Av Anita Nordeide
Hytta ber på mange minne: om lange skiturar med mor og far, morgonbad med syskenbarn og kveldsfiske med veslebror. Kva kan hytta fortelje om slekt og familie, og relasjonane mellom oss?
Anita Nordeide (f. 1985) er stipendiat i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo. Ho skriv doktoravhandling om slektskap og familierelasjonar i det norske hyttelivet.
Far og eg. Vi ror båten nede på sjøen. Lett sumarregn dryp på kjaken. Vatnet og fjella rundt er blåe, grønfargen er på sitt skarpaste no. Framfor oss – ein lilla rododendron. Han brettar seg ut, ser ut som ein skog. Og ved sida av buskaset: hytta. Skifertaket er intakt, men den ein gong raude målinga flassar. Trappa er på skakke. Hytta er grå og gamal. Kven tek vare på deg? Eg ser på far min og fyllest med vemod. Han er gamal, han òg. Snart er han ikkje i stand til å ta vare på hytta.
Kva er det med hytta, og kvifor vekkjer ho så mange kjensler, så mykje omsorg og omtanke? Som om ho var ein nær slektning. Vi ynskjer at ho skal ha det bra. Vi kjenner gleda, men òg børa. Det dårlege samvitet som gneg, fordi vi heller ikkje dette året har beisa deg, skifta taksteinen og hogge trea som skjermar for utsikta.
Kva gjer hytta med oss? Korleis kjennest og verkar ho i livet vårt?
KULTURFORSKING
I forskinga mi er det nett slike relasjonar eg er oppteken av. I løpet av det neste året skal eg vitje mange hytter i ulike delar av Noreg. Eg skal prate med fleire som høyrer til på desse hyttene og vere med dei i dugnadsarbeid, frukostar på trammen og krabbefiske om kvelden. Alt for å forstå korleis hyttene kan seie noko om tilhøyret mellom familie og slekt, og generelle trekk ved norsk slektskap. I denne teksten vil eg fortelje om nokre hytter og menneske eg alt har vitja, og nokre tankar eg har gjort meg etter desse møta.
Forskinga mi er del av det sosialantropologiske prosjektet «Materialisering av slektskap. Norske hytter i eit livssyklusperspektiv», ved Universitetet i Oslo[1]. Målet med forskinga er å undersøke kva norske hytter har å seie for tilhøyr i slekta, kva hyttene kan fortelje om norsk slektskap, og om familierelasjonar. I prosjektet studerer vi hytter i ulike delar av Noreg, med ulike familiekonstellasjonar, eigarskap og grad av konflikt. I doktorgradsprosjektet mitt vil eg sjå på kva hyttene betyr for relasjonar mellom eldre og tilkomande slekter, og kva ho har å seie for å innlemme og verte innlemma i ei slekt.[2]
I faget mitt, sosialantropologi, studerer vi menneske og menneske som del av eit sosialt fellesskap. Antropologar prøver å forstå menneska sine kvardagsliv, farga av ulike kulturelle perspektiv. Antropologar jobbar kulturrelativistisk, det vil seie at vi prøver å forstå kulturar på deira eigne premissar og ikkje frå vår eigen ståstad. For meg vil det seie at mi forståing av kva ei hytte er og kva ho har å bety, ikkje nødvendigvis kan overførast til informantane mine.
For det meste forskar vi gjennom feltarbeid. Tidsrommet for feltarbeidet varierer mykje ut ifrå kva vi studerer, men for stipendiatar varer feltarbeidet som oftast eitt år. I denne perioden er det deltakande observasjon som gjeld. Det vil seie at vi tek del i kvardagslivet til informantane så mykje som mogleg, avhengig av kva vi vil granske. I tillegg til det folk fortel, og handlingane deira, er vi interesserte i tinga, gjenstandane, den materielle kulturen som folk nyttar og lever saman med. I feltnotata våre vert ikkje berre samtalar notert, men skildringar av samhandling mellom folk, relasjonar, gjenstandar, landskap. Nærmast som ei dagbok – heile tida med eit analytisk blikk. Ingenting er for lite eller for stort til å noterast; kva som er relevant, vil vise seg når vi gjennomarbeider materialet.
Eg les gjennom tidlegare studiar av norske hytter. Hytta har blitt studert som ein stad for sportsaktivitetar, naturopplevingar og det å kome tilbake til det rurale (Vittersø 2007, Kaltenborn 1998). Mykje av forskinga i Noreg er gjort av Norsk senter for bygdeforsking, der endring av hytter har stått på dagsordenen, illustrert gjennom boktitlar som Norske hytter i endring (Gansmo, Berker, Jørgensen 2011) og Rurale brytninger (Haugen og Stræte 2011). Det har derimot vore lite søkelys på hytta si rolle for familie og slektskap.
Slektskapsstudiar i Noreg, og i Skandinavia, er eit lite dekt tema i antropologien (Gullestad 1997), med unnatak av boka Blod tykkere enn vann – Betydninger av slektskap i Norge, frå 2001 (Howell og Melhuus 2011), og Åsa Boholm si bok Swedish Kinship. An Exploration into Cultural Processes of Belonging and Continuity (Boholm 1983). Det er difor på høg tid at det kjem ein dekkande antropologisk studie av norsk slektskap i dag.
I Noreg i dag er det registrert 420 000 hytter og fritidsbustadar (Steinset 2016). Veldig mange av oss høyrer difor til på ei hytte – anten vår eiga hytte, foreldra si eller ei som fleire sysken har på deling. Ofte tyder hytta mykje for folk. For nokre er ho umisseleg. «Kan du skildre kva hytta betyr for deg», spør eg. Då vert folk ettertenksame, auga flakkar. Pengar er det ikkje, seier dei. Hytta er så mykje meir, noko som det ikkje alltid er like enkelt å skimte. Ho er eit mylder av sprinkelsenger, hyttebøker, gamle ski, slitne teikneseriar, termosar, kart og kvilesteinar.
BERRE EIT HUS?
«Det er berre eitt hus. Det er jo ikkje eit menneske. Det er det eg prøver å seie til meg sjølv», mumlar ei eldre kvinne ut i lufta, ho vurderer om ho skal selje hytta eller ikkje, grublar fram og tilbake. Kva skjer om ho sel?
Ein regnfull sumardag tek ho meg med for å syne meg hytta si. Det er ikkje enkelt for henne å vere der, samstundes som ho veit at om ikkje lenge er hytta kanskje ikkje lenger hennar. Ho køyrer meg alle stadar. Viser meg gravplassen til oldeforeldra, dei som bygde hytta. Attende i hytta syner ho meg familieveggen. Ein heil vegg med bilete av dei som tidlegare har høyrt til her. Ho tek ned eit av dei, forklarar historia. Alle tinga ber med seg ei historie, ein augneblink.
Borna har ikkje lenger tid til å kome, ikkje barneborna heller. Ho er trist, skulle så gjerne ynskje at dei var her, at dei brukte hytta, dei òg. Kan hende skal ho like godt selje? Eller, kanskje bør ho halde på hytta likevel, kanskje dei eingong i framtida vil vere her? I tankane om det umisselege må ein likevel vurdere kva ein kan gje slepp på. Juridisk er det eit enkelt val. Moralsk er det ikkje det. For kva med Olaf, som akkurat er fødd, skal ikkje han få oppleve barndomen her? Og kva ville oldemor ha sagt, dersom alt ho har bygd opp, forsvinn til ukjende?
Kva er det denne kvinna vil fortelje meg, spør eg meg sjølv.
Det handlar om tette band mellom eigedom og slektskap, som om eigedomen er slekta. Ved eit tenkt sal er det mange omsyn som skal vurderast. Salet kan bli teke i samråd med slekta, sysken, syskenborn, born – og med omsynet til forfedrane, og kva dei hadde tykt. Hytta er som ein gard som har vore i familien i fleire generasjonar. Samfunnsgeografane Frode Flemsæter og Gunhild Setten forklarar i artikkelen «Holding Property in Trust: Kinship, Law and Property Enactment on Norwegian Smallholdings» kvifor det er så vanskeleg å selje småbruket ut av slekta, sjølv om det økonomisk sett ville løne seg. Dei hevdar at familie og slekt vert skapt gjennom delte minne, objekt og hendingar. Og at det ved vegring mot eventuelle sal av eigedom handlar om ansvar for tidlegare, noverande og framtidige generasjonar. Og difor tillet dei at eigedomane står til forfall i år etter år – i håp om at ein slektning ein dag vil ta over (Flemsæter og Setten 2009). Det skjuler seg med andre ord noko større og djupare i ein eigedom. Eit hus er ikkje berre eit hus.
Hytta lever lenge. Ho har vore der så lenge, for mange: heile livet. Kanskje var det ein bestefar som banka inn dei fyrste spikrane, ei bestemor som steikte svelene her, og som strikka dei varme pledda. Her er dei finaste dagane, men òg dei tunge. Når nokon vandrar ut av livet, slik at ein knapt klarer å reise attende. Eller når mannen ikkje lenger vil.
Hytta er med oss heile livet. Her står tida stille. På hytta er alt som det plar vere, sjølv om livet heime endrar seg. Og let vi att augo, kjem minna fram. Hyttebøkene er fulle av dei; sirleg nedskrivne forteljingar om bestefar som lærte oss å hogge ved og å spikke seljefløyte, den som gav dei vakraste tonar. Her er forteljingar om pappa som gav stilpoeng for beste skihopp, med kommentatorstemme som om det skulle vore i Garmisch-Partenkirchen. I hytteboka les eg om tante – den dårlegaste taparen i kortspelet, om augustkveldar med blåe hender etter bærplukking. Og om molta.
Måltid. Kveldsbad. Vedhogst. Slik vert slekta skapt og attskapt gjennom handlingane vi gjer saman. Under hyttetaket deler ein bustad med tanter, onklar, syskenborn. Nokre i slekta treftest mest berre på hytta, som til dømes syskenborna, som bur på kvar sin kant av landet, og onkel i England – som var heim att i påska. Hytta er ingen og alle sin heim, på same tid.
Å SLEKTE SEG
I hylla mi står det mange antropologiske bøker. Fleire av dei har titlar om slektskap. Tidlegare var faget nærmast besett av ulike teoriar om slekt. Anten for å forklare den sosiale organisasjonen i eit samfunn, eller for å granske ekteskapsmønster, til dømes kven som giftar seg med kven. Nyare antropologiske tankar forfriskar dette temmeleg rigide tankesettet. Eg bler gjennom artikkelen «Kinning: the Creation of Life Trajectories in Transnational Adoptive Families» av antropologen Signe Howell. Eg stoggar ved det engelske ordet kinning. Howell nyttar omgrepet for å skildre prosessen der ein nyfødd eller ein ukjend person vert bringa inn i ein relasjon med ei gruppe, uttrykt med eit slektsspråk (Howell 2003:465). Eg lurer på korleis vi kan omsette omgrepet kinning til norsk. Å slekte seg?
Å slekte seg er noko anna enn å vere i slekt. Det er korkje stabilt eller ei eingongshending, men ein kontinuerleg, livslang prosess. Når vi i daglegtale spør kvarandre om slekt, seier vi ofte: «Kven er du i slekt med?» Men kva skjer når vi ikkje lenger ser på slekt som noko som er gjeve og bestemt på førehand, men i staden noko som er foranderleg og dynamisk? Kan vi, i staden for å snakke om slekt som noko ein er, snakke om slekt som noko vi gjer – at vi slektar oss?
Dette såkalla relasjonelle perspektivet på slektskap har antropologen Janet Carsten sett nærmare på. Ho forskar på kvardagsaktivitetar som det å vere, ete og bu saman, og hevdar at det er i handlingane slektskapsrelasjonar vert etablert (Carsten 1997). Alle desse småtinga som ein ikkje alltid merkar, tenkjer på – det er dei som skapar dei nære relasjonane mellom folk, og som blir kalla slekt. Hytta er ein stad der slekt vert stadfesta, gjennom at relasjonar kontinuerleg blir skapt og gjenskapt, og slik er med på å oppretthalde slekta.
Antropologen Simone Abram, som fylgjer Carsten sine tankar, meiner at hytta kan vere eit fint døme på korleis ein held slekta saman. Både ved at dei som høyrer til slekta, møtest der, og gjennom at dei tek vare på henne saman, til dømes gjennom vedlikehald. Ho hevdar at delt eigarskap mellom fleire i slekta kan vere ein måte å forlenge relasjonane mellom sysken, etter at foreldre er borte, eller mellom fleire generasjonar. Slik kan ei familiehytte bli forstått som ein stad med ynske om å samle familien. Samstundes vrir ho på det, og ho hevdar at hytta på same tid kan føre til det motsette, at det å slekte seg kan stogge ved arvestrid og konflikt (Abram 2014).
Utan å tenkje seg om veit ein korleis ein skal te seg på hytta. Tilvenjinga skjer frå ein er liten. Korleis ein, nærmast som eit instrument, stemmer seg etter syster si, og sidan etter resten av slekta. Innlærte rørsler. Måten ein går på, kva ein gjer, korleis ein gjer det, kor ein går. Eit mønster, ein rutine. Kva soverom som er sitt, og kva for rom som høyrer til dei andre. Dynetrekket som mest aldri blir vaska, men som likevel ligg der og ventar til neste besøk. Å verte sosialisert inn i slekta, å verte slekta, vert forsterka på hytta der heile familien og slekta kjem saman år ut og år inn. Dei same handlingane, igjen og igjen, berre endra med tidene på året.
Arr i kjøkenbordet frå kaffikjelen som brende seg fast, klistremerke på køyesenga, lukta i vedskjulet. I kvar detalj ligg ei soge. Og hytta tek vare på det, ber spora frå slekta med seg vidare. Slik vert slekta materialisert i hytta. Både i det som allereie er, som ein stad for å minnast, men òg i det daglegdagse som vert skapt undervegs. På avstand ser det ut som om hytta, ho står. Men hytta lever, i fysisk forstand. Materialet er levande, til dømes ved at treverket rotnar, dersom vi ikkje beisar henne, når mose gror seg til på taket, når vi ikkje lenger brukar henne, eller ved nye tilbygg når fleire ungar kjem til, eller besteforeldre ynskjer ro.
I boka About the house: Levi Strauss and beyond opnar forfattarane Janet Carsten og Stephen Hugh-Jones opp studiar av slektskap, ved å sjå på samspelet mellom bygnadar, folk og idear. Dei er inspirert av antropologen Claude Levi-Strauss sitt konsept om «hus-baserte samfunn», og viser korleis slekt og slektskap blir skapt og reprodusert gjennom og saman med bygnadar, på ulike måtar. Dei viser korleis folk, både ektefolk og sysken, gjennom å dele på dei same husa eller å bygge hus saman, skapar nære relasjonar (Carsten og Hugh-Jones 1995). Levi-Strauss meinte at husa var meir enn fysiske strukturar, at husa var kjerne for sosial organisasjon (Levi-Strauss 1983).
ATTENDE PÅ HYTTA
Slik tenkjer òg antropologen Gunnlaug Daugstad om gardsbruket i Noreg. Ho skriv at «gardsbruket blir meir enn ein bygning, ein opphaldsstad eller ei gruppe menneske, for gardsbruket kan samstundes bli forstått som ein metafor for ei sosial organisering som personifiserer bandet mellom tidlegare og framtidige generasjonar» (Daugstad 2009).
Attende på hytta. Er det mogleg å tenkje seg at folk og hus og tankar er fletta saman, og ikkje berre finst åtskilde? Og at vi vert slekta inn i dei praktiske og fysiske handlingane?
Dei materielle gjenstandane på hytta, og hytta i seg sjølv, kan i nokre tilfelle verke som eit museum. Hytta vert som ein minnestad, ein stad å minnast tidlegare generasjonar, og ein stad å vidareføre dei same minna til nye generasjonar. Hytta vert eit kikhol inn i familiesoga.
Ting vert viktige. Gjenstandane var kanskje ikkje innkjøpt særleg til hytta. Ofte er gjenstandane på hytta ei samling av eldre, utdaterte gjenstandar frå heimen. Verdsett er dei likevel (Garvey 2008). Og ofte må dei stå urørt. Frå dei minste detaljar og gjenstandar, til dei store møblane. I ei slektshytte har tinga nærmast grodd fast, og for dei som kjem utanfrå, er det nærmast umogleg å endre noko som helst. Eg høyrer historier om bestemødrer som ikkje lenger har helse til å kome seg på hytta, men som like fullt bestemmer og tek avgjerdene. I hytteveggane murrar respekten for nokon som er ute av verda.
Vert vi så hemja av dei som ikkje lenger rår her? Kjensla av at nokon ikkje likar det vi gjer, påverkar oss kanskje meir enn ein skulle tru. Å leve sitt eige liv er ikkje alltid enkelt der tradisjonane og reglane tek stor plass. Stundom kjennest det ut som om dei avlidne så å seie trengjer oss ut. At det er deira liv vi lever: ikkje flytte på stolen, ikkje skifte gardinene, og for all del ikkje selje. Kvifor denne redsla? Den danske antropologen Bodil Selmer har intervjua danskar om forholdet deira til arvestykke. Ho hevdar på liknande måte at arv kan opplevast som ei byrde, at dei kan hindre ei fri livsutfalding. Ho skriv at dei materielle gjenstandane, arven, er som ei gåve som vi er forplikta til å gjengjelde, gjennom å minnast dei døde, og ved å ta vare på deira materielle gjenstandar (Selmer 2014).
Å KOME INN I SLEKTA
Kva skjer når nokon utanfrå kjem på besøk, når nokon utanfor slekta tek del i noko som ein sjølv ikkje er van med – utan minna og kjenslene, rørslene og rytmen og tinga som ein ikkje kjenner historia til?
Vi vert underlagt normene til dei andre, til slektsnormene. På same tid vert alt det som er så logisk og klårt for hyttebrukarane, utfordra når nye personar kjem inn – i hytta og i slekta. Då merkar ein det særskilde for denne hytta, skikkane og tradisjonane for slekta og familien. Gnissingane som kjem snikande då. Oppvaskkluten ligg på feil stad, og vatnet er ikkje henta. Alt er visst ikkje så sjølvsagt likevel.
Ut frå erfaringane mine kjem ikkje spenningane i det å slekte seg fram i hyttebøkene. I hyttebøkene er det andre sider som kjem fram: harmonien og dei hyggelege delane av hyttelivet. Hyttebøkene gjev liten plass til krangling, irritasjon, eller den dårlege stemninga.
Denne spenninga, som ofte oppstår når folk giftar seg inn i ein familie, eksisterer krysskulturelt. Dei inngifte er i ein slags mellomposisjon, som del av den nye familien, og frå utsida. For mange er hytta så viktig at ho vert jamstilt med ein familiemedlem. Å ikkje like hytta inneber å ikkje like familien. Difor er hytta sentral i det å slekte seg. For det å slekte seg, det kostar, både for ein og hin. Både for den som skal innlemmast i slekta, og dei som skal innlemme ein tilkomande slektning.
Vi ror attende, heimover. Sjøen er framleis roleg, årene glir smidig i vatnet. Den forlatne hytta vert mindre og mindre for kvart åretak. Far snur seg. Før var det så fint der, seier han – som ein gong bygde henne, og som var der mest heile tida. Han hadde ikkje bil, den gongen, men gjekk til fots frå jobb kvar fredag. Og her var så mange; små og store. Så mykje liv! Og no? Ingen. Eg sit stille, held fram med å ro. Blikket hans treffer mitt. Eg ser eit lys i auga hans. «Men du då, kan ikkje du ta vare på hytta?»
KJELDER
- Abram, S. (2014). Values of property: Capitalisation of kinship in Norway. Journal of Tourism and Cultural Change, 12 (3): 1–14.
- Boholm, Å. (1983). Swedish Kinship. An Exploration into Cultural Processes of Belonging and Continuity. Göteborg: Acta Universitas Gothoburgensis.
- Carsten, J. (1997). The Heat of the Hearth: The Process of Kinship in a Malay Fishing Community. Oxford: Clarendon Press.
- Carsten, J., og Hugh-Jones, S. (1995). Introduction. I: About the House: Lévi-Strauss and Beyond. Cambridge: University Press.
- Daugstad, G. (2009). Til odel og eige? Slektskap, jord og arv på gardsbruk i ei vestnorsk bygd. Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen.
- Flemsæter, F., og Setten, G. (2009). Holding property in Trust: Kinship, Law and Property Enactment on Norwegian Smallholdings. Environment and Planning A. Vol 41, Issue 9, 2267– 2287.
- Gansmo, H.J., Berker, T., Jørgensen, F.A. (red). (2011). Norske hytter i endring: Om bærekraft og velbehag. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag.
- Garvey, P. (2008). The Norwegian country cabin and functionalism: a tale of two modernities. Social Anthropology, 16: 203–220.
- Gullestad, M. (1997). From ‘being of use’ to ‘finding oneself’: dilemmas of value transmission between the generations in Norway. I M. Gullestad og M. Segalen (red.), Family and Kinship in Europe. London: Pinter, s. 202–218.
- Haugen, M.S., og Stræte, E.P. (red). (2011). Rurale brytninger. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag.
- Howell, S. (2003). Kinning: Creating Life – trajectories in Adoptive Families. Journal of the Royal Anthropological Institute (N.S.) 9 (3): 465–84.
- Howell, S., og Melhuus, M. (2011). Blod tykkere enn vann – betydninger av slektskap i Norge. Bergen: Fagbokforlaget.
- Kaltenborn, B.P. (1998). The alternate home – motives of recreation home use. Norsk Geografisk Tidsskrift 52: 121–34.
- Levi-Strauss, C. (1983). The Way of the Masks. Seattle: University of Washington Press.
- Selmer, B. (2014). Arvegods, Om ting, forfedre og etterkommere. I O. Høiris, T. Otto, A.B. Rolsted (red.), De Dødes Liv. Aarhus Universitetsforlag, s. 105–110.
- Steinset, T.A. (2016). Kven kjøper fritidseigedom? Mange drøymer om hytte – kven gjer draum til røyndom? Statistisk Sentralbyrå. Henta frå https://www.ssb.no/bygg-bolig-og-eiendom/artikler-og-publikasjoner/mange-droymer-om-hytte-kven-gjer-draum-til-royndom
- Vittersø, G. (2007). Norwegian cabin life in transition. Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism 7 (3): 266–80.
NOTAR
[1] Deltakarane i prosjektet: Professorar Marianne Lien og Simone Almond Abram, vitskapleg assistent Catharina Bjerke Sletner og stipendiat Anita Nordeide.
[2] Prosjektet er eit samarbeid mellom Sosialantropologisk institutt og Norsk Folkemuseum, sjå link: www.sv.uio.no/sai/forskning/prosjekter/matkin/