Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Den venlege populismen

Populisme er nesten blitt eit skjellsord i politikken. Det blir brukt som synonym for det som er enkelt, aggressivt og polariserande. Men i Noreg har populismen også hatt eit venleg ansikt.

Av Audgunn Oltedal, Vidar Ystad og Nils Årsæther

Turnhallen i Bergen 29. april 1970: Salen er fullsett. Tre kandidatstyre, det konservative (Arne Njøsen), det radikale (Audgunn Oltedal), og Rød Front (Oddmund Søilen) slost om makta i Studentersamfunnet hausten 1970. Vi i det radikale styret kalla oss populistar. Med i styret var folk frå Studentvenstrelaget, Senterungdommen og fleire som ikkje tilhøyrde noko parti. Dei konservative rauk ut i fyrste valrunde. Ml-arane var sikre på sigeren. Dei oste av nedlatande forakt overfor oss populistar. Så gjekk nestformannen i vårt kandidatstyre, Terje Steen Edvardsen, på talarstolen. Han brukte si retorisk kraft og all den ironiske snert ein bergensar kan ha. Det gjorde utslaget. Audgunn Oltedal vann med god margin over Oddmund Søilen. Det var duka for ein populistisk haust i Studentersamfunnet i Bergen.

Den politiske prosessen fram til valet og tida i Studentersamfunnet la grunnlaget for at Populistiske arbeidsgrupper (PAG) vart skipa i Bergen 15.2.1971. PAG i Bergen oppretta ei rekkje arbeidsgrupper, organiserte sommarleirar, dreiv PAG-avisa, trykte artikkelsamlingar og gav ut boka Norsk populisme, som kom i to opplag på Samlaget.

Etter etableringa av PAG i Bergen i 1971 kom det PAG-grupper i studentmiljøa fleire stader i landet. Studiesirklar i populisme var særleg populære, mange ville vite meir om denne politiske retninga. Folk frå PAG-miljøet var aktive i mange typar aksjonsarbeid, og særleg viktig var innsatsen i Folkebevegelsen mot norsk medlemskap i EEC, eller Folkerørsla mot norsk medlemskap i EEC (1970–72). Her var PAG-folk pådrivarar for å styrke grasrot-profilen i Folkerørsla sitt arbeid, ved å organisere lokallag og lokale aksjonar.

Kveldsete etter møte i Studentersamfunnet 25. september 1970. Frå venstre: Audgunn Oltedal, Tore Linné Eriksen, Edvard Vogt og Hartvig Sætra. Foto: Vidar Ystad

Men mot slutten av 1970-talet stilna det. Å gå attende til tida kring 1970 og sjå kva vi vektla, er tankevekkjande. Det er som å stige inn i ei anna verd, der ordbruk og kontekst er ein heilt annan enn i dag, men på same tid opplever ein at kjernen i det vi meinte, er merkeleg aktuell.

Ei anna verd

Korleis kom vi på å kalle oss populistar? Vi tok det ikkje ut av lause lufta. Vi skaffa oss kunnskapar om rørsler i USA, Russland og i andre delar av verda, rørsler som hadde kalla seg populistar. Og her til lands hadde Ottar Brox lansert parolen «populisme mot teknokrati» i boka Hva skjer i Nord-Norge?, som kom i 1966. Med populisme forstod vi både ein politisk teori og strategi: Det handla om anti-kapitalisme, elitekritikk og om politiske løysingar som svarte på dei problema vanlege folk opplevde i kvardagen, i byen og i distrikta. Å jobbe på grasrota, i lokalsamfunnet, og å mobilisere på tvers av etablerte partiskiljeliner var viktig i den politikkforståinga vi utvikla. Gjennom dette arbeidet blei også populismen fornya, ved at økologi- og miljødimensjonen og tenking kring «motekspertise» blei sentrale delar av den populistiske argumentasjonen.

Vi var ikkje åleine om å kalle oss populistar. Ottar Brox og Hartvik Sætra brukte begge ordet populisme i sin samfunnskritikk og i dei analysane dei la fram. Allereie i 1967 hadde Brox og Sætra fått gjennomslag for populistisk tenking i det distriktspolitiske programmet til Sosialistisk Folkeparti. Stortingsrepresentantane Bjørn Unneberg (Sp) og Arne Kielland (Ap) og seinare stortingsrepresentant John Dahle (Sp) brukte populisme om det synet dei stod for.

Ei antikapitalistisk rørsle

Med populisme forstod vi systemkritikk. To sentrale parolar i det programmet vi gjekk til val på i Studentersamfunnet, var:

  • Nei til kapitalismen
  • Populisme i staden for marxisme-leninisme

Det var særleg tre utviklingstrekk i samfunnet som gjorde oss til antikapitalistar.

Det første var sentraliseringa. Dei mange landsdelsplanane som kom frå Arbeidarparti-regjeringa på 1960-talet, varsla auka tempo i avfolking og sentralisering av distrikta. Vi las Ottar Brox si bok Hva skjer i Nord-Norge?. Her var ikkje berre ramsalt kritikk av regjeringas visjon for Noreg, men òg ein samfunnsanalyse som vi tok til oss og slutta oss til. Vi var opptatt av økologi og miljø. Vi kjente oss att i den kritikken Hartvig Sætra målbar i Populismen i norsk sosialisme; boka handla om den miljø- og ressurskrisa som truga framtida og eksistensgrunnlaget vårt.

Administrasjon

Det andre var kapitalismekritikk. Tyngdepunktet i grupperinga vår låg i Studentvenstrelaget. Meir og meir opplevde vi at gapet vaks mellom det Venstre stod for, og det vi vektla og var opptatt av. Vi formulerte mellom anna kritikken vår slik: «Studentvenstrelaget meiner det i dag er gale for det politiske arbeid vi ynskjer å utføre å byggje på liberalismen som ideologi. Tener kapitalismen slik den utviklar seg i vårt land og internasjonalt dei interessene som liberalismen sa seg å vilje fremje: Så som fridom, rettferd, menneskeverd for einskildmennesket, likskap? Skal ein i dag kunne gjennomføre ein politikk som garanterer eit menneskeverdig liv, må vi angripe dei lover som styrer vårt økonomiske system.»[1]

Vi kritiserte både kapitalismen og kommunismen

Vi forstod politikk som noko meir grunnleggjande enn å administrere den rådande utviklinga. «Vårt økonomiske system er ikkje naturnødvendig», var overskrifta vi brukte på presentasjonen av programmet vårt i Studentersamfunnet. På spørsmål om kva populismen står i motsetnad til, vektla vi desse to avgrensingane: «1) til rasjonaliteten i vårt noverande økonomiske system, det kapitalistiske, og 2) til marxismen-leninismen med sin dogmeliknande fasttømra teori om den einaste sanne vegen til det gode samfunn, dvs. gjennom proletariatets diktatur til det klasselause kommunistiske samfunn.»[2]

Det tredje utviklingstrekket vi reagerte mot, var miljøkrisa. Vårt syn her formulerte vi mellom anna slik:

Frå reising av utstillings- og møtetelt under Kritisk veke, oktober 1970. Frå venstre; Hans Pedersen, Magnar Rønstad og Hartvig Sætra. Foto: Vidar Ystad

«Ei politisk rørsle som ikkje spør kva ressursar jorda stiller til rådvelde, korleis dei i dag vert brukt, kva konsekvensar dagens ressurspolitikk får, og korleis desse ressursane i framtida skal disponerast, har hoppa over hovudsaka: Korleis skal vi unngå økologisk krise som trugar med å rive eksistensgrunnlaget bort ikkje berre for vår generasjon, men som gjer det absurd å planleggje for etterslekter av di livsgrunnlaget for seinare slekter er øydelagt … Kanskje blir vår generasjon skulda for å gjere det same som kyrkjas menn i Russland gjorde då revolusjonen kom: Dei drøfta dei liturgiske fargane på prestedraktene.»[3]

Vi kritiserte både kapitalismen og kommunismen fordi begge system kvilte på stadig meir vekst og auka forbruk. Vi sa at ml-arane ikkje var opptatt av miljøproblema, og at marxistisk teori ikkje hadde noko svar på korleis dei ville møte dei problema som trugar med å rive eksistensgrunnlaget bort under oss. Vi hadde også fått med oss Rachel Carson: Den tause våren, boka om miljøkrisa.

Men på same tid som vi avviste den dogmatiske marxismen, brukte vi marxistisk teori i dei analysane vi utvikla, for å vise kven som har makt, og for å avdekke den utbyttinga og undertrykkinga som ligg i måten det kapitalistiske systemet fungerer på.

Kritikk mot «mafiaen i Bergen»

I 1970 feira Bergen at byen var 900 år. Vi laga anti-jubileum. Vi aksjonerte. Formålet med Kritisk veke var å avsløre maktforholda i Bergen, og «ved å påvise korleis maktstrukturen er på ulike felt i byen, gje reiskap for endring av den noverande maktstrukturen». Bystyret hadde løyvt pengar til fest for den sosiale eliten i byen, dei som tel og blir rekna med. Vi hadde stand på byen, telt på festplassen med foredrag og diskusjonar. Vi informerte om kor mykje pengar det var jubilert for, og kven som fekk vere med på feiringa. Vi offentleggjorde ei 10 på topp-liste, med namn på kven som hadde ete flest dyre middagar i Håkonshallen, og fekk mykje kjeft frå dei det gjaldt. Vi oppsøkte dei som ikkje var inviterte til feiring, og fekk fram fakta om deira situasjon. Vi laga seminar om sosial naud i Bergen og om byplanlegging, og hadde fredagsmøte om det vi kalla «mafiaen i Bergen».

Populisme var både analyse og arbeidsmåte. Kritisk veke vart eit lærestykke i grasrotarbeid. Ein smak på kva motekspertise dreier seg om. Vi fekk kontakt med menneske som var kritiske til rådande sosialpolitikk og byplanlegging i Bergen. Anti-jubileet fekk fram dei politiske skiljelinene vi stod for. Det var tverrpolitisk arbeid i praksis. Mange som deltok i aksjonane, vart seinare med då PAG vart stifta.

Dei populistiske arbeidsgruppene

Vi brukte hausten i Studentersamfunnet til å rydde oss eit politisk rom mellom SUF og dei konservative. Vi heldt politisk verkstad om populistisk teori og strategi. John Dale (Sp) kom og heldt foredrag om «Populisme i staden for kapitalisme». Vi inviterte Arne Kielland, Karin Beate Theodorsen, Kristen Nygård, Gunnar Skirbekk og Ottar Brox til seminar for å diskutere «Kor går dei reelle politiske skiljelinene i norsk politikk?» og «Finst det alternative arbeidsmåtar til tradisjonell partipolitikk?».

Då hausten i Studentersamfunnet i Bergen 1970 nesten var til ende, i slutten av november, var det generalforsamling i Studentvenstrelaget i Bergen. Der vedtok laget å melde seg ut av Venstre. Snaue to månader seinare var vi med og skipa PAG.

Populistiske arbeidsgrupper (PAG) i Bergen vart stifta 15. februar 1971. Til stades på eit førebuingsmøte 14 dagar tidlegare var mellom andre Ottar Brox og Hartvig Sætra. Begge tok ordet i dette møtet, og dei vart seinare ein del av miljøet saman med filosofen Gunnar Skirbekk ved Universitetet i Bergen.

Oddmund Paulsen frå Radøy/Karmøy var den første leiaren i PAG. Med seg i styret hadde han Ragnhild Høgseth, Ruth Brudvik, Nils Aarsæther og Allis Bjerke, med Harry Herstad og Bernt Øivind Bersvendsen som varamedlemer.

Ei liste med krav

Plattforma for PAG vart vedtatt i stikkords form og inneheldt desse punkta:

  • Desentralisering av makt og kapital. Produksjon underordna behova. Produksjonsmetodane underordna dei som produserer. Kapitalen underordna samfunnet.
  • Utvikling av lokalsamfunnet.
  • Motekspertise og motkrefter. Styrke folkevalde organ mot einsidig ekspertise og informasjon. Avgrense og løyse opp kapitalmakt.
  • Balanse i den menneskelege økologien. Vern om ressursane. Kamp mot forgifting og destruksjon av naturen.
  • Sjølvråderett over eigen kvardag.
  • Avvis norsk medlemskap i EEC.
  • Støtt Folkerørsla mot norsk medlemskap i EEC.
PAGs orientering mot grasrot og lokalsamfunn påverka nei-sida under den norske EU-kampen i 1972. Foto: Vidar Ystad

Frå starten fekk PAG mellombels lokale hjå pater Edvard Vogt i eit hus han åtte, like ved Universitetet i Bergen. Vogt, med bakgrunn frå Venstre, støtta slik opp under etableringa av PAG. Etter kort tid fekk PAG leige eit større lokale i bydelen Marken der vi etablerte «PAG-loftet» i Marken 3.

Arbeidet i PAG gav ein kompetanse som

ein vanskeleg kan lese seg til.

PAG var frå starten organisert med ein grunnstruktur av arbeidsgrupper som analyserte konkrete saksforhold og sette dei i ein større samanheng. Det var grupper som jobba med populistisk ideologi, med verdiskaping i Bergen, fagrørsla, trafikk- og byutvikling, studentpolitikk og sosialpolitikk. Seinare kom det til ei kvinnegruppe og ei lokalsamfunnsgruppe. Styret i PAG hadde i oppgåve å samordne arbeidet i gruppene og samle medlemmene i konkrete aksjonar.

Gruppene utarbeidde rapportar som i neste omgang vart presenterte i PAG-avisa. Arbeidet i gruppene gav både innsikt, kunnskap og erfaring som mange av deltakarane har drege nytte av gjennom arbeidslivet seinare. Arbeidet i PAG gav ein kompetanse som ein vanskeleg kan lese seg til.

Nei til bilen

Kort tid etter at PAG i Bergen vart etablert, såg første nummeret av PAG-avisa dagens lys. Dette nummeret, som var på to A3-sider, eit såkalla «flak», inneheldt ei orientering om utviklinga fram mot PAG, ein artikkel om «Å arbeide politisk» og ein artikkel med front mot «bilen i sentrum».

PAG-avisa vart raskt utvikla til eit viktig meldingsblad, kontaktorgan og meiningskanal der lesarane vart inviterte til å skrive innlegg. Sidetalet vart sterkt utvida, og nye utgåver kom oftare etter at vi i løpet av 1971, saman med SF, fekk kjøpt ei brukt offsetmaskin som kunne trykke A3-format. Dermed kunne vi produsere det vi trong av skriftleg materiale sjølv til ein overkommeleg pris. I løpet av kort tid fekk avisa over 1000 tingarar spreidde over heile landet, og i 1974 kom avisa ut med ti nummer.

Parallelt med produksjonen av PAG-avisa laga og produserte PAG ein serie artikkelsamlingar med artiklar om relevante tema. Artikkelsamlingane vart etterspurde over heile landet, og fleire skular tinga klassesett. Det blei laga fire artikkelsamlingar som alle kom i fleire opplag for å dekke etterspurnaden. Artikkelsamling 1, til dømes, kom i fjerde opplag 1973.

I 1972 kom boka Norsk populisme på Det Norske Samlaget. Boka var eit kollektivt produkt forfatta av 13 medlemer og kom i to opplag. PAG hadde eit effektivt og dugnadsbasert system for å spreie kunnskap om norsk populisme. PAG-avisa og dei mange utgjevingane gav retning for det som skulle bli Populistiske arbeidsgrupper fleire stader i landet.

PAG aksjonerte for reinare luft med synlege korona-tilpassa verkemiddel. Foto: Vidar ystad

PAG i Bergen starta ei politisk mobilisering som fekk ringverknader utover landet. Allereie i oktober 1971 arrangerte Studentersamfunnet i Trondheim «Populismeseminar». Her møtte tre utsendingar frå PAG i Bergen som innleiarar. Etter seminaret melde 30 av deltakarane seg på studiesirklar om populisme, og på nyåret i 1972 vart PAG i Trondheim skipa.

Hausten 1972 hadde PAG i Trondheim saman med «frihetlige sosialister» makta i Studentersamfunnet i Trondheim. I Studentersamfunnet i Oslo hadde «tvillingen», Grønt Gras, makta dette semesteret. Her blei det også arrangert eit møte om populisme, med Hartvig Sætra og Nils Aarsæther som innleiarar. PAG arrangerte elles sommarleirar med fordjuping i aktuelle tema, kombinert med djupdykk i lokalsamfunn og sosial aktivitet. I 1972 vart sommarleiren halden på Bjørnsund utanfor Molde. I 1974 vart sommarleiren halden på Tysnes, sør for Bergen. I 1975 heldt PAG den siste sommarleiren sin, på Herøy på Helgelandskysten.

PAG, og folk frå PAG-miljøet, var også sterkt involverte i fleire miljøaksjonar i Bergen. Både trafikkaksjonar, Gyldenpris-aksjonen i 1971 for å stoppe nedlegginga av ein barnehage, og kampen for å ta vare på bydelen Marken i Bergen var «signal-aksjonar» for PAG-miljøet.

Saneringa av Marken

I ettertid fekk PAG lovord frå mange og uventa hald for innsatsen som hindra sanering av den verneverdige bydelen Marken. Som ein skjebnens ironi blei berre eitt einaste hus i Marken sanert, og det var Marken 3, der PAG hadde hatt sitt kontor og møtelokale.

I PAG-avisa nr. 5 1972 kan ein melde om temakveld om populisme ved Distriktshøgskulen i Bø med innleiarar frå PAG, vidare om populismemøte på Fana gymnas med PAG-innleiarar, og om eit godt besøkt populismemøte i Stavanger og planar om skiping av PAG-lag der. Det er omtale av studiesirklar om populisme fleire stader i Møre og Romsdal. I Oslo-området oppstod det over tid fleire «populist-grupper». Ei av desse var Populistiske interessegrupper, forkorta PIG, på Jessheim. PAG-folk heldt også innleiingar om PAG og populisme fleire andre stader i landet.

Med etableringa av reformuniversitetet Universitetet i Tromsø opna det seg ein ny arena for studentpolitiske og utoverretta aktivitetar. Minst 15 aktive PAG-medlemmer, inkludert Ottar Brox, drog frå Bergen til Tromsø frå 1972 av. I Tromsø stod fiskeripolitikk og råderett over ressursane i fokus for arbeidet då PAG-laget blei etablert der. Også her blei det etablert kontor- og møtelokale, og gradvis blei PAG i Tromsø eit tyngdepunkt for populisme-rørsla. Medlemmene engasjerte seg særleg i Aksjon Kyst-Norge, som kjempa for utvidinga av fiskerigrensa frå 12 til 50 mil. Utover på 1970-talet, då 200 mils fiskerisone var vel etablert, kom det press frå oljeindustrien om å flytte aktiviteten nordover, til dei rike fiskebankane. PAG-folk gjorde seg då sterkt gjeldande i å skipe og drive Oljeaksjonen i Nord, i eit tett samarbeid med natur- og miljøvernorganisasjonar. Så seint som i 1979 blei det laga ei motmelding mot regjeringa si melding om å opne Nord-Noreg for oljeutvinning.

Kritikk frå Statoil-sjefen

Ikkje alle sette pris på det dei såg av effektar av PAG si verksemd. Eit tydeleg teikn på det kom til uttrykk i 1975 i tidsskriftet Pro Patria, utgjeve av Norske Reserveoffiserers Forbund (NROF). Bladet melde då at forbundet ikkje ville gå overvakingspolitiet i næringa, men fann grunn til sjølv å følgje verksemda til eit 50-tals organisasjonar som dreiv «samfunnsnedbrytende virksomhet». Mellom desse var Populistiske arbeidsgrupper i Bergen og PAG i Oslo.

Til og med den mektige sjefen i Statoil, Arve Johnsen, kasta seg på kritikken av «populistene»:

«Populister er reaksjonære mennesker iført imiterte tresko og imitert busserull som tror at trivsel er prat over skigarden i gamle dager. De sitter i skjermede stillinger, krever sin lønn og før den. De prøver aldri sine teorier ut mot livets realiteter. Jeg skulle ønske – av hele mitt hjerte – at disse folkene kunne få tilbringe fem år av sitt liv i en drengestue i 20–30-årene, da tenker jeg nullvekstfilosofien hadde sultet ut av kroppen på dem.» (Arve Johnsen i intervju med Nationen, februar 1987.)[4]

PAG og PAG-folk fekk ei sentral rolle i kampen mot norsk medlemskap i EEC i 1970 til 1972. Det var personar frå PAG-miljøet som bemanna Vestlandskontoret til Folkerørsla mot norsk medlemskap i heile perioden.

Det starta allereie hausten 1970, før PAG vart stifta, då Vidar Ystad frå populist-miljøet, med bakgrunn frå Studentvenstrelaget, vart tilsett som sekretær ved kontoret til Folkerørsla. Organisasjonen heldt då til på Fredskontoret i Skivebakken 9 i Bergen.

Påverka EU-kampen

Her vart dei første styremøta i Folkerørsla på Vestlandet haldne, med den legendariske Dagen-redaktøren Arthur Berg som styreleiar. Denne hausten gjekk arbeidet for fullt med å skipe lokallag av Folkerørsla i Bergen, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Det neste halvåret tok nye krefter, frå det som i februar 1971 vart PAG, over som sekretariat på kontoret i nye og større lokale. Slik gjekk det slag i slag med sekretariatstilsette frå PAG fram til folkerøystinga 25. september 1972.

Folkerørsla var heilt frå starten ein brei allianse. PAG-folk i og kring sekretariatet i Bergen jobba for å styrke grasrotprofilen i arbeidet mot norsk medlemskap i EEC, og for å sikre den tverrpolitiske samansettinga av lokallag på Vestlandet. Samstundes var ein på vakt mot å sleppe til marxist-leninistane i SUF (ml). Det var nok av døme på at deira engasjement i politiske saker og rørsler handla om å skaffe seg kontroll, med splitting som resultat. Med røynslene frå studentpolitikken på universitetet var folk frå PAG vel skodde for å halde stø kurs her. Marxist-leninistane hadde sin eigen konkurrerande organisasjon: Arbeiderkomiteen mot EEC og dyrtid, men prøvde også å få sine folk inn i dei lokale styra til Folkerørsla.

Aksjon for vern av Marken i 1974. Marken var truga av total sanering. Dette var ein av fleire aksjonar som til slutt enda med siger og takk til PAG. PAG hadde gjennom mange år kontor og møtelokale i Marken. Foto: Vidar Ystad

PAG, gjennom PAG-trykk i Bergen, spela også ei viktig rolle i arbeidet med å produsere og trykke informasjonsmateriell for Folkerørsla. Den siste veka før folkerøystinga 25. september 1972 trykte vi kvar dag ei fersk dagsavis for Folkerørsla i fleire tusen eksemplar som vart distribuerte på Vestlandet.

Arbeidet i Folkerørsla gav resultat: Nei-sida vann folkerøystinga 25. september 1972.

Kva betydning har den organiserte

populismen hatt for politikk og samfunnsliv?

I boka Folket sa nei (Samlaget 2014) skriv Dag Seierstad at «PAG bidrog til å meisle ut den lokalsamfunnsorienterte grasrotprofilen som særkjenner viktige delar av den norske EU-motstanden».

Måten Folkerørsla vann kampen på, viste kor viktig den populist-inspirerte arbeidsmåten var. Ein sikra alliansen mellom parti og organisasjonar som ikkje var vane med å samarbeide. Men det viktigaste var å bygge opp ein kraftfull grasrotorganisasjon som kunne gjennomføre verving, aksjonar og markeringar over heile landet. I tillegg sikra ein oppbygging og spreiing av fagleg grunna analysar og argument: Motekspertise blei mobilisert i utdannings- og forskingsmiljøa.

Ein kampanje mot populismen

Då PAG i Bergen vart skipa i 1971, var det første gongen ein organisasjonen her i landet brukte ordet populisme i namnet sitt. PAG-rørsla hadde si stordomstid på 1970-talet og engasjerte ungdomar og studentar ved mange studiestader og skolar rundt om i landet. Tyngdepunktet blei etter kvart flytta frå Bergen til Tromsø, men rørsla ebba ut mot slutten av tiåret. No, 50 år etter oppstarten, er det grunn til å stille tre spørsmål: Kva betydning har den organiserte populismen hatt for politikk og samfunnsliv? Kvifor blei ikkje konseptet med «populistiske arbeidsgrupper» vidareført etter 1970-talet? Og kva kan forklare den fornya interessa for populisme i dag?

Vi skal ikkje overdrive betydninga av den populistiske rørsla på 1970-talet, men det er grunn til å framheve to verknader: For det første bidrog PAG-aktivitetane til å spreie kunnskap om «grasrot-metodikken» i politisk arbeid. Dette var viktig i ei tid då dei politiske partia var i ferd med å miste grepet på samfunnsengasjerte menneske. Utan ei alternativ oppskrift på politisk arbeid kunne vi risikert ei langt sterkare avpolitisering her til lands. Ein enkel, men viktig bodskap som PAG-rørsla formidla, var at eit politisk engasjement i og for lokalsamfunnet ikkje stod i motsetnad til internasjonalt retta solidaritetsarbeid. Denne bodskapen gjekk igjen i foredrag, artiklar, studiesirklar og bøker, og han nådde fram langt utover student- og universitetsmiljøa. For det andre bidrog PAG-miljøet til at arbeidet til Folkerørsla mot norsk medlemskap i EEC, og seinare Nei til EU, fekk ein tydeleg grasrotprofil. Det viste seg mogleg å mobilisere meir enn 100 000 medlemmer til innsats, gjennom tverrpolitisk samansette lokallag i alle kommunar og bydelar. Ingen kan vere i tvil om at dette fekk betydning for utfallet, med dei knappe marginane nei-sida vann med.

PAG med sykkkelaksjon. Den gongen symboliserte munnbindet eit ønskje om eksos- og støvfri luft. Foto: Vidar Ystad

Men kvifor lukkast det ikkje å vidareføre arbeidet etter 1970-talet? Det er fleire grunnar til det, men her vil vi framheve det som skjedde med omgrepet «populisme» i medium og i offentleg debatt. Vi har tidlegare nemnt at den norske populismen kom under hardt skyts frå den politiske høgresida (inkludert høgresida i Arbeidarpartiet). PAGs definisjon av populisme blei regelrett overkøyrd av det mediale maktapparatet som ei skuffa og hemngjerrig Ja-side kunne nytte seg av. Kva PAG-avisa skreiv, betydde lite mot redaksjonane i Aftenposten, VG og Dagbladet, som var samstemte i at populisme, det var noko suspekt og anti-demokratisk. Ved å vise til akademiske rapportar kunne riksmedia fortelje at populisme, det var billeg retorikk og lettvinte argument for å fri til folkemeininga. Etter kvart vart «populisme» brukt om nasjonalisme og framandfrykt, altså om den politikken som grupper langt til høgre stod for. Kritikken var så sterk at både Ottar Brox og Hartvig Sætra allereie i 1973–1974 slutta å bruket «populisme» om den politikken dei stod for.[5] Men verken Brox eller Sætra la vekt på kva for krefter som hadde introdusert den «nye» definisjonen av populisme i den politiske debatten.[6]

Populisme nedanfrå

Det tredje spørsmålet er kvifor populisme-omgrepet har vekt så stor interesse i dei seinare åra. Dersom omgrepet var så håplaust og tilslørande som mange hevdar, kvifor blir det framleis brukt? Er det fordi det har vore ei oppblomstring av ekstrem nasjonalisme og framandfrykt i mange land? Ja, det er nok delvis det. Men kvifor blir Bernie Sanders og dei mange grasrot-rørslene mot kapitalmakt også omtala som populistiske?

Svaret er at kjernen i populismen er at politisk makt må kome nedanfrå, og at ein kjempar mot elitar (kapitalmakt og politiske elitar) som står for undertrykking og dårlege levekår for store delar av borgarane. Denne folkelege protesten kan ta både ei venstrepolitisk og ei høgrepolitisk retning. Derfor er det i dag blitt fornuftig å operere med eit skarpt skilje mellom venstrepopulisme og høgrepopulisme. Og i denne samanhengen er det klart at det PAG stod for, var ein venstrepopulistisk politikk, basert på anti-kapitalisme, kamp for miljøet og tverrpolitisk grasrotarbeid.

Også i dag er det slik at om vi skal få ein politikk som er forankra i folks kvardag, må det finnast institusjonar som analyserer, knyter kontaktar på tvers, og lar folk både kome til orde og bestemme.

Audgunn Oltedal er journalist, medieforskar og var den første redaktøren i SV-avisa Ny Tid.

Vidar Ystad er journalist. På 1970-talet var han redaktør i Studvest og aktiv i Populistiske arbeidsgrupper (PAG).

Nils Aarsæther er professor ved Universitetet i Tromsø og spesialist på lokaldemokrati.

Artikkelen stod på trykk i Syn og Segn 1/2021

Notar

[1] Innlegg av Audgunn Oltedal i prosessen som førte fram til at Studentvenstrelaget i Bergen melde seg ut av Venstre i november 1970.

[2] Frå foredrag av Audgunn Oltedal på seminar om populisme i Studentersamfunnet 19.11.1971.

[3] Frå skriv til deltakarane i dei sju gruppene som var med og førebudde anti-jubileet (Kritisk veke) i Studentersamfunnet i oktober 1970.

[4] Johnsen, som hadde ei fyrsteleg løn, fekk sparken i Statoil i 1988 etter milliardoverskridingar på Mongstad.

[5] Sætra hadde gjeve ut boka Populismen i norsk sosialisme i 1971, men ei ny utgåve i 1973 hadde tittelen Den økopolitiske sosialismen. Ottar Brox skreiv i ei bokmelding av Sætra si nye utgåve i Orientering nr 20-1974 «at populismebegrepet no er blitt tilslørande heller enn klargjerande».

[6] Ein analyse av kreftene bak den systematiske «anti-populismen» finn vi i boka The People: NO – A Brief History of Anti-Populism, skriven av amerikanaren Thomas Frank (Metropolitan Books, 2020).opu

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar