Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Tilliten verdig

Korleis kan sjølvbeteningsbua i skogkanten ved Oslo seia noko om det norske tillitssamfunnet?

Skrive av Helge Svare

Helge Svare (f. 1960) har doktorgrad i filosofi, og har i fleire år arbeidd med filosofisk praksis og ulike former for dialog. I dag arbeider han som forskingsleiar ved Arbeidsforskningsinstituttet i Oslo, der han mellom anna forskar på tillit i arbeidslivet. Svare har skrive fleire bøker. Den hittil siste, Til saken, tek for seg saklegheit, usaklegheit og hersketeknikkar i den offentlege debatten.

Det er sundag og vinter og gnistrande skiføre i Nordmarka ved Oslo. Køen for å koma inn i den populære Skjennungstua til ferske bollar og rykande varm kakao er lengre enn laurdagskøen føre Vinmonopolet i gamle dagar. Men eg veit om noko som gjev meg servering straks. Nokre meter nedanfor hovudinngangen har vertskapet laga til ei sjølvbeteningsbu, noko dei fleste i køen synest å vera uvitande om. Her er utvalet mindre, men til gjengjeld utan ventetid. Når hytta vert stengd for kvelden, er det vesle rommet, som har eigen inngang, framleis ope. Her er eit kjøleskåp der tørste turfolk han forsyna seg med kald drikke, ein termos med varm kaffi, og eit fat med det som er igjen av dagens bakst. På eit ark som er festa til veggen, står prisen på dei ulike varene, med oppfordring om å leggja att betalinga i ei skål. Eller ein kan betala i ettertid ved å setja inn beløpet på eit oppgjeve kontonummer. Det er omtrent same ordning som på DNTs sjølvbetente hytter. Men dette er Oslo, i skogen rett nok, men berre ein dryg time frå sentrum. Og kor mange menneske passerer ikkje forbi her kvar einaste dag?

*

Etter at eg som forskar byrja å interessera meg for tillit, er det vesle sjølvbeteningsrommet på Skjennungstua eit døme eg stadig tenkjer på – og som i si enkelheit seier svært mykje om tillit. For ordninga hadde ikkje vore mogleg om ikkje vertskapet hadde tillit til at ho ville verka.

Etter at eg som forskar byrja å interessera meg for tillit, er det vesle sjølvbeteningsrommet på Skjennungstua eit døme eg stadig tenkjer på – og som i si enkelheit seier svært mykje om tillit.

Først og fremst viser det korleis tillita er ein føresetnad for å skapa verdiar som ikkje ville vore moglege utan den. I den store samanhengen er det kanskje ikkje så viktig, kunne ein seia, om eg får kjøpt kaffi etter stengetid eller ikkje, når eg er ute i marka seint på kveld. Men når eg står i det vesle rommet, tørst og svolten etter ein litt for lang og litt for sein tur, er kaffien og bakverket gull verdt, og kanskje endå meir kjensla av at verda er ein vennleg stad der det er godt å vera. Dette har verdi.

Men dømet illustrerer òg det sårbare og risikoen som kan knytast til tillit. Eg tenkjer: «Kva om nokon berre forsyner seg utan å betala?» Og: «Om det hadde vore eg som dreiv staden, er eg ikkje sikker på om eg hadde teke risikoen.»

Og så tenkjer eg at dømet seier noko om tilhøvet mellom tillit og røynsle – i dette tilfellet vertskapet si røynsle med turfolket. Antakeleg ville tillita til vertskapet raskt ha brote saman om fleirtalet av dei som gjorde bruk av tilbodet, ikkje gjorde opp for seg. Og når ho ikkje gjer det, er det høgst sannsynleg fordi dei gjer opp for seg. Kanskje er tillita òg med på å auka sannsynet for at tilbodet ikkje vert misbrukt. Kanskje dei andre brukarane av tilbodet, akkurat som eg, òg opplever at verda vert ein betre stad å vera når dei finn rommet ope, og kanskje vert dei fylte av den same blandinga av glede og takksemd. Kanskje bidreg òg denne kjensla, saman med ein dose med prinsipiell fornuft, til at dei legg bort all freisting dei måtte kjenna, til å lura seg unna betalinga.

*

Ein kunne kanskje seia at det finst ein god sirkel her. Tillita vertskapet viser, legg grunnlaget for verdiar som skapar takknemlegheit og motverkar misbruk, som gjer at tillita vert ført vidare.

Dømet illustrerer også kor kontraintuitiv tillit på sett og vis er, og kor mirakuløs ho difor også er når vi tenkjer etter. For å få fram dette poenget kan du vera med på eit lite tankeeksperiment. Tenk deg at vertskapet på Skjennungstua har ein venn som set alt inn på å kasta eit kritisk lys på drifta. Han er særleg oppteken av risikoreduksjon. «Det beste er å redusera risikoen så mykje ein kan», seier han. «Tenk på alt som kan skje når sjølvbeteningsrommet her står ope døgnet rundt. Ikkje berre kan folk ta mat utan å betala. Dei kan søla og grisa til rommet, vera uforsiktige med eld, og i verste fall setja fyr på heile staden. Er det ein risiko de vil ta? Er det ikkje betre å avvikla tilbodet heilt? Tenk om staden brenn ned? Kor mykje vil de ikkje då angra i ettertid på at de ikkje var meir forsiktige?»

Det interessante med eit argument som dette er kor overtydande det kan vera viss vi gjev oss inn på det. For behovet for tryggleik stikk djupt i oss. Og det er alltid mogleg å tenkja seg ei framtid der risikoen ved det vi held på med, slår tilbake på oss på katastrofale måtar, eller kanskje ikkje akkurat katastrofale, men likevel ille nok. Og ville det ikkje då – når alt kjem til alt – vera betre å gjera det ein kan for å redusera risikoen i forkant?

Problemet med denne tenkjemåten er at han ikkje tek omsyn til at ei for sterk prioritering av tryggleik bidreg til å innskrenka livsrommet vi utfaldar oss i. For på same måte som tillit gjev grobotn for at verdiar kan veksa, har mangel på tillit ein kostnad. Ikkje berre mistar vi dei verdiane som tillita gjev oss. I verste fall vert samfunnet mindre sikkert, meir utrygt, om ikkje anna som den uroa ein kan kjenna når det er stengsler og låste dører overalt. Dette kan vi kalla tryggleiksjaktas paradoks.

Dette er ei innsikt det ikkje er rom for i risikoreduksjonens logikk. Og fordi vi så lett blir fanga inn i denne logikken, fordi tryggleik er viktig for oss, nettopp difor er òg tillita så mirakuløs. Mirakelet er at tillita i det heile finst, at ho har fått utvikla seg, og at ho har greidd å etablera seg så radikalt, til dømes i eit samfunn som det norske. For Noreg er eit tillitssamfunn. Det viser alle internasjonale tillitsmålingar, der Noreg har førsteplassen målt etter kor mykje tillit folk har til kvarandre. Slik sett er Skjennungstua òg eit godt døme som viser oss noko vesentleg – om Noreg. Nøyaktig kvifor Noreg skårar så høgt på tillit, er ikkje så godt å seia, men dei danske forskarane Andreas Bergh og Christian Bjørnskov meiner å ha funne at det har vore slik i lang tid. Den høge tillita er òg noko av forklaringa på at Noreg og Skandinavia har utvikla så gode velferdssamfunn. Fordi vi har tillit til at dei fleste ikkje misbrukar velferdsgoda, kan vi òg godta dei høge skattane som høyrer med.

*

Det er skrive og forska mykje på tillit. Vi har dei klassiske filosofiske og teoretiske bidraga frå Georg Simmel, Knud Løgstrup, Niklas Luhman, Anthony Giddens, Diego Gambetta med fleire, og vi har ei lang rekkje samfunnsvitskaplege studiar om tillit, med ei meir empirisk tilnærming. 

Det mange av desse studiane legg vekt på, er korleis tillit er noko som vert mobilisert når ei handling er forbunden med risiko. Tillita er på sett og vis risikoens tvillingsyster. Dette tenkjer eg er viktig. Og fordi risiko kjem i mange former, må den som vil forstå korleis tillit spelar seg ut i ein konkret situasjon, byrja med å prøva å forstå kva for ein risiko som gjeld i akkurat denne situasjonen. Ein drosjesjåfør som tek opp passasjerar i ei mørk bakgate seint på natta, står overfor ein annan type risiko enn ein privatperson som har bestilt ein røyrleggar til å reparera badet. Men begge situasjonar inneber risiko – drosjekunden kan vera ein skurk, og røyrleggaren kan vera ein dårleg fagmann, og begge handlingar krev ei form for tillit, dersom dei skal bli gjennomførte.

Dette siste er forresten òg ein av dei viktigaste funksjonane ved tillit: Tillit bidreg til at vi set i verk handlingar og gjennomfører dei. Mangel på tillit eller mistillit bidreg til at vi nøler med å handla eller lèt vera det heilt, fordi vi opplever risikoen for stor. Tillit fører derfor til at terskelen for å setja i gang nyttige aktivitetar vert lågare. Ja, alt vert på sett og vis lettare.

Tillit fører derfor til at terskelen for å setja i gang nyttige aktivitetar vert lågare. Ja, alt vert på sett og vis lettare.

Korleis verkar så dette i praksis? Svaret tek oss med inn i det eg vil kalla den inste kjernen til tillita: Tillita bidreg til at vi startar og gjennomfører handlingar trass i risikoen det inneber, ved at vi set ein mental parentes rundt risikoen. Det vil seia: På ein måte kjenner vi risikoen godt, iallfall om vi stoppar opp og tenkjer etter. Men i den tillitsfulle situasjonen gjer vi ikkje det. I praksis tyder det at vi går inn i situasjonen «som om» risikoen ikkje fanst, eller iallfall som om han var mindre enn han faktisk er.

Denne «som om»- kvaliteten ved tillit er ifølgje den tyske tillitsforskaren Guido Möllering eit av dei viktigaste kjenneteikna ved tillit. Han samanliknar også tillita med eit «sprang» der vi kastar oss ut i noko, sjølv om vi objektivt sett veit at vi ikkje veit nok om kva som kan skje. Slik sett er tillit i slekt med vona: Når vi vonar, er det ikkje fordi vi veit at det vil gå bra, men vi planlegg, handlar og føler «som om» det vil gå bra. Og radikal mangel på von fører til at livet stansar opp, slik òg alvorleg fråvær av tillit gjer det.

*

Er så tillit berre bra? Nokre gonger kan det bli for mykje tillit. Då glir tillita over i dumdristigheit, og vi gjer ting som vi seinare kan angra på. Nokre gonger kan tillit òg føra til sosial innestenging, til dømes når vi har mykje høgare tillit til dei i eiga gruppe enn dei utanfor, og difor berre held oss til dei fyrste.

Som forskar har eg vore interessert i kva tillit bidreg med i det norske arbeidslivet. Det har ikkje vore forska mykje på dette. Men det er gjort mykje forsking både internasjonalt og i Noreg som indirekte kan brukast til å belysa tilhøva.

For det første har det vist seg at tillit gjer kommunikasjon betre. Vi deler meir med ein person vi har tillit til, fordi vi opplever at risikoen ved å gjera det er liten. Risikoen kan vera at han misbrukar det han får høyra, til eiga vinning, kanskje òg slik at det går ut over deg, eller det kan vera at han manglar føresetnadene for å forstå eller verdsetja det du seier. Viss det siste skjer, har du kasta bort verdifull tid du kunne ha brukt til noko meir nyttig. Det er òg ein risiko.

Tillit bidreg òg til at vi lyttar betre til, og difor oppfattar meir av det andre seier. Manglar eg tillit til deg, anten ved at eg mistrur kunnskapane dine eller mistrur motivet ditt for å snakka med meg, høyrer eg kanskje orda du seier, men eg interesserer meg ikkje for å gå inn i meininga du vil formidla. I tillegg er det slik at vi helst samarbeider med dei vi har tillit til, anten fordi vi har tillit til fagkunnskapane deira, eller fordi vi har tillit til at dei ikkje vil freista å lura oss.

Kva har så dette å seia for arbeidslivet? Viss vi antek at tillita i det norske arbeidslivet speglar den høge tillita i samfunnet som heilskap, følgjer det at norske arbeidsplassar er prega av meir og betre kommunikasjon og samarbeid enn arbeidsplassar i land med mindre tillit. Og mykje tyder på at det er tilfellet. Norske arbeidsplassar er kjende for å ha liten avstand mellom leiinga og vanlege tilsette, og for å ha gode samtalar. Dette har ikkje berre med tillit å gjera. Det har òg å gjera med at vi lever i eit samfunn med små sosiale skilnader – og kanskje er det ein samanheng her, mellom tillit og likskap. Uansett, saman med dei små sosiale forskjellane skapar tillita ikkje berre arbeidsplassar med godt arbeidsmiljø. Ho skapar òg arbeidsplassar som er effektive og nyskapande.

*

Eit føretak eg forska på for nokre år sidan, er eit godt døme. Føretaket var nokre år tidlegare kjøpt opp av internasjonale eigarar, med produksjon fleire stadar i verda. Men ingen av produksjonsstadane hadde større lønsemd enn den norske, kunne leiinga fortelja. Og det trass i at dei tilsette tente meir, og difor var dyrare i drift. Grunnen var at det gode samarbeidsklimaet skapte særs gode produksjonstilhøve og rom for stadige forbetringar. Ein frå det norske føretaket hadde vore på besøk hos eit systerføretak i same konsern i det fjerne Austen. Der sat ingeniørane og produksjonsarbeidarane i kvar sine lokale, fortalde han, og dei kommuniserte stort sett berre skriftleg. Når noko gjekk gale i produksjonen, eller det dukka opp problem som måtte løysast, vart det sendt ein førespurnad til ingeniørane, som utarbeidde ei løysing som så vart send tilbake til produksjonsavdelinga. Det tok tid, og ofte oppstod det mistydingar. I den norske produksjonseininga sat alle i same lokale, og ingeniørane og leiinga var like mykje ute i produksjonshallen som ved kontorplassane sine. Når problem oppstod, vart dei løyste der og då. I dei intense samtalane som ofte oppstod, dukka det òg ofte opp nye idear til korleis ting kunne gjerast på betre måtar, idear som nokon straks kunne ta tak i, og utvikla vidare, og dei det var hald i, kunne raskt takast i bruk.

Her er det ingen tvil om at dei små sosiale skilnadene er eit viktig element i suksessformelen til føretaket. Ingeniørane og produksjonsarbeidarane hadde gått på den same skulen, spela fotball i lag i oppveksten, hadde borna i den same barnehagen, og var difor vane med å snakka godt saman. Men den viktige rolla til tillita må heller ikkje gløymast. Det går til dømes fram av historia at ingeniørane i verksemda hadde stor tillit til kunnskapen hjå produksjonsarbeidarane. Dei lytta merksamt til nye idear og forslag som vart lagde fram.

Noko som òg går fram i det omtalte føretaket og i ei rekkje andre føretak eg har studert, er kor høg tillit leiinga har til dei tilsette, og at ho difor gjev dei stor fridom til å utvikla og gjennomføra idear utan å blanda seg for mykje inn. Det å få tillit frå leiinga er forresten eit tema i seg sjølv. Studiar som er gjennomførte, viser at tilsette som opplever at leiinga har tillit til dei, blomstrar og vert motiverte til å yta meir tilbake til føretaket. Ein studie eg sjølv er i gang med i Noreg, stadfestar dette.

Langt på veg kan difor tillit bidra til å forklara kvifor norsk næringsliv går så godt og er så innovativt. For det er det, sjølv om det ofte vert klaga i pressa og offentlegheita på at vi er for lite innovative. Eit slikt pessimistisk bilete kan det vera dekning for viss vi måler innovasjon i form av nye patent eller oppsiktsvekkande føretaksetableringar. Her skårar ikkje Noreg så bra samanlikna med andre vestlege land. Men på eitt område er Noreg sannsynlegvis i verdstoppen, nemleg innanfor det som vert kalla inkrementell eller skrittvis innovasjon. Omgrepet viser til dei mange små forbetringane som kontinuerleg skjer i produksjonen av varer og tenester, og som kvar for seg kanskje ikkje er så oppsiktsvekkande. Men legg vi alle forbetringane oppå kvarandre, utgjer dei ei enorm produktivitetskraft. Tillit skapar verdiar.

*

Så kva kan truga den norske tillita i arbeidslivet på dette området? Eg trur den største trusselen kjem av at tillita, som vi var inne på, er så kontraintuitiv. Difor er ho òg utsett. Tenk deg ei rørsle som representerer ein meir allmenn versjon av logikken til den kritiske vennen vi tenkte oss på Skjennungstua. Han seier: «Det er greitt å visa tillit så lenge dei tilsette oppfører seg bra, men tenk på risikoen om dei ikkje skulle gjera det, og la oss førebyggja risiko ved å innføra meir kontroll og overvaking. Dessutan, er det ikkje trass alt betre at leiinga styrer meir i føretaket enn dei tilsette, leiinga har jo trass alt betre oversyn?»

Sjå korleis tillit inngår i gode, verdiskapande sirklar. Sjå korleis tillit, i tillegg til å vera noko mirakuløst, òg er noko enkelt, jordnært og nyttig

Slike tankar kjem i dag inn i norsk arbeidsliv via utanlandske oppkjøp av norske føretak, og via importerte leiingsteoriar eller leiingsmodellar, ofte med opphav i kulturar med mindre tillit og meir ulikheit enn den norske. Dei aukande krava til rapportering i offentleg sektor er eit anna eksempel. Rapportering kan lett oppfattast som at leiinga ikkje har tillit til at arbeidstakarane gjer som dei skal. Men igjen tenkjer eg at slike tiltak lett kan forføra oss, gjennom appellen sin til dei djupe laga i oss som meir enn noko anna ønskjer tryggleik, eller som fortel oss at når alt kjem til alt, er orden betre enn kaos, og kan ikkje for mykje medråderett frå tilsette lett føra til eit slags kaos?

Det som kan verka i motsett retning, og verna eller styrkja den gode tillita vi har, er å verta meir merksame på korleis tillita faktisk verkar i liva våre. Freist å gjera det! Legg merke til korleis tillit får folk til å blomstra, og over tid verta betre menneske. Kjenn etter korleis du sjølv reagerer når nokon viser deg tillit. Sjå korleis tillit inngår i gode, verdiskapande sirklar. Sjå korleis tillit, i tillegg til å vera noko mirakuløst, òg er noko enkelt, jordnært og nyttig. Og skulle du trenga ei konkret erfaring som levande illustrerer alt dette: Stikk innom Skjennungstua etter stengetid og ta deg ein kaffi i sjølvbeteninga. God tur!

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar