Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Døden søkte meg i natt

Av Anders Brenno

To dikt om døden

Anders Brenno (f. 1988) er antikvar og bibliotekar i Oslo, men kjem frå Bagn i Valdres. Han har gjeve ut Vampire Yeah på Aschehoug (2015.) Han er òg bildekunstnar, og mange av motiva er frå Bagn.

Døden søkte meg i natt

Døden søkte meg i natt –

Eg høyrde han kalle igjøno glaset.

Eg bad han leie meg på ferdi

så eg ikkji fall førr eiga hand.

Me gjekk øve gulna kjølvo.

Bråmeinde kælva spratt og stupte bak øss.

Helsinga nådde frå høgdi,

under gråndekte baldakina, frå sala tå bar.

Brostne hjarte, sukka neri kleivo.

Skinnvengjer skreik langt borte ein stan.

Stilt spurde Han meg ko eg søkte.

Eg svarde omsider: at det eg vona, va

Dei Venlege Ord.

Me drog øve tjødni.

Lik støkte fugla, det gara på vatnet

Fisken vaka under bergtogni,

kvite friveld, mest ikkji synan –

og snart såg eg

te mi store undring

soli leike på hustaki

øve Bergo!

Kjølvo: fleirtal av ei kjelve, dvs. ei eng

Skinnvengje: flaggermus

Friveld: fivreld, dvs. sommarfugl

Bøn

I bøn røre lepa seg gjønno ti-år tå natt

Våre kroppa slutta seg om hinan

Lik skrale møne under tunge kyrkjetak

Me, fallne visera

krøke øss mot midnatt

I reingjetaratns draum flyg me øve høge borge

Og me fell som brestande klukkekolva,

frå sorgkyngjande midnattstårn

under øss: dei kjærleikslause blir senkt ner i grefto

saktar enn ei nedattgåande sol

Minno ruva øve landskapet,

lik kjempa som glana ut øve fjell

gamle mumla om di skjebne

kvite kisto driv tunge i elvestraum

Å Signi!

snø på vatn driv

lik ungelik i dine auge

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar