Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Mellom mytar og meining – om ADHD hjå vaksne

Av: Anne Marie Fosse Teigen

To personar møtest for fyrste gong. Dei kjem i prat, og den eine fortel at han har ADHD. Praten held fram, og etter ei stund kjem det anerkjennande frå den andre: Veit du – det er ingen som kan merke at du har ADHD! Personen med ADHD svarar – like blidt: Tusen takk, det er ingen som kan merke at du er normal heller.

Anne Marie Fosse Teigen (f. 1966) er spesialist i klinisk psykologi med fordjuping i familiepsykologi, forfattar, og har tidlegare utvikla samlivskurset «Bufferkurs for par».

Vitsen illustrerer utfordringa vaksne med ADHD ofte møter: å få formidla til omgivnadene kva det inneber å leva med den hjerneorganiseringa som gøymer seg bak ADHD-diagnosen. Stikk i strid med kva ein del synest å tru, er ikkje hovudproblemet blant dei fleste vaksne med ADHD at ein spinn rundt og har «masse energi» eller konstant trøbbel med å konsentrere seg. Likevel trur altfor mange at namnet på diagnosen (Attention Deficit Hyperactivity Disorder) formidlar essensen av kva ADHD er. Ei så enkel oppfatning av tilstanden er omtrent like misvisande som å seia at hovudproblemet med meslingar er at dei raude prikkane skjemmer utsjånaden. 

Fordi svært få har oppdatert kunnskap om ADHD, blir folk som har fått diagnosen, stadig konfronterte med at folk stiller spørsmål ved om dei har ein diagnose som faktisk eksisterer: Kven er ikkje litt ukonsentrert eller litt «hyper» til tider? Spørsmåla er sjeldan vondt meinte. Dei botnar i genuin undring. Men for igjen å samanlikne med andre tilstandar: Alle har eit blodtrykk, og nokre gonger er det høgt. Det betyr likevel ikkje at alle har eit så stabilt høgt blodtrykk at det går på helsa laus. Berre ein mindre del av folkesetnaden har det. Slik er det med ADHD også.

«Dei kan jo når dei vil!»

Ein annan grunn til at ADHD-diagnosen, og dei som får han, ikkje blir tatt på alvor, er at folk med ADHD-hjerne i visse situasjonar kan fungere like godt – iblant til og med betre – enn mange med nevrotypiske[1] hjernar. Problemet med merksemd handlar nemleg ikkje om mangel på evne til å konsentrere seg, men om mangel på styring av merksemd og konsentrasjon. Det grunnleggande psykologiske problemet ved ADHD er at styringsapparatet i hjernen – dei såkalla eksekutivfunksjonane – er for dårleg utvikla. Det rammar alt frå kjensleregulering og motivasjon til tidsstyring, planlegging og impulskontroll.

I mangel av å kunne styre sin eigen motivasjon med viljen, basert på langsiktig tenking og personlege verdiar, blir ein person med ADHD nøydd til å stole på inspirasjonen som drivkraft. Når ein person med ADHD er motivert innanfrå, blir nemleg også resten av det kognitive apparatet viljug med på lag. Konsentrasjonen kan då vera både intens, skarp og varig (for ikkje å seia opphengd, inntil utmattinga slår inn). 

Om interessefelta til den aktuelle ADHD-hjernen overlappar med det samfunnet er viljug til å betale for, kan personen med ADHD klare seg rett så bra yrkesmessig. Vi finn folk med ADHD i alle samfunnslag, og blant toppidrettsutøvarar, gründerar, forskarar, journalistar, musikarar, økonomar, direktørar, lærarar, juristar, prestar, kirurgar og yrkesmilitære – berre for å nemne nokre døme.

Dette er folk som ikkje klatrar i taklamper eller alltid skravlar i eitt sett. Dei framstår på overflata som temmeleg vanlege vaksne menneske, som deg og meg. Og nokre er faktisk deg eller meg. For dei i omgivnadene som ser kor godt ein slik person synest å prestere på sitt spesialfelt, blir det ei gedigen utfordring å akseptere at det same mennesket kan falle fullstendig gjennom i privatlivet og i den langsiktige karriereplanlegginga.

ADHD, parforhold og (uvanlege) familieliv

Mange med ADHD strevar med å få skikk på privatlivet og hamnar i fleire samlivsbrot enn folk flest. Det som partnarane rapporterer som mest plagsamt, ja, etter kvart uuthaldeleg, er at dei kjenner seg meir og meir einsame og mindre og mindre verdsette. Når dei i tillegg blir ståande att som organisatorisk eineansvarlege i familiekvardagen, kan kjærleiken etter kvart slitast ned til beinet.

Spørsmålet som naturleg veks over tid, og som kan bli så insisterande at det tar knekken på parforholdet, er: Kven har skulda? Er det den tilsynelatande giddelause, bortskjemte egoisten med ADHD? Eller ligg skulda hjå den som gradvis har perfeksjonert rolla som amper kjeftesmelle og kontrollfrik? Når paret manglar spesifikk ADHD-kunnskap, er det ikkje rart at det utviklar seg negative mønster og djupe meiningskriser. Nevrotypiske partnarar kjenner ofte også på skam over alt det rare som skjer, og som fort blir unemneleg utanfor husets fire vegger. For å sikre at færrast mogeleg av dei potensielle lesarane skulle kjenne seg utleverte, er den følgjande skildringa henta frå utlandet[2]:

«… Så her er det som hende sist helg, og som gjer at kona mi no er i fistel: Laurdag morgon tar eg grasklipparen ut for å slå plenen, men då eg skal fylle bensin, så viser det seg at det ikkje er meir att på kanna. Eg tar henne med til bensinstasjonen for å fylle opp, og medan eg held på med det, dukkar også bestekompisen min opp for å fylle drivstoff.

Kompisen min og eg er begge like ihuga aurefiskarar. Han fortel at han har ei ekstra fiskestong og ekstra vadarar i bilen, så kva om vi tar ein tur til ei elv og prøver fiskelykka? Eg seier yo! og hoppar inn i bilen hans, medan min bil blir ståande att. Vi fiskar ein times tid, før vi blir tørste og dumpar over denne vesle puben der karane brukar å treffast og drikke øl. Klokka er blitt tre på dagen då eg endeleg kjem attende til bensinstasjonen. Der er også politiet!

Du skjønar, då det hadde gått fleire timar sidan eg hadde dratt av garde for å kjøpe bensin, byrja kona mi å tru at noko gale hadde skjedd med meg, og ho ringde til slutt politiet. Ho vart så eitrande sint då ho fann ut kva eg hadde gjort, at ho ikkje snakka til meg på fleire dagar! …»

Helsefarlege moralske tolkingar

Om ein ikkje har kunnskap om kva ADHD fører med seg, er det lett å gripe til moralske tolkingar av ADHD-relaterte veremåtar. Slike tolkingsfeil har lange tradisjonar og er ikkje overraskande relativt vanlege å finne, både blant lekfolk og fagfolk, nevrotypiske menneske og menneske som går rundt med uoppdaga ADHD. Ekstra urovekkande er det at også mange med ADHD heng fast i tilsvarande tolkingsvanar.

Ikkje rart då at menneske med ADHD (og dessverre også ein del av partnarane deira) over tid dreg på seg andre diagnosar. Det er svært vanleg at vaksne med ADHD har ein eller fleire tilleggsdiagnosar, til dømes depresjon, angst, tvangsliding, diverse åtferdsforstyrringar, muskellidingar og mage-/tarmproblematikk. For den seint diagnostiserte vaksne kjem den formelle ADHD-diagnosen gjerne fyrst etter mange år med andre diagnosar og tallause mislykka behandlingsløp.

Det uoppdaga landet

Noko av det mest slåande i ADHD-litteraturen er mangelen på skildringar av den indre verda til den som har ADHD. Sjølvhjelpslitteraturen er til lita hjelp, for den er dominert av meir eller (som regel) mindre gjennomførlege råd om korleis ein bør organisere kvardagen. Så langt eg har funne, er det berre inst i nokre psykoanalytiske krokar at ei og anna trassig sjel har vigd noko av yrkeslivet sitt til å trenge inn i ADHD-sinnet.

Kvifor er det blitt slik? Skulle ein ikkje tru at folk med ADHD strevde minst like mykje med å forstå seg sjølv og andre og meininga med livet, som nevrotypiske menneske? Kva om det til og med var slik at ADHD endrar føresetnadene for korleis ein kan byggje meining ut frå erfaringar? Ville det ikkje i så fall vore ei umåteleg interessant fagleg utfordring å utvikle metodar som kunne hjelpe folk med ADHD til å skape sterkare meiningsstrukturar?

Mitt eige meiningssjokk

Sjølv fekk eg diagnosen då eg var 51 år gammal. Eg hadde då arbeidd som relativt oppdatert og oppegåande psykolog i over 20 år – rett nok mest i familievernet, som er erklært diagnosefritt, men likevel. Eg hadde aldri forstått kva som hadde ridd meg i alle år, og som hadde disponert meg for alskens diagnosar, avbrotne utdanningar (eg bruka tidlegare å spøke med at eg hadde noregsrekord) og ein del andre ting, som eg skal spara lesaren for.

Eg oppdaga ikkje at eg hadde ADHD, før eg byrja undervise par der nokon hadde ADHD. Trass i at eg var ein erfaren parterapeut og kursleiar, vart det ei bratt læringskurve. Det mest skilsetjande var likevel å oppdaga at eg kom til mine eigne. For fyrste gong i livet møtte eg andre menneske med tilsvarande erfaringar, veremåtar og gode og mindre gode psykologiske slagsider, som dei eg sjølv hadde. Det var stort, men også sjokkerande. Korleis kunne eg ha vore så blind i alle desse åra?

Eg har etter kvart oppdaga at mange kollegaer har like store blinde flekkar i fagsynet sitt som det eg hadde, og det er fleire gode grunnar til det. Mange forskarar trudde lenge at ADHD var noko ein vaks av seg, og at blant barn som hadde denne tilstanden, var det stort sett gutar. Begge delar veit vi no er feilslutningar.

Eg ville også gjette på at det kan vera ei utfordring for forskarar å få tak i gode fenomenologiske skildringar frå vaksne med ADHD, fordi mange med ADHD kan ha dårleg sjølvbiografisk minne (iblant kompensert med i overkant kreativt sjølvbiografisk minne). Om ADHD-informanten i tillegg har mangla språkleggjering og mellommenneskeleg stadfesting av opplevingane sine store delar av livet, skal det mykje til å få presise og pålitelege skildringar.

I mangel av språk for det som skjer i ein ADHD-hjerne, er det også fare for at forskaren får reprodusert fordomar og klisjear: Om eg ikkje har innsikt i mi eiga indre ADHD-verd, har eg fått med meg korleis dei nevrotypiske omgivnadene tolkar meg, så ein blåkopi av det kan du i alle fall få!

Å utvikle kart over ADHD-landet

Dei siste åra har eg, i lag med ein psykologkollega, utvikla eit kursopplegg for par der nokon har ADHD. Under utviklinga har kurset i aukande grad tematisert også umedvitne psykologiske overlevingsstrategiar og meiningsskaping hjå folk med ADHD. Desse elementa har kursdeltakarane sett stor pris på. Det er forresten for mildt sagt: Vi har rett og slett fått tilbakemeldingar om at denne måten å forstå ADHD på har vore med på å endre liv og redde parforhold. Eit par andre kollegaer prøver for tida ut psykoanalytisk-inspirert gruppeterapi for unge vaksne med ADHD. Dei har fått tilsvarande tilbakemeldingar.

Erfaringane frå desse ADHD-prosjekta viser at det å få eit språk for det ein opplever, og om så berre eit rudimentært kart over det tidlegare så uoversiktlege ADHD-landet, kan skapa det vi i familieterapien kallar ein forskjell som utgjer ein forskjell. Og erfaringa viser gong på gong at utfordrande livsvilkår vi finn meining i, dei kan vi lettare leva med. Nokre gonger kan vi då til og med leva godt med dei utfordringane som før verka uoverkommelege.

Notar

[1] Dei siste åra har ein tatt i bruk nemninga «nevrotypisk» om den hjernetypen folk flest har – det vil seia hjernar som ikkje har nevroutviklingsforstyrringar som til dømes ADHD eller autisme.

[2] Dømet er henta frå boka Taking charge of adult ADHD, av den amerikanske ADHD-forskaren Russell Barkley.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar