Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Når døden er ei frigjering

Sorg er arbeid for å få livet til å halde fram. Etter eit narkotikarelatert dødsfall er sorga aldri rein vare.

Eivind Ødegård

Det er no snart tre år sidan syster mi døydde. Etter mange års rusbruk døydde ho 38 år gamal. Ho vart funnen på badegolvet ein aprilkveld i 2019, åleine i husværet sitt. Me veit ikkje kva ho gjorde rett før ho døydde, men ho har truleg hatt vondt, som ho ofte hadde. Helsa hadde vore dårleg lenge. Immunforsvar hadde ho knapt. Ho hadde tre–fire ulike rusmiddel i blodet den dagen ho døydde. Kroppen var meir eller mindre øydelagd. Me hadde venta at det skulle gå slik, me visste berre ikkje når.

Eg må dra meg til tastaturet og har ikkje lyst til å skrive dette, omtrent slik eg måtte dra meg til telefonen for å ringje henne då ho levde. Når eg gjer det likevel, er det fordi eg synest eg må. Dette er ord om den vonlause rusbruken, den som berre går til botnars. Eg skriv ikkje for syster mi. For henne er det for seint med ord. Eg skriv for dei som står att, og for å syne dykk andre kva som skjer med familiar rundt rusbruk.

Eivind Ødegård skriv om å vere pårørande til rusavhengige. Foto: Kjell Inge Jorddal

Eg har lese ein stad at all lukke er lik, medan alle smerter er unike. For meg er det meir som at alle historier og klisjear eg har høyrt om tap og smerte, verkar sanne. Eg kjenner meg att i songar, filmar, forteljingar og artiklar som eg ikkje vil kjennast ved. Overdramatiske og sjablongprega historier som gjeld nokon heilt andre, vedkjem no meg, og eg likar det lite. Eg har eit døme i songen «Let it die» av Foo fighters. Bandet vart starta av Dave Grohl, tidlegare trommeslagar i Seattle-bandet Nirvana. Songen handlar om frontfiguren Kurt Cobain, som døydde etter langvarig rusbruk. Mannen er meg heilt uvedkomande, og eg har aldri identifisert meg med han. Det er fortid, og ikkje eingong mi fortid, eg er nokon heilt andre, høyrer du! Likevel er det nettopp Grohl som stiller det spørsmålet eg ikkje blir kvitt, det som kvernar om att og om att: Kvifor lét du deg sjølv døy, og kvifor drog du alt og alle med deg så langt ned du berre greidde?

Why’d you have to go and let it die?

Det kjem aldri noko svar på det spørsmålet, og ingen likar å bli stilt spørsmål av den typen. Både spørsmålet og songen bryt meg stundom ned i kne, sjølv om det er sjeldnare etter kvart.

Eg var storebror

Det skilde tre år på meg og syster mi. Det er såpass lite at me hadde mest same barndomen. Eg var storebror, og eg hugsar ikkje anna enn at barndomen vår var god. Heilt vanleg, liksom. Alle ruspårørande leitar etter forklaringar på kvifor det gjekk så gale. Me leitar bakover og bakover til tidlegaste barndom eller før. Eg òg har leitt, men finn ingen grove feil i barndomen vår. Me hadde mykje same miljøet rundt oss, men var sjølvsagt ulike. Ho var ljos og lita, glad i dyr, litt var, snøgg til tårer og glede. Ho var utspekulert i ung alder og kunne lure meg trill rundt. Ho teikna, song og måla godt. Las, dikta og høyrde historier. Ho var i til dels dårleg lag på skulen, men hadde òg gode vener. Ingenting av dette skulle tyde på den enden ho fekk. Me hadde såpass lik barndom at sjansen vår for å hamne i rusen skulle vore omtrent lik, dersom det var der grunnen låg. Men ho døydde av blandingsmisbruk, medan eg ikkje eingong har røykt. Det er ikkje der grunnen ligg.

Så kvar ligg han då? Truleg summen av fleire små ting. Eg skreiv at ho var litt var og snøgg til tårer. Kanskje ho tok motgang annleis enn eg. Ho var kanskje litt meir prøvefull og risikosøkjande, særleg frå ungdomsalderen. Og ho var i sterkare opposisjon som ungdom enn det eg var. Dette er ikkje unikt. Det gjeld mange. Alt dette er små ting, og alt dette kan ha ført til rusen. Det hender òg at folk berre har uflaks og nærast snublar inn i misbruket. Eg veit ikkje, men kan ikkje sjå bort frå det heller. Det finst berre ingen klår og tydeleg grunn å peike på, ingen fasit med store bokstavar. For ruspårørande kan det vera endå ei bør, det at det ikkje finst nokon sikkert påviseleg grunn til kvifor det gjekk gale.

Etter eit narkotikarelatert dødsfall, er sorga etterpå aldri rein vare, skriv Eivind Ødegård. Foto: John Thomas/Unsplash

Eg finn altså ingenting i barndomen hennar eller vår som skulle tyde på den enden ho fekk, men det har ingenting å seia kva eg finn og ikkje, for rusen kom ho borti allereie på ungdomsskulen. Då var det gjort. Augo vart svartare dag for dag. Ho stakk av og var gud veit kvar i dagar i strekk. Ho gjekk litt av fyrste året på vidaregåande, men fullførte aldri. Ho hadde ulike småjobbar og dreiv med småkriminalitet. Det beste ho fekk, var ein deltidsjobb på biblioteket. Det likte ho, for ho var glad i bøker. Løna ho fekk, hjelpte ikkje stort. Økonomien hennar var aldri anna enn eit evig minus, ho øydde pengar. Ho påstod etter kvart at ho hadde heilande evner. Eg har lurt på kven som lét seg lure til å tru på henne, men det gjorde folk. Eg køyrde henne faktisk til eit slikt oppdrag ein gong. Då hadde ho sjølv for lengst mista førarkortet i villmannskøyring og rus.

Utan personleg ansvar

Eg kan ikkje tenkje meg at ho hadde så mykje positivt i livet sitt frå rusen tok over. Ho følte seg ofte underlegen, dårleg, nedvurdert, nedtrødd, mindreverdig. Med tanke på det livet ho fekk, er ikkje det så rart. Ho likte ikkje tanken på at det gjekk nokså bra med meg og dårleg med henne, og ho greidde å få uttrykt indirekte at det på ein eller annan måte var min feil. Det var mellom anna difor eg grua meg i fleire dagar for å ringje henne. Ho kritiserte familien for at ho ikkje vart rekna med, at meiningane hennar ikkje talde skikkeleg, at ho vart sett ned på, at ho ikkje vart teken på alvor. Det stemmer sikkert, alt saman. Det var vanskeleg å ta henne heilt på alvor som eit vakse menneske, fordi ho så ofte bar seg åt som ein 15-åring.

Er det i det heile mogleg å seia at ein rusbrukar har ansvaret sjølv?

Kven har ansvaret for rusbruken? I dei fleste samfunn er det vanleg å sjå på rus som ein sjukdom, og rusbrukaren som ein sjuk som treng helsehjelp. Slik er det utan tvil med alkoholisme, og dermed bør det vel vera slik for andre rusmiddel òg. Logisk nok. Det same gjeld alle andre ting menneske blir avhengige av, anten det er tobakk, piller, pengespel eller basehopping. Kvar av oss har uvanar som me sikkert burde ha slutta med, så kven skal kaste den fyrste steinen? Ingen vil svara. Er det i det heile mogleg å seia at ein rusbrukar har ansvaret sjølv? Kva med det fyrste trekket, det fyrste stikket? Det ligg så langt tilbake at det er vanskeleg å peike på det som den store, avgjerande hendinga. Det kan ha vore eit hendeleg uhell. Skal ikkje ein ungdom få prøve seg, få gjera dumme ting, ja somtid hovudstups idiotiske ting? Dei fleste vil seia jau. Det er innanfor tabbekvoten. Dei fleste skikkar seg lell, sjølv om dei var toskar då dei var yngre. Ungdomen rasar, sukkar me. Ungdomen i dag rasar truleg til og med for lite.

Men dei vanskelege spørsmåla tek ikkje slutt med det. Kva med seinare då, når du er langt uti rusbruken? Er då alt personleg ansvar borte, slik at alt berre er sjukdomen sin feil? Kva med kvar gong du såra dine nære og gjorde dei vondt? Kva med kvar vondskapsfulle handling du stod bak, og alle spitord frå din munn? Kva med dei du lokka ut i ulukka ved å vera doplangar sjølv? Du som gjorde heimgarden min til eit dopreir. Kva med dei gongene du lærte aspirantar korleis dei set ei sprøyte?

Når orda er utan meining

Som hjå andre vidarekomne rusbrukarar vart det snart berre ein ting som talde. Alt og alle vart bytte bort mot neste dose. Inga lygn var svart nok. Ingen handlingar var låke nok. Samvit og skamvit, ære, sjølvkjensle, moral, sanning, glede, uskuld, vokster, tru, von og kjærleik. Alt det vart berre framandord, noko frå ei anna verd. Ikkje berre ofra ho alt sitt eige, men ho stal alle andre sitt òg. Det gjekk ikkje an å koma langt nok ned. Det fanst inga nedre grense for kva ho gjorde for å få meir, eller kva ho gjorde når ho fekk det. Det går ikkje an å fantasere seg fram til kva og kven ho kunne utnytte, kva grenser ho kunne trø over, for å få det ho ville ha. Det bikka for lenge sidan over i det me vil kalle vondskap, sjølv om me alltid må hugse at ingen er fødd slik. Det vart slik. Det er ikkje godt å veta om det var mennesket øydelagt av dopen som handla, eller om det var dopen som handla gjennom mennesket. Eg stod nær nok til å sjå kva ho gjorde med nær familie, men hjernen min stretar imot å tenkje meg inn i kor vondt det gjer når heile di omsut, kjærleik og hjelp gjennom heile livet blir lettvint avhenda for endå eit stikk, eit trekk, ei pille, og du får dritkjeft som vekslepengar. Ho var meingod til å skulde kvar og ein for elendet sitt, og til å strøye salt i opne sår.

Kvar tunge rusbrukar får ikkje berre øydelagt sitt eige liv, men livet til dei rundt seg òg.

Paradoksalt nok var det ein av dei gode eigenskapane hennar som gjorde det ekstra vondt. Ho var flink med ord, så ho visste presis kvar ho skulle banke. Alt var alle andre sin feil. Vegen til dauden var asfaltert med utakk, lygn og sinne. Ho kunne vera så stygg. Då ho var langt nok komen i rusbruken, var ho på sitt beste berre akkurat til å tola, og det er korkje moro å skrive eller å tenkje på. Det er visst ikkje heilt lov heller, for du blir tuta øyro fulle med at du skal vera glad i familien din uansett. Det er likevel ei grense for kor glad du kan vera i familiemedlemer som gjennom rusbruken sin syg deg turr for hjarteblod og sputtar på deg til takk.

Av dette stig det eit rådlaust og retningslaust sinne hjå meg som hjå andre etterlatne. Dave Grohl greier å formulere det her òg. Som oss andre prøver han å verja seg med sarkasme og ironi, den siste spinkle demningen me har mot fløymande sorg og fortviling.

Did you ever think of me? Oh, so considerate.

I hovudet har eg omdikta lina til vår situasjon. Tenkte du nokon gong på oss? Det var vakkert av deg, det.

Det er så urettferdig. Rusbruk skaper urettferd. Kvar tunge rusbrukar får ikkje berre øydelagt sitt eige liv, men livet til dei rundt seg òg. Dei må greie seg mykje godt sjølve, både medan rusbrukaren lever og etterpå. Ingen kjem og hjelper med å rydde opp i rekningsbunken som er att. Ikkje med mindre foreldra greier å ordne opp sjølve eller spørja om hjelp. Det er inga naturlov at alle foreldre skal greie det.

15 år for alltid

Rusbrukaren sjølv er i kontakt med mange offentlege instansar gjennom livet: helsevesenet, politiet, ofte barnevernet og sjølvsagt NAV. Dei næraste pårørande blir ofte involverte berre indirekte, og endå mindre med ein gong rusbrukaren blir myndig og dermed juridisk ansvarleg sjølv. Det er meir enn merkeleg når me veit at vidarekomen rusbruk i praksis gjer deg umyndig og ute av stand til å ta ansvar for eige liv. Syster mi stivna på ein måte som 15-åring. Ho kunne ikkje ta ansvar for nokon, korkje seg sjølv eller andre.

Hjelpeinstansane sjølve blir òg tidt utnytta. Syster mi var ikkje dum, og det gjorde i grunnen saka verre. Eg hugsar ho hadde Felleskatalogen på stovebordet. Det gjekk lenge før eg forstod kvifor, og eg følte meg bra dum då det demra for meg: Som mange andre rusbrukarar las ho katalogen baklengs. Ho såg seg ut eit medikament ho ville ha, deretter las ho kva symptom det vart gjeve mot, og resten av jobben var då å seia at ho hadde nettopp dei symptoma, slik at fastlegen skulle skrive ut nettopp det medikamentet. Ho trong ikkje direkte lyge på seg symptom heller, for ho hadde dei fleste helseplager som tenkjast kan. Fekk ho ikkje det ho ville ha, bytte ho berre fastlege. Til meg kom informasjonen i form av lange jeremiadar om kor udugelege dokterane var. På denne måten fekk ho god hjelp av helsevesenet til å halde rusbruken ved like. Ho må ha ros for å vera kreativ og påhittug.

Konsekvensane av rusbruk strekkjer seg langt ut over dei 250–300 som døyr av narkotikabruk kvart år i Noreg. Det er mellom anna difor samfunnet i nokon grad kjempar mot det. Det er difor det aldri blir semje mellom dei som forsvarar kvardagshasj, og dei som har sett nære slektningar liggje kistebudde i kjellaren på kyrkjestova. Trøytt ironi er alt eg har å stille opp med mot hampefylgjet. «Neiiivisst, det er sikkert ikkje farleg, nei.» Eg kan ikkje anna enn å peike på syster mi som døydde. Viss ikkje det bit på, har eg ikkje meir å seia. Ver så god, bruk alt faen de vil av rusmiddel, og ta med heile familien på kronisk rundtur i helvete. Eg har heilt mista nyansane og har ingen hug lenger til argumentasjon kring «sunn» rusbruk og legalisering. Eg ser berre kista, og det er meir enn nok.

Ei tvitydig sorg

Sorg er arbeid for å få livet til å halde fram. Dei etterlatne etter rus har allereie god trening i å la livet gå vidare uansett situasjon. Altfor god, for det er ikkje eit liv å bli ståande i rusrelatert lort til over halsen. Ingen skulle måtta det. Organisasjonane for pårørande peikar på at du på eit tidspunkt må vurdere å trekkje deg ut. Same kor god vilje du har til å hjelpe son, dotter og sysken, så kan du ikkje berge nokon som ikkje vil bergast. Når du er pårørande til ein tung rusbrukar, blir du prioritert milevis under den heilage rusen. Er det ein plass du vil eller kan vera i lengda? Samstundes veit pårørande kor vondt båe alternativa gjer. Skal eg bli i dette, kanskje gå til grunne sjølv og kanskje hjelpe ho som rusar seg, eller skal eg koma meg unna, kanskje hjelpe meg sjølv og kanskje la rusbrukaren gå til grunne? Ingen av vala er gode, eller sei moglege.

Eg ynskte ikkje at syster mi skulle døy, men eg ynskte sterkt ein slutt på dette her.

Nokon går til ein gud for å ha ein plass å leggje av seg vonløysa. Stundom kan trua«udslukke hvert savn», andre gonger monar det lite. Den gode hyrdingen greier ikkje få alle sauene heim att frå ville heii, og saknet varar ved – det vil alltid vera nokon som ikkje er der. Andre har ingen gud å gå til. For oss står berre det beinturre att, og det er at me må laga vår eiga trøyst. Det gjer me òg. Når eit barn døyr av narkotika, har foreldra sjølve større risiko for å døy enn ved alle andre typar dødsfall. Dei som ikkje døyr, har auka risiko for alvorlege helseplager. Særleg dei to fyrste åra er farlege. Kanskje kan det å faktisk nemne sorga, å prate om det fæle, vera ein veg til å handtere dødsfall og samanbrot etter rus. Me treng ikkje skam over avkomet sin rusbruk attpå. Me treng hjelp av nokon som kan det, og utan at me treng spørja.

Det går betre med tida. Det går an å smile etter kvart. Det er lov å vera glad, og me treng ikkje ha dårleg samvit for det heller. Me bør og må koma vidare. Me skuldar ikkje den avlidne å syrgje, eller å halde fast i sorga lenger enn me vil. Me skuldar ingen å syrgje på ein bestemt måte, som ved ein saknaddaude. I nokre tilfelle kan dauden koma som ei utfriing. Eg ynskte ikkje at syster mi skulle døy, men eg ynskte sterkt ein slutt på dette her.

Når han då kom, var det vondt, men ikkje overraskande.

Det synte seg at det ingen annan slutt var. Når han då kom, var det vondt, men ikkje overraskande. Hjå mange tunge rusbrukarar finst det etter kvart ingen lukkeleg utgang. Alle dører er stengde for lenge sidan. Og sjølv om voner kan vera styggeleg seigliva, kverv dei òg ein gong og blir til slagg og oske i hjarto på dei pårørande. Då blir dauden eit spørsmål om når, ikkje om.

Sorga etterpå er ikkje rein vare. Ho er blanda med mangt. Sorg over at me ikkje syrgjer meir, sinne mot den som har døydd, og skam over sinnet. Rusbrukaren har allereie døydd i mange år, så mange etterlatne har gråte ferdig og skjemst over at dei ikkje greier gråte meir. Skamma er noko av det som gjer det så vanskeleg å prate om det avbrende landskapet i hjarta, det som treng opprydding og nydyrking. Dei næraste er òg frå før utslitne etter mange års dritarbeid. Difor kan me ikkje vente same slags sorg hjå etterlatne etter rus som til dømes hjå etterlatne etter ei trafikkulukke.

Heilt feil og heilt rett

Sjølv er eg nokså enkelt samanskrudd. For meg har musikken alltid vore ein stad å hente meining. Eg nemnde«Let it die». Eg likar ikkje spørsmålet songen stiller, og eg likar ikkje at det er Dave Grohl som stiller det heller: fyrst stille og i ettertanke, deretter i ein gjennomprodusert crescendo som endar i ein serie brøl, gong etter gong. Det er for kalkulert og ikkje minst for amerikansk for meg. Ein langhåra rockar frå USA er nærast programforplikta til å brøle når han syng om narkotikadødsfall. Eg burde gjennomskoda han, for det passar verkeleg ikkje til meg, men eg maktar ikkje anna enn å tru på det han seier likevel. Det går rett inn. Det er heilt feil og heilt rett, nett slik dei andre klisjeane er det.

All musikk hjelper, og den nemnde songen er berre eitt døme.Han fungerer slik: Det hardtslåande kompet gjev meg lise for oppdemt sinne. Gitarmelodiane er fulle av tvil, dei vekslar mellom dur og moll midtvegs i ei strofe, nett som eg sjølv. Arrangementet er reinstemt sorg på stigande volum og med vreng. Fleire av tekstlinene sit som ein spikar i hjarta. Det same gjer i grunnen songen«Vuggevise» av allsidige Trond Viggo Torgersen.«Stoffet i sprøyten er ingen skatt / drømmene lever bare i natt.»Det er ikkje avansert, men det fungerer for meg. Andre hentar meining i andre aktivitetar, men alle etterlatne treng eitkvart godt å halde seg fast i. Og dei treng hjelp så dei ikkje døyr.

Eivind Ødegård er lærar.

Kjelder

Det er knapt naudsynt med ei kjeldeliste i ein slik artikkel, som mest skildrar det eg sjølv tenkjer. Det er likevel nokre faktaopplysingar lesaren kan ha hug til å etterprøve. Dei fleste er henta frå forskingsprosjektet Etterlatte ved narkotikarelatert død ved Høgskulen på Vestlandet. Kristine Berg Titlestad er leiar for forskingsprosjektet. Ho synte meg artikkelen under, og eg henta dei statistiske opplysingane frå samandraget til artikkelen.

Christiansen, S. G., Reneflot, A., Stene-Larsen, K., & Hauge, L. J. (2020). Parental mortality following the loss of a child to a drug-related death. European Journal of Public Health, 1-5. https://doi.org/10.1093/eurpub/ckaa094

Fire ting eg har lært om rus

  • Straff fungerer ikkje. Utforskande ungdom treng hjelp i staden, og vidarekomne rusbrukarar vil halde fram med å ruse seg uansett sanksjonar. For syster mi var konfliktane med politiet berre noko som gjorde livet vanskelegare, og som gjerne gav endå ei orsaking til å ruse seg. Avkriminaliser rusbruk. Fylg heller opp og tilby hjelp tidleg.
  • Tunge rusbrukarar som ynskjer hjelp, må ha ei reell von om å få det. Ikkje alle ynskjer berging, men vegen for dei som vil ut, er allereie altfor lang. Ventetida for avrusing må ned.
  • Alle som står rundt, må ha hjelp. Eit narkotikadødsfall er ein stor helserisiko for dei etterlatne.
  • Kvar gong nokon døyr av rus, må det kunna gå an å kople på omfattande tilbod om hjelp til dei etterlatne som ein standard rutine. Det skjer ikkje i dag.
  • Det finst ingen fristad. Kvar avkrok i landet fløymer av dop.
- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar