Levekvinna

- ANNONSE -spot_img

Ine Harsten har gjort det meste. – Det var fyrst etter eg vart pensjonist at eg slo ut det vesle eg har att av hår.

Publisert i Syn og Segn 02/26

Tekst av Emil Askvik Hosøy

Bilete av Hedvig Idås

Ine Harsten har sett og gjort det meste. Ho har vore IT-arbeidar, er kjend som Europas Grande Dame des Trains, har budd i Nederland og gjeve ut ein krimroman. Det som likevel har sett preg på heile livet hennar, heilt sidan oppveksten på ein sørlandsk prestegard, er noko heilt anna. Ho er nemleg, etter alt å døma, Noregs eldste kjende transkvinne. 

– Dette har heilt klart vore eit enormt distraherande element i mitt liv. 

Ei byrjing midt på 

Der Harsten flanerer gjennom Fredrikstad i sumarsola er ho lett å få auge på. Ho går fargerikt kledd i kjole, og har oftast på seg hatt. Sminka er påført med omhug, og leppestiften har gjerne ein kraftig raudnyanse. Slik har det ikkje alltid vore. 

– Det var fyrst etter eg vart pensjonist at eg slo ut det vesle eg har att av hår, smiler 83-åringen. 

Når ho skal fortelja historia om korleis det gjekk til at ho kasta om på heile livet for å kunna leva i tråd med sjela si, startar ho ein stad over midten på livet. 

ette har heilt klart vore eit enormt distraherande element i mitt liv

– Det skjedde veldig seint i livet. Eg var vel 58 og på ferie på Korsika med kona mi. Me låg på ei perfekt strand der, og ho spurde om kor eg kunne tenkja meg å vera om ti år. Då hadde dette grumset for lengst byrja å koma opp, og etter å ha tenkt meg om, hoppa eg uti det. Eg svarte at eg kunne tenkja meg å vera ei ikkje spesielt oppsiktsvekkande vakker norsk kvinne i sin beste alder. 

Og slik skulle det også verta, og sjølv om kona viste stor interesse for det heile og handterte det fint, skulle samtalane på Korsika føra til det største tapet Harsten leid fordi ho kom ut. Ekteskapet kunne ikkje vara, og trass i at dei to framleis snakkar saman 25 år seinare, tok forholdet slutt i løpet av det neste året. 

– Kvifor valde du å gjera det, då? 

– Eg var komen inn i ein periode der eg ikkje klarte å undertrykka dette. Eg dreiv og kledde meg som kvinne i meir eller mindre vellukka samanhengar, og dette var det som direkte leidde til samtalane på Korsika. 

Pratar ein med andre transpersonar, vil ein oppdaga at dette er ei nokså velkjend oppleving. Etter lang tid, gjerne mange år, med fundering på kjønnsidentitet eller forsøk på undertrykking, møter ein til slutt veggen. Ein klarer ikkje lenger undertrykka identiteten sin, og tenkjer på han døgnet rundt. Noko må skje, men vegen dit kan for somme vera lang. 

Frå kyrkja og ut i verda 

Det var aldri gitt at Harsten skulle verta den ho er i dag, sjølv om ho har strevd med kjønnsuttrykket sitt det meste av livet. Ho vaks opp på det tjukkaste bibelbeltet med ein prest til far, eit utgangspunkt som ikkje akkurat la opp til liberal eksperimentering. 

– Det var mykje positivt med det, og eg er relativt fri for traume den dag i dag. Det var ein trygg og god oppvekst, men ho var ikkje for pyser, oppsummerer Harsten det sjølv. 

Ho skildrar likevel den sosiale kontrollen som ganske omfattande, og etter fjorten år fekk det vera nok. 

– Eg slapp unna ved å flytta på landsgymnas. Det var ganske frigjerande på eit vis, men samstundes hang identitetskonflikten der. Eg kom gjennom det utan store problem. Det var på studia det byrja å butta imot. 

– Før me går vidare må eg nesten spørja: Er du personleg kristen? 

– Nei, det vil eg ikkje seia. Eg trur ikkje det finst noko tilvære etter dette eller noko slikt. Likevel er eg jo rørt av kulturen, eg er ganske bibelsprengd og ser mange litterære poeng med det som står der. Samstundes er eg i stand til å setja til veggs bibeltru ganske kvikt med sitat frå gamle testamentet og slikt. 

Framand i ei framand verd 

– Det tok altso heile 58 år før du kom ut som kvinne. Angrar du på at du ikkje gjorde det tidlegare? 

– Ja ja, for all del. 

Harsten smiler litt trist, og tenkjer seg om før ho held fram. 

– Problemet var at du sat i ei blindgate utan å vita korleis du skulle koma vidare. Eg studerte på NTH (no NTNU) på byrjinga av sekstitalet og tenkte over kven eg kunne snakka med om dette. Eg kom ikkje på ein einaste stad å venda meg. 

På den tida var ikkje kjønnsbekreftande behandling noko det medisinske etablissementet reklamerte for. Det gjer dei for so vidt ikkje i dag heller, trass i at Noreg etter andre verdskrigen var pionerar innan forsking på hormon, såkalla endokrinologi. 

Ketil Slagstad, norsk medisinhistorikar med sete i Berlin, har skildra denne ukjende historia i boka Standardizing sex: A history of trans medicine. Han og Harsten har snakka ein del saman, og dei har mellom anna skrive innlegg i Morgenbladet kring transtematikk. 

– Slagstad meiner det fanst tilbod om ein leita lenge nok, men då måtte ein ha kontaktar og slikt. Då Christine Jorgensen kom ut offentleg i femtiåra, drukna det norske helsevesenet i tilvisingar og stengde ned alt slikt. 

Jorgensen var på si tid ein banebrytande transaktivist. På 1950-talet reiste den tidlegare soldaten frå USA til Danmark for å gjennomgå ei rekkje kjønnsbekreftande operasjonar der, og hamna på avisframsider i heile verda under overskrifter som «Ex-GI becomes blonde beauty». Dette førte til at mange transpersonar frå heile verda søkte til Skandinavia for å få behandling, som igjen gjorde at helsevesenet her heime innførte strengare restriksjonar på kven som kunne og ikkje kunne få det. 

Det er truleg den einaste gongen i mitt liv eg har vore ordentleg forelska

Likevel fanst det framleis eit tilbod. 

– Det kan vera at om eg hadde vore meir iherdig og villig til å provosera mine foreldre noko grenselaust, hadde det kanskje gått, men den gongen var eg ikkje i stand til det. På mange måtar er eg litt forferda over meg sjølv, at eg oppviste so mykje feigskap i dei åra, men det var liksom ikkje tida for slikt. 

Det hjelpte heller ikkje at Harsten etter kvart vart distrahert av det ho kallar sin «ikkje altfor vellukka akademiske karriere.» Det vart for mykje grubling på ting som ikkje hadde noko med kjønn og seksualitet å gjera, i det minste ikkje knytt til det å vera trans. 

– Fordi eg tilsynelatande, og vel også reelt, var ein klassisk heteroseksuell ung mann som kvinner fall for, hadde eg aldri problem med tilgang til damer og takka ja til det som måtte dukka opp, smiler Harsten lurt. 

Slik hamna ho også i eit tradisjonelt ekteskap i 20 år, før ho skilde seg og etter kvart møtte kona ho seinare skulle ligga på eit strand på Korsika med og fortelja at denne maskuliniteten ikkje var heilt for henne. 

– Eg flytta etter kvart til Risør for å driva eit dataselskap der. Der møtte eg ei kvinne i eit torskemiddagselskap eg fall pladask for. Det er truleg den einaste gongen i mitt liv eg har vore ordentleg forelska, og det var henne eg snakka med på Korsika. 

Det store steget 

Då ho endeleg tok steget og kom ut som transkvinne, kunne ting utan tvil ha gått betre for Harsten. Det hadde overraskande lite med transfobiske haldningar i samfunnet å gjera. 

– Eg hadde vore frilans IT-konsulent dei siste åra, men etter åtaket på tvillingtårna i New York kollapsa arbeidsmarknaden min. Ingen var interesserte i å gjera noko som helst, alle berre heldt pusten. 

Samstundes forlét ho ekskona og flytta ut. Dei neste to–tre åra skildrar ho som nokså harde, om enn ikkje heilt innhaldslause. 

– Eg skreiv ein krimroman som kom ut på Aschehoug. Utan det hadde eg nok følt meg fullstendig bortkomen. 

Eg levde ikkje som kvinne hundre prosent av tida

– Angra du på at du kom ut då? 

– Absolutt ikkje. Det har aldri vore i tankane mine. Det butta mest imot dei fyrste åra og månadane utan inntekt og slikt, og då lurte eg på kvifor eg dreiv med det der, men det gjekk meir på generell sjølvopphalding. 

I 2005 losna ting for Harsten arbeidsmessig. Verda hadde kome i gang etter 2001, og ho fekk jobbtilbod frå alle kantar. Med det enda ho opp i Nederland, der ho arbeidde fram til desember 2010, då ho pensjonerte seg. 

– Mine fyrste yrkesaktive år etter eg kom ut, var litt til og frå. Eg levde ikkje som kvinne hundre prosent av tida, presiserer ho.  

Det kom fyrst etter ho pensjonerte seg. 

– Men du, eg hengde meg litt opp i dette med krimroman. Korleis kom du på at det var det du skulle gjera? 

– Eg har alltid hatt lyst til det. Eg har alltid skrive utan å få det utgjeve, og tenkte det var noko eg kunne fylla livet med. 

Boka har elles også ein del med det å vera trans å gjera. 

– Eg trur det er vanskeleg å skriva romanar som transperson om transtema. Du vert opphengt i ei problemstilling ingen andre eigentleg er opphengt i. Men eg trur det funka i den boka. Eg hadde ein idé om å skriva om ei antiheltinne, ein avskyeleg person i førstninga, og så prøva å skapa sympati for henne hjå lesarane etter kvart. Så ho er ein transkjønna leigemordar. 

I tillegg plukka Harsten inspirasjon frå yrkeslivet sitt. 

– Det eg også skreiv, var ein roman om overvakingssamfunnet. Eg kom med ein del konklusjonar der som eg trur held vatn framleis. 

Framsteg er ikkje ei rett linje 

Som følgje av at ho flytta til Nederland, slapp Harsten å forholda seg til NBTK (Norsk behandlingsteneste for kjønnsinkongruens) ved Rikshospitalet i Oslo. Ho fekk hjelp hjå den norske legen Esben Esther Pirelli Benestad, som ho seier har betydd mykje for henne og mange andre transpersonar i Noreg. I tillegg fekk ho behandling i utlandet. 

Akkurat det er det nok mange norske transpersonar som misunner henne for. 

NBTK har eit særs dårleg rykte, og har mellom anna ord på seg for å hala ut behandlingstid i det lengste. Dei har også tatt standpunktet at dei nektar å behandla ikkje-binære, altså dei som identifiserer seg som korkje menn eller kvinner, men som likevel kan ha ønske om inngrep som hormonbehandling eller operasjonar. 

Det siste året har NBTK også vore vikla inn i ei skandale der dei er skulda for å nytta sensitive helseopplysningar om mindreårige til forsking, utan samtykke frå pasientane. 

Ein må berre koma ut or skapet og prøva å få gjort noko med saka

Likevel vil Harsten på det sterkaste oppmoda unge transpersonar til å ikkje la det stoppa dei. 

– Ein må berre koma ut or skapet og prøva å få gjort noko med saka, å gjera merksam på at ein har eit behov, sjølv om samfunnet ikkje vil vareta dette behovet på nokon måte. 

Utover det tykkjer ho det er vanskeleg å gi råd til yngre transpersonar. Ting går ikkje akkurat rett veg for tida, meiner ho. 

– Mykje vart betre ei stund, men no har jo ting i lengre tid berre vorte verre. I Storbritannia har det store mørkeret senka seg, og det er skremmande at norsk helsevesen viser til dei. Paradokset i transmedisin er at jo fleire som vert behandla, og det vellukka, jo meir bekymra vert helsevesenet. Det gjeld også her i Noreg. 

Det siste konkrete, store framsteget for norske transpersonar var avviklinga av kastreringskravet for å skifta juridisk kjønn i 2016. Endeleg var det ikkje lenger pålagt å fjerna reproduktive organ for å byta ein bokstav i passet. 

– Eg trur eg var ein av dei fyrste i landet. Eg gjorde det i juli 2016. Då byrja problem med personnummer. Eg måtte endra BankID, pass, og så bortetter. Så alle dei som meiner at det å endra kjønn er like enkelt som å endra mobilabonnement veit ikkje kva dei snakkar om, kommenterer Harsten tørt. 

La Grande Dame des Trains 

Ut over det reint byråkratiske, har Harsten opplevd få problem som kjem av å vera trans. Det har kanskje noko med å gjera at ho ikkje akkurat er ei ung kvinne lenger, meiner ho. 

– Eg lever eit verna liv som gamal kjerring, og opplever ikkje noko negativt andlet til andlet. Eg får aldri ein sjikanøs kommentar. I det store samfunnet har det derimot skjedd ei beklageleg utvikling sidan 2020 ein gong. Dette hatet har byrja å koma til overflata, til dømes mot leiaren i Raud Ungdom. 

Sjølv kan ho berre hugsa éin gong då det å ha feil bokstav i passet skapte forviklingar. 

– Eg vart klaga for å reisa med falskt pass ein gong. Etter eg hadde sjekka på flyplassen kom det ei vakt springande etter meg, og lurte på om det eg hadde vist, var mitt pass. Det stod jo M der, men då eg forklarte at eg var trans, var det heit greitt. Det er einaste gong eg har fått ein reaksjon. 

Eg lever eit verna liv som gamal kjerring, og opplever ikkje noko negativt andlet til andlet

Harsten tar elles ikkje fly lenger. Faktisk har ho oppnådd eit visst ry for å utelukkande reisa med tog, og er ofte på lengre reiser i Europa. 

– Kor kjem dette kallenamnet frå, La Grande Dame des Trains? 

– Eg har alltid vore glad i tog, og oppdaga jernbanelivet sine velsigningar då eg arbeidde i Nederland. Eg byrja å reisa ein del i 2012–13, og er i dag såkalla ekspert på togreiser i Europa. Dette med Grande dame er litt morosamt. Då eg endra namn, fann eg ut at eg måtte fortelja togreisegruppa eg er med i at eg hadde endra namn og at eg var trans, sidan folk kjende til meg der. Eg tenkte at dette ville verta ei utfordringa, men om dei ikkje likte det, fekk dei la vera. Eg posta eit bilete av meg sjølv, og fekk i løpet av kort tid fleire hundre støtteerklæringar og vart utropt til Grand Dame des Trains. Det har vorte sitjande sidan den gong. 

«Tapt tid, tapte vener 

Sjølv om Harsten hadde ei god oppleving med å koma ut i togmiljøet, er det å koma ut av skapet, kanskje spesielt for transkvinner, ofte ei vanskeleg oppleving. Mange mister vener, familie og fellesskap, og det slapp heller ikkje ho unna. 

– Korleis handterer du slike ting? 

–  Du tar det til etterretning og går vidare. Det er ikkje snakk om brutale oppgjer, men heller at dei sluttar å ta kontakt, ikkje svarar på e-post, slike ting. Eg vil ikkje seia det er mange, men det er innslag av det. Somme folk eg har kjend i årevis berre forsvann ut av livet. 

– Kva med familien? Korleis handterte dei det? 

– Foreldra mine var for lengst døde. Hadde eg kome ut medan min far var yrkesaktiv prest, trur eg nær sagt at han hadde mista trua på gud. No overdriv eg sikkert, men eg har vore inne på dei tankane. Resten av familien tok det til orientering. Det vart fortalt, ikkje på noko systematisk vis, og ikkje alle har vore like begeistra, men dei lever med det. 

– Angrar du nokon gong på at du ikkje fekk fortald foreldra dine dette? 

– Å ha teke eit oppgjer med foreldra mine hadde vore ei slik revolusjonær handling, at eg er usikker på om det hadde vore mogleg. Mor hadde nok akseptert det etter ei stund. Ho var ekstremt pragmatisk og tykte det meste var greitt så lenge folk var lukkelege, men far trur eg ville gått heilt i vranglås. Han var ein klassisk sørlandspietistisk prest med relativt tradisjonelle oppfatningar om livet, for å seia det forsiktig. 

Når ho ser attende på ungdomsåra, då ho ikkje torde å leva som seg sjølv, har Harsten blanda kjensler. Det var ein anna tid, men kunne ho likevel handla annleis enn ho gjorde? 

– Eg har fleipa med at einaste høve til behandling på sekstitalet var å stikka av til Paris og verta dansar på nattklubb. Eg trur ikkje det er ei overdriving. Når du vert tvungen til å gjera vanvitige ting for å realisera deg sjølv, skal du ha mykje personleg mot og vilje. Eg var ikkje der, og eg er ikkje alltid like begeistra for meg sjølv på grunn av det. 

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar