Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Denne gongen handlar det om identitet

Identitet og politikk får pulsen til å stige og kommentarfelt til å ta fyr. Syn og Segn inviterer lesarane til ta eit steg tilbake og har fått fire forfattarar til å reflektere over kvifor kven vi er, og korleis andre ser oss, er så viktig.   

Cis, trans, eller ikkje-binær?

Forfattar og filolog Kristin Fridtun skriv om kva som gjer at den offentlege debatten om trans ikkje held ikkje mål, slik hen ser det.  – Om ein verkeleg ynskjer å få transfolk i tale, altså tala med, ikkje om, greier ein det, skriv Fridtun.

Å vere same i dag

Å vere samisk er for viktig til at det kan veljast bort, skriv forfattaren Sigbjørn Skåden i ein tekst som handlar om familieband, fornorsking og identitet gjennom fire generasjonar.

Minoriteten ingen snakkar om

På verdsbasis er ein milliard menneske funksjonshemma. Vi snakkar om verdas største minoritet. – Eg har ikkje sett på meg sjølv som funksjonshemma. Før no, skriv Mone Celin Skrede i ein tekst som handlar om arbeid, utdanning og utanforskap. Skrede er tidlegare journalist, no kommunikasjonsrådgjevar i Uloba og har dysmeli.

Svart på kvitt

Er eg svart eller kvit? Eg googla som om sjølve livet stod på spel. Eg var åtte år gamal, men allereie medviten om at hudfargen kom til å vere ein viktig del av livet mitt, skriv Lisa Esohel Ogbeibor Knudsen. Knudsen er forfattar og rådgjevar i tankesmia Minotenk og skriv om rasisme og vegen til å finne ein positiv identitet som norsk-nigeriansk.

Fotokunstnaren Linda Bournane Engelberth har teke bilete til temadelen.

Elles skriv filosofiprofessor Jon Hellesnes om filosofisk skepsis og økonomisk svindel. Litteraturkritikaren Eivind Myklebust skriv om fisk og familieforviklingar i Stein Torleif Bjellas Fiskehuset og Lars Ellings Fyrstene av Finntjern.  I teksten Mitt Russland fortel Katarina Goldfain Johnsen om sorga over eit andre heimland som kjenst uendeleg langt unna. Ho er norsk-russisk, har vore aktiv i AUF og har jobba for Arbeidarpartiet på Stortinget.

Synest du også at nynorsk er fint i dikt? 

Denne gongen trykker Syn og Segn to nyskrivne dikt. Eit av Ellen Løvhaug Harrison, som er eit nytt namn for mange, og eit av den prisløna forfattaren Laura Djupvik.

Om du har spørsmål om den ferske utgåva av Syn og Segn, ta kontakt med redaktør Astrid Sverresdotter Dypvik.

E-post: astrid@synogsegn.no

Tlf: 91809653

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar