Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Tre tabu i den norske klimapolitikken

I norsk klimadebatt er det ikkje plass til tema som skaper dårleg stemning. Tre tabu hindrar oss i å forstå og gjere det vi må.

Av Lars-Henrik Paarup Michelsen

Klimapolitikk var lenge eit tema berre for dei spesielt interesserte, eit tema ein aktivt måtte oppsøke for å bli eksponert for det. Slik er det ikkje lenger. Klimapolitikk har blitt mainstream – på linje med helse, skatt og skule.

At klima har blitt eit breiare tema, er heilt naudsynt. Det er ikkje mogleg å handtere klimakrisa utan at også dei store aktørane innanfor politikk, organisasjonsliv, næringsliv og finans blir med på laget. 

Samtidig er det noko som skjer når eit tema blir allment og «alle skal med»: For ikkje å skyve frå seg dei store, etablerte samfunnsaktørane utviklar det seg ei ramme for kva det er «greitt» å diskutere, og korleis. Umedvetande prøver nok dei fleste av oss å halde seg innanfor denne ramma, for å bli tekne seriøst og lytta til.

Klimapolitikken må ikkje skape dårleg stemning. 

Denne artikkelen handlar om den norske klimadebatten og om spørsmål som burde ha fått meir plass. I dag er det ikkje full aksept for å diskutere desse spørsmåla på alle nivå i samfunnet. Det første spørsmålet handlar om alvoret i klimakrisa. Det andre handlar om dei naudsynte endringane i norsk oljepolitikk. Det tredje er knytt til folks forbruk og vanar. 

Det første handlar om at det er ubehageleg – at vi ikkje vil skremme folk. Dei to siste handlar om at vi ikkje vil bli upopulære. Klimapolitikken må ikkje skape dårleg stemning. 

Alvoret ved klimakrisa

«Dei menneskeskapte klimaendringane vil føre til alvorlege og irreversible konsekvensar for dyr, natur og menneske over heile kloden (…).» Slik opnar regjeringa den ferske klimameldinga – Klimaplan for 2021–2030. Bodskapen er alvorleg, men dramatikken forsvinn når det omtrent blir med desse få linjene, og neste avsnitt startar slik: «Noreg tek ansvar.»

Klimameldinga inneheld mykje god politikk, men illustrerer også den aversjonen vi har mot å kommunisere alvoret i klimakrisa på ein grundig og usminka måte. Eg merkar det sjølv. Vi vil ikkje bli tekne for å skremme og fare med  dommedagsprofetiar. I staden endar ein opp med å skåne offentlegheita for viktig kunnskap.

Noko av det som burde blitt sagt tydeleg, er at klimakrisa vi har skapt, er langt meir alvorleg enn det som blir kommunisert. Vidare burde det ha kome fram at det er ingenting med dagens klimainnsats som tilseier at vi kjem til å klare å halde temperaturstiginga ned mot 1,5 gradar. Koronapandemien bidrog til at globale CO2-utslepp i 2020 gjekk ned med om lag sju prosent samanlikna med 2019. Men daglege utslepp mot slutten av 2020 viser at vi var omtrent tilbake på nivået som blei registrert året før (Global Carbon Project, 2020). I ein nyleg publisert artikkel i tidsskriftet Nature Communications Earth & Environment kan vi lese at karbonbudsjettet for 1,5-gradarmålet mest truleg er brukt opp før 2030 med dagens utsleppsnivå. I verste fall er det allereie brukt opp.

Oljeplattform i Nordsjøen. Foto: Grant Durr/Unsplash

Det store, skremmande spørsmålet er om vi har passert – eller er i ferd med å passere – det nivået der oppvarminga utløyser hendingar som kan endre naturens økosystem for alltid, såkalla vippepunkt. Her er noko av det forskarane fryktar:

  • I Vest-Antarktis er isbremmane utstabile. Kollapsar dei, vil det gi vesentlege bidrag til havstiginga.
  • På Grønland smeltar innlandsisen. Sjølv med berre to gradars oppvarming kan han kollapse heilt over fleire hundre år. Det vil få store konsekvensar for havnivået.
  • I permafrost-område risikerer ein betydeleg karbonlekkasje. Ifølgje FNs klimapanel vil om lag ein fjerdedel av all permafrost globalt tine opp ved to gradars oppvarming – og med det frigjere store mengder karbon som i dag ligg lagra i den frosne bakken.
  • I Amazonas kan oppvarminga bidra til endra nedbørsmønster i regnskogen – som igjen kan få store delar av skogen til å døy.
  • I Arktis risikerer ein at sommarisen forsvinn heilt. I dag har han ein nedkjølande effekt fordi isen sender varmestrålane frå sola tilbake.
  • Havstraumane i Nord-Atlanteren som flyttar varme frå sør til nord og driv store vêrsystem, bremsar opp. Det kan få følgjer for både vêr og matforsyning i store delar av verda.

Klimakrisa vi har skapt, er langt meir alvorleg

enn det som har blitt kommunisert

Å lese om vippepunktet for klimasystemet er overveldande. Det er stor usikkerheit, men poenget er dette: Vi har ikkje sett så brå oppvarming på fleire titals millionar år. Vi lever i eit eksperiment med usikkert utfall. Men vippepunkt er også ein del av utfallsrommet. Det må vi ta omsyn til. Og vi må kunne snakke om det.

Klimakrisa vi har skapt, er langt meir alvorleg enn det som blir kommunisert, skriv Lars Henrik Paarup Michelsen. Foto: Unsplash

Endringar i norsk oljepolitikk

At vi dyssar ned alvoret ved klimakrisa, står godt til måten Noreg stiller seg til den største næringa si.

«Jevn, forutsigbar tilgang på nytt areal i konsesjonsrunder er avgjørende for å nå hovedmålet for politikken – nemlig lønnsom produksjon av olje og gass i et langsiktig perspektiv.» Slik avslutta olje- og energiminister Tina Bru (H) talen ho heldt for oljeindustripolitisk seminar 19. januar i år, før ho annonserte tildelinga av 61 nye utvinningsløyve på norsk sokkel. Nøyaktig to månader tidlegare lyste ho ut 25. konsesjonsrunde – der åtte nye område i Barentshavet og eitt nytt område i Norskehavet blei opna.

Ein må vege sine ord for å unngå å bli stempla som industrifiendtleg.

Det er ingen teikn til at norsk petroleumspolitikk blir skjerpa med det første. Vi held det gåande som vi alltid har gjort – med høgt tildelingstempo, rause skatteordningar og ekstra tiltak når næringa ber om det, som oljeskattepakka under koronakrisa. Argumenta for status quo er under konstant utvikling for å tilpasse seg skiftande forventingar. Akkurat no er det klimaomstilling vi ønsker oss. Då heiter det at omstillinga skal skje via oljeselskapa, og at det å endre rammevilkåra for olje og gass er det same som å svekke kampen mot klimaendringa.

Tabu frå industrien

Å stille spørsmål ved petroleumspolitikken i norsk offentlegheit er ikkje beint fram. Ein må vege sine ord for å unngå å bli stempla som industrifiendtleg. Då stortingsrepresentant Espen Barth Eide (Ap) tenkte høgt om oljeskatteregimet i Klassekampen for to år sidan, tok det ikkje mange timar før partileiar Støre rykte ut og avlyste debatten. I Høgre er det stort sett berre ekspolitikarar i partiet som har lov til å presentere nye tankar om norske petroleumspolitikk i offentlegheita. Debatten om slutten på oljealderen er ein debatt vi må våge å ta.  

Dei store organisasjonane i arbeidslivet, NHO og LO, må dele ansvaret med dei største partia for at vi har ein kultur i Noreg som går ut på å kvele debattar om rammevilkåra til den næringa som alle skjønar skal fasast ut. Har vi nokon gong høyrt Hans-Christian Gabrielsen eller Ole Erik Amlid snakke om at oljeindustriens rammer bør endrast i lys av klimaendringar og energiomstilling? På same måte som Tyskland har klart å få til ein brei diskusjonen om sin kol-exit, burde også dei største aktørane innanfor politikken og arbeidslivet her i landet ha teke ansvar for at vi fekk ein god og inkluderande debatt om korleis Noreg kan avslutte oljealderen med stil. Det openberre spørsmålet er: Når skal vi eigentleg slutte å leite etter meir olje og gass?

Det sjølvpålagde tabuet kan i verste fall forseinke omstillinga av norsk økonomi og bidra til mange feilinvesteringar på vegen.

Folks forbruk og vanar

Minst like vanskeleg som å snakke høgt om endringar for petroleumsindustrien er det å ta opp folks forbruk og vanar i eit klimaperspektiv. Det er den tredje debatten vi må våge å ta. Men også det er heilt naudsynt.  

Det siste året har stadig fleire statar og selskap forplikta seg til eit mål om  «netto null» rundt 2050. Netto null betyr at ein skapar balanse mellom det ein slepper ut av klimagassar, og det ein klarar å fange eller fjerne – anten ved hjelp av naturlege tiltak (t.d. skogplanting) eller teknologiske (t.d. karbonfangst og -lagring, CCS).

Fordi det er ein del klimagassar ein ikkje klarar på bli kvitt (t.d. frå husdyr), og fordi det er grenser for kor store negative utslepp ein kan få til, betyr netto null i realiteten at alle CO2-utslepp frå fossil energi og industri må fasast heilt ut frå midten av dette hundreåret. På kortare sikt – innan 2030 – må utsleppa halverast.

Det Internasjonale Energibyrået (IEA) har tradisjonelt blitt kritisert for å presentere energiframskrivingar som ikkje er i tråd med vedtekne klimamål. Men i fjor haust la dei for aller første gong fram eit nullutsleppsscenario med namnet Net Zero Emissions by 2050 (NZE2050). IEA analyserte kva konkrete endringar som må til for at vi skal kome inn på ein bane som gir netto null i 2050. Tiltaka fordeler seg på tre kategoriar – der dei to viktigaste er å fase ut fossil energi frå 1) kraftproduksjon og 2) sluttbrukarsektorane (industri, transport o.l.). Den tredje kategorien er meir overraskande frå IEA-hald: endringar i åtferd på konsumentnivå.

Å snakke om overforbruk skaper dårleg stemning, skriv Lars Parup-Michelsen. Foto: Artificial Images/Unsplash

IEA skriv at fordi vi skal i netto null, og fordi vi må oppnå store utsleppskutt raskt, er det viktige klimagevinstar å hente også på forbruksnivå. Dei viktigaste tiltaka – som også er relevante for oss i Noreg – handlar om å fly mindre og redusere bilkøyringa. Hadde IEAs arbeid dekt meir enn energirelaterte CO2-utslepp, ville dei garantert også hatt redusert kjøttkonsum som eit viktig klimatiltak på forbrukarnivå. Eit ferskt døme er korleis klimameldinga ikkje inneheld ny, konkret politikk for å redusere bruken av raudt kjøtt i Noreg, sjølv om endra kosthald vart peika på som eit særs effektivt klimatiltak av Miljødirektoratet. 

Vi må gjerne kalle forslag som tek tak i sydenreiser, matvanar og generelt overforbruk, for  moralisme, eller å «plage vanlege folk». Men klimamålet om netto null som vi har forplikta oss til, skapar ingen frisoner for utslepp, ikkje eingong i eit langstrekt land der det er langt mellom husa.

Kva er det stovereint å snakke om?

Om vi skal tone ned skildringar av farlege klimaendring, og heller ikkje foreslå tiltak som grip inn i norsk petroleumspolitikk eller i folks forbruk og vanar, kva er det då stovereint å drive på med?

Når klarar vi å fase ut den siste bensin- og dieselbilen?

Svaret er heiing – overdriven heiing. Det finst knapt ein elektrisk gravemaskin i Noreg som ikkje kan vise til eit dobbelsidig avisoppslag, og som ikkje har fått taletid på ein nasjonal konferanse.

Elbilsalet er eit anna gode døme: Her imponerer Noreg samanlikna med alle andre land. Kvar månad feirar vi nye rekordar, og det er ikkje utenkeleg at vi klarar målet om 100 prosent elektrisk nybilsal innan 2025. Men nybilsalet er ikkje heile biletet. Det som er underkommunisert, er at utsleppsfrie bilar framleis utgjer ein forsvinnande liten del av den samla personbilparken (under 10 prosent i 2019). Når klarar vi å fase ut den siste bensin- og dieselbilen? I eit klimaperspektiv er det det som er spørsmålet.

Gjennom media får ein inntrykk av at Oslo går lengst av alle når det gjeld å stille klimakrav. Det gjer dei kanskje også. I 2019 kunne ein lese i avisene at Oslo ville få Nordens største flåte av elektriske bussar. Desto meir overraskande var det å lese at det blei registrert langt fleire dieselbussar enn elbussar i 2020. I 2019 utgjorde dieselandelen 78 prosent av alle bussregistreringar i hovudstaden, i 2020 var andelen auka til 80 prosent.

Det er bra å gi folk ein klapp på skuldra for klimariktige val. Men faren er at vi lurar oss sjølv til å tru at omstillinga går fortare enn ho gjer – og at vi er i rute.

Lars-Henrik Paarup Michelsen er dagleg leiar i Norsk Klimastiftelse.

Artikkelen var på trykk i Syn og Segn 1/2021

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Vennligst skriv inn din kommentar!
Vennligst skriv inn navnet ditt her