Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Bidens Amerika

Av Sigrid Rege Gårdsvoll

Mange nordmenn pusta letta ut då det vart klart at Joe Biden hadde vunne presidentvalet i USA. Han lova forandring og nye tider. Men kva kan han eigentleg få til?

Donald Trump fekk berre éin periode som leiar av den største økonomi- og militærmakta i verda. Det var det mange som var nøgde med. Det gjeld også folk langt ute på den norske høgresida, slike som normalt vil identifisere seg meir med republikanarane. Stemninga minner om den tida då Barack Obama overtok etter George W. Bush. Det enda med at Obama fekk tildelt Nobels Fredspris, nesten utelukkande fordi han ikkje var Bush.

No, med Biden, meiner mange at det er mogeleg å komme tilbake til normalen. Men er det det?

Ein delt nasjon

Biden vann med over 7 millionar røyster over Donald Trump. Sigersmarginen hans i valmannskollegiet var nøyaktig lik Trumps siger over Hillary Clinton i 2016: 306 mot 232. Det er ein trygg siger. Men det er ikkje noko valskred.

Valdeltakinga var den høgaste på over eit hundreår. 157 millionar amerikanarar røysta, over 66 prosent av dei røysteføre. Donald Trump fekk over 74 millionar røyster. Det er meir enn nokon annan presidentkandidat i amerikansk historie, bortsett frå valvinnaren Joe Biden. Det var ikkje den grundige avvisinga av trumpismen som mange hadde vona, og som ein del kanskje forventa. Scenene vi såg i Washington D.C. 6. januar, då Trump-venlege demonstrantar tok seg inn i nasjonalforsamlinga med makt under teljinga av valmannsstemmene, tala også sitt tydelege språk om korleis tilliten var i det amerikanske samfunnet i Trumps siste dagar.

Det er grunn til å tru at mange røysta på Donald Trump fordi dei rett og slett ikkje kunne tenkje seg å røyste på demokratane. Den politiske polariseringa i USA har eskalert dei siste 30 åra. Ei undersøking Pew Research gjennomførte i 2014, viser at andelen amerikanarar som er konsekvent konservative eller konsekvent liberale, dobla seg frå 1990. Det er færre i midten, og fleire på ytterfløyene. Dermed blir det ideologiske overlappet mellom partia stadig mindre. I den same rapporten går det fram at den typiske republikanaren i 2014 var meir konservativ enn 94 prosent av demokratane. Den typiske demokraten var meir liberal enn 92 prosent av republikanarar. Alt tyder på at denne tendensen har blitt endå sterkare i løpet av dei seks åra som har gått sidan denne undersøkinga vart gjennomført.

Ein månad før 2020-valet sa om lag åtte av ti veljarar i USA at skiljelinjene mellom dei sjølv og det andre partiet står om grunnleggjande amerikanske verdiar. Dei spurde vart ikkje bedne om å gå meir i detalj. Truleg siktar dei til verdiar som fridom, patriotisme og omsorg for kvarandre. Ni av ti – i begge parti – frykta at ein siger for den andre sida ville gjere varig skade på landet. Dersom du meiner at kandidaten frå Det demokratiske partiet verkeleg vil gjere varig skade på landet, er det kanskje ikkje så merkeleg at du røystar på Donald Trump, sjølv om du ikkje er spesielt oppglødd for han. Mange veljarar er òg oppglødde for Trump og stør han vilkårslaust, det må vere klart. Det finst ingen annan god grunn til at elles fornuftige republikanske folkevalde skulle støtte hans påstandar og konspirasjonsteoriar om at valet ikkje vart rettvist gjennomført. Det er heller inga anna forklaring på at dei skulle gå så langt som til å stemme i Kongressen for ikkje å godkjenne valresultatet, slik eit hundretals republikanske kongressmedlemmar og senatorar gjorde 6. og 7. januar.

Joe Biden er USAs president. Men kva kan han få til? Sigrid Rege Gårdsvoll analyserer. Foto: Robert Linder/Unsplash

Fordi overlappet mellom partia er blitt mindre og mindre dei siste åra, har også rommet for å finne tverrpolitiske løysingar i Kongressen krympa. Tonen i den politiske debatten har hardna til. Særleg dei siste femten åra har det blitt stadig vanskelegare for politikarar i Washington D.C. å bli samde i praksis også om ting dei eigentleg er samde om på papiret. I 2013 var Kongressen svært nær ved å vedta omfattande og heilt naudsynte reformer av reglementet for innvandring. Trass i at reforma hadde fleirtal i båe parti, fall prosessen frå kvarandre, utan at motstanden var organisert. Moderate republikanarar er nærmast utrydda frå nasjonal politikk, og det finst også stadig færre konservative demokratar. Det er blitt bortimot umogeleg å finne nok røyster i kongressen til kompromiss midt i det politiske landskapet.

I dette landskapet skal Joe Biden søkje å leie landet til eining og forsoning. Det kan vise seg å bli eit særs krevjande prosjekt.

Eining og samarbeid

I valkampen framheva Biden si røynsle i nasjonal politikk. Han framheva også si evne til å jobbe på tvers av politiske skiljelinjer. Mange liberale kommentatorar har stilt spørsmål ved om Bidens tru på tverrpolitisk samarbeid er urealistisk. Har han gløymt det som har skjedd dei siste tolv åra? Som visepresident hadde Biden orkesterplass til måten det republikanske fleirtalet i Senatet forpurra dei politiske planane til Barack Obama.

Dersom ein lovar eining, vil ein per definisjon ha feila så snart motparten set seg på bakbeina. Bidens gamle sjef fekk erfare det gjennom si tid som president. Obama har seinare innrømt at han grovt overvurderte moglegheitene for samarbeid med Det republikanske partiet. Det er lite som tyder på at Biden vil bli motteken på ein annan måte. Men det er likevel to ting som talar for Biden: For det første er Biden ein annan type politikar enn Barack Obama. Han sat i Senatet i 36 år. Biden har mange tette venskap i båe parti. Han har vore vand til å forhandle og jobbe saman med politikarar med ulik politisk ståstad. Og, ikkje minst, 2021 er ikkje 2009. Ting kan endre seg fort i amerikansk politikk.

I valet i november 2020 heldt demokratane på fleirtalet sitt i Representanthuset. Men dei mista eit titals plassar til republikanarane. Dette kan endre seg i 2022. Ofte endar mellomvalet med eit godt resultat for opposisjonspartiet. Det er mogeleg å sjå føre seg at demokratane heilt mistar fleirtalet etter 2022. Langt meir spanande vart slaget om Senatet, det øvre kammeret i Kongressen.

Med siger i dei to vala i Georgia som gjekk til andre valrunde i januar, oppnådde demokratane røystelikskap i Senatet. Med røysta til påtroppande visepresident Kamala Harris har demokratane fleirtal i båe kammer av Kongressen dei neste to åra. Dette gjev Joe Biden eit langt større spelerom til å få gjennomført sin politikk. Men det gjev også langt meir press på at han må levere.

Biden vil nok søkje politiske kompromiss i sentrum. Men det at han ikkje er heilt avhengig av velvilje og samarbeid frå republikanarane i Senatet, gjer jobben hans lettare. Republikanarane har i realiteten motsett seg alle former for samarbeid med demokratane sidan dei vann fleirtalet i Senatet etter mellomvalet i 2014.

Like fullt er det eit stort spenn innanfor Bidens parti. Ein har liberale senatorar som Kirsten Gillibrand frå New York og Jeff Merkley frå Oregon. Desse to vil ha ei omfattande reform av USAs klimapolitikk. På motsett side har Det demokratiske partiet har også relativt konservative senatorar som Joe Manchin frå West Virginia og Kyrsten Sinema frå Arizona. Dei er to av dei fire demokratane i Senatet som har røysta mot den såkalla Green New Deal-planen, som legg eit rammeverk for offensiv klimapolitikk.

Etter fire år med Donald Trump er USA eit djupt splitta land. Foto: Kyle Ryan/ Unsplash

Regelverket i Senatet gjer at det i dei fleste saker ikkje er nok med eit enkelt fleirtal (51 røyster). Ein treng 60 røyster. Dette kan endrast, men fleire moderate røyster er kritiske til det. Dei åtvarar om at ein kan ende opp med å gjere livet enklare for Det republikanske partiet når dei ein gong får fleirtalet. Men dei seier også at ein slik regel, som i dagens situasjon vil tvinge fram tverrpolitiske kompromiss, vil gje den beste politikken. Ei slik haldning er upopulær på venstresida i partiet og blir sett på som for passiv. Å fjerne regelen som krev 60 røyster, er i beste fall eit tiltak for kortsiktig vinning. For å leggje til rette for langsiktig forsoning vil det truleg vere meir nyttig å halde på regelverk som krev tverrpolitisk samarbeid.

Gjennom valkampen og tida etterpå uttrykte venstresida i Det demokratiske partiet bekymring for at Biden ikkje ville levere godt nok på saker som er viktige for dei. Dette er saker som ein meir offensiv og omfattande klima- og miljøpolitikk, kva modell ein skal velje for å organisere og finansiere helsetenester, og korleis ein kan gjere høgare utdanning meir tilgjengeleg for fleire utan dyre studielån. Her kan vi sjå tydelege frontar i partiet stå mot kvarandre i tida som kjem – men båe sider vil nok likevel føretrekkje å slåst med kvarandre heller enn med republikanarane.

Biden kan kome til å lukkast med å søkje kompromiss på midten. For moderate republikanarar er det den einaste moglegheita dei har til å øve innverknad på politikken dei neste to åra. Mange republikanarar i Washington D.C. fekk seg nok også ein skikkeleg støkk då ei stor gruppe demonstrantar storma Kongressen i januar 2021. Fleire prominente republikanarar har sagt ting i etterkant av dette som tyder på at ein kan komme til å sjå at fleire vil søkje seg vekk frå trumpismen. Og kanskje kan dei då også få med seg ei meir venleg innstilling til samarbeid?

«Trump og eg hadde litt av ei reise. Det er vondt at det må vere slik. Alt eg kan seie, er: Ikkje rekn med meg meir. Nok er nok. Eg har prøvd å hjelpe», sa senator Lindsey Graham frå South Carolina etter angrepet på kongressbygningen. I 2016 var Graham ein skarp kritikar av Trump. I åra fram til 2021 var Graham ein av Trumps aller ivrigaste støttespelarar.

Dems in disarray

Det er ikkje stor og djuptgåande usemje innanfor Det demokratiske partiet når ein skal diagnostisere problema USA står overfor. Demokratiske politikarar er samde om behovet for reformer i rettsvesen og politivesen, at ein må leggje om til meir klimavenleg politikk, og at sosial og økonomisk ulikskap må bli mindre. Det er derimot eit skarpt avvik mellom dei ulike fløyene i partiet når det gjeld framgangsmåte for å løyse problema. Det handlar både om ideologi og om praktisk politikk.

I reine tal ser om lag halvparten av demokratiske veljarar på seg sjølv som liberale eller svært liberale. Talet har auka for kvart val dei siste tjue åra. Om ikkje mange år vil dei truleg utgjere eit solid fleirtal i partiet. Desse veljarane, og særleg gruppa som kallar seg progressive, eit litt svakt definert politisk omgrep, vil ha ei omfattande reform av helsepolitikken, klimapolitikken og økonomisk politikk. Som vi har vore inne på, treng ein støtte frå eit fleirtal i Kongressen. Ifølgje ei Gallup-undersøking i 2020 ser berre 26 prosent av amerikanarane på seg sjølv som liberale. 34 prosent reknar seg som konservative. Så mange som 40 prosent kallar seg moderate.

På grunn av valsystemet og måten valdistrikta er inndelte, er Kongressen meir konservativ totalt sett enn befolkninga. Dette gjer at reform og ny politikk sjeldan kan bli køyrd gjennom i den forma – og i den farten – som mange høgmælte progressive politikarar ønskjer.

Gjennom dei siste vala har progressive rørsler fremja utfordrarkandidatar mot sitjande demokratiske kongressmedlemmer. Det var slik den progressive superstjerna Alexandra Ocasio-Cortez vart vald inn frå eit trygt demokratisk distrikt i New York i 2018. Saman med likesinna har ho vore ei torn i sida på meir sentrumsorienterte demokratar sidan. Det er ingen grunn til å tru at denne rørsla går tom for luft i nærmaste framtid, sjølv om progressive utfordrarar tapte mange nominasjonsval i 2020.

Den store og krevjande kampen i Det demokratiske partiet i tida som kjem, vil handle om kor store og omfattande reformer demokratane kan bli einige om å strekke seg etter. Han kjem også til å handle om korleis dei kan halde på fleirtalet sitt, slik at president Joe Bidens agenda ikkje set seg fast i usamarbeidsvillige republikanarar.

Andre utfordringar

Joe Biden har andre utfordringar enn dei politiske motstandarane, og kva for ei av dei som i sterkast grad kjem til å prege hans presidentperiode, er ikkje godt å seie.

Det viktigaste spørsmålet er kor mykje politikk Biden får høve til å gjennomføre i ei tid prega av kriser. Truleg blir mykje av det første året hans i det ovale kontoret brukt til å handtere koronapandemien. I skrivande stund har 385 000 amerikanarar mista livet i pandemien. USA er på 11. plass i verda i dødstal per innbyggjar. Pandemien har enorme konsekvensar for USA, både medisinsk, sosialt og økonomisk.

Samstundes er det viktig å vere klar over at nettopp krisehandtering er Bidens kanskje viktigaste mandat frå veljarane, både konkret og i overført tyding. Demokratiske veljarar i nominasjonsvalet gjekk for Biden fordi dei hadde størst tru på at han var den som kunne slå Donald Trump. Sett med demokratiske auge er Trump i seg sjølv, og alt det han står for, ei enorm krise. Det er også truleg at Biden ville hatt større problem med å bli vald til president dersom Trump-administrasjonen hadde handtert koronapandemien betre. Eit stort fleirtal av amerikanarar svarer i meiningsmålingar at dei har større tillit til at Biden kan handtere denne krisa på ein god måte.

Joe Biden vart teken i eid som USAS 46. president 20. januar 2021. Biletet viser det kvite huset i
Washington. Foto: Tabrez Syed/ Unsplash

Det er også venta at Biden vil bruke mykje tid på utanrikspolitikk, eit fagfelt han er svært oppteken av. Her står utfordringane i kø for den nye presidenten. Det er mykje uvisse i det internasjonale samfunnet etter Trump sine fire år. Det har dessutan vore eit stort fråfall av karrierediplomatar og byråkratar i Utanriksdepartementet. Det er kanskje her omverda har dei største forventningane til Biden. Men det er også her han er mest ivrig etter å levere. Då han presenterte teamet sitt på saksfeltet, sa han det enkelt: «America is back.»

Ei anna utfordring er openbar: Biden er gammal. Ved valet i 2024 kjem han til å vere snaue 82 år gammal. Då det i nominasjonsvalkampen vart kjent frå «kjelder nær Biden» at han berre ønskte ein valperiode, vart det tolka som eit forsøk på å samle støtte til ein overgangsfigur i presidentstolen, og det siste har han også sjølv sagt. Ein president som har uttrykt at han vil gå av utan å søkje attval, har mindre innverknad på andre politikarar og dermed mindre gjennomføringsevne. Difor vil vi truleg ikkje høyre Biden sjølv innrømme dette før tida for ein ny nominasjonsvalkamp nærmar seg. Dei aller fleste tek for gjeve at Biden ikkje kjem til å vere på valsetelen i 2024.

Første steg

Joe Biden blir omtala som den mest skikkelege politikaren i USA. Kollegaer i det politiske miljøet står i kø for å fortelje om senatoren med det store hjartet. Idet han tek til med den første – og truleg einaste – presidentperioden sin, er det nok av utfordringar i horisonten. Det er mange ulike meiningar om korleis han bør handtere dei. Eit av spørsmåla vi framleis manglar endeleg svar på, er kven sine meiningar Biden sjølv vil prioritere å høyre på.

Av oppnemningane han så langt har gjort av statsrådar og stab rundt seg sjølv, er det mange gamle kjenningar – i stor grad moderate, godt vaksne menneske som har jobba for og saman med Biden lenge. Stabssjef og nærmaste medarbeidar Ron Klain er kanskje det beste eksempelet på dette. Klain hadde den same jobben for Biden då han var visepresident – og for Al Gore då han var visepresident åtte år tidlegare. Det er ikkje mange freidige og høglydte progressive krefter i den indre krinsen.

Det ber kanskje bod om at Biden vil leggje seg på ei politisk moderat linje. Sjølv om han i desse to første åra har fleirtal i båe kammer av Kongressen, kan han søkje breie fleirtal. Då kan republikanske politikarar notere seg sigrar motparten vil meine at dei ikkje fortener. Etter dei siste åra med trumpisme og obstruksjonisme, og særskilt etter dei dramatiske hendingane tidleg i januar, er tilliten mellom partia på eit nullpunkt. Kanskje – men berre kanskje – kan ei slik utstrekt hand likevel vere eit første steg i retning av mindre polarisering og meir eining. Amerikansk politikk er i ein fastlåst situasjon. Ein bør ikkje forvente at ein får til så mykje meir på eit par år enn nokre få første steg.

Sigrid Rege Gårdsvoll (f. 1987) er kommentator på nettstaden AmerikanskPolitikk.no og kommunikasjonsrådgjevar i Kyrkjerådet.

Artikkelen vart trykt i Syn og Segn 1-2021.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar