Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Det gløymde folket

Av Olav Norheim

Det bur eit gløymt folk blant oss, eit folk som lever isolert, gjerne langt til fjells, ikkje i vanlege hus, aldri lenge på same staden, eit folk som gjer så godt dei kan. Dei vil bidra og gjera nytte for seg, dei vil sjå og bli sett.

Olav Norheim (f. 1951) er journalist og faglitterær forfattar. Han har mellom anna vore redaktør for Norsk Barneblad i åtte år. Siste boka hans er Susen av Garlistuten, historia om den gjæve fela til Jørn Hilme (2015).

Så la oss sjå.

Det er gale å bli gløymd, ille å vera utan påverknad. Det kan utvikle seg parallelle samfunn utav slikt. Og det er fare for at vi får det, trur eg. For vi har eit gløymt folk blant oss. Eg tenkjer ikkje på det nye tenarskapet frå Aust-Europa. Ikkje dei bortpå vestsida heller. Og ikkje haugafolket.

Det er hyttefolket. Seriøst? Ja, dei vil ha det til det. Eller vi. For eg er ein av dei, og derfor skriv eg også her i eg-, du- og vi-form, om einannan. Men eg må innrømme, eg kjenner meg ikkje heilt igjen, og heller ikkje heilt gløymd, i alle fall ikkje fordi eg har hytte. Men andre tek det tyngre enn eg. Audun Bringsvor, leiaren for Norsk Hyttelag, til dømes. «Hyttekommunene har glemt halve befolkningen», skriv han i fleire regionale utgåver av Din lokale hytteguide i fjor.[1]

I mange kommunar er vi nemleg fleire hyttebuarar enn fastbuande. Og vi skal vera gløymde fordi det står så lite om oss i kommunale planar og strategiar som gjeld hyttene våre. Vi får ikkje den plassen vi meiner vi fortener, blir sjeldan og aldri inviterte i politiske møte, og blir sjeldan lytta til. Ein vertskommune skal lytte lågt og høgt. Det kan vel aldri vera at vi ventar oss for mykje av kommunen der vi har hytte?

SIDESTILTE BUSTADER

Forresten så kallar vi ikkje hytta for hytte lenger. No heiter det «sidestilt bustad». Både Norsk Hyttelag og Valdres Næringshage nyttar dette omgrepet.[2] Forskarar også, etter kvart. Dei fastbuande nede i dalen skal framleis få vera fastbuande. Så hald deg fast og ver budd på alt. 

Hytta er altså inga hytte i tradisjonell forstand, hytta er sidestilt bustaden heime, og dei på hytta er ikkje hytteturistar eller hytteeigarar, men «deltidsinnbyggjarar». Vi er mange som etter kvart er deltidsbuarar i sidestilte bustader til fjells. Vi bur på deltid og halvtid i det indre Austlandet, Fjell-Noreg, fjellstroka innanfor, kall det kva du vil. Frå Trysil i aust til Tyin i vest går det no eit langstrekt hyttefelt med meir enn hundre hyttegrender, eller hyttedestinasjonar slik eg forstår Statistisk sentralbyrå, og hundretusenvis av hytter, berre her og der avbrotne av fjell og flyer, bygder og byar, elvar og dalar, vegar og spor.

Skaget og Bitihorn og Nøsakampen og Skogshorn bryt seg opp mellom høgtliggande hyttefelt. Glåma og Lågen og Begna og Hallingdalselva renn søretter[3] gjennom dalbotnane og bygdene. Rørosbanen, Dovrebanen og Bergensbanen skjer seg gjennom landskapet parallelt med vassdraga og opp til fjells. Parallelt med elvar og fjordar går vegane med kvar sine nummer: Riksvegane 3 og 7, 25 og 40 – og 52, og europavegane E6 og E16, dei er som lange, levande liner i landskapet. Av og til ser dei lange linene livlause ut. Det er fredagar og søndagar, trafikken står stille, bilane pent i kø. Berre innimellom kan du høyre ein skrell eller bilar som tutar.

Parallelt med dalane, oppe i heimåsen og på snaufjellet, ligg det nye norske parallellsamfunnet: hyttene med hyttefolka. Eller dei sidestilte fritidsbustadene med dei sidestilte deltidsinnbyggarane i fritidsgrendene.

HALVE FOLKET PÅ HYTTA

Det finst no cirka 450 000 hytter i Noreg. Ifølgje Prognosesenteret blir ei typisk norsk hytte disponert av 2,6 familiar. Og då blir det etter det senteret seier, 1,2 millionar husstandar som disponerer desse hyttene. Godt ikkje alle er der samtidig.

Vi kan ta Valdres som eit døme. For det er mange hytter der, og det er naturskjønt der. Og det er derifrå eg har mi største hytteerfaring, heilt frå eg fekk vera med naboen Ola til Olabu, hytta hans, ein vakker vintersøndag rundt 1960. Ein annan solskinsdag tok onkel Rolf oss med til ein hyttevegg på det gamle stølsområdet Vaset. Det var den gongen det gjekk an å setja seg i ein hyttevegg om hyttefolket sjølve ikkje var på hytta. Seinare i livet arva eg ein brøkdel av ei familiehytte. No er brøken komen opp i 2/4.

I Valdres var det i sumar rundt 18 000 fritidsbustader. Det tilsvarar 45 961 hyttefamiliar, seier Audun Bringsvor, mannen i Norsk Hyttelag. No er det truleg endå fleire, både hytter og familiar, for snikkarar og eigedomsmeklarar driv på mest overalt. Bringsvor seier òg at det er meir enn fem gonger så mange hyttefamiliar som dei 8 112 husstandane i Valdres. Bringsvor har etter det eg veit, ikkje rekna på kor mange det blir når dei fastbuande får vener på besøk, eller når barna kjem heim til jul. I skrivande stund er det kanskje endå færre, husstandar altså.

Det finst mange hytter, og hyttemenn og hyttemeiningar. Mange av mine hyttemedmenneske har dei seinare åra snakka varmt og heftig om stemmerett i dei kommunane der dei har hytte. Kvifor? Fordi dei betaler eigedomsskatt der, seier dei. Bringsvor i Norsk Hyttelag trur ikkje på stemmerett for hyttefolket, «i alle fall ikke på kort sikt, men ønsker likevel å formalisere hyttefolkets betydning for kommunene». Mange hyttekommunar er flinke til å invitere hytteeigarar til årlege møte, seier han i Din lokale hytteguide, og legg til at kommunane i tillegg bør sende post eller e-post til hyttefolket ein til to gonger i året.

Men ulempa med slike møte er at informasjonen stort sett kjem for seint. «Det meste er allerede besluttet, og de innspill som kommer fra hyttefolket blir lett glemt når det er et helt år til neste gang», kommenterer Bringsvor, og han held fram: «Det må ikke bli slik at hyttefolket bare nevnes i kommunale planer når det skal fortettes, bygges ut eller innføres eiendomsskatt.»

Ja, kanskje vi skulle nemnast oftare. Alle vil vel det. Og når vi fyrst er inne på gruppetenking. Kanskje vi sjølve oftare skulle nemne andre grupper enn berre oss sjølve, til dømes eldre, yngre, sjuke, sauer og kyr.

BULDRANDE OG STILT

Alle må nemnast, og alle må med. Vi vil høyrast og sjå og bli sett, frå nedi heimåsen til høgste nut. Vi er dei nye halvnomadane, men også dei nye ressursane. Vi har kompetansen og berekrafta, som vi seier. Vi er kompetente til å uttala oss, og vi har berekraftige røyster som ber langt, langt av stad. Og vi er ganske gode på nettverk.

Vi dreg til fjells når torsdagen kjem, eller kanskje alt på onsdag, og heim att tysdag, eller kanskje onsdag, nokre av oss, ikkje alle. Vi er her mest heile tida, og har så mang ei ledig stund. Og vi vil gjerne bidra.

Vi bidreg, vi sidestilte deltidsbuarar. Stundom i det store, andre gonger frå dag til dag i det stille. Bidraga og påverkinga kan koma buldrande som eit ampert avisinnlegg mot skatt, eller i form av ein sliten trailer frå Baltikum med fiks ferdig halv hytte, eller som ein lokal sementbil i motbakke så grusen sprutar og dumba driv. Med hyttene og hyttemennene fylgjer stor aktivitet med store ringverknadar for lokalt nærlingsliv.

Andre gonger att påverkar vi i det stille, lågmælt som ein vind ifrå sør, som ein liten bokstav på eit turkart: Ein skarp s blir til ein avslipt n, og vips, så blir Syndisfjellet heretter heitande Syndinfjellet. Dei små bokstavane endrar seg, så stilt så stilt. Vi endrar dei ikkje med vitende og vilje, sjølvsagt, i alle fall ikkje med vond vilje.

Dei tre vakre vatna som heiter Syndin, blir til Syndinvannene. Eit stølslag blir ei hyttegrend blir ein resort, og ei bu blir ei hytte blir ein sidestilt deltidsbustad. Den vesle Sonjavarden til minne om Sonja Hennies fjelltur og besøket hennar hjå operasongar Bjørn Talén i 1937 får nye steinar og gulmåling og veks seg stor.

KAN DU FORSTÅ?

Dette skal handle om å forstå kvarandre, og kven gjer no vel det?

Vi hyttemenn er vel ikkje så heilt enkle å forstå for alle lokale dølar, endå mange av oss snakkar relativt høgt og tydeleg med nøytralt og naturleg tonefall frå det vi gjerne kallar det sentrale Austlandet. Det hender vi talar i finurlege ord og vendingar: «Joa, jeg har nok å gjøre» og «jeg må løpe, jeg!» Dei lokale i dalbotnen dreg meir på det: «E veit kji, e får sjå.»

Dette skal eg greie ut nærmare litt seinare i teksten. Eg skal bidra med å setja opp ei liste med nokre sentrale punkt å hugse på, så det skal bli lettare for lokale fastbuande innbyggarar å forstå oss. Og kanskje dei kan tilpasse seg? For vi er sjølvsagt for tilpassing. Vi gjer no iallfall vårt.

Vi har tatt på oss nikkers og kong Olav-luve, vi har klappa lokalbefolkninga på skuldra og sagt at dei har koseleg dialekt, vi har fortalt dei korleis dei best skal styre kommunen, og kor langt dei skal vinterbrøyte, og ikkje skal vinterbrøyte, og så er vi berekraftige, har vi sagt, og så har vi sagt at heile dalen skal vera éin kommune, for det er mykje meir effektivt, og då slepp vi hyttefolk å betale så mykje eigedomsskatt, og utan oss ville dalane vore fattigslege og utan eit oppegåande, lokalt næringsliv.

Men det er akkurat som dei ikkje vil høyre på oss. Endå vi så gjerne vil det. Og så er dei så mange, nesten like mange som hyttene våre.

Kva skal vi gjera med slikt? Eg kan fortelja kva eg gjorde. For mange år sidan gjekk eg undercover, nærmast ved eit tilfelle, utan heilt å veta kvar eg gjekk og kva eg gjekk til. Undercover under tregrensa, nede ved Slidrefjorden. The Hard Way. Eller Riksveg 60, som det heitte den gongen. Eg var bufast, ikkje berre på deltid, men fast på fulltid, i barndomsår i tunge kår. Dei åra lærte eg mykje. Noko av det var nyttig for seinare å kunne bli ein fjellets utanbygds hyttemann. Men du blir aldri heilt utlært. Det er det som berre gjer det så utruleg spennande.

Gudbrandsdølen Gard Espeland (f. 1949) levde også i si tid undercover i ei fjellbygd, i mange år. Det var i hyttekommunen Sør-Fron. På grunnlag av eigne opplevingar har han utvikla den såkalla Fron-testen, eller ja/nei-teorien. Den går stutt sagt ut på at ein lokal døl har ti måtar å svare ja på, og at sju av dei betyr nei.

Eg har sjølv etterprøvd denne svarlæra i nabodalføret Valdres, og kan seie at det stemmer for Valdres sin del også. Men det kan vera metodiske manglar.

Læra er utvikla etter Ivar Aasen-metoden. Det er basert på at du påverkar folk dersom du stiller spørsmål til dei. Av den grunn lyt du lytte utan å gjera for mykje utav deg. Det er derfor ingen tilreisande fritidsinnbyggarar i sidestilte bustader til fjells har fått testa teorien i felten. Av same opplagde grunnar er testen lite kjend og sjeldan omtala. Eg vil òg tru at svara frå Fron-testen kan gjelde for Hallingdal, men eg har enno ikkje mange nok døme derifrå.

Ja. Og nei. To små ord. Orda kan utviklast til stutte hovudsetningar:

– Ja, sei det.

– Ja, tru det?

– Jà.

– Já.

– Jau. Det kunna råke.

Kvifor er det slik? Jau. Det er livsviktig. Eit uheldig ytra ord for fire generasjonar sidan kan valde større skade i dag enn den gongen det vart sagt. Etterkomarane av ein urettferdig behandla husmannsfamilie for tre hundre år sidan vil framleis ha eit nedarva og velartikulert agg mot prest og fut og skrivar og lærar og byfolk, den dag i dag. Tida lækjer ingen sår. Og bønder er bønder, generasjonar etter at dei slutta med husmenn og kyr.

Og medan vi hyttemenn kan stenge stalldøra når det er mørkt, og når vi kjem att frå Grønsennknippa, reise heim eller til neste sidestilte bustad, må dei innfødde halde ut med både den lokale folkeskikken – og kvarandre.

Upresise og nyanserike småord er nødvendige for å halde ut gjennom skiftande tider. Dølane skal leva side om side etter at vi hyttefolk har lada opp Teslaen og dratt ut skøyteleidningen og drege vår veg. Dei fastbuande skal sitja saman i vegstyre og FAU. Dei skal gå saman på sauesanking og i 17. mai-tog. Dei skal gifte seg og skilja seg og vera naboar som om ingenting var hendt. Og ingen veit når dei må hente på SFO, eller når det begynner å regne.

Det er klart: Då er ikkje bastante utsegner og faste avtalar det fyrste dei kjem med, der vi hyttemenn ventar korte og klare svar og vil ta eit ja for eit ja, men ikkje eit nei for nei.

NOKRE RÅD 

Derfor vil eg dele nokre tips med andre utanbygdes deltidsbuande hyttemenn med min bakgrunn frå eit langt liv med uklare utsegner og nøyaktige observasjonar.

Kjære hyttebuar:

Sov på det, når du har skrive eit innlegg til avisa om at den lokale samfunnsstrukturen går deg imot.

Ikkje rop høgt til kona di «Var det noe mer?!» når du står bakarst i Joker-butikken på fjellet og frua alt har kome fram til kassa og driv og betaler.

Prøv å ta det pent om folk ikkje gjer som du vil.

Ikkje ver spydig eller gjer narr av lokalpolitikarar. Det er ei oppgåve for dei som bur der.

Ikkje gi Statens vegvesen skulda for at regn fell på snø. Det må du ta opp med Vårherre.

Ikkje sei at den lokale dialekta er koseleg. Lyttar du godt, vil du merke at det ikkje stemmer.

Hels høvisk og ikkje bli fornærma på turgåarar om du har bygd hytte midt i ein gamal ferdselsveg.

Ikkje lag nye namn på gamle fjell.

Du kan vera høgstemt i fjellet utan stemmerett.

Og til deg som bur på bygda: Det skal jo vera ein viss sidestilt balanse i ei framstilling. Derfor har eg spesiallaga ei tipsliste for fastbuande etniske valdrisar og andre dølar. Den kjem no:

Hugs at ikkje alle hyttefolk er like høgmælte og breiale.

Når hyttefolk seier det er fint i fjellet, er det fordi vi meiner det.

Når vi hyttemenn går med nikkers, er det fordi vi liker det.

Mange hyttemenn er vande med å bestemme heime. Dei trur dei kan gjera det overalt. Dette er eit vanskeleg punkt.

Når ein hyttemann seier han er berekraftig, berre nikk.

Når ein hyttemann vil ha stemmerett, er det ikkje sikkert det er så gjennomtenkt. Spør på ein pen og forsiktig måte kva for eit kommunalt arbeidskrevjande ubetalt underutval han kunne tenkje seg å sitja i.

Mange hyttefolk seier at dei lønner seg for kommunen. Dra litt på det, slik eg veit du kan. Sei gjerne «ja, sei det». Vil du ta i litt meir, kan du seia «seier du det?». For eit to år gamalt reknestykke frå Telemarksforsking[4] viser nemleg at ein typisk hyttekommune så vidt går med tap på oss fritidsbuarar, men berre så vidt det er.

Dei gjennomsnittlege utlegga ein hyttekommune har per hyttemann per år er slik: Heimetenester – 800 kroner, primærhelseteneste – 600, plan- og byggesaksbehandling – 500, andre tekniske tenester – 700 kroner. Er lik: 2 600 kroner. Og så dei gjennomsnittlege inntektene ein hyttekommune får frå oss: Formueskatt – 400 kroner, inntektsskatt – 900 kroner, eigedomsskatt – 1 200 kroner. Til saman: 2 500 kroner. Det blir 100 kroner i minus, det. Lønner vi oss ikkje?

Altså: Vi er ikkje lønnsame for kommunen, om vi berre reknar etter kommunale inntekter og utgifter for oss. Men at vi legg att peng til mat og hytte og snikkar og elektrikar og festival og fotavtrykk utanom desse kommunale inntektene og utlegga, må vi også ta med.

RO PÅ HYTTA

Det er ei kjent sak at vi får stor inspirasjon og ro i sjela på hytta. Det vil seia, det var meir av det tidlegare. Eg har sjekka avisa Valdres med ukvalifiserte stikkprøver og sporadiske kvalifiserte utklipp etter tusenårsskiftet. Veit du kva eg fann ut?

Før var det gjerne slik at når eit ektepar vart intervjua i avisa Valdres om livet på hytta, så sa dei, særleg kona, at dei fann så mykje ro og fred på hytta. Gjerne sjelefred. I alle fall hadde hytta sjel. Dette med ro, om ikkje sjel, kan eg underskrive ut frå eiga røynsle. Eg kan ha funne så mykje ro på hytta at eg har sovna i ein stol.

No til dags er det ofte andre haldningar som kjem til uttrykk når vi hyttefolk står fram frå fjellheimen og tek bladet frå munnen i media. No er bodskapen i større grad at vi har falle for nettopp denne staden, at vi har blitt godt mottekne her oppe, men at det ikkje akkurat er noko hyggeleg med eigedomsskatten, og at vi ikkje veit om vi får nok att for skatten, for vi får ikkje vera med på å bestemme kva han skal gå til, så vi burde ha lokal stemmerett der vi har hytte eller sidestilt fritidsbustad til fjells. Det er helst mannen som talar slik, då.

Ja, seier du det? Skal vi ha parallell stemmerett i parallellsamfunnet? Og skal vi ikkje betale skatt utan å få bestemme kva skatten går til? Eg stemmer ved val, det er alvor og høgtid over slikt, men eg har meir enn nok med å stemme i éin kommune, om eg ikkje skal stemme i to. Sjølv rekk eg ikkje over meir. Og så berre fordi eg har hytte og eigedomskatt. Eg har betalt skatten min med glede, både i Ringerike og i Vestre Slidre og i kongedømmet, endåtil kyrkjeskatt og krigsskatt og greier, men det har aldri falle meg inn at eg skal klage for det. Så kanskje vi har noko å lære av kvarandre.

RIM PÅ HYTTA

Men det var dette hytterimet, då. Eg vart veldig inspirert her ein dag eg sat i hytteveggen og stira ut i lufta. Her må eg berre få skyte inn at hytteaktøren Valdres Næringshage kanskje ikkje ønskjer seg daffingar som meg. Dei har nedfelt det i eit eige verdiskapingsprogram frå 2013: «Mange ønsker å ha hytta som et fristed der de ikke vil bli plaget med jobb eller stress. Andre igjen har lyst og overskudd til å bidra lokalt. Det er denne siste gruppa vi ønsker å få tak i. Spesielt ønsker vi å få tilgang til hytteeierens kompetanse, nettverk og kapital.»[5]

Eg veit ikkje om poesien kjem inn under dette siste ønsket, og om omgrepa lyrisk kompetanse og kulturell kapital gjeld for næringshagen. Same det. Eg laut i alle fall skunde meg å skrive ned eit sjølvlaga hyttedikt, fritt etter diktarpresten Anders Hovden sin song frå skulesongboka, «Eg har ein heim så god og gild om han er liten berre». Kanskje kan ein slik song gjera det lettare å forstå kvarandre. Eller kanskje ikkje. Den går no slik:

Eg har ei hytte stor og gild,

og ikkje lita berre.

Eg hytta ikkje byta vil

i slottet åt ein herre.

Den hytta ser eg enno tidt.

Då blir eg veldig letta.

Men eg får ikkje stemmerett.

Då får eg ofte hetta.

Og når eg sliten trøytnar av

og eg får auga kvila,

då kjem eit hytteskattekrav.

Då er det vondt å smila.

KJELDER

  • Avisa Valdres dei siste ti åra.
  • Borge, Lars-Erik, Winfried Ellingsen, Anja Hjelseth, Gunn K. Leikvoll, Knut Løyland og Ole Henning Nyhus (2015). Inntekter og utgifter i hyttekommuner. TF-rapport nr. 349. Telemarksforsking 2015.
  • Din lokale hytteguide Valdres. September 2016. Hytteforlaget.
  • Espeland, Gard. Utrykt foredrag om hyttefolk, innfødde og seiemåtar i Fronsbygdene.
  • Hytte i Valdres. Fagrapport nr. 1 frå Valdres Næringshage 2013.

NOTAR 

[1] Din lokale hytteguide Valdres 2016
[2] Til dømes i fagrapport nr. 1 frå Valdres Næringshage 2013
[3] Dalane på Austlandet har to hovudretningar, nordtil og søretter, same kva veg dalen vender.
[4] Lars-Erik Borge, Winfried Ellingsen, Anja Hjelseth, Gunn K. Leikvoll, Knut Løyland og Ole Henning Nyhus: Inntekter og utgifter i hyttekommuner. TF-rapport nr. 349. Telemarksforsking 2015
[5] Hytte i Valdres. Fagrapport nr. 1 frå Valdres Næringshage 2013

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar