Av Kristina Leganger Iversen
Eg visste kva eg gjorde
då eg fødde ho
gjorde eg ikkje
Då eg lærte ho alle namna
Då eg gav ho boka om dyra
Då eg gav ho dei små figurane
visste eg det
*
Her er løvene
Her er sjiraffane
Her er ulvane
*
Då eg song om søvnen
og ho var bjørnen
*
Bjørnen søv
Bjørnen søv
i sitt lune hi
*
Visste eg kva eg gjorde
då eg viste ho
verdas venleik
*
Eg peikte på trea
Eg peikte på blada
Eg peikte på himmelen
*
No spirer trea
No fell blada
No står trea i brann
*
Då eg fødde ho
til ei verd i endring
*
utan å kunne svare på korleis
vi skulle endre oss
visste eg det
*
Flaumen vil renne
Skogen vil brenne
Vinden vil blåse alt bort
*
Då eg gav meg barnet
for venleikens skuld
for det underet
av venleik si skuld,
som ho er
Å sjå lyset i ansiktet hennar
stråle i regnet
*
Regnskogen vil brenne
Isbreen vil renne
Havet vil stige opp
*
Eg tenkte på å bli medlem i ein
organisasjon
Eg ville ha eit flygeblad
på kjøleskapet
eg kunne vise til
Eg samla saman
argument om mitt eige liv
Som eit karakterkort over eigen manglande innsats
*
Eg tenkte
det speler ei rolle kva val individet tar
då eg kutta ut kjøt og mjølkeprodukt
Då eg tok ho med på flyet til besteforeldra
tenkte eg
individet kan ikkje løyse dette åleine
Eg lurte på kva ho ville bebreide meg mest
når ho blei vaksen
om det var ting eg ikkje let ho få på grunn av miljøavtrykket
Eller omvendt:
Om ho ville sjå på meg og seie,
Mamma, kvifor kjøpte du alle dei tinga

Så tenkte eg:
No får du alt til å handle om deg sjølv igjen.
Det handlar jo om ho,
og om alle dei andre,
som ho,
nye som med nye stemmer
og nye kroppar
skal stille nye krav
*
Gjere nye ting
heilt opplagde
*
Eg visste ikkje kva eg gjorde
då eg gav ho livet
*
For korleis kunne eg
vite korleis ho
ville endre
mi verd og verda si i
sine hender?
*
Kva kan ein love
om ikkje å tru
Kva kan ein love
om ikkje å håpe
Kva kan ein love sitt barn
om ikkje å gå ut i verda
og velje
å rope
og velje
å strekke
hendene ut
til andre hender
orda til
andre ord
*
Om ikkje å sjå
med milde auge
mot menneska
mot verda
Blåmeisen kjem
til vindauget
for å ete
han syng ei trille
eg trur han seier
De klarer det
De klarer det
Det må de
*
Kristina Leganger Iversen er poet, omsetjar og litteraturvitar. Ho er også Syn og Segns huspoet. Diktet vart første gong publisert i Syn og Segn 1-2021.