Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Kvit, norsk mann

Eg sender kona mi på konsert første gong vår eldste dotter spelar fiolin. Eg vil berre gjere eit godt inntrykk.

Av Brynjulf Jung Tjønn

kva vil du bli

når du blir stor?

eg vil bli

ein kvit, norsk mann

i heile mitt liv har eg drøymt om å vere ein kvit, norsk mann

kvar einaste dag har eg tenkt på det:

om eg berre hadde vore kvit

om eg berre hadde hatt lyst hår

om eg berre hadde blåe eller grøne auge

tenk om eg ein dag vakna og var

ein kvit, norsk mann

kva hadde eg då trunge å frykte?

kva problem ville eg då hatt?

Brynjulf Jung Tjønn heime i Feios i Sogn og Fjordane, like etter at han kom til Noreg. Foto: Privat

heilt frå eg var liten og stod framfor spegelen

har eg drøymt om å vere kvit

for eg har alltid lurt på:

kvifor håret mitt er så svart

kvifor auga mine er så smale

kvifor eg ikkje likna på nokon av dei eg gjekk på skule med

kvifor eg ikkje liknar på syskenborna mine

kvifor eg ikkje likna på foreldra mine

for kvifor måtte akkurat eg

blant fem millionar nordmenn

sjå ut som ein kinesar

viss eg var ein kvit, norsk mann

kunne eg gått rundt utan at nokon snakka engelsk til meg

eg kunne gått på fortauet utan at born ropte

ching-chong-kinamann

eg kunne møtt nye menneske som ikkje hadde spurt om

kor eg eigentleg kjem frå

for kor kjem du eigentleg frå,

kvite, norske mann?

kjem du frå ei seter oppe i Setesdal?

kjem du frå ein høgdegard

der ingen skulle tru at nokon kunne bu?

kjem du frå ei veglaus bygd inst i ein fjordarm?

eller kjem du frå havet?

steig du opp frå havet og krabba i land ved norskekysten?

hadde du restar av olje i det lyse håret ditt?

hadde du laks symjande i dei blåe auga dine?

eg veit ikkje kor eg kjem ifrå

eg veit berre at eg ikkje skaut ungdommar på ei øy

at eg ikkje avfyrte ei bombe i regjeringskvartalet

at eg ikkje prøvde å skyte gamle menn i ein moské

men det eg veit:

viss eg hadde hatt ein stebror

ein kvit, norsk stebror

så kunne han ha skote meg

på mitt eige rom

fordi eg ikkje var

ein kvit, norsk mann

eg får ei tekstmelding av ein slektning

ho skriv at eg skal vere takknemleg som har fått kome til Noreg

at eg ikkje bør klage og syte

at viss eg ikkje hadde blitt adoptert

så hadde eg kanskje budd på gata i Sør-Korea

og levd av å tigge

då eg fekk kjærast

spurde ein av slektningane mine

om ho var slik som meg

eller om ho var norsk

eg sender kona mi på første foreldremøte på skulen

eg sender kona mi for å hente

første gong borna våre har vore med nokon heim

eg sender kona mi på første juleavslutning i klassen

eg sender kona mi på første dugnad i ny barnehage

eg sender kona mi på konsert første gong vår eldste dotter spelar fiolin

eg vil berre gjere eit godt inntrykk

.

Brynjulf Jung Tjønn er forfattar og forlagsredaktør.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar

1 kommentar

Comments are closed.