Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Eit fiskeværs vekst, fall og tilbakekomst

På 1970-talet betalte staten folk for å flytte frå fiskeværet Nyksund i Vesterålen. I dag er Nyksund i ferd med å erobre ein plass i den globale, nettbaserte reiselivskulturen.

Av Ketil Zachariassen

Sola skin, eg nyt ei øl på Holmvik brygge. Eg er langt frå åleine. Det er ein jamn straum av turistar som nysgjerrig gjer seg kjent med det som for 100 år sidan var av dei største fiskeværa i Vesterålen. Sjølv om koronaen trugar, blømer turismen. I dei nyrestaurerte bryggene er det hippe kafear, restaurantar og galleri, i dei husa der det ikkje bur fastbuande, er det losjert inn sommargjester.

For snart 30 år sidan, det må ha vore i 1993, kom eg første gong til det da fråflytta fiskeværet ytst i Øksnes kommune. Eg kom sjøvegen, padlande i ein kajakk som deltakar i Arctic Sea Kajakk Ramble. Forfallet var påfallande. Det kunne dei spede forsøka på vedlikehald på ingen måte skjule. Likevel var det ein stad full av spor etter levd liv og yrande næringsverksemd. To år etter var eg tilbake i Nyksund. Da var eg kledd i ein svart og kvit skinndress og kom køyrande på ein raud klassisk Kawazaki Z650, 1977-modell. Det var på forsommaren, og eg var da i ferd med å fullføre historie grunnfag. Tida fram mot eksamen i emnet «Nord-Norge mellom tradisjon og modernisering, 1850–1990» nytta eg og ei studieveninne til lesing og motorsykkeltur. Det var eit emne som trefte og utfordra meg. Og kanskje viktigast, det fekk meg til verkeleg å forstå kva historiefaget handlar om. At eg seinare satsa fullt og heilt på historiefaget, kom i stor grad av opplevinga eg fekk gjennom det studiet.

Nyksund var til å kjenne igjen, men likevel noko heilt anna.

Da eg denne gongen tok turen tilbake til Nyksund, var det i lag med kollegaer frå historie på UiT. Nyksund var til å kjenne igjen, men likevel noko heilt anna enn på 1990-talet. Kva er det med Nyksund og med kommunesenteret Myre? Korfor er dei to stadene så ulike? At Nyksund blei forlate, er på eitt vis enkelt å forstå, men korfor kom folk tilbake? Kva for stad er det i dag?

Statleg hamneutbygging

Fiskeværet Nyksund vaks fram på starten av 1860-talet. I eldre tid var det Skåltoften, rett over, som var buplassen. Det var det gode sildefisket, som varte fram mot 1875, som låg til grunn for at Nyksund vaks fram. At nettopp Nyksund blei eit så stort og viktig fiskevær, hadde fleire årsaker. Dei gode sildeåra er éin faktor, men lokaliseringa var sjølvsagt også viktig. Nyksund ligg på nordspissen av Langøya. Like utanfor er Eggakanten, med andre ord gyteområdet for skreien. Og i motsetnad til silda så er skreien trufast. Den kjem kvart einaste år. Nyksund har altså ei perfekt plassering for mottak av skrei. Ei anna årsak var eigedomsforholda. I Nyksund var det staten som eigde grunnen. Her var det mogleg for fiskekjøparar og handelsmenn å etablere seg og slå seg opp utan at ein væreigar la føringar eller hindringar.

Bryggene i Nyksund i dag. Foto: Kjetil Paulsen/ Visit Vesterålen

Når uvêret slo til, hadde ikkje Nyksund ei god nok naturleg hamn. Slik var det også ved dei andre fiskeværa på yttersida av Vesterålen. Det hemma fiskeria, og slik næringsutviklinga, og utgjorde ein tryggingsrisiko for fiskarane. På starten av 1870-talet tok staten til å engasjere seg i hamneutbygging, dels for å trygge tilhøva for fiskarane og dels for å stimulere veksten i fiskeria, altså bidra til økonomisk modernisering.

I 1878 fekk Nyksund molo. Moloen gjekk mellom Nyksundøya og Ungsmaløya og gav plass til 150 båtar. Det var Statens havnevesen som stod for utbygginga, og moloen var direkte finansiert over statsbudsjett. Dette var den første statlege hamneutbygginga av ei fiskerihamn i Nordland. Det skulle snart vise seg at moloen var underdimensjonert. Kraftige stormar i 1880 og i 1882 øydela moloen. Løysinga blei store bryteblokker på yttersida av moloen, dei kom på plass i 1883. Nyksund blei snart det største og viktigaste fiskeværet i Øksnes, med konsentrasjon rundt produksjon av saltfisk.

Eit fullskala fiskevær

Snart var det både fiskemottak, ekspedisjon, handelsmenn, bakeri, kafé, manufaktur, gjestgjevargard, dampskipsanløp, postopneri, brennevinsutsal og bedehus – alt eit stort fiskevær måtte ha på starten av 1900-talet. Men det var trongt om plassen. I Nyksund blei brygger med fleire etasjar og mange ulike funksjonar i same bygg det vanlege.

Dei som rodde fiske frå Nyksund, men også arbeidskrafta på land, var altså i all hovudsak tilreisande. Svært få var fastbuande. Årsaka var enkel. Å etablere seg som fiskarbonde, som i all hovudsak var den dominerande næringstilpassinga, kravde jord. Ikkje mykje, men nok til at familien fekk det naudsynte av mjølk, kjøtt og ull. I Nyksund var ei slik tilpassing ikkje mogleg, men det var det i andre delar av Øksnes. Nyksund var ein stad dei kom til for å ro fiske og arbeide.

Nyksund blei snart det største og viktigaste fiskeværet i Øksnes.

Nyksund har, i lag med Henningsvær og nokre få fiskevær til, vore karakterisert som rorvær. Med det meiner ein at det var mange sjølveigande fiskekjøparar og handelsmenn kring hamna, mens fiskarane og arbeidskraft kom til i sesongen. Rorværet skil seg slik ut frå dei mindre handelsstadene, der det berre var ein einaste fiskekjøpar og handelsmann, som til dømes i Alsvåg, Kjerringøy eller Sandtorgholmen. Det skil seg også frå fiskarlandsbyen, som hadde heilårsbusetting med enkeltgardar organisert som ein landsby, som Bleik er eit døme på. Sist, men ikkje minst skil rorværet seg frå dei store, klassiske Lofot-væra, kjenneteikna på den eine sida av dei mange rorbuene for å ta imot tilreisande fiskarar og på den andre sida av dei mektige væreigarane som hadde ei styrande hand med alt som gjekk føre seg på land. Rorværa kan slik seiast å representere ein meir dynamisk og moderne måte å organisere landsida innanfor det tradisjonelle kystfisket.

Ei god, men trong hamn

Motorisering av fiskeflåten, saman med befolkningsvekst i regionen, styrkte Nyksund sin posisjon som eit av dei største og viktigaste fiskeværa i Vesterålen. Hamna var god, men trong. For større skøyter og båtar var det vanskeleg å manøvrere i hamna. Fleire gong måtte det lokale hamnestyret åtvare dei største båtane mot å levere i Nyksund under vinterfisket. Nye og større motoriserte skøyter kravde betre innsegling og meir plass enn den tronge hamna i Nyksund kunne tilby. Frå midten av 1920-talet og framover tok hamnestyret i Nyksund stadig kontakt med Statens havnevesen i Kabelvåg med krav om ei utviding av hamna. I 1929 blei ulike alternativ for utviding av hamna greidde ut. Ingeniørane konkluderte med at det måtte til eit stort og nytt hamnebasseng. Eit nytt hamnebasseng i Nyksund kravde fleire nye moloar, nokre av dei ni meter høge. Det blei aldri noko av planane, i staden utbetra Statens havnevesen vågen slik at fleire båtar kunne ligge fortøydd på same tid.

Arkitekturen i Nyksund er på mange vis eigenarta. Dei store fleiretasjars fleirbruksbryggene var eit resultat av knapp plass og behov for å dekke mange funksjonar. I 1934 var det brann på Nyksundøya, fire store brygger og ei rekkje mindre hus gjekk med. Bryggene blei raskt bygd opp att. For å få betre plass sprengde dei ut fjellet bak. Dei fem nye bryggene er lette å kjenne igjen. Dei var bygd med plassprodusert brannsikker støypestein, med ein lettare trekonstruksjon over den innebygde brygga. Bryggene i Nyksund inneheldt mange funksjonar: fiskemottak, rom for produksjon av saltfisk, rorbuer, bustad, butikk, kafé og lager. På Ungsmaløya er det fleire brygger med falske fasadar over takkonstruksjonane. Dei falske fasadane var truleg ikkje eit ønske om eit moderne og funksjonalistisk uttrykk, men eit resultat av at byggmeister Randolf Rødsand, som var den som utførte bygginga, hadde arbeidd i USA og tok tradisjonen med seg heim frå præriebyane i Midtvesten.

Nokre har sett på ordninga med støtte til fråflytting som ei styrt avfolking av distrikta.

I dei økonomisk vanskelege åra på 1920- og 1930-talet heldt Nyksund på posisjonen som det viktigaste og største fiskeværet i Vesterålen. Ei årsak til det var at fiskeflåten blei primitivisert i dei økonomisk vanskelege åra i mellomkrigstida. For fiskarbønder med mindre båtar var Nyksund på mange måtar optimal, vågen høvde godt for små båtar, og fiskefelta låg like utanfor. Andre verdskrig blei ein økonomisk opptur både for fiskarar og fiskekjøparar; gode fiskeprisar som følgje av behova hos den tyske krigsmakta førte til inntektsvekst. Slik også i Nyksund. I 1942 rodde 40 båtar og 248 fiskarar etter skrei frå Nyksund, i tillegg kom alle dei som i sesongen jobba på land. I 1945 budde det 200 personar i Nyksund, i all hovudsak var det personar med tilknyting til handelsstanden og fiskekjøparane.

Statsstøtte til flytting frå utvær

Men ei ny tid var i emning. Den tyske krigsmakta hadde introdusert storskala filetproduksjon og fryseri. Kunne dei innovative fisketilverkarane i Nyksund klare å møte ei slik utfordring? I Nyksund, som i andre fiskevær, var aktiviteten sesongbasert. Det gav lange periodar med liten og ingen aktivitet. Det gjorde det vanskeleg å tilby heilårige arbeidsplassar, noko som blei stadig viktigare i etterkrigstida.

I Nyksund, der fiskekjøparane var vant med å konkurrere med kvarandre, var det kultur for nytenking og innovasjon. Det skjedde i form av at dei utvikla nye produkt som «seilaks», som var raudfarga sei, eit anna døme var blåkveite med «Norway cut», men det var også forsøk med hermetikkfabrikk, kaviarproduksjon og jamvel også filetproduksjon og eit lite fryseri. Dei søkte dessutan å utvikle heilårs arbeidsplassar utanom fiskeria. Fleire satsa på pelsdyroppdrett. Det gav arbeidsplassar og gode inntekter. Men i 1967 var det slutt. Norsk skinnauksjon braut saman, og svært mange av pelsdyrprodusentane gjekk konkurs, så også i Nyksund. For Nyksund betydde det at ein ny spikar var slått inn i kistelokket.

Nyksund og Myre kan sjåast på som ekstremvariantar av dei nordnorske kystsamfunna i møte med det moderne.

I 1960 blei Nyksund knytt til vegnettet, og i 1961 ble moloen mellom Nyksundøya og Langøya ferdigstilt. Men vegen og ny molo kunne ikkje redde Nyksund. Det var hamna, nærleiken til fiskefelta og eigedomstilhøva som hadde vore Nyksunds store styrke. Større båtar og ein modernisert fiskeindustri kravde andre hamnetilhøve. Staten hadde kome Nyksund til hjelp da den første moloen blei bygd på 1870-talet. I mellomkrigstida var ikkje staten villig til å investere i utbygging av infrastruktur, i form av nytt hamnebasseng, for å legge tilhøva til rette for modernisering og industrialisering. Da den nye moloen endeleg kom, var det for seint. Da hadde andre fiskerihamner allereie konkurrert ut Nyksund.

Folketalet i Nyksund gjekk jamt tilbake utover 1950- og 1960-talet. I 1960 budde det 90 personar i fiskeværet, altså meir enn ei halvering på 15 år. Da pelsdyrnæringa kollapsa, forsterka det fråflyttinga.

Nyksund sett frå lufta. Foto: Lapland Drone

På 1950- og 1960-talet hadde staten etter søknad løyvd pengar til flytting frå utvær. I hovudsak gjekk støtta til små og utilgjengelege buplassar utan moglegheiter for veg eller tilgang til andre velferdsgode i overskodeleg framtid. På 1970-talet blei ordninga i sterkare grad retta mot større bygder og fiskevær. No fekk også stader som i nokon grad hadde tatt del i velferdsutviklinga, fråflyttingstilskot. Nokre har sett på ordninga med støtte til fråflytting som ei styrt avfolking av distrikta. Andre har peika på at ordninga var sterkt ønskt av folk i utvær, familiar som såg seg nøydd til å flytte for å kunne livnære seg og ta del i velferdssamfunnet. Dei fleste flytta da også internt i kommunen, til stader der tilhøva låg betre til rette enn på staden dei flytta frå. For å få støtte til fråflytting var det mange kriterium som skulle oppfyllast, mellom anna var det krav om at kommunestyret skulle tilrå fråflytting. Mange som søkte, fekk da også avslag.

Eit av fiskeværa som på 1970-talet fekk statstilskot til fråflytting, var Nyksund. I 1975 flytta smeden, som den siste frå Nyksund. At det nettopp var smeden – ein yrkesutøvar av eit tradisjonelt handverksyrke som var særs viktig i det tidlege moderne samfunnet – er på mange vis symbolsk for Nyksunds vekst og fall. Smeden utøvde eit handverk som ikkje var etterspurt i det høgmoderne samfunnet. Slik hadde også Nyksund mista sin funksjon.

Myre tar over

Situasjonen var ein heilt annan ei mil lenger sør på Langøya. I Prestfjorden var det ei naturleg stor og god hamn. Alt i 1916 peika Statens havnevesen på at det der var mogleg å etablere ei framtidig fiskerihamn. Den gongen var det berre ein einsleg fiskekjøpar i Prestfjorden, på Sommarøya, og nokre fiskarbønder rundt fjorden. I 1919 blei det etablert slipp på andre sida av fjorden, på Myre. På slutten av 1920-talet kom det første fiskebruket der. Myre hadde ei naturleg god og stor hamn. Det var godt om plass både for båtar, fiskebruk og fiskarbønder. Likevel, fram til andre verdskrig var det lite som peika i retning av at Myre skulle bli den framtidige fiskerihamna i kommunen, eller at Myre på midten av 1950-talet skulle bli det nye kommunesenteret i Øksnes.

I 1975 flytta smeden, som den siste frå Nyksund.

Etter andre verdskrig vaks folketalet på Myre raskt; der var det plass til å etablere seg, og der var det arbeidsplassar. Snart, godt hjelpt av trålarane og det nye filet- og fryserianlegget til Øksnes-Langenes Fiskeindustri, blei Myre den viktigaste fiskerihamna i Vesterålen. Det gav jobb og inntekt, om det var på havet, i fiskeindustrien, i servicenæringar eller i den raskt veksande offentlege sektoren. Frå midten av 1950-talet og framover mot tusenårsskiftet var Myre sjølve inkarnasjonen av eit høgmoderne og – parallelt med at dei økonomiske problema melde seg for trålarane og fryseriindustrien – eit seinmoderne fiskerisamfunn.

Frå forfall til eksotisk turistdestinasjon

Nyksund låg audt på slutten av 1970-talet og starten av 1980-talet. Fiskeværet var fråflytta, hus og brygger var i forfall. Det var eit kulturminne, ein representasjon av eit tidlegmoderne kystsamfunn. På starten av 1980-talet blei Nyksund oppdaga av ein tysk sosialpedagog. Han såg moglegheiter i ruinlandskapet, og gjennom eit samarbeid mellom Øksnes kommune, Technische Universität i Berlin og fleire andre blei det internasjonale Nyksund-prosjektet starta opp. I god sosialpedagogisk ånd skulle praktisk arbeid bidra til sosialisering og tilpassing til samfunnet. Frå 1983 og fram til 1992 gjekk det busslastar med ungdom frå Berlin til Nyksund kvar veke i sommarmånadene. Til saman tok rundt 3000 ungdommar frå ei rekkje ulike land del i prosjektet. Gjennom praktisk arbeid med restaurering og vedlikehald av kai og brygger fekk ungdommane nye impulsar, ny kunnskap og nye erfaringar. Nyksund i den seinmoderne epoken blei slik ein tumleplass for eit pedagogisk sosialiseringsprosjekt i velferdssamfunnet. Nyksund-prosjektet stagga forfallet og skapte nytt liv i Nyksund, i alle fall på sommaren. Men kanskje var det viktigaste at Nyksund ikkje blei gløymt.

Særeigen og spektakulær

Utover 1990-talet blei Nyksund igjen lagt øyde. Rett nok var ein kafé i drift gjennom sommaren gjennom heile 1990-talet. Elles låg det mest øyde og forlate. 1998 var eit vendepunkt, da blei det etablert heilårsdrift i Holmvik brygge. Den gong var det tre–fire fastbuande i Nyksund. Utover 2000-talet vaks Nyksund fram som ein reiselivs- og kulturarena. Uavhengig av kvarandre fatta ei rekkje ulike kreative personar – kunstnarar, forfattarar, handverkarar, reiselivsaktørar og eigendomsinvestorar – interesse for Nyksund. Fleire av desse hadde ikkje norsk bakgrunn. Med eitt blei Nyksund ein stad der reiselivsbedrifter etablerte seg, der ulike kulturverksemder dukka opp, og der eigendomsinvestorar ønskte å investere pengar i restaurering av eigedommar og i bygging av nye leilegheiter og overnattingsplassar. Den auka aktiviteten hadde også innverknad på folketalet. I 2016 var det 20 fastbuande i Nyksund.

På starten av 1980-talet blei Nyksund oppdaga av ein tysk sosialpedagog.

I dag står Nyksund fram som ein særeigen og spektakulær stad, som så mange små, eksotiske reiselivsdestinasjonar rundt om i verda. Når koronaen ikkje herjar, kjem det turistar frå heile verda for å ete godt, bu godt og få oppleve den eigenarta atmosfæren. Nyksund har blitt del av den globale turistindustrien, ein industri som i den digimoderne epoken, løfta fram av sosiale medium, nettbaserte tenester og globale reisevanar, også rommar dei små, unike destinasjonane.

Ein driftsmodell bryt saman

Kva så med kommunesenteret Myre? Rundt 1990 blei Myre, som mange andre fiskeindustrisamfunn med liknande driftsmodell, hardt råka av økonomi- og fiskerikrisa. I 1988 gjekk Øksnes-Langenes Fiskeindustri konkurs, og med det stod 400 arbeidarar utan arbeid. Eit nytt selskap, Myre Fiskeriindustri, blei raskt etablert. I 2002, etter at fleire hadde vore inne på eigarsida og trålarane var selt ut, gjekk også dette selskapet konkurs. Dette var den endelege slutten på den gamle hjørnesteinsbedrifta, og med det ein driftsmodell bygd på trålarar, filetproduksjon og fryseri. Det som ein gong hadde vore sjølve grunnlaget for voksteren på Myre, var utdatert og umoderne. Globalisering og auka konkurranse om råstoff og marknader kravde nye driftsformar.

Foto: Marcelo Quinan/ Unsplash

Tomrommet etter Myre Fiskeriindustri utnytta tre lokale fisketilverkarar, Gunnar Klo as, Myre Maritim as og Myre Fiskemottak as, til ekspansjon – dels i konkurranse med kvarandre og dels gjennom samarbeid. Ein ny vekstperiode blei innleia, no tufta på produksjon av saltfisk. Dei siste åra har Øksnes vore den kommunen i landet som har landa mest skrei. På land blir fisken foredla av 300–400 sesongarbeidarar frå Aust-Europa, mest frå Romania. Myre-samfunnet har også fått fleire bein å stå på, med næringar knytt til fiskeoppdrett, fiskefôrproduksjon og mekanisk verkstad. I motsetnad til mange andre kommunar på kysten av Nord-Norge har folketalet vore stabilt dei siste 20 åra, og det trass i nedgang i fødselstala. Staten på si side har følgt opp med nye tiltak for å betre hamnetilhøva og for å sikre vidare utvikling. I 2016 blei innseglinga til Myre utbetra, ho blei gjort djupare, og det kom til to nye moloar, ein på 200 meter og ein på 1460 meter.

Ekstremvariant av nordnorske kystsamfunn

Skal vi forstå Nyksunds vekst, fall og tilbakekomst, er det naudsynt å sjå staden i lys av oppkomsten av det moderne i Nord-Noreg. Det er eit døme på korleis det moderne vaks fram langs kysten, på korleis fiskerinæring, fangstmetodar og tilverking av fisken har endra seg frå slutten av 1800 og fram til i dag, og på kva rolle staten har spelt i å legge til rette for modernisering. Nyksund har fylt ulike behov og funksjonar til ulik tid og i ulik grad, det har ført til framgang og vekst, men også til stagnasjon, tilbakegang og stillstand. Nyksund og Myre kan sjåast på som ekstremvariantar av dei nordnorske kystsamfunna i møte med det moderne. Sjølv om utslaga har vore særs store i Nyksund, er mange av prosessane like og kan overførast til andre stader og fiskevær langs kysten.

Ketil Zachariassen er førsteamanuensis i historie ved UiT Norges Arktiske Universitet.

Kjelder:

Christensen, Pål (red.) (2014). Havet, fisken og oljen 1970–2014.Bd. 4 av Norges fiskeri- og kysthistorie. Bergen: Fagbokforlaget.

Ellefsen, Karl Otto, og Tarald Lundvall (2017). Fiskevær. Myre på Yttersida. Oslo: Pax forlag.

Kolle, Nils (red.) (2014). En næring i omforming 1880–1970. Bd. 2 av Norges fiskeri- og kysthistorie. Bergen: Fagbokforlaget.

Pettersen, Brynjar Michailoff (2013). Nyksund – Stedet som nektet å dø. Masteroppgave i Stedsutvikling, UiT.

Strömqvist, Lise Marie (2016). Havna – ei historie om Øksnes, staten og fisken i nord. Kystverket Nordland.

Zachariassen, Ketil (2019). Krise og opprør i Finnmark. Ottar 4/2019.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar

1 kommentar

Comments are closed.