Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Religion og barn

Av Ragnhild Laird Iversen

Korleis er foreldre med på å forme religionsforståing hjå barn? Kva tenkjer små barn om religion? Og korleis blir barn og foreldre sitt forhold til religion møtt i barnehagen? 

Ragnhild Laird Iversen (f. 1979) er utdanna religionsvitar og jobbar som høgskulelektor ved Høgskolen i Søraust-Noreg. Ho underviser kommande grunnskulelærarar og barnehagelærarar i religion, livssyn og etikk, og er medforfattar av læreverket Inn i livet 1–7.

«Kva tyder det å vere kristen?» Det var kveld. Tid for å leggje seg, eller tid for dei store spørsmåla. Marion var snart fem år, og meir interessert i å prate enn å sove. Vi hadde lese ei bok der det vanskelege spørsmålet og omgrepet vart nemnt, og no ville dotter mi kome til botnen i det heile. Eg beit på. Eg er utdanna religionsvitar, og det minste ein då kan forvente, er at dotter mi får eit ordentleg svar. Eg kunne svare kort: Ein kristen er ein som trur på Gud og Jesus. Noko i den duren. Men det lange og spanande svaret er eit som leier til nye spørsmål: Kva det vil seie å vere kristen, kjem an på kven du spør.

Sjølv hadde ho kalla seg kristen eitt år tidlegare. Ei eldre jente i barnehagen overtydde henne. Ikkje berre fann Marion forteljingane om Jesus spennande, ho skimta også eit lite håp om at ho ein dag kunne få eit gullkors om halsen. Det var finare enn kjeda ho hadde perla i barnehagen, fortalde ho meg. Men korset kom ikkje, og snart var også overtydinga gløymd.

På sengekanten spør eg henne kva ho knyter til det å vere kristen. Marion byrjar å fortelje om seg og farfar sin og eit besøk i kyrkja: Ho fortel om juleforteljinga, og nokre av historiene som vart fortalde om Jesus som kunne gjere under, og fleire andre underlege historier. Marion prøver å få brikkene til å passe saman: «Kva med han som er så glad i smør, og når mor hans ser inn i munnen hans, så ser ho heile universet?»

«Det er Krishna. Dei som trur på Krishna, kallar vi hinduar», svarar eg.

«Men kva med meg? Kva kallar ein slike som oss?» 

Marion veks opp i ei religiøst kompleks verd. Vi er ikkje samde om svara på dei store spørsmåla i storfamilien vår. Og i barnehagen der ho går, møter ho barn med foreldre som har kristen, muslimsk, buddhistisk og hinduistisk bakgrunn. Andre foreldre tar avstand frå religion, eller har sett saman si eiga overtyding. Nokon tydeleggjer livssynet sitt gjennom til dømes klesdrakt, symbolske smykke eller eksplisitte matreglar. Andre veit vi mindre eller ingenting om.

Kva tenkjer

barn om

religion, kva

formar dei, og

kva krav set vi

til vaksne med

ansvar for

danninga til

ungane?

I denne teksten vil eg reflektere rundt spenningar knytte til religion hjå barn, foreldre og tilsette i barnehage. Felles for 96,6 prosent av norske barn i alderen tre til fem år[1] er at dei brukar store delar av kvardagen sin i barnehage. Eg vil sjå på rettane til foreldra, plikter og praksisar i barnehagen, og ikkje minst på barnet sjølv: Kva tenkjer barn om religion, kva formar dei, og kva krav set vi til vaksne med ansvar for danninga til ungane?

Å FØLGJA EIGA OVERTYDING

Å få eit barn er ei stor gåve og eit overveldande ansvar. Uavhengig av bakgrunn vil dei aller fleste foreldre det beste for barna sine. Vi vil gje dei alt dei treng for å leve, og gjerne meir til, vi vil lære dei å bli gode menneske, lære dei skilnaden på det som er viktig og uviktig, på rett og gale. Men kva det til kvar tid er og skal vere, kan vi som foreldre vere ueinige om. Nokon meiner barn må skjermast for religion til dei blir store nok til sjølve å velje. Andre att ser det som ei særs viktig oppgåve å formidle det dei meiner er den eine, sanne trua og praksisen – også til barna sine.

Det er ein grunnleggjande menneskerett å få oppdra barna sine religiøst og moralsk i samsvar med eiga overtyding.[2] Små barn er inkluderte i ein religiøs fellesskap i alle verdsreligionar. Nokon meiner barna tilhøyrer ein religion frå dei blir til, andre innlemmar barna i den religiøse fellesskapen gjennom ritual ved fødsel eller namngiving. Små barn blir tatt med til kyrkjer, synagogar, tempel og andre heilage hus, og sjølv om dei ikkje har religiøse plikter, tar dei del i religionen slik han utspelar seg gjennom bøn, forteljingar, verdiformidling og meditasjon i kvardag og fest. Andre att veks opp utan religiøse rammer, men blir like fullt forma av livssynet til foreldra. I ein oppvekst utan religiøse ritual, heilage tekstar og forsamlingshus synest det sekulære som det naturlege – slik religionen er med på å definere normalitet i religiøse heimar.

Eg møter stadig dei som hevdar å ha eit nøytralt forhold til religion. Eg hevdar at det er umogeleg. Nøytralt i forhold til kva? Fråvær av religion, relativisme eller avstandstaking til religion er også eit livssyn.

Religion og livssyn gjev føringar for synet på barn og barneoppdraging. Men dei religiøse merkelappane kan både forklare og tilsløre. Det kan vere store ulikskapar i ein og same religion, og i nokre tilfelle er likskapen større mellom verdikonservative tilhengarar av ulike religionar enn mellom dei verdiliberale og verdikonservative i den same. Religionar gjev livstolkingar, rammer, påbod og forbod, men mangfaldet er stort, både i tekstar og tolkingar. Kva det inneber for eit vakse menneske å vere kristen, muslim, hindu eller buddhist, vil med andre ord variere. På same vis finst det ulik praksis for kor stor plass religion har i oppsedinga hjå ulike foreldre. Korleis vi som foreldre ser på religion, ser uansett ut til å påverke barna våre.

Tidleg sosialisering er viktig for korleis barn utviklar sine eigne livstolkingar. Familien, og særleg foreldra, blir hevda å vere den viktigaste faktoren for barns tilnærming og forhold til religion. Foreldre er forbilde og vegvisarar som aktivt kan forme, fremme eller hindre religiøs vekst hjå barna (Sødal 2009).

Religion og livstolking endrar seg gjennom livet, og det er ingen rettlinja veg frå barnetru til vaksentru. Forsking tyder likevel på at gudstru som er emosjonelt forankra tidleg i livet, er mindre utsett for å falle bort enn tru og praksis som ikkje er stadfesta i primærsosialiseringa. Og di større plass religion tar i kvardagslivet, di større er sjansen for at påverknaden held seg. Den svenske teologen Sigmund Harbo fann til dømes ut at barn som deltok i song, bøn, ritual, gudstenester og møte, hadde større samsvar med foreldra si tru når dei vart vaksne, enn barn som berre hadde opplevd verbal tradisjonsformidling. Same forskar fann også at det var vanskelegare å bryte ut frå ei ikkje-religiøs sosialisering som vaksen, enn frå ei religiøs (Sødal 2009:58). Vegen frå barndom til ungdom og vaksenliv kan vere krunglete. Noko tar vi med oss frå foreldra våre, anna att opponerer vi mot. Men uavhengig av korleis vi oppdrar barna våre når det gjeld religion og livssyn, kan vi aldri gje dei eit nøytralt utgangspunkt.

ANSVAR OG FORPLIKTING

Det er ein menneskerett å få oppdra barna sine religiøst og moralsk i samsvar med eiga overtyding. Men store delar av tida er ikkje småbarna våre med oss, men med andre barn og vaksne – i barnehagen. Dette gjev eit stort ansvar og viktige forpliktingar til dei som jobbar i barnehagen.

Det er ein

grunnleggjande

menneskerett

å få oppdra

barna sine

religiøst og

moralsk i

samsvar med

eiga

overtyding

Både barnekonvensjonen, barnelova og den noverande forskrifta til barnehagelova, Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen (Kunnskapsdepartementet 2011), slår fast at det er foreldra som har hovudansvaret for oppdraginga og danninga til barnet. Rammeplanen presiserer likevel at barnehagen er forplikta til å ta omsyn til den kulturelle, religiøse og verdimessige tilknytinga til kvar enkelt heim, og til å respektere integriteten til kvart enkelt barn og til dei enkelte foreldra (Kunnskapsdepartementet 2011:12).

Skal det vere mogeleg for barnehagen å oppfylle ei slik tilpassing til kvart einskilt barn og familie, må dei vaksne i barnehagen ha omfattande kunnskap om den kulturelle, religiøse og verdimessige tilknytinga til kvar enkelt heim. Dei må også vere reflekterte og varsame i situasjonar der heim og barnehage har ulike verdiar, tolkingar og prioriteringar. Men skjer det? Har dei tilsette tilstrekkeleg kunnskap? Og er det rett å forvente at tilsette i barnehagen – som òg er del av tidsklemma – skal vite og reflektere over abstrakte trusspørsmål? Stiller vi for store krav til tilsette i barnehagen, og kva er i så fall konsekvensane om vi lèt vere å stille desse krava? 

Medan barnehagen tidlegare var pålagd å hjelpe til med å oppdra barna i samsvar med kristne grunnverdiar, anerkjenner den noverande formålsparagrafen for barnehagane ei smørbrødliste av verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon som òg kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettane (Kunnskapsdepartementet 2011:11).[3]

Verdilista i formålsparagrafen kan gje inntrykk av at ulike religionar og livssyn er rimeleg samde om kva som er viktig. Men når verdiane skal konkretiserast i kvardagssituasjonar, kan det likevel oppstå spenningar mellom barnehagane sine verditolkingar og det foreldra legg vekt på. Kva tyder til dømes likeverd? Ulike tolkingar kan gje ulikt utslag i til dømes situasjonar som handlar om kjønnsforståing, lydigheit og demokratiforståing. Skal gutar og jenter bli behandla på same måte? Skal ulike familieformer bli framstilte som likeverdige? Korleis skal barnehagen handtere usemje om ulike spørsmål i personalgruppa, blant barna og blant foreldra?

I barnehagelærarstudiet jobbar vi mykje med å bli kjende med eigne haldningar, og å undersøke mangfaldet av standpunkt, både i studentgruppa og storsamfunnet. Det er lett å ta eige standpunkt som sjølvsagt. Og det er ei vekking for mange å bli klar over at usemjefellesskap eller mangfald ikkje alltid dreier seg om innvandring eller islam. Til dømes skapte noverande statsråd for likestilling stor diskusjon då ho for nokre år sidan stilte seg kritisk til at barnehagar skulle ta i bruk eventyrbøker som reflekterte over det seksuelle mangfaldet i befolkninga, til dømes bildebøker der prinsar vart forelska i prinsar.

VI VIL IKKJE DISKRIMINERE

Barnehagen har som samfunnsmandat å fremje demokrati og likestilling, og motarbeide alle former for diskriminering. Dei tilsette skal heile tida prioritere det beste for barna. Alle barn bør få bekrefta og anerkjent identiteten sin i barnehagen. Foreldre på si side har rett til å organisere familielivet sitt som dei vil, og barna bør få mogelegheit til å utvikle toleranse, interesse og respekt for kvarandre. Men kva gjer barnehagen når foreldra har ulike meiningar om kva som er best for barna? Eller om ein som barnehagelærar til dømes er usamd i at barn bør få høyre om ulike former for seksualitet og kjærleik? Ein grunnregel er at religionsfridomen ikkje opnar for å diskriminere andre. Det kan vere ein avansert balansekunst. Men religion gjev aldri høve til å diskriminere andre på grunnlag av til dømes kjønn eller seksualitet. Heller ikkje i barnehagen.

Rammeplanen gjev føringar for korleis barnehagane skal jobbe med ulike fagområde, fagområde som i stor grad korresponderer med faga i skulen. Eit eige fagområde er sett av til arbeid med etikk, religion og filosofi. Her finn vi òg døme på konkrete føringar for korleis personalet i barnehagen skal jobbe for at barna skal utvikle gode haldningar til kvarandre, for korleis barna skal bli kjende med religion, etikk og filosofi som ein del av kultur og samfunn, korleis dei må jobbe for at barna skal få kjennskap til både kristne høgtider og tradisjonar, og tradisjonar knytte til høgtider i andre religionar og livssyn som er representerte i barnegruppa.

Rammeplanen er forpliktande for barnehagen. Likevel tyder både forsking og erfaring frå studentar på at praksis i barnehagen ligg eit stykke unna ideala. Mange barnehagelærarar finn temaet utfordrande. Nokon oppgjev at dei har for lite kunnskap eller for lite tid. Andre att er ueinige i at mangfaldet skal framhevast i det heile, eller opplever at foreldra ikkje ynskjer det. I rapporten «Alle teller mer» (2009) viser Solveig Østrem at etikk, religion og filosofi er fagområdet det blir jobba minst med i barnehagane. Er måla for vidløftige, eller lir barnehagane av berøringsangst?

Både rapportar frå studentar og meir inngåande studiar av fagområdet viser også at arbeidet i barnehagen i avgrensa grad oppfyller intensjonane. Medan mange barnehagar bruker mykje tid på arbeid med kristne høgtider og tradisjonar, gjerne i ei sekulær ramme, blir minoritetsreligionar i liten grad synleggjorde. Mange barnehagar manglar rutinar for å bli kjende med religions- og livssynsmangfaldet i barne- og foreldregruppa, er redde for å trø feil, og endar med å ikkje leggje vekt på det i det heile. Slik får livssynsminoritetar i mindre grad bekrefta sin identitet frå heimen i barnehagen, og barna frå majoritetsbefolkninga mister ein sjanse til å lære om mangfaldet i samfunnet dei veks opp i. Kari Krogstad og Kari Wallman-Hidle (2015) peikar på at det kan sjå ut som om mange barnehagar i større grad tolererer minoritetar enn å inkludere dei.

Medan mange

barnehagar

bruker mykje

tid på arbeid

med kristne

høgtider og

tradisjonar,

gjerne i ei

sekulær

ramme, blir

minoritetsreligionar

i liten grad

synleggjorde

Barnehagen er ikkje arena for religiøs oppseding. Men barnehagen skal møte barna i deira interesser og behov. Om barna vil snakke om noko som har med religion å gjere, har dei rett til det. Barnehagen skal ikkje skape religiøs erfaring, men det må vere rom for å uttrykkje slike erfaringar. Er barnehagen ein arena for å lære norsk, må barna også få mogelegheit til å lære eit vokabular som set ord på tankane og erfaringane knytte til alle delar av livet. Samtidig skal alle barn få hjelp til å utvikle respekt for tankar og erfaringar hjå andre, seier dosent Geir Winje (2010).

Det er utfordringar knytte til å jobbe med religion og livssyn i barnehagen. Dosent Winje argumenterer for at barnehagen bør følgje retningslinjene for skulen i arbeid med religion og livssyn. Dei seier at informasjon og kunnskap om religion, livssyn og etikk må bli formidla på ein såkalla objektiv, kritisk og pluralistisk måte. Særskilt bør ein vere varsam med å bruke involverande metodar i møtet med små barn, nettopp fordi ein tenkjer at små barn er meir påverkelege (Thoresen og Winje 2013). Andre meiner frykta for påverknad er misforstått, og at mange i dag altfor lett trekkjer «krenkekortet» når religiøse tema blir diskuterte. Kanskje er det lettare å seie det når ein er del av ein majoritetskultur, enn om ein er del av ein minoritet? Det er kanskje ikkje så rart om ein får piggane ut om ein stadig føler at ein må forsvare vala ein tar? Det er ikkje sikkert favorittskoa mine passar deg. Kanskje har du ømme tær. Men det kan også vere at det er føtene våre som er forskjellige. Vi må forstå to ting samtidig: Å seie at ein blir krenkt, kan vere ein hersketeknikk. Det betyr ikkje at krenking ikkje skjer.

PÅVERKNAD OG INVOLVERING

Grensene mellom informasjon og utøving kan vere uklare. Kor går grensene for kva aktivitetar som er involverande? Korleis skapar ein interesse og engasjement hjå små barn – om dei ikkje blir aktivt involverte? Er det involverande å delta i ei gudsteneste? Å synge ein salme? Å seie eit mantra eller å gå i ein parade?

Både barnehagelærarar, foreldre og studentar er usamde seg imellom. Og for mange er det utfordrande å setje seg inn i minoritetane sine perspektiv. Dermed blir løysinga for mange å ikkje synleggjere religion og livssyn i barnehagen i det heile. Gjennom arbeidet mitt møter eg ikkje sjeldan frustrasjon hjå studentar og barnehagelærarar. «Kvifor må det vere så vanskeleg?» spør dei. Mange ser ut til å meine at om dei påstår at ein aktivitet er såkalla nøytral, ja, så er han det.

Barnehagane bør heile tida søke å vere ein inkluderande arena. Samstundes er barnehagen pålagd å sjå til at barna ikkje kjem i lojalitetskonflikt mellom heimen og barnehagen. Foreldre har ein lovfesta rett til å leggje føringar for kva slag aktivitetar barna tar del i. Barnehagen skal ikkje vere arena for religionsutøving, og om foreldra meiner ei gudsteneste er ei slik utøving, ja, så må barnehagen akseptere tolkinga deira. Barnehagelærarane treng difor å forstå historikken og grunnane til at ikkje-religiøse og religiøse minoritetar har kjempa mot kristendominansen i skule og barnehage. Foreldra treng å vere trygge på at ulike livssyn blir respekterte og ikkje utfordra. For å klare det må samarbeidet mellom barnehage og heim vere nært og prega av respekt og gjensidig tillit. Om deltaking i ei gudsteneste fører til ei splitta barne- og foreldregruppe, kan det vere klokare å la vere. Men skal vi ta sosialiseringsteoriane på alvor, treng foreldre neppe bekymre seg for at ikkje-religiøse barn blir religiøse av ein årleg tur i kyrkja. Sjølv ser eg gjerne at dotter mi opplever både kyrkje, tempel og moské. Men det kan barna gjere utan å delta i bøn. Barnehagen kan ikkje krevje at barn deltar i religiøse ritual foreldra ikkje sluttar seg til.

RETTEN TIL Å TRU

Barnehagen er forplikta til å tilpasse seg ynska foreldra måtte ha. Samtidig kan foreldra sin rett til å oppdra barnet i eigen tradisjon stå i eit spenningsforhold til barns eigen religionsfridom. Barn har sjølv ein grunnleggjande rett til trus- og livssynsfridom, fastslått i både Verdserklæringa og Barnekonvensjonen. Når dotter mi vart påverka av kva den kristne venninna fortalde i barnehagen, var situasjonen beskytta både av barna sin religionsfridom og ytringsfridom. For sjølv om foreldre i stor grad påverkar barna sine, gjer barna òg eigne livstolkingar.

Det er ulike syn på barns religiøsitet. Forsking med vekt på barns utvikling presenterer barns religiøsitet som umoden. Ho fortel korleis barn kan blande saman førestillingar frå forskjellige livsområde slik at religiøse forteljingar, eventyr og andre forteljingar flyt over i kvarandre. Små barn kan ha vanskar med å uttrykkje livstolkinga si, og det blir hevda at dei tenkjer lite abstrakt. Viss barna har vakse opp i eit religiøst miljø, imiterer dei gjerne dei religiøse uttrykka dei ser rundt seg, men dei forstår ikkje nødvendigvis kva dei religiøse omgrepa tyder (Sødal 2009:53–55). Dersom ein ser barns tankar som umodne og mindre verde, kan det verke naturleg at ein som forelder må prøve å korrigere og forme tankane.

Ein kritikk mot utviklingsteoriane rundt religiøsitet er at dei ikkje tar barns tenking på alvor. Dei har eit ovanfrå-og-ned-perspektiv som legg vekt på kva barn manglar, ikkje korleis dei tenkjer sjølve. Forskarar som har undersøkt innhaldet i barns livstolking, meiner at det er stort samsvar mellom livssynsspørsmåla til barn og vaksne, sjølv om barns evne til å formulere dei er avhengig av alder og modning (Sødal 2009:60).

Men skal ein bli kjend med barns tenking, må ein også ta seg tid til å undersøke perspektiva deira og ta undringa deira på alvor. Spesialistar i barn og menneskerettar meiner at mange vaksne må endre måten dei forheld seg til barn og religiøsitet. Barnet må få mogelegheit til sjølv å kjenne ulike tradisjonar, verdiar og oppfatningar av røyndomen. Det må få mogelegheit til sjølv å gjere eigne val (Thoresen og Winje 2013). Det er ei stor oppgåve. Nokon vil kanskje meine at ho er for stor, og at vi overvurderer kapasiteten til barna. Eg meiner barn oftare blir undervurderte, og at mange vaksne kan ha godt av å øve seg på å stille spørsmål framfor å gje barna svara.

For ein

femåring kan

det vere

vanskeleg å

gripe og forstå

merkelappar

som kristen,

buddhist og

ateist

For ein femåring kan det vere vanskeleg å gripe og forstå merkelappar som kristen, buddhist og ateist. For ein vaksen kan det vere så altfor lett – utan at forståinga treng vere så mykje betre. Mange har stort behov for klare kategoriar. Som menneske tenkjer vi i båsar: Ein kristen er slik eller slik. Buddhisten tenkjer og forheld seg til verda på sine måtar. Men svaret er det same for vaksne som for barn: Det kjem an på kven du spør. Og nettopp derfor bør vi spørje.

«Kva med meg då», undra dotter mi seg. «Kva kallar ein dei som trur på det same som oss?» I eit enkelt, men vanskeleg spørsmål plasserte ho eigen identitet inn i familien sin. Eg drog på det, prøvde å svare enkelt. «Det kjem vel an på. Dei som ikkje trur på noko, kallar ein ateistar. Og dei som ikkje heilt veit kva ein skal tru, kallar vi agnostikarar.» Marion såg misnøgd ut. «Det er ikkje vi», svara ho ettertrykkeleg. «Det er jo ikkje slik at vi ikkje trur på noko. I alle fall ikkje eg», sa ho bestemt. «Eg veit godt kva eg trur på. Eg trur på kjærleiken.»

Eg kunne ikkje fått betre respons. Eg ynskjer at barna mine skal få velje kva dei vil tru på sjølve. Slik eg sjølv har tatt eit aktivt standpunkt til kva eg meiner, og trur. Men eg er ikkje nøytral. På mitt vis prøver eg å forme henne i mitt bilde, sjølvsagt gjer eg det, på same måte som religiøse foreldre prøver å forme barna sine i si tru og sin praksis. Vi har begge rett til det.

Det er lett å trø feil, og det kan vere vanskeleg å vite kor grensene går for kva som er informasjon, forkynning og involvering. Men kva kan konsekvensane vere om vi ikkje snakkar om religion og livssyn med barn i det heile? Og korleis skal barna lære å interessere seg for eller vise respekt og toleranse for mangfald, om mangfaldet blir dyssa ned? Kva er konsekvensen om berre nokre av barna i barnehagen møter forteljingar, kunst og førestillingar dei kjenner igjen frå heimen? Korleis skal barna føle seg inkluderte om arven heimanfrå ikkje blir inkludert? Korleis kan vi som foreldre ha tillit til barnehagen om dei tilsette ikkje gjer seg kjende med verdivala våre for det kjæraste vi har? Og korleis kan barna ha tillit til dei vaksne i barnehagen om dei alltid talar foreldra si sak og ikkje lyttar til barna sine ynske og behov? Er barn i stand til å ta eigne val i spørsmål om religion og livssyn? Å balansere alle spørsmåla og behova kan synast som ein umogeleg kunst, ei umogeleg oppgåve.

Samstundes må både vi som foreldre og dei som tar vare på barna våre i barnehagen, gje barna rom for å undre seg, tolke og uttrykkje seg sjølve. Sjølv om svara ikkje passar inn i boksane vi vaksne er vane med. Foreldre har rett til å oppdra barnet i sin religion eller sitt livssyn. Samfunnet har òg behov for å danne ungane til demokratiske medborgarar. Og barna har rett til å forme sin eigen veg. Her ligg det spenningar. Dei blir ikkje mindre om vi ignorerer dei.

KJELDER

  • Hidle, K-M., og Krogstad, K. (2015). «Er det mange måter å være norsk på? En empirisk studie av arbeid med minoritetsreligioner i religiøst mangfoldige barnehager.» I Prismet 2015 ;Volum 66.(3). Oslo: IKO
  • Sødal, Helje Kringlebotn (2000). Barn med ulik tro. Kristiansand: Høyskoleforlaget
  • Sødal, Helje Kringlebotn (2009). Religions- og livssynsdidaktikk. Kristiansand: Høyskoleforlaget
  • Thoresen, Ingeborg Tveter, og Geir Winje (2013). Religioner, mangfold og etikk i barnehagen. Oslo: Cappelen Damm Akademisk
  • Winje, Geir (2010). Høytidsmarkering i barnehagen. Kristiansand: Høyskoleforlaget

NOTAR

[1] http://www.ssb.no/utdanning/statistikker/barnehager
[2] Til dømes nedfelt i FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (KØSK), artikkel 18, punkt 4.
[3] For diskusjonar om innhaldet i formålsparagrafen, sjå til dømes Hovdelien (2013), Plesner 2001, Thoresen og Winje 2013.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar