Nordnorsk debatt at «Samer er ikke Norges urfolk. Samer er ikke det første, det opprinnelige folk i Norge. Tidligere betegnelser var lapp og finn. Lapp fra svensk lappland, avmerket på kart den dag i dag. Finn, i kirkebøkene nedtegnet som betegnelse på innvandrere fra Finland. Samer er etterkommere etter innvandrere til landet.»[16]

Felles for Mortensen og Nordmark er at dei finn støtte for sitt syn på nettstaden Finnmarkforlag.no, som Trond Gabrielsen driv. Under fana «Falske teser» hevdar han å dokumentere korleis «historiker- og arkeologimiljøet i og rundt Universitetet i Tromsø ensretter, politiserer, fordreier, omdefinerer og forfalsker samisk og nordnorsk historie».[17] Stadig kjem nye tesar til, og hausten 2017 var talet på «falske teser» kome opp i 31. Gabrielsen, som er arkitekt av yrke, men som også har ein mastergrad i historie frå Universitetet i Oslo frå 2007, har publisert på eigen nettstad jamt og trutt sidan 2008. At fleire har tilbakevist påstandane og tesane frå Gabrielsen og synt at dei ikkje held, tar korkje han eller tilhengjarane notis av. Igjen og igjen ser ein liknande argument og synspunkt i det offentlege ordskiftet.

EIT DEMOKRATISK PROBLEM

Striden om samisk historie er òg ein del av den større samedebatten. På eit overordna plan handlar han om samane sin rett til å sikre og utvikle språket, kulturen og samfunnslivet og om samane som urfolk har krav på særskilde rettar. Kvifor er denne politikken så omstridd? Truleg er svaret at urfolksstatusen samane har, som følgje av Stortingets ratifisering av den nemnde ILO-konvensjonen, opnar for at samane som folk kan ha rett – tufta på norsk lovgjeving og internasjonal folkerett – til areal og naturressursar. Folkeretten slår fast at samane som urfolk har ein kollektiv rett til vern av samiske busettingsområde. Men slik til dømes Ivar Bjørklund har problematisert, kan det av og til synast uklart om det også er knytt til individuelle rettar, til dømes til det å vere innskriven i det norske Samemanntalet.[18]

At spørsmålet om kontroll over areal og naturressursar er sentralt i samedebatten, synest klart. Det er i alle fall ingen tvil om at opprettinga av Finnmarkseiendommen (FeFo) og innføringa av finnmarksloven i 2005 fekk debatten om samiske rettar til å eskalere. Da overtok FeFo eigarskapen til Statens umatrikulerte grunn i Finnmark, som da omfatta 95 prosent av arealet i fylket. Finnmarksloven regulerer eigarskapen og slår fast at FeFo skal ha eit styre på seks personar som alle er busette i Finnmark, at tre av dei skal peikast ut av Fylkestinget i Finnmark og tre av Sametinget. Vidare blir det slått fast at grunn og naturressursar skal forvaltast på ein måte som er til beste for folk i fylket, og særleg som grunnlag for samisk kultur, reindrift, utmarksbruk, næringsutøving og samfunnsliv.[19]

Motstand mot innføring av finnmarksloven låg til grunn for skipinga av den politisk uavhengige organisasjonen Etnisk og demokratisk likeverd (EDL). EDL hevdar finnmarksloven bryt med prinsippet om etnisk og demokratisk likeverd, og kjempar mot politisk makt og rettar på etnisk grunnlag. Dei meiner finnmarksloven bryt med den demokratiske ideen om at alle menneske er politisk likeverdige, og hevdar at loven gjev samane større politisk verdi enn resten av befolkninga i fylket. Særleg peikar dei på at samane i Finnmark har røysterett både til fylkesting og sameting og slik kan røyste til begge dei politiske organa som utpeikar medlemmar av styret i FeFo.[20] EDL, og da særleg gjennom leiaren Jarl T. Hellesvik, har mellom anna argumentert mot Stortingets ratifisering av ILO-konvensjon nr. 169, korleis konvensjonen er omsett til norsk og korleis urfolksomgrepet er brukt og forstått i Noreg.[21] Hellesvik står i spissen for ei lita gruppe personar som gjer seg sterkt gjeldande i det offentlege ordskiftet og i sosiale medium. Stilen er ofte konfronterande, med kontroversielle tolkingar av historia og juridiske omgrep, og med eit haleheng i kommentarfelta prega av anti-samisk hets. EDL bidrar slik til å styrke motsetnaden og piske opp debatten. På nettsida si fortel ikkje EDL kor mange medlemmar dei har, men ut frå responsen dei har på innlegga sine, er det ingen grunn til å tvile på at dei har mange sympatisørar. Sjølv om argumenta hjå EDL ikkje alltid held mål, er det likevel all grunn til å ta inn over seg argumentasjonen som ligg til organisasjonen, kjensla av manglande demokratisk likeverd og etnisk forskjellsbehandling med omsyn til rettar og politisk makt.

ER FORSONING MOGLEG?

Temperaturen i samedebatten er høg, motsetnadane mange, og det er fleire konfliktliner. Samisk historie er ei av dei, retten til land og naturressursar ei anna, og sist, men ikkje minst, spørsmålet om demokratisk likeverd og etnisk forskjellsbehandling. Sannings- og forsoningskommisjonen står føre ei stor oppgåve når dei skal prøve å få fram sanninga om fornorskingspolitikken og den historiske uretten mot samar og kvener. Utfordringa blir ikkje mindre av at målet er forsoning – med utgangspunkt i at samfunnet som heilskap må ta inn over seg dei overgrepa som har skjedd, og dei konsekvensane dei har hatt og har for samar og kvener i dag. Forsoning er krevjande og ikkje lett å få til. Utgangspunktet blir ikkje enklare av at historia som skal undersøkjast, allereie er omstridd. Men når Canada har fått det til, er det vel ingen grunn til at vi ikkje kan klare det.

NOTAR 

[1] Jens Ivar Nergård. «Fornorskingspolitikk til kaffen?», Nordlys 5/3 2016, «Nyansering av fornorskingspolitikken?» nordnorskdebatt.no/article/nyansering 17/3 2016, «Historiefortelling på tomgang» nordnorskdebatt.no/article/historiefortelling-pa-tomgang 15/4 2016, «Det utenkelige» nordnorskdebatt.no/article/utenkelige 22/4 2016
[2] Knut Einar Eriksen og Einar Niemi (1981). Den finske fare. Sikkerhetsproblemer og minoritetspolitikk i nord 1860–1940. Universitetsforlaget Oslo, Oslo
[3] Ketil Zachariassen. «Unyansert om fornorskingspolitikken. Svar til Jens Ivar Nergård» nordnorskdebatt.no/article/unyansert-om 8/3 2016, «Fornorskingspolitikkens historie» nordnorskdebatt.no/article/fornorskingspolitikkens-historie 18/3 2016, «Den vanskelege historia II» nordnorskdebatt.no/article/vanskelege-historia-ii 18/3-2016
[4] Bjørnar Seppola. «Tromsøseminaristene og kvenene», Nordnorsk debatt 12/4 2016, nordnorskdebatt.no/article/tromsoseminaristene-kvenene
[5] Laila Susanne Vars. «Samene i Norge: Fra fornorsking til forsoning» i, Nik. Brandal, Cora Alexa Døvig og Ingvill Thorson Plesner (red.:) Nasjonale minoriteter og urfolk i norsk politikk fra 1900 til 2013. Cappelen Damm Akademisk (2017), 180
[6] Ibid., 181
[7] www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2016-2017/dok8-201617-030s/
[8] Ibid
[9] www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2016-2017/dok8-201617-030s/
[10] www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Vedtak/Vedtak/Sak/?p=67518
[11] Minde, Henry (2003): The Challenge of Indigenism: The Struggle for Sami Rights in Norway 1960–1990, I Svein Jentoft (et al, eds.): Indigenous Peoples: Resource Management and Global Rights, Eburon, Delft
[12] Niemi, Einar (1995): History of Minorities: The Sami and the Kvens, i William H. Hubbard (et al, eds.) Making a Historical Culture. Historiography in Norway. Scandinavian University Press, Oslo – Copenhagen – Stockholm – Boston
[13] Sjå til dømes emneknaggane ‘samer’, ‘urfolk’ eller ‘samepolitikk’ og tilhøyrande kommentarfelt i innlegga på Nordnorsk debatt (nordnorskdebatt.no).
[14] Einar Niemi. «Urfolk, politikk og forsking – en evig slagmark», nordnorskdebatt.no/article/urfolk-politikk-forskning-en 30/4 2017 og Katri Somby «Hvilken forskning, Einar Niemi?» nordnorskdebatt.no/article/hvilken-forskning-einar-niemi 12/5 2017
[15] Kjell B. Mortensen. «Urbefolkning i Troms og Finnmark – vi trenger en avklaring» nordnorskdebatt.no/article/urbefolkning-i-troms-finnmark-en 19/4 2017
[16] Ingrid Nordmark. «Feil bruk av ordet ‘urfolk’». nordnorskdebatt.no/article/urfolk 21/4 2017
[17] Finnmark Forlag. «Teser» http://finnmarkforlag.no/teser.html
[18] Ivar Bjørklund. «’Er ikke blodet mitt bra nok?’ – Om etniske konstruksjoner og identitetsforvaltning i Sápmi», i Nytt Norsk Tidsskrift 01-02 / 2016 (Volum 33), og Ivar Bjørklund. «Samene, finnes de – egentlig?» nordnorskdebatt.no/article/samene-finnes-egentlig 24/4 2017
[19] Lov om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressurser i Finnmark fylke (Finnmarksloven). https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-06-17-85
[20] EDL, Om oss. http://edl.no/index.php/om-oss-mainmenu-32
[21] EDL, Likeverd og rettigheter http://edl.no/index.php

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar