Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Menneske og monument

Mange meiner noko om Finnmark, men ingen vil bu der. Den demografiske utviklinga lengst nordaust i Noreg trugar med å setje heile den tryggingspolitiske situasjonen i ubalanse.

Av Sindre Hovdenakk

Eit fire dagar langt journalistkurs i Finnmark seinhausten i fjor let etter seg eit mildt sagt blanda inntrykk. Under ei roleg, vinterkledd overflate er det som om ein kan merke den høgspente stemninga liggje og dirre. Dei covid-stengde grensene mot Russland stadfestar berre inntrykket av at eit nytt jarnteppe har senka seg mellom dei to nabolanda. Samstundes blir det stadig betre plass for dei som bur tett ved grensa mot Russland. Folketalet går nedover mange stader i Finnmark, og det er lite hjelp i at du kan få kjøpt ein bustad til 200 000 kroner, så lenge det ikkje finst interessante arbeidsplassar.

Sanksjonar

På nattehimmelen over Finnmark er det ofte nordlys å sjå. Men elles er det langt mellom lysglimta, skal ein tru forskarane og politikarane.

Tilhøvet mellom Noreg og Russland byrja for alvor å mørkne i kjølvatnet av dei store valdemonstrasjonane i Russland i 2012. Verkeleg svart blei det etter invasjonen på Krim i 2014. Sanksjonane frå Vesten har utan tvil hatt effekt. Men om det er den effekten ein har ønskt, er eit ope spørsmål.

Det kan verke som om russarane står klare til å starte opp massiv kommersiell verksemd.

Ifølgje president Vladimir Putin sjølv er dette nemleg noko av det beste som kunne skjedd russisk landbruk. I åra som er gått sidan handelssanksjonane trådde i kraft, har det skjedd ei betydeleg effektivisering av matproduksjonen, og sjølvforsyninga i Russland er mykje høgare enn før. I nordområda har ein sett ei sterk utbygging av lakseoppdrett, og i Murmansk aleine vart det etablert 67 nye bedrifter berre i 2020. Det blir bygd nye containerhamner og nye, atomdrivne isbrytarar, og det kan verke som om russarane står klare til å starte opp med massiv kommersiell verksemd så snart nordområda er tilbake til normalen.

Full stans

I Aust-Finnmark, der ein alltid har handla med russarane, er frustrasjonen no til å ta og føle på. Ikkje berre er ein stengd ute frå å ta del i veksten i Russland. Det er dessutan mykje vanskelegare enn før å få arbeidskraft over grensa. Så lenge ingen ser ut til å vite sikkert korleis covidsituasjonen vil utvikle seg gjennom 2022, er det nærast full stans i all persontrafikk.

I Kirkenes kommune aleine seier eit konservativt anslag at ti prosent av befolkninga er russarar. I tillegg kjem dei som er gifte med ein russar, og borna deira. No er det også blitt mogleg å ha både norsk og russisk pass.

Sjølve busettinga i grenseområda er den beste garantien for sikkerheit.

Sett på spissen blir spørsmålet da kor lojaliteten til desse innbyggjarane vil liggje, i tilfelle det oppstår ein alvorleg konflikt mellom Noreg og Russland. Dette er noko dei lokale styresmaktene er spesielt opptekne av. Det er ein viktig del av den norske tankegangen at sjølve busettinga i grenseområda er den beste garantien for sikkerheit. Å vere synleg til stades, også sivilt, er eit nøkkelord. Men då er det viktig ikkje berre kor mange, men kven som faktisk bur der.

Hybride hendingar

Finnmark politidistrikt, med sine 460 tilsette, dekker eit areal som er 13 prosent større enn heile Danmark. Etter 2014 har dei særleg lagt vekt på det som blir kalla hybride hendingar, det vil seie ei vilja, fordekt hending som ein framand stat kan mistenkjast å stå bak. Ei typisk hybrid hending kan vere uforklarlege skadar på den lokale infrastrukturen. Politiet meiner sjølv at det har vore ein tydeleg auke i slike hendingar, utan at det kan bevisast kven som står bak.

Då er det langt meir openbert at det er russarane som driv med såkalla jamming i Finnmark. Det er enkelt sagt snakk om elektronisk støy som forstyrrar både flytrafikken og dei lokale GPS-sendarane. Slik har det vore sidan 2017, og russarane gjer lite for å skjule at det er deira støysendarar som driv med dette.

Pilotane har for lengst lært seg å leve med denne støyen, men også andre blir forstyrra. Valdsalarmar og ambulansetrafikk blir ramma, det same gjeld den elektroniske kommunikasjonen til lokale entreprenørar.

Minnekulturen

Denne litt aggressive stemninga speglar seg også i dei mellomfolkelege og kulturelle tilhøva i Finnmark. Dei fleste har fått med seg at nasjonalismen i Russland har fått eit kraftig oppsving under Putin. Ein viktig del av dette er det russarane kallar den store fedrelandskrigen, verdskrigen frå 1939 til 1945. Ein reknar med at nærare 60 000 soldatar blei drepne i områda mellom Kirkenes og Murmansk i løpet av andre verdskrig.

I etterkrigsåra er det reist ei rekkje minnesmerke over den russiske krigsinnsatsen i Finnmark. Seinast i oktober 2021 blei det avduka eit monument over falne russiske soldatar på Sørøya i Vest-Finnmark. Denne minnekulturen vitnar om at russarane alltid har vore til stades i landsdelen. I dag er det fleire som meiner at Noreg må ta større eigarskap til desse monumenta, som no langt på veg blir rekna som eit reint russisk prosjekt.

Det er enkelt sagt snakk om elektronisk støy som forstyrrar både flytrafikken og dei lokale GPS-sendarane.

Krigsmonumenta i Finnmark er også ei påminning om kor viktig det militære er når ein skal forstå utviklinga i landsdelen.

Militær gjenoppbygging

Finnmark landforsvar er no under gjenoppbygging, slik det vart varsla i Forsvarets langtidsplan frå 2016. I løpet av to–tre år skal gjenoppbygginga vere ferdig. Igjen viser dette kor stor tru Noreg har på at landstyrkar og det å vere synleg er den beste forma for avskrekking.

Sjølv om alle veit at det aldri har vore nokon væpna konflikt mellom Russland og Noreg, er Aust-Finnmark i dag ein viktig strategisk front i NATO. Mange vil nok meine at dette i praksis vil seie USA, sidan det er mellom Russland og USA at konfliktpotensialet ligg. På den andre sida står dei som meiner at Noreg uansett ikkje vil vere i stand til å forsvare seg sjølv. Til det er landet for stort og menneska for få. Eit folketomt Finnmark er difor ein trussel mot heile stabiliteten i nordområda.

Fråflyttinga

Folketalet er i dag ganske stabilt, men i nokre kommunar er det tydeleg fallande. I grensebyen Vardø, til dømes, bur det no under 2000 menneske. Sentrum er prega av fråflytting, ein stor del av husa står tomme og til nedfalls. Det er eit akutt behov for nye arbeidsplassar, men eit like stort problem er det at det nesten ikkje blir fødd ungar i Finnmark lenger.

Eit unntak frå regelen er Alta kommune, som er i ferd med å passere 20 000 innbyggjarar. Skulle kommunen gjere alvor av trugsmåla om å slutte seg til Troms fylke når skilsmissa mellom Finnmark og Troms er eit faktum, risikerer ein at nesten 30 prosent av befolkninga i det nordlegaste fylket vårt forsvinn gjennom vedtak.

Aust-Finnmark er i dag ein viktig strategisk front i NATO.

Det er dette som er den store utfordringa med den norske Finnmarks-politikken. På den eine sida blir nordområda stadig viktigare både strategisk og økonomisk i åra som kjem. Samstundes risikerer ein at snart ingen i arbeidsfør alder vil bu der lenger.

Paradokset er at vi først veit kor levedyktig Finnmark er, den dagen grensa mot aust igjen blir opna for fri flyt av varer og menneske.

Men normalen blir aldri den same som før. Det vil ta tiår å gjenoppbyggje tilliten og optimismen frå tida før den nye, kalde krigen. Demoniseringa og mistenkeleggjeringa har vakse seg stor og sterk på båe sider.

For å sitere ei sentralt plassert kjelde i Utanriksdepartementet, som har jobba med Russland lenge: «1990-talet kjennest som 1000 år sidan i dag.»

Foto: Vidar Nordli Mathisen/Unsplash

Sindre Hovdenakk er litteraturkritikar og forfattar.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar