Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Under arbeid: Ellen Løvhaug Harrison

Martin Ingebrigtsen presenterer heilt, heilt nye dikt. Dikt som framleis er i arbeid.

Av Martin Ingebrigtsen

Ellen Løvhaug Harrison arbeider for tida med den første boka si, enno utitulert. Boka skildrar eit her og eit no, som strekker seg etter eit der og eit . Der og då driv ein småbarnsfamilie og lagar eit liv for seg sjølv i USA. Denne tida blir avslutta ved at familien går i oppløysing, mor og to døtrer blir buande i Noreg, faren i USA.

Her og no sitt den yngste dattera i Noreg og ser på filmar og bilde av den første tida, som ho knapt kan hugse. Spesielt er det faren ho ser etter. Han som no har gått bort og ikkje finnest i minnet hennar. Bileta og filmane blir derfor ein måte å restaurere, eller halde ved like, koplingane mellom her og der, no og då, ho og han. En sjåande og lyttande form for dikting, som skal kunne mane fram eit minne ein kan sakne. Det er eit svært personleg og raust prosjekt, av ein stilsikker og modig poet.

Hugsar du når og korleis du fekk ideen til diktet?

– Det aner eg ikkje. Men mange av dikta har eg skrive medan eg har vore på veg frå ein stad til ein annan. Og så kom jo ideen frå eit tekstunivers som allereie hadde byrja å ta form, så nokre av rammene for diktet var på plass før eg byrja skriva det.

Korleis har du jobba med det?

– Veldig sakte og opent. Dette diktet likte eg ikkje då eg fyrst skreiv det, og heller ikkje då eg fyrst byrja å jobba med det, men eg har nesten slutta å legga vekk dikt så snart dei ikkje er gode. I staden jobba eg lenge med det, fant noko i det eg likte, og la til og strauk masse.

Er diktet ferdig?

– Det er eit vanskeleg spørsmål! Vonleg er det nærare ferdig no enn det har vore før, men eg veit ikkje. Eg trur aldri eg har kjent at ein tekst var heilt ferdig. Men det har i alle fall noko ved seg no som eg ikkje har putta inn i det, og det trur eg er ein god ting.

Martin Ingebrigtsen  (f. 1984) er poet og forlagsredaktør og bur i Trondheim. Han debuterte med boka Riv av seg ansiktet (Samlaget 2018)

Foto: William Howe

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar