Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Sahra Wagenknechts oppskrift

Ho er utskjelt, omstridd og er hard i klypa mot den liberale venstresida. Men den tyske politikaren Sahra Wagenknecht er absolutt verd å lytta til.


Av Per Emil Skjelbred

Dei seinare åra har eg sett med særleg uro på utviklinga for venstresida på kontinentet. Kva er det som skjer? Kvifor godtar dei eit stadig veksande prekariat? Kvifor diskuterer dei ikkje integrering og sosiale utfordringar for innvandrarar knytt til arbeid og språk? Ser dei ikkje korleis denne teiinga er ei lissepasning til ytre høgre? Vanlege folk forlèt sjølvsagt venstresida når dei kjenner at livsforteljinga deira ikkje passar saman med livsforteljinga til venstresida.

Sjølv har eg hatt heile mitt politiske liv på venstresida. Som ungdomsskuleelev blei eg aktiv i AUF og Arbeidarpartiet. På vidaregåande vart eg meir radikal. Raud Ungdom og Raudt vart eit naturleg neste steg for meg. Eg tenkte på Ap som nyttige idiotar for borgarskapen. Seinare sat eg to år som sentralstyremedlem i Raud Ungdom, i fagleg utval i Raudt. I fjor var eg tilsett i valkamp-apparatet til Raudt i Rogaland. I løpet av desse snart ti åra på venstresida har eg alltid vore opptatt av strategi, både her heime og i Europa.

Eit britisk ljos

For meg var Jeremy Corbyn eit ljos i mørket. Han bygde opp eit Labour på klassiske venstresidesaker. Arbeid, velferd og sosial utjamning. Breiband til heile landet. Så valde partiet å så tvil om folkerøystinga og Brexit. Resultatet kjenner dei fleste. Boris og toryane vann mandat i klassiske Labour-distrikt. Bye, bye Corbyn. Lyset blei sløkt.

Ut av mørket steig ei tysk kvinne fram. Frå før hadde eg lite kjennskap til tysk politikk. Det var liksom berre Angela Merkel. Partiet til denne nye kvinna, Die Linke, var ikkje noko eg tenkte på. Eg hadde ein gong vitja møtelokala deira i parlamentet, på ein studietur på vidaregåande. Det var det nærmaste eg hadde vore. Nå var det i ferd med å endra seg. Kva var det med denne skandaliserte og kontroversielle tyske sosialisten? Kven var ho, og kva fortalde ho om den politiske situasjonen i eit av dei viktigaste europeiske landa?

Frå sin plass i den tyske forbundsdagen hamrar Sarah Wagenknecht laus på det ho kallar livsstilsvenstre. Biletet viser det kuppelforma glastaket i den tyske forbundsdagen.
Foto: Ivan Sumlikin/Unsplash

Ein turbulent karriere

For å forstå Wagenknecht må ein først forstå kor ho kjem frå. Ho var fødd i gamle DDR i slutten av 60-åra og har ein iransk far og ei tysk mor. I heile oppveksten kjente ho berre det sosialistiske diktaturet til Sozialistische Einheitspartei Deutschlands (SED). Sidan ho vaks opp i ei samtid dominert av overvaking, fellesskap og kamp mot vestleg, borgarleg dekadanse, var det ikkje overraskande at ho til slutt fann sin plass i kampen for det arbeidande folket. 

For meg var Jeremy Corbyn eit ljos i mørket.

Partikarrieren starta i PDS, som var vidareføringa av det austtyske kommunistpartiet, i åra etter samlinga av Tyskland. Seinare begynte ho på eit langt, til dels turbulent, forhold til Die Linke, som igjen er ei vidareføring av PDS. Som gruppeleiar i Forbundsdagen og representant i Europaparlamentet (2004–2009) har ho levd store delar av det 52 år lange livet sitt innanfor (aust-)tysk sosialisme. Dei seinare åra har ho derimot vist seg som ein pådrivar for det som kan kallast ein motkultur på tysk venstreside. Det starta med at ho grunnla rørsla Aufstehen («Reis deg»), som skulle vera ei utanomparlamentarisk rørsle for den breie venstresida i tysk politikk. Seinare kulminerte det i boka Die Selbstgerechten («Dei sjølvrettferdige»), som vart ei av dei mest selde politiske sakprosabøkene i Tyskland i fjor. 

Liberale og livsstilssosialistar

Boka er eit manifest. Ho skal peika ut ei ny retning for eit tysk (og europeisk-globalt) venstresideprosjekt. Samstundes er det eit ramsalt oppgjer med den venstresida Wagenknecht sjølv er ein del av, og dei straumdrag som har herja den dei seinare åra. Tittelen går rett inn i hovudtesen til Wagenknecht. Tysk (og europeisk) venstreside har blitt ein gjeng sjølvrettferdige pampar som berre driv med moraliserande politikk og har gløymt kjernen i det breie venstresideprosjektet, altså arbeidarklassen. 

I boka hamrar ho laus på dei ho omtalar som venstreliberale og livsstilssosialistar. Ho kritiserer det som kan kallast den progressive treeininga – klima, liberal innvandringspolitikk og identitetspolitikk. Dette har vore ein sentral del av Wagenknechts politiske prosjekt og retorikk lenge. Det har ført til at ho har blitt skulda for både det eine og det andre av merkelappar mange helst vil unngå. Kritikarane stemplar Wagenknechts retorikk som splittande. For Wagenknecht er det livsstilssosialistane og dei venstreliberale som splittar. Som undertittelen i den danske utgåva mi lyder: «Mit modsvar – for fællesfølelse og sammenhold». 

Med oss eller mot oss

Venstreliberale er for Wagenknecht ei gruppe som verken er liberal eller venstreorientert. Ho ser den moderne venstresida i Tyskland som både illiberal og intolerant. Dette kjem til uttrykk i korleis dei oppfattar politiske motstandarar. Som Wagenknecht skriv: «Er man ikke med dem, er man højreekstremist, klimabenægter eller en sølvpapirshat …» Ein slik retorikk er eit av prova på den sjølvrettferdige venstresida, der vanlege folk endar opp med å kjenna seg såra, nedverdiga og utstøytte. 

I boka hamrar ho laus på dei ho omtalar som venstreliberale.

Eg deler langt på veg Wagenknecht si uro for denne utviklinga. Ei venstreside som dyrkar ei for stram line, har vore testa før, utan stort hell. På same måte som ein preikar mangfald i samfunnet, må ein dyrka mangfald på venstresida. Eg trur at den beste måten å møta meiningsmotstandarar på, er med dialog, særleg om det er folk som har samanfallande interesser med venstresida, til dømes industriarbeidarar eller trygda. Dei kan fort bli rekna som klimafornektarar fordi dei vil verna arbeidsplassen sin eller som rasistar fordi dei irriterer seg over at innvandrarar får hjelp med både det eine og det andre når dei sjølv slit. I begge tilfelle er utgangspunktet forhold som venstresida bør arbeida med. Ein bør sikra berekraftige industriarbeidsplassar og sørgja for at uføre og sjuke menneske får den hjelpa dei treng.

Sarah Wagenkecht voks opp i DDR og var medlem av partiet SED før landet braut saman. Foto: Nick Fewings

Spelar høgrepopulistane sitt spel

Som følgje av dette spelar dei venstreliberale, dei såkalla livsstilssosialistane, høgrepopulistane gode. «Den venstreliberale arrogance øger højrepopulismens popularitet. Og jo mere højrepopulisterne larmer, jo mere føler de venstreliberale sig styrket i deres position.» Denne samanstillinga er ikkje framand i andre land. Det er berre å sjå til Frankrike, der venstresida på dei siste gallupane er utradert, medan høgrepopulistar og -ekstremistar aukar oppslutnaden sin. Eit anna døme er førre val i Storbritannia, der ei meir EU-vennleg venstreside forsøkte å idiotforklara Boris Johnson. Resultatet blei eit Labour-nederlag, med tap i sentrale valkrinsar i Nord-England, dominert av arbeidarklassen og vanlege folk. 

Og nett EU-spørsmålet vil Wagenknecht løfta inn i venstresida. I motsetnad til slik det er i Noreg, er det ikkje vanleg at venstresidepartia på kontinentet arbeider aktivt mot EU. I Danmark er SF, systerpartiet til norske SV, eit av dei mest EU-vennlege partia. Dette ønskjer Wagenknecht å snu. Ho dreg parallellar mellom Leave-kampanjen i Storbritannia og eit generelt ønske i folket om å flytta makt og avgjerder nærmare. I hennar auge er det nasjonalstaten som må vera kjernen i det politiske maktspelet. Samstundes, og i likskap med venstresida i Noreg, understrekar ho at dette ikkje er det same som å sjå bort frå internasjonalt samarbeid, men at det i så fall må skje innanfor ramma av suverene statar. 

Skaper strid om innvandring

Det Wagenknecht har fått mest kritikk for, er synet på innvandring. Ho er ein tydeleg kritikar av det som er den rådande ideen på venstresida: Ein så raus innvandringspolitikk som mogleg er det beste. Problem knytte til dette, som ghettofisering og parallellsamfunn, blir ikkje diskutert. Som austtyskar har ho sett korleis uhemma innvandring og dårleg integrering har skapt nye sosiale utfordringar i dei fattige, austtyske byane. Folk som manglar skikkeleg bustad, og dessutan sosial dumping og kriminalitet, er nøkkelord for Wagenknecht.

Slik eg las Wagenknecht, er ønsket hennar at ein i større grad tar diskusjonen om problem knytt til innvandring på alvor. Då er det ikkje tale om karikerte problemstillingar à la «alle innvandrarar er kriminelle», men heller om diskusjonar knytt til negativ sosial kontroll, sosialt utanforskap som følgje av fattigdom og arbeidsløyse og manglande integrering. Dette er problem som rammar både innvandrarane og dei som bur i dei same områda. I den siste delen av boka presenterer ho fleire sosiale reformer som har som mål å nedkjempa desse problema. Skal ein klara det, trengst det ei erkjenning av at problema eksisterer.

Venstreliberale er for Wagenknecht ei gruppe som verken er liberal eller venstreorientert.

Venstresida har lenge hatt ein aversjon mot desse spørsmåla, noko som pregar måten dei snakkar om innvandring. Ifølgje Wagenknecht er dette med på å skapa avstand mellom livsstilssosialistane og veljarane. Som ho skriv: «[D]et er i hvert fald de færreste, der lytter, når de folk, der belærende fortæller os, at indvandring er en stor gevinst for samfundet, er de selvsamme mennesker, der sætter deres eget barn i en skole, hvor det eneste møde med fremmede kulturer finder sted i litteraturundervisningen.» 

Framande og privilegerte

Dette er ei utfordring som ein kan sjå fleire stader. Når dei som utviklar politikken, lever livet sitt i privilegerte enklavar, er det vanskeleg å sjå problema til vanlege folk, anten det er i det vanlege arbeidslivet, bustadmarknaden, straummarknaden, skulestrukturen eller i nærmiljø med høg grad av sosiale utfordringar. Då må ein av to ting gjerast: Anten må ein opna og gi plass til vanlege folk i sentrale posisjonar, eller så må ein bruka tid på å snakka med og å forstå dei utfordringane som folk flest opplever i kvardagen. Om ein ikkje gjer det, aukar avstanden mellom veljar og den valde, og vanlege folk endar opp med å kjenna seg framandgjort i venstresida sitt verdsbilde.

Kritikarane stemplar Wagenknechts retorikk som splittande.

Det er i denne kritikken at Wagenknecht eigentleg presenterer det mest interessante perspektivet sitt, som sannsynlegvis er gjeldande for venstresida i fleire land. I fleire land har venstresida gått frå å vera ei røyst for vanlege folk til å bli ei røyst for interesser som ofte er på kollisjonskurs med vanlege folk. Mykje kan nok knytast til den generelle marknadsvendinga i politikken som etterfølgde dei respektive nyliberale prosjekta til Thatcher og Reagan, men ei anna forklaring er at «offera» i venstresida si historieforteljing er endra. 

Veljarane som forsvinn

Dei nye offera er innvandrarar, rasifiserte, transpersonar, studentar og barn som er redde for klimaendringar, og det treng ikkje å vera eit problem. Men det blir eit problem når den nye forteljinga ikkje lenger har plass til vanlege folk. Når Die Linke si forteljing om kva som er gale med det tyske samfunnet, ikkje inkluderer dei frustrerte, kvite mennene i Aust-Tyskland som lever i fattigdom og arbeidsløyse, er det eit problem. Då vil ikkje desse veljarane som tidlegare har støtta opp om partiet, halda fram med å gjera det. Då går dei heller til høgrepopulistane, som lovar gull og grøne skogar. Dette har vore tilfellet i både Storbritannia og Frankrike. 

Det Wagenknecht har fått mest kritikk for, er synet på innvandring.


Wagenknechts løysing

Kva er så Wagenknecht si løysing? Jo, ho tar til orde for eit tydeleg brot med den vegen venstresida har tatt i Tyskland. Det betyr ein strengare innvandringspolitikk, i eit land som trass alt har tatt imot over ein million menneske sidan flyktningkrisa i 2015. Det betyr ei hardare line mot EU og for nasjonalstaten som øvste politisk eining. Det betyr ei ny forteljing, der vanlege folk står i sentrum, og der politikken skal jobba for meir velferd for alle, ikkje berre identitetspolitikk for dei få. 

For eit kvart hundreår sidan presenterte Tony Blair det nye Labour. No er det Wagenknecht som presenterer sin visjon. Men det kan sjå ut som om den europeiske venstresida heller vil halda fram på same måte som før. Det kan fort enda i katastrofe.

Per Emil Skjelbred er journalist i Suldalsposten. Artikkelen er publisert i Syn og Segn 2/2022.

Bok

Sahra Wagenknecht

Tittel: De selvretfærdige. Mit modsvar – for fællesfølelse og sammenhold

Forlaget Brilleuglen

348 sider

Fakta

  • Sahra Wagenknecht (f. 1969) er medlem av den tyske forbundsdagen for partiet Die Linke.
  • Die Linke er eit parti på venstre fløy i politikken, og systerpartiet til det norske SV.
  • Partiet er resultat av ei samanslåing av partiet PDS, som var den reformerte utgåva av DDRs eineveldige parti SED, og WASG, som var utbrytarar frå det tyske sosialdemokratiske partiet SPD.
- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar