Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Ein gordisk knute

Av Ida Habbestad


20 år etter Langfredagsavtalen, som sette strek over dei valdelege «The Troubles», står fleire viktige element frå fredsarbeidet i Nord-Irland på spel. Journalist Annette Groth peikar på korleis Brexit ikkje berre forsterkar konflikten, men òg gjev Storbritannia store utfordringar i forhandlingane med EU.

Ida Habbestad (f. 1980) er utdanna fløytist og musikkvitar. I dag er ho redaktør for Ballade.no og styreleiar i Norsk kritikerlag. Ho held også kurs for barn og unge i å skrive kritikk av sceniske uttrykk, og ho skriv om eit breitt sett av tema for ulike medium og tidsskrift. Foto: Gorm K. Gaare.

– Kvifor vart konflikten så blodig under The Troubles?

– Uroa frå slutten av 1960-talet starta eigentleg med fredelege demonstrasjonar. Britiske styresmakter sette inn soldatar, først for å beskytta demonstrantane, men dette utvikla seg, og etter kvart vart soldatane hovudfienden mellom anna for eit væpna IRA. Eg trur nok at det store talet på britiske soldatar i eit land som dei katolske irane oppfatta som okkupert, medverka til å auka valden.

– Så kom altså Langfredagsavtalen i 1998. Kva gjekk den ut på?

– Det handla om maktdeling og om å opna grenser. Nord-Irland hadde hatt eit protestantisk styre, no skulle katolikkar og protestantar styra saman. Grensekontrollen vart oppheva, og ein gjekk inn for ulike slag samarbeid mellom republikken og provinsen, innanfor alle samfunnsområde.

Eit viktig prinsipp for å få avtalen på plass var elles at alle skulle med. I mange tilsvarande konfliktar har ein nekta å ha med seg ekstreme grupper. I dette fredsarbeidet gav ein amnesti til dei som kalla seg politiske fangar, både på katolsk og protestantisk side. Ein henta synspunkt frå både væpna grupper som IRA og dei politiske støttespelarane deira i Sinn Féin, og frå væpna protestantiske grupper som òg hadde gjort grufulle ting. Mange modige handlingar førte til at ein fekk sett strek over gamle konfliktar.

– Du har skrive at det tok tid før politikarane i Nord-Irland klarte å samarbeida skikkeleg. Kva tid vil du seia at avtalen har verka, og kva har vore dei viktigaste politiske tiltaka etter 1998?

– Utviklinga skjedde gradvis, og det politiske samarbeidet har alltid gått opp og ned. Eit høgdepunkt kom då Ian Paisley og Martin McGuinness i høvesvis Democratic Unionist Party (DUP) og Sinn Féin vart det som svarar til statsminister og visestatsminister i delstatsregjeringa i 2007. Dei vart kalla the chuckle brothers, og det finst eit ikonisk bilete av dei to der dei ler så godt av ein vits. Den tida var eit lite mirakel, rett og slett fordi dei verkeleg fann tonen.

Avgjerande for utviklinga har det òg vore at ein opna for samarbeid mellom sør og nord. I dag sender bønder varene sine dit det høver best. Ein samarbeider om vegbygging og helsetilbod: Sjølv om du bur i Nord-Irland, kan du reisa til Irland for å få kreftbehandling – og omvendt, avhengig av kva sjukehus som har best behandling.

Men knirkefritt har det ikkje vore. Sidan januar 2017 har ein ikkje hatt noka regjering i Nord-Irland. Eg trur ein vil finna ut av dette òg, såframt Brexit ikkje får for store konsekvensar.

– Før me kjem inn på Brexit: Etter Langfredagsavtalen har skilnadene mellom protestantar og katolikkar blitt utjamna. Samtidig blir det sagt frå fleire at protestantane har tapt privilegium med avtalen. Er du samd i den påstanden, og står oppfatninga i vegen for det vidare arbeidet? 

– Då den irske øya i si tid vart delt, var provinsen i nord protestantisk styrt, og parlamentet vart kalla eit protestantisk parlament for protestantiske menneske. Katolikkane vart diskriminerte, både i arbeidsmarknaden, i bustadområde og meir. Med Langfredagsavtalen vart gruppene likestilte på ein annan måte. Slik stemmer det nok at katolikkane har vunne mest, men eg veit ikkje om det betyr at protestantane har tapt. Det vart pumpa inn mykje pengar i Nord-Irland, mellom anna frå EU, og Belfast har blitt moderne og blomstrande i løpet av dei 20 åra. Sjølv om ikkje alle byggjer opp under freden, trur eg dei fleste set pris på utviklinga som har vore.

– Så korleis er forholdet mellom protestantar og katolikkar i Nord-Irland i dag? Har konflikten skapt nye klasseskilje?

– Forholda kjem nok an på kvar du er. Dette har alltid vore eit klassesamfunn, og i arbeidarklassen i dei store byane bur folk ofte kvar for seg. I Belfast reknar ein aust som protestantisk og vest som katolsk, men i tillegg er byen full av såkalla «peace walls» mellom bustadområde; du finn katolske område berre eit steinkast unna protestantiske og omvendt. I desse områda omgåast ein ikkje kvarandre. Også på landsbygda flaggar ein anten med trikoloren eller Union Jack for å visa kven ein er. Å leva separat skaper mistillit. Det har blitt lettare å omgåast, men det vil nok ta endå nokre generasjonar før ein kjem vidare frå dette.

– Etter valet i 2017 tapte protestantane fleirtalet dei har hatt sidan 1998. Dei katolske partia, som jo ønskjer ei samanslåing med Irland, står sterkare, og ideen har fått veksa endå meir med Brexit. Kor reell er ideen om eit sameina Irland? 

– I Langfredagsavtalen la Irland vekk kravet sitt om ei foreining med Nord-Irland, samstundes som Storbritannia gjekk med på å gje frå seg området dersom eit fleirtal i nord bad om å bli lausrive. Ifølgje avtalen er det altså opp til folket i provinsen å bestemma. Men i overskodeleg framtid er nok den protestantiske motstanden mot ei samanslåing for stor.

– I 2016 stemde Storbritannia over spørsmål om lausriving frå EU. Fleirtalet av befolkninga stemde for lausriving. I Nord-Irland ønskte 56 prosent av nordirane å bli verande i EU, og stemde for Remain. Kvifor blir Brexit jamt over rekna som farleg for konflikten?

– Alt har med grensa å gjera. Grensa mellom Nord-Irland og Irland blir no EU si yttergrense, og med det kan fleire av goda frå Langfredagsavtalen gå tapt. For ikkje å snakka om den praktiske utfordringa det blir å organisera ei bortimot 500 km lang fysisk grense med rundt 280 kryssande vegar. Alle seier at ein ikkje skal få check points som under The Troubles, men ingen har gjeve noko godt svar på korleis grensespørsmålet skal løysast.

– I mai skreiv The Irish Times at Irland vil bli nytta som presspunkt ved eit toppmøte mellom Storbritannia og forhandlarane i EU?

– Ja, for Irland er eit ivrig EU-land, som EU har investert i og gjerne vil støtta. Irland insisterer på at grensa framleis skal vera open, og statsminister Theresa May seier ho er einig i det. Men samstundes vil ikkje den britiske regjeringa vera med i EUs tollunion. Slik blir det umogleg med ei open grense mellom Irland og Nord-Irland. Situasjonen har blitt vanskelegare etter at ho lyste ut nyval i Storbritannia i fjor: DUP er blitt støtteparti for den noverande regjeringa, og dei er imot å gje grensa i Nord-Irland nokon spesialstatus, slik May òg har føreslått. Ein slik status er det uansett vanskeleg å gje, for Skottland og London og fleire område ønskjer seg det same. Spørsmålet om grensa er ein gordisk knute og påverkar heile Brexit-spørsmålet.

– Dei siste åra har du intervjua menneske med ulike syn på Brexit. Ein av desse, katolske fader Joseph McVeigh, ønskjer at Nord-Irland skal bli verande i EU. Som følgje av dette finn han ein dag alle vindauga i huset sitt knuste. Vald som verkemiddel er kanskje ikkje like langt unna som ein kunne ønskt seg?

– Du finn stadig slike episodar, men det er snakk om små grupper som gjer kriminelle handlingar. Under The Troubles var stoda annleis. Den største avsendaren av valdshandlingane på katolsk side var den væpna gruppa IRA, som hadde stønad i store delar av det katolske folket; til ein viss grad opplevde katolikkane IRA som sin beskyttar, ettersom heile politikorpset var protestantisk. I fredsprosessen – over tid – har IRA blitt avvæpna, og eg kan ikkje sjå at dei skal gjenoppstå. Diskrimineringa som motiverte denne gruppa, er der ikkje på same måte i dag.

– Mediebiletet på 80-talet var, slik eg hugsar det, prega av sterke bilete frå Nord-Irland. Før denne samtalen fann eg ein og annan artikkel om regionen, men eg er likevel overraska over kor brennbare spørsmåla er, utan at me får dei skikkeleg med oss. Har Nord-Irland blitt ein utpost me ikkje lenger interesserer oss for?

– Sant å seia har eg aldri opplevd at mange norske journalistar har vore interesserte i Nord-Irland. Også på 1980-talet var det stort sett dei store hendingane, som sveltestreiken i 1981, som vekte interesse. I fredstider er det kan henda ikkje så rart at dekninga er låg, men i desse dagar er det grunn til å følgja med på ny.

Konflikten har vore veldig betent, han eksisterer i nærområdet vårt, i ein kultur som liknar mykje på vår eigen. Mange historier om enkeltmenneske ventar på å bli fortalde, men først og fremst er det historia om kva som skjer når ein tek fram blyanten og lagar ei grense slik ein tenkjer seg at ho skal vera. Å trekkja kunstige grenser fører sjeldan til fred.

KJELDER

  • Annette Groth: Hva nå? Min reise i Storbritannia i en Brexit-tid
  • Store norske leksikon
  • irishtimes.com/news/ireland/irish-news/ireland-a-key-pressure-point-at-brexit-summit-barnier-1.3486266
  • nrk.no/urix/ti-ar-sidan-ira-la-ned-vapena-i-nord-irland-1.12473155

FAKTA OM NORD-IRLAND

  • The Troubles: Periode frå mars 1969 då spørsmålet om allmenn stemmerett i kommunalpolitiske spørsmål skapte strid mellom protestantar og katolikkar.
  • I prosessen vart IRA revitalisert som slagkraftig militær organisasjon. I 1970- og 1980-åra dreiv dei militær aktivitet mot dei britiske styrkane, i tillegg til ei rekke terroraksjonar.
  • Langfredagsavtalen frå 1998 innebar opprettinga av ei eiga demokratisk forsamling for Nord-Irland og eit nord-sør-råd for Irland, reduksjon av britisk militært nærvær og ei avvæpning av IRA.
  • Det tok tid før IRA fullt og heilt leverte inn våpena, men i juli 2005 varsla dei overgang til fredelege, politiske middel.
  • Fleirtalet av skottar og nordirar stemde imot Brexit. Ekspertar meiner Brexit har vore med på å sette fart i diskusjonane om eit foreina Irland.
- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar