Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Vi som elska NATO

NATO er ein del av det store problemkomplekset som ikkje har greidd å skape varig fred verken i verda eller på vårt eige kontinent.

Av Heming H. Gujord

Det er krig i Europa, og NATO er ei soge om suksess. Det første er eit faktum, og det andre er ein påstand. Kommentariatet taler med ei røyst. Og spelar det eigentleg noka rolle om utanriksministeren kjem frå Høgre eller frå Arbeidarpartiet? Ine Eriksen Søreide er nok meir veltalande enn Anniken Huitfeldt. Men når det kjem til spørsmål om EU og NATO, stoppar forskjellane. I Stortinget 22.3.22 berømma utanriksminister Huitfeldt valet som stortingsfleirtalet gjorde i 1949. Det var eit val «som seinere generasjoner skulle ta som en selvfølge, men den gangen så var det ingen selvfølge. Det var krevende valg i datidas krevende politiske landskap». Ho åtvara mot å ri kjepphestar i ei tid når det er krig i Europa.[1] Men kven er det eigentleg som rir kjepphestar? Kjepphesten til Anniken Huitfeldt er så stor at ho ikkje kan sjå han sjølv. Når alle som har makt, er einige, så er det ikkje eingong nødvendig å bruke hersketeknikkar.

Men når alle er einige, må nokon stille spørsmål. Eg har ikkje nokon kjepphest. Eg er ein tvilar som ikkje ser kva som er rett og gale. Det som er rett, er at det ikkje var sjølvsagt at Noreg skulle gå inn i NATO i 1949. Sjølv i toppen av Høgre fanst det tvilarar den gongen. Dei som hadde vore ute i kalde vinterdagar og krig, visste at stormakter i røynda berre har interesser, og at interessene er sterkare enn forpliktingar til traktatar og alliansar. Hadde eg hatt evne til å gråte, skulle eg gråte over døde sivilistar og soldatar i Ukraina. Eg skulle gråte over Putin og Russlands brot på folkeretten. Men eg skulle også gråte over konsensusen i norsk utanriks- og tryggingspolitikk. Eg kan ikkje berge sivilistane og soldatane i Ukraina. Putin får eg heller ikkje gjort noko med. Men konsensusen i norsk utanrikspolitikk kan eg gjere noko med. Eg kan ta dissens. Eg er ikkje glad og takksam for at Stortinget tok Noreg under atomparaplyen og inn i NATO. Stortinget skulle ha høyrt folket og høyrt på folket den gongen. Då kunne resultatet fort blitt eit anna. Nett no er NATO større og sterkare enn det aldri før har vore, og det er krig i Europa. Då kan ein ikkje berre rope høgt opp om NATO som ei soge om suksess. NATO er ein del av det store problemkomplekset som ikkje har greidd å skape varig fred verken i verda eller på vårt eige kontinent.

når alle er einige, må nokon stille spørsmål.

***

Det var ein gong eg elska NATO. Som nittenåring og vernepliktig infanterist var eg sjåfør for ein engelsk general.  Det var i den tida Nordkommandoen hadde hovudkvarteret sitt på Kolsås i Bærum. Kvar dag køyrde eg generalen fram og tilbake til arbeid. Ein dag var eg litt tidleg ute. Generalstaben skulle ha øving, og eg måtte ikkje bli ståande fast i krysset på Røa. Så gjekk eg berre inn kjøkeninngangen, helste på kokken og kokte meg ein kopp kaffi mens eg venta. Denne dagen sette eg ikkje generalen av ved kontorblokka nede ved t-banen, men køyrde heilt opp til inngangen til bunkeren. Vaktsoldatane stramma seg opp og slepte generalen inn i dei inste romma under Kolsåstoppen. – Skal tru kva krigsscenario dei eigentleg opererer med, sa ein av generalsjåførane under frukosten. Men vi spurde dei aldri. Eg spurde i alle høve aldri min general om noko slikt. Det burde eg kanskje gjort?

Fiendebileta frå i går er borte. Men ikkje heilt. Foto: UX Gun/Unsplash

I ni månader levde generalen og eg i den same verda. Eg køyrde han til vinterøving i Gudbrandsdalen og på inspeksjonsreise til Nord-Tyskland. På Kielferja stod generalen og adjutanten hans tidleg opp. Dei ville sjå koss det var å komme glidande gjennom Drøbaksundet slik Blücher hadde gjort den 9. april 1940. Eg låg og sov. Men eg var nervøs då vi skulle gjennom tollen. Eg hadde endå ikkje fylt 20, men hadde vore innom taxfreebutikken for å kjøpe gåve til far min. – Your driver has an expensive taste in whiskey, sir, sa adjutanten då vi sette oss i bilen. – Chivas Regal, sir. Eg såg koss generalen løfta på augebryna til høgre i baksetet. Men det var ikkje noko å engste seg for. Generalen drog fram diplomatpasset sitt, og vi glei trygt gjennom tollen.

Vi gjorde ein avtale. Eg sette generalen inn i nyheitsbildet om morgonen. Han korrigerte engelsken min. Vi snakka om utnemninga av Manfred Wörner til generalsekretær i NATO. Eg fortalde om Caleb Francis som fekk kasta bananar etter seg då Kongsvinger spelte mot Vålerenga. Då greidde eg ikkje å halde meg heilt alvorleg. – I don’t find that amusing at all, sa generalen. Samtalane med generalen var formative erfaringar på livsvegen. Slik blei eg danna til ein lojal om ikkje nett stridsklar soldat for NATO. Men eg visste korleis eg skulle montere sluttstykket på ein AG. Eg visste korleis eg skulle fyre av ein M72. «SKUDD KOMMER!» «KLART BAK!» Året etter var eg som førsteårsstudent på ekskursjon til Berlin. På dagsturen til Potsdam aust for muren tok eg på meg t-skjorta med NATO i store bokstavar på ryggen. Det var pinleg og barnsleg, men også ein refleks av tidsånd og identitet. Eit halvt år seinare skulle Berlinmuren falle. Nordkommandoen på Kolsås er også borte. Det er die Welt von gestern.

***

Men fienden finst. Det skulle han jo eigentleg ikkje gjere. Då Berlinmuren fall, proklamerte Francis Fukuyama The End of History (1992). Vi hadde komme fram til det endelege målet. Den liberale verdsordninga hadde sigra. Om vi no berre skikka oss fornuftig, skulle det gå godt med både verda og med oss. Rett nok fanst det skjer i sjøen også for Fukuyama, slike som «developer» Donald Trump.[2] Han representerte den vegen vi ikkje burde følge ved historias slutt. Det er alltid risikabelt å spå om framtida. Det må ha vore heilt utenkeleg for Fukuyama at ein mann som «developer» Trump kunne bli president i USA. Men då det skjedde, viser det også at historia tok ei anna retning enn det Fukuyama såg for seg i 1992.

Vi er truga av historias slutt på ein heilt annan måte enn det Fukuyama såg for seg.

Mens det optimistiske evangeliet etter Fukuyama blei spreidd over heile den vestlege verda, gav Kjartan Fløgstad ut sine to aller mørkaste romanar: Kniven på strupen (1991) og Fimbul (1994). I Kniven på strupen går nyliberalismen heilt bananas. Særleg står kvinnene utsett til når kapitalen får flyte fritt. I Fimbul legg den nye tryggingspolitiske situasjonen, med overvaking og helikopter svevande høgt over hovuda på vanlege folk, til rette for terror frå innsida. NATO sine dødelege våpen blir retta mot NATO sjølv. Dette er Fukuyama noir.[3] Om ein set Fukuyama og Fløgstad opp mot kvarandre, er det ikkje tvil om kven som gav den mest treffande diagnosen for framtida. Verda er ikkje mindre spenningsfylt i dag enn under den kalde krigen. Kanskje er verda meir spenningsfylt. Atomvåpena har blitt sett i beredskap. Vi er truga av historias slutt på ein heilt annan måte enn det Fukuyama såg for seg.

***

Vi som hadde forming i bomberom bak tjukke ståldører, vi veit kva utryggleik er. Vi visste kvar NATO hadde anlegga sine. Kva ville skje om NATO-masta på Gossen lengst ute på Romsdalskysten skulle bli eit kjernefysisk bombemål? Ville sjokkbølger og stråling strekke seg heilt inn til oss som budde i Molde lenger inne i fjorden? Slik tenkte vi mens vi hekla og broderte i bomberommet på barneskulen. Ingen kunne vel bli gladare for Berlinmurens fall enn nettopp generasjonen vår, generasjon bomberom. Og nettopp derfor blir eg så forbanna når mine eigne ungar kjem heim med samtykkeskjema for bruk av jodtablettar i ranselpost frå skulen. Vi har ikkje komme lenger. Vi har rykka bakover. Og vi pliktar å tenke etter korleis det kunne ende opp på ein så fortvilande og skremmande måte.

***

Ingen kunne vel bli gladare for Berlinmurens fall enn nettopp generasjonen vår. Men midt inne i populærkulturen, på stader der ingen skulle tru at klokskap kunne bu, der finn vi også skepsisen til Fukuyamas optimisme. «Vind fra øst er blitt mildere i år / Kan vi tro at det er sant», song Jahn Teigen spørjande i «Glasnost». «Vind fra vest er blitt mildere i år / Kan vi tro at det er sant». Den kalde vinden kom ikkje berre frå ei side. Han kom frå både aust og vest, song Teigen. Men ein ting var i alle høve sant. I salen på Chateau Neuf sat vi, ein kontingent trugne NATO-soldatar frå Kolsås, og såg på finalen i Melodi Grand Prix 1988. – Teigen er ein stor artist, sa Stein Erik. Han køyrde ein dansk general på dagtid og spela i danseband på kveldstid. Sjølv likte eg betre Karoline Krügers klimavennlege ballade «For vår jord». Og her står vi framleis. Vi snakkar om den snikande klimatrusselen, men skriv ikkje under på FN-charteret som forbyr kjernefysiske våpen. Og no er det krig i Ukrainia. «Øst og vest ekke fiender i år / Kan vi tro at det er sant,» song Teigen med framsynt skepsis. Nei, det var ikkje sant. Ikkje den gongen. Og i alle høve ikkje i dag.

***

Eg er ein NATO-soldat. Eller: Eg var ein NATO-soldat. Det er jo i grunnen logisk at eg aldri har vore på rep. Då Berlinmuren fall, var ikkje lenger Sovjet representant for ein kommunisme som ut frå sin indre logikk skulle legge heile verda under seg. Det opna seg eit rom for ein annleis tryggingspolitikk. I dette rommet måtte NATO-skape seg om. Ei kort tid fekk vi også eit ordskifte om vårt eige forhold til NATO. Frå venstre til høgre samla det seg folk som meinte at vi no måtte tenke heilt nytt. 3. september 1999 fylte oppropet «Nei til nye NATO» ei heilside i Dagbladet. Tidlegare statsminister Per Borten og tidlegare Venstre-leiar Gunnar Garbo skreiv under frå borgarleg hald. Tidlegare AUF-leiar Trond Giske skreiv under, men ikkje den sittande leiaren Anniken Huitfeldt. Eldre og yngre SV-arar som Finn Gustavsen, Berge Furre, Berit Ås, Stein Ørnhøi, Hanna Kvanmo, Karin Andersen, Audun Lysbakken og Ingrid Fiskaa var med, men ikkje Erik Solheim og Kristin Halvorsen. Størst oppsikt vekte det likevel at Høgre-ideologen, historieprofessor og leiar av Nobelkomiteen Francis Sejersted, hadde skrive under.

Det gamle Nato hadde ein definert fiende. Korleis ser det ut for nye Nato? Foto: Marjan Blan/ Unslpash

Sejersted utdjupa synspunkta sine i Aftenposten:

Det gamle NATO hadde en definert fiende og en definert trussel. Det nye NATO har ingen av delene. Det er dette som innebærer den mest dramatiske endring. Hva er det nye NATO egentlig? Burde NATO vært avviklet sammen med den situasjon som skapte NATO, og alternative sikkerhetsløsninger valgt? Mulig det![4]

Eg er ein NATO-soldat. Eller: Eg var ein NATO-soldat.

Politikk handlar om det mogleges kunst. Då må ein bruke dei romma som opnar seg i kjølvatnet av uventa endringar i historia. Slik kan ein komme seg ut av fastlåste situasjonar. Som fri intellektuell og liberalar såg Sejersted den nye situasjonen. I dag vil nok haukar av alle politiske kulørar sjå seg tilbake og peike på Russlands annektering av Krim. Og etter at eg skreiv det første utkastet til denne artikkelen, har Russland gått til full krig i Ukraina. – Kva var det vi sa, kan haukane seie. Om Sovjetunionen er vekke, er det no Russland som er trusselen. Då Sejersted opna for at NATO kanskje burde vore avvikla, hadde Putin allereie blitt statsminister i Russland. Året etter blei han president. Kanskje vindauget for å skape ein ny og fredsskapande tryggingspolitikk allereie var i ferd med å lukke seg? Eg veit ikkje. Heller ikkje Sejersted visste, og derfor stilte han spørsmål og heldt alternativa opne. «Mulig det!» Det skal vi vere takksame for. Land der alle politikarar, kommentatorar og intellektuelle er einige om dei rette vala, er helst døme på land vi ikkje liker å samanlikne oss med.

Det er ikkje lett å skille årsak frå verknad i historia. «Kor langt russarane her har kjent seg drivne av Amerikas innringing, får historikarane stridast om», skreiv Sigmund Skard.[5] Det var i 1976, då Sovjetunionen framleis var ei stormakt. Skard var heller ikkje nokon rabulist. Han var professor i amerikansk litteratur ved Universitetet i Oslo, hadde stått i teneste for USA under krigen og meinte Noreg måtte slutte seg til NATO «av rein sjølvopphaldsdrift».[6] Russland må stå til ansvar for angrepet på Ukraina. Men også vi må stå til ansvar for den globale utviklinga i åra etter Sovjetunionens fall. Vi har ikkje lykkast. Når det er krig i Europa, har vi feila. Det må vi ta med oss når vi skal sjå vidare framover og gjere kloke politiske val.

***

7. januar 2021 var politikarane samla i Debatten på NRK. Det var tid for grundig politisk hangover etter fire år med Donald Trump som president og direkte angrep på demokratiet i Washington DC. Men alt var ikkje berre svart. – Trump har gjort noko som har vore bra for europeisk tryggleik i sin presidentperiode, og det er eit større nærvær i Europa, sa utanriksminister Ine Eriksen Søreide. – Vi gjorde eit val i 1949, sa Jonas Gahr Støre og sikta til medlemskapet i NATO.[7]

Verken utanriksministeren frå Høgre eller statsministerkandidaten frå Arbeidarpartiet ville ha nokon debatt om grunnlinja i norsk tryggingspolitikk. Men kor «bra» er no eigentleg dette nærværet av USA for vår eigen tryggleik? Og kven var no eigentleg dette «vi» som tok valet om norsk medlemskap i NATO? I 1949 hadde politikarane, men også det norske folket, erfaringa av krig og okkupasjon tett på kroppen. Slik sett var ikkje det norske folket uinformert om konsekvensane av krig og okkupasjon den gongen. Og politikarane hadde erfart korleis stormaktene opptrer når det verkeleg drar seg til.

Høgreleiar C.J. Hambro var skeptisk til heile NATO-medlemskapet. Under sjølve voteringa var han ifølge Lars Roar Langslet «demonstrativt fraværende». Hambro «foretrakk å holde foredrag i Høyres Hus».[8] Det heile grunna i Hambros stormaktsskepsis. Det var ein erfaringsbasert skepsis, etter fem år som stortingspresident for eit land i krig.

I dag tykkjest det som om både folk og politikarar kappast om å gi sterkast støtte til NATO.

I Arbeidarpartiet var det Olav Oksvik frå Mørebenken som fronta motstanden mot NATO. Oksvik hadde òg vore ute ein vinterdag i krig. Då dei ville ha han til ordførar i Bolsøy, sa han tvert nei. I staden blei han utnemnt til illegal fylkesmann med fullmakter frå regjeringa i London. I 1944 blei han arrestert, men rømte og stakk til fjells.[9] Som Hambro hadde Oksvik eiga krigserfaring å trekke på. Han hadde vist integritet i møte med makta.

I dag tykkjest det som om både folk og politikarar kappast om å gi sterkast støtte til NATO. Men slik var det altså ikkje då folk og politikarar hadde krigserfaringa tett i minnet. Ja, som Anniken Huitfeldt gjorde merksam på, var det eit stort fleirtal for NATO i Stortinget. Men her kan ein ikkje sjå vekk frå krafta som ligg i ein effektiv partipisk. Arbeidarpartiet sat med regjeringsmakta. «Både i stortingsgruppen, regjeringen og i arbeiderpressen var det først flertall mot en slik vestlig allianse», skriv Ingunn Norderval i sin biografi om Olav Oksvik.[10] Som både før og seinare i norsk historie stod periferi og sentrum mot kvarandre: «Arbeiderbladets redaksjonelle ledelse med Martin Tranmæl i spissen, Oslo-partiets representantskap, og DNAs sentralstyre så vel som LOs toppledelse var basis for de vestorienterte».[11] Noregs veg inn i NATO er eit tankevekkande lærestykke i politisk handverk. Trass den sterke motstanden enda Arbeidarpartiet i 1949 med eit einstemmig landsmøtevedtak for NATO. Korleis kunne det skje?

I 1948 hadde Oksvik lagt fram eit forslag for stortingsgruppa om at Noreg burde arbeide for ein nordisk forsvarsallianse. Truleg var det fleirtal for forslaget i stortingsgruppa, men det kom aldri opp til votering. I staden blei forslaget sendt til gruppestyret. Der sat støttespelarane til sentralstyret i fleirtal, men forslaget kom aldri opp til votering.[12]

Så skulle altså det store slaget om Atlanterhavspakta komme til å stå på landsmøtet til Arbeidarpartiet i 1949. Og då må ein vel tru at saka var godt førebudd på grasrota? Slik var det nok ikkje:

Så merkelig det enn kan høres, sto heller ikke spørsmålet om norsk tilslutning til Atlanterhavspakten på saklisten til Arbeiderpartiets landsmøte i 1949. Ingen sakspapirer hadde blitt sendt ut om saken, og ytterst få partilag hadde diskutert problemet.[13]

I denne situasjonen måtte då Olav Oksvik improvisere ein motstand der og då. Hans eige motforslag handla om å utsette avgjerda, men i ei prøvevotering fekk det berre 35 stemmer. 329 stemte for fleirtalsinnstillinga. Dermed kapitulerte Oksvik og trekte forslaget. Slik blei stor intern motstand mot NATO i Arbeidarpartiet snudd til eit einstemmig landsmøtevedtak for NATO. Den sterke motstanden forsvann «omtrent som nysnø i juni», skriv Ingunn Norderval.[14] Korleis kunne det skje? «Hovedgrunnen må nok søkes i den effekten en samlet partiledelse hadde», tenker Norderval sjølv om saka.[15] Det ligg makt i å ha ei einskapleg leiing. Men historia er full av ironiar. Det var ikkje første gongen Oksvik var i mindretal i Arbeidarparitet. Då fleirtalet i Arbeidarpartiet gjekk inn for ei revolusjonær linje og støtta Sovjet først på tjuetalet, heldt Oksvik fast på den sosialdemokratiske linja. Han hadde sett korleis mindretalet over tid kunne få rett. Men no måtte han altså strekke våpen mot partileiar Gerhardsen, partisekretær Haakon Lie, LO-leiar Konrad Nordahl og mot Martin Tranmæl i Arbeiderbladet. Olav Oksvik var likevel ikkje nokon slagen mann. Han visste kva han stod for, men også kva krefter han måtte kjempe mot: «Det har falt i mitt lodd gjennom et langt liv å slåss med Martin Tranmæl, og det har alltid gått slik at Martin Tranmæl har fått flertall, – og jeg har fått rett».[16]

***

Ut frå erfaringane Noreg hadde gjort under krigen, er det lett å forstå at mange var skeptiske til eit nordisk forsvarssamarbeid. Kunne vi stole på svenskane etter det som hadde skjedd då Tyskland gjekk til angrep i 1940? Då hadde svenskane insistert på å halde seg nøytrale, noko som ifølge historikar Tom Kristiansen «var med på å sette forholdet mellom de skandinaviske nabolandene tilbake 35 år», altså tilbake til situasjonen i 1905.[17] Dette var neppe gløymt i 1949. Men før vi avskriv Olav Oksvik som ein romantikar frå periferien, må vi i det minste sjå på korleis han argumenterte. Oksvik lista opp fire grunnar til kvifor han var skeptisk til Atlanterhavspakta. Det handla om

• uvisse om innhaldet i avtalen.

• ikkje-demokratiske land ville truleg bli medlemmar.

• Noreg ville miste kontrollen over kva konfliktar ein ville bli innblanda i.

• faren for at norsk medlemskap ville ha negative konsekvensar i forholdet til Sovjet.[18]

Oksvik fekk rett i tre av dei fire punkta ovanfor. Kanskje fekk han også rett i punktet som handla om forholdet til Sovjet og no til Russland. Det er naivt å tru at ein kan flytte landet under atomparaplyen og plassere radarar på grensa til Sovjet/Russland utan at det har moglege negative konsekvensar. Olav Oksvik var i høg grad ein realitetsorientert politikar.

***

Olav Oksviks var trygg på at han hadde rett. Så sjølvmedviten kunne han berre vere fordi han visste at han hadde støtte hos dei han representerte. Formannen i Sunnmøre Kretsparti, Erling Øyehaug, noterte seg at Arbeidarpartiets «kuvending» i tryggingspolitikken ikkje hadde «vore lagt fram for folket til avgjersle eller diskusjon». Han meinte «Arbeidarpartiet er aat og vert eit godt høgreparti».[19] Ein frykta at Atlanterhavspakta ville «auke krigsfaren i verda og vil ikkje gje oss større tryggleik enn ved f.eks. eit nordisk forsvarssamband».[20] Då Oksvik kasta korta på landsmøtet, vekte det tydelege reaksjonar i baklandet hans. Frå yngre veljarar fekk han høyre at han «svek oss».[21] Gjorde han det? Bidrog han til å samle partiet, men då ved å svikte veljarane? I dag kan i alle høve Jonas Gahr Støre seie at «vi» tok eit val i 1949 og vise til eit einstemmig landsmøtevedtak. Men det var altså mange som murra.

Når eg står foran statuen av Olav Oksvik framfor Folkets Hus i Molde, takkar eg for at han representerte folket så godt han kunne den gongen. Så får Anniken Huitfeldt vere så takksam ho berre vil overfor fleirtalet i Stortinget. Eg ser for meg Anniken Huitfeldt og Jonas Gahr Støre pakke opp ranselposten for sine ungar. Samtykkeskjema for bruk av jodtablettar ved atomhendingar? Skriv dei så under utan å blunke? Nei, det er urettvist å tenke slik. Men eg misunner dei ikkje verken makt eller mynde. Ein skal ha sterk mage for å vere maktpolitikar i eit land som har slutta seg til NATOs kjernefysiske førsteslagsstrategi.

Eg ser for meg Anniken Huitfeldt og Jonas Gahr Støre pakke opp ranselposten for sine ungar. Samtykkeskjema for bruk av jodtablettar ved atomhendingar?

***

I 1960 blei det storpolitisk skandale då USA i løynd brukte Bodø som base for spionflyet U2. Einar Gerhardsen var harm. «De behandler oss som en vasallregjering», sa han, men forsøkte samstundes å halde amerikanarane og atomvåpena deira på avstand.[22] I 2021 landa bombefly frå USA i Noreg ved høglys dag. CNN rapporterte om korleis dette såg ut frå utsida: «US deploying B-1 bombers to Norway to send a message to Russia».[23] Den tryggingspolitiske konsensusen fortel oss at det er bra for vår eigen tryggleik at vi har endt opp nettopp der som Gerhardsen meinte vi ikkje burde vere. Vi held ikkje lenger amerikanarane på avstand, men inviterer dei inn.

Korleis kan vi vere så sikre på at dette er bra? Dette skulle eg gjerne drøfta med den engelska generalen på dei daglege køyreturane fram og tilbake frå AFNORTH Kolsås. Eg skulle stilt han det spørsmålet som kameraten min stilte ved sjåførbordet under frukosten: – Kva krigsscenario opererer de eigentleg med når de har øvinger der inne i bunkeren? Soga om den eine gongen landsfader Gerhardsen deltok på stabsøving er eit memento til oss alle. Gerhardsen gav sitt samtykke til bruk av taktiske atomvåpen – over Sør-Troms. «Men han likte seg dårlig», siterer biografen Finn Olstad etter Johs. Leine, tidlegare sakshandsamar i Forsvarsdepartementet.[24] Det blei visst med denne eine stabsøvinga. Ja, eg forsømte meg nok den gongen då eg ikkje nytta høvet til å snakke med generalen om slike ting. Lat meg då gjere bot for mine unnlatingssynder. Det er altfor mykje fred og konsensus i norsk tryggingspolitikk.

I dag må vi skrive under på samtykkeskjema om utdeling av jodtablettar til barna ved atomhendingar. Foto: Yura Khomitsky/Unslpash

***

Det ligg døde menneske på gater og i kjellarar i Ukraina. Då skal ein vere varsam med å jakte billige poeng og historiske syndebukkar. Men om det no er slik at det einaste vernet vi kan ha, er ein festningsmur mot ein uberekneleg fiende i aust, då går vi i sanning usikre tider i møte. Eg trur menneska i Russland er som andre menneske, men at dei lever under andre vilkår enn oss her i Noreg. Det var ikkje nett vanlege folks tur då Sovjetunionen gjekk i oppløysing. Det var oligarkane sin tur, mens den forventa levealderen for vanlege folk sank med nærare sju år frå 1991 til 1994.[25] Slik skaper ein berre ikkje stabilitet på tvers av kulturelle grenser. Det er ikkje så mange år sidan ein i Noreg såg eit trugsmål i «den finske fare».[26] No ser vi helst på finnane som slike som oss. Høgskulemannen Christopher Bruun meinte Noreg burde halde fast på unionen med Sverige i 1905 nettopp av frykt for russarane. «Thi der er dem iblandt os, som aldeles ikke lukker sine Øine for den russiske Fare, men indrømmer at det er meget rimeligt, at den kommer over os en Dag.»[27] Var det då Bruun som i røynda hadde rett i 1905? Så gjekk Noreg likevel på fredeleg vis ut av unionen med Sverige, men ikkje utan at det blei strid om grensefestningane. Dei måtte vekk for å skape varig fred mellom Sverige og Noreg. «Større Skam hev vel aldri gjengi yvi eit land, jamvel etter ein Ufred», skreiv Arne Garborg i dagboka si.[28] Men det var Garborg som tok feil, og politikarane som sytte for å rive ned grensefestningane, som hadde rett. Det hadde vore høgt spel å insistere på retten til å ha desse grensefestningane den gongen. Det kunne ført til krig. Heldigvis gav politikarane våre etter. Det skal vi vere takksame for i dag.

Hambro frå Høgre og Oksvik frå Arbeidarpartiet viser at det var legitimt å vere skeptisk til NATO etter fem år med krig i eige land. Oppropet «Nei til nye NATO» frå 1999 viser at det var legitimt å vere skeptisk til NATO i eit nytt tryggingspolitisk regime etter Sovjetunionens fall. Skal vi skape varig fred i Europa, og i verda, kan vi ikkje ha ei mindre djerv målsetting enn å rive ned grensefestningane. Dei blei ikkje bygde på ein dag, og dei kan heller ikkje rivast på ein dag, men på sikt må dei ned. Det er ikkje trygt å leve under atomparaplyen, sjølv ikkje med jodtablettar til ungane, 25 liter vatn og hermetikk i kjellaren. Men når eg ser på politikarane våre, ser eg ikkje mykje til forsoningsvilje, og då slett ikkje hos dei nyaste medlemmene i NATO. Det gir grunn til angst og uro. Verneplikta i dag kan ikkje handle om anna enn plikt til å seie frå om ein politikk som har vore forfeila. Det er krig i Europa. Så må vi berre skrive under på dei samtykkeskjema vi får som ranselpost frå skulen. Og håpe at politikarane våre ikkje gir samtykke til bruk av atomvåpen verken over sitt eige eller andre sine land.

Heming Gujord var norsk vernepliktig, AFNORTH, 1987–88 og er professor i nordisk litteratur, Universitetet i Bergen, ektemann og trebarnsfar

Foto: Ux Gun/Unsplash


[1] Stortinget, møte tysdag 22.3.2022. Sak nr. 3: Utanriksministerens utanrikspolitiske utgreiing. Videoarkiv – stortinget.no.

[2] Francis Fukuyama: The End of History (1992: 328).

[3] Heming H. Gujord: Fløgstad verk (2018: 255ff).

[4] Francis Sejersted: «Oppropet om NATO». Aftenposten, 20.9.1999.

[5] Sigmund Skard: USA i norsk historie (1976: 361).

[6] Sigmund Skard: Solregn (1980: 214).

[7] NRKTV. Debatten 7.1.2021. Debatten – 7. jan. 2021 – Har vi tatt for lett på Trump? – NRK TV

[8] Lars Roar Langslet: John Lyng. Samarbeidets arkitekt (1989: 86).

[9] Ingunn Norderval: Olav Oksvik. Politiker og medmenneske (1989: 116ff).

[10] Norderval (1989: 127).

[11] S.st.

[12] Norderval (1989: 128f).

[13] Norderval (1949: 132).

[14] Norderval (1989: 134).

[15] S.st.

[16] Norderval (1989: 137).

[17] Tom Kristiansen: Hærføreren Otto Ruge (2019: 36).

[18] Norderval (1989: 136).

[19] Norderval (1989: 133).

[20] S.st.

[21] Norderval (1989: 137).

[22] Finn Olstad: Einar Gerhardsen – en politisk biografi (1999: 355).

[23] US deploying B-1 bombers to Norway to send a message to Russia – CNNPolitics. Lese 19.4.2022.

[24] Olstad (1999: 357).

[25] Philippe Descamps: Russland på vei mot avfolking. Le Monde diplomatique, 06.2011. Russland på vei mot avfolking | Le Monde diplomatique (lmd.no)

[26] Knut Einar Eriksen og Einar Niemi: Den finske fare (1981).

[27] Christopher Bruun: Til det norske Folk (1905: 9).

[28] Arne Garborg: Dagbok 1905–1923 (1924, 1: 103).

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar