Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Eg kom for å bli

Av Hilde Sandvik

Etter ni år i Noreg fekk Mona Ibrahim Ahmed eit brev i posten frå den norske staten. Sidan har ingenting vore som før.

Hilde Sandvik (f. 1970) er journalist og redaktør. Ho har vore redaktør i Syn og Segn og i Bergens Tidende, og er i dag grunnleggar og sjefredaktør på nettplattforma Broen.xyz. Sandvik har gjeve ut fleire bøker, mellom andre Hersketeknikk (2007), saman med Jon Risdal, og Traktorland (2008) saman med fotografen Knut Egil Wang. Foto Helge Skodvin.

April 2017: Første gongen eg møtte Mona Ibrahim Ahmed (25), hadde ho nettopp vore på eit møte på Litteraturhuset i Bergen for å høyre den norsk-pakistanske filmregissøren Deeyah Khan. Eg hadde sett Mona fleire gonger på scenen: i Grieghallen, i Den Norske Opera i Oslo, på TV der ho framførte somalisk joik med scenekunstprosjektet Fargespill. Eg visste ho var aktiv i si eiga gruppe med musikarar, og eg hadde fått med meg artikkelen på nrk.no frå i fjor. Der snakka ho om Fargespill, men tittelen vart sitjande att i meg: «La igjen hijaben i prøverommet på Cubus». Då ho kom heim utan hovudplagg, fekk ho beskjed frå foreldra sine om at ho ikkje lenger var dotter deira.

Det finst eit foto frå denne aprilkvelden. Deeyah står saman med Mona på den eine sida, på den andre sida – Leila Rossow. Leila og Mona er to av kvinnene bak Papillon, ein organisasjon for innvandrarjenter i Bergen. Dei ser glade ut.

Eit halvår etter ringer Leila meg. Ho går rett på sak: «Mona har fått brev.»

Ei veke seinare sit vi på Café Christie i Bergen.

– Fortel om deg sjølv, Mona.

– Eg heiter Mona Ibrahim Ahmed, eg kjem frå Somalia, men eg er fødd og oppvaksen i Etiopia. Eg har budd ni år i Noreg.

– Kvifor kom familien din til Noreg?

– Eg kom gjennom far min. Han var asylsøkar og hadde budd i Bergen i fleire år då resten av familien kom etter. Eg var 15 år då vi fekk meldinga om at vi skulle få reise til Noreg. Heile prosessen gjekk så fort. Det gjekk berre to månader frå vi fekk beskjed om at vi skulle få kome etter, og til alt var klart. Vi var to gonger på ambassaden, den første gongen for å ta DNA-test, den andre gongen for å hente visum. Det var eg, bror min og søster mi, og mor vår.

– Kvifor budde de i Etiopia?

– Foreldra mine var flyktningar frå Somalia. Dei flykta etter krigen, slik mange hundre tusen andre somaliarar også gjorde. Sjølv er eg fødd i Etiopia. Men eg var også flyktning. Vi flytta veldig mykje, leigde hus på ulike stader. Slik var livet, slik var røyndommen.

– Hugsar du kva du tenkte om Noreg då du kom hit?

– Det var eit nytt liv, og det var det vi fekk beskjed om: De skal gripe alle sjansar de får, sa dei. Det låg så mykje motivasjon til å gjere noko med livet. Eg hadde alltid eit håp om å kome til Noreg ein eller annan gong, for eg visste heile tida at far var her. Og så blei draumen til realitet.

– Du lærte deg norsk ganske fort?

– Å lære språket var forvirrande og vanskeleg. Etter kvart greidde eg likevel å overvinne frykta for å snakke norsk. Eg følte det var opp til meg sjølv å gjere noko med det. Søskena mine jobba like hardt som eg. Vi tenkte veldig mykje på det førre livet vårt – no hadde vi ein ny sjanse til å gjere noko betre.

– Kva gjorde at du overvann motstanden?

– Etter at eg hadde vore nokre månader i Noreg, skjedde det noko med måten min å tenke på: Endeleg var eg heime – og alt rundt meg stadfesta at dette var den nye heimen min: Eg fekk pass, skuleplass, pengar. Eg hadde fastlege. Alt var på plass. Foreldra mine sa: No er vi her, vi skal ikkje flytte meir. Alt rundt meg stadfesta at eg var heime her. Dette var den største motivasjonen min for å gjere noko godt ut av livet, så godt eg kunne.

– Gjekk du i klasse med mange minoritetselevar?

– Ja, men utanom i norsk og engelsk gjekk eg i vanleg klasse. Kanskje var det to–tre innvandrarar i klassen, og vi sat alle bak i klasserommet. Så sat vi der, snakka ikkje særleg, spurde ikkje om noko, skjøna heller ingen ting. Det var veldig vanskeleg, ei frykteleg oppleving. Eg opplevde at skulen ikkje gjorde noko for oss. Det tryggaste var difor å søke til vener med innvandrarbakgrunn, eller til bror min, som gjekk i same klasse, sjølv om det jo ikkje var det eg ville. Dei andre elevane med innvandrarbakgrunn hadde den same frustrasjonen som eg over ikkje å kjenne nokon. Det hjelpte korkje på språket eller anna. Det var forferdeleg. Eg var 16 år og kjente meg utanfor. Eg greidde heller ikkje å følge med i timane, for eg var så irritert og sint over at eg aldri vart rekna med.

– Men du gav ikkje opp. Kvifor gjorde du ikkje det?

– Eg heldt på å droppe ut av vidaregåande fleire gonger og hadde uendeleg mange timar med fråvær. Eg fekk ingen vener på skulen, og ingen valde meg på gruppe heller. Men eg droppa ikkje ut, det gjekk bra. Då eg var 17, tok eg eit vakse val: Eg ville fullføre skulen. Eg jobba for livet det siste året.

– Kan du fortelje om nokre av dei gongene du heldt på å gi opp?

– Det skjedde fleire gonger. Skulen var vanskeleg. Etter berre to år i Noreg var det tøft å skulle få karakter i alle faga. Det var så mange lekser. Og så var det foreldra mine som drøymde om at eg skulle bli slik dei ønskte eg skulle bli: ei typisk somalisk jente som tek godt vare på religionen, kulturen og identiteten sin. Og som skulle ta med seg alt dette inn i framtida.

Eg greidde det ikkje. Det vanskelegaste var å handtere dei ulike identitetane. Eg hadde rett og slett mista motivasjonen og var så langt nede som eg kunne kome. Men heldigvis gav eg ikkje opp. Fleire gutar i klassen droppa ut i tredjeklasse. To av dei køyrer taxi no.

Den 25-åringen som i dag sit på Café Christie, høyrest ikkje ut som ei som kunne droppe ut av skulen. Ho fortel om frustrasjonen heime, om sinnet som dei tre søskena kjente på. Foreldre som ikkje kunne hjelpe, diskusjonar om fridom og om val. Ein norsklærar vart etter kvart ankeret hennar, ein lærar som sat igjen når timen var over, og som forklarte leksene for henne. Og det var scenekunstprosjektet Fargespill. To månader etter at Mona kom til Bergen, er musikarane Ole Hamre og Sissel Saue på besøk i introduksjonsklassen på Nygård skole. Dei er på jakt etter ungdommar som syng og dansar, og som er interesserte i å bruke dette i Fargespill. Mona kjem raskt i kontakt med musikarane, og det blir eit vendepunkt for henne.

– Brått kjente eg meg viktig, seier ho, og held fram: – Fargespill er kunstprosjekt for innvandrarar og norske barn og ungdommar i Bergen. Men Fargespill er forma av kvar og ein av dei som har vore med. Det er ikkje slik at Fargespill gjer noko for oss, det er vi som skapar fargespelet. Fargespill er det vi klarer å få til saman.

Eg hadde aldri tidlegare reflektert over kven eg var, korleis ein såg på seg sjølv, kor ein høyrde til, før eg vart med i Fargespill. Då eg kom til Noreg, såg alle på meg som somaliar, somaliske Mona. Men eg var ein person utan historie. Fargespill har vore staden der eg har funne fram til ein definisjon av meg sjølv.

– Kven er du? 

– Då eg byrja i Fargespill, såg eg kor viktig det var nettopp å ha ein annan identitet, kultur, bakgrunn. Samfunnet rundt meg fortalde meg at det var slitsamt å vere annleis, men straks eg kom på øvingane i Fargespill, kjente eg på det motsette – at det å vere annleis var noko positivt. Vi bidrog med det å vere annleis, sjå annleis ut. Det var brått inga ulempe, men ein fordel, og eg kunne vere både somaliar og etiopiar.

– Kan du beskrive den kjensla av å bidra, kva det gjorde med deg?

– Eg opplevde til dømes kor viktig den somaliske songen min var. Dersom eg ikkje var med på ei øving, var det heller ingen andre som kunne bidra med nett denne songen. Alle snakkar om at ein må bidra inn i samfunnet, og så skal samfunnet gi noko attende til deg. Fargespill handlar for meg om noko anna: om å høyre til.

Den norske kulturen blir skildra som noko stort, noko som innvandrarane må lære seg. Men bodskapen var også: Du kan ikkje vere deg sjølv. Dersom du skal vere her, må du vere ein annan enn den du eigentleg er. Når eg bidreg i Fargespill, så kjenner eg at eg kan vere meg sjølv fullt og heilt.

– Parallelt med at du sleit på skulen, jobba du også med din eigen familie. Kan du fortelje om den reisa du har gjort?

– Det byrja alt då eg kom til Noreg. Det var rett og slett vanskeleg å leve slik som foreldra mine ønskte at eg skulle leve. Eg hadde forandra meg på særs kort tid. Eg var som eit nytt menneske, med mange nye inntrykk, kjensler, draumar og ambisjonar. Det var ein kamp for å kunne leve slik eg sjølv ville. Det dreidde seg om å bestemme seg for å gå ein veg, og å halde ut.

Eg kjente meg utanfor og ekskludert, både i samfunnet og i min eigen familie. Eg kjente på eit stort press, men var bevisst på kva eg ville. Og då eg tok valet, var det ikkje snakk om å angre.

Ni år seinare er Mona framleis ei av dei sentrale aktørane i Fargespill. Då NRK i 2016 lagar dokumentar om den konserten Fargespill gjer med Kringkastingsorkesteret, er ho naturleg nok ei av dei som får merksemd. Same dagen som dokumentaren blir send på NRK, 30. oktober, skriv nrk.no: «Mona (24) risikerte å miste både vene- og familierelasjonar då ho valde å gå med dei kleda ho sjølv ville. Men musikken var det ingen som kunne ta frå ho.» Tittelen på saka var slåande: «La igjen hijaben på prøverommet på Cubus». For Mona var aldri intensjonen å bli ein del av hijabdebatten. Brått var ho det. Og reaksjonane var sterke.

– Folk byrja å kommentere valet mitt. Eg svarte berre at det var historia mi, og at eg ikkje fortalde henne for å motivere andre til å ta av hijaben. Eg er korkje for eller imot hijab.

Det var så mykje kritikk ein periode at eg blei veldig redd for eiga sikkerheit. Eg lurte på kva konsekvensar det kom til å få for meg. Det sterkaste ønsket til foreldra mine var at eg skulle ha hijab og oppføre meg som ei somalisk jente og gå i moskeen. Eg var 17 den gongen. Eg ville ikkje vere med på det lenger. Eg ville bestemme sjølv.

– Korleis har du jobba fram ditt eige frirom? 

– Eg er ein ganske sta person og bestemte meg tidleg for å gå min eigen veg, men eg møtte stor motstand: Folk i det somaliske miljøet var ikkje nøgde med måten eg levde livet, korleis eg kledde meg, eller kva slags vener eg valde å vere saman med. Eg flytta frå foreldra mine då eg var tjue, noko som i grunnen er uaktuelt å gjere for ei somalisk jente. Men eg gjorde det for min eigen fridom, og eg kunne gjere det i Noreg. Eg hadde etter kvart stort nettverk, dei fleste av dei med minoritetsbakgrunn, menneske eg hadde møtt gjennom Fargespill.

Gjennom Fargespill har eg også engasjert meg i tema om menneskerettar: Stort sett har eg vore oppteken av kvinnerettar, særleg blant minoritetsjenter.

At eg valde å flytte for meg sjølv, gjorde òg at eg vart ekskludert. Eg fekk masse kritikk. Men så møtte eg mange jenter som òg såg opp til meg, som eg kunne vere rollemodell for. Noreg er eit likestilt land, men det er ein annan kamp innvandrarkvinner må ta.

– Har du følgt med på skamlausjentene – rørsla av jenter som står opp mot uretten i eigne miljø?

– Då eg høyrde om dei skamlause jentene første gongen, tenkte eg at dette er bra. Eg er så glad for dei jentene! Det har vore så mykje snakk om sosial kontroll. Eg har kjent meg kontrollert, ikkje berre av min eigen familie, men òg frå alle dei som kjem frå same stad som eg. Sosial kontroll er eitt av dei største problema blant innvandrarar. I alle år har det vore mange som har snakka på vegner av minoritetsjenter. Sjølv får vi ikkje lov til å snakke, eller å fortelje korleis vi har det. Det er alltid dei andre som skal frigjere innvandrarkvinnene. Eg har alltid vore imot det. Det var også difor eg byrja å engasjere meg, sjølv om eg ikkje har greidd å vere like tydeleg som skamlausjentene. Eg har vore redd for eiga sikkerheit. Eg har tatt ein stor kamp, men berre til det eg har hatt kapasitet til: for det er min kropp – eg veit kva eg toler mentalt. Eg kjenner meg overvaka overalt.

Eg hadde aldri høyrt om Papillon før eg møtte kvinnene bak tiltaket etter møtet med Deeyah Khan den aprilkvelden i vår. Og kvar gong eg har møtt dei eller andre i Papillon sidan, var det alltid nokon som snakka om Mona, «den tøffaste jenta i Noreg nett no», som det blei sagt.

Vi har sete på Christie til over stengetid. Mona ville ikkje ha noko anna enn eit glas vatn. Vi kryssar gata over til Studentsenteret, finn oss eit bord. Mona er roleg, men bak augo skimtar eg eit mørke.

– Du har vore med på å starte Papillon i Bergen. Fortel om det.

– Papillon er ei kvinnegruppe for nykomne innvandrarkvinner. Kvinner er målgruppa akkurat no, vi har tankar om å utvide det til også å gjelde gutar. Eg har sett nokre kvinner, sterke kvinner som liknar på meg fysisk, og som eg har greidd å identifisere meg med, sjølv om vi ikkje kjem frå same stad. Dei stadfestar for meg at ein kan vere innvandrar, utanfor samfunnet, men at ein likevel kan klare seg: Det er håp. Det er det konseptet Papillon er: Vi vil styrke jentene, vere med dei i kampane dei kjempar, uansett kva val dei tar i livet.

– De er opptekne av den fysiske og psykiske helsa til dei som kjem med i Papillon, fordi mange av dei har opplevd overgrep – fysisk eller psykisk. Korleis har det vore for deg sjølv? Har du fått støtte og oppbakking heime?

– Nei, det har eg ikkje, og det er ein av dei viktigaste grunnane til at eg er med i Papillon. Berre det å fortelje jentene at det er greitt å vere deprimert, at det er OK å vere lei seg, at det finst ein veg ut, er viktig. Det er mange av jentene som skjønar kva psykisk helse er, men å definere det er særs vanskeleg for dei. Dei kjem frå land, til dømes Somalia, der det ikkje finst definisjonar for psykisk helse. At eg kan vere der for dei, gjer at eg sjølv kan kjenne meg så mykje sterkare. Sjølv om eg i dag har tatt val som gjer at eg er ekskludert frå det somaliske miljøet i Bergen, kjenner eg meg likevel ikkje lenger åleine, for eg veit at det finst folk rundt omkring som har sine historier.

– Ein stad i Iram Haq sin film «Hva vil folk si» seier den pakistansk-norske faren til dottera Maria at ho kjem til å bli einsam om ho blir for vestleg. Eg har tenkt at det var ei nøkkelsetning i filmen: redsla for at om du blir for vestleg, så endar du opp einsam. Kva tenker du om det?

– Det er så mange einsame menneske blant innvandrarane. Det verste er når eg møter 13–14-åringar som er einsame. Sjølv har eg funne vegen ut av einsemda. Eg forstod etter kvart at om eg blir utstøytt av det somaliske miljøet, ja, så finst det andre miljø eg kan vere med i. Lenge gjekk eg med ei kjensle av at norske styresmakter trudde det gjekk bra med meg så lenge eg budde hjå foreldra mine. Men eg trong hjelp.

– Kva er sosial kontroll?

– Til dømes når ein ikkje torer å gå ut i gata i dei kleda ein til vanleg går i, når ein møter ein taxisjåfør eller ein bussjåfør som ser deg, og som fortel det til foreldra dine.

Etter kvart som eg blei god i norsk, forstod eg også at eg vart utsett for sosial kontroll, og difor bør det givast informasjon om sosial kontroll straks ein kjem som ny til Noreg: Ein bør få vite at dersom ein blir utstøytt av familien, så finst det stader der ein kan søke hjelp. Eg opplevde at dei som kom åleine som mindreårige flyktningar, fekk meir hjelp enn til dømes eg som budde heime hjå foreldra mine, som skulle vere ansvarlege for omsorga mi til eg var atten.

– Kva skal til dømes ein lærar gjere i møte med innvandrarforeldre for å hjelpe barna best mogleg?

– Dei fleste foreldre eg møter, manglar informasjon om sjølv dei minste ting. I haustferien har eg undervist i samfunnsfag på somalisk, eit 50-timarskurs som alle må ha når dei kjem til Noreg. Eg oppdagar at elevane har tankar som ikkje er sanne, om alt mogleg.

– Som for eksempel?

– Vi snakkar mellom anna om barnevernet, eit veldig attraktivt tema blant somaliarar. Barnevernet er ein ganske kompleks institusjon, men også ganske enkel å forstå: Elevane i klassen hadde fått munnleg informasjon om barnevernet, kva det er – og sat no med ei redsle som for meg var uforståeleg. Dei meinte å vite at barnevernet tar barna frå deg utan at du har gjort noko gale. Om du ikkje leverer barna på ein aktivitet, eller han eller ho er sjuk, så kjem dei og tar barna. Trudde dei. Eg måtte slå opp i barnevernslova på somalisk og fekk dei til å forstå at det ikkje var slik dei trudde.

– Kva skal storsamfunnet gjere for at fleire skal kjenne seg som del av samfunnet?

– Folk må ha høve til å vere seg sjølve. Alt er nytt for dei som kjem. Til og med maten. Når eg er på dei ulike institusjonane, som til dømes introduksjonssenteret, så er det flest flyktningar som kjem dit, det er òg veldig få andre med annan bakgrunn som jobbar der. Dersom du ikkje har ein bakgrunn som gjer at du skjønar korleis det er å flytte til eit anna land, så er det vanskeleg å fatte heilt kor vanskeleg mange av dei har det.

I dag jobbar eg med ungdom i jentegrupper på skular. Her fortel eg at elevane sjølve skal velje om dei vil gå med hijab, om dei vil ha norsk kjæraste – eller endåtil jentekjæraste. Eg har blitt stoppa i byen av nokre av mødrene til jentene, som seier at eg ikkje har lov til å snakke som eg gjer, og at jentene deira er påverka negativt – av meg. Eg svarar at eg ønskjer å fortelje dei at jentene sjølve kan bestemme om dei vil gå med hijab eller ikkje. Slikt må dei tole å høyre. I to–tre jentegrupper har endåtil fleire av dei slutta fordi foreldra syntest det var frykteleg at eg snakka om fridom og val.

Det må vere nulltoleranse for sosial kontroll. Ingen skal måtte setje livet sitt i fare for dei vala ein tar. Ein må vere klar på reglane i Noreg.

Eg jobbar no med fleire ulike jentegrupper. Dei møter så mange utfordringar. Eg kjenner to jenter som er sende ut av landet – Gud veit kva som har skjedd med dei av fysisk og psykisk press i mellomtida. For to år sidan var det mange som blei sende til Somalia frå Bergen for å lære om Koranen, utan at nokon reagerte på det. Skulane er redde for å konfrontere foreldre, snakke med dei. Som til dømes om manglande symjeundervisning. Det er rett og slett ei sak for barnevernet når ungdommar på tretten ikkje kan symje fordi mor deira seier nei. Eg snakkar direkte med foreldre om slikt. Eg har sagt til folk at dei set liva til barna sine i fare om dei ikkje lærer å symje. Foreldra må konfronterast. Det er så mykje redsle og lite forståing. Eg har ikkje problem med å snakke med somaliske foreldre.

– Du har hatt fleire jobbar. Du har også jobba på gamleheim?

– Eg var atten og likte det veldig godt. I byrjinga tenkte eg at eg ikkje kunne jobbe der, det var mange negative folk. Dei gamle seier rett ut kva dei meiner. Men etter kvart skjønte eg at dei mangla kunnskap om innvandring, at det var nytt for dei. Eg sa alltid til dei gamle: «Eg kom for å bli.» Dei spurde: «Kvifor reiser du ikkje attende?» Eg svara at det er krig. «Men dette er min siste heim. Det er her eg skal vere.»

Mona ler. Eg tenker på den somaliske voggesongen ho syng saman med Fargespill. Den blandar seg med norske «Kvelden feller skuggar». Kringkastingsorkesteret hadde han med på julekonserten i fjor. «Pappa for til anna land, heim han ikkje koma kan, før guten kjem med årar», er ei line i den norske songen. Men kva er norsk kultur for Mona? Om ho er heime her, kva er ho heime i? Kor er livsåra?

– Norsk kultur er det kvar og ein er. Norsk kultur er ikkje å ete kjøttkaker eller å stå på ski. Norsk kultur har endra seg. Dessverre er det mange som ikkje godtar det. Men det har kome andre nordmenn, som meg, ein annan type nordmenn – med ulike fargar og kroppsformer.

– Nokre blir jo veldig redde for at vi er i ferd med å miste noko av det særeigne norske. Forstår du at dei kan bli redde?

– Nei, det forstår eg ikkje. For eg kjenner meg veldig treft når nokon seier eller skriv at dei er redde, og at dette landet aldri kjem til å bli seg sjølv att. Men dette landet kjem uansett ikkje til å bli det det ein gong har vore. For menneske rører på seg heile tida, endrar seg. Forandring er i seg sjølv skummelt, men folk er jo også sjølve ein del av forandringa.

– Men kva er du glad i med Noreg?

– Eg er veldig glad i Noreg. Eg har jo gjort alt for å bli her. Men det beste er ytringsfridommen, fridommen vi har til ikkje å vere redde for å gjere det vi sjølve vel for liva våre. Vi har reglar som beskyttar oss, politiet og tiltak som er der for deg dersom du hamnar i vanskelege situasjonar. Å vere fri er det eg likar med Noreg.

– Kva tenker du om eigen identitet no?

– Eg har brukt mange år til å sortere dei ulike identitetane mine. Det at eg til dømes kan ulike språk – er det negativt? Før såg eg det som negativt. Det einaste som gjaldt, var å snakke norsk. Det var inga hjelp i at eg kunne somalisk, arabisk, engelsk, amharisk og fransk, om eg ikkje kunne norsk. No ser eg det som ein styrke å ha mange identitetar, det gjer at eg betre kan tilpasse meg. Eg kjenner meg meir robust. Eg toler litt meir, eg kjem meg fortare opp enn andre. Og no drøymer og tenker eg på norsk.

– Kvifor er du blitt så sterk?

– Eg trur det er personlegdom og ikkje minst livserfaringar eg har samla gjennom alle åra eg har levd, og det handlar om dei eg har møtt, som har tolt så mykje. Vener som har hatt dei same utfordringane eg har hatt, men som likevel har takla det så bra. Nokre har hatt endå fleire utfordringar. Eg kjenner meg så heldig i forhold til dei.

Då Leila ringde for å fortelje om brevet Mona hadde fått, hadde vi alt avtala intervjuet: Vi skulle snakke om prosjekta hennar, om Papillon, om sosial kontroll, om å vere i Noreg. Så blei samtalen likevel annleis på mange vis. For kvelden hadde skuggar.

– Vi må snakke om den siste veka. Fortel kva som har skjedd.

– For rundt fire år sidan søkte eg om å bli norsk statsborgar. Denne veka kom avslaget. Mor mi fekk statsborgarskap, men eg og søskena mine har fått avslag. Eg meiner det er brot på menneskerettane at vi ikkje har fått vite noko om prosessen dei fire siste åra. Så skulle alt skje på ein gong i fjor. Foreldra mine blei kalla inn til forvaltingsintervju. Sidan var det min tur til å bli intervjua. Dei sa dei trong meir informasjon for å handsame saka mi. Intervjuet tok tre timar. Dei ville vite alt om fortida mi, om notida, og kva eg hugsa frå barndommen. Det var så mange spørsmål – spørsmål ingen stilte den gongen eg kom hit for ni år sidan. Den gongen spurde dei forresten ikkje eingong kva eg heitte. Eg hadde aldri trudd at eg skulle sitje på eit rom på ein politistasjon og bli intervjua i tre timar. Det var altfor lenge. Det var for mykje.

Mona blir stille. Lenge.

– Det er ein av grunnane til at eg ikkje lenger kjenner at eg har ein heim. Den kjensla av å høyre til her har eg på ein eller annan måte mista. Uansett kva eg gjer, så kjenner eg det som om eg aldri kjem til å vere hundre prosent her – korkje psykisk eller fysisk. Eg har eit trugsmål over meg om at eg må reise frå landet. Eg ser korleis politikarar uttalar seg: Ein må kaste ut alle utlendingar som lyg. Eg blir meir og meir frustrert. Eg ser den frustrasjonen, ikkje berre hjå meg, men hjå mange som bur i Bergen, og som kjem frå ulike stader. Folk er livredde: Kva skjer med meg? Kva skjer med barna mine? Kva skjer med oss? Det har spreidd seg frykt mellom innvandrarane i Bergen, ein ser det i andleta deira. Det er ikkje greitt. Om ein skal vere her, høyre til her, bli integrert, bygge eit liv – og så, nærmast som i ein snap, bli mint på at du kan miste alt du har. Plutseleg har ein ingen rettar.

Eg fekk avslag, og eg skal jo klage. Men nett no kjennest det som om dei åra eg har vore i Noreg, ikkje har betydd noko som helst. Det er som om det er tom tid som berre har forsvunne. Alt eg har gjort, alt eg har oppnådd. Kjenslene eg har skapt – for å bli. Rett og slett. Og at dette skal forsvinne så lett. Eg blir først og fremst veldig sint og lei meg.

Eg har tenkt: Korleis kan eg prove kven eg er? Det UDI visste om meg før eg kom til Noreg i 2008, er det eg veit om meg sjølv. Det er ikkje noko meir eg kan føye til. Eg kjenner meg ganske hjelpelaus. Og det skjer med mange somaliarar i Bergen. Det er ikkje snakk om ein, to eller tre innvandrarfamiliar. Eg ser det i andleta deira – folk er livredde. Og samfunnet rundt er stille om at dette skjer.

– Har du sove?

– Eg har sove ganske lite. Før eg fekk vedtaket, grubla eg veldig mykje. Eg visste jo kva som skjedde med dei rundt meg. Eg hadde eit håp om at dette skulle ta slutt. Men heile det siste året har eg tenkt: Kva er eigentleg vitsen med å bli ferdig utdanna og få seg jobb? Det gir jo ikkje meining, liksom.

– Kva tenker du om framtida no?

– Eg ser ikkje noka anna framtid enn den eg har brukt veldig mykje tid på å bygge. Og det er veldig vanskeleg å tenke «kva om». Om vi alle til dømes skulle bli kasta ut av Noreg? Det er umogleg å tenke slik. Eg kjem til å vere slik eg er. Det kan få store konsekvensar for slike som meg.

– Kva konsekvensar kunne det få for deg?

– At eg blir skada av andre somaliarar – for at eg ikkje oppfører meg som dei, og at dei veit om fortida mi i Noreg. Eg veit verkeleg ikkje kva som kan skje med meg. Eg blir så sint. Det er snakk om tryggleiken min. Søskena mine lever liknande liv som dei levde før dei kom til Noreg, men eg lever heilt annleis.

– Du er blitt ein annan enn dei?

– Ja. Difor kan eg ikkje eingong greie å tenke på å reise attende.

– Kva har du gjort i dagane etter avslaget kom? 

– Eg har oppført meg som vanleg. Dagen etter at brevet kom, gjekk eg på jobb for å undervise. Eg følte det var ei forplikting. Eg er sterk og toler veldig mykje. Samstundes er eg sårbar. Det er ikkje noko eg kan gjere akkurat no. Alle vala har vore mine: å flytte frå familien, ta av hijaben, velje mitt eige liv – og eg stod i det, men dette føler eg at eg ikkje har kontroll over. Advokaten min har reagert på vedtaket. Ho tykkjer det er ein del logiske bristar. Det står fleire punkt om kvifor eg ikkje får statsborgarskap: I intervjuet kunne eg til dømes ikkje gjere greie for kva klanen som eg høyrer til i Somalia, levde av, og kva dei åt. Eg har aldri budd der. Eg har ei forståing av kva den somaliske nomadiske kulturen lever av – det var også slik eg svara i intervjuet, men det var ikkje spesifikt nok. UDI meiner at søknaden eg skreiv for fem år sidan – og skriftspråket mitt som eg brukte den gongen – tyder på at eg kjem frå ein annan stad. Eg har aldri nokon gong høyrt om at det kan bli brukt som argument for avslag.

– Eg reknar med at du har sett ein del folk som ikkje har gripe sjansane Noreg har gitt dei. Kva tenker du om det?

– Folk har ulik personlegdom og har opplevd mykje ulikt. Men eg ser folk rundt meg som ikkje grip sjansane som byr seg, som likevel klarar seg, og som mottek økonomisk støtte i eit land der ein ikkje døyr av svolt. Samfunnet plukkar ein opp uansett kva nivå ein er på. Mange av dei som kom samstundes med meg, har blitt norske statsborgarar. Det å lukkast i Noreg er noko alle rundt deg vil. Men korleis kan du lukkast når du ikkje har papir? Uansett kor mykje du har oppnådd, så skal det ikkje bety noko. Eg synest det er urettvist at det skal definere framtida mi om eg får eller ikkje får det raude passet. Om eg ikkje får det, så dett eg ut av samfunnet. Eg meiner det er brot på menneskerettane. Eg ser ikkje nokon annan utveg enn å klamre meg til å bli her. Eg har gjort det beste ut av alle sjansane eg har fått. Eg har gripe dei. Og at eg ikkje skal få fleire sjansar – det tolererer eg ikkje.

– Kva no, Mona?

– Eg har vore tolmodig, eg har tenkt at det er ein prosess, at eg kjem meg gjennom det. Men når eg no ser korleis ting er: Det er umenneskeleg – og likevel er det så stille i samfunnet. Dei to siste åra har eg sett den store frykta mange innvandrarar ber på, om å miste papira sine, om å bli verdilause. I Noreg set vi menneskerettane høgt. Nett no kjenner eg det som om eg ikkje har menneskerettar. Opphaldet mitt går ut på ein dato.

Vi er på veg ut, intervjuet er over. Mona reiser seg:

– Når eg ser på søskena mine, så ser eg at dei er tomme, så nedtrykte og så knuste. Eg har det ikkje slik. Eg ser dei – og eg føler at skjebnen min er så mykje større enn deira.

MONA IBRAHIM AHMED

  • Mona Ibrahim Ahmed (25), fødd i Etiopia av somaliske foreldre.
  • Kom til Noreg på familiegjenforeining i 2008.
  • Aktiv i Fargespill og gjennom gruppa «Livets farger», som har turnert med Den kulturelle spaserstokken.
  • Har bachelor i interkulturell kommunikasjon frå Norsk Lærerakademi (NLA).
  • Tilsett ved Kirkens bymisjon i Bergen.
  • Ei av kvinnene bak den frivillige organisasjonen Papillon.

Redaksjonsmerknad: Intervjuaren Hilde Sandvik har sjølv ei dotter i Fargespill.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar