Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Berekraftig hytteplanlegging

Av Rasmus Steffansen

Den norske hytta er eit nasjonalt klenodium. Det er naturen òg. Korleis byggjer vi hytter for framtida?

Rasmus Steffansen (f. 1986) er forskar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og ekstern lektor på Aalborg universitet i Danmark. Doktorgradsarbeidet hans var om hytter og berekraftig planlegging. Dette er eit spørsmål han er svært oppteken av.

Den norske naturen er unik. Vidstrekte kystar, høge fjell og enorme skogområde. Alt dette er heimstaden for unike dyr og plantar. Det norske folket har alltid kjent seg spesielt knytt til denne naturen, og det er også derfor det blir rekna som verdifullt å oppleve og vere knytt til han. Naturen er ein del av den norske identiteten. Slik er det berre. Hyttene har òg denne statusen og blir ofte sett i samanheng med naturopplevinga.

«Den norske hytta er en del av vår nasjonale identitet. Stadig flere får anledning til å realisere sine hyttedrømmer. For mange gir dette muligheter for friluftsliv og kontakt med naturen», skreiv miljøvernminister Helen Bjørnøy i 2005, i det som så langt er den siste nasjonale rettleiinga for planlegging av hytteutbygging. Men er målet om å sameine «nasjonale og regionale verdier knyttet til natur, landskap og kulturmiljø» med «gode hytteområder med langsiktige positive ringvirkninger i lokalsamfunnene» nådd i dag, 13 år etterpå?

Stadige inngrep i naturen

I dei norske media kjem det ofte tydeleg fram korleis den stadige hytteutbygginga gjer inngrep i naturen. Eksempelet med korleis den trua myra blir omdanna til område for fritidsbustader ved Sjusjøen er berre eitt av dei siste eksempla på korleis naturen blir utnytta av den norske hyttedraumen. Det er ei gammal og kjend sak at kysten langs Oslofjorden knapt er tilgjengeleg for den allmenne offentlegheita. Der er det for seint å gjere noko, kysten er privatisert. I skog- og fjellområde skjer etter kvart det same. Mange fjellkommunar som ligg i «dra på hytta i helga»-avstand for storbyfolket, har etter kvart fått etablert reine feriefjell. Her blir rekreasjonsfortrinna ved fjellet utnytta for å sikre kommunen skatteinntekt og verksemdene arbeid. Hytteutbygginga blir sjeldan skildra som berekraftig.

Kvifor har det gått slik med draumen om «kvar mann si hytte»? Skulle ikkje planlegginga sikre ei berekraftig utbygging? Nokre tenkjer kanskje at det ikkje kan vere så ille enno, for «Noreg er stort nok til både hytter og natur». La oss sjå litt på korleis utviklinga eigentleg har gått dei siste tiåra.

Norske hyttetrendar

Undersøkingar frå Statistisk sentralbyrå viser at ca. 22 prosent av dei norske hushalda eig ei hytte, og at ca. 40 prosent har tilgang til ei. No er det omkring 460 000 bustader eller bygningar som er registrerte som hytte. I tillegg kjem hyttene som nordmennene eig i utlandet. Noko som bidreg til at hyttene utgjer inngrep i miljø, landskap og klima, er storleiken og standarden på dei. I 1995 var den gjennomsnittlege hytta 65 m2, mens ho i 2013 var 88 m2. Standarden i hyttene har sjølvsagt auka ein del sidan 1950-talet. No har dei fleste vatn og elektrisitet, og ifølgje ei undersøking som vart utført av Norsk senter for bygdeforskning i 2009, har 67 prosent TV på hytta. I tillegg kjem oppvaskmaskin, kjøleskap, komfyr, ja, alt anna moderne utstyr som vi elles ser som sjølvsagt i primærbustaden vår. Dette fører med seg eit auka energiforbruk. Frå 1973 til 2005 steig energiforbruket i dei norske hyttene til det doble, har forskarar estimert. Sjølve materialforbruket har stige med 70 prosent. Kanskje er denne materielle utviklinga grunnen til at engelskmennene òg bruker uttrykket «second home» om feriebustader?

Presset på bynære område og forbetra vegar har betydd at byfolket når destinasjonar lenger unna. I 1970 var den hyppigaste avstanden mellom primærbustaden og hytta 85–90 km for dei som åtte bil. I 2011 er den gjennomsnittlege avstanden 160 km, og stort sett alle (97 prosent) bruker bilen, ifølgje ei undersøking frå Transportøkonomisk institutt. I gjennomsnitt besøkjer eigarane hytta 19 gonger i året.

Grunnen til at eg reknar opp all denne statistikken, er at eg vil gjere det tydeleg kva effektar hyttebygging har på eit omgrep som berekraft. Det er likevel ikkje berre miljømessig berekraft hyttebygginga går ut over. Også aspekt som økonomi og sosial berekraft bør takast med i likninga når vi snakkar om hytter og berekraft. Hytta er som nemnt rekna som ein del av «den norske draumen», det å vere ekte norsk. Noko for alle nordmenn. Dessverre har utviklinga i prisen òg betydd at det å ha ei hytte langt frå er for alle. Nyleg vart kostnadene ved å eige hytte nemleg berekna av Prognosesenteret til å vere 90 000 kr per år! I forhold til 1969, då prisen for å eige ei hytte per anno var 7900 (tilpassa inflasjon), er summen svimlande. I tillegg kjem at prisen for ei gjennomsnittleg hytte no er meir enn 1,5 millionar kroner.

Ein annan draum

I 1969 viste ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå at ca. 15–22 prosent av norske hushald frå alle inntektsgrupper åtte ei hytte. I 2013 var det ca. 22 prosent av hushalda med låg inntekt og 75 prosent av hushalda med høg inntekt, viser ein forskingsrapport. Det finst sjølvsagt stadig ein del av dei mindre og simple hyttene rundt om i landskapet, men hovudparten av dei som blir bygde no (viss ikkje langt dei fleste), er hytter av høg standard og høg pris. Derfor kan vi trygt seie at hytter kanskje er for alle, men først og fremst for dei rike.

Med slike endringar i dei fysiske og materielle omgivnadane, har det naturlegvis òg fått konsekvensar for dei sosiale og kulturelle sidene av hyttelivet og hyttedraumen. Draumen er kanskje stadig den om dei opphavlege norske dygdene: å kome i kontakt med og bli ein del av naturen, å leve enkelt, samle mat, hogge ved, ja, å miste sambandet med den travle kvardagen i byen med alt stresset og jaget som finst der. Men finst òg ein ny dimensjon. Sjølv om det nok for mange handlar om å flykte frå det travle kvardagslivet i byen og pliktene der, er kontakten med naturen og det enkle livet bytt ut med naturen som leikeplass, der ein utfører forskjellige fritidsaktivitetar (og som ein meir og meir er avhengig av avansert utstyr for å kunne gjere). Friluftsliv er mange stader omsett til fritidsaktivitetar som gjerne skal visast fram på sosiale medium som ein del av opplevinga.

Men er denne endringa berre driven fram av hyttefolket, eller er det andre faktorar som spelar inn? For hyttekommunar som har planar om å tene pengar på hyttefolket, er det viktig å vite kva for kvalitetar som trekkjer hyttebrukarane til bygda. Etter kvart har det vorte laga ein del såkalla hytteundersøkingar frå ambisiøse hyttekommunar som har spurt hyttebrukarane om deira vanar, behov og forventningar. Her kjem det klart fram at dei hyttene med høgaste standard, mest utstyr og med dei rikaste hytteeigarane også er dei som legg att mest pengar i kommunen.

Dette kjem kanskje ikkje som noka overrasking, men konklusjonen for ein kommune som ligg langt frå dei større byane og derfor opplever befolkningsnedgang, med dertil følgjande tap i skattegrunnlag, må opplagt vere å planleggje for store høgstandardhytter. Har kommunen til og med anten kystlinje eller fjell som er eigna til alpinbakkar, kan turismeindustrien byggjast opp rundt desse kvalitetane. Ein studie av Kjell Overvåg frå 2009 beskriv korleis utbyggjarane saman med lokale myndigheiter dannar ein slags «vekstallianse» som forhandlar og får hyggeutbygging på plass før saka blir presentert for offentlegheita. Målet er først og fremst å sikre vekst og arbeidsplassar, og eit naturleg spørsmål må då vere kva slags makt utbyggjarane har i planleggingsfasen.

Bjørn Kaltenborn ofl. spurde i ei undersøking i 2007 om kommunane har dei rette planressursane når det gjeld den kraftige hytteutbygginga. Konklusjonen var både at kommunane har for få ressursar, og at det er manglande samarbeid på tvers av kommunane for mellom anna å sikre grenseoverskridande naturproblem. Dette, og det at utbyggjarverksemdene ofte er nasjonale aktørar, tyder på at utbyggjarane har sjanse til å leggje stort press på planleggjarane for å sikre eigne interesser. Men kva var det no som var problemet? Er det ikkje fint å skape utvikling og arbeidsplassar i kommunar med store behov?

NATURENS GRENSER

Viss vi ser litt på kva dei fremste forskarane seier om tilstanden på jorda når det gjeld miljø og klima, blir det fort klart at noko må gjerast. I november i fjor skreiv over 15 000 vitskapsfolk frå 184 land under på artikkelen «World Scientists Warning to Humanity: A second Notice». Den første åtvaringa kom i 1992. Blant dei siste åtvaringane om tilstanden på jorda er sjølvsagt dei alvorlege klimaforandringane, men dei kjem vi tilbake til. Det som også bekymrar i denne antropocene tidsalderen, er at vi no opplever ei sjette masseutdøying av dyr og plantar. Masseutdøying er normalt noko vi set i samband med dinosaurane, men det skjer altså no. «Mange av dei noverande formene for liv kan vere utsletta eller tett ved utdøying ved slutten av dette hundreåret», og det at menneska konstant grip inn i naturlege levestader, ber hovudparten av skulda. Tenk berre på den norske villreinen. Her spelar hytteutbygginga sjølvsagt ei rolle gjennom felling av skog, oppsplitting av levestader, forbruk av naturressursar og bidrag til klimaendringar.

Når det gjeld klimaendringar, har IPCC (Intergovernmental panel on climate change) nettopp gitt ut den siste rapporten sin. Den gir befolkninga i verda 12 år på å snu skuta og sikre at den globale gjennomsnittstemperaturen ikkje stig med meir enn 1,5 grader celsius. Det er vurdert slik at det er den høgaste akseptable stigninga viss vi ikkje skal oppleve eit endra klima med forverra orkanar, kraftigare regnskyl, tørkeperiodar og ekstrem varme. I tillegg er det usikkerheiter omkring når vi når eit såkalla «tipping point» der klimaforandringane blir sjølvforsterkande. Å nå dette målet innan 12 år krev ein reduksjon i CO2-utslepp på 45 prosent innan 2030 og utsleppsstopp innan 2050. Det krev sjølvsagt ein enorm innsats i alle delar av samfunnet. Også i det norske hyttefenomenet. Eit spørsmål må vere om den noverande planlegginga er samansett slik at ho kan handtere desse krava for eit stabilt klima? Kan vi tillate oss å halde hytter utanfor miljø- og klimaproblemet, det er jo der vi har fri og flyktar frå desse pliktene? Skal vi no til å uroe oss på hytta òg?

Noko tyder på det, klimaendringane kjem også til Noregs vakre fjell og kystar. Alle hugsar sikkert sommaren 2018 og kor merkeleg veret har oppført seg. I framtida vil klimaendringar kome til å bety ein kortare skisesong, lengre mellomperiodar med våt snø, meir nedbør i periodar og ei tregrense som rykkjer oppover. Ved kystane betyr det kanskje varmare ver og vatn, men også meir nedbør i periodar, kraftigare stormflod, høgare vindstyrkar og stigande havvatn. Det kjem sikkert til å skje noko med dei aktivitetane som blir utførte av folk på hyttebesøk. Det er noko vi forskar på ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet akkurat no.

Berekraftig planlegging

Eit sentralt spørsmål er om det finst ein måte å planleggje for berekraftig hytteutbygging. Før vi ser nærmare på det – la oss ta ein titt på korleis planlegging hittil har handtert hytteutbygging.

Før 1965 var det å setje opp ei hytte ikkje noko vidare problematisk. Den gongen var det vanleg å byggje hytta sjølv. Den som hadde lyst til å setje opp ei hytte, måtte finne ei tomt, få lov av grunneigaren og deretter gå i gang. «Det er vel slik vi aller helst vil at det skal vere», skreiv Kommunal- og arbeidsdepartementet i ei rettleiing frå 1968 for betre plankunnskap i samband med den nye plan- og bygningslova (pbl.). Men denne praksisen kunne ikkje halde fram, meinte ein. Det måtte planlegging, koordinering og standardar til, viss ikkje skadar på landskap og miljø skulle redusere opplevingsmoglegheitene for friluftsfolket. Idealet var både å utnytte kvalitetane i naturopplevinga og i hyttene – altså akkurat som no. Det var òg ein sjanse til å skape økonomisk utvikling i kommunar der eit tradisjonsbunde landbruk elles var i forandring.

Det var det såkalla «Sømme-utvalet» og særleg arkitekten Erik Langdalen som drog opp dei planmessige prinsippa og retningslinjene for korleis kommunane burde planleggje og disponere for hytteoppføringar i fjellet. Langdalens arkitektfaglege vurderingar skin tydeleg gjennom, og han ser då òg på hytteoppføring som «ei krevjande arkitekturoppgåve», men sidan alle ikkje har råd til ei individuell arkitektteikna hytte, etterlyser ein «gode, gjennomarbeidde typeteikningar for hytter». Med tida vart ein elles så folkeleg sjølvbyggjardisiplin til ein teknisk disiplin for planleggjarar, arkitektar og store aktørar som kunne produsere standardiserte hytter. Dette var ei nødvendig oppgåve for å verne naturkvalitetane, men det la samtidig grunnen for den moderne hyttebyen som vi no ser konsekvensane av mange stader i Noreg.

Eit tviegga sverd

Ein tese som eg har arbeidd med i doktoravhandlinga mi, er at planlegginga har verka som ei form for tviegga sverd når formålet både har vore å verne naturen og verke som grunnlag for økonomisk utvikling. Særleg gjeld det naturen, der tiltak som skal sikre naturen og landskapsverdiane, har lagt grunnen for ei større utnytting av naturen. Meir konkret handlar det om den standardiseringa som har føregått i planlegginga og hytteutbygginga. Dei same prinsippa for berekraftig byutvikling, under omgrepet økologisk modernisering, er overførte på hytteplanlegging. Blant anna inneber det fortetting av hytteområde og betre isolerte hytter. Dei tettare hytteområda har til gjengjeld gitt grobotn for eit auka servicetilbod av butikkar, kafear, restaurantar, barar og i tillegg billigare infrastruktur som kloakk- og avfallshandtering, elektrisitet, preparerte løyper, innlagt vatn, vinterbrøyting og internett. Dei høgare standardane på hyttene har i tillegg gjort det meir attraktivt å vere meir på hytta, noko som betyr meir bilkøyring.

Som vi veit frå tidlegare, er dette eit draumescenario for mange hyttekommunar – at hytteeigarar og brukarar kjem til kommunen ofte, nyttar seg av servicetilboda og legg att pengar i kommunekassen. Kanskje er det òg nødvendig når først infrastrukturen er bygd? Hyttekommunane konkurrerer seg imellom om å tiltrekkje seg dei mest ressurssterke hyttefolka og har derfor vanskeleg for å seie nei til utbyggjarar som heller utnyttar naturen og sikrar eigen profitt enn å tenkje på langsiktige berekraftsmål. Problemet er dermed også at dei opphavlege utfordringane med miljø og landskapsvern ikkje er løyste av såkalla betre regulering, fordi motiv om økonomisk vekst har stor makt. I tillegg til dei klassiske natur- og landskapsproblema er det kome nye og meir presserande problem. Klimaendringane.

Og vi må ikkje gløyme korleis denne transformasjonen har påverka dei sosiale og kulturelle tradisjonane som er knytte til det å «dra på hytta». Korleis flyktar ein frå kvardagens stress og jag og kjem tett på naturen, viss destinasjonen er ei moderne hytte tett ved eit alpint skisenter, og neste avdrag på hyttegjelda har forfall i midten av komande veke? Kanskje er ikkje Noreg stort nok likevel til all denne bygginga? Dersom utviklinga held fram som ho har gjort til no, kan vi då, inspirerte av Peter Wessel Zapffe, seie eit endeleg «Farvel Norge»?

Løysingar

Korleis planlegg vi slik at hytteutbygginga blir berekraftig? Vi må starte med dette spørsmålet: Er det berekraftig å ha to, kanskje tre hus, der berre det eine tilfredsstiller dei basale behova? Er det etisk forsvarleg å ha fleire hus til rådvelde, når vi står overfor så enorme både lokale og globale miljø- og klimaproblem? Det meiner eg det gjerne kan vere, når vi ser på dei kulturelle tradisjonane og sosiale fordelane som hytter opphavleg har hatt. Men den noverande hytteutbygginga kan ikkje reknast som berekraftig. I tillegg kan det diskuterast om det – etisk sett – er rett å plassere hytter i område langs kysten og på fjellet der naturen og landskapet er sårbare for inngrep. Ein klok person har ein gong sagt: «Vi arvar ikkje jorda frå forfedrane våre, vi låner henne av etterkomarane våre.» Det må reknast for å vere eit viktig berekraftsmantra. Dei viktige kulturelle og sosiale aspekta som er knytte til hytter, må derfor ikkje kome i konflikt med naturen.

Derfor meiner eg det er bruk for meir nasjonal styring, først og fremst til å peike ut naturområde av nasjonal og internasjonal interesse, halde desse unna utbygging (som i nasjonalparkar) og opprette buffersoner der hytteutbygging ikkje kan skje utan statleg godkjenning. Her er det nyttig å sjå mot Danmark, som med naturvernlova av 1937, og andre fredingar, oppnådde å halde kysten unna unødig busetnad. Dersom ikkje det hadde skjedd, hadde fleire av klippene langs den danske vestkysten vore nedbygde med sommarhus. Også det populære utfluktsmålet på toppen av Danmark, «Grenen», ville ha vore gøymt bak sommarhus.

Samtidig kan vi peike ut område der hytteutbygging blir tolt i høgare grad, der natur- og landskapskvalitetane kan romme hyttebygging. Statlege retningslinjer som legg eit klart tak på hyttestørrelse, og i tillegg sikrar at det kan opprettast kollektiv transport til fleire hytteområde, kan minske materialforbruket og transportbehovet. Ein offentleg transport skal kunne tilfredsstille hyttefolks krav til fleksibilitet og kapasitet. Det bør òg vurderast korleis bruken av dei noverande hyttene kan opnast, slik at fleire kan få tilgang til den norske hyttedraumen utan å skulle ta lån i banken. Det kan òg redusere presset på å byggje nye hytter. Men først og fremst er det behov for ein nasjonal og lokal debatt omkring kva slags hyttefenomen nordmennene ønskjer seg i framtida, og korleis det kan tilpassast dei økologiske grensene som vi alle må rette oss etter.

Omsett frå dansk av Aud Søyland

Rasmus Steffansen er forskar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU

Artikkelen var på trykk i Syn og Segn 4/2018

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar