Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Den søramerikanske varulven

Ein pengelens Aksel Sandemose tok på seg å omsette den aller første latinamerikanske romanen til norsk for 80 år sidan. I arbeidet møtte Sandemose figurar som han kom til flette inn i eigen forfattarskap på leiting etter dei djupe kreftene som rår over menneskesinnet, vår indre varulv.

Ole Våge

Den første januardagen i 1941 var det nærmare 30 kuldegrader i hovudstaden. Det var mangel på ved, og oslofolk måtte stå i kø for basisvarer som egg og kjøt. Den tyske okkupasjonsmakta var i full gang med å nazifisere det norske samfunnslivet, og det var slutt på det folkevalte kommunale sjølvstyret. Under desse mørke januardagane kom ei hending til å lyse opp: Den første latinamerikanske romanen vart utgjeven på norsk. Under desse paradoksale tilhøva fekk lesande nordmenn sitt første litterære møte med kontinentet. Fram til denne milepålen kom Latin-Amerika først og fremst til Noreg i form av sporadiske nyhendenotisar, eksotiske reisebrev eller historier om conquistadorar og indianarar.

I Nationaltrykkeriet i Stensberggata 29 i Oslo vart fleire kasser med Donna Barbara av den venezuelanske forfattaren Rómulo Gallegos stabla opp og køyrt ut i sprengkulda, fleire tiår før omgrepet magisk realisme opna opp for ei rekkje omsette bøker frå kontinentet. I romanen møter vi den unge, velutdanna mannen Santo Luzardo som reiser frå den moderne storbyen Caracas attende til familiegodset i innlandet. Synet som møter han, er dystert. Den mektige kvinna Donna Barbara frå nabogodset har tileigna seg store landområde med list og forføring, og Luzardos eigedom og tal på kveg har skrumpa kraftig inn. Santo Luzardo tek opp kampen med henne i eit drama som spinn rundt kjærleik og hat gjennom 264 intense sider.

Eit aparte oppdrag

Romanen var omsett av Aksel Sandemose, som på det tidspunktet var ein veletablert forfattar i Noreg. Men han hadde inga røynsle med å omsette romanar og kom aldri til å gjere det att. Omsettinga er så vidt nemnd i den nokså omfattande litteraturen om Sandemose. Kva var det som fekk Sandemose til å ta på seg eit slikt aparte oppdrag?

Dona Barbera av Rómulo Gallegos er ein klassikar i venezuelansk litteratur.

Det var ingen filologiske grunnar til at Sandemose tok på seg omsettingsoppdraget. Mannen hadde ingen bakgrunn i spansk eller andre romanske språk. Etter alt å døme måtte han lene seg heilt på den engelske språkdrakta romanen hadde fått av Jonathan Cape og Harrison Smith i 1931. Det var truleg heller ikkje på grunn av fascinasjon eller interesse for søramerikansk litteratur eller kultur. Rett nok hadde Sandemose reist vestover og hatt eit par opphald på det amerikanske kontinentet, men då fleire tusen kilometer lenger nord blant danske utvandrarar i USA og Canada. Nei, tematisk var nok Sandemose meir interessert i skip og sjømenn i Atlanterhavet enn stepper og kvegdrivarar i Latin-Amerika.

I pengeknipe

Grunnen var nok snarare meir prosaisk. Vi veit at Sandemose ofte var i økonomisk naud og stendig på leiting etter inntekter som kunne gje han fridomen til å skrive. I ein biografi går sonen Jørgen Sandemose langt i å antyde at faren nærmast ville pantsette kone og barn for å sleppe å syte for dei. Ein samvitsfull redaktør i Tiden Forlag måtte ved eit høve hjelpe Sandemoses kone med pengar til mat og husleige då forfattaren hadde dratt sin kos. Krigsutbrotet gjorde det heller ikkje enklare for Sandemose. Forlaget hans vart sett under administrasjon av okkupasjonsmakta, og Sandemose gjekk over til Aschehoug. Ifølgje Espen Haavardsholms biografi møtte forfattaren veggen denne tida. Det nye forlaget hans gav ut Fortellinger fra andre tider, ei harmlaus samling tidlegare utgjevne noveller. Det var få nye tekstar i emning. Som ein del av kontrakten med Aschehoug fekk Sandemose derfor i oppdrag å omsette Donna Barbara til norsk. Lønna han fekk, kom til å bety mykje. Fleire i omgangskrinsen hans kom i søkjelyset til tyskarane og vart henta inn til avhøyr og fengsling. Sandemose vart åtvara i tide og handla raskt. I eit mørkt portrom i Oslo fekk han pengar av Mads Nygaard frå Aschehoug slik at han kunne rømme til Sverige. Slik vart altså den første norske omsettinga av ein latinamerikansk roman til: Ein dansk-norsk forfattar i pengeknipe under tysk okkupasjon. Eller kan det ligge noko meir bak?

Forfattaren som vart president

Kan ein også tenkje seg at Sandemose såg noko i romanen som inspirerte han? Kunne det vere noko i Donna Barbara som gav meining i det sandemoske litterære universet, som han kunne nytte i den psykologiske utforskinga av mennesket? Det ville ved første augekast gå på tvers av gjengs lesnad av romanen. Då boka kom ut på spansk i 1929, vart ho lesen med politiske briller (og ho blir det framleis). Konflikten mellom Santo Luzardo og Donna Barbara var eit oppgjer mellom dei klassiske latinamerikanske motsatsane sivilisasjon og barbari (civilización y barbarie). Santo Luzardo stod for ei samfunnsordning basert på rett, moral, framsteg, fornuft og demokrati. Donna Barbara stod for rå makt, tradisjon, villskap, kynisme, overtru og diktatur.

Dona Barbera er filmatisert fleire gongar, også som såpeopera. Foto: IMDB

Forfattaren Rómulo Gallegos skreiv i ei brytningstid for Venezuela, eit land der liberale krefter ville rive av seg fortidas åk og despoti. Det er i og for seg ikkje rart at ein slik stad- og tidbunden lesnad av romanen kom til å dominere, og framleis gjer det. Rómulo Gallegos var lærar, skribent, forfattar og politikar og engasjerte seg i samfunnsdebatten i landet, og Donna Barbara vart ein stor suksess. Romanen og også andre bøker han skreiv, gav han stor prestisje hjå venezuelanarar og ikkje minst hjå andre på det søramerikanske kontinentet. På eit tidspunkt vart han til og med utnemnd til senator i landet, men drog i eksil av politisk overtyding. Han vende seinare attende og stilte som kandidat til presidentvalet i 1947, det første frie valet i landet på fleire tiår. Trass i at han fekk nesten 80 prosent av røystene, varte perioden hans knappe ni månadar. Kreftene han kjempa så hardt mot, slo attende. Eit militærkupp sende han på nytt i eksil i lang tid.

Frå manneetar til varulv

Alt dette kunne Sandemose sjølvsagt ikkje vite då han omsette romanen, og det er ikkje sikkert det ville ha interessert han monaleg heller. Sandemose ville heller lodde djupt i menneskesinnet enn å utforske politisk rettsinn. Ein del tyder på at omsettaren Sandemose såg Donna Barbara meir som ein universell mennesketype enn ein representant for den despotiske og bakstreverske delen av Venezuela. Vi møter henne i det tredje kapittelet, der ho blir skildra som “[…] en blanding av begjær, overtro, griskhet, brutalitet, med et patetisk innslag av noe rent og trist i hjertet”. Det kan vere verdt å dvele litt ved tittelen på kapittelet for å kome nærmare innpå Sandemoses lesnad. På spansk heiter det La devoradora de hombres, som tyder ‘manneetaren’ eller ‘kvinna som fortærer menn’. På engelsk kom kapittelet til å heite The Ogress, altså den kvinnelege varianten av ein ogre, som er ein menneskeetande kjempe i britisk og kontinental folklore. Sandemoses val av tittel vart Varulven. Det er neppe tilfeldig at Sandemose har valt denne kjønnsnøytrale referansen, som dessutan ligg eit stykke unna både den spanske og engelske.

På sett og vis lausriv han Donna Barbara frå Rómulo Gallegos’ «kvinne som hatar menn». Kan det vere at Sandemose såg på Donna Barbara meir som ein arketype enn ei søramerikansk femme fatale eller ein eksotisk vamp? Varulven var ein skikkelse Sandemose ofte vende attende til, for han var interessert i å bore inn i det falne mennesket og forstå dei mørke understraumane i sinnet. I 1958 gav han jamvel ut romanen Varulven, ein av dei sterkaste i forfattarskapen.

Skapnadar frå myter og eventyr

Gjennom å gripe til førestillingar, mystiske vesen og figurar frå folketrua kunne Sandemose bevege seg i det same litterære universet som eventyr og myter gjer. Han kunne seie noko om driftene våre ved å gå attende til den mytologiske urtida, ikkje berre ved hjelp av varulven, men òg andre skapnadar som til dømes rotta og klabautermannen (skipsnissen) i bøkene sine. Varulven (og dei andre skapnadane) har ulike trekk som forsyner litteraturen med råstoff. Sjølv om varulven står for øydeleggande krefter og dunkle drifter, finst det òg von. Om beistet blir behandla venleg og respektfullt av mennesket, kan det miste ulvehamen. Ei slik forsonande utvikling kan vi òg spore hos Donna Barbara, som heilt på slutten av boka ofrar seg for dotteras kjærleik til Santo Luzardos. Og Luzardo, han får ulveaktige trekk i møtet med Donna Barbara. Romanen sluttar med ein dødskamp mellom ein okse og ein slange i ei myr, og Donna Barbara blir aldri sett igjen.

Den indre varulven i oss

Donna Barbara går gjennom eit hamskifte i Sandemoses lesnad. No skal ein vere varsam med å gå på leiting etter speglingar mellom Gallegos’ og Sandemoses forfattarskap. Poenget er heller at det er godt mogleg at Sandemose kjende seg att i Gallegos’ univers trass i geografisk og kulturell avstand. Det gjeld ikkje minst trekantdramaet som motiv. Donna Barbara spelar menn opp mot kvarandre, og etter kvart blir også Santo Luzardo ein del av denne sentrifugalkrafta av kjærleik, sjalusi, hat og drap. Trekantdramaet er også ein berebjelke i Sandemoses Varulven, der Felicia Venhaug, Jan Venhaug og Erling Vik nærer seg på dei same mellommenneskelege driftene. Varulven finst i dei alle. I oss alle. Litteraturen gjev innsikt i det djupt menneskelege og er meir enn berre eit sosialantropologisk eller politisk utsnitt frå ei anna tid eller verd.

Det er heilt naturleg at ein omsettar set spor etter seg i ein tekst ved val av ord og setningar, tone og stil. Men kva skjer når omsettaren også er forfattar? I Sandemoses tilfelle tyder mykje på at figurar, motiv og krefter frå Gallegos’ romanunivers har fletta seg inn i forfattarskapen hans. Sandemose kannibaliserte på sett og vis Donna Barbara i si eiga utforsking av mennesket. Han nytta Donna Barbara til å leite i det fjerne etter det mest nære i oss, medan han sat i arbeidsrommet i Niels Juels gate på Skillebekk eller ved stambordet på Theatercaféen. Den første latinamerikanske romanen vart ikkje omsett til norsk berre på grunn av ei pengeutbetaling, men like mykje av ein hug etter å finne den indre varulven i oss.

Ole Våge arbeider som seniorrådgjevar i Direktoratet for e-helse. Han har ein ph.d. frå UiB med spansk språk og latinamerikakunnskap i fagkrinsen. 

Foto: Aschehoug

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar