Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Frå nytte til den moderne hytte

Av Håvard Teigen

Investeringar i fritidshus har vore eit tapsprosjekt i snart ti år dei fleste plassar i landet. Og framleis held vi fram med å bygge.

Håvard Teigen (f. 1949) er professor i regional økonomi og politikk ved Høgskolen i Innlandet, Lillehammer. Spesialiseringa har vore distrikts- og bygdeutvikling. Han har nyleg gitt ut to bøker av og om forfattaren Tor Jonsson.

Fjellheimen vart på fleire måtar «oppdaga» av framande tidleg på 1800-talet. Engelske forskarar var i front, engelsk og norsk overklasse følgde gradvis etter. Denne overklassa braut med fjellbygdbondens måte å bruke fjellet på. Dei var korkje jegerar eller gjetarar. Dei dreiv i fjellet og «fingjekk» til ingen nytte, og dei gjekk opp på toppane i staden for å gå rundt. Korleis overnatta dei i fjellheimen? Forteljingane frå høgfjellsområda i Sør-Noreg fortel at dei fekk bu i seterhus.

Hus i fjellheimen er ikkje noko nytt. Over store delar av landet var seterhus samla i mindre og større setergrender, men det var også små hus ved dei fleste større vatn. Vi finn den same hustypen på høgtliggjande punkt rundt om i fjellet. Dyra vart flytte til fjells om sumaren. Her nytta dei fjellbeite, og det vart dyrka eng. Husa ved vatna var fiskebuer, og dei som stod på nutar og små høgder, var kan hende gjetar- eller jaktbuer. Det fanst også spreidde, små hus elles, til dømes buer for mosesanking. Det dei hadde til felles, var at dei var hus «til nytte». Setra gjorde at gardsbruket vart større og fekk fleire bein å stå på. Fiske- og jakthyttene hadde ein viktig funksjon for matauk i ein sjølvbergingsøkonomi.

Det nye i dag er ikkje at det er hus i fjellheimen, for medan husa før var knytte til arbeid og nytte, fyller husa i dag ein annan funksjon: som fritidsbustad. I dei seinare åra har fritidshytta fått ein fullverdig bustadstandard, og forskarane har gått over til å kalle dei fritidshus. Mange har fleire slike hus. Vi har fått omgrep som «den andre heimen» og jamvel «fleirheimsfamilien».

BY- OG HEIMBYGDTURISME

Trenden med å ha hytte som ikkje skulle vere til nytte, skaut fart i tida etter andre verdskrigen. Det er fleire krefter som til saman forklarer dette. Byane kom i sterk vekst samstundes som levestandarden auka. Folk budde tettare. Det vart større behov for å kome ut av byen, og fleire fekk råd til å verkeleggjere ein hyttedraum.

Draumen om hytta fekk òg draghjelp av moderniseringa i jordbruket. Gamle gardstun hadde stall, kufjøs, småkrøtterfjøs, låvar og løer. Dei nye driftsbygningane samla alle funksjonane i éin bygning. Også det nye våningshuset – finansiert av landbruksbank og husbank – hadde kjellar for baking og rom for slakt og anna grovkjøkken. Dermed vart det mange gamle tømmerhus til overs. Tømmerbygningar har ein fabelaktig eigenskap. Dei kom det moderne elementhuset i forkjøpet. Tømra hus er eit byggjesett som kan takast ned og flyttast. Og det skjedde. Dei gamle tømmerhusa som vart til overs, flytte til fjells. Eldhusa var spesielt godt eigna. «Eldhusgrenda» heiter det første større hytteområdet i Skjåk.

Å bruke opp att gamle hus var eigentleg berre eitt døme på eit større og meir generelt fenomen: Den tradisjonelle hytta var eit gjenbruks- og oppattbruksprosjekt. Inne i hytta fann vi dei gamle møblane som ikkje vart med inn i det nye husbankhuset: gamle kjelar, koppar utan hanke og stolar utan ryggstø.

Sist, men ikkje minst: Bilen var ein viktig føresetnad for det nye hyttelivet. Bilen fekk ein funksjon først og fremst som kollektivt transportmiddel allereie i mellomkrigstida. Det var bussar og lastebilar med «hus» på lasteplanet. Dei fleste hyttene låg saman med eller i forlenginga av stølane. Etter kvart tok mjølkebilen ikkje berre mjølkespann, men også hyttefolk. På slutten av 1950-talet var det slutt med rasjonering, og alle som ville og hadde råd, kunne kjøpe seg sin eigen privatbil. Dette endra turismen avgjerande og gjorde det lettare å kome på hytta.

DEN OVERRASKANDE VENDINGA

Sjølv om det vart bygd hytter i dei «gode tidene» på 1970- og 1980-talet, så vart ikkje dette sett på som satsingsområde og framtida i fjellturismen. Dei «framoverlente», som det heiter i dag, var sikre på at framtida enno låg i det moderne hotellivet – også på fjellet. Vi levde framleis i leivningane av husmoras tidsalder. Til fjells skulle også ho ha fri frå kjøkenet og stellast godt med på turisthotellet.

Oppland er Noregs største fjellturismefylke, og kommunane i Nord-Gudbrandsdalen, som er inngangsport til både Jotunheimen og Rondane, er fjellturismens indrefilet. I 1985 utarbeidde Oppland fylkeskommune ein reiselivsplan for denne regionen. Hytter vart knapt nok nemnde med eit ord, utbygging av fjellhotell var det store. Og hotellet laut ha symjebasseng! Distriktsutbyggingsfondet gav tilskot og den lokale sparebanken lån.

Så, ein gong på 1990-talet, var det slutt for hotella, og vi fekk ei gradvis vending over til det moderne fritidshuset. I ettertid er det lett å sjå kva som skjedde. Det er kanskje til å ta lærdom av at knapt nokon såg kva som kom til å skje – og kvifor det skjedde.

Det som skjedde, var ei eksplosiv utvikling i privathytter med høg standard, og den sterkaste veksten i vinterturismen kom der det var alpinanlegg. Her var veksten så sterk at også hotella overlevde. Mindre belegg på romma vart tilstrekkeleg kompensert gjennom restaurant og diskotek, namngjevne med det hippe og hotte «after ski», til ein kundemasse som vart meir og meir norsk. Årsakssamanhengar er vanskelege å gripe, men nokre freistnader på å forklare må det vere lov å prøve seg med.

For det første ebba husmoras tidsalder raskt ut. Å lage mat var ikkje lenger ei yrkesrolle og eit kvardagsslit. Det vart etter kvart status å lage mat – spesielt festmat –, såpass status at jamvel mannen steig inn i kjøkenet med heva hovud.

Ei anna forklaring ligg i yrkeslivet til mannen. Mange hadde mykje reising i arbeid og var leie av hotellmat og hotellovernatting. Plutseleg var hotellet noko ein skulle ha fri frå. Og så vart fritidshuset den fullutstyrte heimen. Det vart like vanleg å invitere venner til fritidshuset på fjellet som til heimen i byen. Til grunn for denne utviklinga ligg ei veksande middelklasse.

Ei tredje forklaring på utviklinga er fritidshuset som investering. Gevinst på sal av fritidshus vart skattefri – på same måte som gevinst på sal av bustad. Skilnaden var at ein laut ha fritidshuset i fem år for å få skattefritak. Slik er det forresten framleis. Fritidshus i og i nærleiken av alpinanlegg hadde ei eksplosiv prisutvikling. Dei vart spekulasjonsobjekt, også uavhengig av skatteregimet. Dette vart kombinert med urbaniseringa av alpindestinasjonane. Det frittliggjande fritidshuset der eigaren kunne gå ut og pisse utan at naboen såg det, vart først erstatta av tette einebustadfelt – så leilegheiter i fjellet – og jamvel høge blokker. Sjølve symbolet på denne utviklinga var «Krystallen» i Kvitfjell, ei høgblokk der fleirtalet av leilegheitene var kjøpte opp av spekulantar som satsa på å selje att før dei betalte for kjøpet. Finanskrisa slo inn, og det gjekk frykteleg gale.

Ei fjerde forklaring eg vil trekkje fram, er fritidshus som sosial markør. Det er ikkje tvil om at dei store og luksuriøse fritidshusa i oppblåst bonderomantikkstil på store destinasjonar som Trysil og Hemsedal, Beitostølen og Hafjell ikkje berre er noko meir og større enn det gamle eldhuset. Dette er fritidshuset som utstilling av rikdom og vellykka liv. Den nye økonomiske overklassa braut med nikkersadelen som hadde gøymt bort rikdomen sin bak høge gjerde og murar. Det viktigaste var ikkje utsikta til Storronden eller Smiubelgen. Den nye overklassa bygde fritidshus for å sjå og å bli sett.

Røkke og Gjelsten vart frontfigurar her òg. Songteksta «Røkke og Gjelsten og i» forklarer korleis dei to vart føregangarar for ein ny og pengesterk generasjon. Mange følgde etter for nettopp å bli ein av tredjepersonane, for å bli «eg». For «eg» blir òg noko anna og noko meir ved å bli stilt ut ved sida av dei andre vellykka. Fritidshuset vart eit ego-prosjekt.

Det er eit fabelaktig samantreff at den store amerikanske sosiologen Torstein Veblen var son til foreldre frå småkårsbygda Høre i Vang i Valdres. Dei utvandra til USA i den aller første utvandringsbølga på 1840-talet. Bakgrunnen frå småkårsbygda gjorde at han seinare kunne sjå det lett komiske i den rike overklassa i USA, og seinare skapte han omgrepet «prangande forbruk». I Noreg såg forfattaren Johan Falkberget det same med sin unike kombinasjon av politikar- og forfattarblikk. Bør Børson tende på pipa med pengesetlar. Røkke, den nye Bør, bygde eit hyttepalass med torvtak som kunne brødfø eit lite sauebruk i Østerdalen. Gjelsten vart investor i Hafjell og fekk store oppslag i lokalavisa om at bilturen dit var farlegare enn båt-racet i Oslofjorden. Å få standsmessig veg heilt til Oppdal var eit håplaust prosjekt. Røkke fyrte i staden av nokre ekstra millionar og utvida flyplassen.

TRE HOVUDTYPAR

Det korte historiske risset for utviklinga i fjellturismen har materialisert seg i tre hovudtypar samlokalisering av hytter og fritidshus i fjellet.

For det første har vi hyttefelta som har vakse vidare frå den første hyttebyggingsfasen. Dette er det tradisjonelle hytteområdet. Vi finn det nesten alltid der det frå før var hus i fjellet. Det mest vanlege er hytteområde som har spreidd seg i forlenginga av stølane, ved elver og fiskevatn. I dag har også desse hytteområda gjeve avkall på produksjon og matauk, men det er ofte overraskande mange som seier at dei har fisking og jakt som aktivitet i løpet av året.

Etter det tradisjonelle voks det moderne fram: fritidsbustadfeltet. Desse har bustadkvalitetar, men også planløysingar slik vi finn dei i det klassisk norske einebustadfeltet i by og bygd. Som i bustadfeltet er tomtene på maksimalt to mål, og som i bustadfeltet er husa plasserte så langt frå kvarandre som mogleg. Husa på gamle bergstader i fjellheimen låg tett i tett og snudde ryggen mot dei harde vindkasta. Dei skulle gje ly mot vêr og vind når bergstadfolket gjekk ute i det offentlege rommet, slik vi framleis ser det til dømes på Røros.

Den tredje kategorien er fjellandsbyen som kopierer dei urbane bystrukturane. Her har det vakse fram eit lite samfunn på fjellet. Det er ikkje berre frittliggande fritidshus, men også dei same butikkane som i fedrelandet elles. Kiwi lyser grønt i kvite vinterlandskap, og det er kafé med latte, frisørar og italienske restaurantar – og sjølvsagt både ein og fleire sportsbutikkar. Dette er ei samfunnsform nær slekta med den einsidige industristaden, men det er skiheisen som har teke aluminiumskokeriets plass. Den største skilnaden er at dei dyraste husa, som før danna direktørgrenda, utanfor fabrikkrøykens rekkevidde, nå er dei prangande fritidshusa i vinterdestinasjonen med det som på godt turisme-norsk heiter «Ski in – Ski out» til skiheisen.

DET PLANLAGDE HYTTEOMRÅDET

Fram til andre verdskrigen vart hus i fjellet bygde og brukte etter tradisjonelle normer for nytte, men rettsleg sett var dette ei lovlaus og uregulert utvikling. Samfunnsplanlegging som teori fekk gjennomslag i forlenginga av den russiske revolusjonen. Jamvel USA vart inspirert og starta sitt New Deal-program. I Noreg fekk Arbeidarpartiet utarbeidd ein norsk treårsplan i mellomkrigstida, ført i pennen av to store nasjonale strategar: Ole Colbjørnsen og Aksel Sømme.

Som praksis slo lovregulering og planlegging gjennom i etterkrigstida. Ideen om det planlagde samfunnet tok også vegen til fjells med naturvernlov (1954) og friluftslov (1957). Dermed var ei rivande utvikling i gang – vegen mot den nye plan- og bygningslova i 1965. Medan den gamle bygningslova frå 1924 berre regulerte byen, skulle den nye lova også trumfe særlovgjevinga: 1950- og 1960-talet var eit overgangsregime der det gamle nytte- og produksjonsperspektivet for utvikling i fjellet tok ryggtak med det nye by- og industrisamfunnets behov for fjellet som fritidsarena, fjellet som rekreasjon. Dette opna fullt opp for turismen som næring.

Det vart sett ned ein fjellbygdkommisjon som rapporterte i 1958. Kommisjonen ville ha oppretta eit Fjellbygdfond som til dømes skulle finansiere bergverk og turisme i fjellet. I staden vart meir samla i eitt fond, Distriktsutbyggingsfondet (DU), som kom i 1961.

Både Fjellbygdkommisjonen og DU hadde eit modernistisk produksjonsperspektiv. DU sette i gang utgreiingar og prøveprosjekt inspirerte frå Alpane, med heisar, hotell og alt det vi kjenner frå fjellandsbyen i dag. I Distriktsutbyggingsfondet sat den nest største av alle nasjonale strategar i perioden, nummer to etter Gerhardsen: Erik Brofoss var ein dominerande og karismatisk styreleiar for fondet. Andreas Cappelen, den same statsråden som fødde DU, tok også initiativet til Fjellbygdkommisjonen med treårsplanens Aksel Sømme som leiar. Sømme var professor og fylte opp med annan professoral kompetanse i geografi, arealplanlegging og transport. Dette utvalet var på same tid både moderne og tradisjonelt. Det var moderne fordi fritid og rekreasjon stod i sentrum for tenkinga. Det var også moderne fordi det såg at den gamle, spreidde hyttebygginga ikkje kunne halde fram. Det tradisjonelle elementet var at produksjonsorienteringa deira var knytt til det gamle bondesamfunnet, beiterettar og andre typar bruksrettar. Dei såg ikkje at beitenæringa var på retur, og at tenesteproduksjon for fritidshusfolket skulle kome i tillegg. Rekreasjonsperspektivet deira var nikkersadelens meir enn industriarbeidarens, skipsreiarens meir enn hotelldirektørens, med sine planar om skiheis og badebasseng.

Tenkinga og modellane som vart utvikla av denne kommisjonen, skulle bli førande for den moderne hytteutbygginga i fjellet som den nye plan- og bygningslova gav rom for. Enda viktigare var det kanskje at rapporten deira vart pensum på Landbrukshøgskulen og ved geografiske institutt ved universiteta.

FRAMTIDA: NYE BASKETAK?

Det har vist seg vanskeleg å spå om framtida – også i fjellet. Korkje DU, investorar eller forskarar såg pendelsvinginga frå høgfjellshotell til fritidshus i tide. Gode reiselivsforskarar meinte å sjå overetablering av hytter allereie på 1970-talet. Likevel er det nyttig å tenkje seg korleis framtida kan bli også på dette feltet.

Vi er inne i ei tid der nesten alle fjellkommunar satsar på fritidshus. I dag er det ikring 450 000 fritidsbustader i Noreg. Av desse er om lag 65 prosent lokaliserte til fjell- og skogsområde. Dei resterande finst i beltet inntil ein kilometer frå kyststripa. Men sjølv om veksten i nye fritidshus har vore sterk, har veksten i nye fritidshustomter vore større. Tevlinga om å trekkje til seg fritidshus minner om satsinga på industri som vekstsektor på 1960-talet. Alle kommunar satsa den gongen på industri og la ut nye industriområde, men så viste det seg at dette ikkje var ein vekstsektor. Industrien som næring stagnerte på midten av 1970-talet og har seinare aldri kome tilbake som vekstnæring. Framleis står 50 år gamle tilrettelagde industriareal halvtomme. Vi ser tilsvarande overetablering av fritidshusfelt i dag. Store skilt med «tomt til sals» finn ein nå nesten overalt i fjellheimen. Slikt gjev prispress nedover. Det er stor semje blant prognosemakarar om at fritidshus på fjellet ikkje lenger er ei investering som vil gje forrenting i kroner og øre. Slik har det vore i snart ti år nå – sidan finanskrisa. Fleirtalet tenkjer ikkje avkastning på fritidshusinvestering. Derfor kan prispress faktisk redde ein framtidig vekst i sektoren: Fleire vil få råd til å skaffe seg fritidshus. Men også det omvende kan skje. Faren for prisnedgang kan få mange til å selje. 

Det vi ser, er at det i dag er store regionale skilnader. Fritidshusområde ser ut til å måtte liggje innanfor to–tre timars køyretid frå dei store byane for å ha stor attraksjonskraft. «Skal du til fjells i helga», spør dei kvarandre innanfor sirkelen til Oslo 3. På destinasjonane innanfor akseptabel reisetid for helgeutfarten er veksten sterk. Det er ein planlagd og gjennomtenkt vekst – og det er vill vekst. Veksten skriv seg frå fleire kjelder. Folketalet aukar i byane, inntektsskilnadene aukar, og fleire får råd til fritidshus på desse høgstatuslokaliseringane. Sist, men ikkje minst: Bruken aukar. Det er snart ein like strid straum av bilar opp til fjells torsdags- som fredagskvelden. Det er internett og 4G. Arbeidet kan like godt gjerast frå fleirhusheimen i fjellet. På desse stadene er ikkje mangel på vekst problemet, men plutseleg kan det dukke opp uventa vekstsmerter.

Sjusjøen kan tene som det store dømet på vekstsmerter som gjer at også nye konfliktar fullstendig vil dominere dei gamle feidane om jakt- og fiskerettar og sauer som skit på dørhella. Sjusjøen Vel har slike saker på dagsordenen: Nytt fritidshusfelt er planlagt, ein entreprenør vil reise tre høgblokker, og enda eit kjøpesenter er under planlegging. 

Nye feltutbyggingar gjer at dei gamle hyttene får lengre veg ut i den «frie natur», og naturen blir mindre tilgjengeleg for hytteeigarar som dreg på åra eller har kort rekkjevidde av andre grunnar. Høghus er kontroversielle visuelt, men faren for framtidig forslumming ligg også der. Nye kjøpesenter er berre eit element i urbaniseringa av fjellet. Fleire drikke- og spisestader, massasjeinstitutt og ladestasjonar for Tesla følger i kjølvatnet. Dei nye konfliktane som følger av denne utviklinga, er i liten grad analyserte. Vi veit lite om kven som grupperer seg, og kvar skiljelinene går, men det manglar ikkje på hypotesar. Det var bygdefolk og nikkersadel som bygde først, og det er desse hyttene som nå blir innebygde; der sola før gjekk ned bak fjellet, forsvinn ho nå bak ein etasje i høgblokka.

DET SOM SVARAR SEG BEST?

Framtida for fritidshusa vil avhenge av typar rasjonalitet, motar og ei rekkje ytre faktorar. Historikarane har hatt ein interessant debatt om det gamle jordbrukssamfunnet var prega av økonomisk rasjonalitet eller av heilt andre mekanismar og logikkar, til dømes at dei sjølveigande bøndene var patriarkar som gav arbeidsfolk og husmenn arbeid og levebrød, sjølv om dette ikkje svara seg reint økonomisk. Eg trur at spørsmålet om økonomisk rasjonalitet vil kunne bli viktig for fritidshussektoren i fjellheimen. Investeringar i fritidshus har vore eit tapsprosjekt i snart ti år (sidan finanskrisa) dei fleste plassar i landet. I motsetnad til kyststripa er ikkje tilgang på tomter mangelvare. Større tilbod enn etterspurnad pressar prisane ned.

Samstundes med at prisane på fritidshus har stagnert, har årlege kostnader auka. Det viktigaste er at fleire og fleire fritidshuskommunar innfører eigedomsskatt og gradvis aukar denne skatten. Staten aukar formueverdien av fritidshusa gjennom andre takstar for desse enn for primærbustaden. Fritidshuseigarane kjenner også eit ansvar for løype- og turnett. Velforeiningane løyver pengar til løypenett, og giroar med førespurnad om frivillige bidrag i tillegg pressar på. Vegane inne i fritidsområda er nå nesten alltid privatvegar som det kostar tusenlappar i året å vedlikehalde og brøyte.

Oppsummert: Det er nå lenge sidan det har svara seg reint økonomisk å eige fritidshus i fjellet. Det er mykje billigare å leige enn å eige. Trass i dette held bygginga av fritidshus fram. Det er folketalsnedgang eller stagnasjon i dei fleste fjellkommunane, og i desse kommunane er det fritidshusa som har redda snikkarlag og entreprenørar. Det blir bygd langt fleire fritidshus enn bustadhus i dei fleste av desse kommunane. I perioden 2012–2016 vart det i gjennomsnitt bygd 2 bustader og 30 fritidshus per år i Lesja, 5 bustader og 46 fritidshus i Ringebu, og sjølv i byomlandskommunen Øyer vart det bygd seks gonger så mange fritidshus som bustadhus. Sektoren er altså viktig for både byggjebransjen og for handel og vandel. Etterspurnaden frå fritidshusfolket held alt frå butikkar til festivalar i gang. Det vil få store konsekvensar for fjellbygdene om fritidshusmarknaden raknar.

På lang sikt er det likevel megatrendar som blir viktigare for denne sektoren. Ein slik er klimaendringane. Dei planlagde fritidshusområda er lokaliserte i beltet mellom skog og fjell. Klimaendringane gjer at skogen klatrar høgre. Fritidshusområda gror ned og mister utsikta, og det blir lenger til fjells. Samstundes klatrar også snøgrensa opp. Mange vinterdestinasjonar kan miste vinteren – hovudattraksjonen. Ein annan megatrend er ein konsekvens av den første. Klimaendringane blir møtte med politikk, og det er nesten absurd når snø blir produsert i varmegrader med enormt energiforbruk, og når NHO-innlandet i sin siste årskonferanse kopla saman berekraftstrategi og satsing på å frakte fleire kinesarar opp i norske høgfjell. 

Like eins kan det bli stilt etiske spørsmål ved å eige mange hus. Politiske trendar kan stoppe ei slik utvikling. Allereie i dag er det semje om å skattlegge sekundærbustaden sterkare enn primærbustaden. Ein megatrend er heilnorsk: utfasinga av oljeøkonomien. I tida framover må reguleringar og skattar gradvis gjere det mindre lønsamt å investere i hytter og hus – og meir lønsamt å investere i produksjon og eksportindustriar. Fritidshusmarknaden vil bli råka av at dette er den delen av reiselivet som ikkje gjev eksportinntekter. Nesten ingen utlendingar investerer i fritidshus i Noreg.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar