Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Garden til far min

Av: Oddvar Vignes

Openheit om angst og vonde kjensler vart løysinga for å koma ut av einsemda og kjensla av å vera til overs.

Oddvar Vignes (f. 1980) er agronom og foredragshaldar. Han har tidlegare jobba i DN, Vårt Land og Øyposten og jobbar no som rådgivar i Rogaland Bondelag. Vignes driv heimegarden på Finnøy, selskapet Vignes grav Å spreng AS saman med Leif Arild Steen og tek ein EMBA ved Universitetet i Stavanger.

Det var aldri tvil hjå meg då eg vaks opp, eg måtte vekk. Eg høyrde ikkje til korkje på Finnøy eller på garden. Då eg var 16 år gamal, reiste eg til Grimstad og visste at eg aldri skulle tilbake. 23 år, ei gjeldsordning og eit sjølvmordsforsøk seinare sit eg som eigar av heimegarden på Finnøy.

Ikkje noko bondeemne

Far min overtok garden etter onkelen sin. Då hadde han nokre år i førevegen tatt utdanning på ein jordbrukskule på Austlandet og returnert med stil. Han hadde ein eldre bror, men han utdanna seg til lærar. Far fekk overta garden, gifta seg med mor, og saman bygde dei nytt hus og fjøs. I løpet av ni år fekk dei tre born, to av dei søner. Framtida såg lys ut, både for familien og for garden. To gutar, kva kunne gå gale? 

Eg hadde aldri interesse for gardslivet. Nabogutane treivst med å sitja på med far sin i traktoren, helst ville dei vel køyra sjølv. Eg hadde ikkje det behovet. Eg likte ikkje så godt korkje dyr eller maskinar. Strengt tatt hadde eg ikkje så mykje til overs for bønder heller. Gå og vasa på garden, kva liv var vel det? Trass i dette likte eg meg betre når eg fekk reisa vekk til morfar og mormor på Hjelmeland. 

Når eg tenkjer på den klassiske bonden, tenkjer eg på morfar. I gravferda si vart han omtala som ein mannemann av fetteren min. Det passa godt. Morfar var ein mannemann. Han hadde nokre gigantiske hender. Dei var furete, sprukne og fulle av mold. Dei var festa på lange, senete armar. Eg har sett morfar bera staur, gjerde og ei klubbe opp bakkar eg knapt klarte å gå. Morfar tok meg på alvor når me arbeidde, og gav meg mykje ansvar. Det var noko heilt anna enn å jobba for far. Eg hadde lengre dagar hjå morfar enn det eg ville hatt heime hjå far, men dette var annleis. Dette var fridom.

Det må ha irritert far min litt, historiene frå Hjelmeland om ein lukkeleg gut som spratt opp tidleg for å vera med morfaren i skogen. Det var ikkje den guten foreldra mine hadde heime. Eg var sint. Frykteleg sint. Særleg då eg byrja på barneskulen. Eg hadde det ikkje kjekt på skulen, noko som førte til at eg ikkje var nokon solstråle når eg kom heim heller. Eg ville sparka fotball eller vera i fred; kva som skjedde på garden, kunne ikkje brydd meg mindre.

Då eg vaks til og ungdomsskulen starta, vart eg meir aktiv. Det gav kjærkomne inntekter å ha fjøset av og til. Du gjekk rundt i ditt eige tempo, og mjølkinga tok den tida ho tok. Var du heldig, fekk du tid til både å smugrøyka og slappa av medan du venta på at mjølkemaskinen skulle verta ferdig med ei ku. Men i motsetning til bror min lærte eg meg aldri å køyra traktor. Eg kunne jo få start på han og utføra vanlege køyreoppdrag, men eg var berre med i slåtten ein gong. Ikkje at bror min var den mest aktive på garden, han heller, men han kunne i alle fall køyra traktor i slåtten. Eg måtte stå i siloen og jamna graset, uriasposten i siloslåtten.

Til overs

Eg hadde det ikkje bra med meg sjølv, men det var ingen å dela uroa mi med. Eg hadde venner, men ingen av vennskapa var slik at eg kjente meg verkeleg nær nokon. Det var ingen som verkeleg trong meg. Eg følte at dei andre fekk til livet på den litle øya. Dei gjekk på fest, eller så gjekk dei på bedehuset. Eg ville alt, men fekk ikkje til nokon ting. Då lukka ville det slik at det opna seg moglegheiter for å reisa vekk, til ein vidaregåande skule på Sørlandet, greip eg moglegheitene. Dette var min sjanse til å starta på nytt. Eg hugsar kjensla av lukke då eg tok ferja frå Finnøy. Eg skulle aldri tilbake igjen.

Det var ikkje mykje snakk om kjensler i miljøet der eg vaks opp i, i alle fall ikkje blant menn. Eg spurde ikkje morfar om trøyst, det var noko mormor hadde kontroll på. Når eg gret, kunne han seia at eg måtte «passa meg så ikkje ein fugl skeit på leppa mi». Men fordi om det ikkje var mykje snakk om kjensler, betyr det ikkje at kjenslene ikkje var til stades. Både mor og far gjorde ein god jobb, prøvde å snakka med meg og få meg til å fortelja kva som plaga meg. Eg visste ikkje korleis eg skulle få sagt korleis eg følte meg. Eg hadde ikkje noko språk for det, eg hadde berre mengder med innestengd frustrasjon som gjorde at eg aller helst ville forsvinna.

Det er forska mykje på bønder og helse, mellom anna av Hanne U. Bårnes og Trond Riise ved Universitetet i Bergen. Dei laga ein studie basert på ei undersøking i Hordaland som synte at det var høgare førekomst av depresjon hjå bønder enn andre yrkesgrupper. Dei ville finna ut om dette resulterte i høgare bruk av til dømes antidepressiva. Ein skulle tru at funna ville gi seg utslag i høgare bruk, men det stemte ikkje. Bøndene brukte mindre antidepressiva enn andre yrkesgrupper. Ikkje berre det, dei brukte generelt mindre medisinar og var i betre fysisk form.

Eg kunne tenkt meg at alle mannlege bønder vart stilte følgjande spørsmål: Kven tok initiativet til sist legebesøk, du eller kona di? Eg har ei kjensle av at eit fleirtal ville sagt at det var kona som tok initiativet. Det kan vera at eg er farga av eige liv, med ei mor som er sjukepleiar, og som har fungert som helseassistent for alle i familien. Men eg veit samstundes at mi mor ikkje er unik, det finst fleire som henne. Og ikkje minst, det finst fleire menn som i prosjektet frå Hordaland. Eg var nok ein av dei.

Vellykka ytre – angstfylt indre

Etter at eg flytta frå Finnøy har eg for det meste levd eit godt liv. Men eg klarte aldri å kvitta meg med uroa frå barndommen. Ho følgde etter meg, uansett kvar eg reiste. Men eg lærte å halda henne i sjakk med å vera framoverlent og sosialt aktiv. Det var ikkje så enkelt å sjå at det sosiale, morosame midtpunktet i vennegjengen heldt på å gå under av angst etter å ha sagt noko feil i eit festleg lag. Eg gav ikkje vennene mine moglegheita til å sjå den delen av meg. Den svake, usikre sida som gjorde at eg kunne ligga vaken om nettene og kverna over livet mitt. Eg følte at min status, den eg var, var avhengig av at eg klarte å halda oppe illusjonen om ein lukkeleg bondeson frå Vestlandet.

Men så gjekk det ikkje lenger. I den perioden der eg endeleg følte eg hadde lukkast med livet, då eg sat i sofaen og gledde meg til framtida, då small det. Det var aldri noko kraftig smell. Det var summen av dei små, dunkle smella som knapt kunne høyrast. Dei samla seg, sakte men sikkert, dag for dag. Til eg ein dag lukka auga att og visste at eg ikkje skulle vakna opp att.

Ein rekk å tenkja mykje når ein ligg og ventar slik, i alle fall gjorde eg det. Eg tenkte på garden og foreldra mine. På oppveksten og livet mitt. Kor bortkasta det heile hadde vore. At eg var gitt alt av føresetnader for å lukkast, og her låg eg, i ferd med å døy vekk på eit hotellrom i hovudstaden. Men det var ikkje sorg. Det var lette, stoltheit og ei spaning over kva som venta meg. For eg visste ikkje kva som venta. Eg hadde eit håp om at læra frå sundagsskulen var rett, og at der synda hadde vore stor, der ville nåden vera større. Men eg visste ikkje, eg håpte. Så sovna eg.

Det er ikkje så mykje eg har snakka med familien om den dagen. Eg veit berre at han for dei starta som ein heilt vanleg dag, som enda opp som ein maredraum. Far gjekk i fjøset som han alltid har gjort. Gjorde seg ferdig, gjekk heim for å eta frukost. Det var då telefonane frå Austlandet byrja å ringja. Om sonen som dei ikkje fann. Han var ikkje på jobb, i leilegheita var det ikkje teikn til liv. Telefonen gav ingen svar. Eg var vekke. Familien samlast heime på Vignes. Det var nærare lunsjtider då far igjen prøvde. Denne gongen fekk han svar.

– Hallo?

– Oddvar? Kor er du?

– Eg er på jobb.

– Nei, du er ikkje på jobb. Kor er du?

– Flate, eg har forsove meg, eg er heime.

– Nei, Oddvar, dei frå jobb er heime hjå deg. Kor er du?

Eg var omtåka og forvirra, men eg kunne føla stemma til far min gjennom telefonen. Han heldt igjen alle kjenslene, letten, angsten og det desperate ønsket om å halda meg på tråden. Han prøvde å snakka roleg, ikkje gjera noko feil. Han visste ikkje kva som var gale, men at det var alvorleg, det visste han. Det visste alle.

Eg avtalte med far at eg skulle gå opp til Holbergs plass i sentrum av Oslo. Der skulle ein arbeidskollega møta meg. Korleis eg kom meg dit, vil eg aldri forstå, alt eg hugsar, er at eg kom meg ut av hotellet og gjekk mot eit blendande kvitt lys. Eg hugsar stemma til kollegaen min.

– Kva har skjedd med deg, Oddvar?

Eg hugsar at ein ambulansemann hadde rogalandsdialekt. Så vart det svart att.

Heim til garden

Tre veker etterpå sat eg i bilen med bror min. Han hadde avløyst mor mi, som hadde vore i Oslo kvar dag medan eg låg innlagd på psykiatrisk. No hadde han fått skrive meg ut, og eg hadde lova dei på Ullevål at eg skulle halda meg i live. Me sa ikkje eit ord. Me høyrde på Radioresepsjonen. Det var ein lang tur. Det var ikkje dette som skulle henda, tenkte eg. Dette var blitt eit mareritt som eg aldri vakna opp frå. Eg var på veg heim til eit liv eg ikkje ville leva. Til alt eg hadde sagt farvel til tre veker tidlegare. Eg var på veg til garden på Nordre Vignes.

Familien hadde samla seg i gamlehuset då me kom heim. Eg gjekk inn, fortalde kva som hadde skjedd, og gjekk rett i seng. Det var ikkje så mykje meir å snakka om. I alle fall ikkje den kvelden.

I løpet av dei neste åra snakka eg meir med far min enn eg nokon gong hadde gjort før. Eller, eg fortalde han ting eg snakka med legen min om. Eg snakka med resten av familien og, men mest med far. Det berre vart slik. I tillegg byrja eg å jobba litt med han på garden. Eg kjente meg meir og meir knytt til både han og garden. Me trong ikkje seia så mykje, eg snakka så titt med legen min, det var nok berre å vera saman. Så det var me. Eg og far på garden hans.

Eg gjorde masse dumme ting på garden. Eg starta prosjekt, full av liv og engasjement, berre for å gløyma dei og aldri fullføra. Men foreldra mine lét meg halda på. Det var ikkje så viktig kva eg gjorde, men at eg faktisk gjorde noko. Sjølv om eg raskt kom meg tilbake i jobb i lokalavisa, tok det nokre år før eg kjende at ting fall på plass. At eg var attende. Ikkje som meg sjølv, ikkje slik eg var, men slik som eg var blitt. Eg hadde lyst på noko meir. Eg tok vinterlandbruksskule og spurde far min om eg kunne få kjøpa garden.

– Greitt, sa han, – men eg kjem til å bu på garden så lenge det er liv i meg.

– Greitt, sa eg og tok han i handa.

Openheit var redninga

1. januar 2019 var ein merkedag. Då hadde eg betalt ned gjeldsordninga eg var i, og fekk overtatt garden. Eg vakna opp i mitt eige hus for fyrste gong på nesten ti år. Det tok meg så lenge å henta meg inn att etter tida i Oslo. Hadde eg visst det eg veit no, er det ikkje sikkert eg hadde klart å halda ut. Alle dei vonde samtalane, alle situasjonane eg kan sjå tilbake på og frysa på ryggen av. Mitt eige helvete, som eg valde å fortelja verda om.

Sanninga er at openheita eg valde i møte med mor mi på Ullevål psykiatriske, starta vegen tilbake.

– Men kva skal eg seia til dei som ringjer og spør kva som har skjedd deg?

– Sei til dei at eg prøvde å ta livet av meg og er innlagd på Ullevål. Dersom nokon vil besøkja meg, er dei velkomne inn.

Av og til tek ein skjebnesvangre val utan at ein veit det sjølv, dette var eit slikt. Det gjorde at dei rundt meg, vener og familie, såg korleis det eigentleg stod til med meg. Eg var ikkje på botnen, eg hadde slutta å vera der for lenge sidan. Eg måtte hentast heim til mor og far. Heim til garden. Heim til alt eg hadde flykta frå. Der fekk eg tida eg trong til å koma tilbake.

Det er nok av bekymringar for ein gardbrukar. Vêret, papirarbeid, einsemd, arvtakarar, mjølkevolum, kjøtprisar, endra matvanar og billige matvarer frå utlandet, det er nok av bekymringar å ta av. Ein eig ikkje ein gard, ein er garden. Det er ei tung bør å bera, og det bør anbefalast å dela henne med nokon. Eg har valt min måte å gjera det på. Eg vert aldri ein mannemann som morfar min. Aldri den flinke bonden som dyrkar garden til nye høgder, som far min. Eg er noko anna, og det er eg nøgd med.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar