Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Tette band og store pengar

Fire av ti leiarar i forvaltninga seier at det er gjort forsøk på å bestikke dei. Tor Dølvik, spesialrådgjevar i Transparency International Noreg, fortel om faren for korrupsjon i norske kommunar.

Skrive av Sidsel Dalen

Sidsel Dalen (f. 1969) er forfattar og frilansjournalist. Ho har gjeve ut tre thrillerar med korrupsjon i oljebransjen som bakteppe. Det siste halve året har ho, med støtte frå Fritt Ord, vore tilknytt Reuters Institute of Journalism i Oxford, for å fordjupe seg i skatteparadis og hemmeleghald. Foto: Trygve Indrelid

– Økokrim gjekk for nokre år sidan ut med ei åtvaring om at korrupsjon i kommunesektoren er utbreidd. Samstundes ser vi at det berre har vore 45 korrupsjonsdommar i løpet av dei siste 12 åra. Kvifor er det så stort sprik mellom det ein trur, og det ein kan bevise?
– Det heng saman med at det skal mykje til før ei sak kjem inn for retten. Økokrim får meldingar og tips om situasjonar som ligg i grenseland. Mange kommunar har ikkje noko førebyggande arbeid. Måten dei jobbar på, gir eit inntrykk av at det er ein klar risiko for korrupsjon. Vi ser og høyrer om brot på habilitet, brot på innkjøpsreglar, manglande kompetanse og tette band mellom ulike partar i ei sak. I sum gjer det at det er fare for korrupsjon. Samstundes skal det mykje til før Økokrim opnar etterforsking, og endå meir for at dei tek ut tiltale. Då skal dei vere sikre på at det held i retten.

– Økokrim tok ut berre 15 nye saker i fjor, 98 saker vart lagde bort. Økokrim-sjef Trond Eirik Schea har sagt til Dagens Næringsliv at han antek at tre av fire økonomisk kriminelle storfiskar går fri på grunn av manglande kapasitet. Er det lett å sleppe unna med korrupsjon?
– Manglande kapasitet gjeld ikkje berre Økokrim, men også økoeiningane i politidistrikta rundt om i landet. Det er mange som kontaktar oss, og som fortel at dei har tipsa politiet, men at forholdet blir lagt bort av bevisgrunnar. Det er ikkje rart, sidan korrupsjon er eit hemmeleg forbund i seg sjølv, med minst to partar som båe har gjensidig interesse av at forholdet blir halde skjult. Det skal mykje til for å knekke koden og dokumentere at korrupsjon faktisk har skjedd.

Det skal mykje til for å knekke koden og dokumentere at korrupsjon faktisk har skjedd.

– Ei undersøking i regi av Difi viser at halvparten av folket trur at korrupsjon, slik som bestikkingar og favorisering av familie og venner, skjer i kommunane. Kva kan vere grunnen til dette?
– Det er ein overraskande høg del. Men det gjenspeglar eit inntrykk folk flest har: Ikkje alt går riktig for seg. Ein trur at vennskap og kjennskap kan vere nødvendig for å få gjennom vanskelege saker. Svara kan også vere baserte på erfaring, og kva ein har høyrt.

– Ei anna undersøking gjennomført av KS viser at fire av ti kommunale leiarar har opplevd tilbod om gåver og fordelar. Blant dei som seier nei – finst det eit system for å rapportere og straffe forsøk på bestikkingar?
– At så mange er villige til å prøve seg, gjenspeglar eit frynsete omdøme i kommunane. Mange trur at korrupsjon skjer, og tenkjer kanskje at ei lita gåve er det som skal til for å få gjennom ein dispensasjon, eller å få plass til den pleietrengande mora på sjukeheimen. At så mange tør å ta initiativet, viser òg at mange har eit inntrykk av at det ikkje er så mykje som står på spel.

Det er ikkje noko system for å loggføre forsøk på bestikkingar. Men det er faktisk straffbart å forsøke å korrumpere andre. Ein utbyggar vart dømd då han føreslo for sakshandsamaren at ho kunne få disponere ei leilegheit på Kanariøyane i to veker, om ho berre kunne få fortgang i behandlinga av saka hans.

– Folk i kommunane oppgir i den same undersøkinga at dei avviser tilboda, om dei kjem, men det ville kanskje vore meir oppsiktsvekkande om dei sa noko anna?
– Ja, sjølvsagt. Og her er det nok mykje vi ikkje veit. Korrupsjon føregår på finurlege måtar.

– Korrupsjon grensar ofte mot rein svindel, som fiktive avtaler mellom selskap og ansvarlege for innkjøp i kommunen. Det kan bety betaling av rekningar for tenester som aldri blir utførte. I Undervisningsbygg-saka var dette ein av metodane, som tappa kommunen for nær 100 millionar kroner. Men ingen fatta mistanke før hovudmannen gav kona si bankremissar på 19 millionar kroner. Er revisjonen god nok?
– I mange av dei alvorlege korrupsjonssakene har ein ikkje funne noko feil i revisjonen. Men det kan likevel ha skjedd brott på rutinane. Han som vart dømd i Undervisningsbygg-saka, har uttala at han ville blitt avslørt av enkle kontrollar. Førebyggande tiltak kan vere at fleire enn ein godkjenner og kontrollerer at varene faktisk er leverte, og at ein har fått det ein skulle ha i samsvar med avtale og pris.

I tillegg til å drive rekneskapsrevisjon skal kommunerevisjonen gjennomføre forvaltningsrevisjon – der ein ser om kommunen har oppnådd det han skulle, om effektiviteten er god nok, og om ein når dei måla ein har sett seg. Men kommunane skal sjølve sørge for såkalla eigenkontroll: Kommunestyret vel eit kontrollutval, og kommunerevisjonen gjennomfører som regel ikkje omfattande undersøkingar av forvaltninga – med mindre kontrollutvalet bestiller det.

– Dersom det er elendige resultat av pengebruken, og dei ansvarlege i kommunen sløser med midlane, vil ikkje ei slik undersøking vere det same som å skyte seg sjølv i foten?
– Jau, det kan vere svakheita med eigenkontrollen. Dei som sit med makta, vil ha interesse av å framstille resultata som svært gode. Noko anna er brysam informasjon for eit politisk fleirtal. Det er eit tankekors at kommunane sjølve har ansvaret for kva som skal kontrollerast, og for å bringe fram informasjon om kritikkverdige forhold. Det er ikkje eit klart maktfordelingsprinsipp lokalt. Ofte jobbar politikarar tett saman med administrasjonen, og dei kan opptre som eit heilskapleg maktmiljø.

– Kommunane forvaltar ein femdel av Noregs bruttonasjonalprodukt, ein veldig stor pengesekk. I ein del andre land er det ikkje uvanleg at folk søker makt for å bli rikare sjølve. Kan det skje også her?
– Dei fleste går inn i politikken med idealisme og engasjement. Lokalpolitikarar nyt høg tillit, og i det store og heile føler ikkje folk at det er noko alvorleg gale. Men i Transparency International høyrer vi frå folk som er opprørte og fortvila over det dei kallar useriøse anskaffingar, at folk får oppdrag på grunn av kjennskap.

At folk kjem til makta for å tene store pengar, må vi unngå. Men det har faktisk vore tilløp til det i einskilde svenske kommunar. Kriminelle organisasjonar har infiltrert både lokalt næringsliv, den lokale politikken og delar av den lokale administrasjonen. Då er det vanskeleg å seie at eigenkontroll er tilstrekkeleg.

– Vi mistenker ikkje at dette skjer i Noreg. Er vi naive?
– Eg trur det. Litt for ofte opplever eg at folk seier «Ja, korrupsjon finst sikkert, men det skjer ikkje hjå oss». Den innstillinga er ei form for naivitet. Korrupsjon kan oppstå kor som helst.

– Vi har fleire døme på at korrupsjon blir lønt med kostbare gåver. Ofte er det synleg for folk i lokalmiljøet. Men ein har sett mange døme frå næringslivet på at varsling kan bety slutten på ein karriere. Er det tilsvarande belastande å slå alarm om økonomisk kriminalitet i nærmiljøet?
– Det er ingen grunn til å tru at det er mindre ubehageleg i nærmiljøet, snarare tvert imot. Eg har vore i kontakt med ein person som engasjerte seg imot ei stor utbygging, som den store hjørnesteinsbedrifta sterkt ønskte, og som fleirtalet i kommunen gjekk inn for. Det gjorde at vedkomande vart utsett for sjikane og truslar, med tydeleg beskjed om å halde seg vekke.

Ein utbyggar vart dømd då han føreslo for sakshandsamaren at ho kunne få disponere ei leilegheit på Kanariøyane i to veker.

Eg trur at i eit lite lokalsamfunn, der alle kjenner alle, er det store belastningar med til dømes å seie at ordføraren har gjort noko ulovleg eller at rådmannen har gitt fordelar til naboen. Det kan få sosiale omkostningar som kostar dyrt. Alle er avhengige av kvarandre på små plassar.

– Kritiske journalistar viser seg ofte å vere avgjerande for å avdekke maktmisbruk og korrupsjon. Er lokale medium gode nok til å grave?
– Eg trur lokale medium kan vere ein meir offensiv og granskande faktor i nærmiljøet. Men eg har eit inntrykk av at dei ikkje har kapasitet til å jobbe så grundig som nødvendig. Det er eit demokratisk problem.

– Trur du at mangel på gravande journalistikk òg kjem av at alle kjenner alle?
– Ja, til ein viss grad. Redaktøren, næringslivsleiaren og rådmannen høyrer til i same sosiale sjikt. Dei har kanskje gått i same klasse, og vankar i same venekrins. Ein kan spørje seg om det blir for ubehageleg å pirke i betente saker som blir haldne skjulte.

– Om du bestemte over kommunane i Noreg, kva ville du gjort for å forhindre korrupsjon?
– Alle må sette risiko for korrupsjon høgt på dagsordenen. Kommuneleiinga må sette seg ned og spørje: Om nokon skulle utføre ei korrupt handling hjå oss, korleis kan det skje? Dei må gjere det kjent at kommunane ikkje aksepterer noka form for korrupsjon eller kameraderi. Å vere årvaken i nærmiljøet er ein måte å involvere innbyggjarane og invitere dei til å seie ifrå, og slik vere med på å førebygge og avdekke korrupsjon.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar