Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Retten til å vere ekstremist

Av Runar B. Mæland

Nazistar marsjerer igjen i gatene i fleire europeiske land. Det vekkjer liv i eit klassisk dilemma: Kor langt skal vi gå i å tolerere grupper som vil nekte andre dei demokratiske rettane dei sjølve nyt godt av? Filosofiprofessor Kristian Skagen Ekeli meiner politiske ekstremistar bør ha rett til å ytre seg, men ikkje nødvendigvis ein rett til å stille til val.

Tommy Ellingsen (f. 1986) er fotograf, busett i Stavanger. Han har jobba som fotograf på heiltid i ti år og jobbar for Dagens Næringsliv, Stavanger Aftenblad ofl. Han har vunne fleire prisar, mellom anna Årets bilde i 2011 og Årets nyheitsbilde i 2017. Runar Bjørkvik Mæland (f. 1988) har ein mastergrad i filosofi frå Universitetet i Oslo, og jobbar som informasjonsrådgjevar og skribent.

Dei kallar seg stolt nasjonalsosialistar, og vil skape ein «autoritær og handlekraftig» stat. Dei vil «knuse homolobbyen» og kallar innvandring eit «folkemord på Nordens befolkning». Den nordiske motstandsbevegelsen har dei siste åra rekruttert medlemer i heile Norden, og PST omtalar dei i si siste trusselvurdering som ei drivkraft for aukande høgreekstrem aktivitet. Gruppa har aksjonert i fleire norske byar, og i fjor sommar marsjerte dei med flagg og uniformer i Kristiansand. I Sverige demonstrerte dei nyleg på politikarstemnet Almedalsveckan, noko som fekk justisminister Morgan Johansson til å seie at regjeringa vil vurdere å forby nynazistiske organisasjonar. Fleire har sidan teke til orde for at Noreg bør følgje etter. Er det ei krenking av demokratiske rettar, eller eit nødvendig vern av demokratiet?

– Nynazistar som marsjerer i gatene – er det noko vi skal tolerere?

– Eg meiner at også nynazistar bør ha ein rett til å ytre synspunkta sine. Vi kan ha restriksjonar på kva tid, stad og måte dei kan demonstrere på, det er uproblematisk. Men eg går mot restriksjonar som diskriminerer mellom idear og meiningar. Eit liberalt demokrati bør vise respekt for personar som sjølvstendig tenkjande aktørar, og ut frå den premissen er det problematisk å sensurere kva slags tankar personar skal ha rett til å ytre, høyre og vurdere som del av den offentlege debatten, inkludert ekstremistiske synspunkt.

– Mange vil innvende at nazistiske ytringar skadar menneskeverdet til dei utsette gruppene nazistane rettar seg mot, som jødar, muslimar, homofile?

– Det er eit sentralt argument som ofte kjem opp i debatten. Rettsfilosofen Jeremy Waldron argumenterer for at det er tillateleg for eit liberalt demokrati å forby hatefulle ytringar for å beskytte personars verdigheit og skape eit miljø prega av gjensidig respekt. Dei fleste vil vere samde i at staten har ei plikt til å vise respekt for personar som frie og likeverdige. Men inneber det ein rett til at andre borgarar ikkje skal ytre synspunkt som avviser at du og eg har ei verdigheit? Eg meiner ikkje det. Vi kan vere einige om at det er moralsk gale å seie at nokon ikkje bør behandlast som frie og likeverdige, men mitt poeng er at personar bør ha ein juridisk rett til å ytre synspunkt som kan vere umoralske.

– Når høgreekstreme får spreie bodskapen sin, spreier dei frykt, som kan føre til at andre ikkje tør å ytre seg. Må vi ikkje her vege fridomen til ulike grupper mot kvarandre?

– Det er eit interessant argument. Eg meiner at viss du brukar ytringsfridomen på ein måte som klart krenkjer andre personars grunnleggjande moralske rettar, så kan det vere gode grunnar til å avgrense han. Men er det slik at politiske ytringar under normale omstende krenkjer andre sine rettar? Kan det å ytre eit politisk synspunkt i seg sjølv krenkje retten andre har til å ytre seg ved å bringe dei til tausheit? Det kan vere at nokon kjem med truslar, men det er brei semje om at retten til ytringsfridom ikkje omfattar truslar.

– Men er det ikkje grunn til å gå ut frå at det finst eit reelt valdspotensial i sjølve den nynazistiske ideologien?

– Ein kjend amerikansk høgrerettsdomar, Oliver Wendell Holmes jr., har sagt at «kvar ein idé er ei oppelding». Mange typar idear og doktrinar har motivert og kan motivere til valdshandlingar, til krig og terrorisme – til dømes tekstane i Bibelen, i Koranen eller verka til Karl Marx. Men trass i at slike doktrinar og idear før eller seinare kan plukkast opp av nokon som vil bruke dei til å rettferdiggjere alvorlege valdshandlingar mot andre, vil det føre langt av stad å forby alle slike synspunkt og idear. Skal vi som ein del av ein føre-var-strategi forby Koranen? Du ser kor dette ber av garde.

– Fleire tek no til orde for å forby nynazistiske organisasjonar for å verne om demokratiet. Er ikkje det ein fornuftig idé?

– Her meiner eg det er viktige å skilje mellom politiske rettar som gjev deg ei makt til å styre eller bestemme over andre, og dei rettane som ikkje gjer det. Nokre rettar gjev deg makt til å styre over andre, som retten til å røyste og retten til å stille til val. Men retten til ytringsfridom og forsamlingsfridom gjev deg ikkje rett til å bruke tvangsmakt overfor andre personar. Å nekte nokon retten til å foreine seg er ikkje ein god idé, men i prinsippet meiner eg det er greitt å ta frå ekstreme grupper retten til å danne politiske parti som kan stille til val.

Det er minst to gode grunnar til det. Eit liberalt demokrati bør ikkje vere ei sjølvmordspakt; det må ha høve til å beskytte seg sjølv. Ein annan viktig grunn er at ingen har ein naturleg moralsk rett til å styre over andre eller utøve betydeleg tvangsmakt. Det er rimeleg å stille krav om at dei som blir tildelte ein rett til å utøve makt over andre, må vise respekt for andre personar og deira grunnleggjande politiske og sivile rettar.

– Kvar trekkjer vi grensa for kva slags parti eller politikarar ein kan nekte å stille til val?

– Kriteria mine er at dei må avvise demokratiske kjerneverdiar og rettar, og dei må ha som politisk mål å avskaffe liberale institusjonar og etablere eit illiberalt eller udemokratisk styresett. Dei må vere urimelege i den tydinga at dei vil bruke vald eller statleg tvangsmakt til å undertrykkje meiningsmotstandarane sine, eller ta frå dei politiske rettar og moglegheiter. Så må ein gå ut i den verkelege verda og sjå kven som oppfyller desse krava. Lista ligg høgt, men nynazistar er openbert innanfor.

– Så høgreekstremistar bør kunne demonstrere og spreie ideane sine, men ikkje stille til val?

– Sjølv om det er tillateleg å forby ekstreme grupper å danne politiske parti, er det ikkje nødvendigvis klokt å gjere det. I umogne demokrati som saknar ein sterkt etablert demokratisk kultur, kan det vere gode grunnar til å forby dei å stille til val som ein føre-var-strategi. Eg har vanskelegare for å sjå at det er klokt å gjere det same i eit land som Noreg. Å forby dei kan skape politiske martyrar og gje dei meir merksemd, og i nokre tilfelle kan det styrke dei og gjere dei meir farlege enn om dei er framme i lyset.

I Tyskland har forfatningsdomstolen ein rett til å forby udemokratiske parti, og dei tyske styresmaktene var ganske aktive i å bruke denne retten mot nazistar og kommunistar i den første perioden etter andre verdskrigen. Dei har vore langt meir atterhaldne med det i seinare år, og mykje av grunnen til det er nettopp at dei meiner det berre vil gje dei ekstreme gruppene meir merksemd. Så lenge dei utgjer marginale grupper, har dei heller late vere å forby dei.

– Tyder det at vi som lever i eit moge demokrati, ikkje burde bekymre oss så mykje for trusselen frå høgreekstreme grupper som Den nordiske motstandsbevegelsen?

– Så vidt eg kan skjøne, så utgjer dei ein større tryggleiksrisiko enn ein trussel mot at det liberale demokratiet skal overleve. Førebels er det snakk om marginale grupper og små miljø. Eg er eigentleg litt overraska over kor stor merksemd media gjev desse gruppene når dei ein sjeldan gong opptrer på den offentlege arenaen.

Eg trur at meir moderate autoritære parti, som du finn i mange europeiske land, er ein større trussel mot det liberale demokratiet. Ta til dømes Fidesz i Ungarn, der statsminister Viktor Orbán uttrykkjeleg forsvarar det han kallar eit illiberalt demokrati.

– Antirasistisk senter protesterte nyleg mot at det høgreradikale partiet Alliansen fekk vere til stades på Arendalsuka. Då det vart debatt om dette i Dagsnytt 18, vart det igjen protestar i sosiale medium mot at Alliansen fekk taletid. Er vi for hårsåre som ikkje toler å høyre krenkande ytringar?

– Eg meiner det. Eg meiner alle bør ha ein rett til å ytre og forsvare dei politiske synspunkta sine, og til å høyre og vurdere andre sine. Det betyr ikkje at alle har ein rett til at media skal gje dei ei plattform, eller at staten skal leggje til rette for at alle får høyrt synspunkta deira.

Eg meiner heller ikkje at nokon har ei plikt til å høyre og vurdere andre sine synspunkt. Det må vere opp til kvar og ein i kva grad ein vil ta dei alvorleg. Men samstundes trur eg det er bra å ta på alvor at det finst ein del folk som avviser dei grunnleggjande liberaldemokratiske ideane og verdiane i samfunnet. Den britiske filosofen John Stuart Mill argumenterte for at sjølv idear og verdiar vi tar for gitt og meiner det finst svært gode grunnar for, fort kan bli sovande dogme om dei aldri blir utsette for kritikk, vurdering og debatt. Det er eg einig med Mill i.

DETTE ER KRISTIAN SKAGEN EKELI

  • Filosof og professor ved Institutt for medie- og samfunnsfag, Universitetet i Stavanger
  • Forskar og underviser i politisk teori og demokratiteori, og har publisert fleire artiklar i norske og internasjonale tidsskrift om ytringsfridom og ekstremistars rettar

KJELDER

  • Ekeli, Kristian S. (2012). The Political Rights of Anti-Liberal-Democratic Groups. Law and Philosophy, 3–2012.
  • Ekeli, Kristian S. (2014). Ytringsfrihet og terrorisme. Norsk Filosofisk Tidsskrift, 3/4–2014.
  • Ekeli, Kristian S. (2017). Rettslig moralisme og retten til ytringsfrihet. Norsk Filosofisk Tidsskrift, 3–2017.
  • Otto, Alexandra Urisman (2018). Regeringen: Förbjud rasistiska organisationer. DN.se, 13. juli 2018.
  • Politiets sikkerhetstjeneste (2018). Trusselvurdering 2018, PST.no, 30. januar 2018.
  • Strømmen, Øyvind (2018). Nordisk trussel. Morgenbladet.no, 15. februar 2018.
Forrige
Neste
- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar