Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Dulde krefter i folkemusikken?

AvKjellbjørn Karsrud

Å vera ein del av eit fleire hundre år gammalt nettverk kjennest som ein rikdom. Men folkemusikken i seg sjølv får kraft fyrst i møte med den som tolkar han.

Spelemannen har sidan nasjonalromantikken vore knytt til den romantiske kunstnarmyten. Ikkje sjeldan vart det tala om at dulde krefter verka inn på spelemannen og musikken. I dag vil mange folkemusikkutøvarar distansere seg frå eit slikt perspektiv. Men når folkemusikken ikkje lenger er ein del av eit romantisk nasjonsbyggingsprosjekt, kva er folkemusikken då?

Å møte folkemusikken

Folkemusikken spelar naturleg nok ei stor rolle i livet til mange av oss som syslar med han. Det er på mange måtar ein livsstil for dei mest dedikerte. For min eigen del surrar det låttar oppi hovudet, oftast umedvite, på dei tidene av dagen då det ikkje skjer så mykje anna og eg går på autopilot. Det kan vera når eg køyrer bil, driv med rutinearbeid i fjøset eller går til og frå klasseromma på skulen der eg arbeider. Folkemusikken har vore ein viktig del av meg i rundt 20 år no. Eg har brukt tallause timar på å lære meg å spela hardingfele og ikkje minst på å fordjupe meg i tradisjonsstoffet rundt – som den nerden eg er.

Når eg set meg ned og lyttar til ein spelemann, dreg eg ofte kjensel på låtten, i mange av tilfella veit eg låttenamnet, og ikkje reint sjeldan dukkar det opp bilete i hovudet. Dette kan vera bilete av gamle tradisjonsberarar, årstal, soger knytte til låttane. I andre tilfelle kan det dreie seg om assosiasjonar eller abstrakte stemningar som det er vanskeleg å setja ord på. Døme på dette kan vera stader eg knyter låttane til, eller det kan vera impresjonistiske stemningar der fargar og sinnsstemningar kan spela ei sentral rolle.

Når ein kjem frå eit stolt tradisjonsområde i folkemusikken som Valdres, slik eg gjer, er sjansane større for å bli eksponert for folkemusikk enn om ein veks opp i andre delar av landet. Likevel held musikken fram med å vera ein kuriositet også for dei fleste som veks opp og lever liva sine der. Me må nok attende til mellomkrigstida for å kunna seia at folkemusikken spelte ei sentral rolle i liva til folk flest i bygdene i Valdres. Ein del av oss som driv på innanfor denne sjangeren, har vakse opp med foreldre, besteforeldre eller andre slektningar som på eit eller anna vis har motivert oss til å halde fram med øvinga i dei formative ungdomsåra. Slik sett har me då fått mykje gratis. Dermed kan ein bli fortusta iblant når ein høyrer om folk som har hatt ein annan inngang til denne sjangeren.

Til dømes finst det mange folk med sentrale roller i folkemusikkverda som ikkje har vakse opp i typiske folkemusikkdistrikt. Historiene deira om korleis folkemusikken vart forakta, eller i dei fleste tilfelle ikkje ensa, er tankevekkande i seg sjølv. Og likevel vart møtet deira med folkemusikken avgjerande. Ein skulekonsert kunne vera nok til at dei oppsøkte eit folkemusikklag eller eit tilbod om folkemusikk i kulturskulen. Eller det kunne hende at dei ved ei tilfeldigheit kom til å høyre på Folkemusikktimen og såleis vart selde. Om dei då ikkje snubla borti det på YouTube og Spotify. I dag finst det spelemannslag og spelemenn i fleire statar i USA i vest og i Japan i aust. Det finst folk som har flytt til Noreg for å drive med norsk folkemusikk og koma nærmast mogleg kjeldene, sjølv i ei verd der ein er nokre YouTube-klikk unna alt ein kan ynskje seg. Kva er det som dreg dei hit? Kva er det i musikken som gjer slikt inntrykk?

Kontekstuelle dilemma 

I gamal tid var ein del av låttane knytte nær opp mot både naturlege og overnaturlege fenomen. Ofte finst det segner og såkalla «rispo» til låttane. Eit fenomen i Valdres-tradisjon er «klukkelåttar». Dette er låttar som inneheld element av programmusikalsk karakter – etterlikning av kyrkjeklokker. Av dei gjævaste kan eg nemne «St. Thomasklokkelåtten», som skal gje att den sørgmodige klangen til den eine klokka som var att, etter at systerklokka fall gjennom isen då dei vart frakta vekk etter rivinga av St. Thomaskyrkja i 1808. I ein kommentar knytt til denne soga seier folkemusikkleksikonet Haldor Røyne, og han siterer spelemannen Ola Grihamar, at det nok meir er klagesongen frå folket som kjem til uttrykk i denne låtten.

I same kategori finn me låtten «I Oletjedn i Olekinn», som er knytt til ei soge der ein gutunge vart borte i fjellet. Dei ringde med kyrkjeklokkene for å få han attende frå haugafolket. Då bergsprekken der han var innteken, begynte å opne seg, datt klokka ned, og guten var tapt for alltid. På same vis finst det særs mange døme på korleis spelemenn har lært kunstene sine av meir eller mindre vonde krefter oppgjennom tidene.

I dag er det knapt att nokon som trur på dulde krefter i fjellheimen, men folkemusikarar held framleis fram med å fortelja desse sogene, gjerne med ein ironisk tone, slik at folk skal skjøna at dei ikkje meiner alvor. Sannsynlegvis er denne forteljartradisjonen ein arv frå det me i denne samanhengen kan kalle den andre nasjonalromantikken, då spelemenn frå 1870-talet og til kjølvatnet av unionsoppløysinga heldt konsertar i tradisjon etter Ole Bull og Myllarguten. Om spelemennene på den tida meinte alvor med det dei fortalde, varierte nok i større grad enn i dag, men mange av dei vaks opp i miljø der haugafolket og «dei andre» var ein del av kvardagen. Ut frå dette har me interessante låttetitlar som spenner frå det nasjonalromantiske «De to huldregubber kappspiller i Gaustadfjell en sommernatt», via dei poetisk-realistiske «Budeiene på Vikafjell» og til den naturalistiske «Influensaen». I fleire tilfelle er det nok grunn til å tru at desse låttetitlane vart brukte som marknadsføringsgimmickar på konsertplakatar. Folkeminnesamlaren Rikard Berge fortel at Myllarguten mot slutten av livet var lei det nasjonalromantiske oppstusset. På ei spelferd uttalte han følgjande til reisefølgjet sitt, Olav Sandaak, om påstanden om at han hadde lært av Fossegrimen:

«Her æ de rimeligt at Fossegrimen bur, å du skò no hava lært av han» [sa Olav]. «Fossegrimen! Håkken e’ dæ?» «Aa de e ein fossegud’e. De stend om ‘n i visa di». So las Olav upp visa hans Welhaven. «Ja, slike fans diktarar; slike fans rægglur!» sa Myllaren. De var Gud forsyne meg berre påfunn og rusk og rask, og noko burtetter alle markir (Berge, 1998, s. 90).

Når mange av desse historiene heller ikkje i ein moderne kontekst har att folk som trur på dei, verken av dei som spelar eller lyder, blir det forteljingar som vitnar om ei anna tid. Slik sett spelar folkemusikken seg på sidelinja samanlikna med sjangrar som kommenterer samfunnet me lever i i dag. Ein del folkemusikarar løyser dette ved å fornye den kontekstuelle informasjonen i tillegg til sjølve musikken. Det er ikkje uvanleg at ein attåt låttane formidlar sjølvopplevde hendingar og anekdotar, gjerne med meir eller mindre humoristiske vriar, som kanskje med tid og stunder vil gå inn i tradisjonen. Eit anna grep er å la musikken tala for seg sjølv og skjera kontekstuell info ned til beinet. Kanskje er det den rette måten å gjera det på for ein del. For andre vil det å formidle desse sogene, å setja musikken inn i ein kontekst, vera ein måte å leie nye lydarar inn i sjangeren. Dette handlar om å leggje til rette for nye lydarar, for «dei innvigde» har i mange tilfelle høyrt desse sogene mange gonger før.

Kva med sjølve musikken?

I musikken bur det uansett noko som kan røre ved kjenslene til folk, men dette «noko» kan ikkje framkallast på kommando. I forteljingar om spelemenn i eldre tider kan me høyre om spelemenn som kunne trolle med fela, til dømes var det utbreidde aktivitetar å få strengene til konkurrentar til å ryke, få drammeglas til å danse på bordet eller å spela seg opp i ekse. Det blir fortalt at då gamle Nils Beitohaugen (mellom andre) var i sin beste brage, var det eit eldfullt spel, somme dansa og somme gret. Dette kan ein oppleva også i dag om ein er til stades på rett stad til rett tid.

Folkemusikken, og særleg felespelet, har også vekt mykje negative kjensler opp gjennom tidene. Hardingfela og religiøse krefter har til dømes ikkje alltid kome like godt ut av det med kvarandre. Det kom for ein del av at det ofte fylgde med mykje fyll og spetakkel der fela var, såleis vart hundrevis av feler brende under fleire bølgjer med vekkingar frå midten av 1800-talet og fram til mellomkrigstida. Kontrasten til i dag er slåande, då mange gjerne vil ha folkemusikalske innslag i samband med seremoniar i kyrkja. Eit anna døme er då folkemusikken fekk sin plass i kringkastinga i NRK sin spede barndom: Avisene fløymde over med arge innlegg. Koplinga til «det nasjonale» stod heller ikkje særleg høgt i kurs i åra etter krigen. Dette syner at folkemusikken også har hatt evna til å provosere, sjølv om det i mange av tilfella kanskje ikkje er musikken i seg sjølv ein har reagert på.

I dag er det mange som nok vil trekke fram folkemusikk som noko typisk norsk, men er det noko folkemusikken ikkje er, så er det nettopp det. Folkemusikken er lokal og regional. Mykje av han har også opphav i europeiske stilimpulsar som er komne inn med tidlegare tiders innvandringsbølgjer og andre former for kulturell utveksling. Det betyr likevel ikkje at den norske folkemusikken er importert, for han er gjerne foredla gjennom fleire generasjonar med spelemenn, der ein ikkje har hatt andre arkiveringsmetodar enn øyra og hugsen. Såleis har han fått det lokale og regionale særpreget me kjenner i dag.

Intertekstuelle referansar

Noko skjedde med folkemusikken i det musikkskulerte folk fatta interesse og begynte å teikne han ned på notar, og kanskje i aller størst grad frå den dagen det var mogleg å gjera opptak. Ein fekk då høve til å kontrollere formene opp mot ideala. Dei fleste av oss er ikkje skapte på den måten at me evnar eller har lyst til å kopiere nøyaktig eldre førebilete, og slik sett vil det alltid vera snakk om ei utvikling i spelet. Denne låtte-darwinismen, der dei beste bidraga frå kvar tradisjonsberar overlever, vil særleg vera gjeldande i tradisjonsområde der det har vore mange aktive spelemenn over lang tid. Såleis er låttane fellesprosjekt som er under kontinuerleg utvikling. Mange av låttane har vore gjennom denne eltinga i tiår, ja kanskje hundreår, og der det har vore inne utrulege ressursar med god smak for musikk. Mellom meg sjølv og 1700-talet skil det berre fem lekkar i tradisjonsnettverket på det minste. Me kan også kyte på oss at den personen her til lands som har levd lengst attende i tid, og som det finst lydopptak med, spelte hardingfele. Det var Ola Mosafinn (f. 1828). Han høyrde og lærte garantert av folk som var fødde i det førre hundreåret – og såleis er det lyden av 1700-talet som siv ut av dei sprakande pathéfonplatene me kan høyre den dag i dag.

Som i litteraturen kan ein operere med omgrepet intertekstualitet i folkemusikksamanheng. Dei mange tusen låttane og låtteformene går inn i eit nettverk, og det har vore prøvd å laga heilskaplege oversikter over dette nettverket. Det kan vera frå ørsmå «tak» til lengre vek som ber slektskap til andre låttar. For at musikken skal gje ei djupare meining, må ein lære seg å kjenne til nokre av desse koplingane, som når ein les romanar. På same måte går me spelemenn inn i eit nettverk av spelemenn som har vore før oss, og dei som kjem etter oss. Der ligg noko av essensen i folkemusikken, me kan laga små og store spor etter oss ved å gje låttane personleg utforming, og det beste av det me finn på, vil kanskje overleva oss og finnast så lenge nokon spelar norsk folkemusikk. Om ikkje, er det gjevande i seg sjølv å vera ein del av eit fleire hundre år gamalt nettverk.

I dag følgjer det stort sett med ei slags nysgjerrigheit til sjangeren, og ofte kan ein bli beden om å spela ein lått no og då, sjølv om dei fleste klarar seg med éin. Innvendinga er stort sett variantar av at «det høyrest likt ut», og «har du høyrt éin, har du høyrt alle». Eg vil tru at det er kjent for utøvarar i fleire musikksjangrar. For oss som verkeleg har sett oss inn i folkemusikken, er noko av det mest slåande at spennvidda er så stor. Frå ein innvigd folkemusikar sitt perspektiv er spennvidda mellom ytterkantane i folkemusikkverda minst like stor som spennvidda frå country til heavy metal.

Viss ein spør om det finst ei eiga kraft i folkemusikken, trur eg at det er høgst subjektive opplevingar av og meiningar om det. Innanfor miljøet er det mange låttar det er knytt konnotasjonar til, medan det i mange tilfelle er snakk om private assosiasjonar. Éin lått lærte eg til dømes hjå læremeisteren min heime på kjøkenet hans ein sundag då eg var 15 år; ein annan høyrde eg for fyrste gong på ei kappleiksscene då eg var i 20-åra; ein tredje fann eg i arkivet i fjor under noko gullgravingsarbeid. Nokre låttar blir liggande i årevis før ein tek dei opp att, andre spelar ein kvar veke og får nye assosiasjonar til. Mykje av det handlar kanskje om kva for stadium ein er i elles i livet. Såleis finst det ikkje ei kraft i folkemusikken i seg sjølv; krafta blir til i møte med kvar enkelt som skal fortolke musikken.

*

Kjellbjørn Karsrud (f. 1986) er frå Leira i Valdres, busett i Lom. Han er ein skikkeleg hardingfelenerd, med oversikt over det meste av låttar, spelemenn og kappleiksresultat.

Referansar:

Berge, R. (1998). Myllarguten – Haavard Gibøen. Skien: Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar