Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Når fjellet blir fullt

Av Knut Aastad Bråten

I lokalavisa smiler ordføraren og ein utbyggjar. På bordet framføre dei ligg planar for endå eit nytt hyttefelt med opp til 1000 nye hytter.

Knut Aastad Bråten (f. 1976) er redaktør i Syn og Segn

Dei siste ti åra har eg vore turist i Sveits. Miljørekneskapen min skal eg ikkje skrøyte av. I staden vil eg fortelje deg kva eg ser når eg skodar ut over det sveitsiske landskapet. Landet er vakkert og reint. Det er dyrt å feriere her, men den sveitsiske servicen er meir påliteleg enn servicen heime i Noreg. Infrastrukturen er profesjonelt utbygd, med stigar, skilt og serviceområde – og gondolbane til dei høgste nutane. I turistbyane: leilegheiter, pensjonat og hotell. 

I Noreg er det annleis. Då turistane forsvann frå høgfjellshotella ein gong på 90-talet, vart fjellet forvandla til ein byggeplass for hytteutbyggjarar og tomtespekulantar. I fjellgrunnen låg ressursar for han som ville satse. I 1970 var talet på fritidsbustader 190 000. I 2017 har talet auka til 426 932, skriv Statistisk sentralbyrå. Kvar mann si hytte. For mange utkantkommunar er hyttene den største og viktigaste næringa. For nokre av dei den einaste. 

Korleis forvaltar vi fjellet på beste måte? Finst det ei grense for kor mange hytter vi kan byggje, og korleis skal vi utvikle fjellområda for komande generasjonar? 

Den bevisste øydelegginga av vill og urørt natur er eit av dei største miljøproblema våre, skreiv tidlegare riksadvokat Georg Fredrik Rieber-Mohn i Aftenposten tidlegare i år. Arealinngrep er den viktigaste årsaka til at naturmangfaldet blir redusert. Knapt 12 prosent av landet er villmarksprega, skriv Rieber-Mohn. I Sør-Noreg er talet under 5 prosent. 

Eg er lokalpolitikar i Nord-Aurdal kommune. For nokre veker sidan var vi på synfaring. Ein utbyggjar ynskjer å satse. Han har planar for fleire hytter i eit urørt naturområde.

Under synfaringa blir vi orienterte om planane og om plasseringa av hyttene. Nokre nemner «heilage grenser» – område det ikkje bør byggast på – og får eit ullent svar i retur. Dessverre blir det inga samtale om planen eller hyttebygging generelt. Tida er knapp, og vips, så er møtet over.

Diskusjonar om hytteutbygging er sjeldan kost i kommunestyresalen, og skjer som regel berre i samband med revidering av kommuneplanane. Dei blir reviderte éin gong i kvar kommunestyreperiode. I mellomtida styrer kommunen byggeaktivitetane etter gjeldande kommuneplan.

Planen seier noko om kor ein kan bygge, og kor ein ikkje kan bygge i ein bestemt periode, men no og då blir det også gjeve dispensasjon frå gjeldande plan. Når planperioden er over, og planen skal reviderast, er det ikkje uvanleg at kommunane tek hol på nye, urørte naturområde. Heilage grenser har kort levetid.

Den aggressive hyttebygginga fylgjer sin eigen rytme. Det er ikkje lokaldemokratiet og politikarane som styrer utviklingstakten i kommunen, men utbyggjarar som lokkar med nye arbeidsplassar, omsetning i butikken og pengar i kommunekassa. Marknaden seier no eller aldri, vinn eller forsvinn. Å vere imot byggeplanane er å vere imot utvikling. Å vere for er å vere progressiv og framoverlent.

Det blir skapt mykje med hyttebygginga. Saman med landbruk og offentleg sektor er sektoren ein av motorane i bygda. Nokre får eit snikkaroppdrag, andre sel ei tomt og får pengar til ny driftsbygning. Men økonomien i hyttemarknaden er utsett. Bransjen er prega av mykje sesongarbeid, lågt utdanningsnivå og låge lønningar. Og mykje utanlandsk arbeidskraft, skriv rådgjevar i Oppland fylkeskommune, Svenn Arne Lie, i ein diskusjon på Facebook. Men areal er også ein avgrensa ressurs. Er det mogleg å hente ut verdiar frå fjellet på andre måtar?

Ekspansiv hyttebygging gjer næringa og lokalsamfunna sårbare for skiftande konjunkturendringar. Ynskjer vi vekst og utvikling, må vi spreie risikoen – utnytte ressursane på andre måtar. Tre av fire kommunar nyttar seg ikkje av yrkeskvalifikasjonane hjå hyttefolket, og det er også liten grad av interkommunalt samarbeid om hyttebefolkninga, les eg på forskning.no. Gløymer vi hyttefolka som bidragsytarar og ressurs?

Ordet berekraft er i vinden som aldri før, og gjev godt samvit til dei som ynskjer å leve på lag med naturen. Ei berekraftig utvikling betyr at vi ikkje forringar forbruksbehovet for komande generasjonar, les eg ein stad. Omgrepet vart kjent med Brundtlandkommisjonen i ‘87, men det er fyrst dei siste åra at ordet har slått rot i språket. I dag blir det brukt om det meste, heile tida, eller som Trygve Lundemo i Adresseavisen kallar det: «et ord i tåka».

Er hyttemarknaden berekraftig? Familiar i tunge bensinbilar i kø frå byane og ut i distrikta, straum og oppvarming av tusenvis av hytter. Vatn og kloakk. Materiell støy og visuell støy. Høg standard på hyttene får store konsekvensar for miljøet, seier Rasmus Steffansen, han forsvarte doktorgradsavhandlinga om fritidsbustader ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås tidlegare i år. – Det kan ikkje fortsette slik, sa han til Aftenposten den gongen.

Steffansen seier at mynde for omregulering av nye hyttetomter må flyttast frå kommunen og til staten. Er ikkje lokalpolitikarane skikka til å styre hytteutviklinga i sine eigne kommunar? Uavhengig av kven som sit med handa på rattet: Veksten i hyttenæringa peikar i ei retning: oppover. Difor fortener bransjen også ei kritisk tilnærming og meir merksemd frå lokalpolitikarar og nasjonale politikarar. Korleis vil du at bygda di skal sjå ut om 100 år?

Fleire faktorar er med på å styre utviklinga. Fråvær av kunnskap, mellom anna. På 90-talet tilsette mange kommunar miljøvernrådgjevarar, med økonomisk støtte av staten. Då støtteordningane forsvann, forsvann også rådgjevarane. Ynsker vi å styrke miljøkunnskapen i norske kommunar endå meir, må kommunane tilsette han og ho som kjenner konsekvensane av miljøtruslane. Av hyttebygging, til dømes.

«Masseturismens suksess ødelegger for reisemålene selv», skreiv ein eg kjenner, i Aftenposten for ei tid tilbake. Eg undrar meg om vi er i ferd med å gjere det same i våre eigne naturområde. Ettertida vil dømme oss hardt om vi ikkje forstod det.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar