Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Ta det tilbake

Med dette seier eg opp jakta på det perfekte liv.

Av Kristina Leganger Iversen


ei kvinne (32) sit

med trippande hjarte

og høyrer på spelelista 

«calm piano Music»

*

ein mann (45) googlar 

«how to reduce cortisol»

og lurer på når han skal finne tida

til å sove, trene, ete sunt 

*

kvinne (27)

les om ashwaganda 

ei urt som lovar 

mindre angst mindre stress mindre 

søvnløyse 

*

to venner (54 og 56) pustar djupt inn

og strekk djuuuuupt ut

medan partnarane deira (58 og 60)

spring i Nordmarka 

*

sterkare

raskare 

betre 

*

roligare 

klarare 

lykkelegare

*

ein mann (62)

skulka jobben for å dra på fjellet

med venninne (60)

(fast tilsett og snart AFP)

og der i sola 

i haustvinden klar

som ei innsikt i morgontimen

*

vakne og vakne

og plutseleg vite

det er på tide å ta det tilbake

*

med dette seier eg opp

jakta på det perfekte liv

i’m no longer in the race

to becoming

eg seier nei takk

til å prøve å bli

forfremma på jobb eller 

månadens tilsette

vil ikkje selje mest 

eller gi best service 

heller ikkje på heimebane

vil eg utmerke meg

ikkje i dag

vil eg få hengt opp dei gardinane

ikkje i år heller 

ha årets interiørkonto

på Instagram eller skrive 

årets bok eller vere 

årets stemme 

blir nok heller ikkje

årets foreldre i FAU

ikkje ein gang i 

Birken vil eg delta 

eg vil ikkje 

utmerke meg

på noko anna vis

dette året

anna enn å ha

ei utmerkt 

god tid

til å seie

«klart der passar»

og meine det

klart der passar 

å kome på middag 

vi et kvar dag

klart det passar med ein tur

klart det passar å ha nevøen 

på overnatting eller barnebarnet

det er berre koseleg 

klart det berre er koseleg 

klart vi har tid

*

og med dette vil eg altså 

legge bort 

omtrent heile resten av verda 

og alt det går an å 

samanlikne seg med

med mindre det handlar om

å samanlikne dette:

ein solnedgang 

med ein annan

ein latter

med ein annan

ein stjerneklar 

natt og ein draum 

med ein annan, ei fjør

med ei fjør og med kjensla 

av ei fjør som stryk

under foten 

*

og om noko

vil eg undersøke 

likskapen mellom å vere 

vaksen og å vere barn, kjensla av

å legge seg i nytt sengetøy med 

rein pysjamas og den 

uforliknelege kombinasjonen 

av sjokoladekake og mjølk

livets mørke og lys

kor godt det kan vere

å krølle seg saman

å få ein dyne krølla omkring ein

å gi nokon ein klem 

å få ein klem 

av ein venn, ein vaksen

eller eit barn

*

og svar på spørsmål

eg kan tenke meg å finne

inkluderer 

korleis røysta til bestemor 

nesten alltid 

ber meg seg

ansiktet hennar 

lukta hennar 

den heilt mjuke 

huda hennar 

og kva det vil seie

å vere den som gjer

at nokon andre 

føler seg 

heilt, heilt elska 

*

samt kvifor det 

som er mest verdifullt 

også ofte 

er det 

som

gøymer seg  

under alt dette

ofte andpustne

og andre gongar 

heilt stilleståande 

vi kallar 

tida

*

kvifor folk 

som meg

(om det ikkje

berre er meg) 

ikkje oftare 

stoppar opp

seier nei

det er nok no

*

stel livet

tilbake

Kristina Leganger Iversen er litteraturvitar, forfattar og Syn og Segns huspoet

Foto: Jon Trygve Tollefsen/ Samlaget

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar