Og eit forsøk på politisk kompostering etter lesinga av Redningsmannen av Hans Rustad.
Av Jørn Øyrehagen Sunde
Artikkelen var publisert i Syn og Segn 01/26.
Foto hovudbilete: Foto: Daniel Torok / White House / Zuma Press / NTB
Å lesa Hans Rustad si bok Redningsmannen – Vesten får en ny sjanse kjennest som å ta eit bad i kloakk. Essensen er at Donald Trump er ein American hero sendt av Gud for å redda ein vestleg sivilisasjon som held på å gå til grunne, mellom anna på grunn av kvinnekamp, rettar for minoritetar og muslimske innvandrarar. Alt gjekk gale, og samfunnet mista Guds fred og utsette seg i staden for Guds straffedom, etter 68-opprøret som gjekk til åtak på den arbeidsame kvite mannen som ville oppdra barna sine og byggja samfunn. Bak all vondskapen tronar ein venstreorientert og vond elite, vår tids adel, som har ført krig mot Trump. Rustad framstiller denne Aftenland-forteljinga om sivilisasjonskamp som ein full mann med maskingevær som skyt i alle retningar; mangelen på samanheng, logikk og dokumentasjon er total.
Med ein slik absolutt slakt kunne dette bok-essayet ha vorte avslutta her og no. Så enkelt kan det likevel ikkje gjerast av tre grunnar: Boka er kvitvaska av norske bokhandlar og bibliotek, den hatefulle retorikken er for sterk, og mellom alt grumset finst det poeng der eg er samd med Rustad. I staden for å nøya meg med å erklæra Redningsmannen som kloakk, vil eg difor i staden ta boka på alvor, og gå ned i driten som trugar med å kvela det liberale demokratiet for å sjå om det ikkje er ein måte å gjera henne om til kompost som kan brukast til å gjødsla demokratiet og rettsstaten i staden for å bryta dei ned.
Kvitvasking. Og vanskelege spørsmål
Redningsmannen er gjeve ut av Document forlag, eigd av Document Media, der Rustad er både styremedlem og største eigar. Forlaget tilbyr omlag 90 titlar. Document forlag hadde saman med nettavisa Document.no ein omsetnad i 2024 på over 17 millionar. På eine sida er dette mindre enn driftsinntektene til Hardanger Folkeblad, som er lokalavis for indre Hardanger og Odda. Hardanger Folkeblad har òg om lag dobbelt så mange lesarar som nettavisa Document.no. Rustad og meiningsfellane hans er altså ingen stor samfunnsaktør.
På andre sida kan Redningsmannen kjøpast gjennom bokhandlarane Norli, Ark, Adlibris og Akademika, i tillegg til Platekompaniet. Den er òg kjøpt inn av for eksempel Deichman bibliotek av mangfaldsgrunnar. Dette gjer at Rustad si bok, ei bok med same grunnstemme som ein finn i manifestet til Anders Behring Breivik, dermed kan seiast å verta kvitvaska i det offentlege rommet.
Dette er viktig. For Rustad og meiningsfellane hans er få, men gjer mykje av seg gjennom sin Tordenskjolds soldatar-taktikk – dei lagar så mykje støy som mogeleg for å gje inntrykk av at dei er mange. Ikkje minst i kommentarfelta i avisene. Når Redningsmannen vert kvitvaska i det offentlege rommet, aukar det effekten av denne kommentarfeltaktiviteten. Det er eit problem på grunn av mistenkjeleggjeringa, og den hatske og krigerske bodskapen i boka. Men det er òg eit problem fordi boka slik bidrar til å skapa det polariserte samfunnet desse aktørane skuldar dei politiske motstandarane sine for å ha skapt.
Når eg seier at boka vert kvitvaska, er det ikkje det same som å hevda at boka ikkje skulle vore utgjeven, eller at bokhandlarar og bibliotek ikkje burde ta boka inn. Ytringsfridomsrommet skal vera vidt, og terskelen for kansellering skal vera høg. Sjølv om Redningsmannen, som vi skal sjå, har ein krigersk, hatefull og apokalyptisk retorikk, så er det høgst problematisk, men ikkje ulovleg. Poenget med at boka er kvitvaska er at då må ein ta henne på alvor, og ta til motmæle heller enn å be om sensur eller kansellering.
DEI LAGAR SÅ MYKJE STØY SOM MOGELEG FOR Å GJE INNTRYKK AV AT DEI ER MANGE
Det er altså på eine sida ingen grunn til å overvurdera kor mange som høyrer til segmentet som potensielt ser på Redningsmannen som god litteratur. Samstundes er boka på den andre sida ein del av ein politisk straum som må takast på alvor. Ikkje minst fordi publikum for Redningsmannen høyrer til den politiske retninga som USA, ifølgje landets eigen tryggleiksstrategi, no skal samarbeida med for å få politisk endring i Europa. Det er ein mektig støttespelar, noko Rustad veit å framheva. Vidare er dette ei gruppe som vert oppmuntra av den omfattande tilbakegangen til liberale demokrati dei siste 25 åra, og av framveksten av store illiberale parti i Europa.

Noreg er eit tillitssamfunn som enn så lenge ikkje har vore ein del av denne utviklinga. Samstundes bidrar Rustad og meiningsfellane hans til eit hardare debattklima, større polarisering, og dermed potensielt større vekst for seg sjølv. Det er ein sleip strategi, men han har over tid fungert i for eksempel USA, og han kan koma til å fungera hos oss òg.
Kloakk er ikkje berre ei samling drit. Rustad si hylling av Trump som Vestens redningsmann kan òg brukast til refleksjon. For kvifor har ikkje Rustad og hans Document-aktivitetar forsvunne frå den norske offentlegheita, men halde det gåande i over 20 år? Kvifor er Rustad sine likesinna framleis like aktive i kommentarfelta? Og, som vi alt har vore inne på: Kvifor held tilbakegangen av funksjonelle demokrati fram, og kvifor vinn det ein litt enkelt kan kalla Rustad si politiske retning terreng i svært mange land, òg land vi er knytt til gjennom EØS eller NATO?
Les også: Når sosiale medium blir nasjonalsosiale medium: Fascistisk propaganda før og no
Utfordringa er den kvitvaskinga som bokhandlarar og bibliotek gjer med Redningsmannen, og spørsmåla er mange. Like viktig er at iherdige forsvarstalar for det liberale demokratiet ikkje har vist seg å vera ei effektiv motgift mot framgangen til det illiberale. Trump sine åtak på eit uavhengig rettsvesen, media, akademia og delstatar, og endringar av valreglar, er så graverande at ein kunne venta store protestar og låg popularitet i USA og elles i Vesten. Men i alle fall i USA er ikkje protestane større, og populariteten ikkje lågare, enn det ein aktiv amerikansk president må venta i vår tid. Sjølv om oppslutninga om Trump i Noreg har gått kraftig ned, ser det ikkje ut til å ha stilna aktiviteten til dei mest ihuga Trump-tilhengjarane i kommentarfelta. Snarare ser Trump sine mange og alvorlege åtak på demokratiet og rettsstaten i USA til å ha oppeldna dei, og Rustad ønskjer seg same typen politikk i Noreg velkomen.
KVIFOR ER RUSTAD SINE LIKESINNA FRAMLEIS
LIKE AKTIVE I KOMMENTARFELTA?
For Rustad er dette det einaste som kan hindra eit sivilisasjonssamanbrot, sidan det er mange teikn på at «våre myndigheter går i ondskapens teneste», dei har laga ein «moderne politistat!», og samfunnstoppane er lovbrytarar som vil øydeleggja samfunnet. Til alt overmål manar han fram eit bilete av det liberale demokratiet som antikrist når han skriv at det «sitter en spotter i høysetet, og hver eneste dag hånes det hellige.» Truleg spelar Rustad her på den tekststaten i Johannes openberring som framstiller sjølve Dyret med sju hovud og to horn, med føter som ein bjørn og gap som ei løve, der det òg står at den som skal drepast med sverd, må for sverd. I alle fall: Apokalypsen er her. Og den kan kjøpast på norske bokhandlar for 349,-, eller lånast på eit bibliotek i osloområdet.
Rustads metode
Redningsmannen er ei bok om dei vonde kreftene som trugar Noreg og Europa, som berre Trump kan redda, slik han no er i ferd med å redda USA frå dei same kreftene. Mykje av det Rustad hevdar, er henta ut frå ein amerikansk kontekst, og deretter plassert i ein norsk, med ein del særs norske innslag her og der. Ingen av synspunkta er ukjende, sjølv ikkje dei mest ekstreme som at styresmaktene med vilje gjer muslimar til ein herskarklasse, at seksuelt misbruk av barn vert handsama i same vending med identitetspolitikk,[1] eller at Trump er Guds utvalde. Det er heller ikkje kvar einskild meining som er problematisk. Det er korleis likt og ulikt vert sausa saman til ein gigantisk konspirasjon som lesaren føler reiser seg og mørklegg verda som ein apokalypse.
«VI ER IKKJE LENGER SIVILISERTE. STYRESMAKTENE BESKYTTAR OSS IKKJE LENGER.»
Rustad sin metode er eigentleg ganske enkel: Spel på det lesaren kan kjenna igjen utan å vita mykje om, ikkje prøv å utforska eit tema, men kariker og spissformuler, skap eit inntrykk av samanhengar som lesaren føler, men som ikkje er logiske og følgjer av ei argumentasjonsrekke. Gjennom å meina mykje om alt og ingenting i eit heseblesande tempo, vert lesaren dratt bort frå å stilla spørsmål, og i staden sogen inn i eit univers bunde saman av onliners som «vi er ikkje lenger siviliserte. Styresmaktene beskyttar oss ikkje lenger»[2]. Føremålet ser ut til å vera å skapa frustrasjon og sinne, og vilje til å ta hemn over dei destruktive kreftene som øydelegg verda. Meir om det seinare. Fyrst skal vi ta Rustad på alvor og lesa hans Redningsmannen inngåande for å sjå kva han faktisk hevdar.

Apokalypsen er her
Redningsmannen byrjar med eit langt sitat frå Paulus sitt brev til Efesarane, der det mellom anna heiter: «[F]or vi har ikke kamp mot blod og kjød, men mot makter, mot myndigheter, mot verdens herrer i dette mørke, mot ondskapens ånde-hær i himmelrummet.» Sitatet set tonen for boka, og fangar i stor grad essensen i henne. Sekularisering vert sett på som samfunnsfredstrugande. Saman med krigen i Ukraina og måten Israel vert handsama av Europa, gjer sekulariseringa at det i dag føregår ein verdskrig, underforstått om fundamentale verdiar. Det vert tidleg peika på at før sekulariseringa nytte Noreg godt av Guds fred, medan Noreg no risikerer Guds straffedom. Dette gjeld strengt tatt heile den vestlege verda, og Europa er ikkje lenger til å kjenna igjen på grunn av «utviskningen av kristendommen og Kristus.»
Guds straffedom skuldast sjølve måten kosmos er bygde opp på: «Viss du håner din mor og din far eller moralen, vil du selv før eller siden få merke det.» Difor er Trump sendt av Gud for å redda USA og Vesten frå sivilisasjonssamanbrot. Han er supermann, og han tronar «som en gigant mot himmelen»[3]. Teologien er meir enn tvilsam, retorikken knallhard.
Seksualmoral er ikkje noko stort tema i Rustad si bok, men må likevel trekkast fram alt her fordi det ligg heile tida der som eit premissa for undergangsforteljinga om Vesten. Utgangspunktet er at med å opna for likekjønna ekteskap har staten kasta maska og vi kan sjå konturar av eit monster som går til åtak på «kjernefamilien og far/mor/barn». Bak dette ligg det eit grunnsyn om at seksualitet ikkje skal skiljast frå føremålet med seksualitet, som er å få barn.
Avvik frå dette vert hekta på politiske motstandarar som skuldingar om – i beste fall – moralsk dekadens. Det vert insinuert om Joe Biden at han «hadde et creepy forhold til jentunger og har importert 350 000 mindreårige som er forsvunnet». Om Barack Obama vert det sagt at han var rasist, antisemitt, og hadde eksperimentert med bifil sex. Obama vert i den samanhengen knytt til studentopprøret i USA på 1960-talet, og 68-arane vert i ein annan samanheng sagt å vera grenselause,[4] utan at det er eksplisitt knytt til seksualitet.
I det heile vert 68-arane framstilt som årsaka til mykje elende i Redningsmannen. Bok sluttar til alt overmål med å åtvara om at vi står overfor krefter som vil utsletta Israel og hatar Gud, som følgjer direkte frå 1968-opprøret. For 68-arane har gjort opprør mot Gud, og dermed underforstått mot den kosmiske orden. Utan at det eksplisitt vert knytt til 1968-opprøret, vert det tidleg i boka peika på at vi i vår tid ikkje lenger respekterer åndelege og sosiale hierarki, som både naturen, Bibelen og sosiale organisasjonar byggjer på. I staden lever vi i ei tid då alle kulturar er like mykje verd. Dette er woke, som er demonisk og har forkvakla hovudet på folk, og er like totalitært som nazisme og kommunisme.[5]
FRÅVÆRET AV RASJONALITET VERT I SÅ FALL BERRE MEIR OG MEIR AKUTT.
Mannen er taparen
Eit startpunkt for hierarkisamanbrotet er borgarrettsrørsla i USA på 1960-talet, som enda med «kvinnefrigjøring og de svartes likestilling». Rustad seier ikkje at dette var eit vonde i seg sjølv. Han knyter det heller ikkje eksplisitt til dei hierarkia som har kollapsa, men som burde vera samfunnsberande. Meininga er nok at lesaren skal tenkja på likestilling av kvinner og personar av ulike etnisitet og deira religion som ein revolt mot ein kosmisk orden, slik gudløysa meir generelt er det. Men i staden for å seia noko slikt eksplisitt, nøyer Rustad seg med å peika på at endringane på 1960-talet skapte ein tapar: «hvite, middelalderende menn».
Dette poenget vert gjentatt seinare: borgarrettsrørsla førte til diskriminering av kvite, og kvinnefrigjering ramma «[f]aren og den hvite mann». Dette vil Trump ordna. Dei som står imot han, er dei som vil smadra den «hvite, arbeidsomme» mann som «bekjenner seg til vestlig kultur, gjerne vil oppdra barna og bevare samfunnet som sitt hjem»[6]. Av ein eller annan grunn er gjerne mannen taparen i dystopiske samfunnsførestillingar, og Rustad med Redningsmannen stiller seg i denne tradisjonen.
Det som vert halde fram som den styrande eliten, underforstått knytt til gudlause og grenselause 68-arar, ønskjer altså å desimera Gud og den kvite mannen sin plass i samfunnet. Det skjer gjennom at nokre vert gjort til klientar gjennom ulike former for spesialbehandling, som farga og innvandrarar, medan andre vert gjort til slavar. For bak det som ser ut til eit krav om likeverd og likebehandling, ligg eigentleg eit ønske om å straffa «den heterofile, straffe den hvite, straffe mannen, straffe familien, straffe den straighte, straffe røykeren, den som ikke kildesorterer, den som kjører diesel»[7]. Ein kan spørja seg om Rustad meiner at dei som høyrer heime i toppen av det kollapsa hierarkiet, har røyking, manglande kjeldesortering og dieselbil som adelsmerke. Fråværet av rasjonalitet vert i så fall berre meir og meir akutt.

Tåkelegg synspunkta sine
Ved sida av dei gjennomgåande synspunkta i Redningsmannen, finst det òg mange andre utfall i alle retningar. Krigen i Ukraina er eit ofte nemnt eksempel på at alt går feil. Den er eigentleg er provosert fram av Demokratane og CIA og gjev til syne den manglande kompetansen til og manglande forståing for realitetar hos den styrande eliten. Enda eit eksempel er at Covid-19 vart skapt i samarbeid mellom USA (underforstått Demokratane, Big Government og alt det andre vonde) og Kina, og ugrunna fiendskap med Russland. Andre tema er ikkje minst antisemittisme (der jødar og staten Israel flyt saman som krenkingsobjekt), høge straum- og bustadprisar, stygge bustadblokker og tvangssentralisering, det tåpelege ved det grøne skiftet, Nicolai Tangen som norsk oligark og Jonas Gahr Støre som underforstått Noregs Obama (og det er ikkje eit kompliment!), avmaskulinisering, og ikkje minst media får så hatten passar som folket sin fiende.[8]
Som sagt innleiingsvis: Rustad skyt rundt seg som ein full mann, og forsøkjer å ramma mangt og mykje. Slik både tåkelegg han det ekstreme ved synspunkta sine, for ein får knapt fordøydd eitt før det neste kjem, og han skapar ein følt heilskap av trugsmål, øydelegging, styringsinkompetanse og rein vondskap. Eit sentralt og gjennomgåande tema ved sida av sekularisering i regi av 68-arane, er at samfunnet vert brote ned og at Noregs befolkning er utryddingstruga på grunn av innvandring.
RUSTAD SKYT RUNDT SEG SOM EIN FULL MANN, OG FORSØKJER Å RAMMA MANGT OG MYKJE.
Nordmenn er ifølgje Rustad ei stamme med 3,7 millionar medlemmar. Men, hevdar han, det går føre seg ei befolkningsutskifting. Det vert færre og færre lyse, og fleire og fleire mørke. Hovudproblemet er likevel muslimane. Slaget ved Poitiers i 732, der kalifatet sin hær på den iberiske halvøya vart stoppa av riksforstandar Karl Martell i det franske riket, er nemnt fleire gonger. Det same er beleiringa av Wien av den otttomanske hæren i 1683.[9] No er Europa kringsett av muslimar nok ein gong.
Så langt nord som Skandinavia har ein òg levd med frykta for å verta tatt over, og no skjer det gjennom ei innvandring frå «shithole countries», som gjer at «[d]et blir stadig vanskeligere å benekte at vi står overfor en befolkningsutskiftning». Konsekvensen er at muslimar vert ein herskarklasse, og «kanskje er det nordmenn som etterhvert må gå med niqab for å slippe å bli tolket». For det «skal aldri stilles krav til dem [muslimar], kun til nordmenn», og styresmaktene arbeider heile tida for meir innvandring. Alt dette gjer at vi «beveger oss mot revolusjonære tilstander». Rustad stiller spørsmål om det er nettopp det styresmaktene ønskjer: «Er samfunnskollaps målet?»[10]

Dehumanisering og krig
Jamt over kan ein seia at Rustad i Redningsmannen presenterer synspunkt som ikkje mange deler. Det kan vera at ein er imot likekjønna ekteskap, utan at ein meiner samfunnet er styrt av antikrist. Det kan vera at ein meiner innvandringa til Noreg har vore for stor, utan at ein samstundes meiner at muslimar vert ein herskarklasse og at alle kvinner i Noreg i framtida kanskje må gå med niqab. Det kan vera at ein er kritisk til arva etter 68-opprøret, utan at ein meiner at likestilling er eit vonde. Det kan vera at ein er kritisk til korleis koronasituasjonen vart handsama, utan at ein meiner Covid 19-viruset vart produsert av USA og Kina og med vilje sleppt laus på samfunnet (med Bill Gates spøkjande i bakgrunnen).
Det er likevel ikkje synspunkta i seg sjølv som er årsaka til at eg innleia dette bokessayet med å seia at å lesa boka kjennest som å ta eit bad i kloakk. Det er lov å ha ekstreme synspunkt, og synspunkt som kan opplevast som krenkande. I alle fall 68-arane må leva med å verta mistenkjeleggjort og kritisert. Det må òg politikarar som Barack Obama, Joe Biden, Jonas Gahr Støre, Erna Solberg og Sylvi Listhaug. Det same gjeld òg pave Frans og Eirik Løkke, medan Jens og Camilla Stoltenberg må tola at det vert stilt spørsmål ved om samanhengen mellom hans rolle i krigen mot Ukraina og hennar rolle med å «rulle ut Pfizer-vaksinen»[11].
Derimot framhevinga av moskar med skytebane,[12] og alt som ligg i det av insinuasjonar, og at svarte som gruppe er så underlegne at dei må ha hjelp for å koma opp og fram, ligg tett opp til hatefull retorikk og rasisme. Det skal likevel få liggja. Det som gjer at Rustad si bok ikkje fortener karakteristikken ekstrem, provoserande eller tåpeleg, men i staden vert samanlikna med å ta eit bad i kloakk, er måten meiningsmotstandarar vert omtalt på, på toppen av fornærmande misnøye og insinuasjonar. Det er dette som gjer boka utåleleg, og at kvitvaskinga utløyser eit behov for å ta boka på alvor.
Lat oss byrja med spørsmålet: Kvifor har Gud intervenert i historia gjennom å ha valt ut og verna Trump slik at han kan redda den vestlege verda? For det fyrste fordi det finst mange vonde makter. Dette er, in order of appearance, Den administrative staten, Big Pharma, media, korrupte dommarar, venstresida, Kina, noen (litt ubestemmeleg, men like fullt), det militærindustrielle sensurkomplekset, Corporate America, Det norske utanriksdepartementet, byråkratiet, Big Government, mjukporno-fascistane, muslimar, the marginal class, Apple, staten, eliten, kommunisme, EU og Den liberale rettsorden, ved sida av einskildpersonar som Bill Gates, George Soros, Mark Zuckerberg, Marc Rubio, Mike Pompeo, og mange, mange andre (nokre av dei alt nemnt ovanfor, som Støre og Solberg).
Lista er ikkje fullstendig, men likevel lang nok til å visa at i Rustad si verd er dei få, oppvakte, moralsk gode omringa av fiendar: «Vi vasser i denne ondskapen hver dag. Vi er omgitt av den.» Hjelp er det ikkje å få av styresmaktene. I all hovudsak er dei i staden ein viktig årsak til denne vonde verda. Ein har sjølvsagt den litt mystiske og gjennomvonde «eliten», som vil smadra samfunnet som ein god heim. I tillegg er det slik at «i våre samfunn er det samfunnstoppene som er blitt lovbrytere», [p]olitikken går ikke lenger ut på å forbedre, men ødelegge samfunnet som menneskenes hjem».[13] Det vert mana fram ei kjensle av at det gode er trengt opp i eit hjørne. No gjeld det å slå i frå seg.
RUSTAD MEINER AT SAMFUNNET ER OFFER FOR EIN KONSPIRASJON.
Farleg retorikk
Motstanden mot det gode samfunnet er formidabel, og han er vond. Motstandarane er vonde og umenneske: «Disse menneskene, viss det er det de er».[14] Eller som det heiter om dei som Rustad meiner stod Trump imot: «De er ynkelige, maktsyke, hensynsløse mennesker som ikke påkaller noen sympati». Ved sida av gudlause og grenselause 68-arar, det som underforstått vert hevda å vera intellektuelt underlegne farga personar, innvandrarar frå «shithole countries», muslimar som driv med skytetrening ved moskeen og vil ha herredøme, så finst det altså slike vonde umenneske som ønskjer å bryta ned samfunnet som eigentleg fell utanfor kategorien «menneske». Det var slike førestillingar som Behring Breivik brukte til å forsvara at han tok til våpen og drap uskuldige menneske. Dette er farleg retorikk.
Rustad har òg ein regelrett krigsretorikk. «Sivilisasjonskrig» er eit eige kapittel i Redningsmannen. Samfunnet er eigentleg alt i ein borgarkrig. Trump sine motstandarar frå den djupe staten vert kalla «krigspartiet», som òg er ei eiga kapitteloverskrift. Motstandarane vert sagt å vera fascistar som ønskjer å knusa motstandaren sin gjennom «statsapparat og mobb». Rettsstaten er erstatta med ein politistat med korrupte dommarar, og ein har ingen tryggleik lenger. Det heile vert av Rustad kalla ein verdskrig, og ein permanent revolusjon.[15]
Det er «regimemedia og Demokratene» som i USA fører krig mot Trump.[16] Underforstått driv Trump og tilhengjarane hans ein forsvarskrig mot dei vonde, mot spottaren på trona. Dette vert underbygd av at Rustad skildrar Trump som ein som endeleg tok igjen, og at det no er «payback time» og tid for «historiens hevn». Det vert sagt at Trump er patriot og bryr seg om vanlege folk, men han vert òg framstilt som ei bølle som trengst for å tukta bøllene i kapitelet med den talande tittelen: «Trump – superbølla i en bøllete verden.» I tillegg til å vera ei bølle (som altså i denne samanhengen er noko positivt for Rustad), har Trump vinnarinstinkt og er velsigna av Gud. Utan at det er sagt eksplisitt, vert ideen om Trump som Guds utvalde kopla til «den norrøne kulturen trodde på lykke og lykkemann. De fulgte den lederen som hadde lykke med seg».
Det er altså generelt ikkje Trump sine god karaktertrekk som vert haldne fram som årsaka til at han er «supermann», men at han klarar å utmanøvrera CIA og FBI, at han er i stand til å overflørte Jill Biden, slik at verdas leiarar vil eta av handa hans på same måte som amerikanske oligarkar alt har kyssa ringen hans. Trump er «en American hero, Larger than life»[17]. Rustad vil i Redningsmannenstå fram som ein forsvarar av moral og eit godt samfunn, men er eigentleg berre ein dyrkar av makt. I ei bok der det vert skrive så mykje om moral, er moralen påfallande fråverande.
Det er altså hemn og krig mot det vonde Redningsmannen i botn og grunn handlar om. Meiningane til Rustad kan opplevast som krenkande i seg sjølv. Men sjølv om han utfordrar ytringsfridomen med nokre av meiningane sine, held han seg nok innanfor. Det er dehumaniseringa av meiningsmotstandarar og koplinga til vald som gjer boka problematisk og kan knytast til tankegods som samfunnet gjekk i tog for å avvisa etter Utøya.
RUSTAD SKRIV IKKJE FOR MEG. EG ER ELITE.
Frå kloakk til kompost
Eg har alt sagt at å lesa Redningsmannen er som å ta eit bad i kloakk på grunn av ekstreme meiningar kopla til dehumanisering av motstandarar og hemn- og krigsretorikk. Igjen kan ein spørja om det då ikkje er naturleg å avslutta bokessayet her med ikkje berre ein totalt slakt, men ein grunngjeven og veldokumentert slakt. Likevel har eg meir på hjarta. For trass ekstreme meiningar og hatefull retorikk kan boka mana til refleksjon og sjølvkritikk. Innimellom ligg det òg små hint om kvifor det finst ein frustrasjon der ute som gjer at Rustad si bok har eit publikum.
Rustad meiner at samfunnet er offer for ein konspirasjon. Gudlause og grenselause 68-arar, som truleg òg er kjernen i den samfunnsstyrande eliten, med forkasteleg seksualmoral, som har øydelagt naturlege hierarki og slik opna for likestilling, som heiar på innvandring og driv med befolkningsutskifting, står bak alt vondt frå Covid-19 til krigen i Ukraina, antisemittisme, stygge bustadblokker og det grøne skiftet. Samanhengen mellom dei ulike delane av konspirasjonen er aldri forklart. Samstundes er det påfallande at mellom alle dei usannsynlege konspirasjonane, så vert Epstein-saka ikkje nemnt. Truleg skuldast det at Trump var ein del av nettverket til Epstein, og det passar ikkje godt med helteforteljinga til Rustad. Det skal likevel få liggja her.
For det viktige er at Epstein-saka høyrest ut som ein ellevill konspirasjon, men er dokumentert gjennom tusenvis av dokument i rettssaker som enda med fellande dom. Det gjer ikkje andre elleville konspirasjonsteoriar meir sanne. Men det minner oss om at eit kvart samfunn treng brannvarslarar, òg av det meir hypersensitive slaget, om enn berre for å verta minna på at ein må vera vaken og seia ifrå. Elles kan folk som Epstein få øydeleggja mange liv før ein tek det heilt usannsynlege på alvor.
Sjølv om overgrepa er det alvorlegaste ved Epstein-saka, skal ein òg merka seg at han var navet i eit maktnettverk utan innsyn og kontroll. Rustad hevdar gong på gong at styresmaktene er lovlause og vonde, og går til åtak på einskildpersonar. Maktnettverket til Epstein og Epstein fortener slike karakteristikkar. Men dette opptar ikkje Rustad. Skuldingane hans vert derimot slengt ut mot alt og alle. Det næraste ein kan seia at han kjem problematikken, er at han tek opp at politikk har vorte glatt og uinteressant fordi han har gått gjennom kommunikasjonsrådgjevarkverna[18], og generelt gjev media det glatte lag som einsretta.
Ein generell og udefinert frustrasjon
Men dette er ikkje nært nok. For heilt lovlege og nødvendige maktnettverk, hjelpt fram av kommunikasjonsbransjen og sosiale og etablerte media, har skapt ein elite med god tilgang til det offentlege rommet, og stengt andre ute. Dette er ikkje ulovleg, og det er ikkje vondskap. Men det offentlege sin karakter av å vera ein meiningsmarknad der dei med mest kapital får største delen av marknaden, har auka med dei nye media. Dette er ein del av ein større tendens, der mange trudde dei nye kommunikasjonsmåtane skulle bidra til å opna opp den offentlege rommet, men i staden førte til ein føydalisering av det, som av andre deler av samfunnet.
Eg trur det er denne utviklinga som, meir enn noko, bidrar til å auka kjensla av å ikkje verta sett og høyrt i det offentlege rommet. Det beste ein kan seia om Rustad si bok, er at ho fungerer som ein brannvarslar for ein generell, og for mange udefinert, frustrasjon. Eg mistenkjer at noko av avmakta vert tatt igjen i avisene sine kommentarfelt og på ulike sosiale media, som igjen gjer at tilgangen til det offentlege rommet vert meir kontrollert og avgrensa.
Antikrist og Guds straffedom får meir plass i Redningsmannen enn problemet med så mykje lover og reglar at einskildmenneske sine liv kan verta øydelagde.[19] Akkurat som med Epstein-saka, lar Rustad her eit godt poeng forsvinna i virvaret av skuldingar mot alt og alle. Det er synd, for dette er eit reelt samfunnsproblem. I alle fall i over 25 år har norske politikarar hatt som ambisjon å redusera talet på lover og reglar for å gjera regelverket meir oversiktleg. Dei har ikkje lukkast. Bak Nav-skandalen låg nettopp eit uoversiktleg regelverk. Men Nav-skandalen er ikkje åleine.
Stadig dukkar det opp saker som viser at samfunnsberande institusjonar ikkje finn fram i regelverket dei skal bruka i samfunnsstyringa. I kjølvatnet er det individ som vert skadelidande, og i visse tilfelle får livet sitt heilt eller delvis øydelagt. Det at dette vert oppdaga, og retta opp, viser at både styresmaktene og media ikkje er vonde, slik Rustad hevdar, men at oversikt og kontroll er vanskeleg. Vi bryr oss likevel ikkje nok. Rustad si sinte bok slår i alle retningar, er ganske så ubrukeleg med tanke på samfunnsanalyse og systemfeiloppretting. Men den kan minna oss om at det burde skrivast fleire sinte bøker som tek opp reelle samfunnsutfordringar. Kor mange har for eksempel fått med seg alle feila Nav har gjort sidan Nav-skandalen gjennom feiltolkingar av det overveldande lovverket organet forvaltar?
Latterleggjort på Nytt på Nytt
Dette tek oss over til det siste og viktigaste, og det er Rustad sine potensielle lesarar. For Rustad skriv ikkje for meg. Eg er elite. No kan det verka merkeleg i ein norsk samanheng å kalla seg sjølv elite. Eg er ikkje del av noko maktnettverk. Noko riking er eg heller ikkje. Likevel er det viktig å erkjenna at eg er elite. Årsaka er at eg etter mange års arbeid har etablert meg som medieprofilert professor, og dermed har tilgang til mange media, kan hevda mine synspunkt og driva påverknad. Rustad skriv for gruppa nemnd ovanfor, som er frustrerte fordi dei føler seg oversett. Dei som ikkje har ei stemme som rekk ut i det offentlege rommet, og difor brukar kommentarfelta til å få ut frustrasjonen sine. Denne gruppa er stor. For stor. Langt, langt frå alle er Trump-tilhengarar som Rustad. Men det er mellom desse han ønskjer å rekruttera nye medlemmar i den norske avdelinga av MAGA-sekta.
Eg bur i ei lita bygd i ein liten kommune. Det er feil å seia at alle kjenner alle, men ein kan likevel trygt seia at dei lokale forholda er oversiktlege. Det gjer at eg òg kjenner og jamleg møter personar som kan vera publikum for Rustad si bok. Eg skulle ønskja eg kunne slå fast at dei alle er idiotar og ubrukelege menneske like lett som eg har kalla Redningsmannen kloakk. Men det kan eg ikkje. Dette er personar som gjer ein innsats i velforeininga eller er fosterforeldre. Dette er sjølvsagt svært anekdotisk. Men det gjer at å ta Redningsmannen på alvor ikkje berre kan resultera i ei kritisk analyse, men òg må lesast for å forstå kor mørket, mistrua, frykta og hatet kjem frå. Og dei anekdotiske observasjonen gjer at eg må sjå på meg sjølv like kritisk som eg les Rustad.
DEI OPPLEVER AT FRYKTA DEIRA FOR ROVDYR VERT LATTERLEGGJORT PÅ NYTT PÅ NYTT I BESTE SENDETID.
Framveksten av illiberale straumar, som Redningsmannen må koplast til, kan analyserast inngåande. Her er det tilstrekkeleg å peika på at ein føresetnad er at det finst ei taparkjensle i samfunnet. Ei kjensle av at ein har tapt på samfunnsutviklinga. I USA er dette for eksempel industriarbeidaren i rustbeltet og dei evangelisk kristne. I Noreg finst det òg grupper som føler at dei har tapt. Det er her, som i USA, dei bokstavtru bibeltolkarane som må leva med abort og likekjønna ekteskap. Det er dei som søkjer Nav om stønad, og føler seg mistenkjeleggjort og fanga i eit uforståeleg reglehelvete. Det er småbedrifter som må tola konkurranse frå land i EØS-området med lågare løn og levestandard, og som slit med den omfattande lovreguleringa av all økonomisk verksemd. Det er dei som bur på landsbygda og opplever at ungdommen ikkje flyttar tilbake, at skule og sjukeheim vert nedlagt, og at huset eller garden deira mister sin verdi i takt med folketalsnedgangen. Eller dei som opplever at frykta deira for rovdyr vert latterleggjort på Nytt på Nytt i beste sendetid.
Lista kan gjerast lenger. Noko av dette er tema i nokre av dei mange utfalla Rustad gjer mot alt og alle i Redningsmannen, som byråkrati, det alt nemnde regelhelvetet og bustadmarknaden.[20] Men alt som har med menneskeverd og ressurstilgang, druknar i grumset om sekularisering og innvandring, som for Rustad er årsaka til den vonde verda. Når Rustad sin brutale retorikk og ropet på hemn kan ha ein appell, må det forståast i lysa av hjelpeløysa til dei som føler dei har tapt på samfunnsutviklinga.
Minoritetar har rettar gjennom konstitusjonelt grunnlovsvern. Slik må det vera for at fleirtalsstyret ikkje skal verta eit fleirtalstyranni. Men dei som tapar på samfunnsutviklinga, som vi kan kalla politiske taparar, har ikkje noko vern. For eksempel målarfirma som tapar på at EØS-avtalen opnar opp den norske marknaden for konkurranse frå land med lågare løn og lågare levekostnadar, har ingen dei kan klage til. Fleirtalet bestemmer, og dei tidlegare målarane må ta seg ein langt dårlegare betalt jobb med å selja måling i byggefirma. Slik er samfunnsevolusjonens harde lov. Slik er politikken. Slik er det berre. Men må det vera slik? Lat oss sjå på eit anna døme før vi svarar.

Demokratiet er marknadsdrive
Bustadmarknaden vert i forbifarten nemnt i Redningsmannen. Den vart på 1980-talet sleppt fri i Noreg. Målet var at veksten i ein fri bustadmarknad ville bidra til å skapa vekst i økonomien generelt. Det har skjedd. Og det er bra. Men det har òg ei bakside. For det fyrste fører auka bustadprisar til at det vert stadig dyrare å leiga husvære og stadig vanskelegare å koma inn på bustadmarknaden. Dette skapar problem for dei unge, som må leiga fram til dei kan kjøpa eigen bustad. Dette kan gjera at dei utset å få barn, og slik bidra til låge fødselstal i ei tid med akutt behov for arbeidskraft og skattebetalarar.
Vidare gjer det at pressområde risikerer å ikkje få den arbeidskrafta dei treng fordi potensielle arbeidstakarar ikkje har råd til å bu i området. Og det fører til større økonomiske forskjellar, fordi dei med bustad i høgverdiområde har opplevd at deira bustad vert langt, langt meir verd enn den i lågverdiområde. Dette gjer igjen at bustadmarknaden vert enno meir i ubalanse, fordi dei som opplever høg vekst i verdien av deira bustad kan hjelpa sine barn inn på bustadmarknaden, noko dei med bustad i lågverdiområde ikkje kan.
Slik kunne eg ha halde fram, og gjort at kjensla av at ein må gjera noko berre aukar hos deg som lesar. For når evolusjonens harde lov påverkar stadig fleire, så får ho ikkje rå åleine lenger. Det må altså ikkje vera slik at dei som tapar på samfunnsutviklinga berre må tola å leva med tapet. Kan ein gjera tapet stort nok og alvorleg nok for mange, så vil det koma politiske tiltak. Er det noko slik potensielle lesarar av Redningsmannen håper på? At dei ikkje interesserer seg for om det som står er sant eller ei, berre slike synspunkt lagar nok støy til at noko skjer politisk som gjer at dei kjem med på samfunnsutviklingssporet igjen?
MEN KAN EIN PRØVA LITT HARDARE?
Vi kan altså slå fast at politikken ikkje har ein slik moralsk dimensjon at dei som taper på samfunnsutviklinga, kan håpa på hjelp utan at mange nok vert ramma av årsakene til tapet deira. Men spørsmålet er altså om politikken burde ha det? For å svara på det, kan vi gå tilbake til det moderne demokratiet sine røter og boka Lovens ånd av Charles Montesquieu frå 1748. Denne boka er fundamental for utviklinga av det liberale demokratiet med tredeling av statsmakta. I følgje Montesquieu kunne berre eit folkestyre fungera om dei med stemmerett hadde virtu, som vil seia dygd. I ein fotnote forklarar han seinare at dygd er evna til å setja andre sine interesser før sine eigne.
Slik kunne Montesquieu tenkja, fordi han meinte det fanst ei fornuft som alle kunne erkjenna trass eigeninteresser. Denne tanken gav ein opp på slutten av 1800-talet med innføringa av allmenn stemmerett fordi arbeidarar og fabrikkarbeidarar, bønder og handelsmenn så opplagt ikkje hadde same mål for politikken, og kvar gruppe stemte i tråd med sine interesser. Dermed vart det klart at demokratiet ikkje var fornufts-, men marknadsdrive, styrt av demokratisk tilbod og etterspurnad. Er billigare tenester meir etterspurt enn lokal handverkarstand, så vinn interessa for billigare tenester. (Om ikkje eit lite parti kjem på vippen i parlamentet og kan tvinga gjennom særinteresser.)
Vil ha mest mogleg frustrasjon
Men kor skal frustrasjonen til dei som tapar interessekampen kanaliserast? Redningsmannen tener som ein frustrasjonskanal. I USA tener derimot dei same tankane som Rustad fremmar som ein politisk maktfaktor. Ikkje fordi ei gruppe sin frustrasjon har vorte mektig nok til å skipla om på heile det politiske systemet, men fordi Trump har klart å transformera seg og si politiske plattform til ein gigantisk frustrasjonskanal for mange grupper som eigentleg har lite til felles, for eksempel evangelisk kristne og industriarbeidarar i rustbeltet.
Det er i eit slikt perspektiv ein må forstå Rustad sine utfall i absolutt alle retningar i Redningsmannen; han er truleg mest opptatt av muslimar og innvandring, men skyt i alle retningar for å kanalisera mest mogeleg frustrasjon, og slik samla mest mogeleg styrke bak sitt politiske prosjekt. Det viktige i denne samanhengen er at då vert det ikkje lenger berre eit moralsk spørsmål om politiske taparar skal ha vern, men eit spørsmål om å bevara demokratiet, fordi elles vert det sårbart for demagogar som nettopp Trump.
Mot dette kan ein innvenda at ingen kan gjera alle til lags. Det er rett. Òg i politikken. Men kan ein prøva litt hardare? I staden for eit marknadsdemokrati der det til sjuande og siste vert eit spørsmål om «dominer eller bli dominert», burde vi ikkje ha eit deltakardemokrati sentrert rundt erkjenninga «sjå og bli sett». Om ein ikkje vil gjera det av idealisme og på grunn av omsorg for andre, så i alle fall for behovet for demokratiske stabilitet? Då hadde vi kanskje ikkje hatt ein Donald Trump å slita med. Og vi hadde ikkje hatt Redningsmannen av Hans Rustad.
[1] Rustad 2025: 186, 209, 211 og 231, og 21: «Det er særlig misbruket av barna, seksuelt og identitetspolitisk, som utløser Guds straff.»
[2] Rustad 2025:172.
[3] Rustad 2025: 172, [5], 109, 148, 179 jf. 53, 21, 139, 208 og 215.
[4] Rustad 2025: 171 og 109, 164 (implisitt sagt), 186, 10 og 217.
[5] Rustad 2025: 235 jf. 92, 229, 18 og 43, og 18.
[6] Rustad 2025: 166, 171, 177 og 234.
[7] Rustad 2025: 164-165 og 179.
[8] Rustad 2025: 193 jf. 109, 203, 11, 44, 202, 58, 120, 156 (men sjå òg s. 37 for kritikk mot Putin og hans Russland), 19-20, 50-52, 85-88, 104-107, 202, 235, 154 og 185, 187, 182, 45 jf. 22, 11, 22 jf. 145, 179 og 28 jf. for eksempel s. 80, 139 og 145.
[9] Rustad 2025: 128, 28, 52, 53, 88 og 53.
[10] Rustad 2025: 27, 120, 27 jf. 159 og 205, 130, 133, 129, 127 og 184.
[11] Rustad 2025: 13 og 44, jf. 105 (Solberg), og 56 (Lysthaug), 22 (pave Frans), 13 (Løkke) og 13.
[12] Rustad 2025: 204.
[13] Rustad 2025: 12, 15 jf. 50 og 103, 28 jf. 98, 38, 56, 57, 79, 87, 92, 116, 130, 152, 168, 169, 178, 196, 216, 44, 66, 83, 231, 234 og 211.
[14] Rustad 2025: 12 og
[15] Rustad 2025: 80, 29, 79, 33, 113, 209, 172, 109 og 155.
[16] Rustad 2025: 9, 115 og 213. Seinare på s. 213 seier Rustad at det er venstresida som fremmar borgarkrigsnarrativet. Det er vanskeleg å forstå logikken i denne utsegna, sidan Rustad gong på gong seier at krigen er i gang, og ikkje at den berre er eit narrativ.
[17] Rustad 2025: 72, 44, 198, 192, 196, 18, 41, 99 og 39.
[18] Rustad 2025: 120.
[19] Rustad 2025: 79.
[20] Rustad 2025: 92 og 187 (byråkrati), og 79 (lovar og reglar). Bustadmarknaden er det referert til tidlegare.


