Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Vi må skrive oss inn i verdshistoria

Det er på tide å snakke nordmenns plass i slavehandelen. Grunnen er at den har forma samfunnet vårt på ein måte dei aller fleste ikkje er klar over.

Av Dubie Toa-Kwapong

I 2014, medan vi nordmenn var i ferd med å feire 200-årsjubileet til Grunnlova, slo fleire karibiske land seg saman for å krevje at Noreg og Danmark tek ansvar for si deltaking i slavehandel, slaveri og kolonialisme frå 1600- til 1800-talet. Dei stilte òg krav til oppreising for øyene, som er påverka av over hundre år med dansk-norsk undertrykking. Nordmenn er stolte over vår lange og oppsiktsvekkande sjøfartshistorie. Men det er ikkje mogleg å ta føre seg den sentrale stillinga vår i den globale sjøfartshistoria utan å ta omsyn til eit avgjerande og mørkt kapittel – den dansk-norske slavehandelen, eller negerhandelen,som det vart kalla på den tid.[1] I diskusjonar om Noreg si rolle i slavehandelen blir nordmenn typisk skildra som uvillige deltakarar, tvinga til ta del på grunn av unionen med Danmark. Verkelegheita er vondare. Nordmenn deltok i trekanthandelen (og særleg menneskehandelen) på alle nivå – som sjømenn, kjøpmenn, finansfolk, offentlege tenestefolk og som nybyggjarar (både frivillige og ufrivillige) og kolonistar i «den nye verda». Som historikar Fredrik Hyrum Svensli påpeikar, er det viktig å gi merksemd til dei norske aktørane i «slavehandelens periferi i Afrika, som via sitt liv til slavehandelens teneste». Fleire av desse var «inkompetente eventyrarar og tukthusfangar».[2]

Plantasjoen Høgensborg på St. Croix, teikna i juni 1838 av Fredrik von Scholten, som var generalguvernør i dansk vest-India i åra 1827-1848.

Slavekskipet Fredensborg

Det best kjende dansk-norske slaveskipet er Fredensborg, som forliste tragisk utanfor Arendal 1. desember 1768 på veg tilbake til Nord-Europa frå den dansk-norske kolonien St. Croix. Blant dei som vart redda og ført i land i uthamna Narestø, var to afrikanske slavar, og blant dei 48 menneska som mista livet, var 30 slavar. Då dykkarane Leif Svalesen, Odd Keilon Osmundsen og Tore Svalesen (med fagleg støtte frå kysthistorikar Hartvig W. Dannevig) endeleg fann fram til vraket i 1974 etter 206 år,[3] vart over to tusen gjenstandar berga, inkludert notata og dagbøkene til kapteinen og skipsassistenten. I dag er det mogleg å lese loggane ført av kapteinen gjennom ekspedisjonen frå festninga Christiansborg i Gullkysten (i dagens Ghana), over Atlanterhavet og til Karibia.

Det var vanleg å setje segl om natta medan slavane sov

Slaveskipet Fredensborg forlét Gullkysten rundt midnatt 23. april 1767, etter sju månader ved Christiansborg. Det var vanleg å setje segl om natta medan slavane sov, sidan dei europeiske mannskapa på skipa frykta opprør frå dei livredde slavegjorde afrikanarane. Dei slavegjorde vart brennemerkt (eit hjarteforma symbol med ‘S,’ truleg for «slave», i midten), før dei vart lasta på skipa. I tillegg til den menneskelege lasta (rundt 266 slavegjorde afrikanarar, inkludert 9 som skulle jobbe med mannskapet på dekk), henta kjøpmennene og sjømennene på Fredensborg blant anna elefant- og flodhesttenner, elfenbein, palmeolje og gull som skulle seljast og brukast til veksling ved framkomsten i Karibia.

Ein ekspedisjon til Gullkysten

Fredensborg er berre det best dokumenterte av mange dansk-norske slaveskip som deltok aktivt i trekanthandelen hovudsakleg mellom 1672 og 1803, året Danmark-Noreg sitt forbod av slavehandel offisielt byrja, sjølv om slaveriet heldt fram i det danske Karibia fram til 1848. Det tidlegast dokumenterte slaveskipet var Cornelia, eigd av Else Hansdatter Montagne frå Bergen.[4] Cornelia var løysinga etter den mislukka ferda til skipet Færø, som i 1671 hadde frakta rundt 190 kvite danske og norske kvinner (hovudsakleg fangar frå spinnehus) og menn (hovudsakleg festningsslavar og fangar frå tukthus) til St. Thomas. Desse emigrantane skulle bli nybyggjarar og arbeidarar på den karibiske øya, som Danmark-Noreg hadde overteke frå Storbritannia i 1670.[5] Fleirtalet av dei norske mennene på Færø kom frå Bergenhus festning. I løpet av eit halvt år på St. Thomas hadde 160 av dei nordeuropeiske emigrantane døydd. Norske og danske elitar, finansfolk og kjøpmenn innsåg at det ikkje ville vere berekraftig med kvit arbeidskraft på St. Thomas og dei andre nye dansk-norske øyene i Karibia. Det var behov for ein arbeidskraftreserve med motstandsevne overfor livsvilkåra i tropane. Hansdatter Montagne søkte om løyve frå kong Christian V til å sponse ein ekspedisjon til Gullkysten der Danmark-Noreg allereie eigde fem fort – Christiansborg, Fredensborg, Prinsensten, Kongensten og Augustaborg. I 1673 henta slaveskipet Cornelia 103 slavar frå Gullkysten. Dette markerte byrjinga på den dansk-norske slavehandelen.[6]

Brutal kvardag

Kvardagen i dei vestafrikanske fortbyane og om bord på dei dansk-norske slaveskipa var uføreseieleg og brutal. Det å omskape andre menneske til slavar var ein valdeleg prosess. Afrikanarane som vart marsjerte ut til kysten av lokale kjøpmenn for så å bli lasta om bord i dansk-norske skip, gjorde kraftig motstand. Dei måtte avhumaniserast for at det eventuelt skulle bli kvardagsleg for dei dansk-norske mannskapa å behandle dei ikkje eingong som dyr, men som varer. For at dei slavegjorde afrikanarane skulle akseptere si nye verkelegheit som objekt, vart dei systematisk mishandla, både fysisk og psykisk, for å bryte ned motstandsviljen, slik at dei ville underkaste seg overmakta til dei kvite kristne mannskapa og slaveeigarane dei skulle seljast til. Pisking til blods, radbrekking, henging etter foten, skamfaring og andre former for tortur vart normalisert. Kyrkja var aktiv med å rettferdiggjere slavehandelen. Sentrale figurar i det norsk-danske presteskapet, som den lutherske biskopen Erik Pontoppidan, skildra slaveri og kolonisering som handlingar basert i bibelsk nestekjærleik.

Det å omskape andre menneske til slavar var ein valdeleg prosess.

Pontoppidan postulerte at det var betre for afrikanarar å leve som frelste slavar enn som frie og vantru. Både ved festningane, om bord på slaveskipa og på plantasjane var seksuelle overgrep mot afrikanske kvinner ein del av kvardagen.[7] Sjølv om det fanst rikeleg med frie afrikanske kvinner som tilbydde sextenester ved festningane, vart det normalisert å bringe opp kvinnelege slavar frå fangehola. Mannskapa hadde full tilgang til dei kvinnelege slavane under dekk. Ordet «neger» (som før trekanthandelen heilt enkelt skal ha betydd svart eller afrikanar) vart i denne perioden omskapt til ei nedsetjande og rasistisk nemning for slavegjorde afrikanarar – undermenneskelege skapningar som kunne overarbeidast, underernærast og straffast uendeleg – på slaveskip og på plantasjar i Karibia og på Gullkysten.[8]

Norske sjømenn tente gode pengar

Dei nordmennene som overlevde overfarten og klarte å spare nok pengar til heimreisa, vende tilbake til Noreg med nye økonomiske og kulturelle ressursar. Dette inkluderte nye språkferdigheiter (og nye forståingar av ord som «neger»), musikkinstrument, krydder og diverse kulturelle gjenstandar og pynteobjekt, og (ikkje minst) nye idear om verda og menneskegruppene dei hadde møtt. Desse globale røynslene kunne ha stor verknad på statusen til dei heimkomne og kunne, i nokre tilfelle, heve den sosioøkonomiske posisjonen  deira i det norske samfunnet. Nordmenn var ikkje berre ein del av den dansk-norske sjøfarten. Tusenvis av norske menn og kvinner vandra ut av Norge for å jobbe i andre nord- og vesteuropeiske land på 1600- og 1700-talet. Ifølgje historikar Erling Sandmo var så mange som kvar sjuande sjømann i den nederlandske handelsflåten (sannsynlegvis den største i verda på den tid) frå Noreg.[9] Norske sjømenn var òg å finne i betydeleg tal på britiske slaveskip. Handelsflåten var ein stor del av det nederlandske handelskompaniet sitt koloniale utvidingsprosjekt. Det er rekna som eit av dei fyrste og største megaselskapa i verdshistoria. Den koloniale verksemda til den danske-norske handelsflåten og andre europeiske handelsflåtar (inkludert dei kolossale nederlandske og britiske flåtane) er grunnleggjande bidragsytarar til utviklinga av moderne kapitalisme.

Det europeiske koloniseringsprosjektet

Vi ser ettereffektane av denne perioden med kolonial sjøfart, handel, og industrialisering i dag. Ifølgje Mark Maslin og Simon Lewis, forskarar i geovitskap ved University College of London, er det òg viktig å anerkjenne at notidas utfordringar med  økonomisk ulikskap, rasisme og global oppvarming er samankopla og har røtene sine i europeisk kolonialisme og slaveri og i kapitalismen.[10] Den klimaepoken vi er i i dag, heiter antropocen,og han starta rundt 1610.

Vi har skrive oss sjølve ut av den moderne verdshistoria for å bevare uskulda vår.

Som elementa i ordet viser, er denne tidsepoken definert av at menneska formar om klimaet og økosystemet på jorda. Så ekstrem og øydeleggjande har den menneskelege, og spesifikt den euroamerikanske, verknaden på jorda vore at den nederlandske nobelprisvinnande kjemikaren Paul Crutzen meiner at antropocen bør reknast som ein unik og irreversibel geologisk alder.[11] Euroamerikansk kapitalisme og industrialisering har sidan 1600-talet rett og slett avbrote naturlege klimaprosessar. Jorda byrja i dette hundreåret å bli ein planet forma på nye og aggressive måtar av menneske. Frå byrjinga var det urbefolkningar rundt om i verda og folk frå det globale sør som betalte for både den sosiale og den økologiske øydelegginga skapt av europeiske koloniseringsprosjekt.

Kvifor bør vi nordmenn bry oss om denne historia? Det er trass alt land som USA, kanskje Storbritannia og Frankrike, og til med vår tidlegare unionspartnar Danmark, som skal stillast til ansvar. Og kva med dei mektige afrikanske statane som Akwamu og Asante, som spela ei viktig rolle i slavehandelen på 1700-talet? Det er vel deira samfunn som i dag er forma av ettereffektane av desse historiske hendingane, ikkje vår. Det er tydeleg for oss at andre land lever i det forskar i afroamerikansk litteratur og historie ved Columbia University Saidiya Hartman kallar «etterlivet til slaveriet»[12] og kolonialismen, at slavehandelen har spela ei stor rolle i utviklinga av strukturelle haldningar rundt rase, etnisitet, klasse, og miljø.

Ein systematikk, ikkje eit avvik

Det er kanskje like interessant å spørje kvifor nordmenn tenkjer at vår deltaking i slavehandel og slaveri ikkje har hatt liknande konsekvensar for vårt samfunn. At måten etniske nordmenn har teke i mot innvandrar frå sør på i dag og over dei siste 40 åra, ikkje har noko med vår kolonihistorie å gjere. Drapa på Arve Beheim Karlsen i Sogndal i 1999, Benjamin Hermansen på Holmlia i 2001, Eugene Ejike Obiora i Trondheim i 2006 og Johanne Zhangjia Ihle Hansen i Bærum i 2019 blir ikkje tolka ut frå den lengre historiske samanhengen av strukturelle ideologiar om kvitt herredømme i det norske samfunnet. Dei blir sett på som avvik, uheldige hendingar i ei elles plettfri nasjonshistorie. Vi blir heller ikkje audmjuke av den valdelege fornorskingspolitikken frå 1850- til 1950-talet som lovleggjorde tvangsassimileringa av den samiske folkegruppa og ber sjokkerande likskap med kulturelle folkemord av urfolk i USA, Canada, Australia, New Zealand og Latin-Amerika.[13] Vi tek, som samfunn, tilsynelatande lite omsyn til korleis denne fornorskingspolitikken, som var basert på normative kulturidear om rase- og arvehygiene, framleis pregar den offentlege samtalen om innvandring og integrering.

Vi held ved like ein nasjonsmyte der vi har skrive oss sjølve ut av den moderne verdshistoria for å bevare uskulda vår. Denne nasjonale myten har blitt brent til eldfast verkelegheit i vår kollektive psyke. Vi kjenner sannsynlegvis ikkje oss sjølve igjen utan den.

Å gå inn i historia

Men denne myten kostar for mykje, særleg for unge innvandrarbarn og spesielt for norske barn av afrikansk opphav. Den står i vegen for ei heilskapleg forståing av rasifisering og rasisme i vårt samfunn. I 2020 forlét den norsk-somaliske familien Bulhan Elverum[14] etter fleire år med rasistisk trakassering og vald, der blant anna mora i familien Fadumo var jaga inn i leilegheita av ein far og son som slo ho i ryggen og hovudet fleire gongar. Våren 2021 var det familien Tshibang som kom fram med sine erfaringar med rasisme i Lillesand kommune etter at dei flytta til Sørlandet frå Bergen i 2019. Oppgitt etter manglande respons frå kommunen la storesystera i familien Presilya ut eit Facebook-innlegg om opplevingane til veslesystrene på 13 og 15 år. Tshibang-jentene vart, blant anna, trua med kniv av ein gjeng gutar på bussen og fekk regelfast tilsendt nedsetjande Snapchat-meldingar med rasistiske truslar og bilete av våpen frå andre ungdomar.[15] Diverre er erfaringane til dei norsk-afrikanske familiane Bulhan og Tshibang ikkje unike. Eg vågar å påstå at fleirtalet av norsk-afrikanske familiar, særleg dei som bur utanfor storbyar, har opplevd liknande fysisk og psykisk vald og ofte møter på «gaslighting»[16] frå skular, kommunestyre og politi når dei forsøker å rapportere sakene. I staden for å anerkjenne at rasisme er eit sosialt problem og gi stønad til familiar og barn som blir utsett for hatkriminalitet, er det innvandrarfamiliane sjølve og deira «mislukka integrering» i det norske samfunnet som får skulda. Eg meiner at mangelen på systematisk kartlegging av rasebasert diskriminering i Noreg frå kolonitida til samtida både har forma framandhatet som blir opplevd av mange innvandrarfamiliar, og påverkar måten norske institusjonar og kvardagsfolk reagerer på desse rapportane på.

Skal vi bevege oss framover, må vi sleppe taket på den plettfrie nasjonsmyten.

Skal vi bevege oss framover, må vi sleppe taket på den plettfrie nasjonsmyten. Vi må skrive oss sjølve inn i verdshistoria igjen og anerkjenne vår nyanserte og mørke historie som er både svært menneskeleg og umenneskeleg. Anerkjenninga av denne historia er grunnleggjande viktig om vi verkeleg skal klare å identifisere (og kanskje eventuelt overvinne) rasebasert diskriminering og aukande høgreekstremisme i Noreg i dag. Det gir òg eit rammeverk for å tenke gjennom rolla til den norske staten og det norske folket i globaliseringa gjennom historia og i dag. Vi må gi merksemd til rasifiseringa av afrikanarar og folk med afrikansk opphav og den medførande antisvarte rasismen som starta på fort som Christiansborg, på skip som Fredensborg og på plantasjar på Gullkysten og i Karibia. Rasismen produsert av denne rasifiseringa er ein oversett, men allstadnærverande understraum i vårt samfunn. Noreg si rolle som aktør i kolonialismen, slavehandel og slaveri må derfor vere ein del av dagens dialog om antisvart rasisme og xenofobi. Vår fleirkulturelle og globale historie er lang og omfattande, og det er mykje vi bør lære om og frå den.

Dubie Toa-Kwapong er stipendiat ved Duke University i USA.

Artikkelen var på trykk i Syn og Segn 3-2021.

Notar

Andersen, Johnny & Eira, Mathis (2016). – Begrepet «fornorskning» er for svakt. Tilgjengeleg på: https://www.nrk.no/sapmi/_-begrepet-_fornorskning_-er-for-svakt-1.12898414 [Funne 13. juli 2021].

Ask, Øivind (2003). Bergens kvinnelige slavehandler. Tilgjengeleg på: https://www.bt.no/nyheter/lokalt/i/ExdGl/bergens-kvinnelige-slavehandler [Funne 23. mai 2021].

Cederkvist, Vibeke & Steinfeld Mosen, Helene (2020). Familie i Elverum orker ikke mer – flytter til Oslo. https://www.nrk.no/innlandet/familien-bulhan-fra-elverum-har-opplevd-vold-og-rasisme-og-flytter-1.15077997 [Funne 6. august 2021]. 

Danmark-Noreg hadde òg plantasjar på Gullkysten der slavegjorde afrikanarar utgjorde arbeidskrafta, for meir informasjon kan du lese arbeidet til arkeolog og historikar Yaw Bredwa-Mensah (2008) – «Slavery and Resistance on Nineteenth Century Danish Plantations in Southeastern Gold Coast, Ghana». African Study Monographs 29(3): 133–145.

Definisjon av «gaslighting,» Psychology Today, https://www.psychologytoday.com/us/basics/gaslighting.

Det er denne omforminga av ordet «neger» og den ahistoriske framstillinga at ordet er nøytralt, som mange nordmenn med afrikansk opphav reagerer på i dag. Det er heldigvis mange alternative nemningar for nordmenn med afrikanske røter – svart, norsk-afrikansk, afro-norsk. Stella Holter Lowery (2019) skriv om dette: https://www.aftenposten.no/meninger/sid/i/LAoVaJ/ikke-kall-meg-neger-stella-holter-lowery.

Ditlefsen, Heidi mfl. (2021). Alvorlig mobbesak ryster sørlandskommune. Tilgjengeleg på: https://www.nrk.no/sorlandet/alvorlig-mobbesak-ryster-sorlandskommune-1.15326255 [Funne 6. august 2021]. 

Du kan lese meir i Saidiya Hartman (2008) si banebrytande bok Lose Your Mother: A Journey Along the Atlantic Slave Route (New York: Farrar, Straus and Giroux).

I artikkelen «Venus in Two Acts» (2008) skriv forskar i afroamerikansk litteratur og historie om korleis vi kan «lese» både det dokumenterte og det utelatne for å lære meir om erfaringane til svarte kvinner på slaveskip. 

Christian VII (1792). Forordning om negerhandelen, 16. marts 1792. Tilgjengeleg på: https://danmarkshistorien.dk/vis/materiale/forordning-om-negerhandelen-1792/ [Funne 19. mai 2021].

Maslin, Mark & Lewis, Simone (2020). Why the Anthropocene began with European colonisation, mass slavery and the ‘great dying’ of the 16th century. Tilgjengeleg på: https://theconversation.com/why-the-anthropocene-began-with-european-colonisation-mass-slavery-and-the-great-dying-of-the-16th-century-140661 [Funne 16. juni 2021].

Sandmo, Erling (2015). Nordmennene har aldri vært alene i verden. Tilgjengeleg på: https://www.norgeshistorie.no/enevelde/1214-nordmennene-har-aldri-vaert-alene-i-verden.html

[Funne 19. mai 2021].

Sandvik, Hilde (2015). Slaveri hjemme og ute. Tilgjengeleg på: https://www.norgeshistorie.no/grunnlov-og-ny-union/1322-Slaveri-hjemme-og-ute.html [Funne 17. juli 2021].

Sellevold, Terje (2007). Entusiast hedret. Tilgjengeleg på: https://www.nrk.no/sorlandet/entusiast-hedret-1.405763 [Funne 3. juli 2021]. 

Svensli, Fredrik H. (2014). Slik levde nordmennene som deltok i slavehandelen i Afrika. Tilgjengeleg på: https://www.aftenposten.no/viten/i/oR2xm/slik-levde-nordmennene-som-deltok-i-slavehandelen-i-afrika [Funne 30. mai 2021].

Zachariassen, Ketil (2016). Fornorskingspolitikken overfor samar og kvenar. Tilgjengeleg på: https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/1554-fornorskingspolitikken-overfor-samar-og-kvenar.html [Funne 18. juli 2021].

Kjelder

Bredwa-Mensah, Yaw (2008). «Slavery and Resistance on Nineteenth Century Danish Plantations in Southeastern Gold Coast, Ghana». African Study Monographs 29(3): 133–145.

Brimnes, Niels (2012). Den danske koloni på Guldkysten 1659–1850. Tilgjengeleg på: https://danmarkshistorien.dk/vis/materiale/den-danske-koloni-paa-guldkysten/?no_cache=1 [Funne 30. mai 2021].

Hartman, Saidiya (2006). Lose Your Mother: A Journey Along the Atlantic Slave Route. New York: Farrar, Straus and Giroux.

Hartman, Saidiya (2008). «Venus in Two Acts». Small Axe, 12(2): 1–14. 

Hove, Jon Olav (2017). Dei vestindiske øyane og den dansk/norske slavehandel. Tilgjengeleg på: https://www.arkivverket.no/utforsk-arkivene/eldre-historie–1814/de-vestindiske-oyer-og-den-dansk-norske-slavehandel [Funne 21. mai 2021].

Kuben (2018). Fredensborgs siste reise – dokumentene forteller. Tilgjengeleg på: https://www.kubenarendal.no/publikasjoner/fredensborgs-siste-reise/ [Funne 16. juni 2021].

Lewis, Simon L. & Maslin, Mark A. (2015). «Defining the Anthropocene». Nature 519: 171–180. doi:10.1038/nature14258.

Norsk Maritimt Museum (2017). Slaveskipet Fredensborg. Tilgjengeleg på: https://marmuseum.no/slaveskipet-fredensborg [Funne 26. mai 2021].

Zachariassen, Ketil (2016). Fornorskingspolitikken overfor samar og kvenar. Tilgjengeleg på: https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/1554-fornorskingspolitikken-overfor-samar-og-kvenar.html [Funne 18. juli 2021]. 


[1] Christian VII (1792). Forordning om negerhandelen, 16. marts 1792. Tilgjengeleg på: https://danmarkshistorien.dk/vis/materiale/forordning-om-negerhandelen-1792/ [Funne 19. mai 2021].

[2] Svensli, Fredrik H. (2014). Slik levde nordmennene som deltok i slavehandelen i Afrika. Tilgjengeleg på: https://www.aftenposten.no/viten/i/oR2xm/slik-levde-nordmennene-som-deltok-i-slavehandelen-i-afrika [Funne 30. mai 2021].

[3] Sellevold, Terje (2007). Entusiast hedret. Tilgjengeleg på: https://www.nrk.no/sorlandet/entusiast-hedret-1.405763 [Funne 3. juli 2021].

[4] Ask, Øivind (2003). Bergens kvinnelige slavehandler. Tilgjengeleg på: https://www.bt.no/nyheter/lokalt/i/ExdGl/bergens-kvinnelige-slavehandler [Funne 23. mai 2021].

[5] Sandvik, Hilde (2015). Slaveri hjemme og ute. Tilgjengeleg på: https://www.norgeshistorie.no/grunnlov-og-ny-union/1322-Slaveri-hjemme-og-ute.html [Funne 17. juli 2021].

[6] Danmark-Noreg hadde òg plantasjar på Gullkysten der slavegjorde afrikanarar utgjorde arbeidskrafta, for meir informasjon kan du lese arbeidet til arkeolog og historikar Yaw Bredwa-Mensah (2008) – «Slavery and Resistance on Nineteenth Century Danish Plantations in Southeastern Gold Coast, Ghana». African Study Monographs 29(3): 133–145.

[7] I artikkelen «Venus in Two Acts» (2008) skriv forskar i afroamerikansk litteratur og historie om korleis vi kan «lese» både det dokumenterte og det utelatne for å lære meir om erfaringane til svarte kvinner på slaveskip.

[8] Det er denne omforminga av ordet «neger» og den ahistoriske framstillinga at ordet er nøytralt, som mange nordmenn med afrikansk opphav reagerer på i dag. Det er heldigvis mange alternative nemningar for nordmenn med afrikanske røter – svart, norsk-afrikansk, afro-norsk. Stella Holter Lowery (2019) skriv om dette: https://www.aftenposten.no/meninger/sid/i/LAoVaJ/ikke-kall-meg-neger-stella-holter-lowery.

[9] Sandmo, Erling (2015). Nordmennene har aldri vært alene i verden. Tilgjengeleg på: https://www.norgeshistorie.no/enevelde/1214-nordmennene-har-aldri-vaert-alene-i-verden.html

[Funne 19. mai 2021].

[10] Maslin, Mark & Lewis, Simone (2020). Why the Anthropocene began with European colonisation, mass slavery and the ‘great dying’ of the 16th century. Tilgjengeleg på: https://theconversation.com/why-the-anthropocene-began-with-european-colonisation-mass-slavery-and-the-great-dying-of-the-16th-century-140661 [Funne 16. juni 2021].

[11] Crutzen, Paul J. (2002). «Geology of Mankind». Nature 415: 23. https://doi.org/10.1038/415023a.

[12] Du kan lese meir i Saidiya Hartman (2008) si banebrytande bok Lose Your Mother: A Journey Along the Atlantic Slave Route (New York: Farrar, Straus and Giroux).

[13] Andersen, Johnny & Eira, Mathis (2016). – Begrepet «fornorskning» er for svakt. Tilgjengeleg på: https://www.nrk.no/sapmi/_-begrepet-_fornorskning_-er-for-svakt-1.12898414 [Funne 13. juli 2021].

[14] Cederkvist, Vibeke & Steinfeld Mosen, Helene (2020). Familie i Elverum orker ikke mer – flytter til Oslo. https://www.nrk.no/innlandet/familien-bulhan-fra-elverum-har-opplevd-vold-og-rasisme-og-flytter-1.15077997 [Funne 6. august 2021].

[15] Ditlefsen, Heidi mfl. (2021). Alvorlig mobbesak ryster sørlandskommune. Tilgjengeleg på: https://www.nrk.no/sorlandet/alvorlig-mobbesak-ryster-sorlandskommune-1.15326255 [Funne 6. august 2021].

[16] Definisjon av «gaslighting», Psychology Today, https://www.psychologytoday.com/us/basics/gaslighting.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar