Artikkelen vart først publisert i Syn og segn 1979, nummer 1.
…den, som vil være paa høiden af sig selv, maa være paa høiden af sin tid; ”tidens eget hjerteslag” maa ”gjennem kunstneren” banke i hans verk om det skal ”have livet i sig”. (Arne Garborg: «Den idealistiske Reaktion», 1890)
1890-åra og «den tredje hovudoppgåva til den litteraturhistoriske forskinga»
1890-åra har lenge vore eit stridseple i norsk litteraturforsking. Får den norske skjønnlitteraturen nytt andlet i 1890? Dette er eit av dei spørs måla — kan henda det viktigaste — striden har stått om. Det var lenge vanleg å sjå 90-åra som eit brot med 80-åra[1]; litteraturen var ikkje lenger «realistisk», men «nyromantisk». Men tidleg i 60-åra tykte Edvard Beyer at tida var komen til å streka under samanhengen mellom litteraturen i dei to tiåra[2]; 90-åra hadde sine roter i 80-åra.
Det siste tilskotet til diskusjonen er Tom Christophersens artikkel i Syn og Segn 1978 hefte 3, «Dikting og samfunn i 1890-åra». Christophersen går vidare på den vegen Beyer stakk ut, samstundes som han er kritisk til korleis den tradisjonelle litteraturhistoria har framstilt litteraturen i 1890-åra. Eg vil ta utgangspunkt i denne artikkelen.
Christophersen hevdar at det ikkje finst noka grunnleggjande motseiing mellom 80-år og 90-år. Har eg forstått han rett, skal det likevel ikkje tyda at litteraturen i dei to tiåra har same kjenneteikn. Christophersen er samd med litteraturhistorikarane i at ein i 90-åra finn meir «lyrikk», «individualisme», «religion», «mystikk», «pessimisme» og «naturskildring» enn i tiåret føreåt. Derfor er han òg samd i at litteraturen no «vende seg bort frå samfunnet».[3]
Det Christophersen presiserer, er for det fyrste at ein ikkje må over vurdera omfanget av det nye. Også i 90-åra finst det «realistiske» diktarar som tek stilling til samfunnsproblem i diktinga. For det andre — og det er det viktigaste — hevdar Christophersen at ein må forklåra den litterære utviklinga ut frå dei sosiale og politiske tilhøva; og då syner det seg at 90-talet er ei logisk utvikling frå 80-talet og ikkje noko brot med det.
T.d. er «individualismen» til dei «nyromantiske» forfattarane ein konsekvens av den «kulturelle fridomsideologi» dei preika på 80-talet. Og t.d. har vendinga vekk frå samfunnet sosiale og politiske årsaker; forfattarane har vorte sette utanfor den politiske kampen. Og til og med «den meir utprega nyromantiske litteraturen, den som t.d. er oppteken av religiøse og psykologiske problem, gjerne i lyrisk form», kan lesast som svar på ei økonomisk og sosial strukturendring, skriv Christophersen. Med Obstfelder som døme konkluderer han m.a. såleis:
«Det verkar truleg at vonbrotet[4] og kjensla av å vere framand i den kapitalistiske samfunnsutviklinga får mange av diktarane til å sokje einsemda, religionen, naturen eller det å sjå inn i seg sjølv.»
Metodologisk sett er artikkelen til Christophersen altså ei gransking av litteraturen i samanheng med den sosiale og historiske konteksten. Eg deler det utgangspunktet. Meir spesielt kan ein truleg seia at Christophersen har granska dei genetiske aspekta ved litteraturen kring 1890, historiske føresetnader og sosiale årsaker til dei litterære endringane. Det er ei naudsynleg gransking. Å granska dei historiske føresetnadene er òg den fyrste oppgåva, dersom ein skal gjera ei historisk gransking av litteraturen i ein noko annan forstand — nemleg å granska tilhøvet mellom forfattar, verk og publikum, å granska det litterære verket som eit ledd i ein kommunikasjonsprosess innanfor ein avgrensa sosial og historisk situasjon.
Det er det eg vil freista å gjera no, men er nøydd til å leggja vekta på det tredje leddet i kommunikasjonstreeininga, dvs. på mottakarane, på «resepsjonen». Metodologisk sett vil eg ta utgangspunkt i det den tsjekkiske litteraturforskaren Felix Vodiéka har kalla «den tredje hovudoppgåva til den litteraturhistoriske forskinga»: at «også den dynamikken som bestemmes av polariteten mellom verk og lesepublikum må beskrives historisk».[5] Meir spesielt vil eg gjera — med Voditkas ord — «en undersokelse av verket i den form vifinner det i epokens egen oppfatning, særlig i litteraturkritikkens konkretisasjoner».
Det verket eg vil sjå på, er Haugtussa, som Arne Garborg skreiv i 1895, som fleire forskarar har kalla «et hovedverk i vår nyromantiske diktning» (Edv. Beyer), og som såleis skulle vera eit representativt 90-års-verk.
Ei gransking av den tydinga samtida gav verket, syner då og at verket er representativt. Denne granskinga grip nemleg inn i den allmenne litteraturhistoriske problematikken. Også når det gjeld korleis kritikken såg på «Haugtussa», vert kardinalspørsmålet spørsmålet om brot og samanheng mellom 80-tal og 90-tal – og svaret vert eit anna enn det har vore vanleg å gje.
Ein tredelt tese om «Haugtussa» og 90-åra
Eg vil skilja mellom tre tendensar i resepsjonen av «Haugtussa» i 90-åra, og det vil eg gjera ut ifrå to kriterium. Kriteria kan vi kalla det estetiske og det politiske. Med det estetiske meiner eg: kvifor kritikarane felte ein negativ eller positiv estetisk verdidom over verket. Med det politiske meiner eg: korleis samtida oppfatta verket i tilhøve til den politiske og sosiale situasjonen i 90-åra.
Dette er då dei tre overordna tendensane i resepsjonen:[6]
1. Desse kritikarane oppfatta «Haugtussa» som eit klårt brot med litteraturen i 80-åra og med den tidlegare forfattarskapen til Garborg både estetisk og politisk. Dei såg verket som ei vending frå «realisme» til «romantikk», frå ein samfunnsengasjert til ein upolitisk litteratur.
2. Representantane for denne tendensen vurderte òg verket som eit brot med den «realistiske» litterære norma på 80-talet, men berre estetisk, berre i litterær form. Derimot nemnde dei ikkje at Garborg no skulle ha vendt seg vekk frå samfunnet; dei reagerte mot det politiske innhaldet i «Haugtussa», og nokre av dei las verket på line med den tidlegare forfattarskapen til Garborg med omsyn på sosialt innhald og politisk tendens.[7]
3. Her òg vart det episk-lyriske verket til Garborg forstått som noko nytt med omsyn på dei estetisk-litterære kvalitetane. Men desse kritikarane såg verket ikkje som noka vending vekk frå samfunnet. Tvert imot gav dei (somme av kjenneteikna på) det estetiske brotet eit politisk innhald, og i det heile la dei større vekt på samanhengen enn på brotet: kritikarane i den tredje gruppa oppfatta «Haugtussa» som politisk og nærast «realistisk» både i form og innhald.
Det kan då sjå ut til at brotet på det litterære området (med litteraturen på 80-talet)[8] var ein avgjerande føresetnad for den estetiske verknaden «Haugtussa» fekk, då verket kom ut.
Men kritikar-reaksjonane vitnar òg om at ein ikkje utan vidare kan lesa brotet som ei vending frå ein samfunnstilvend til ein upolitisk litteratur. Også den delen av kritikken som såg verket som ei vending vekk frå samfunnet, la nemleg vekt på politiske og sosiale aspekt ved det.
Lyrikken som normbrot
Den som les eit dikt eller ser på eit bilete, har klårt medvit om to system: den tradisjonelle kanon og den kunstnarlege nyhendinga som bryt med denne kanon … (Roman Jakobson: «Dominanten», 1935)
«Tænk et digt — paa vers — med rim! Hvem skulde trod vi mere skulde oplevet det?» Ein entusiastisk meldar byrja omtalen sin slik. Kritikarane synte — så vidt eg kan sjå utan unnatak — stor undring over at Garborg no hadde valt ein lyrisk (eller episk-lyrisk) genre. Ser ein bort frå to meldarar, gav kritikken ein unison positiv, estetisk verdidom.
I Kirke og Kultur skreiv Th. Klaveness t.d.: «noget af det reneste, fineste og yndigste, den norske digtning nogensinde har skabt». Ein annan roste boka såleis: «en af vor literaturs perler, — noget’af det vakreste, vi har faaet, siden Bjørnsons sange».
Det kan nok liggja ulike premissar bakom den positive verdsetjinga, men det er semje på eit vesentleg punkt: Garborg har no avslørt seg «som den store versekunstner» (Gerh. Gran) — diktforma, det lyriske gjer «Haugtussa» til eit storverk.
Frå «Naturalisme» til «Huldreromantik»
«Haugtussa» vart oppfatta som ei vending til noko nytt og anna i for fattarskapen til Garborg, då verket kom ut. I Verdens Gang gav Henrik Jæger uttrykk for denne oppfatninga: «… hvilken Overraskelse var ikke Trætte Mænd! Haugtussa er ikke mindre overraskende …» Han for klåra og kva som var det nye:
Garborg ein «politisk Saalegjænger» og «Haugtussa» eit upolitisk verk
Dei som framfor nokon oppfatta det lyrisk-episke verket til Garborg som eit resultat av ei utvikling frå «realisme/naturalisme» til «roman tikk», var likevel Nils Kjær og Christen Collin. «Man skulde neppe sagt for en Del Aar tilbage, at Arne Garborg vilde komme og gjenopfriske Huldreromantiken fra Halvtreds,» skreiv Kjær, og hos Collin heitte det: «Haugtussa — en ny huldreromantik! Og det fra en af vore overfor virkeligheden mest nærgaaende realister…».
Både Kjær og Collin slo altså fast at «Haugtussa» var eit brot med den dominante «realistisk-naturalistiske» norma i 80-års-litteraturen, og dei tydde samstundes brotet som eit politisk brot. Nils Kjær meinte at Garborg, som tidlegare hadde vore «Borgerdømmets og Borger dydernes svorne Fiende… Kiellands Afløser som Norges farlige Skribent … Socialisten og Anarkisten …», no plutseleg stod fram som «en af de allerbesindigste af vore politiske Saalegjængere». Collin tykte at Garborg hadde gjort eit langt steg framover som forfattar, fordi «Haugtussa» ikkje var skjemd av den «advokatoriske og polemiske» politiske og sosiale tendensen han hadde funne i dei tidlegare bøkene til Garborg, der «tendensen trængte sig pinlig ud gjennem sidebenene, iser i form af ironi».
Båe oppfatta «Haugtussa» som ei vending vekk frå samfunnet. Hos Collin kom dette òg fram ved at han såg verket som eit dikt om «de enkle, ‘elementære’ moralske grundkræfter i mennesket»; og såleis fekk verket berre indirekte kontakt med den sosiale røyndomen.
Men når det gjeld vurderinga av verket i lys av politiske og ideologiske konfliktar i samtida, er det ei sams motseiingibokmeldingane til Kjær og Collin. Dei hevda energisk at Garborg ikkje var nokon politisk for fattar i «Haugtussa», men samstundes var bokmeldingane deira eit klårt vitnesbyrd om det motsette: at dei må ha oppfatta verket så å seia som ein politisk provokasjon.
Båe nemnde at den tiande bolken i verket, «På Skarekula», er full av politiske allegoriar og allusjonar til den dagsaktuelle politiske striden. Collin gjekk inn på den krasse kritikken Garborg her har gjeve, ikkje berre av dei konservative, av «Reaktionen», av Høgre, men ög av Venstre. Venstremannen Collin lika openbert ikkje at bolken inneheld «et voldsomt udfald mod en kjendt politisk fører» (Sverdrup). Han lika heller ikkje at Garborg «opfriske(r) og oppudse(r) gamle skjældsord mod de moderate» (dvs. det moderate Venstre), og han skreiv at Garborg puster «til striden mellem landsmænd». Men Collins konklusjon var at denne bolken ikkje høyrde heime i verket! No må ein då leggja til at «På Skarekula» er ein av dei tre største bolkane i «Haugtussa», og at bolken var større i fyrsteutgåva enn seinare. (Garborg gjekk med på å stryka noko av det «verste».) Garborg hadde dessutan tenkt å leggja endå større vekt på denne bolken; men i staden skreiv han eit nytt verk, der han bygde vidare m.a. på dei samfunnskritiske aspekta, nemleg i «Haugtussa» II, «I Helheim».
At Collin avviste den politiske bolken i verket, hadde samanheng med korleis han las Veslemøy og hennar rolle i det:
Kjær slakta boka nord og néd både i form og innhald, medan Collin elles var positiv til verket (meir på etiske enn estetiske, premissar). Dei var likevel samde om at «Skarekula»-bolken «afbryder Enheden i den hele Digtecyklus», som Kjær skreiv saman med denne kommentaren:
Ein kan vanskeleg sjå bort frå at desse avvisingane av den klårast politiske bolken i verket botna i motsetnader av politisk art, sjølv om Kjær og Collin grunngav avvisinga estetisk. Rett nok stod meldinga til Kjær i Venstre-organet Dagbladet, og rett nok var Collin venstremann. Men Kjær måtte koma med ein politisk merknad til bokmeldinga for å få den inn i Venstre-organet, nemleg at han «ikke tilsigter at udtale nogen Dom over en politisk Retning eller Garborgs Forhold til samme». Sjølv rekna Garborg Kjær til reaksjonen, og han var svært usamd med Collin. Kunstsynet deira stod jo i skarp motsetnad til einannan[9], og Garborg var, motsett Collin, aldri venstremann i 90-åra. Alt i eit intervju i Verdens Gang i 1891 (22.12.) hadde Garborg sagt at han var «nok det som værre er».
Men utan omsyn på politiske motsetnader eller ikkje: når Kjær og Collin las «Haugtussa» som ei vending vekk frå samfunnet, var dei ikkje representative for den dominerande tendensen i verkresepsjonen i 90-åra — trass i at det nok er den. «upolitiske» verkoppfatninga til Collin som har vorte normgjevande for seinare forsking.[10]
«Romantisk» form, «naturalistisk» innhald?
Henrik Jæger var ein av dei som oppfatta verket som ei vending frå «naturalisme» til «romantikk», men han streka likevel under saman hengen mellom «Haugtussa» og den tidlegare forfattarskapen til Garborg, spesielt «Fred»:
På den eine sida kalla Jæger altså «Haugtussa» for «ny romantik», på den andre sida peika han på at boka analyserer og forklårar med vitsformer bundnetil bygde-Noreg. Verket gav ein sosialpsykologisk analyse — og stod derfor i samanheng med dei naturalistiske bøkene til Garborg. (Nettopp «Fred» hadde jo Garborg sjølv kalla «min naturalistiske Jær-roman».)
Og Jæger hadde mange med seg når han peika på at «Haugtussa» ikkje stod isolert i Garborgs produksjon. Ikkje minst såg kritikarane ein samanheng idet politiske innhaldet.
«Haugtussa» – ein politisk provokasjon!
«Kann, so werden Sie fragen, von Lyrik und Gesellschaft ein anderer reden als ein amusischer Mensch?» skreiv Th. W. Adorno i innleiinga til ein tale om lyrikk og samfunn. Men då «Haugtussa» kom ut, var det mykje tale om dette. Det var i fyrste rekkje bolken «På Skarekula» som provoserte kritikarane. Kjær og Collin freista å ufarleggjera provoka sjonen, andre venta seg vel knapt noko anna enn politiske provoka sjonar frå Garborg.
Garborg kom her «med skjærende Ironi […] lige ind paa Dagens brændende politiske Spørsmål», skreiv ein kritikar, og han heldt fram: «Her er Garborg den gamle, vittige, der siger de mest brilliante Ting.» Ein annan åtvara lesaren om at han i verket ville «spore Tilsprang til et Indlæg i Dagens politiske Strid», og han la til: «Men er det Meningen, maa et sligt Forsøg afvises med en energisk og indigneret Protest.»
Det var spesielt diktet «Ein Søkjar» som provoserte denne kritikaren — og fleire med han. Diktet fortel om ein konge eller «hovding», som har svike folket og søkjer Fanden om å få verta med i djevleflokken. Djevlekandidaten måtte vera Sverdrup, eller òg kong Oscar II! Søkjaren seier m.a. til Fanden:[11]
Og — etter å ha kyst kongen på munnen svarar Fanden slik at det tydeleg syner seg korleis ög hovdingen i Helvite er ein fiende av folket:[12]
Kritikarane fann ikkje ein like krass tendens i «Haugtussa» som i den tidlegare fasen av forfattarskapen. Truleg var Jæger inne på årsaka til dette, når han konstaterte at forfattaren her «overlader det til Læseren selv at gjøre sine Reflektioner». Det gjeld jo og for det diktet eg nettopp har sitert.
Likevel var den politiske tendensen så openberr at ein kritikar kon kluderte: «Man merkt die Absicht und wird verstimmt.» No kan ein skjøna denne reaksjonen, dersom ein ser på korleis Garborg ikkje berre råka Sverdrup, men ög Høgre og koalisjonen mellom Høgre og Moderate Venstre. Denne koalisjonen vart skipa i 1895.
Høgre, «Gjæve jotun/må hjelp låna», frå moderate Venstre som Garborg smeikjer såleis:
Dei kritikarane eg har nemnt til no — Jæger unnateken — vart «verstimmt». Dei var negative til det samtidspolitiske innhaldet i verket, men positive I si estetiske verdsetjing. Ein kan truleg seia at dei — i mot setnad til Collin og Kjær — såg den politiske bodskapen som eit fram hald frå dei «naturalistiske» bøkene til Garborg.
Men det var likevel ikkje alle kritikarane som såg skeivt til den poli tiske tendensen i denne boka, som ved sida av «Fred» var den boka Garborg sjølv heldt høgast. Det var nokre som såg «Haugtussa» som eit politisk verk både i form og innhald; boka var ikkje berre sosial i den provoserande bolken «På Skarekula», der den politiske leiinga i landet vart sett på plass (dvs. i Fandens flokk). For nokre kritikarar var boka sosial og politisk i ei vidare meining: for «nynorskkritikarane».
I nynorskleiren vart «Haugtussa» lesen på eit heilt anna vis enn i bokmålsdelen av den norske, borgarlege, litterære offentlegheita.
I bladet Den 17de Mai, der Garborg var medredaktør, vart «Haugtussa» omtala av signaturen V.V., dvs. Vetle Vislie. Korkje Vislie eller nokon av dei andre nynorskkritikarane nemnde «På Skarekula» som noko brot med den estetiske einskapen i verket — slik bokmålskritikar ane med Collin og Kjær i spissen gjorde. Tvert imot vart den politiske tendensen i denne bolken ein av dei grunnar Vislie gav for si heilt positive verdsetjing av verket både politisk og estetisk! Vislie skreiv at «denne bolken av Haugtussa er noko av det mest bitande me hev i vaar bokavl»!
Det er altså klårt at det var politiske motsetnader i kritikken. Botna motsetnadene i sosiale motseiingar?
Romantikk for borgar — realisme for bonde?
Bokmeldinga til Vislie stod i skarp motsetnad til Collins også ved at Vislie ikkje las «Haugtussa» som noko «romantisk» verk. Collin oppfatta verket som «en fin og stemningsfuld bondeidyl i mol». Lerfger unna verkoppfatninga til nynorskkritikarane kunne ingen koma.
Vislie byrja nettopp meldinga si med å peika på at lesaren ved fyrste blikk nok kunne tru at den nye boka til Garborg var «eit kvæde um bondelivet (idyl)». Men det syner seg snart at det ikkje er slik, heldt Vislie fram, for Veslemøy «liver meir i den andre heimen, duldeheimen, en i denne». Det var ikkje minst tydinga av denne «duldeheimen», av den fantastisk-mytiske røyndomen i verket, som var så ulik hos Vislie og Collin. Medan Collin tolka «striden mot trolldoms vald» som ein all menn-menneskeleg kamp mot «det onde», la Vislie vekt på ei samfunns kritisk tyding av trollheimen.[14] Han las trollheimen med klår adresse til dei dikta eg har sitert ovanfor og som kritiserer den politiske leiinga:
«Livet her er stygt, landet er ein troll- og tusseheim, der dei vonde hyller sin svarte herre og avsver alt.som er ljost og godt.»
I motsetnad til Collin, som hadde oppfatta «grundstæmningen» i boka som «noget usedvanligt blidt og elskværdigt», gav Vislie ei pessimistisk tyding: «Dei som hev ventat, at Garborg no vilde koma med eit ljossynt verk, er svikne i vonerne sine.» «Visst er det so, at det gode vinn til slut i Gislaug,» skreiv han vidare, «men det er liksom attanfyre dette livet, at sigeren vert vunnen.»
No kan ein spørja kvifor Vislie, med sin røynsle-bakgrunn i bygde- og bondesamfunnet og med sitt antikapitalistiske standpunkt, rekna «Haugtussa» for eit pessimistisk verk — medan den spissborgarlege moralisten og borgaren Collin las det optimistisk. Misnøyet med den politiske leiinga er eitt moment som gjer pessimismen forståeleg. Men eg trur ein og kan finna andre — sosialhistoriske — årsaker til denne verkoppfatninga.
Det er eit historisk faktum at bondesamfunnet var i krise i Noreg under depresjonstida 1873—1896, og det var ei allmenn europeisk agrarkrise utetter siste halvdelen av førre hundreåret. På denne tida skjedde den grunnleggjande strukturendringa av jordbruket — og av dei sosiale tilhøva i bondesamfunnet — som er kjend under namnet «det store hamskiftet i bondesamfunnet». Inge Krokann har skrive at tida 1860–1910 økonomisk sett var «ei einaste lang seigpinsle for det norske bondesamfunnet».[15] Dette var tida for tvangsauksjon og øko nomisk depresjon, men det var ög tida for sjelelege depresjonar.
I ein artikkel om «Haugtussa» i Den 17de Mai, skriven tre år etter at boka var utkomen, kan ein sjå at Veslemøy vart lesen som ein spegel for den lidinga og pessimismen som høyrde til bondens kvardag utetter siste halvdel av førre hundreåret. Som ein kommentar til femte strofa i innleiingsdiktet:
skreiv Peter Hognestad:
«Rike Per Aase vil taka garden fraa mori. Veslemøy er ikkje lenger barn no, ho fær kjenne sin part av livssaari. Sjukdom og fatigdom er dei fyrste. Og det er tunge saar for mange.»
For å tolka prologen drog Hognestad inn eit anna dikt frå «Haug tussa», «Draken». I det diktet vil «Per Aase» få garden til «gamlemor» «sett til auksjon», noko som valdar ei avgjerande forverring i Veslemøys sjelelege depresjon. Og Hognestad kunne ha peika på parallelle stader i andre dikt. I «Svarte-katekisma» får ein t.d. vita at tvangsauksjonen er med på å gjera landet til ein trollheim, det niande kravet for få verta smådjevel lyder: «— Sløg du vere og snar/når teften du fær av annanmanns gard.» At det er ein samanheng mellom den materielle, sosiale nauda og psykiske sjukdomar, vert og fortalt i andre dikt enn «Draken», t.d. i «Trollmann med ein sekk»:
No har eg alt sagt at Henrik Jæger tolka innhaldet i verket «naturalistisk», og han oppfatta «Haugtussa» som ein analyse og ei for klåring av medvitsformer i Bygde-Noreg og bondesamfunnet.
Av bokmålskritikarane var det likevel Gerhard Gran som kom nærast nynorskkritikarane si verkoppfatning. Det kan nok ha samanheng med at Gran kan sjåast som ein representant for det Arne Hannevik har kalla «den samtidsanalyserende kritikk».[16] Gran streka under at Garborg var bonde, og at det var naudsynleg å hugsa det dersom ein ville skjøna «Garborgs forfatterpersonlighed». Spesielt galdt dette for verka «Fred» og «Haugtussa». I innleiinga til bokmeldinga greidde Gran ut om dei sosiale vilkåra og dei sosialpsykologiske fenomena han såg som føreset nader for å skjøna verket. Han gjorde merksam på dei økonomiske vanskane til bonden, «lidet utbytte har han for sit stræv», han slo fast ein samanheng mellom sosiale vilkår og religiøse medvitsformer:
Størst vekt la Gran kan henda på dei materielle vilkåra i ei noko anna meining, nemleg på det geografiske, på Jær-naturen. Det var natur lege føresetnader for religiøst vanvit, men ög for økonomiske vanskar; «jordbunden …er mager og grund».
«Striden» og «angsten» i Jær-diktet til Garborg las Gran sosial psykologisk, som uttrykk for jærbondens medvit og kamp for tilværet. Gran siterte m.a. prologen, som synte at Garborg «kjender tilbunds den sjælenød, som er bygdens lod».[17]
Meldinga til Gran gjer det då m.a. lettare å skjøna kvifor nynorsk kritikarane ikkje — som Collin og bokmålskritikarane — kunne opp fatta «Haugtussa» som ein «nyromantisk bondeidyl». For dei av kritik arane som sjølve hadde sett eller og røynt krisa i bondesamfunnet, kunne eit diktverk som m.a. handla om tvangsauksjon og sjeleleg angst, ikkje vera «noget usedvanligt blidt og elskværdigt» i «grundstemningen». Det kan i staden sjå ut til at desse kritikarane las verket «realistisk» — som eit sant uttrykk for livet og medvitet til bonden, som ei skildring av røyndomen og historia til bondesamfunnet.
Landsmålskritikarane var samde om at berre ein bonde kunne ha skrive denne boka. Anders Vassbotn — anarkist og radikalar med bondebakgrunn — skreiv t.d.: «Dette er kjøt av vaart kjøt, blod av vaart blod, boret fram paaein maate, som i vaar tid berre jæderbonden Garborg hev fengje naade til.» Ein nær ven av Garborg, Rasmus Flo, drog i Syn og Segn — der han var redaktør — ei line til «Haugtussa» frå Jens Tvedts «Godmenne», som han kalla «ei norsk bondelivsskildring som var baade sann og ven».
I nynorsk-kritikken var det altså ein tendens til å lesa dette «høydepunktet i vår nyromantiske diktning» med vekt på politiske og sosiale faktorar. Det var ein tendens til å gje ei positiv verdsetjing av det dagsaktuelt politiske i boka og til å sjå ho i samanheng med dei sosiale tilhøva i bondesamfunnet.
Drygt tjue år etter at «Haugtussa» kom, skreiv ög Garborg sjølv at det var livet, historia og (det religiøse) medvitet til bonden han hadde skrive om i denne boka:
Sitatet syner (noko mange har konstatert), at Garborg med «Haug tussa» vende seg attende i historia, han vende seg til ei tapt tid i historia til bondesamfunnet. Det var ei vending attende i valet av stoff. Men det var òg ei vending attende i valet av litterær form; han vende seg til ein folkeleg litterær tradisjon, han tok no utgangspunkt i ein kunstnarleg kanon som i nokre tiår hadde vore lite utbreidd i den «seriøse» litteraturen.
Det var dette brotet i stoff og form som fekk fleire bokmålskritikarar til å sjå «Haugtussa» som ei ny omfamning av romantikken — og som ei flukt vekk frå samfunnet. Men det som for bokmålskritikarane berre var eit brot på det litterære området og altså ein rein estetisk effekt, det hadde for nynorskkritikarane ög ei politisk meining. «Haugtussa» var for dei eit dagsaktuelt innlegg i den politiske striden i 1895, framfor alt på dei punkta der verket «vende seg vekk» frå samtida! 4
Det var likevel ikkje berre det historiske og folkloristiske stoffet og bruken av ein folkeleg litterær tradisjon som fekk aktuell politisk meining. Det gjorde òg målet; den språklege forma i verket (som nett opp — som det vil syna seg — var knytt til den historiske problematikken og til valet av kunstnarleg kanon). Desse tre sidene ved verket vart i nynorskleiren til ulike sider av same sak: den radikale nasjonalismen.
Notar
1. Sjå Edv. Beyer, «’Åttiår” og ”nittiår” i norsk litteratur», Profiler og problemer, Oslo 1966, s. 7—20.
2. S.st.
3 Syn og Segn, 3, 1978, s. 157. Sjå t.d. òg Rolf Nyboe Nettum, «Generasjonen fra 1890-årene», i Norges litteraturhistorie (red. Edv. Beyer), bd. 4, Oslo 1975, s. 9—78, ogt.d. s. 43: «Bruddet oppstår når de politiske meninger forvises fra kunstens tempel.» Sjå t.d. òg Nyromantikken, ved D. Haakonsen, Oslo 1971, innl. s. 12—14.
4 Dvs. vonbrotet over den politiske utviklinga under Sverdrup etter 1884.
5. F.V., «Litterære verkers resepsjonshistorie», i Strukturalismen i litteraturvitenskapen, » (red. A. Heldal/A. Linneberg), Oslo 1978, s. 96—108.
6. Eg har nytta det materialet som er nemnt i Garborg-litteraturen 1866—1942 Ein bibliografi (1943—1945; særtrykk av Norsk bibliografisk bibliotek 111), Thor M. Andersen, og eg nemner dei her som representantar for dei tre tendensane:
I. Christen Collin, «Arne Garborg som realist og romantiker», Nyt Tidsskrift, 1895, s. 473—489.
Nils Kjær, Dagbladet 22/5.
(Hit kan ein kan henda rekna S. B. Jensen, «Haugtussa — Helheim», Husmoderen, 1902, som kan minna om meldinga til Collin, men ikkje nemner det politiske i det heile.)
II. Thv. Klaveness, Kirke og Kultur, 1895, s. 446—447.
Hans Aanrud, Intelligenssedler, 24/5.
Bjørn Botnen, Stavanger Amtstidende, 1/6
Hj. Chr., Morgenbladet, 22/5
Henrik Jæger, Verdens Gang, 9/5
H. Tambs Lyche, Kringsiaa, 31/8.
III. Gerh. Gran, Samtiden, 1895, s. 354—364 (opptr. i Norsk litteraturkritikk 1890— 1914, red. A. Hannevik, Oslo 1973, s. 107—118).
Vetle Vislie, Den 17de Mai, 7/5.
Anders Vassbotn, Unge Skud, 23/1, 1896.
Rasmus Flo, Syn og Segn, 1895, s. 436—437. .
Rasmus Steinsvik, Den 17de Mai, 25/5.
Peter Hognestad, Den 17de Mai, 3/1, 5/1, 1899.
(Året er 1895 der årstal ikkje er nemnt.)
7. Denne tendensen er den minst einskaplege. Eg vil i fyrste rekkje rekna Henrik Jæger som representant for denne, deretter dei som tydeleg reagerer mot det politiske i verket (Klaveness, Botnen, dels Aanrud), samt eit par som legg lita vekt på det politiske, men vurderer innhaldet ut ifrå «naturalistiske» kriterium (som t.d. «deter minisme») samstundes som dei legg vekt på brotet i litterer form (Lyche, Hj. Chr.).
8. Det er eit spørsmål om ein kan gjera produksjonen til Garborg i 80-åra til synonym med den litterære norma på 80-talet. Men det er liten tvil om at Garborg alt i samtida vart rekna som ein representativ «realist/naturalist» (jfr. t.d. brevbytet mellom Gar borg og Ola Hansson, Mogning og manndom, red.Thesen/Dale, Oslo 1954, bd. II s. 250—251; jfr. P. Ernst, « Arne Garborg. Produktion und Publikum», Freie Biihne, 5/3, 1890, eller t.d. ög Henrik Jægers meldingar av dei «naturalistiske» bøkene til Garborg).
9. Garborg og Collin hadde ein hard debatt om «kunst og moral» sommaren før Haugtussa kom. Det krassaste innlegget til Garborg var artikkelen «En tak til herr Collin», Samtiden, 1894, 129–136
10. Det er her ein interessant parallell mellom den lagnaden Haugtussa har fått i litteraturhistoria og det som har skjedd med Bjørnsons Over Ævne I. I ein artikkel i Norskrift, 18, 1978, s. 1—26, synte Walter Baumgartner korleis den nyromantiske verksoppfatninga til Collin er den forma verket til Bjornson har vorte «videretradert» i, og at «tendensen (da er blitt) borte og Diktningen stor».
11. I sitata frå verket har eg halde meg til «jubileumsutgåva» av Haugtussa, Oslo 1972.
12. I Helheim har Garborg utdjupa dette, Fanden i Helvite er der ein diktator som preikar filosofien til Nietzsche.
13. Diktet «Gumlemaal». Han som råder øvst, må vera høgremannen Hagerup, som vart regjeringssjef i koalisjonsregjeringa; «halvt primat og halvt prest» må vera koalisjonen.
Det finst meir samtidspolemikk i verket, som kritikarane må ha reagert på utan at dei har gått i detalj med det i meldingane sine. Ein finn kritikk av kyrkja, av skolepolitikken, av politiske personar og parti, og ein finn dikt om alkoholproblemet, om ekte skap og kvinnesak.
Verst råka vart nok dei unionsvenlege og høgresida. Garborg skreiv t.d. ein travesti over den kongesalmen som unionen og høgresida nytta, og her vert kongen til Fanden, som djevlane hyllar. Fanden veit òg å løna trugne tenarar; slik kongen etla ut ordenar, slik etlar Fanden ut ordenen med det talande namnet «Langrove-ordenen».
Ein del opplysningar om dette finst i skoleutgåva av Haugtussa (18. utg.), Oslo 1974, ved Olav Midttun.
14. I ein artikkel om «Diktaren Arne Garborg» i Syn og Segn, 1911, spes. s. 58—59, gav Vetle Vislie ein utdjupande analyse av Haugtussa. Her la han på ny vekta på den samfunnskritiske tydinga av trollheimen og konkluderte med at «På Skarekula» er ein overordna bolk i verket, som «alt det andre liksom samlar seg um». Den avgjer ande konflikten i Haugtussa går nemleg mellom eit vondt samfunn og den gode Gis laug, slik Vislie her såg det.
15. I Krokann, Det store hamskiftet i bondesamfunnet, Oslo (1942), 1976, s. 27. Sjå òg W. Keilhau, Det norske folks liv og historie, bd. 10, Oslo 1935, s. 337—342, og J. Nerbøvik, Norsk historie 1870—1905, Oslo 1963.
16. A. Hannevik, innleiinga til Norsk litteraturkritikk 1890—1914 (red. A. Hannevik), Oslo 1973, s. 11. (Bokmeldinga til G. Gran, sjå note 7, er trykt her, s. 107—118.)
17. Gran var likevel negativ til den politiske samtidskritikken i verket — slik som dei andre bokmålskritikarane.
18. Brev til Knut Liestøl, 3/7, 1916, Mogning og manndom, sjå note 8, s. 408—409.