Av Ebba Boye
Kva kjenneteiknar forholdet vårt til naturen? Vår evne til å øydelegge han for personleg vinning, eller evna til å samarbeide og finne gode løysingar for fellesskapen? Og kvifor vil forskarar studere Noreg for å finne svaret?
Ebba Boye (f. 1986) er utdanna økonom frå The New School for Social Research. Ho leiar organisasjonen Rethinking Economics Norge og jobbar med å spreie kunnskap om eit større mangfald av økonomiske teoriar.
Fyrst ein omveg.
Har du høyrt om Elinor Ostrom? Den einaste kvinna som har vunne Nobelprisen i økonomi? Svarar du nei, er du ikkje åleine. Då ho vann han i 2009, skreiv Steve Levitt, forfattaren av boka Freakonomics, at Ostrom var aldeles ukjent blant økonomar – og at dei same økonomane ville mislike sterkt at prisen gjekk til nettopp Ostrom.[1]
Elinor Ostrom vann prisen for forsking på allmenningar og korleis dei blir organiserte. Sjølv om teoriane til Ostrom ofte ikkje står på pensum i økonomifaget, kjenner økonomane til teorien ho jobba med å motbevisa: allmenningens tragedie.
SAMARBEID GAGNAR FELLESSKAPEN
Fenomenet allmenningens tragedie vart fyrst omtala i 1833 av økonomen William Forster Lloyd, som brukte tesen for å beskrive kva som skjer når kyr blir sleppte på beite i ikkje-regulerte allmenningar. Kvar enkelt bonde vil ha interesse av å sleppe ut fleire av sine eigne kyr, skriv han, men dersom alle gjer som dei sjølve vil, blir området overbeita. Tek bøndene eit rasjonelt val berre for eiga vinning, kjem dei i ein situasjon der heile allmenningen blir øydelagd, noko alle vil tape på.
Stemmer det at den nyttemaksimerande, rasjonelle åtferda til menneska vil føre til overforbruk av felles ressursar? I økonomifaget er løysinga på liknande utfordringar ofte å privatisere allmenningane, dele dei opp og selje ut individuelle eigedomsrettar. Alternativt må styresmaktene inn og regulere områda. Ostrom hadde ei anna tilnærming. Med utgangspunkt i empiriske studium undersøkte ho kva vi veit om allmenningane og korleis dei blir styrte.
Resultata frå forskinga gav Ostrom ein nobelpris, og det førte ho til den anerkjente amerikanske evolusjonsbiologen David Sloan Wilson, professor i biologi og antropologi ved Binghamton University. Wilson studerer kvifor einskilde samfunn lukkast betre enn andre, og gjennom tenketanken The Evolution Institute er han no i full gang med å forske meir på dette – i Noreg, med «The Norway Project». Wilson og dei andre forskarane forskar på norske samfunnstilhøve fordi Noreg stadig hamnar på topp på ulike rangeringar over land med høg levestandard. På FNs indeks for menneskeleg utvikling (Human Development Index) har Noreg hamna på fyrsteplass heile tolv gonger dei siste 15 åra. I 2017 vart Noreg òg rangert som verdas lukkelegaste land. Kva er det vi gjer riktig her til lands, og kva er det som gjer at vi hamnar på topp på dei internasjonale rangeringane?
Ein av tesane til Wilson er at Noreg har klart å finne gode måtar å organisere samfunnet på, måtar som gagnar fellesskapen, og slik har landet utvikla dei delane av menneskenaturen som er gode til samarbeid. Dette set han i kontrast til det amerikanske samfunnet, der han meiner evna til å konkurrere blir utvikla frå tidleg skulealder.
Men kva er eigentleg føresetnadene for at samfunn og grupper av menneske skal klare å samarbeide, undrar eg. For å finne svar på slike spørsmål brukar Wilson Ostroms teoriar og analyserer mellom anna den norske dugnaden. Kvifor fungerer dugnaden som fenomen så godt i Noreg, og kva kan eventuelt truge den norske dugnaden i framtida?
– Elinor Ostrom forska på korleis ulike grupper tradisjonelt har administrert allmenningar, som til dømes skogar, fiskefelt og beiteområde. Ostrom fann stor variasjon i effektivitet i måtane gruppene rådde over ressursane. Ja, nokre gonger gjekk det skikkeleg dårleg, og det førte til nettopp allmenningens tragedie. Men svært mange grupper organiserte seg på andre måtar, og dei klarte seg fantastisk bra, fortel Wilson.
HØNEMOR OG PROFESSOR
Etter årevis med empirisk forsking utarbeidde ho åtte kjerneprinsipp – føresetnader for at grupper fungerer godt saman. Det var dette arbeidet som gav Ostrom Nobelprisen i 2009. På den tida var ho heilt ukjend blant økonomar. Og dei mislikte sterkt at prisen gjekk til ein statsvitar, ifølge Wilson.
Før vi går vidare – ei lita presisering: Det eksisterer ingen nobelpris i økonomi. Det stod ingenting i Alfred Nobels testamente om ein pris til økonomar – prisen var øyremerkt naturvitskapen. Det som i dag blir kalla nobelprisen i økonomi, vart skapt fleire år seinare av Sveriges Riksbank og heiter «Sveriges Riksbanks pris i økonomisk vitskap til minne om Alfred Nobel».
Når det blir snakk om Ostroms historie, er det lett å forstå at det ikkje er tilfeldig at prisen stort sett blir tildelt menn. Elinor Claire Awan vart fødd i California i 1933. Etter college jobba ho hardt for å hjelpe den fyrste mannen sin gjennom harde jusstudium. Ho ønskte sjølv å ta doktorgrad, men mannen hennar meinte det ikkje sømde seg. Ho skilde seg og tok seinare doktorgraden ved University of California. Seinare gifta ho seg med ein av professorane sine, Vincent Ostrom. Då han vart tilsett ved Indiana University, følgde ho med. Sjølv fekk ho ingen akademisk posisjon, men fekk etter kvart ei viktig administrativ rolle ved universitetet.
– Ho vart raskt ei hønemor for studentane, ei klippe som hjelpte dei gjennom studia. Seinare blir ho tilsett som professor. Ho er i slutten av 30-åra og kjem seint i gang med karrieren. Då ho får nobelprisen, er ho langt frå anerkjent, og ho har heller ingen utmerkingar å vise til frå universitetet ho jobbar ved, fortel Wilson vidare.
Kva har så Elinor Ostrom eigentleg lært oss om allmenningane og korleis dei blir styrte? Ei av gruppene ho studerte, var hummarfiskarane i Maine, eller «The Lobster Gangs», som dei blir kalla. Kystlina i Maine, heilt nord på austkysten i USA, liknar mykje på den norske kystlina. Ho er dekt av viker og bukter, og kvart område langs kysten er kontrollert av lokale grupperingar, såkalla «hummargjengar», med streng justis. Du får berre fange hummar i din seksjon av kysten.
FORSKAR PÅ NORSK DUGNADSÅND
Det fyrste kjerneprinsippet til Ostrom er nettopp behovet for eit sterkt gruppetilhøyr. Dei som høyrer til i gruppa, må vite kven dei andre er, og det må vere klart definert kven som er innanfor, og kven som er definert utanfor gruppa. Dersom dette ikkje er klart frå byrjinga, kan gruppetilhøyr skapast, ifølge Wilson.
– Har du sett bilete frå Maine? Heile kystlina er full av fargesprakande bøyer dekorerte med striper og mønster. Dette er hummarfiskarane sine tydelege markørar på kven som eig dei ulike bøyene. Slik blir det skapt oversikt over området, og dei uvedkomande som er dumme nok til å sette ut teiner i feil område, blir raskt oppdaga. Fargane er både verkemiddel og tiltak for å overvake hummarallmenningen.
– Og kva skjer dersom ein som ikkje er med i hummargjengen, prøver seg?
– Elinor Ostrom stilte det same spørsmålet – og ho elska å gi svar med historia om dei tøffe og brautande fiskarane og sløyfa dei knytte rundt bøya til inntrengaren. Sløyfa fungerte som eit effektivt og synleg teikn på at inntrengaren var oppdaga, og dersom han ikkje fjerna teina med det same, ville det få konsekvensar. Til dømes at hummarteina ville bli øydelagd.
Dømet illustrerer Ostroms prinsipp om graderte reaksjonar. For å oppretthalde justisen i ein allmenning er det viktig å straffe dei som bryt regelverket. Men det er like viktig å gi milde straffer, iallfall i starten. Hummarfiskarane knuser ikkje teinene med det same, men tek det forsiktig, ved til dømes å feste ei sløyfe rundt bøya. Like fullt veit dei at straffa og reaksjonane kan eskalere om det er nødvendig.
Wilson meiner den norske dugnadstradisjonen er eit flott eksempel på korleis fellesressursar kan administrerast lokalt utan ekstern innblanding. Men det betyr ikkje at gode samarbeidsevner oppstår av seg sjølv.
– Ei gruppe som er nøydd til å samarbeide, er også nøydd til å ha metodar for å hindre at einskilde juksar eller snik seg unna. Ei gruppe som baserer arbeidet på dugnad, kan derfor ha nytte av Ostroms kjerneprinsipp for å få gruppa til å fungere. Eg har fått med meg at ein uroar seg for at den norske dugnadsånda er truga. Nettopp difor ønsker eg å forske nærmare på fenomenet – i eit «ostromsk» perspektiv.
Ostrom har åtte prinsipp for korleis grupper kan administrere allmenningar på effektive måtar. Wilson og Ostrom jobba vidare saman for å generalisere prinsippa fram til ho døydde i 2012. Wilson meiner prinsippa kan nyttast effektivt som rettesnor for alle typar situasjonar der det blir stilt krav til koordinering og samarbeid, og han har omformulert punkta i det han kallar «Elinor Ostroms oppskrift for grupper som vil lukkast».
PRINSIPPA SER SLIK UT
Klare, definerte grenser
Medlemmene av ei gruppe bør vite kven dei er, ha eit sterkt gruppetilhøyr, og kjenne til rettane og krava ved medlemskapen.
Proporsjonal samanheng mellom kostnader og fordelar
Dersom einskilde medlemmer må gjere alt arbeidet, medan andre att stikk av med fordelane, er gruppa ikkje berekraftig på sikt. Alle må gjere sin del av arbeidet. Dei som gjer meir enn det dei skal, må få tilstrekkeleg anerkjenning. Dersom leiarar får privilegium for arbeidet, skal det vere fordi dei har spesielle oppgåver som gjer at dei blir haldne ansvarlege. Urettferdig ulikskap er gift for kollektiv innsats.
Kollektive avgjerdsprosessar
Medlemmene i gruppa må sjølve skape reglane og ta avgjerdene, og det må vere konsensus og semje om dei. Folk likar ikkje å bli hersa med. Vi jobbar hardare for å nå felles mål enn for å nå andres mål. I tillegg krev ei god avgjerd kunnskap om lokale forhold, noko som gjer konsensusbaserte avgjerdsprosessar ekstra viktige.
Overvaking
Samarbeid må alltid beskyttast. Sjølv når dei fleste medlemmene i ei gruppe har gode intensjonar, er det alltid freistande å gjere mindre enn det ein skal, eller å snike seg unna. Dersom feil og overtramp ikkje blir oppdaga, er det usannsynleg at gruppa kan lukkast.
Graderte sanksjonar
Vennskapelege, forsiktige påminningar er vanlegvis nok for å få medlemmene i gruppa til å oppføre seg til det beste for fellesskapen. Likevel er det viktig å ha tøffare tiltak som straff og utestenging i bakhand.
Rask og rettferdig konflikthandtering
Det vil garantert oppstå konfliktar, og dei må løysast raskt og på ein måte som medlemmene ser som rettferdig. Dette kan til dømes vere ei høyring der respekterte, upartiske medlemmer av gruppa tek ei rettferdig avgjerd.
Lokalt sjølvstyre
Når ei gruppe er ein del av eit større samfunn, som for eksempel ein bondeorganisasjon som må forhalde seg til statlege styresmakter, eller ei nabolagsforeining som må forhalde seg til resten av byen, er det avgjerande at gruppa får tilstrekkeleg autoritet til å skape sine eigne sosiale organiseringar og ta eigne avgjerder, basert på punkt 1–6.
Multi-sentrert styring i eit større samfunn
Samfunn er sette saman av ulike grupper, og forholdet mellom gruppene må følge dei same prinsippa som samarbeidet mellom individ innanfor ei og same gruppe.
THE NORWAY PROJECT
Wilson byrja å samarbeide med Ostrom nokre få månader før ho fekk nobelprisen i 2009. Han seier det finst nokre sterke samankoplingar mellom kjerneprinsippa til Ostrom og Wilson sitt eige arbeid med kulturell evolusjon. Ifølge Wilson er eit av dei viktigaste kjenneteikna ved mennesket evna til nettopp å samarbeide. Og det er den historiske evolusjonsprosessen som har ført desse eigenskapane fram.
Å nytte argument om menneskeleg evolusjon betyr likevel ikkje at menneska er programmerte til å oppføre seg på bestemte måtar, seier Wilson. Evolusjonen kan utvikle seg i alle moglege retningar, og korleis vi vel å organisere oss, kva slags institusjonar vi bygger opp, og korleis vi oppdrar nye generasjonar, er døme på korleis vi kan påverke kva retning evolusjonen går i.
Spørsmålet Wilson stiller, er difor: Kvifor finst det ein sterk dugnadskultur i Noreg? Spørsmålet tek oss tilbake til den nordiske modellen[2] for samarbeid, og til spørsmålet om kvifor Noreg fungerer så godt som nasjon, samanlikna med andre land.
Wilson meiner det har samanheng med ein sterk tradisjon for lokalt sjølvstyre. Det norske samfunnet var eit tradisjonelt småskalasamfunn, med små, levande bygdesamfunn spreidde over heile landet. Aristokratiet fekk ikkje fotfeste, og nasjonsbygginga kom relativt seint.
– Vi veit mykje om korleis små grupper og samfunn klarar å samarbeide og bygge fellesskap. Vi ville finne ut korleis denne typen styresett fungerte på nasjonalt nivå, og valde ut Noreg som døme på eit land der fellesskapsløysingane fungerer relativt godt.
Det er dette han kallar «The Norway Project». Men, seier Wilson, det at ting fungerer godt i dag, betyr ikkje nødvendigvis at det vil fungere i framtida.
– Den nordiske modellen for samarbeid fungerer godt og er internasjonalt anerkjent. Men kvifor fungerer han? Kan kjerneprinsippa til Ostrom hjelpe oss å forstå meir, og om modellen vil fortsette å fungere i ei verd som stadig endrar seg?
SAMARBEID OG TEKNIKKAR
Wilsons siste prosjekt så langt er Prosocial, eit slags rettleiingsprogram for å lære grupper å samarbeide betre. Programmet tek utgangspunkt i dei åtte kjerneprinsippa hjå Ostrom. Prosjektet har alt lært opp rettleiarar i Oslo, og prosjektleiarane ønsker å jobbe med skular, bedrifter og nabolag – for slik å spreie teknikkane vidare. Grupper som må samarbeide for å oppnå det beste for fellesskapen, kan bruke kjerneprinsippa som nyttige verktøy, seier Wilson.
– Seier du at nordmenn ikkje har perfekte samarbeidsevner?
– Ja. Det Elinor Ostrom fann ut om organiseringane av allmenningane, er ikkje at alle ressursane blir styrte på éin måte, men at styringa varierer. Nokre grupper fungerer bra, andre att fungerer mindre bra. Og det var nettopp denne variasjonen som gjorde det mogleg for ho å utarbeide kjerneprinsippa.
– Eg trur Noreg scorar høgare i snitt på samarbeid enn mange andre land, men som i resten av verda vil det vere stor variasjon. Eg har jobba med fleire ulike grupper, og det interessante er at sjølv om ei gruppe er svært oppteken av fellesskapen, betyr det ikkje at gruppa fungerer bra som gruppe. Det har ikkje med intelligens å gjere, men at kvar og ein jobbar mot ulike mål. Eit vanleg problem oppstår når fleire ser ut til å meine at dei veit best, og prøver å presse gjennom sine meiningar. Kan hende gløymer ein tidleg i samarbeidet å opprette system for konfliktløysing, gruppa jobbar etter uklare mål, eller fordelar og ulemper er ujamt fordelte. Det held ikkje å kjenne til kjerneprinsippa: Dersom dei ikkje blir innførte i praksis, er det svært sannsynleg at gruppa vil feile.
Prøv sjølv! Sjå for deg ulike grupper i livet ditt, og du vil raskt sjå at sjølv om kjerneprinsippa er nokså intuitive, og kanskje openberre, så bryt vi dei likevel kvar dag, seier Wilson.
– Kjerneprinsippa handlar på mange måtar om individ som må innrette seg i system for at fellesskapen skal fungere best mogleg. Kan dei framstå som autoritære?
– Nei, ikkje prinsippa i seg sjølv. Autoritære system er kjenneteikna av at nokon fortel andre kva dei skal gjere, også mot deira eiga vilje. Det kan vere ein dominant medlem av gruppa eller ein autoritet utanfor gruppa, som til dømes styresmaktene. Kjerneprinsippa handlar i motsetnad til dette om sjølvstyre, og dei er laga for å unngå autoritære styresett. Det stemmer at dei hjelper grupper å definere, overvake og handheve eit regelverk. Men dersom regelverket har blitt utarbeidd gjennom konsensus, er dei vel heller antiautoritære?
– Kanskje ikkje autoritære, men det handlar framleis om individ som må innrette seg etter eit system?
– Når ei gruppe skal einast om eit felles regelverk eller eit sett med normer for oppførsel, så kan dei sjølv velje kva norm dei set høgast. Om dei for eksempel framhevar individualitet, ja, så blir dette ei norm som blir handheva like ivrig som andre normer. Det er openbert at folk ikkje kan oppføre seg nøyaktig som dei sjølv vil innanfor ei gruppe. Og nettopp difor er det så viktig å bli einige om eit regelverk i fellesskap.
KVINNER OG FELLESSKAP
Ostrom er altså den einaste kvinna som har vunne det dei fleste kallar nobelprisen i økonomi. Teoriane hennar kan setjast i kontrast til eit økonomifag med utgangspunkt i eit rasjonaliserings- og nytteperspektiv – ei tenking om at menneske ikkje klarar å samarbeide, og at dei difor treng marknadsmekanismar eller ein stat for å administrere ressursane, og som slik har skapt forteljinga om allmenningens tragedie. Fagtradisjonen feministisk økonomisk teori tar derimot utgangspunkt i ei tenking om menneska som del av grupper; vi samarbeider med kvarandre og er avhengige av kvarandre.
– Må ein vere ein eldre, akademisk mann for å ha det privilegiet det er å bygge ein økonomisk teori ut frå at vi primært handlar som enkeltindivid? Kva slags teoriar ville vi fått dersom kvinnene – som gjennom historia har laga maten til professorane og teke vare på barna deira og hushaldet – hadde fått meir definisjonsmakt frå starten? Elinor Ostrom var den som lenge sørgde for at det samfunnsvitskapelege fakultetet gjekk rundt, og som passa på at studentane hadde det bra. Trur du kjønnet til Elinor Ostrom var viktig for at ho klarte å forstå menneske som del av ein større fellesskap, og som grunnleggande samarbeidsvillige?
– Absolutt. Eller, for å seie det på ein annan måte: Eg trur ikkje det er tilfeldig at det var ei kvinne som arbeidde fram denne teorien. Men eg vil gjerne legge til at det har vore fleire menn som òg har jobba med liknande spørsmål, inkludert mannen hennar, Vincent Ostrom, som forresten var ein svært støttande mann. Heldigvis er ikkje skilja mellom kjønna så absolutte som vi ofte skal ha det til. Evolusjonsteori viser oss heller at det bak kjønnskategoriane eksisterer fleire variasjonar, og at kategoriane overlappar kvarandre, seier Wilson.
Elinor Ostrom vann altså ein nobelpris i økonomi, men framleis kjenner dei færraste økonomistudentar til teoriane hennar. Kanskje det ikkje var så merkeleg at mange økonomar var skeptiske til at ho i det heile fekk prisen; ho var trass alt statsvitar. Samtidig er teorien om «allmenningens tragedie» å finne i kvar ei introduksjonsbok i samfunnsøkonomi. Så kvifor er det likevel ikkje plass til Ostrom?
Det er liten tvil om at den menneskelege eigennytten, i tillegg til kortsiktige omsyn til profitt, har ført til at allmenningar og naturressursar har blitt øydelagde over heile verda. Spørsmålet Ostrom stiller, er om vi kan klare å organisere oss på måtar som kan hindre dette. Erfaring gir oss mange døme på at vi kan lukkast. Kan hende må vi kvitte oss med forståinga av mennesket som grunnleggande egoistisk? Kan vi bygge ei alternativ forteljing på det vi veit om mennesket og samarbeidsevnene? Ja, seier evolusjonsbiologen. Spørsmålet er om han klarar å overtyde økonomane.
NOTAR
[1] http://freakonomics.com/2009/10/12/what-this-years-nobel-prize-in-economics-says-about-the-nobel-prize-in-economics/
[2] Den nordiske modellen er eit omgrep som blir brukt til å beskrive kjenneteikn ved økonomi og arbeidslivsorganisering som skil dei nordiske landa frå andre vestlege land. Blant fellestrekka som ofte blir trekte fram, er ein offentleg velferdsstat, låge inntektsskilnader og samarbeid mellom arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar.