Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Hopp over Putin. Men snakk med russarar.

Putins krig er ein krig for den politiske eliten i Russland. Ikkje for det russiske folket. Men selektiv informasjonstilgang hindrar russarar i å seie kva dei meiner. Og det er her folk frå andre land kjem inn. Dette er ein appell frå det russiske sivilsamfunnet.

Ein appell frå det russiske sivilsamfunnet.

Den russiske hæren fører ein brutal krig mot det uavhengige Ukraina under Vladimir Putins kommando. Den ukrainske hærens motstand er modig og sterk. Den internasjonale støtta til Ukrainas sak er eineståande. Men det er ein ting til som kan gjerast.

Unngå Putin. Men snakk med russarar.

Russarar nøler framleis med å protestere mot denne fryktelege krigen. Mange fryktar forfølging. Mange lever i eit ekkokammer, dei trur på den giftige, statlege propagandaen. Men millionar på millionar av menneske, verda over har andre, personlege band til Russland.

Arbeid. Forretningar. Kjærleik. Vitskapleg samarbeid. Kunst. Religion. Alt mogleg. Dette er ei sterk kraft. Bruk desse kontaktane. Hopp over Putin. Snakk med russarar. Send e-post. Send meldingar. Send sms. Fortel at du er lei deg, uroa, sint. Ver så personleg som mogleg. Ver kjensleladd, men reservert. Insister. Forklar dei enklaste ting, om det er det som trengst. Russland er den aggressive parten. Ukraina driv sjølvforsvar. Forklar sanksjonane. Aggresjonen. At Russlands handlingar er kriminelle. Forklar kvifor heile verda er på Ukraina si side. Kvifor luftrommet er stengt. Kvifor økonomiske band er kutta.

Men ikkje bryt dine eigne band. Bruk dei. Skriv til den forretningsmannen du driv handel med. Skriv til dei statlege tenestemennene. Til menn med makt. Til militæret. Til politikarar av alle slag.


Dette er verken propaganda eller diplomati. Det er eit presserande, grunnleggande ønske om sanning. Og om å få russarar til å protestere mot krigen.

#SkipPutinTalkToRussians

Forfattarane av teksten er anonyme, etter eige ønske. Syn og Segn er del av det europeiske tidsskriftnettverket Eurozine. Dei kjenner identiteten til forfattarane.

Foto: Marjan Blan/Unsplash

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar