Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Huset til besto og besten

Å pussa opp er meir miljøvenleg enn å byggja nytt. Iallfall om du går fram på rett måte.

Av Halldis Folkedal

For nokre år tilbake tok me over eit hus og ein prestegard som har vore i familien si eige sidan 1970-talet. Det var besto og besten sitt hus. I skrivande stund har me nettopp flytta inn i hovudhuset. Det er staseleg, om me skal seia det sjølv. Prestegardane var gjerne dei finaste husa i bygda. Me har brukt dei siste åra på å få eit gamalt hus til å skina att. Å pussa opp gamle hus, også dei som er av den falleferdige typen, er meir miljøvenleg enn å byggja nytt, iallfall så lenge ein satsar på gjenbruk og gamalt handverk. Men det er ikkje berre enkelt. Her skal du få bli med på ein tur inn i jungelen av ting ein kan gjera sjølv og ikkje.

Eit hus med mange lag

Evanger prestegard er verneverdig. Han vart bygd i 1893, då Evanger var eit eige prestegjeld. Hovudhuset er eit staseleg sveitsarhus i austlandsstil, plassert i eit firkanttun med løe, stabbur, vedhus og paktarhus. Diverre vart løa riven på 1960-talet, men me har planar om å setja opp ei kulturløe, slik at firkanttunet vert komplett. Før me overtok, stod huset til forfall.

For oss er dette fyrst og fremst besto og besten sitt hus. Huset der storfamilien møttest.

I barndomen var dette eit eldorado. Høgt under taket og med mange rom. Dørene inne i huset var alltid stengde, sidan huset var stort og kaldt. På rotekottet fann ein klede frå ei svunnen tid. På loftet var det ein koffert med kjærleiksbrev som besten skreiv til besto. Oppe på stabburet fann me polioskjener som besten brukte etter at han vart råka av sjukdomen, og eit bilete av onkelen vår som døydde då han var liten, og som nesten ingen har snakka om.

Ingvald Olai Folkedal og Gudrun Folkedal (f. Slettemark) omtalt av artikkelforfattaren som Besten og Besto, budde på prestegarden. Foto: Privat

Sjølv om denne artikkelen strengt teke handlar om eit hus, er det å fortelja om huset også å fortelja om dei som har budd her. Om alle prestefamiliane som har levd her. Om kula som framleis står i døra, den som vart avfyrt under andre verdskrig då prestefamilien flykta opp i fjellet og kom tilbake til eit hus som tyskarane ville brenna ned. Om prestedottera som bur i New Zealand, men som har kontakta oss og fortalt historier om då hennar familie budde her. Ein del av historia er også å sjå gleda i fjeset når ei anna prestedotter kjem innom og får sjå den gamle tapeten som ho hugsar så godt frå barndomen. Den med blå blomar på.

Sjølv om me restaurerer huset, restaurerer me òg alle desse små historiene. Me prøver å ta vare på det husa har hatt å seia for folk. Det vert ei reise gjennom tid og ulike lag av historie.

Det vart oss

Eigentleg var det farbror vår som skulle ta over prestegarden. Men då han døydde av kreft (signe minnet), var det far vår som tok over. Etter ti år var det vår tur. Det var aldri ei sjølvfølgje at det skulle bli oss. Heller ikkje at me som tvillingar skulle kjøpa prestegarden i lag. Det er ikkje ein draum for oss å restaurera noko i lag, eller å bu i lag. Men slik vart det i denne omgangen. Me flytta frå Oslo og til Evanger. Så starta restaureringslivet.

Ein tviheld på husa heilt til dei rotnar på rot.

Rundt omkring i bygdene står det mange hus til forfall. Det er gjerne slektshus ein tviheld på i det lengste. Ein held på det til forfallet eskalerer. Til det vert vondt å sjå på. Det er gjerne nok av potensielle kjøparar der ute som vil huset vel. Før me tok over prestegarden, hende det at forbipasserande la lappar på dørstokken med spørsmål om å få kjøpa.

I Sverige har ein ei eiga rørsle som tek over gamle, ærverdige hus og restaurerer dei. Der kallar dei det ödehus. Det har vakse fram ei lita ödehusrørsle (må ikkje forvekslast med bedehusrørsle). Sverige slit kan henda endå meir med fråflytting frå bygdene og hus som ramlar ned, enn oss. Ödehus-rørsla er ein motkultur. Men Sverige har dei same problema som oss. Hus som forfell, er ofte del av ein bitter arvestrid. Ein tviheld på husa heilt til dei rotnar på rot. Hus har me eigentleg nok av, viss alle berre kunne gje slepp på dei husa dei ikkje lenger treng.

Å ta vare på dei gamle husa har mykje å seia for estetikken i bygdene og for busetjingsmønsteret. Å ta vare på gamle hus på dei gamle husa sine premissar synest å vera noko mange har gløymt. Folk har ikkje lenger kunnskap om kva måling ein brukte før, eller om teknikkane som låg til grunn. I dag er bygningsvernarane ofte litt skjulte. Sjølv her på det tradisjonsrike Vestlandet har mykje kunnskap gått tapt. Men fatt mot, me har Instagram! Der bognar det av kontoar der folk har teke over gamle, slitne hus som dei restaurerer. Det er eit lite sosialt nettverk der ein deler av kunnskapen, støttar kvarandre og får nye idéar. Det er lite peikefinger å få, mest positivitet. Dei nye idéane er sjølvsagt baserte på gamal innsikt.

Å finna sin eigen veg på gamle stiar

Dei siste åra har me restaurert huset og til dels også oppgradert det. Undervegs gløymer ein kanskje kva skatt av eit hus ein har, fordi alt arbeidet skuggar over. Det kanskje mest spennande har vore skattejakta. Å finna lag av historie og å finna alt det som skjuler seg bak panel og under mengdevis av lag av belegg på golvet. Å finna ein gamal sko i isolasjonen på loftet og læra at ein plasserte sko i isolasjonen for å bringa lukke til huset. No er skattejakta over. Me kjenner huset vårt frå innsida og ut. Og dei innvendige dørene i huset står opne, fordi me har installert bergvarmeanlegg i huset med vassbasert golvvarme og fine radiatorar av støypejarn.

Når ein gjer nye inngrep i gamle hus, er det viktig å skjula inngrepa eller å få det til å sjå ut som om det alltid har vore der. Grunnprinsippet er enkelt: Skjul det som er stygt, og framhev det som er fint. Heile tida prøver ein å gjera ting som ein ikkje vil angra på. Det er ikkje sikkert at ein har sjølvmedvit nok til å vita kva ein kjem til å angra på i framtida, men det handlar i alle fall om å ikkje gjera irreversible inngrep som øydelegg historia til huset.

Utan å bli heilt sjølvhjelpsbok så må ein finna sin eigen veg. Om ein tilbakefører, skal ein jo bu i huset sjølv. Ein må finna seg att i huset. Me har tilbakeført nokre av romma våre til nokolunde slik det var originalt. Men me hadde ikkje gjort det på den måten om me meinte at det som var her i 1893, var stygt. På same tid står nokre av romma våre slik dei var på 1970-talet då besteforeldra våre tok over. Ein kan gjerne ha ulike tidsepokar i same hus. Det finaste rommet, bisperommet, var onkel Lars sitt rom. Det var fylt opp med bøker som eit bibliotek og var kledd i sitt finaste 1970-talspanel. Under det panelet fann me ein gamal, staseleg tapet frå starten av 1900-talet. No sit me her med eit hus fullt av tapet, sjølv om me eigentleg ikkje er tapetmenneske.

Skift ut berre det som er naudsynt. Lat resten vera.

Lysbrytar i rosa porselen

Men ikkje alt er som før. Me har også brukt moderne teknikkar. Me har isolert med trefiberisolasjon og bora etter bergvarme. Og dusjen er av mikrosement. Den er basert på kalkhaldige pussar og mineral som gjer at ein får slette overflater og null fugar. Men doar og vaskar er gjenbruk. Gamle lampar og lampekuplar har me leita fram på Finn og i bruktbutikkar. Me har valt å byta ut heile det elektriske anlegget, men me har nye tøyleidningar og stikkontaktar som ser gamle ut. Me har kjøpt nye vribrytarar i porselen som liknar på dei svarte brytarane i bakelittplast som var her før. Dei fann me via ein nettbutikk i Sverige. Dei mest spesielle er i rosa porselen. Dei har me spesialtinga frå Italia (eller rettare sagt: Me fekk butikken i Sverige til å ta inn porselensbrytarar i fleire fargar frå den italienske produsenten). Det mest tilbakeførande me har gjort, er å produsera opp att ein tapet som me tippar var frå starten av 1900-talet. Den vart handtrykt i Stockholm. Me kalla han opp etter mor vår. Synnøva vakkerrosa heiter han. Det galnaste me har gjort, er å reisa til Sverige for å plukka ned to gedigne kakkelomnar som me planlegg å setja opp.

Tapeten som fekk namnet Synnøva vakkerrosa vart trykt i Stockholm, på oppdrag frå Folkedals-systrene. Foto: Privat

For oss går det miljøvenlege hand i hand med det tradisjonelle. Heldigvis fekk me tidleg ein mentor som har hjelpt oss med å gjera gode val, og som har vist oss korleis me kan gå fram. Og bygningsvern handlar eigentleg om å gjera minst mogleg. Skift ut berre det som er naudsynt. Lat resten vera. Hugs at det å ta vare på er mest miljøvenleg. Mykje av det som vart laga før, er i god kvalitet fordi ein brukte godt materiale. Ikkje byt ut dei gamle vindauga, dei er husa si sjel. Det vakraste er gamle glas. Glas som dansar når sola skin gjennom dei. Ein kan sitja og sjå på spelet i dei ruglete glasa i timesvis. Aldri i livet om me byter dei ut. Om vinteren set me inn varavindauga som sikrar at varmetapet ikkje vert for stort. Då me knuste nokre glasruter i samband med vindaugsrestaurering, oppdaga me kor vanskeleg det var å få tak i gamle glas som er store nok, her i vest. Me måtte heilt til Oslo for å henta nye, ruglete glas frå 1800-talet og frakta dei med oss tilbake på toget. Om du skulle koma til å trenga nye, ruglete glas ein dag, skal du vita at det finst ein produsent i Tyskland som lagar glas på gamlemåten.

Måling som pustar

Ein ting me har lært mykje om gjennom arbeidet vårt, er måling. Me har lært om korleis huset vårt pustar best, og om korleis ein heller skal sleppa dampen ut enn å stengja alt inne. Me vil gjerne ha eit hus me kan skrapa, utan at det skal laga seg flak på flak av mikroplast. 58 prosent av mikroplasten i havet kjem frå måling.[1] Kvart år lek to millionar tonn målingsrelatert mikroplast ut i havet. Det er lite sjarmerande å tenkja på. Moderne måling inneheld opp til 37 prosent plast.

Vår familie har rett og slett splæsja rundt med plastmåling, litt her og der

Då familien vår overtok prestegarden på 1970-talet, tok dei med seg plastmålinga, som var moten den tida. I restaureringsarbeidet vårt har dette valet følgt oss som ein mørk skugge. Vår familie har rett og slett splæsja rundt med plastmåling, litt her og der på både hovudhus og stabbur. Me hugsar godt at tanta vår brukte å seia at målinga hang dårleg på kledninga. Den er klassisk, høvla vestlandspanel. No veit me kvifor. Den gamle linoljemålinga er ein meister i å trengja seg inn i slik høvla kledning. Men den moderne plastmålinga klarar det ikkje. Den vert liggande utanpå. Det ser gjerne bra ut i nokre år, før ho byrjar å skala av i store flak. Og det ser me på hovudhuset vårt i dag. Der det berre er linoljemåling, sit målinga godt på. Der familien vår har brukt plastmåling, dett målinga av i flak. Eitt av dei mest tidkrevjande prosjekta er å fjerna all plastmålinga. Me har rett og slett teke ned kledning, fjerna måling med speedheater, hatt opp att kledninga og påført heile fem lag med linoljemåling.

Der har du livet vårt dei siste to åra. Me har rett og slett skrapa og måla oss gjennom ein pandemi. Og vorte forelska i linoljemåling. Og for å seia det rett ut: Det er eit enormt arbeid å fjerna all måling på det store huset vårt. Ikkje rart me er single, for å seia det slik.

Gudrun Folkedal i ferd med å skrape altanen for gamal plastbasert måling. Foto: Halldis Folkedal

Det er ei god kjensle å måla med eit produkt som ikkje lagar mikroplast, og som trengjer inn i trevyrket. Linoljemåling pustar og let huset pusta. Det er ein av dei eldste målingstypane me har. Ho er laga av linolje og fargepigment. Dessutan luktar det godt. Grunninga er som å påføra mjølk. Er du heldig, sit du med eit gamalt hus som har gamal linoljemåling på. Då kan du berre smørja på ny linoljemåling. Du må for all del ikkje bruka plastmåling utanpå linoljemåling. Då kan du få kjemiske reaksjonar og blemmer på huset. Men det skal gå bra andre vegen, sjølv om du då ikkje vil få full effekt av at linoljemålinga trengjer inn i hus og sinn. Linoljemåling er dryg, må ha ein viss temperatur for å kunna tørka og tørkar seinare enn plastmåling. Bygningslærelæraren til Halldis har lært ho at linoljemålinga er veldig varig, at ho kanskje varar i 40 år, før du må påføra nye lag.

På stabburet har me komposisjonsmåling. Det er ei måling basert på rug. Det kjekkaste med den er at ho kan smørjast på i regnvêr. For vestlendingen må komposisjonsmåling vera den våtaste draum. Tenk å stå i regnklede og måla! Eitt av kjenneteikna på komposisjonsmåling er at ho svertar av når ein tek på henne. Det fann me sjølvsagt ut då ein gjest på besøk tok på veggen utan å ana at målinga sverta av. Skjorta hans måtte rett på vask, for å seia det slik. Det var vanleg å bruka komposisjonsmåling på løer og andre uthus. Ein brukte komposisjonsmålinga på store flater og linoljemåling på lister rundt døra, slik at ein slapp å få sverte på seg. Komposisjonsmålinga var billig å laga til. Dessutan ser det ut til at ho held seg veldig godt. På stabburet vårt er det veggane med komposisjonsmåling som held seg best.

Den siste finpussen

Medan den siste presten på 1960-talet reiv ned mønekryssa, spira og gelenderet på trappa, skal me (med hjelp) teikna og setja det opp att. Og altanen skal få reparert vasskadar. Men no er me i gang med den siste finpussen.

På dette stadiet har ein endeleg kome fram. Ein opplever glede over å få elektrisitet i huset att. Har passert dei små milepælane. Gjeremålslistene er strokne ut. Drivkrafta må ein likevel aldri gje slepp på. Arbeidet tek aldri slutt, det tek berre andre former. Andre vel det enkle livet. Me har på mange måtar valt det kompliserte livet, der det alltid er vedlikehald. Men me får oppleva gleda over å meistra, over å forstå korleis huset heng saman. Og gleda over å alltid ha noko å gjera på. Over å prøva seg fram og få det til. Over dei feila ein gjer. Tapetsera eit rom for fyrste gong. Isolera eit heilt loft åleine. Uroa over om ein gjer noko feil. Over å starta ein blogg der ein legg ut om restaureringa, berre for aldri å få tid til å følgja han opp.[2]

Gudrun og Halldis Folkedal, klar for å skrape miljøskadeleg måling. Foto: Privat

Ein sluttappell

Me vil gjerne avslutta med ein appell for færre ödehus og fleire oppussingseventyr. Kjære styresmakter: Gjer det enklare å ta miljøvenlege val, og gjer gjenbruk til det som løner seg. Auk støtta til kulturminne, slik at folk med ti tommeltottar kan restaurera vindauge, og slik at folk faktisk har råd til å ta vare på skifertaket sitt. Sjølv her i skiferland vel folk det vekk fordi det vert for dyrt å restaurera, og fordi tømrarane ikkje har kunnskapen til å legga skifertak. Når me etter kvart skal setja opp ny løe i gamal stil, er det vel omtrent null plassar me kan søkja pengar, sjølv om det er eit verneverdig tun. Det vert dyrt å laga til nytt skifertak på ei stor løe, men det er jo det me må gjera.

I staden for å laga skeive bokhyller ingen eigentleg vil ha, på sløyden, burde ein heller læra å kitta eit vindauge eller å laga sin eigen dørkarm.

Me fekk støtte frå Enova til bergvarmepumpe, men opplever at Enova-støtta er for snever og dobbeltmoralsk. Enova vil gjerne at ein skal restaurera eller rehabilitera hus framfor å byggja nye. Men dei oppfordrar samstundes til å byta ut gamle vindauge. Men dei gamle vindauga våre frå 1893 laga av kjerneved er betre enn naboen sine frå 1980-talet. Ein kan ikkje laga passivhus av verneverdige hus frå 1893!

Me har gjort energitiltak som monnar for oss og huset vårt, og skulle gjerne sett at Enova-tiltaka kunne ha passa vårt prosjekt i større grad. Kort sagt: Me saknar ein eigen pott for klimatiltak for verneverdige hus. Gå framfor med eit godt døme og vel miljøvenleg måling på kommunale prosjekt (for eit slagord!). Auk den praktiske kunnskapen i skulen! I staden for å laga skeive bokhyller ingen eigentleg vil ha, på sløyden, burde ein heller læra å kitta eit vindauge eller å laga sin eigen dørkarm.

Me trur rett og slett at ein vert eit betre menneske av å stella med eit gamalt hus. Ein vert gira av å fordjupa seg i korleis ein gjennom å restaurera eit gamalt hus kan gjera verda til ein betre plass. Svulstig, men sant. Me har trass alt vorte linoljefrelste.

Notar


[1] https://www.maleren.no/maling-storste-kilde-til-mikroplast-i-havet/289756.

[2] Sjå bloggen www.eiteventyr.no

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar