Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

– Det var berre å gasse på

For Steffen Kverneland har Ragnar Hovland vore ein frigjerande vegvisar. Men han vart kjend med forfattarskapen som følgje av eit uhell.

Av Steffen Kverneland

I 1981 gløymde mor mi å avbestille månadens hovudbok i Bokklubben nye bøker. Dermed kom Ragnar Hovland si novellesamling  Vegen smal og porten trang inn i familiens bokhylle. På omslaget løftar ein mann ei høne etter halsen. I den frodige bakgrunnen var det nokre underlege skapnader som dreiv med litt av kvart, blant anna eit nakent par som knulla i graset. Eg var 17–18 år, så dette kunne ikkje ha vore meir interessant. Eg slo opp på tilfeldige stader og fann til mi store glede ganske raskt saftige sexskildringar, men også mykje bannskap, referansar til den lokale snøggruta vår, Westamaranen, og ein nynorsk som låg uendeleg mykje nærare mitt talemål, for ikkje å seie mitt tenkemål, enn den nynorsken vi lærte på skulen. Dette var midt i blinken for meg, og eg er framleis blodfan.

Eg slo opp på tilfeldige stader og fann til mi store glede ganske raskt saftige sexskildringar.

Hovland har fungert som en frigjerande vegvisar. Ein pioner som viste korleis ein kan bruke det mediet ein har valt, på radikalt nye måtar, og for meg særleg at ein kan bruke det vestlandske språket akkurat så saftig og rått som det kan vere. Det same galdt innhaldet. Det var berre å  gasse på, ikkje tenkje på at mamma skal lese det, og ikkje minst, at ein kan gi fullstendig faen i korleis ein roman, eller i mitt tilfelle, ein teikneserie, tradisjonelt skal vere. Det bestemmer vi nemleg sjølv.  

Steffen Kverneland er teikneserieskapar og illustratør.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar