Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Teieplikt eller meldeplikt?

Av Bente Ohnstad

For å hindre at barn lid i heimen utan å få hjelp, er det lagt ned mykje innsats for å minne tilsette i barnehagar, skular og helsetenester om at dei har meldeplikt til barnevernet. Dei siste åra har talet på såkalla bekymringsmeldingar auka kraftig. Men er vi sikre på at alle desse meldingane er i tråd med ordlyden og intensjonen i lova?

Bente Ohnstad (f. 1953) er jurist og førsteamanuensis i rettsvitskap ved Høgskolen i Innlandet. Har brei erfaring frå offentleg forvaltning, undervisning, utgreiing, forsking og leiing. Bente Ohnstad har publisert fleire fagbøker og artiklar innanfor rettsområda forvaltningsrett, velferdsrett og helserett, med særleg vekt på ansvar, rettstryggleik, teieplikt og personvern.

Dessverre kan vi ikkje vere sikre på dette, seier Bente Ohnstad, førsteamanuensis i rettsvitskap ved Høgskolen i Innlandet. Fleire foreldre har kontakta henne for å få råd etter at skulen, barnehagen eller helsesyster har meldt dei til barnevernet. Felles for alle desse sakene er at vilkåra for å kunne sende ei slik melding ikkje er oppfylte.

– I ei av sakene vart ei mor meld til barnevernet fordi sonen hennar hadde stort skulefråvær. Men fråværet var grunna i sjukdom, og barnet var under medisinsk behandling. Dette var med andre ord ei grunnlaus melding som førte til problem både for mor og barn.

– Finst det eit mønster i slike saker, nokre klassiske mistolkingar? 

– Mønsteret i dei sakene eg er gjord kjend med, er at lærarar (spesielt) trur at så lenge dei er bekymra, så kan dei melde til barnevernet utan å vere hindra av teieplikta. Dei knyter ikkje bekymringa til dei vilkåra lova stiller. Men etter lova er altså ikkje ei bekymring nok for at ein har meldeplikt, det må handle om mistanke om alvorlege forhold. Er det mindre alvorlege forhold, må dei samarbeide med foreldra og eventuelt få samtykke til å kontakte barnevernet.

– Kva vilkår stiller lova for at meldeplikta til barnevernet skal gjelde? 

– Meldeplikta gjeld når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla eller utsett for alvorleg omsorgssvikt. Også der barn blir utsette for menneskehandel eller der barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsproblem, er det meldeplikt. Omsorgssvikt kan vere å unnlate å dekke behova til eit barn i ein slik grad at barnet blir utsett for fysisk eller psykisk skade eller fare. Vedvarande alvorlege åtferdsproblem kan til dømes vere alvorleg eller gjenteken kriminalitet eller vedvarande misbruk av rusmiddel. Det må vere snakk om temmeleg store avvik frå normal åtferd for at meldeplikta skal bli gjeldande, terskelen for inngrep skal vere høg.

Meldeplikta omfattar altså ikkje all kunnskap om eit barn som kan oppfattast som uheldig for barnet. Det er eit krav at denne kunnskapen kan gi grunnlag for vedtak om medisinsk hjelp, pålegg om å nyttiggjere seg spesielle hjelpetiltak for funksjonshemma, eller at det er grunnlag for omsorgsovertaking eller plassering i institusjon for barn med åtferdsvanskar. Når det ikkje ligg føre meldeplikt, gjeld teieplikta.

– Kva opplysningar er teiepliktige, og kva omsyn ligg til grunn for teieplikta? 

– Teieplikta gjeld personlege opplysningar. Personlege opplysningar er alt som seier noko om ein person, opplysningar som identifiserer ein person. Det er ikkje sett noko skilje mellom sensitive og ikkje-sensitive opplysningar. Alt til dømes ein lærar får vite om ein elev, frå eleven sjølv eller andre, er såleis personleg, med mindre det er karaktertrekk som er ålment kjende, som til dømes at eleven har eit lyte som er synleg for alle. Opplysningar om at ein elev har ein sjukdom, eit særskilt behov eller lærevanskar, er såleis teiepliktige. Teieplikta skal hindre at opplysningar som blir gitt til eller gjort kjende for eitt føremål, blir brukte til eit anna. Og personen det gjeld, skal ha herredømme over opplysningar om seg sjølv og vernast mot unødig spreiing av opplysningar.

– Kan du seie litt om historikken og prosessen som førte fram til at meldeplikta til barnevernet vart regulert – årsak og intensjon? 

– Meldepliktavgjerda, slik ho er i dag, vart innført i barnevernlova av 1992. Bakgrunnen for reguleringa var at det var påvist underrapportering av alvorlege saker med mishandling og alvorleg omsorgssvikt. Før lova av 1992 var det ein lang diskusjon med til dels sterke innvendingar frå helsepersonell mot avgjerda om meldeplikt. Innvendingane mot meldeplikta var at ho kunne rokke ved tilliten mellom helsepersonell og pasient, at dette kunne øydeleggje eller avgrense helsepersonellet sine eigne moglegheiter for å gjere noko, og at plikta kunne føre til at meldingar vart gitt på ufullstendig eller feil grunnlag.

I barnevernlova av 1992 vart det sett eit tydeleg skilje mellom mindre alvorlege tilfelle og alvorlege tilfelle. Ved mindre alvorlege tilfelle vart det lovfesta hjelpetiltak basert på samtykke og friviljugheit frå foreldra si side, og i slike tilfelle vart det statuert ein opplysningsrett for offentleg tilsette og for andre med teieplikt. Ved meir alvorlege tilfelle der tiltak kunne setjast i verk mot foreldra sin vilje, altså pålegg om hjelpetiltak eller omsorgsovertaking, vart det innført meldeplikt.

Eg skreiv stortingsmeldinga NOU 1993:33 Om helsepersonellets rettigheter og plikter med forslag til ny helsepersonellov og innarbeidde meldepliktavgjerda i lovutkastet. Der foreslo eg eit tillegg – i den føresegna som regulerte dette i helsepersonellova – med følgjande ordlyd: «Opplysninger skal likevel ikke gis dersom helsepersonellet ved enkle tiltak kan få rettet på forholdene til beste for barnet.» Dette tillegget vart ikkje vedteke.

– Kva kan årsaka vere når meldeplikta blir feiltolka eller feilpraktisert? Handlar det om manglande kompetanse, eller er ordlyden i lova lett å mistolke? 

– Eg trur det kjem av manglande kjennskap til regelverket. Ordlyden er ikkje til å misforstå.

– Kor utbreidd trur du problemet er? 

– Eg har ikkje dokumentasjon på omfanget av denne praksisen. Eg veit berre at talet på bekymringsmeldingar har hatt ein veldig auke.

– Har bekymringsmeldingar til barnevernet blitt ei kvilepute for barnehagar, skular og helsetenester? I ein Aftenposten-kronikk 22.7.15 skriv psykologane Magne Raundalen og Willy-Tore Mørch at «Barnevernet er til applaus blitt oversvømmet med bekymringsmeldinger. Det er blitt hevdet fra forskningshold at bekymringsmeldinger fra instanser der ute har ført til et overdimensjonert utredningsbarnevern, blant annet fordi de selv har kvittet seg med bekymringer de kunne ha ordnet opp i selv – i alle fall i første omgang. En meget interessant og alvorlig trend, viss den stemmer». Kva tenkjer du om dette? 

– Eg trur forskarane er inne på noko.

– Kva konsekvensar har det for barn og foreldre når melding blir send utan at vilkåra for meldeplikt er til stades? 

– Dei sakene eg kjenner til, har påført familiane store belastingar. Både elevar og foreldre har vore redde for at barnevernet skal ta barnet ut or heimen. Foreldra opplever at skulen går bak ryggen på dei og kjenner dette som eit tillitsbrot. Foreldre opplever at skulen mistenker dei for ikkje å meistre foreldreoppgåvene godt nok, og barnet er redd for kva som skal skje med dei. For mange er nok dette også svært stigmatiserande. Og som ei mor sa til meg: «Eg opplever at dersom eg tek til motmæle, eskalerer konflikten.»

– Kva konsekvensar kan det ha for meldaren? 

– Dersom det blir sendt grunnlause meldingar, kan dette innebere brot på teieplikta. Brot på teieplikta er straffbart. Eg kjenner eitt tilfelle der ein rektor vart idømd ei bot for brot på teieplikta.

– Kva råd gir du til foreldre som har opplevd å bli melde til barnevernet på lovstridig grunnlag? Har foreldre i realiteten noka form for rettstryggleik i slike tilfelle? 

– Det er ikkje så mange moglegheiter for å forfølgje slike saker med mindre ein tek dei inn for retten. Når det gjeld helsepersonell, kan ein klage til Fylkesmannen, som har eit særleg tilsynsansvar med helsepersonell.

– Ved mistanke om mishandling eller anna form for alvorleg omsorgssvikt vil meldinga byggje på meldaren sitt skjønn. Blir det stilt krav om at bekymringa er reell, eller kan ho vere «teoretisk»? Eksempelvis har enkelte barnevernskontor oppmoda skulane til å melde frå «rutinemessig» når elevar har hatt meir enn så og så mykje fråvær, sjølv om fråværet er varsla og grunngitt frå foreldra si side. Er dette i samsvar med lova? 

– Skjønnet må vere basert på konkrete vurderingar av situasjonen til barnet. I somme tilfelle vil det vere klart at vilkåra for meldeplikt ligg føre, i andre tilfelle er utfallet avhengig av vanskelege vurderingar. Då er det rimeleg å forvente at ein gjer nærare undersøkingar i saka, for å få fram fakta før meldinga blir send. Det må altså vere grunn til å tru at barnet er utsett for alvorleg omsorgssvikt, eller at dei andre kriteria for meldeplikt er oppfylte. Til det siste spørsmålet ditt er svaret nei. Fråvær frå skulen er i seg sjølv ikkje meldepliktig. Ein må sjå skulefråværet i samanheng med kriteria i lova. Det kan vere mange grunnar til skulefråvær, og dersom fråværet kjem av sjukdom, så har ein sjølvsagt ikkje meldeplikt.

– Du har understreka at terskelen for meldeplikt ved mistanke om omsorgssvikt er meint å vere høg: Meldaren må ha ei grunngitt bekymring for at barnet er i ein situasjon der kriteria for omsorgsovertaking kan vere oppfylte. Det er med andre ord ikkje tilstrekkeleg å tru at omsorgssituasjonen kanskje ikkje er heilt optimal. Likevel høyrer ein frå fylkesmenn og andre hald at intensjonen bak meldeplikta tilseier at terskelen er meint å vere låg. Korleis tolkar du dette? 

– Det er gitt misvisande signal frå både fylkesmenn og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Det er riktig at terskelen for å kople inn barnevernet med tanke på å setje i verk frivillige hjelpetiltak er låg. Frivilligheit er basert på samtykke frå dei det gjeld, som regel foreldra. Men vilkåra for meldeplikt utan hinder av teieplikt er strenge. Det er viktig å få fram denne distinksjonen, og det synest eg ikkje at styresmaktene har vore flinke nok til.

– Er det fare for at «låg terskel» blir tolka i retning av at meldeplikta også omfattar mindre alvorlege forhold enn dei lova sikter til? 

– Ja, det viser dei tilfella eg har stifta kjennskap med. I saker som er omtala i Aftenposten (26. oktober 2017), vart foreldra melde fordi dei klaga på spesialundervisninga for barn med ADHD. Også i ei anna sak eg er gjord kjend med, der foreldre bad om tilrettelagd undervisning, vart det sendt melding til barnevernet. Dette er eksempel på grunnlause meldingar. Dersom terskelen for å melde blir for låg, kan dei grunnlause meldingane overskygge dei alvorlege sakene.

Eg vil understreke at det er viktig at dei alvorlege sakene blir melde. Omsynet til barnet går alltid først dersom det er mistanke om mishandling eller alvorleg omsorgssvikt. Då skal ein melde utan hinder av teieplikt. Men i mindre alvorlege saker bør ein gå i dialog med foreldra og spørje om dei ønskjer hjelp frå barnevernet. Ein kan ikkje gjennomføre frivillige hjelpetiltak utan samtykke frå den det gjeld. Og dersom tilsette i skule, barnehage eller i helsetenesta meiner at det er nødvendig med hjelpetiltak, må dei syte for å få samtykke til å kontakte barnevernet. Intensjonen i barnevernlova er at bruk av tvang berre skal skje dersom hjelpetiltak ikkje fører fram eller ein ser det som nyttelaust. Det er i dei alvorlege tilfella at tvangsinngrep kjem på tale og det er i desse tilfella at meldeplikt, utan hinder av teieplikt, trør inn. Om foreldra ønskjer det, skal ein kontakte barnevernet. Det treng ikkje vere i form av ei bekymringsmelding, men som eit spørsmål om hjelpetiltak.

FAKTA OM TEIEPLIKT OG MELDEPLIKT

  • Teieplikt: Teieplikta skal hindre at andre får kjennskap til visse opplysningar om ein person. Teieplikta er eit personleg ansvar og skal ta vare på tillitsforhold mellom den som gir og den som får opplysningar, og skal verne om integriteten til den opplysningane vedkjem.
  • Opplysningsrett: Når den opplysningane gjeld, samtykker, kan opplysningane givast til barnevernet. I ein slik situasjon er teieplikta oppheva, men den som har opplysningsrett, kan likevel velje å ikkje gi opplysningane vidare. Det er også opplysningsrett i enkelte andre tilfelle, men då er kravet at det skal vere nødvendig å gi opplysningar for å kunne utføre arbeidet sitt.
  • Meldeplikt: Ved mistanke om at barnet blir mishandla eller utsett for andre former for alvorleg omsorgssvikt, eller når ein ungdom har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, har offentlege myndigheiter og visse yrkesgrupper plikt til å melde ifrå til barnevernet utan samtykke frå foreldrane. I slike situasjonar kan ein ikkje velje å teie. Meldeplikta er nedfelt i mellom anna barnevernlova, opplæringslova og helsepersonellova.
  • Ansvar: Meldeplikta er eit personleg ansvar. Den som er kjend med opplysningane, kan ikkje overlate ansvaret for å melde til kollegaer, men opplysningane kan formidlast gjennom leiinga ved t.d. barnehagar og skular. Det er arbeidsgivar som har ansvaret for at dei tilsette i offentleg forvaltning kjenner regelverket om teieplikt og meldeplikt.
  • Kunnskap om teieplikt, opplysningsrett og meldeplikt: I ein Nova-rapport frå 2013 kom det fram at fleire av dei som er underlagde regelverket, ikkje hadde lese det og var usikre på om dei kjende det konkrete innhaldet.
  • Meldingsstatistikk: I 2008 vart 37 000 såkalla bekymringsmeldingar behandla av barnevernet. I 2016 hadde talet auka til 58 000 – ein auke på 56 prosent.

KJELDE

Bufdir

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar