Av Rakel M. Sivertsen
Du som les dette, har heilt sikkert eit par år på universitetet bak deg. Eller kanskje mange år. Du har tatt bachelor, master kanskje. Eller om du er litt eldre: doktorgrad og fordjuping.
Rakel M. Sivertsen (f. 1979) er sekretær i Frydenhaug barnehage, har tidlegare arbeidd som sekretær i snikkarbedrift, på kyrkjelydskontor og advokatfirma. Sivertsen målar, les og lærer sjakk på fritida, og ho er singel åleinemor til ein tenåring. Ho har òg planar om å skrive meir. Foto Aleksander Andersen.
Du er over gjennomsnittet intelligent, kanskje kreativ, har gode karakterar og har jobba hardt og lenge for å komme dit du er i dag. Du har eit fagfelt og eit renommé. Gjer det deg lykkeleg?
Vi har ein del til felles, du og eg. Men ikkje papira. Ikkje vala. Ikkje økonomien og ikkje arbeidstida. Og ikkje statusen.
Ein danna start
Eg hadde personleg den beste starten på ein lang karriere. Foreldra mine var studentar då dei fekk meg, og fordjupa som dei var i norsk litteratur og spesialpedagogikk, fekk eg trongen til å lære inn med morsmjølka, så å seie.
Dei hadde eit interessant syn på ungar, foreldra mine. Dei gjekk ut ifrå at vi var intelligente. Så då gjekk eg ut ifrå det same, antar eg. I alle høve lærte eg å snakke tidleg. Då eg var to, syntest eg det vakraste i verda var Terje Vigen, så eg lærte dei fyrste åtte versa utanåt, noko som sjølvsagt var ein suksess i diverse vaksenforsamlingar. Mor mi las og las for meg, og medan ho las, drog ho fingeren langsmed orda. Eg var vel ein fire år då eg las sjølv. Far min song, så eg kunne haugevis med songar – alt ifrå salmar til Knudsen og Ludvigsen. Sidan eg var det første barnet deira, tykte dei vel dette var heilt normalt og som forventa. Det dei ikkje heilt hadde forventa, var at eg hadde ei unormalt tidleg interesse for fargestiftar. Eller pennar, blyantar, krit og stein – kva som helst eg kunne lage strekar med. Mor mi studerte spesialpedagogikk og var skråsikker på at ungar ikkje viser interesse for slikt før dei nærmar seg to år. Men då eg i ein alder av elleve månader hadde laga krusedullar på alle golv og trapper og tapet opp til om lag knehøgda, kapitulerte ho og gav meg ei teikneblokk.
Oppveksten min var prega av pappesker. Foreldra mine bestemte seg for å starte karrieren med å reise ut for eit misjonsselskap og arbeide som lærarar for norske born på internatskule. Vi budde i Frankrike for å lære språk, eg fekk ein tidleg frankofil legning. Heime i Noreg budde vi litt her og litt der, i nærleik av storfamilie, men ikkje i noko fast hus. Det lengste opphaldet eg hadde på éin stad, var tre år samanhengande på Antsirabe, Madagaskar. Det er og der eg opplever at barndommen min kjem ifrå. Der gjekk eg størstedelen av dei første skuleåra mine, der fekk eg nye tenner og skrubbsår på knea og oppdaga verda utanfor mor og far sine grensar. Der blei eg forelska for første gong, lærte å slåst som ein gut, byrja lese bøker eg ikkje fekk tildelt, men fann i smug.
I dette pappeskelivet vart det klart for meg at det var tre ting ein ikkje kunne leve utan: fars gitar, teiknepapir og leksikon. Om dei i det heile var pakka ned, var dei det første som vart pakka opp. Gitaren var sjølvsagd – han kom fram kvar gong far fekk ånda over seg (og det var ganske ofte), kvar gong det skulle vere selskap eller møte, kvar gong vi borna ville høyre ein ny song, og om vi var riktig heldige, om kvelden, før vi skulle sove. Då song han tostemt med mor mi, og det var det vakraste eg visste.
Teiknepapiret var kort sagt nødvendig for mor mi. Elles måtte ho sjå seg nøydd til å vaske veggar, prøve å fjerne teikningar i bibliotekbøker eller lese ugjenkjennelege aviser. Leksikonet, derimot, var ikkje like ofte framme, men heilt nødvendig å ha ståande klart. Vi spurde nemleg far om alt. Om korleis fuglevengar er laga, om kvifor bokstavar ikkje er like på alle språk, om ein ikkje eigentleg kan ete søle. Far kunne fortelje noko om alt, og veldig ofte førte det eine spørsmålet til tjue andre. Og om han då ikkje kunne svare, måtte vi sjå i leksikon. Og då vart det lesestund i sofaen, ved kjøkkenbordet eller rett og slett på golvet. Alt ettersom.
Ingen tvang
Det var i det heile lite press eller oppmoding til å lære i min barndom – det å lære var ikkje noko ein skulle øve på eller i det heile eit tema. Det var like sjølvsagt som at vi blei lagde til å sove om natta eller fekk springe berrføtt i graset eller få vatn når vi var tørste. Eg trur aldri eg høyrde foreldra mine seie at eg måtte gjere det betre på skulen. Om hausten, når vi fekk utdelt dei nye skulebøkene – eg elska den lukta av bøker og nye blyantar – pla eg lese igjennom dei den første veka. Og så kjeda eg vettet av meg igjennom skuletimane.
Eg har ei karakterbok frå barneskulen. Vi fekk jo ikkje karakterar, men fordi vi ikkje skulle følgje berre ein skule opp igjennom, blei det notert ned halvårsrapportar som vi skulle ta med til neste skule. Eg hugsar veldig godt ein av dei rapportane. Der hadde læraren skrive at eg var flink i alle fag, utmerka meg i språkfaga, musikk og handarbeid, men at eg jobba sakte. «Nydeleg, men sakte» var orda ho brukte. Og visst var dei nydelege, oppgåvene eg leverte frå meg. For å få tida til å gå øvde eg meg på forskjellige former for skjønnskrift. Gjerne med illustrasjonar i margen.
Det einaste faget eg ikkje likte, var matte. Der sleit eg. Etter kvart, då eg kom på vidaregåande og fekk ein lærar som var utdanna fysikar, gav det meining, dette problemet med matte. Opp igjennom skulegangen hadde eg jo berre måtta gjere det eg fekk beskjed om – legge saman, gange opp, teikne rette vinklar. Fysikaren opna auga mine. I diskusjonane vi hadde, oppdaga eg at matematikken hadde ein indre logikk, at han hadde bruksområde langt utanfor kladdebøkene, og jamvel var vakker. Matematikken hang saman med biologi og fysikk, stjernetåker, musikk, til og med teikning. Det var mange mil mellom denne nye matematikken og den gamle eg hadde lært. Den matematikken eg hadde strevd sånn med å lære, var umogleg for meg å forhalde meg til – eit sett med idiotiske, meiningslause reglar og kvadratrøter ingen kunne forklare meg. Eg hadde ein rotfesta mistillit til alt som «berre er sånn». Trass-reaksjonen gjennom barne- og ungdomsskulen var å ikkje lære det i det heile.
Når eg ser tilbake, skjønner eg at eg ikkje hadde nokon idé om at eg var spesielt flink, gåverik eller intelligent. Tvert imot, eg trudde alle andre var glupare enn eg. Særskilt vaksne, sjølvsagt, men òg jamaldringar. Når dei løyste problemstillingar på uventa vis – for meg – eller gav uomtvistelege svar på avanserte spørsmål, blei eg gjerne mållaus. Eg ville ha gjort noko anna, prøvd meg fram, undersøkt kva moglegheiter som var tilgjengelege, gjerne gjort noko uortodokst eller annleis enn det opplagde, berre for å sjå kva resultatet blei. Men desse andre berre gjorde ting, hadde svara klare, var så sikre. Og då tenkte eg at eg måtte vere passe treig og rar og dum.
Den beste læraren eg hadde, var truleg han eg krangla mest med. Asbjørn heitte han, og var steingamal. Han pla førelese for oss med streng stemme, og blei like galen kvar gong han oppdaga at eg sat og drodla i kladdeboka i staden for å notere eller sjå på tavla. Han kjefta og trua med å ta ifrå meg blyantane om eg ikkje kunne følgje med, heilt til den dagen eg la kladdeboka på kateteret og bad han spørje meg om kva som helst frå timane vi hadde hatt. Han spurde surt om inkariket og aztekarane, det hadde vi lært om før haustferien. Eg bladde opp, fann ei side med teikningar av fjør og ørner, og små rare ord i hieroglyf-stil. Og så la eg ut om dei store indianarrika. Han stilte eit par andre spørsmål, eg fann fram bilete av alvar, hestar, riddarar og sko, kvar side gav meg assosiasjonar til timen vi hadde hatt. Frå då av kjefta han ikkje, og eg prøvde å ikkje forsvinne heilt i drodlinga, men vere klar når han stilte spørsmål som kravde kjappe svar.
Å bruke eigen logikk
Eg lurer av og til på kva dei andre barna gjer, dei som ikkje lærer av å sjå på tavla eller beint konsentrerer seg om temaet læraren set opp. Når eg tenkjer på alle desse teikningane og drodleria, ser eg jo at eg kopla indianarane til egyptarane, til dømes. Og naturvern til alvar, samtidspolitikk til riddarar. Vi sat jo der, nokre og tjue barn, heilt forskjellige, og skulle lære det same. Fotballgutane og hestejentene, datanerdane og sminkegjengen. Eg trur ingen av oss høyrde det same. Og sjølv om eg veit at læreplanane er endra og kunnskapen om forskjellige måtar å tileigne seg kunnskap på er meir utbreidd, ser eg det same mønsteret i skulen i dag.
Eg held på å lære meg sjakk. Eg har alltid synst at sjakk var eit vakkert spel, men utanfor mi fatteevne. No har eg funne ein lærar som ikkje er interessert i at eg skal pugge opningar og reglar. Han starta med å sjekke at eg visste koss brikkene har lov å flytte seg – tårna i rette linjer, bøndene eitt steg fram, men angrip på skrå, og så vidare. Han gav meg tre hugsereglar: Beskytt kongen, få brikkene ut, og kontroller sentrum. Og så byrja vi å spele. Eg taper førebels kvar bidige gong, men det er artig. Kvar gong eg flyttar brikker, må eg forklare og resonnere, eg må tenkje langsiktig og forsøke å sjå spelet frå båe sider. Nokre gonger når vi speler, fortel han meg kva opning eg har valt. For når eg sjølv må tenkje, viser det seg at eg gjerne vel strategiar andre, store tenkjarar har definert som gode, strategiske trekk. Men eg puggar dei aldri – målet er å sjå brettet med min eigen logikk.
Slik er ikkje undervisning lagd opp i skulen. Vi lærer faga kvar for seg og ser aldri heile biletet. Vi har ein time om tårn og puggar alle retningar og mønster tårna kan gå i, ein time om dronninga og hennar historie gjennom tidene, ein time om bønder. Men sjeldan eller aldri heile brettet der geometri møter geografi og bypolitikk, engelske idiom og handball. Om du tenkjer over det, heng jo alle desse tinga i hop. Avgjersler og løysingar, fordommar og resonnement bygger på det vi veit frå dei forskjellige felta.
Mot slutten av tenåra hadde eg oppdaga at eg moglegvis ikkje var dum og treig, men annleis. Og likevel akseptert. Alle som kjente meg, rekna med at eg ville ta utdanning innanfor kunst: teikning og måling eller noko i den retninga. Men eg ville bli skodespelar. Eg var ikkje sky, eg kunne diskutere med nær kven som helst om kva som helst. Og heilt sidan Terje Vigen hadde eg ein lengsel mot det poetiske, det underlege og storslegne i drama, i det å leve seg inn i eit anna menneske og omstende og formidle det verkelege og viktige til folk. Eg opplevde nok verda rundt meg som passe uverkeleg. Som eit platt skodespel, der eg ikkje skjønte verken reglane eller meininga. Då heller verkeleg teater, der du sette ord på sanningar og store spørsmål det ikkje var plass til i dagleg liv.
I det miljøet skilde eg meg ikkje så mykje ut heller, på den eine eller andre måten. Skuleklassen var fylt av relativt kunnskapsrike ungdommar – du trong gode karakterar for å komme inn på dramalinja. Dei fleste var òg særlingar, i rare klede og dramatiske fakter. Det kjentest vedunderleg å ikkje lenger vere den snodigaste. Sjølv om eg framleis stilte spørsmål andre ikkje gjorde, særleg i naturfagtimane.
Det vanskelege yrkesvalet
Eg las metervis med bøker. Spesielt inntrykk gjorde Orwells 1984. Eg har ikkje makta å lese ho igjen, det er ei brutal historie. Men ho sette ord på eit verdssyn eg lenge hadde leita etter – ei verd av propaganda og omforming av ord, av definisjonsrett og fordumming. Eg las Doris Lessing og Terry Pratchett, Jan Guillou og Maria Gripe. På kvar sine måtar gav dei meg alle ei oppleving av at verda slett ikkje er det enkle, meiningslause kvardagsskodespelet – at det ikkje var eg som var dum og ikkje forstod, men at folk rundt meg ikkje tenkte. Dei berre gjorde, og det gav dei den sjølvsikre vissheita. Eg tenkte framleis at eg var treig, men eg byrja lure på om eg kanskje var intelligent.
Mot slutten av tenåra mine braka Internett laus. Eg fann eit hav av informasjon. Og så begynte eg å hente ut den informasjonen og sjekke han mot verda rundt meg. Hugsar du diskusjonane rundt Schengen-avtala? Eg hugsar det veldig godt. Etter å ha sett Dagsrevyen og lese aviskommentarar fann eg Schengen-avtala på nett. Eg brukte opp ein månadskvote kopipapir på å skrive han ut. Og så las eg, og merkte med raud og blå blyant. Ikkje blomstrar og sjørøvarhattar, men spørsmål, referansar, innvendingar. Det tok meg fleire timar og nye internettsøk. Så sette eg meg for å sjå Dagsrevyen igjen, og mista for all framtid trua på både opplyst demokrati, politikarar og journalistikk. Ein partileiar eg fram til då hadde sett opp til, fekk spørsmål om Schengen-avtala. Ho hadde vore imot avtala, men partiet hadde snudd. Og svara ho gav, fekk meg til å skjøne at ho anten ikkje hadde sett avtala i heile sitt liv og ikkje visste kva ho inneheldt, eller ho laug. Verst av alt var det at journalisten openbart heller ikkje hadde lese eit ord av dokumentet, for han godtok forklaringane hennar utan eit einaste fornuftig motspørsmål. Eg var så forvirra at eg måtte dobbeltsjekke at det faktisk var Schengen-avtala eg hadde skrive ut og lese. Og så vart eg så sint at eg grein, kasta heile dokumentet nedst i ei skuff og bestemte meg for aldri meir å tru eitt ord av det eg høyrde på Dagsrevyen.
Eg begynte å tvile på at eg verkeleg ville bli skodespelar. Det å stå på scena og ha alle blikka retta mot deg kan vere ei rus – du blir så til dei grader sett, beundra. Men applausen og auga som følgde meg, var ikkje nok, det var ikkje det vesentlege – men å formidle sanningar og store spørsmål. Det kravde jo ein del å setje seg inn i ei rolle, å vere det andre mennesket med alle kjensler og resonnement ho hadde. Eg likte det, men eg likte betre å sjå heile bildet. Eg fekk gå over til å jobbe meir med regi, og trudde ei stund det var svaret. Men det gjekk gradvis opp for meg at det å sette i scene eit vakkert drama, eller til og med eit politisk eit, ikkje var målet med livet. Det kunne til ei viss grad gje rom for mine tankar og det eg meinte var viktig, men det kosta mykje. Å leve med teater er ikkje noko du gjer halvhjarta, du må brenne for det. Og eg brann ikkje for teateret, same kor vakkert og meiningsberande det kunne vere.
Eg tenkte på juss. Eg tenkte på politikk. Eg tenkte på historie, antropologi og statsvitskap. Psykologi kunne vere interessant – eg las Jung og Freud og populærvitskap. Eg innsåg eg hadde flaks, samanlikna med mange andre. Eg hadde karakterar gode nok til å komme inn på kva studium eg ville. Men same kva eg tenkte på, visste eg at det berre var ei grein av mange. Eg kom aldri til å brenne for berre den eine saka, eg ville kjede vettet av meg om eg måtte leve resten av livet innanfor berre eitt av dei fagfelta. Og eg hadde begynt å innsjå at sjølv om eg gjennom heile barndommen hadde opna kjeften utan blygsel i alle slags forsamlingar, og kunne stå på ei scene og synge med glede, sjølv om eg likte å bli sett, så likte eg betre å ikkje vere synleg: Tanken på noka form for kjendisstatus gav meg frysningar, tanken på å skulle publisere noko som andre skulle bedømme, kritisere eller beundre, gjorde meg uvel.
Eg treivst betre i små forsamlingar, der vi kunne prate om alt og ingenting og eg kunne føye nye spørsmål til dei store, langsame tankane i verda. Det stod for meg at status og fagleg tyngde berre var ei sofistikert rolle som drukna meininga, ein klisjé å gøyme seg bak, men som du og måtte forsvare. Og i den prosessen forsvann det vesentlege – dei store spørsmåla, logikk og resonnement. Omtrent som politikaren på Dagsrevyen. Ho visste ingenting om Schengen-avtala, men kunne uttale seg kategorisk og utan motstand berre fordi ho hadde ein tittel. Berre fordi folk gjekk ut ifrå at ho visste kva ho snakka om.
Eit viktig hjul i det store maskineriet
Eg bestemte meg for å gi kunsten ein sjanse. Eg budde i kollektiv i Oslo med kjærasten min og tok eit år førebuande til Kunst- og handverksskulen. Som det no er nokre gonger, blei eg uplanlagt gravid. Ingen i omgangskretsen vår hadde starta familie enno. På sjukehuset var dei kjempeglade, eg bidrog godt til å senke alderssnittet på førstegongsfødande. Eg var ærleg talt redd.
Eg rakk å gjere ferdig året på kunstskulen før fødselen. Eg gjorde meg òg ferdig med ideen om å bli kunstnar. Det verka som om målet med kunst i dag er provokasjon, og å bli sett. Mykje av det eg såg, var skrikande sjølvhjelp, andre ting meiningslause oppsamlingar av farger. Økonomisk var det og eit sveltihelprosjekt. Ein skulle tru at tolv års skulegang ville lære deg å setje opp eit hushaldningsbudsjett, men den gong ei. Eg innsåg at budsjettering var naudsynt sidan eg verken var student eller arbeidstakar og skulle bli mor. Er du klar over kor uendeleg fattig du blir om du ikkje har ein yrkesstatus når du blir gravid? Og kjærasten er student? Eg googla budsjettering og lærte meg Excel. Då dottera vår kom, var ho det vakraste i verda.
Då vi gjekk frå kvarandre etter eit par år, kjærasten og eg, innsåg eg at eg måtte gjere nokre konkrete val. Å leve som kunstnar og deltidsmor var uaktuelt. Lengre studium innanfor fagfelt eg ikkje brann for, like så. Eg tråkla nettet igjen. Eg trong ei rask løysing, noko handfast og greitt, som ville gje meg pengar til mat, klede og underhald. Det fanst eit eittårig studium som heitte advokatsekretær. Eg gjekk for det.
Eg har jobba som sekretær sidan. Som sekretær treng du vere strukturert, ha relativt gode språkkunnskapar og basisforståing for rekneskap, arkivarbeid, data, lovverk og personaladministrasjon. Du må handtere tidspress, tidsfristar, personalkonfliktar, misnøgde klientar, brukarar eller kva du no kallar dei. Eg vil anslå at eg bruker om lag halvparten av hjernekapasiteten min på desse oppgåvene. Eg går ikkje tom for oppgåver, det tek tid å pønsje tal og kopiere rundskriv, bestille varer og arkivere post. Innimellom prøver eg ut måtar å effektivisere oppgåvene på. Eg trivst overmåte godt med vekslinga mellom rutine og små nøtter å knekke – som å forklare norsk inntaksordning til utanlandske studentar med mellombels opphald, på engelsk. Eller grave opp lovverk rundt permisjonsordningar og hjelpe kollegaer med dataspørsmål. Eg har artige kollegaer som er kunnskapsrike og gode å diskutere med, eg trivst godt med å hjelpe dei og gjere arbeidsdagen deira lettare. Eg ser på arbeidet som sekretær som ein viktig funksjon i samfunnet så vel som på arbeidsplassen min. Men det finaste med jobben min er kanskje all kapasiteten som er att når dagen er omme.
Status og omdømme
Eg er trettifem år, aleinemor og sekretær i ein barnehage. Var det den oppsummeringa av status du venta då du begynte å lese? Funderer du på kvar det gjekk gale? Tenkjer du at eg kastar bort resursar, eller at det er ein eller annan tragedie i dette? Du er ikkje aleine om du gjer det.
Den næraste familien min – søsken og foreldre – har aldri kritisert vala mine. Dei har stilt spørsmål, og som bror min seier innimellom: Du må ikkje undervurdere deg sjølv. Men det var aldri noko krav om at eg skulle bli dette eller hint, at eg skulle gjere suksess på noko vis. Det er sjølvsagt at det er mitt liv, og at eg lever det som eg synest best. Når vi samlast, plar vi diskutere religion, politikk og bøker vi har lese. Det har ikkje noko å seie at vi arbeider med komplett forskjellige ting, har totalt forskjellig økonomi og kvardag. Det einaste som er viktig, er at vi fortset som vi begynte – å stille spørsmål, finne ut av samanhengar og er trygge i oss sjølv.
Eg er ikkje heilt sikker på storfamilien og kjende. Eg trur nokre av dei synest synd på meg. Eg har hatt ein heil del vonde opplevingar i livet, og kanskje trur dei at karrierevala eg tok, kjem av låg sjølvtillit, utmatting eller ein eller annan mangel. Det er sikkert lett å tenkje slik, for kvifor skulle eg velje noko med så låg status og liten økonomisk gevinst som å bli sekretær?
Då eg spekulerte på kva utdanning eg skulle ta, gjekk dei fleste av venene mine på universitetet. Dei las pensum og fordjupa seg i sine fagfelt. Nokre av venene forsvann, nokre blei verande, og nokre få er framleis vener i dag. Dei utdanna seg, alle saman. Det er i det heile få eg kjenner som ikkje tok lengre utdanning. Men eg tenkjer det nok finst andre som meg, andre som vel liv utanom fagfelt og renommé, som bryt med det vi får høyre frå barneskulen av – at vi skal utdanne oss og treng gode karakterar. At målet er ein god tittel, anten på eit stilig kontor, eller i ei gruppe likesinna forskarar og teoretikarar.
Eg skal vere ærleg. Det har tatt tid å kunne stå for vala eg tok, utan å tru at dei kanskje har rett, desse som meiner eg kastar bort resursar, er svak eller har ein eller annan mangel. Du må faktisk ha uvanleg høg sjølvtillit for å velje bort utdanning og karriere, i alle fall om du er over snittet intelligent (eller har over snittet i karakterar). Dei aller næraste – vener og familie – har ikkje kritisert meg. Men resten?
No er det nesten moro å sjå korleis folk møter meg når eg presenterer meg. Du veit i festlege lag, der folk spør kva du jobbar med? Fram til det spørsmålet er eg passe interessant, vi kan til og med ha drøfta sosialpolitikk eller musikk eller andre interessante tema. Men så kjem det fram kva eg jobbar med, og vips … Dess høgare utdanning ho har, ho som spør, dess raskare forsvinn interessa for samtalen. Om det oppstår ein gruppediskusjon med noko substans, er det eg seier merkeleg irrelevant. Spesielt om samtalen handlar om deira fagfelt. Det er direkte snodig, eg ville trudd folk som både hadde tatt lang utdanning innanfor eit felt, og så jobba med det, ville finne det spennande å høyre kva andre folk tenkjer. Men slik er det ofte ikkje, dei snakkar berre innanfor sitt eige språk. Du kan faktisk ofte høyre kva utdanning dei har, ved å lytte til ordvala. Økonomar og antropologar har eigne omgrep dei bruker, orda har ei bestemt tyding, resonnementa følgjer ei gjeven linje. Det same med psykologar, juristar, statsvitarar og alle dei andre. Dei snakkar i boks, og har anten inga forståing av korleis verda ser ut frå andre sin synsvinkel, eller dei meiner andre synsvinklar berre er mangel på kunnskap.
Ikkje alle reagerer slik, heldigvis. Folk utan særleg utdanning eller folk med praktiske yrkesval har mykje lettare for å godta meg utan spørsmål. Men det er faktisk høgst uvanleg at folk med utdanning godtek vala mine. Dei særs få som gjer det, og samstundes aksepterer at eg er intelligent og har eit høgt kunnskapsnivå, er så sjeldne at når eg møter dei, skattar eg dei som moglege vener for livet.
Danning er meir enn utdanning
Ein stor del av livet mitt var eg likevel redd dei hadde rett, alle desse som reagerte med å miste interesse eller meir eller mindre openlyst lure på kva som var gale, kvifor eg ikkje hadde makta eller meistra utdanning. Men er det nødvendigvis noko gale med meg fordi eg ikkje valde fem år på universitetet?
Det er faktisk eit spørsmål om definisjon. Målet i dagens Norge er dels det gode, gamle «alle ut i jobb», dels at vi skal dannast: utdannast. Å velje bort utdanning må dermed bety at du vel bort intelligens og kreativitet, anten ikkje har resursar til meir, eller at det er noko mistenkeleg gale. Utan utdanning får du korkje brukt resursane dine eller sikra deg økonomisk. Men dette tenkjer eg høyrer heime i 1984. Å dannast er ikkje nødvendigvis det å gå på ein skule. På universitetet fortset jo skulelogikken – du fordjupar deg i eitt felt. Éi sjakkbrikke, eller enda verre, éi rute på sjakkbrettet. Du treng faktisk ikkje eingong vere spesielt smart, så lenge du evnar å pugge, hugse reglar, svare på det du blir spurd om. Det kan til og med vere ein fordel å ikkje tenkje for mykje sjølv, men ta til deg språket og resonnementa du får presentert, utan særlege spørsmål.
Eg valde heilt annleis. Eg valde bort utdanning, og blei sekretær. Det var rett nok dels eit behov for ei rask løysing den gongen eg stod der aleine med eit spedbarn på armen. Men eg har lært å bli stolt av yrkessøstrene mine. Og eg trivst svært godt med det livet eg har. Eg bruker om lag halvparten av hjernekapasiteten min på jobb. Veit du kva det betyr? Det betyr at når eg går heim, kan eg lese økonomisk politikk. Og engelske klassikarar. Eg kan måle og teikne, eg kan bruke tid kvar ettermiddag med dottera mi. Eg har aldri laga cup cakes, og er ikkje den beste husmora i verda. Eg er mykje betre på å gruble. Eg trivst godt i min krok av verda. Mitt val er fridommen min, og det gjer at eg er lykkeleg. Er du?