Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

#overkvalifisert

Av Runar B. Mæland

Fleire og fleire av oss brukar ein stadig større del av livet på skulebenken. Samstundes fortel undersøkingar at næringslivet skrik etter fagarbeidarar, og at mange studentar ikkje får brukt utdanninga si når dei kjem i jobb.

Tankesmia Civita hadde i haust besøk av økonomen Bryan Caplan, som argumenterer for at utdanningssatsinga er ei stor verdiøyding. I eit intervju med Klassekampen peika han på at vi aldri får bruk for det meste vi lærer på skulen, og at nesten all faktisk kunnskapstileigning skjer på arbeidsplassen.

Civita-rådgjevar Mats Kirkebirkeland er einig i at samfunnet overvurderer verdien av akademisk lærdom. Han har sjølv gått ein utradisjonell utdanningsveg, med fagbrev i fiskeoppdrett, ei uferdig utdanning i finans frå BI og enkeltemne i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Korleis vart det slik?

– Eg fekk tidleg erfaring med arbeidslivet; far min er murar, og eg var med han på jobb frå 12–13-årsalderen. Eg opplevde at eg lærte meir av det enn av å sitje på skulebenken. Eg vurderte lenge om eg berre skulle gå i arbeid etter vidaregåande, men dei fleste venene mine begynte å studere, og eg kjende litt på eit forventingspress om at eg òg måtte ta høgare utdanning. Så eg flytta til Oslo og begynte på finans på BI. Det vart keisamt etter ei stund; det var nesten kjekkare å jobbe som murar heime i feriane. I tillegg engasjerte eg meg i studentpolitikken, og så fekk eg jobb i Civita og fullførte aldri studia.

Eg er eit eksempel på ein som ikkje nødvendigvis har greidd å tilpasse seg utdanningssystemet, men som med litt flaks har greidd å kome godt utav det. Eg gjekk mot straumen; dei fleste legg press på seg for å fullføre studiet sjølv om dei kanskje ikkje synest det er så gøy eller interessant, med håp om at alt løyser seg så snart dei får ein relevant jobb. Men statistikken viser at samstundes som det er stadig fleire som startar på høgare utdanning, så er fråfallet heilt vanvitig.

– Kan det vere at mange byrjar å studere fordi dei føler at det er forventa?

– Det trur eg, i alle fall viss du kjem frå dei store byane og har vener og familie med høgare utdanning. Forventingspresset er nok veldig ulikt avhengig av kor du kjem frå, og kva slags miljø du er oppvaksen i. Det er heller ikkje tvil om at det at vi har gratis høgare utdanning, at ein kan studere kva ein vil, og kor lenge ein vil i inntil åtte år, fører til ein viss grad av overforbruk.

– I kva grad har du sjølv kjent på fordomar mot yrkesfag?

– Eg skreiv ein kronikk for fleire år sidan der eg fortalde at eg då eg begynte på BI, heldt tilbake det at eg hadde gått yrkesfag og vakse opp i ein arbeidarheim. Eg var litt flau over det. Eg opplever til ein viss grad at dei haldningane er i ferd med å endrast, og det kan vere at dei var litt overvurderte frå starten av. Men undersøkingar viser framleis at det er fleire foreldre som vil tilrå barna sine å ta høgare utdanning framfor yrkesfag – trass i at høgare utdanning har høgare fråfall enn vidaregåande, og trass i at det er mange som blir overkvalifiserte for mange jobbar.

Paradokset er at det er fleire studentar med arbeidarklassebakgrunn på BI enn for eksempel på Blindern, der studentane i mykje større grad har foreldre med høgare utdanning.

– Burde det vere fleire moglegheiter til å møte arbeidslivet frå yngre alder?

– I gamle dagar kunne ein gå og banke på fabrikkdøra eller dra til sjøs som sekstenåring. I dag eksisterer ikkje den moglegheita. Eg synest det er rart at det ikkje går an å gå rett i praksis i arbeidslivet når ein startar på vidaregåande, i kombinasjon med skulen, slik at ein får sjå nytten av det ein lærer. Ein del elevar som vel yrkesfag, er veldig leie av å gå på skulen og vil ut og bruke hendene og lære praktisk kunnskap, men så må dei sitje på ein ny skulebenk i to år til.

Arbeidslivet fungerer på ein annan måte enn skulen; det blir stilt andre typar krav og forventingar til deg. Eg trur mange barn og unge har godt av å lære på andre måtar enn ved å sitje på ein skulebenk.

– NHO og andre har i fleire år åtvara mot «mastersjuka» og sagt at næringslivet først og fremst treng fleire fagarbeidarar. Likevel går søkjartala til høgare utdanning berre oppover. Viser det at folk vel med hjartet framfor med hovudet?

– Det er vanskeleg å generalisere om det. Det er også ein tanke om at høgare utdanning er eit betre val fordi ein i mindre grad låser seg til ein bestemt jobb. I gamle dagar kunne ein ta ei utdanning og stå i ein jobb til ein blir pensjonist, men dei fleste meiner at vi i framtida må omstille oss meir og byte jobbar.

Men det er nok også slik at fordi vi har små lønsforskjellar og eit høgt velstandsnivå, så har løn mindre å seie for utdanningsval enn tidlegare, då det var viktigare å sikre seg ein trygg jobb. Generasjonen som er fødd på 80- og 90-talet, har berre opplevd ein gullalder, og då har ikkje løn og jobbutsikter vore det viktigaste når ein har valt utdanning. I det norske samfunnet kan ein ikkje falle så langt ned på grunn av dei høge sikkerheitsnetta vi har, og då tør ein også å ta meir risikable utdanningsval. I eit samfunn der jobbusikkerheita er høg, og der du kan falle langt ned i velferdsnivå, vil du kanskje ta mindre risiko når du vel utdanning.

– Eg kjenner meg igjen i det; eg har studert filosofi, og har alltid tenkt at det kom til å gå bra. Det er liksom grenser for kor gale det kan gå.

– Dei fleste vil seie at det er ein god ting i Noreg at ein kan følgje hjartet og ikkje hjernen. Men det har konsekvensar: Vi får ein inflasjon i utdanningsgradar, mange blir overkvalifiserte, og samfunnet brukar unødig store ressursar på å halde ein stor del av befolkninga i utdanning. Statistikk frå OECD fortel at Noreg har låg avkasting av høgare utdanning samanlikna med mange andre land. Det viser at forventingane til høgare utdanning er sterkt overdrivne.

– Dei siste tiåra har det vore ein enorm vekst i talet på studentar som tar høgare utdanning, men produktivitetsveksten har gått ned i same periode.

– Slik er det i dei fleste land. Vi har aldri hatt ei høgare utdanna befolkning enn i dag, og aldri hatt så låg produktivitetsvekst. Er løysinga då meir utdanning? Det ser ikkje sånn ut for min del. Eg meiner vi burde ha ein diskusjon på om vi bør avgrense tilbodet, anten gjennom strengare karakterkrav og færre studieplassar, eller gjennom ei studieavgift, slik at berre dei mest motiverte begynner på studiet.

– Kva råd vil du gi ein person som skal velje utdanning i dag?

– Det kjem sjølvsagt an på personen. Viss det er nokon som er spesielt flinke og interesserte i eit bestemt fag eller emne, så vil eg rå dei til å følgje den interessa og gå vidare med høgare utdanning. Viss det er ein elev som har gjennomsnittlege karakterar og er usikker på kva han vil, ville eg ha spurt om han trivst godt på skulen – og viss ikkje, så ville eg ha tilrådd yrkesfag.

Mange begynner på allmennfag eller høgare utdanning fordi dei ikkje heilt veit kva dei vil bli, og trur at dei låser seg til eit bestemt yrke for evig og alltid viss dei tar yrkesfag. Det trur eg skremmer ein del elevar. Men veldig mange som tar yrkesfag, tar høgare utdanning seinare, eller dei utviklar seg vidare innanfor yrkesfaget. Du har også mange linjer på yrkesfag som er teoretiske og fagleg utfordrande, men der du i større grad har eit sikkerheitsnett gjennom å ha ein spesifikk, formell kompetanse.

– Eg skjønar heller ikkje at du skal vere mindre i stand til å omstille deg seinare i livet om du tar eit fagbrev i fiskeoppdrett, enn om du tar ein master i sosiologi.

– Politisk redaktør i Aftenposten Trine Eilertsen skreiv i ein kommentar at vi treng fleire som tar master, fordi det gir ei eiga evne til å tileigne seg ny kunnskap og kunne omstille seg raskt. Men eg er veldig usikker. Vi ser generelt i samfunnet ei overvurdering av den akademiske, teoretiske kunnskapen, den som kan skrivast ned og dokumenterast. Den praktiske kunnskapen sit meir i kroppen. Det er også ei undervurdering å tru at du er ferdig utlært når du har tatt fagbrev; det tar lang, lang tid før ein blir god i eit yrke. Ein lærer og spesialiserer seg undervegs, men det kan ikkje like lett dokumenterast.

Du ser også at nye bransjar og yrke, for eksempel IT-bransjen, ofte oppstår i marknaden, utan at staten har ei hand på rattet. Det er først dei siste åra ein har begynt å satse på IKT i utdanninga. Mange har lært seg koding ved å sjå på YouTube-videoar og fikle på sin eigen PC. Det viser at læring og kunnskap kan oppstå andre stader enn på eit universitet eller ein skule.

Runar Bjørkvik Mæland har ein mastergrad i filosofi frå Universitetet i Oslo og jobbar som informasjonsrådgjevar og skribent

Artikkelen var på trykk i Syn og Segn 1/2019

Fakta

Mats Kirkebirkeland (f. 1989) arbeider deltid som rådgjevar i tankesmia Civita og som sjølvstendig næringsdrivande, og er aktiv i Høgre. Han er også medlem i regjeringa sitt ekspertutval om kjønnsforskjellar i skulen.

Kjelder

https://e24.no/jobb/arbeidsliv/ny-undersoekelse-mener-nyutdannede-ekskluderes-fra-arbeidsmarkedet/24545518

https://www.aftenposten.no/meninger/kommentar/i/d0j2B/Uten-mastergradene-stopper-Norge–Trine-Eilertsen

https://dagens.klassekampen.no/2018-08-20/mener-skolen-er-oppskrytt

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar