Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

For det frie ordet

Av Ingeborg Solbrekken

Under krigen stod kommunistane for det største illegale avisnettverket i landet. Kven var dei, kor heldt dei til, og korleis var dette mogleg?

Ingeborg Solbrekken (f. 1961) er sakprosaforfattar med ei rekkje utgjevingar bak seg. Dei tre bøkene hennar om Kirsten Flagstad har fått mykje merksemd, også forskinga på utanomrettslege sider ved rettsoppgjeret etter krigen. Til hausten kjem boka Gestapos mest ettersøkte nordmenn, forteljinga om den kommunistleia motstandsrørsla under krigen.

Den kommunistleia motstandsrørsla vart driven av Norges Kommunistiske Parti (NKP). NKP under krigen skilde seg frå partiet, slik vi kjenner det før og etter krigen. Etter at den gamle partileiinga vart arrestert hausten 1942, oppstod det eit politisk tomrom. Ein vestlandsfraksjon, leia av Peder Laurits Furubotn (1890–1975), tok over og omorganiserte partiet ved årsskiftet 1941–1942 til ei stor motstandsrørsle. Krigspolitikken vart no nasjonal, konge- og regjeringstru. Fraksjonen vart seinare kasta ut av Kommunistpartiet, under det såkalla Furubotn-oppgjeret i 1949–1950. Dei vart skulda for å ha halde ein borgarleg nasjonalistisk kurs som hadde vore antikommunistisk og trulaus mot klassekampen.[1]

I denne motstandsrørsla verka «Gestapos mest ettersøkte nordmenn». Dei vart jaga av det tyske sikkerheitspolitiet frå august 1940 til mai 1945. Ei heil avdeling i Gestapo var i verksemd for å rulle opp dei ulike apparata. Statspolitiet vart òg tidvis nytta for å få fatt på dei. I større aksjonar deltok militære divisjonar frå Werhmacht i jakta. Tapa var store. Om lag 200 motstandsfolk vart drepne, tusen arresterte og fleire hundre torturerte. Leiinga vart aldri teken og avisapparatet aldri sett ut av drift.

KVA DREIV DESSE FOLKA MED?

Om lag 20 prosent av dei som tok del i organisasjonen, var kommunistar og politisk tilknytte. Desse sat i leiinga, resten var idealistisk ungdom og patriotar som ynskte å gjera meir motstand mot okkupantane enn den regjeringa og Milorg stod for. Medrekna alle apparata var mellom 6 000 og 10 000 personar aktivt med.

Den kommunistleia motstandsrørsla dreiv fleire fluktruter over til Sverige, og vart lønt av regjeringa for dette. Om lag 8 000 personar kom seg over grensa på desse rutene. Fleire jødar vart redda, blant anna ungane frå den jødiske barneheimen i Oslo.

Organisasjonen hadde eige militær- og sabotasjeapparat som utførte store øydeleggingar av krigsviktige mål, mest kjend er Pelle-gruppa.

Under krigen dreiv kommunistane det største illegale avisnettverket i landet. Dei gav ut ei rekke profesjonelt sette og trykte aviser som vart distribuerte over heile landet. Nokre av dei kom opp i opplag på mellom 20 000 og 48 000. Det illegale avisapparatet fekk lenge faste økonomiske tilskot frå den norske regjeringa i London. Kommunistavisene vart sett på som viktige for landet, og for motstandskampen. Dei var med på å inspirere den sjølvgenererande motstanden og sette opp eit mentalt gjerde mot nazifiseringa av folket. Det kom ut om lag 300 illegale aviser i Noreg under krigen, av ulike motstandsgrupper. Dei aller fleste var stensilar med lokal spreiing.

I krigstida, 1940–1945, fekk land og folk ei kort oppleving av korleis det er å leva under eit totalitært regime. Regimet frykta det frie ordet, difor vart avisene overtekne og radioane fjerna. Motstanden kom i form av illegale aviser, som til dømes Radio-Nytt og fleire flygeblad. Nazistane svara med å sende Gestapos angjevarar etter dei som las, laga og gjekk med slikt.

Arbeidsplassar vart ransaka og ei rekke folk sette inn. Den 12. oktober 1942 sende rikskommissær Josef Terboven ut den strengaste forordninga i heile okkupasjonstida: Den som lydde på anna enn tyskkontrollert radio, laga, spreidde, las og oppbevarte illegale aviser og anna nazifiendtleg propaganda, kunna straffast med dauden og tukthuset. Forordninga vart ikkje berre ståande som ein trugsel. Mellom 3 000 og 4 000 vart arresterte, av desse døydde 150 i fangenskap, og 62 vart skotne.[2] Som fylgje av dette stoppa fleire aviser heilt opp, andre kom ut sjeldan. Forordninga hadde derimot ingen avskrekkande effekt på NKPs avisapparatet. Dei gav ut fleire aviser, og opplaga auka. «Men det frie ord lar seg ikke kue. Så lenge det finnes nordmenn igjen i Norge som vil at det frie ord kommer til å lyde, fordi det er et uunnværlig våpen i kampen for landets frihet og selvstendighet», skreiv den illegale kommunistavisa Friheten 25. oktober 1941.[3]

AUF HAR EI ÆRERIK HISTORIE

Ungdomsapparatet til motstandsrørsla stod for avisspreiinga. For å utvide dette arbeidet vende leiinga seg til den radikale delen av AUF, den som hadde halde fram motstandsverksemda etter at AUF vart forbode, 25. september 1940. Dei kontakta leiaren for Vestkanten AUF, som òg sat i sentralstyret, Ørnulf Peterson Egge (1910–1978). Egge rådde i 1942 over eit apparat på 50 ungdommar som spreidde aviser rundt om i landet.

Frå årsskiftet 1941 til 1942 spreidde kommunistane tre illegale aviser på Egges apparat: Avantgarden, Friheten og Radio-Nytt. Spreiinga, mest i Oslo, Akershus, Buskerud og utover Austlandet, låg på omkring 5 000 eksemplar for kvar avis. Avantgarden, som opphaveleg var ei AUF-avis, var òg den fyrste avisa som hadde eige trykkeri. Den nådde hausten 1942 eit opplag på 1 800. Pressa gjekk dag og natt. Ho måtte matast for hand, med eitt og eitt ark. Dei trykte òg for lærar- og kyrkjefronten.

Egge vart heilt sentral i oppbygginga av ungdoms- og avisapparatet. Apparatet hadde hovudkvarter i ei gamal urmakarforretning i Rosenhoffgata i Oslo. Der gjekk dei som firmaet «Heimpryd». I rommet mot gata dreiv nokon med rosemåling av bollar, medan bakromma var kontaktplassen for apparatet. Sentralen for avisdistribusjonen låg òg her. Hit kom også Furubotn.

Fyrste nummer av den illegale avisa Norsk Ungdom kom ut 6. mai 1942. Avisa skreiv at ho ikkje var organ for noka klasse eller del av folket, men for den nasjonale ungdomshæren som skulle vinne over nazidiktaturet og barbariet. Kjærleiken til fedrelandet, til fridommen og hatet til tyranniet og løgna samla ungdommen til kamp for eit fritt Noreg og for ein fri norsk ungdom.[4]

Norsk Ungdom reagerte særleg mot vervingskampanjen våren og sommaren 1942, ein kampanje for å få unge menn til Austfronten. Kampanjane var svært vellukka. I alt melde heile 12 000 menn seg, men av desse vart berre 4 500 tekne ut til aktiv krigsteneste. Avisa skreiv at Norsk Ungdom tok sterk avstand frå dei stygge plakatane som nazistane hadde skjemt ut gatene med. På desse stod det ei skammeleg oppmoding til ungdommen om å melde seg til Waffen-SS eller til Den norske legionen. Plakatane avspegla tydeleg den store skilnaden mellom norsk ungdomslynne og tysk valdsmentalitet. «Norsk Ungdom svarer et klart nei til disse plakatene.»[5]

AVISENES MAKT

Den mobiliseringsmakta avisene hadde, kan best illustrerast ved responsen dei fekk på appellane som vart sende ut. Eit døme er ein appell til folk i Oslo. Alle skulle halde seg inne tysdag 17. februar 1942 etter klokka 18, vart det sagt, for å minne og hylle dei landsmenn som var drepne av nazistane. Dette vart ein stor suksess, ein mektig og taus demonstrasjon, skreiv LOs illegale medlemsblad. Den siste halvtimen før kl. 18 såg ein overalt arbeidarar, funksjonærar og butikkfolk som hasta heim for å koma seg i hus i tide. Trikkane var fylte. Eit kvarter over seks låg gatene tomme, og alt vart brått stille.[6] 17. mai i 1942 gjekk det på ny ut ein appell om at alle skulle halde seg inne. Når folk heldt seg i ro, var det òg ein ideell situasjon for å få fatt i dei som dreiv med illegalt arbeid. Gestapo hadde difor planlagt ein storaksjon mot motstandsfolket, særleg kommunistar. Aksjonen førte til store opprullingar i avisapparatet.

Brynhild Strøm (1903–1942) og Ørnulv Gerotti Slåttelid (1919–1942) var båe sentrale i den tidlege oppbygginga av avis- og ungdomsapparatet. Strøm vart arrestert 17. mai og enda livet på Victoria Terrasse etter ni timar med mishandling, 39 år gamal.

Slåttelid flytte etter Furubotn til Oslo der han tok over leiinga av NKU sentralt. Han budde på hemmeleg adresse i byen og arbeidde som Strøm fulltid med avis- og ungdomsapparatet. Slåttelid vart arrestert og skadeskoten under fluktforsøk 17. mai. Han skal ha hengt seg i ei ventecelle på Møllergata 19 dagen etter. Det er ingen truverdige vitne til det som skjedde her, og me veit difor ikkje kva som har gått føre seg. Slåttelid vart 22 år gamal. Far hans var òg avismann og redaktør for Hardanger Arbeiderblad. Harald Andreas Slåttelid vart arrestert 26. mai for kommunistisk verksemd og skoten på Trandum året etter, 1. mars.

TIL VALDRES

Etter rassiaen flykta leiinga for alle apparata fyrst til Harestua. Korleis den illegale verksemda skulle organiserast, vart eit sentralt tema på møta mellom Egge og Furubotn i mai–juni 1942. Verksemda hadde fått stort omfang, og sikkerheita måtte skjerpast. Dei måtte fordele oppgåvene og avgrense apparata frå kvarandre, samtidig som dei skulle fungere som ei heilheit. Egge fekk no spørsmål frå Furubotn om å gå inn i partiet og leie ungdoms- og avisapparatet. Han svara ja og tok med seg ein stor del av AUF og dessutan radikal bondeungdom. Det vart bestemt at Egge førebels skulle bli i Oslo.

Ut over hausten 1942 heldt sentralleiinga til i Hemsedal. Dit kom det ein stor rassia og terroraksjon 31. oktober. Utruleg nok kom leiinga seg unna no òg. Dei flykta over fjellet mot Valdres, svalt og fraus mest i hel, men vart redda av bønder frå Vestre Slidre som kom opp på heimstølane sine etter fôr. Etter dette vart dei verande i distriktet.

Den berykta Henry Oliver Rinnan, kamuflert som heimefrontsmann «Olav Whist» frå Trøndelag, makta i november 1942 å koma seg heilt inn til eit møte med Egge i Oslo. Etter denne hendinga vart det bestemt at alle i leiinga og flest mogleg av avisredaksjonane skulle samlast i Valdres. Her kunne dei best verne om verksemda si.

I ei tid då stølskulturen står i fare for å døy ut, kan det vera verdt å minne om at nokre av desse grendene husa og verna den demokratiske verksemda under krigen. Leiinga budde på fleire stader rundt om i mest heile Valdres. På nokre av dei ytste utpostar av fjellgardar og stølsgrender samla redaksjonane seg med skrivemaskiner og radioar.

Det vart folksamt på fjellgarden Skreolægeret og omkringliggjande stølar utover våren og sommaren 1943. Fleire sentrale avisfolk kom til det avsidesliggjande lægeret i grenseområda mellom Valdres og Gudbrandsdalen. No vart viktige aviser som Friheten, Avantgarden, Bonden, Den Norske Kvinne og Norsk Ungdom skrivne her. På fleire stølsbuer kom det opp høge antenner, inne i stølshusa gjekk skrivemaskinene varme.

Eit stort etterretningsapparat rekrutterte fleire agentar frå lokalt Milorg og sivilbefolkning i bygdene der leiinga budde. Kapasiteten i etterretninga har ein stor del av æra for at dei aldri vart tekne. Eit kurernettverk gjekk med post og meldingar over heile landet. Det kom kurerpost mest heile døgnet, men berre få utvalde kom inn i sjølve forlegninga. Posten kom fyrst til meldeplassar, ofte hjå bygdefolk. Der vart han seinare henta av dei kurerane som hadde løyve til å gå heilt inn til leiinga. Arbeidet fungerte etter strenge konspirative reglar.

Det var òg kurerar som tok artiklane med til trykkeria. Det meste gjekk til Kai Møllers trykkeri i Drammen. Noko vart sende til tøffelfabrikken «Hygga» i Oslo, der dei òg hadde eit trykkeri. Trykkeriverksemda i Drammen vart aldri oppdaga, men tøffelfabrikken vart sprengd, 10. juni 1943. Eigaren, Peter Christiansen, vart stygt mishandla og sidan skoten på Trandum 6. september 1944. Fleire andre vart òg avretta, eller dei vart sende til Tyskland. Særleg viktig hadde trykkeriet vore for trykkinga av falske legitimasjonskort, grensebuarbevis og reiseløyve. Her utvikla typografane stor dugleik. Det var særleg stort press på trykkeriet medan jakta på jødane var på sitt verste. Etter opprullinga i tøffelfabrikken gjekk mest all prenting til Drammen.

SVARET FRÅ FJELLA

Furubotn gav stendig opplysningar til mannskapet om kven Gestapo var, og kva dei kunne gjera. Dei fekk førespegla at kvart bein i kroppen kunne bli knust om dei fall i fiendens klør. Det vart òg halde kurs på Skreolægeret i korleis dei skulle te seg om dei vart arresterte og mishandla. Sikkerheitssjefen, Samuel Titlestad, oppbevarte eit glas med giftpiller. Desse ville dei ta, om dei kom i ein sjanselaus situasjon. Dei var kort sagt viljuge til kollektivt sjølvmord.

I artikkelen «Vårt svar», skriven av Olaug Karlsen på Skreolægeret våren 1943, mintest avisa Friheten dei over 200 nordmennene som var torturerte og avretta. Nazistane trudde dei med ei slik framferd kunne setja ein støkk i folket.[7]

Den 15. april 1943 vart det sendt ut eit politisk manifest frå Skreolægeret, underteikna sentralkomiteen for det kommunistiske parti. Manifestet var trykt i fleire illegale aviser og vart òg spreidd omkring som eiga trykksak. Her vart folket og regjeringa oppmoda om å føre ein meir aktiv krigspolitikk. Omgrepet høg kultur var synonymt med evna til å forsvara fridommen åt landet, låg kultur det motsette. Individuelle aksjonar, sprenging av ei tysk krigsbedrift eller ein troppetransport vart allemannseige når dei var utførte. Dei individuelle fridomskjemparane av i dag var morgondagens heltar som framskunda Hitlers fall.

Furubotn skreiv at motstanden skulle halde fram, avisene skulle ut, og sprengladningane skulle fortsette å gå av. Den uredde stridsmann og -kvinne måtte vera førebudd på å ofre alt for Noregs sak. Sentralkomiteen lova at han ikkje ville leggje ned våpena før sigeren var nådd.[8]

I fjella og bygdene i Valdres fekk kommunistane lange opphald utan å måtte flykte. Dei var der frå desember 1942 til august 1943, kom attende i desember – og oppheldt seg i området resten av krigstida.

Dette gav arbeidsro som gjorde at verksemda vart sterkt utbygd. At Ørnulf Egge kunne sitja i fjella i Valdres, utarbeide og kontrollere verksemda til eit titals illegale aviser – nokre vart leverte heilt opp til Rana –, er ganske makelaust. Våren 1943 arbeidde Egge intenst med å få betre flyt og sikkerheit i heile den store organisasjonen. Ei av utgreiingane hans gjev god oversikt over korleis alle ledda verka saman: leiinga, distribusjonsapparatet, pakkesentralen, innanbys ekspedisjonar, utanbys ekspedisjonar, fordelingsapparata og ikkje minst konspirasjonen. Det var ei lang liste med reglar om korleis dei skulle te seg for ikkje å bli tekne av Gestapo.

MAKTKAMP – OG REDAKSJONEN I FJØSET

I januar 1944 kom avisa Alt for Norge ut. Torolv Solheim og Furubotn sjølv stod bak, sidan berre Furubotn. Avisa vart prenta hjå Kai Møller i Drammen og spreidd over heile landet. Ho kom fyrst i 20 000 eksemplar og hadde som mål å skapa eining i den nasjonale fronten som omfatta alle samfunnslag. Under overskrifta «Folkets jotunkrefter må frigjøres» skreiv avisa at regjeringa måtte omskolerast, bli meir handlekraftig og kampdyktig. Krava var sprungne ut av lengtinga hjå folket, etter eit trygt og fast førarskap i kampen mot undertrykkarane. Eit fridomsråd for Heimefronten som støtta seg til regjeringa uansett klasse og standpunkt, var det som ville frigjera Heimefrontens jotunkrefter, meinte dei.[9]Den krasse kritikken som vart publisert i avisa, sette fart i organiseringa til Milorg og gjorde dei meir aktive.

Utover i 1943 spegla òg avisene den politiske og motstandspolitiske maktkampen mellom DNA, heimefrontleiinga og kommunistane. Sett på spissen: Kommunistane ville slåst til siste mann, regjeringa ville forhalde seg passiv til okkupasjonen. Ingen skulle gå til aksjonar før alliert hjelp kom til landet. Dei ulike ståstadene deira hadde uoverskodelege konsekvensar, men motsetnaden gav dynamikk til norsk motstandspolitikk. I dette landskapet spirte alle moglege mistankar og skuldingar også opp.

Ei dramatisk hending 3. februar 1944 skulle gjera forholda alt verre. Egge fortel i eit seinare intervju at det på nyåret kom ei innbyding til presseapparatet om å delta på eit møte med resten av den illegale pressa. Møtet skulle vera på Deichmanske bibliotek i Oslo. Egge og fleire andre meinte invitasjonen gjekk heilt på tvers av alle konspirative reglar. Eit møte med ei samla illegal presse kunne vera livsfarleg. Han gav difor melding gjennom kurernettet om at absolutt ingen frå dei kommunistiske avisene måtte møte opp.[10]

Det var Gestapo som hadde invitert til møtet. Fleire møtte opp i fella, og tyskarane slo til. Ei rekke redaktørar, journalistar og teknisk personale vart arresterte. Om lag 150 leiande pressefolk vart tekne. Aksjonen stansa utgjevinga av åtte aviser og lamma førebels store delar av det illegale presseapparatet på Austlandet.[11]

Sidan ingen frå kommunistpressa møtte opp, var Egges apparat uskadd. At eit så stort illegalt presseapparat brått stoppa opp, gav auka press på opplaget til kommunistavisene. Etter kvart vart det ryktespreiing om at det var kommunistane sjølve som hadde angjeve møtet. Motivet var å tilrane seg makta over heile den illegale pressa, vart det hevda.

Sentralforlegninga fekk krigens største paramilitære aksjon, Aksjon Almenrausch i Valdres 13.–16. juni 1944, etter seg. Her vart ei rekke av deira eigne folk og bygdefolk arrestert. Egge vart send attende til Oslo, for å drive verksemda si der. Resten av leiinga sat att i Valdres. Kvinnene vart ei tid gøymde på ein sjukeheim i Vestre Slidre, medan mennene heldt til i eit fjøs på Åstadstølen, seinare på garden Åstad i Vestre Slidre. Fjøset vart grundig vaska og gjort om til både opphaldsrom og avisredaksjon.

Furubotn hadde sett seg føre at august-nummera av Alt for Norge skulle opp i eit opplag på 50 000. Vekekapasiteten på Møllers trykkeri vart sett opp. Dei prenta kvart nummer to gonger med til saman 22 000 eksemplar. Utgåve 18 frå oktober 1944 vart prenta i heile 48 000 eksemplar. Dette gjer avisa, etter opplagstal for papiraviser i 2017, til den fjerde største i landet, etter Aftenposten og VG, så vidt etter Adresseavisen.

VAR KOMMUNISTANE LANDSSVIKARAR?

Ei rekke falske nyheiter fylte pressa i krigstida. Ei av dei gjekk ut på at kommunistane med hjelp frå Sovjetunionen skulle overta landet etter krigen, og at Furubotn var reist til Nord-Noreg.

Den 23. oktober 1944 flytte sentralforlegninga til Hovrudbygda i Nord-Aurdal. Utover i november og desember vart det i pressa teikna eit bilete av Furubotn som ein både legendarisk og farleg mann. 23. november skreiv Aftenposten på si fyrsteside at Furubotn ville koma med i ei ny eksilregjering.[12] «Hirdmannen», organ for Hirden, trykte i desemberutgåva ein biografi om Furubotn. Her blir Furubotn no lansert som Noregs komande statsminister.[13]

Aftenposten skreiv 30. desember 1944 at den underjordiske kommunistiske rørsla gjekk fram med stormskritt. I det sovjetokkuperte Kirkenes sat Furubotn og venta på å få skipa si norske Lublin-regjering.[14] Avisa trudde verkeleg at han no ville skipa ei provisorisk regjering i landet. I avisa Valdres 29. desember les vi på fyrste side at «Furubotn tar ledningen i Nord-Norge».

Furubotn sjølv med stab budde i Hovrudbygda då dette vart skrive. Han hadde tidlegare teke eit oppgjer med førestillinga om at kommunistane kom til å ta makta ved eit statskupp. I fjøset på Åstadstølen skreiv han: «På vegne av den kjempende arbeiderbevegelsen i Norge som denne mistanke og anklage er rettet mot, må det være oss tillatt høflig og beskjedent å spørre det demokratiske borgerskap i vårt land: er ikke dette en gemen, nederdrektig og forbrytersk mistanke og anklage? Hvor er bevisene? Vi tillater oss på vegne av den samme kjempende arbeiderbevegelse i Norge klart og tydelig å erklære: mistanken og anklagene er inspirert direkte av krigsforbryterne: Hitler, Goebbels, Terboven og Quisling. Anklagene er en tysk rigsdagsbrann i Norge!»[15]

VAR KRIGSPROFITØRANE HITLERS SJETTE KOLONNE I NOREG?

Den 14. januar 1945 fekk sentralforlegninga ny rassia etter seg. I åtte dagar heldt forlegninga til i stølsgrenda Breiset i Nord-Aurdal, sidan flytte dei nokre mil sørover, på Liaåsen. Ein kurer kom til dei frå Sverige, med ein lang artikkel om norsk krigsindustri og krigsprofitørar, forfatta av journalisten og forfattaren Helge Krog.

Furubotn prenta artikkelen i to nummer av Alt for Norge, januar–februar 1945. Den gjekk ut på at det var nazistane som sette Quisling til å omvende nordmennene. Dette var ein strategisk manøver for å få alle augo retta mot Quisling og NS. Dei gav denne femtekolonnen i oppdrag å trakassere folket. (Femtekolonne var ei nemning på infiltratørar, spionar og sabotørar som dreiv aktivt arbeid for ei anna makt for å undergrava den sitjande makta, brukt under den spanske borgarkrigen.) Dermed gav dei òg Heimefronten eit startsignal. Det essensielle for nazistane var den krigsviktige industrien, det var den krigens utvikling stod og fall med. Industriens leveransar var viktigare enn det bryet som motstandsrørsla gav Hitler-Tyskland.[16]

Kvifor hadde ikkje Heimefronten gripe aktivt inn for å forhindre utnyttinga av norsk produksjon til fiendens krigspotensial? Heimefronten omfatta alle grupper av folket, bortsett frå ei: dei industrielle leiarane og aksjeeigarane, det vil seia leiarar og aksjeeigarar av gruvene og storbedriftene. Det var denne gruppa som samarbeidde med Hitler.

Profitørane var ikkje forrædarar i den quislingske tydinga og ikkje med i NS. Dei store krigsprofitørane var Hitlers sjettekolonne i Noreg. Desse var det ikkje lett å få auge på. I eigne og andre sine augo var dei utmerkte patriotar og jøssingar. I motsetning til femtekolonnen, quislingane, bestod krigsprofitørane av kompetente og utmerkte menn. I heimefrontleiinga sat fleire av dei, sjettekolonistane, som uklanderlege nordmenn. Herifrå gjekk alle parolar til den illegale pressa.

Avisa meir enn antyda at ingen parole hittil hadde gått ut på å sabotere krigsviktig industri. Grunnen til dette var at sjettekolonistane var sterkt representerte i heimefrontleiinga.

Dette var ei sterk melding å sende ut til det norske folk på tampen av krigen. Ho vekte stor ståhei då ho vart publisert, men saka vart ikkje følgd opp. Jens Christian Hauge, som tidlegare hadde sørgt for at kommunistane ikkje vart representerte i heimefrontleiinga, var òg direktør for Erstatningsdirektoratet. Det var dei som peika ut kven som skulle siktast for økonomisk landssvik etter krigen. I Helge Krogs ånd kan ein vera freista til å spørja: Hadde sjettekolonistane òg sikra seg ei uskriven avtale med direktoratet? Nyare utgreiingar og bøker om store krigsprofitørar som gjekk fri, kan tyde på noko slikt.

NOTAR

[1] Oppgjøret med et annet sentrum. Emil Løvliens foredrag på landsmøtet i NKP, februar 1950.
[2] Sjå Norsk krigsleksikon 1940–45 (1995). Oslo: Cappelen, s. 193.
[3] «Nye tukthusregler mot det frie ord». I: Friheten 25.10.1941, krigstrykk, Nasjonalbiblioteket.
[4] «Nasjonalt sjølstende». I: Norsk Ungdom, nr. 1 6.5.1942, krigstrykk, Nasjonalbiblioteket.
[5] «Hitlers bønn til ungdommen» I: Norsk Ungdom 17.6.1942, krigstrykk, Nasjonalbiblioteket.
[6] «17. februar». I: Fri Fagbevegelse 21.2.1942, krigstrykk, Nasjonalbiblioteket.
[7] «Vårt svar» I: Friheten nr. 10 1943, krigstrykk, Nasjonalbiblioteket.
[8] «Sentralkomitéens informasjonsbrev av 15. april 1943 om Norges politikk.» I: Vårt partis politikk under krigen, s. 52–64.
[9] «Folkets Jotunkrefter må frigjøres» I: Alt for Norge, januar 1944, krigstrykk, Nasjonalbiblioteket.
[10] T. Titlestad: Intervju med Ørnulf Egge, opptak 29.3.1973. I: NRK radoarkivnr. 52676.
[11] Færøy, Kommunistens judashandling. I: http://forsvaretsmuseer.no/Hjemmefrontmuseet/Kommunistenes-judashandling
[12] «Forlydender om ny norsk eksilregjering» I: Aftenposten 23.11.1944.
[13] «Peder Furubotn» I: Hirdmannen, desember 1944.
[14] «Kommunisterna vinna terräng i Norge.» I: Aftenposten 30.12.1944.
[15] «Tiden er inne da det demokratiske borgerskap i Norge må oppta sin stilling til den kommunistiske arbeiderbevegelsen til drøfting og revisjon» I: Alt for Norge nr. 17 1944, Krigstrykk.
[16] «Nazi-Tysklands krigspotensial og den sjette kolonne i Norge?» I: Alt for Norge, januar–februar 1945, Krigstrykk.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar